Denne historieforståinga er grunnlaget for synspunkta deira på dagens politikk og kampen deira mot Finnmarkslova, Sametinget, ILO-konvensjonen om urfolk, reindriftsnæringa og all samisk organisering.
Eg har i til saman tre innlegg i forskjellige media tatt opp det eg meiner er faktiske feil i historieframstillinga til EDL. Desse innlegga kan ein finne på internett: http://sveinlund.info/sami/edl.htm, http://sveinlund.info/sami/edl-hist.htm og http://sveinlund.info/sami/edl-tb-hist.htm. EDL har så langt ikkje svart på nokre av desse. I det siste innlegget, som sto i Altaposten 03.12.2008, gjenga eg 6 sitat frå EDL si historieframstilling og ba dei oppgi kjelder og bevis for påstandane sine. Ikkje eitt ord til svar! Samtidig svarar EDL sin nestleiar på andre kritikarar som har hatt sine innlegg etter den tid, og anklagar dei for historieforfalsking og udokumenterte påstandar. EDL sine representantar er elles svært så diskusjonsvillige, men spør dei om bevis for påstandane deira, så blir det heilt stille.
Kva kan ein trekke ut av dette? Så lenge dei ikkje vil svare, kan eg ikkje anna enn å konkludere med at politikken deira ikkje bygger på fakta, men på fri fantasi og ønsketenking. Dei lagar seg ei historie som passar til å underbygge politikken deira, og så vonar dei at ingen gjennomskodar dei. Skulle nokon likevel gjøre det, er det bare å late som ingen ting og kjøre fram som før. Kva skal ein kalle slikt? Ettersom EDL stadig er frampå med snakk om at dei blir injuriert, skal eg nøye meg med å oppmode lesarane til sjølv å sette ord på fenomenet.
Svein Lund