Kronikk sendt Finnmark Dagblad, Nordlys og Klassekampen juni 2008. Alle avisene har bedt om å få kronikken forkorta, her er original lang versjon. Kortversjonar prenta i Nordlys 04.07.2008 og i Klassekampen 15.07.2008.

Historieforfalsking som politisk instrument

Organisasjonen med det sterkt misvisande namnet Etnisk og Demokratisk Likeverd - EDL - har satt seg som mål ei total endring av den norske samepolitikken. For å få til det må dei først endre den rådande oppfatninga av historia, nemlig at samane er eit urfolk som har vore utsett for undertrykking og tvungen fornorsking. Hovudstrategien deira synast no vere påverknad innafor det største regjeringspartiet, og i den samanhengen har EDL-leiar og DNA-medlem Lars Hapalahti skrive brev til DNA si stortingsgruppe. Dette brevet er svært illustrerande og avslørande for EDL sin politikk og er verd ei nærare analyse.

Vegen fram går først tilbake

"Vegen fram går først tilbake", heiter eit ordtak. Derfor går også denne artikkelen noko tilbake før vi kjem til den dagsaktuelle saka. Før vi kan utforme ein politikk for framtida må vi vite kor vi kjem frå og grunnlaget for kor vi står i dag. På det grunnlaget kan vi så stake ut vegen vidare. Derfor vil da også forskjellige klassar og grupper i samfunnet ha forskjellig oppfatning av historia, og ofte konstruerer dei ei historie ut frå dagens politiske mål, meir eller mindre grunnlagt på historiske fakta. Som dei herskande tankane er dei herskande sine tankar, har den herskande historia oftast vore dei herskande si historie.

I gamle dagar var historia på skolen ei historie om kongerekker og store menn. Etter kvart har det blitt noko betre, men enno er det mye som manglar på at det store arbeidande fleirtalet i folket har fått sin rettmessige plass i historia. Sidan dei herskande i Noreg satt sørpå, blei historia tynnare og tynnare jo lenger nord i landet ein kom, og spesielt var samane fråverande i både læreplanar og lærebøker. Var dei nemnde, var det gjerne bare i samband med reindrift. Eit typisk eksempel er O. Lødøen: Det norske folks historie. Fortalt for folke- og ungdomsskolen. (Kristiania 1909) der Nord-Noreg knapt er nemnd og der samane i heile boka bare er nemnd i ei setning, om middelalderen: "Finnerne for om med sine rener, omtrent som i vår tid." Punktum finale.

Mangelen på opplysning om samane sin plass i noregshistoria har medverka til at mange vrangførestillingar har fått spreie seg. Dei siste tiåra har det likevel skjedd ei betydelig endring. Frå 1970-talet har vi fått både grundig forsking og populærvitskapelig framstilling av samisk historie. Det blei meir og meir tydelig at samane hadde ein plass i norsk historie som ikkje blei gjenspegla verken i lovverk eller skoleverk. Etter ei tid med både motstand og nøling tok den norske staten konsekvensen av dette og sette ned Samerettsutvalget og Samekulturutvalget i 1980. Den mengde av informasjon som blei publisert av desse utvalga har seinare i stor grad lege til grunn for ei omlegging av statens samepolitikk. Vi har bl.a. fått Sametinget, Finnmarkslova, samiske læreplanar og samiske emne i dei nasjonale læreplanane for grunnskolen og vidaregåande skole.

Men denne omlegginga har ikkje skjedd utan kamp. Motstanden har vore og er stor, både frå økonomiske interesser som kan komme i konflikt med samiske rettar, f.eks. når det gjeld gruvedrift eller fiske, og frå mange av dei som har vakse opp med at det var forskjell på folk og finn og at det samiske skulle snakkast minst mogleg om. Når det samiske så kjem opp i offentligheita, med eige flagg og nasjonalsang og lovverk som seier at ein skal ta omsyn til samisk kultur, virkar det provoserande på dei som har vore vant med at det samiske var noko hemmelig som ein ikkje skulle snakke om, men som kunne brukast til å skjelle ut folk for tjyvfinnar og det som verre var. For nokre gjør det vondt langt inn i hjarterota når sjølvaste kong Harald erklærer at den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk - den norske og det samiske. Heilt frå sentrale styresmakter like etter krigen forsiktig byrja å legge om på samepolitikken har det møtt motstand, frå påskeopprøret i Karasjok i 1960 og til kampanja mot Finnmarkslova. Motstanden har kome til uttrykk i forskjellige parti og miljø og dei har fyllt debattsidene i dei norskspråklige Finnmarksavisene i fleire tiår. I fleire tilfelle har det blitt organisert eigne organisasjonar med målsetting å snu om på dei endringane som har skjedd i samepolitikken dei siste 20 åra. Først fikk vi "Nei til Sameland" og seinare "Etnisk og demokratisk likeverd". Av namna på desse organisasjonane kan vi sjå at dei har gjort store framsteg når det gjeld å pakke bodskapen sin inn i vakkert papir.

Pillarar i norsk samepolitikk

Den norske staten sin samepolitikk har dei siste par tiåra bygd på to pillarar, som begge har med oppfatninga av historia å gjøre:
1.Samane er urfolk i sine historiske busettingsområde, dvs. dei budde her før områda blei lagt inn under den norske staten og før nordmenn i større omfang flytta inn i desse områda.
2.Samane har vore utsatt for ein hard og langvarig fornorskingspolitikk med sikte på å avskaffe samisk språk og kultur slik at samane skulle forsvinne inn i den norske befolkninga.

Når motstandarane av sameretten vil endre dagens samepolitikk har dei gått til angrep på desse pillarane. Dei har gjort det til eit hovudmiddel å omskrive historia. Først gikk dei laus på urfolksomgrepet. Dette starta for alvor med Karsten Adriansen si bok "Er samene Finnmarks urbefolkning", som kom ut i 2001. Seinare har fleire debattantar overøst avisspaltene med forskjellige variantar av "bevis" for at samane ikkje er urfolk. Eg skal la dette ligge her, og heller seie litt om den andre pillaren; Fornorskingspolitikken. Også her var Karsten Adriansen først ute, med å forsøke å bevise at det aldri hadde vore nokon fornorskingspolitikk. Dette var så openbart i strid med historiske fakta at eg trudde ideen ikkje kunne spreie seg, men det kunne han faktisk. No har dette blitt det nye "satsingsområdet" til EDL.

Medlem av EDL sitt fagråd, Knut Skog, seier det slik: "Det er mange som setter et spørsmålstegn ved den rådende fremstilling av samenes lidelseshistorie."

På EDL sine internettsider har det sidan starten lege eit usignert dokument med tittelen "Samepolitiske utfordringer". Her blir fornorskinga omtalt slik:
"Integrasjon (fornorskning) er det eksempel det oftest vises til. I [1] (Dr. philos Helge Dahl: Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905. 1957) er skolesituasjonen i Finnmark fra 1814 til 1905 beskrevet og trekker linjer helt tilbake til Thomas von Westen. Spesielt kirkens forkynnelse blant samer og kvener satte morsmålet i fokus. Skoletilbudet til samiske barn fikk derfor spesielt stor oppmerksomhet. Mange faktorer gjorden det mangelfull, ikke minst spredt bosetning og den generelle mangel på samisk språklig kompetanse. Spørsmålet om skoletilbudet til samer og kvener var bedre eller verre enn den omgangsskole som ellers var tilbudt barn utenfor tettstedene i landsdelen er ikke besvart. Vi mener det er urimelig å karakterisere datidens utilstrekkelighet på morsmålets grunn som urett eller si overgrep. Ut fra levekårene i Norden i eldre tid, er det vår oppfatning at den urett som det vises til i like stor grad har vært utøvet overfor den ikke-samiske allmue." (Skrivefeila er i originalen.)

Vil bygge samepolitikk på rasisme

Mest tydelig kjem EDL sitt ønske om å omskrive historia for å endre politikken fram i eit brev EDL-leiar Lars Hapalahti 19.05.2008 skreiv til rådgivar for DNAs stortingsgruppe: "At historien profileres i politisk hensikt er et kjent fenomen. Som rådgiver for vårt parti [mi utheving. SL.] er det imidlertid viktig at du ikke blir offer for tendensiøse fremstillinger og derved kommer i skade for å villede våre stortingsrepresentanter. Vi vil derfor i det følgende kommentere to av dine utsagn 1) at samer har vært utsatt for en sterk fornorskningspolitikk og diskriminering, og 2) at samisk bruk (av jord) ble ansett å ikke gi noen form for rettigheter."
Hapalahti hevder derimot: "Der finnes ikke grunnlag for å hevde at samene i Norge har vært negativt diskriminert i forhold til den øvrige kvenske og norske allmue."
Som kjelder for påstandane sine viser han i første rekke til tre bøker.
"Hva angår skolepolitikken i Finnmark er denne grundig dokumentert i av Helge Dahl: Språkpolitikk og Skolestell i Finnmark, 1814 til 1905, Universitetsforlaget 1956, og L. Lind Meløy: Internatliv i Finnmark, skolepolitikk 1900-1946, Det norske samlaget 1980." Her kan eg faktisk vere enig med Hapalahti i ein ting, desse bøkene dokumenterer grundig skolepolitikken i Finnmark. Dei dokumenterer fornorskinga så grundig at den einaste moglege forklaringa på at Hapalahti kan ta desse til inntekt for sitt eige syn må vere at han ikkje har lest dei.
Deretter skriv han om den tredje kjelda: "I Amund Hellands omfattende historiske verk (i alt 39 bind) NORGES LAND OG FOLK, bind XX fra 1906, pp 540 - 550 er også skolesituasjonen i Finnmark omtalt. Dette er dokumentasjon som det er all grunn til å feste lit til. Dette omfattende historiske verk bør også brukes som Arbeiderpartiets kildemateriale når tiden før det 20. århundre skal begrunne dagens politiske posisjoner." Her går altså EDL god for Helland sine analyser. Men han seier ikkje kva desse går ut på. Eg vil derfor hjelpe litt til med eit par sitat frå samme Helland:
"Finnerne (samene) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ...finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ... Kvænene er gjennomgaaende slanke og velbyggede..., men man savner hos dem det kraftige, mandige træk som i saa høi grad udmerker nordmændene og med en gang stempler dem som den herskende race." ... "Østsamene er en lavtstaaende race, uden livskraft og uden fremtid... Deres ansigter er ofte plumpe og uskjønne med bred næse og fremstaaende mund, og stemmen hes, som de havde forskreget sig." (Amund Helland: Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906)
Dette er altså det vitenskapelige grunnlaget som i følge EDL bør ligge til grunnlag for Arbeiderpartiet sin politikk!

Utrulig kunnskapsmangel

Før eg tar for meg EDLs historieoppfatning vil eg nemne eit eksempel frå dette brevet på kor vitskapelig analysa deira er: "I Norge var og er samisk tre forskjellige språk,(sørsamisk, lulesamisk og skoltesamisk)." Sjølv om det som nemnt har vore dårlig med kjennskap til samiske forhold blant den norske allmue, vil eg tru at med unnatak for EDL har dei aller fleste hørt om nordsamisk, som i dag er den klart dominerande varianten av samisk og einerådande i Finnmark.

Så eit par utvalde sitat frå EDL si analyse av fornorskingstida: "Der finnes ikke grunnlag for å hevde at samene i Norge har vært negativt diskriminert i forhold til den øvrige kvenske og norske allmue. ... At de har slitt med spesielle problemer på grunn av sitt språk er et forhold som myndigheter gjennom tidene ikke har evnet eller maktet å eliminere." ... At datidens myndigheter hadde samme integrasjonsambisjon for ikke-norskspråklige som dagens myndigheter, blir i dag karakterisert som tvungen fornorskning og betraktes som overgrep. "

Underteikna har det siste tiåret arbeida med innsamling av samisk skolehistorie og på grunnlag av tidligare publisert litteratur, gransking i offentlige arkiv og intervju samla materiale som så langt har ført til publisering av tre bøker. (Sjå http://skuvla.info). Dette materialet viser heilt eintydig at fornorskinga var ein medveten, planlagt og vedtatt politikk frå norske styresmakter, med målsetting å utrydde samisk språk og kultur. Dette kjem ikkje bare fram av det fornorskingsmotstandarar har sagt, men også heilt klart av fornorskingsforkjemparane sine eigne uttalelsar. Eg kan når som helst belegge dette med eit utal av sitat, i første omgang vil eg nøye meg med å vise til professor Henry Minde sin artikkel om dette (http://skuvla.info/skolehist/minde-n.htm). EDL er her altså ikkje bare i strid med sine motstandarar, men også med sine forgjengarar.

Samane har ikkje vore diskriminert i forhold til nordmenn og kvenar, skriv Hapalahti. Nei, dersom ein ser heilt formelt på det, har alle hatt den samme rett og plikt til å gå i ein norsk skole, med norsk språk og norsk kultur som det einerådande. Dei har alle hatt det samme forbod mot å snakke samisk eller kvensk på skolen (ofte inkludert friminutt og fritid på internatet). Forskjellen er bare at for norske barn var vel dette i liten grad noe problem.

EDL sin frekkheit i historieskrivinga har enno ikkje nådd toppen. Han kjem her:
"Man skal da være klar over at denne fornorskning har vært nøkkelen til den oppmerksomhet og forståelse som er blitt samiske interesser tildel i de siste 30-40 år. Den kjente samiske lærer i Tana, Per Fokstad, sa jevnlig til sine elever: ”Lær norsk, lær norsk, lær norsk”. Dette ledet blant annet til at Reidar Hirsti og Hjalmar Pavel, begge hans elever, ble de første fra indre Finnmark som fikk universitetsutdannelse."
Per Fokstad (som i parentes bemerka var medlem av samme parti som EDL-leiaren og sametingspresidenten) var ein av tidenes fremste forkjemparar for ein samisk skole. Han laga i 1924 ein eigen plan for samisk skole, som blei slakta og latterliggjort av den tida sine fornorskingsforkjemparar. Fokstad publiserte i 1917 artikkelen "Hvordan fornorskningen i barneskolen grep ind i mit liv", der han startar slik: "Efter flere aars virke som lærer i et sprogblandet distrikt i Finmarken er jeg kommet til det resultat at et finnebarn ikke har tilnærmelsesvis det utbytte av sin skolegang som et norsk har det." Denne mannen er det EDL vågar å ta til inntekt for sitt syn på fornorskinga. Lengre fra sanninga går det knapt an å komme!

Kunnskapsbygging eller fornorsking?

Men med dette er det ikke slutt på Hapalahti sine framstøt for å snu verda på hovudet: "Av spesielle tiltak for å lokke samisk ungdom til lærerskolene ble det alt ca 1850 opprettet friplasser for samiske lærerstudenter og i hele denne periode eksisterte en egen post kalt finnefondet (finn=same) som finansierte tiltak for å støtte kunnskapsbygging blant samiske barn. Spesielle stipendiatordninger for samisk ungdom har eksistert helt opp til vår tid."

Finnefondet var i første rekke eit fond for å styrke NORSK-opplæringa for samiske og seinere kvenske barn. Dette er forøvrig grundig dokumentert av Hapalahtis sambygding Bjørg Larsson i hovudoppgåva hennar, "Finnefondet - et fornorskingsinstrument". Statsarkivet i Tromsø har forøvrig eit rikholdig arkiv over søknadar frå lærarar om støtte frå Finnefondet, noko som viser tydelig at det einaste som telte for at lærarar skulle få støtte frå fondet var om dei dreiv aktiv fornorsking. Om elevane lærte noko i andre fag var heilt underordna. Mange av desse søknadane vitner og om at lærarane såg det som si oppgåve å presse foreldre til å snakke norsk til sine barn. Formelt sett skjedde språkskiftet i kyst-Finnmark frivillig, reelt sett skjedde det etter eit kraftig press bl.a. gjennom skolen, med statlige løyvingar som til samanlikning gjør dagens Samefolkets fond til ein dårlig vits.

Dei omtalte friplassane, som var einaste som kan kallast "spesielle stipendiatordninger for samisk ungdom" fikk fornorskarane lagt ned i 1904. Dei siste åra før det blei dei hovudsakelig brukt til å rekruttere norske lærarar til sameområda, ikkje til å få samiske lærarar. Deretter var det ingen spesiell støtte for sameungdom før det for eit par tiår sidan blei innført eit særlig stipend for reindriftsungdom i vidaregåande skole, i første rekke for å få ungdom ut av reindrifta. I den langvarige fornorskingsperioden var det altså ingen spesiell støtte til utdanning for samisk ungdom.

Også jordbrukspolitikken forvrengast

Etter at han har "gjendrive" fornorskinga i skolen, gjør Hapalahti det samme med jordbrukspolitikken. Eg skal ikkje gå like mye inn på det, men oppmode dei som kan dette bedre til å gjøre det. Eg vil bare vise eit lite eksempel på at den uredelige historieframstillinga også gjør seg gjeldande her. Som eksempel brukar han ein jordbruksfamilie i Kautokeino som "fikk matrikulert sitt bruksområde ca. 1830. Dette er i det minste et bevis på at bruksrett ble anerkjent." Det er rett at samisk bruk i mange tilfelle gjennom tidene har blitt anerkjent. Det ligg nettopp til grunn for mange juridiske analyser av eigedomsforholda i Finnmark, bl.a. i samband med Samerettsutvalet, at samisk bruksrett og eigedomsrett i større grad var respektert tidligare. I 1830 var fornorsking enno ikkje den norske staten sin politikk, omslaget kom eit part tiår seinare, da ein for første gong frå staten si side slo fast at staten var eigar av utmarka i Finnmark - fordi staten sjølv bestemte at slik hadde det alltid vore. Eksempel frå ei anna tid kan ikkje brukast til å benekte den opne diskrimineringa som låg i jordlova av 1902 om å bare selge jord til norsktalande.

Velferd eller kultur?

Hapalahti konkluderer med at "... den norske stat ikke har grunn til å drive politiske botsøvelser overfor en samisk befolkning som i alle henseender fungerer som en vel integrert del av befolkningen, med tilgang til - og bruk av - all den velferd vårt nasjonale fellesskapet frembyr."

I likheit med sine forgjengar i same parti på 1950- og 60-talet reduserer Hapalahti her det samiske spørsmålet til eit spørsmål om velferd. Dersom samane har same tilgang på tjenester frå storsamfunnet sine sjukehus, tannklinikkar og NAV-kontor, så er dei vel integrerte og kan halde kjeft. Kulturen, språket, næringsvegane og levemåten deira er jo likevel ikkje liv laga, som vi stadig får høre frå EDL sine forbundsfeller i diverse parti.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.