Innlegg i Altaposten 03.12.2008

EDL som historieskrivar

Det er for tida stor interesse for Finnmarks historie. Det ser vi gjennom bøker, filmar og teaterstykke som skildrar forskjellige epoker i fylket si historie, trekker fram ukjente sider ved historia og ofte fører til at vi får eit anna syn på hendingar i fortida. Eg har sjølv samla ein del historie i fylket og opplevd stor interesse både for å fortelje og for å lese.

Ikkje minst slår den store historieinteressen ut i debattspaltene i avisene. Her har organisasjonen "Etnisk og demokratisk likeverd" den siste tida ytt uvurderlige bidrag til nyskriving av Finnmark og heile Nordkalotten si historie. Det siste bidraget deira så langt, var eit lengre innlegg i Altaposten 19.11.2008 av nestleiar i EDL, Turid Bjørnstrøm.

Det er tydelig at EDL har lagt mye arbeid i historieforskinga, sidan dei kan tilbakevise store delar av den historia som er skrive til no. Eg har full forståing for at ikkje alle dei revolusjonerande oppdagingane kan dokumenterast fullt ut i eitt og samme lesarinnlegg men eg vil be om at Altaposten gir EDL spalteplass til å svare på korleis dei har kome fram til desse opplysningane om historia vår som eg siterer under her. Eg har tillatt meg å legge inn ein liten kritisk kommentar etter kvart sitat.

"Finnmarks innbyggere, uansett etnisk bakgrunn, har så absolutt fortjent en stjerne i margen for sin evne til å godkjenne hverandres kulturelle bakgrunn, sin religion og andre særegenheter."
Kva bygger dette på? Korleis har toleransen vore f. eks. overfor gammal samisk religion?

"Fiskerirettighetene i Finnmark har vekselvis vært utleid til danske, islandske og bergenske kapitalinteresser. Befolkningen i kyst og fjordene døde som fluer av farsott og sult. Dette blei av myndighetene kalt for Finnmarkingenes latskap."
Kva meinast med "fiskerettighetene" her - retten til å fiske eller retten til å kjøpe opp fisken? Når har islandske kapitalinteresser hatt fiskerettighetene i Finnmark? I kva periode døydde befolkninga i fjordane som fluer av farsott og sult? Kva for myndigheter uttalte seg om Finnmarkingenes latskap i den samanheng?

"Finnmarks befolkning hadde ikke klart å komme seg etter krigen og nedbrenningen før neste etappe startet. Denne gangen var det Nordisk sameråd og reindriftsnæringen med sete i indre Finnmark, Nord-Finland og Nord-Sverige som starten krigen om land og vann i Finnmark. I utgangspunktet var det meningen å gjenerobre de delene av Indre Finnmark som lå under Sverige (Kautokeino og Karasjok) men som ble Norsk etter grensetrekkingen i 1751."
Starta virkelig samerådet og reindrifta ein krig som kunne samanliknast med andre verdskrig og raseringa av Finnmark? Med kva middel førte dei denne krigen og kor mange har falt i han? Kva er dokumentasjonen for at dei ønska at indre Finnmark skulle gjenerobrast for Sverige?

"Når det gjelder sjøfinner, skolter og kvener, så har disse gruppene mistet sitt språk, de fleste før vi passerte 1900-tallet og har allerede i flere generasjoner vært like Norsk som andre nordmenn."
Kva statistikk bygger dette på? Folketellingane frå 1910 viser at det da enno var svært mange samisktalande i så godt som alle kystkommunar i Finnmark, og fleirtal av samisktalande i fleire kystkommunar, f.eks. Kvalsund. Kva undersøkingar bygger ein på når ein slår fast at desse gruppene har opphørt å eksistere i og med at dei har skifta språk?

Bjørnstrøm meiner finnmarkingane har fått li for ein politikk dei ikkje har skulda for. I den samanheng skriv ho noko interessant: "Det er ikke Finnmarkingene som er overgriperne? Det er ikke vi som har stått for fornorskningsprosesser?"
Meiner no EDL at fornorskingsprosessen var eit overgrep? Det er i såfall ei ny vurdering frå deira side. Tidligare har dei jo stadig framholdt at språkskiftet var frivillig og at det ikkje har skjedd noko overgrep.

EDL skriv at "andre befolkningsgrupper i dag er fratatt en så grunnleggende menneskerett som demokrati og rettigheter som de har hatt i flere århundrer."
Kan de svare heilt konkret på kva rettar vi ikkje-samar har mista i dag som vi hadde f. eks. for 200 år sidan eller 20 år sidan?

Eg ser fram til eit konkret svar frå EDL. Det kunne og vere fint om nokre profesjonelle historikarar kunne uttale seg om EDL si historieforsking.

Svein Lund


Til hovudsida.