Sett frå Polen. Serie i Klassekampen 1999/2000

Med Microsoft mot trygdekonkurs

Politikken til Solidaritets-regjeringa kan best skildras med det norske uttrykket: «å kaste ut ungen med badevatnet». Parola er at alt som blei innført av kommunistane skal vekk, om ikkje anna så fordi det var kommunistane som innførte det. Resultatet er ei rekke av gigantiske reformer som nok var meint å gi større inntekter og mindre utgifter, men som så langt bare har gitt motsatt resultat. Ei av dei største skandalene er historia om da Solidaritet og Microsoft laga helse- og trygdereform.

Helsevesen og trygdeordningane var tidligare ein ordinær del av skatteseddelen og statsbudjettet. Men i fjor blei det vedtatt at dette skulle skillas ut med direkte innbetalingar frå arbeidsgivarar og sjølvstendig næringsdrivande. Trygdesystemet skulle samtidig halvprivatiseras med at innbetalingane skulle knyttas til trygderettane og delas i tre. Ein del var obligatorisk for alle å betale inn til det statlige trygdeverket ZUS. Andre delen var og obligatorisk, men ein kunne velge mellom ZUS og private fond. Tredje delen var frivillig og heilt privatisert.

Å lage eit sentralt system for 38 millionar menneske er sjølvsagt ikkje noko lita oppgåve. Det blei derfor utlyst eit anbod for å lage programvare for innkreving, administrering og utbetalingar. Anbodsreglementet blei skreddarsydd for datafirmaet Prokom i Gdynia og anbodet gikk som venta dit. Lovverket for trygdeinnkrevinga blei vedtatt i oktober 1998, forskriftene vedtatt 30.12., dei blei «offentliggjort» 31.12.98 og trådte i kraft frå 1.1.99. Resultatet kan alle tenke seg: Fullstendig kaos. Allereie ei veke før fristen for registrering gikk ut i slutten av januar, hadde systemet registrert 52 millionar polakkar, altså 14 millionar for mange. Folk som hadde fleire arbeidsgivarar var meldt inn fleire gonger, ungar var registrert under kvar av foreldra osv. Pengar var det derimot ikkje for mye av. ZUS hevdar rett nok at dei har fått inn 95% av det dei skulle ha, men dei er ikkje i stand til å seie kem som har betalt og kem som ikkje har det. I sommar blei det meldt at bare 2-3% av innsendte skjema fungerte heilt som dei skulle. ZUS har fått heile 1,6 millionar innbatalingar der dei ikkje kan identifisere kem som har betalt. Det er dermed ikkje lett å finne dei som ikkje har betalt.

For dei som har vald å ta noko av den obligatoriske trygdeinnbetalinga gjennom private fond, går denne først til ZUS. Derifrå skal pengane sendas vidare, men så langt har dette ikkje skjedd. Etter nesten eit år med dette systemet har dei private fonda ikkje sett pengane sine.

Stadig er her reportasjer på TV om tilstanden i helsevesenet, om sjukehus, institusjonar for psykisk utviklingshemma osv. som ikkje har pengar ettersom årets budsjett er brukt opp. Ettersom helsevesenet sitt budsjett no er skilt ut frå statsbudsjettet, skal det i teorien vere sjølvfinansierande. At dette ikkje fungerer ser ein av at dei nylig måtte låne 1 milliard zloty av statskassa.

Enno har vi ikkje sett russiske tilstandar, der både pensjonistar og arbeidarar må vente i månadsvis på pengane sine. Men når no ZUS-kassa er botnskrapa, statskassa er botnskrapa og innbetalingssystemet framleis ikkje fungerer, er det bare eit tidsspørsmål før det skjærer seg heilt. Har så alle tapt på dette, eller er det nokon som har skodd seg? Jo, nokon har forsynt seg grådig. Dei store sigerherrane heiter Microsoft og Prokom Software. Og så har det nok dryppa litt på dei som ga dei kontraktane. Men meir om det neste gong.

Om ein kjem med bil til flyplassen i Gdansk og skal parkere, ser ein straks ei rekke ledige plassar rett foran hovudinngangen. Men om ein kjem nærare ser ein korfor ingen har tatt dei. Dei er reservert Prokom Software. For Prokom surfar virkelig på første klasse i det nye jappe- Polen. Prokom har hovudkontor i Gdynia og omlag 1400 tilsette. Sjefen og grunnleggaren av firmaet, Ryszard Krauze, er Polen sitt svar på Bill Gates og Kjell Inge Røkke. Vi skal ikkje påstå at han er ein svindlar, bare gjenfortelle at polske aviser har påstått så utan at verken han eller avisa har blitt dømt. Bl.a. starta datafirmaet som eit «joint venture» med eit svensk selskap, som ingen har klart å oppspore i Sverige. Prokom seier sjølv at dei har ein «strategisk allianse» med Microsoft, ein allianse som har vist seg uhyre lønnsom for begge partar.

Prokom har sikra seg landsomfattande kontraktar på leveransar av datautstyr og programvare til sentrale delar av det polske statsapparatet; til vidaregåande skolar, finansdepartementet, riksrevisjonen, det sentrale bedriftsregisteret osv.osv. Men det største kuppet var ein kontrakt på svimlande 700 millionar zloty eller 1,4 milliardar kroner på programvare for det polske trygdeverket ZUS. Og når vi snakkar om pengar her må vi nordmenn heile tida ha i minnet at 10000 zloty eller 20000 kroner er ei vanlig netto årslønn i Polen. Sjølv om dei tilsette i Prokom kanskje er betre betalt og vi legg til skatt og trygdeutgifter, snakkar vi altså om ein kontrakt verd minst 20-30000 årslønner for eit firma med 1400 tilsette. Her er altså gigantiske profittar å hente. Og denne kontrakten gjeld bare programvare, her er ikkje med ein einaste av dei mange og store datamaskinane som må kjøpas inn for å få dette til å virke. Den kontrakten har IBM fått, slik sikrar ein seg at dei ikkje protesterer mot den lukrative kontrakten til Prokom.

Sjølve kontrakten mellom Prokom og ZUS kan vi ikkje skrive meir om, for den er hemmelig. Derimot veit vi ein del om kordan programmet virkar. Alle bedrifter som skal sende inn trygdeinnbetalingar må bruke det programmet Prokom har laga. Dette blir distribuert som «freeware» eller gratisprogram, men utan at kodane er gjort kjent slik at det er høve til å endre eller tilpasse programmet. Dataprogrammet er bare laga for eit operativsystem: Windows 95/98/NT. Men ikkje alle polske firma har dette programmet, spesielt ikkje for rekneskap, der både MS-DOS og UNIX er meir utbreidd. Ikkje bare fordi ein er gamaldags og akterutseilt, men fordi Windows 95/98 rett og slett blir rekna som for ustabilt til å bruke til rekneskap der datasikkerheit er avgjørande.

Resultatet var at alle som hadde anna operativsystem måtte gå over til Windows 9x/NT, ofte betydde dette og å bytte ut datamaskinane eller kjøpe seg nye i tillegg, fordi ein og trong maskinar som brukte andre operativsystem. No fantest det rett nok eit alternativ; det var lov å fylle ut skjemaene med penn. Men når det er snakk om ei uhyre mengde skjema som skal sendas inn for kvar tilsett kvar månad, er det eit uhyre dårlig alternativ, både for dei som skal fylle dei ut og for dei som må sitte i ZUS og skrive dette over på data for at maskinane skal kunne lese det. Når likevel omlag halvparten så langt er sendt inn handskreve, fortel det mye om kor store problema med dataprogrammet er.

Programmet skulle brukas til å fylle ut eit ekstremt komplisert skjema. Dette skulle så skrivas ut på papir og sendas inn i posten. I ein gigantisk sentral i ZUS skulle så disse papira lesas av ein skanner. No har sjølvsagt lesaren allereie tenkt at dette er fryktelig tungvint og det har du sjølvsagt heilt rett i. Eit utal av bedrifter har fått papira sine i retur fordi ikkje skanneren klarte å lese dei. Men jo meir komplisert, jo større jobb for Prokom og jo større profitt. Nemnde eg profitt? Når det regner på presten, dryp det på klokkaren, i dette tilfelle på dei som har bidratt til å sikre den profitable kontrakten og på dei som kunne ha protestert og måtte nøytraliseras. I juli arrangerte Prokom «Prokom Software Tennis Open» i Sopot, byen mellom Gdansk og Gdynia som er mest kjent som bade- og ferieby. Og her var langt frå bare tennisspelarar. Her var og underholdning, må vite, med toppartistar leigd inn frå alle verdshjørner. Ei rekke prominente gjester var inviterte, og trakterte i dagevis på finaste mat og dyraste whisky. Siste kvelden var det heile 1000 inviterte gjester. Blant dei var - ikkje uventa - høgaste sjefen for trygdeverket ZUS og framtredande politikarar frå alle dei tre største partia: AWS (Solidaritet), Unia Wolnosci (Fridomsalliansen) og det sosialdemokratiske SLD (eks-kommunistane). Arrangementet kosta den nette sum av 5,5 millionar zloty eller 11 millionar kroner, eit astronomisk beløp i eit land der minstepensjonen er 600 kroner i månaden og barnetrygda under 100 kroner. Nokre journalistar har forøkt å røske opp i det, men i det sentrale politiske miljøet synas ingen å reagere mot at politikarar frå alle dei store partia er med på å feste bort ein slik sum for å feire at sjølv disse minimale trygdeutbetalingane no er truga.

For programmet til ZUS og Prokom viste seg slett ikkje å virke etter planen. Men dei som meldte at det ikkje virka, blei møtt med skuldingar om at dei da måtte ha Windows som piratutgåve. (Her kjem den strategiske alliansen med Microsoft fram igjen.) Og straffa for å ikkje levere inn korrekte skjema i tida, var bøter på 5000 zloty, trulig pr. feilaktig eller manglande skjema. Likevel måtte det første programmet skiftast ut med ein ny versjon og problema er langt frå over.

Skandalane har stått i kø frå starten, men først da dei private forsikringsselskapa meldte at dei ikkje fikk pengane sine, byrja politikarane i nasjonalforsamlinga Sejm å reagere. Men så langt har dei bare sagt frå om at i november MÅ dette innkrevinga virke. Noko anna tiltak har dei ikkje gjort. I oktober meldte sjefen for ZUS at han trakk seg fordi det ikkje var løyva meir pengar frå staten. For kort tid sidan blei finansministeren intervjua om saka. Han kunne ikkje svare på korfor kontrakten var hemmelig, men regjeringa kunne ikkje offentliggjøre han. Det kan bare sjefen for ZUS. Og alt tyder på at denne føljetongen har vi langt i frå sett slutten på.

___________________________________________________________

Dette er nummer 2 i ein serie med små artiklar frå Polen. Vil du lese dei andre?

1. Left is right and right is wrong

3. Eitt land, eitt folk, eitt språk

4. Ownice - ei historie om forfall

5. Voff på polsk

____________________________________________________________

Fleire artiklar om Polen
Til startsida

sveilund@online.no