Sett frå Polen. Serie i Klassekampen 1999-2000

4. Eitt land, eitt folk, eitt språk

I ei tid da angloamerikansk språk og ukultur globaliserer seg inn i dei millionar og milliardar heimar rundt om i verda er det ing en tvil om at det er behov for å verne om nasjonale og lokale språk og kulturar. Så i utgangspunktet kan ein sjå det som eit riktig prisverdig tiltak når den polske sejmen eller nasjonalforsamlinga no har vedtatt ei lov om det polske språket, ei lov som presidenten allereie har signert, og som trer i kraft i mai.

Lova slår fast at i all offentlig verksemd og undervisning er polsk det einaste språket. I nokre tilfelle kan det bli gitt parallell skriftlig informasjon på framande språk, men departementet vil gi særlige forskrifter om når det kan tillatas. I handel med utlandet må alle tilbod, rekningar, instruksjonar osv. vere skreve på polsk, dersom minst ein av partane i den «rettslige handlinga» er polsk. Om ein bryt dette, kan straffa bli bøter opp til 100000 z³oty (omlag 10 normale årslønner i Polen). Om motparten ikkje forstår polsk, sjå det får bli deira problem.

I eit innlegg i ei avis her spør ein leiar for eit lite firma som handlar med utlandet: «Vil eg og medarbeidarane mine bli bøtelagt med fordi vi gir service på forskjellige språk for å kunne kommunisere med partnarar i utlandet? Og kanskje til og med partnarane mine i utlandet vil bli bøtelagt for å bruke andre språk enn polsk? Og kanskje slår dei seg i hovudet, og tenker: «Idiotar, bedre å leite ein annan stad» og kjøper frå nokon andre? Og kanskje sjølv eg må på grunn av kontroll frå språkpolitiet straks omsette einkvar tekst som kjem inn til og ut frå firmaet, for å halde følge med kontrollen?»

Så gjør ein vel som på Island og slår ned på den stadig voksande bruken av engelske namn på butikkar og varer? Neida, her er unnatak i lova for fabrikkmerke og firmanamn. Det skal framleis vere lov å selge «hotdogi» og «walkmany» og kalle forretningane «photo-shop»,«sex- shop» og «snackbar». Det er og unnatak for «kunstnarisk verksemd», noko som gjør det mogleg for polsk radio og TV å fortsatt vere dominert av engelskspråklig musikk og amerikanske filmar.

I etterkrigstidas Polen utvikla dei styrande «kommunistane» ein tankegang som sa at Polen i mellomtida hadde vore fleirkulturelt og fleirspråklig. Dette hadde bare skapt problem. For det nye Polen blei parola: eit land - eit folk - eit språk. Minoritetane blei fordreve, poloniserte, bortdefinerte eller rett og sett oversette. Likevel er det tilsaman nokre hundretusen som bruker kasjubisk, kviterussisk, russisk, litauisk, romani, tysk og ukrainsk, og som krev rettar for språka sine. Mange frå dei nasjonale minoritetane hadde ei von om større fridom da Solidaritet kom til makta. Men dei har blitt kraftig skuffa. Med språklova vil dei få enno trangare vilkår. I ei lov som slår fast at polsk skal brukas på alle område av samfunnet er dei nasjonale minoritetane ikkje nemnde i det heile.

Dei nasjonale minoritetane er nokre få prosent av Polens befolkning og kan på ingen måte truge polsk språk. Det einaste trugsmålet det er mogleg å sjå er anglifiseringa i media og kulturliv, forretningsnamn og varemerker. Men denne er som sagt unnatatt. Ka er det så som skal vernas?

Det einaste som blir verna av denne lova er einspråkligheita hos polske byråkratar. Og det ser ut til at det er det som er hensikta. Det som skal vernas er retten til å kunne ha kas jobb som helst i heile det polske statsapparatet utan å kunne utanlandsk. Alle papir som finst i statlige institusjonar og private bedrifter skal vere på polsk, slik at dei kan kontrolleras av einspråklige kontrollørar. Motstanden hos byråkratane mot å lære framande språk er stor; dette gjømmer dei under dekke av forsvar av det polske språket.

Eit hårreisande døme på kordan denne språkpolitikken slår ut er brevvekslinga frå det polske rikstrygdeverket med enka etter ein kineser som blei drept mens han arbeidde i Polen. Enka bur i Kina, kan ikkje polsk, men trygdeverket har avslått bøna hennar om å få brev på engelsk. Det skal vere på polsk, sjølv om det knapt er mogleg å finne ein omsettar i Kina. Det Polen eg skriv frå i dag er allereie eit meir einspråklig og einkulturelt land enn det eg møtte første gongen i 1987. Dei utanlandske studentane er stort sett borte, blant fleire av dei nasjonale minoritetane går ungdommen over til å snakke polsk, og andre språk høras mest i turiststrøka i sesongen og på hotella for forretningsfolk.

No skal eg vere den siste til å skryte av norsk innvandringspolitikk. Men dei som slipp gjennom nålauget får i alle fall nokre hundretals timar gratis norskundervisning. Så eg spurte optimistisk etter kor var polskundervisninga for utlendingar her. Jo, i Sopot var det eit privat språkinstitutt. Dei arrangerer polskkurs for den nette sum av 460 USD i månaden, eller to normale polske månadslønner. Så det blir nok ikkje noko kurs på meg utan at eg finn meg noko langt meir lønnsomt arbeid enn å skrive småstykker til Klassekampen. I mellomtida gir det veldig god trening å omsette avisinnlegg og lovtekstar.

Svein Lund

________________________________________________________________________________

Dette er nummer 3 i ein serie med små artiklar frå Polen. Vil du lese dei andre?

1. Left is right and right is wrong?

2. Med Microsoft mot trygdekonkurs

4. Ownice - ei historie om forfall

5. Voff på polsk

________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om Polen
Til startsida

sveilund@online.no