Det emnet eg tar opp her tar eg opp i von om å få igang ein diskusjon som eg har etterlyst lenge. Eg har etterlyst han frå eg blei student på HIAK i 1997, men og lenge før det. Spørsmålet er: Korleis få ein skole og ein pedagogikk som både tenker yrkesopplæring og kultur samtidig?
Etter som det ikkje synast å vere skreve noko særlig om forholdet mellom yrkesopplæring og kultur, vil eg ikkje strø ut sitat frå kloke hovud, men bruke eigne røynsler og det grunnleggande pedagogiske prinsippet som Reform 94 kasta vrak på: Frå det kjente til det ukjente, frå det særeigne til det allmenne. Med det vonar eg å komme fram til noko som og gjeld dei som har ein annan bakgrunn og ein annan skolekvardag enn den eg sjølv har opplevd. Eg tar utgangspunkt i det særeigne, mine eigne røynsler som elev, som lærar og som student.
Historia startar i 1974, da eg byrja som elev ved maskin og mekanikarlinja ved det som da heitte Den samiske yrkes- og husflidsskole i Guovdageaidnu. Eg ville lære eit fag, samtidig søkte eg ein samisk skole fordi eg var interessert i å lære om samisk språk og kultur. Fagopplæringa var forsåvidt grei nok, ho var etter Norsk Standard på godt og vondt, vi lærte det vi skulle etter nasjonale læreplanar. Derimot var det minimalt av det vi laga som hadde nokon bruksverdi i lokalsamfunnet, og ingenting var tilpassa til verken samisk kultur eller lokalt næringsliv. Samisk språk blei undervist to timar i veka på ei av fire linjer, vi som gikk på dei andre linjene fikk tilbod om å følge dette, men det var fullt mogleg å få eksamen frå den samiske yrkes- og husflidsskole utan å kunne eit ord samisk. Både norsktalande og samisktalande elevar blei underviste på norsk. Det eg lærte om samisk kultur det året eg gikk der lærte eg ikkje i skoletimane, ikkje av lærarane og ikkje av lærebøkene.
13 år etter at eg gikk ut av denne skoleporten, gikk eg inn igjen, denne gongen for å vere lærar. På grunnlag av den skolepolitiske og samepolitiske utviklinga som hadde vore i perioden 1975-88, hadde eg illusjonar om at eg denne gongen skulle komme til ein verkelig samisk skole. Rett nok hadde skolen no linjer for reindrift og duodji (samisk husflid), men det var også der ein kunne finne noko vidare samisk innhald. Mekaniske fag, der eg skulle undervise, gikk framleis etter nasjonal læreplan og arbeidsrekke, og desse elevane hadde ikkje eingong samisk som fag.
For å undervise her hadde eg formelt sett alle kvalifikasjonar, med unnatak av pedagogikk. Den skulle eg, som vanlig var, i alle fall i Finnmark på den tida, ta på etterskot.
Det ville vere blank løgn å seie at den første tida mi som lærar var nokon stor suksess. Eg trøsta meg med at det var eg som førebels mangla dei kvalifikasjonane eg trong for å kunne gi elevane ei undervisning ut frå deira eige språk og deira eigen kultur. Om eg no dro til Tromsø og studerte pedagogikk og samisk skulle alle sorgar vere slokte. Pedagogikkurset viste seg å vere kjemisk fritt for problemstillingar som gjaldt kultur og språk, så der var det ikkje mye hjelp å få. Samtidig las eg samisk, halvtanna år med grammatikk, litteratur og kulturhistorie. Fagterminologi for faget mitt derimot, det var det ingenting av.
Eg hadde lagt bak meg ei hindring, men var framleis svært langt frå å kunne gi ei samisk opplæring i dei faga eg underviste. Men det måtte da vere hjelp å hente ein stad. Så da Samisk høgskole utlyste fleirkulturell pedagogikk, var eg snar om å melde meg på. Eg lærte ein masse det året, om sosialantropologi og Afrika og New Guinea, om innvandrarar i Oslo og om tips for barnehage og grunnskole. Som allmennutdanning utvilsomt kjekt å ha. Men så var det lærarjobben min da. Yrkesfag i samisk vidaregåande skole.
Neste år tilbaud Samisk høgskole tospråkligheitspedagogikk. Kanskje det var det eg trong? Men dengang ei - framleis barnehage og grunnskole. Massse idear om kordan gjennomføre tospråklig undervisning for motiverte elevar med interesse for språk. Eg etterlyste yrkesfag gjennom to år - ingen respons.
Så søkte eg pedagogikk hovudfag. Om ikkje før, så der måtte eg da få sameine yrkespedagogikk, tospråkligheitspedagogikk og fleirkulturell pedagogikk.
Eg vurderte tre moglege utdanningstadar:
1. Universitetet i Oslo
Her var fleire av landets fremste ekspertar på tospråkligheitspedagogikk og fleirkulturell pedagogikk. Men yrkesfag var dei lite innretta på og med yrkesfaglærarbakgrunn hadde eg ikkje sjanse til å komme inn. 40 vekttal i ped. etter PPU var ingenting verd, her måtte ein ha pedagogikk mellomfag.
2. Universitetet i Tromsø
Her hadde eg nok pedagogikk til å komme inn, men eg var jo ikkje cand.mag. og kunne derfor ikkje få starte på noko hovudfag. Adjunkt med opprykk var ikkje godt nok, eg var jo bare yrkesfaglig adjunkt med opprykk.
3. Høgskolen i Akershus
Om denne kan ein seie to positive ting: For det første kom eg inn. For det andre var det absolutt yrkespedagogikk her. Men den kulturelle og språklige dimensjonen har eg no etterlyst i 4 år, og ikkje sett noko til. Etter som lærarane våre ikkje hadde så store føresetningar i fleirkulturelle og fleirspråklige forhold, tok eg opp forslag om gjesteførelesarar. Reaksjonen frå lærarar og medstudentar var helst at jo, forsåvidt, det hadde kanskje vore ein ide, men så skjedde det ikkje meir og åra gikk. Plutselig var det ikkje fleire samlingar igjen å planlegge.
Det eg har sett tyder på at pedagogikkstudia i Noreg i forhold til yrkespedagogikk og fleirkulturell pedagogikk i beste fall er: anten - eller, i verste fall: verken - eller.
I alle dei fem oppgåvene eg har skreve i studiet mitt i yrkespedagogikk har eg forsøkt å kombinere kultur og yrke. Eg vil trekke fram nokre funn og konklusjonar frå eksamensprosjektet og hovudoppgåva, i tru på at dei har relevans både for samisk opplæring og i ein vidare samanheng. Særlig bør det vere aktuelt når det gjeld elevar frå etniske og kulturelle minoritetar, men eg ser og stort behov for å utvikle ei betre kulturforståing hos norske elevar og lærarar.
Eksamensprosjektet mitt heitte . "Samisk skole eller Norsk Standard - Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring"
Her tar eg for meg reform for reform på 90-talet og spør kordan dei har verka inn på samisk opplæring. Nokre hovudkonklusjonar er:
* Intensjonen med reformane frå Hernes & Co var nasjonal einsretting. I den grad reformane er gjennomført etter planen, er derfor det samiske innhaldet kraftig redusert.
* Samiske skolemiljø har heile tida måtta kjempe for å bli hørt. Utgreiingar og forslag har først kome utan samisk innhald. Når samar har etterlyst dette, har dei i ettertid med varierande hell fått inn nokre ord om samisk språk og kultur.
* Reform 94 førte til ein kraftig reduksjon av det samiske innhaldet i samisk vidaregåande skole, både i form av nedlegging av samiske linjer, samiske fagtilbod og mindre plass til samisk tilpassing i både allmennfag og studieretningsfag. (Dette er grundig dokumentert i evalueringa av Samisk vidaregåande opplæring under Reform 94.)
* I grunnskolen skulle Hernes fjerne dei samiske læreplanane som blei innført med M-87, men her sa samiske skolemiljø og Sametinget så kraftig stopp at det likevel blei samiske læreplanar etter Reform 97.
* I vaksenopplæringsreforma er samane heilt uteglømt, og kritikk frå samisk hald her har ikkje blitt tatt på alvor.
* Ein positiv ting mellom det negative: Opplæringslova styrkar samiske elevar sin rett til å få samisk som fag.
Oppsummering satt litt på spissen: Samisk opplæring á la KUF = 3 timar samisk og 32 timar Norsk Standard.
I eksamensprosjektet spurte eg kva er samisk opplæring, kva er føresetnadane for at ein lærar kan gi samisk oplæring. Eg såg da på den modellen som vi alle er så glade i, i alle fall vi som har gått på HIAK kan jo ikkje planlegge noko som helst utan denne:
Læreforutsetninger
Vurdering
Rammefaktorer
Læreprosessen
Mål
Innhold
Heilskapsmodell etter Hiim & Hippe
Eg hadde lært denne på PPU, på veiledningspedagogikken, på nær sagt alle dei kursa som blei arrangert for lærarar ved dei samiske vidaregåande skolane. Men no på hovudfaget klarte eg endelig å stille spørreteikn ved denne modellen og spørre kva dette eigentlig er. Svaret mitt blei: Det er ein modell for einspråklig, einkulturell undervisning i storsamfunnet sin normalskole. I tillegg byrja eg å spørre kor denne modellen kjem i frå, og fann at han verken er oppfunne av Hiim&Hippe eller Bjørndal&Lieberg. Hiim&Hippe kan fortelle at modellen opprinnelig er utvikla av den tyske pedagogen Heimann på 1960-talet, og at han hadde desse momenta med:
- intensjon, hensikt eller mål med undervisningen
- undervisningens innhold
- metode / organisering
- læremidler / medievalg
- antropologiske / psykologiske forutsetninger hos elever og lærere
- sosiale og kulturelle forutsetninger generelt
Heilskapsmodell etter Heimann, sitert etter Hiim og Hippe, med mi utheving.
Da oppdaga eg noko rart: Nokre viktige ord er fjerna i dei versjonane som er mest bruk i norsk pedagogikkutdanning og undervisningsplanlegging. Korfor? Det er sjølvsagt mogleg at dei som har brukt desse modellane i Noreg ikkje har tenkt over konsekvensane av å redusert ordbruken for å få betre plass på teikninga. Men samtidig passar dette bare så alt for godt inn i dei herskande tankane bak reformene på 1990-talet, der nasjonal samordning var hovudlinja og kulturelle og språklige avvik til nød kunne få plass som lokal tilpassing. I tankegangen bak reformeringa hadde kultur og språk ingen plass i hovudgrunnlaget for planlegging av læreplanar og opplæring.
Det neste spørsmålet mitt blei da naturlig: Korleis må ein modell for samisk opplæring vere? Og svaret mitt blei som så:
Mål
Elev- og lærarføresetnadar
Innhald
Rammevilkår
Språk
Kultur
Arbeidsmåtar
Vurdering
Samtidig som eg studerte yrkespedagogikk hovudfag deltok eg i evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Denne slår fast at det står atskillig dårligare til med det samiske innhaldet i vidaregåande skole enn i grunnskolen. I hovudoppgåva mi, Frå tradisjon til yrkeskunnskap - Samisk kunnskap i yrkesfag, bygger eg vidare på denne evalueringa og spør:
Korleis kan opplæringa på yrkesfaglige studieretningar i samisk vidaregåande opplæring både gi grunnlag for yrkesaktivitet / vidare studier og styrke samisk kultur og identitet?
For å kunne svare på dette, måtte eg først sjå på det prinsippielle grunnlaget for samisk opplæring og for yrkesopplæring og deretter gjøre ei konkret analyse av kva som er samisk kultur og samisk kunnskap innafor dei yrkesfaga som i dag finst i dei samiske vidaregåande skolane. Eg sette derfor opp desse underproblemstillingane:
* Kva for føringar gir internasjonale konvensjonar og norsk lovverk for samisk opplæring, og kor bør dette føre til endringar i dagens praksis?
* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet?
* Kva kjenneteiknar samisk kunnskap? Kva nytte kan ein ha av samisk kunnskap i skolen?
* Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring?
* Kva for særeigen samisk kunnskap og særeige samisk nærings- og arbeidsliv finst det i tilknytning til kvar av desse studieretningane:
- hotell- og næringsmiddelfag
- helse- og sosialfag
- byggfag
- mekaniske fag
* Tilseier dette at det bør gjøras endringar i læreplanverket som ligg til grunn for samisk vidaregåande opplæring innafor dei nemnde yrkesfaga?
Eg vil trekke fram litt av svara på nokre av desse spørsmåla. Først:
* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet?
Utgangspunktet er på eine sida at det er eit mål for yrkesopplæringa å utvikle yrkesidentitet, sjølv om eg ikkje kan sjå at dette er vedtatt nokon stad. På andre sida er det eit mål at opplæringa av samiske elevar skal utvikle samisk identitet, dette er fastslått i Generell læreplan. Samisk identitet har ofte vore nært knytta til dei samiske næringane, særlig reindrift og duodji. Det samiske samfunnet har vore prega av kombinasjonsnæringar og relativt liten grad av yrkesspesialisering. Utvikling av yrkesidentitet i "norske" fag har samtidig ofte betydd ei svekking av den samiske identiteten. ("Eg er same, for eg har rein, men bror min er ikkje same, han er bilmekanikar.")
Når samisk vidaregåande opplæring på yrkesfaglige linjer skal utvikle både samisk identitet og yrkesidentitet, kan dette fungere bra på linjene reindrift og duodji. Men kva med dei andre linjene, der yrkesidentiteten ikkje er knytta til det samiske, snarare tvert om til storsamfunnet, og der det ikkje er noko samband mellom samiske kunnskapstradisjonar på området og det læreplanar og lærebøker seier at skolen skal innehalde? Der vil elevane kunne oppleve dette som at dei blir dratt i to retningar. Det er ein fare for at oppgåva med styrking av samisk identitet blir overlatt til samiskfaget, altså 3 timar på grunnkurs og 2 timar på VK1.
Vilkåret for at skolen samtidig kan bidra til å styrke yrkesidentitet og samisk identitet er på eine sida at yrkesopplæringa knyter seg til samiske tradisjonar innafor fagfeltet og på andre sida at opplæring i samisk kultur og språk blir knytta til elevane sin situasjon og knytta saman med den yrkesfaglige opplæringa.
Eller med andre ord:
1. Samisk kunnskap inn i yrkesfaga
2. Yrkesretting av opplæring i samisk språk og kulturkunnskap.
Vi hoppar no til spørsmålet:
* Kva for særeigen samisk kunnskap og særeige samisk nærings- og arbeidsliv finst det i tilknytning til kvar av desse studieretningane:
- hotell- og næringsmiddelfag
- helse- og sosialfag
- byggfag
- mekaniske fag
For å finne ut av dette brukte eg desse kjeldene:
- noverande og tidligare lærarar ved dei samiske vidaregåande skolane
- andre samiske fagfolk med og utan formell utdanning
- skriftlige kjelder frå bibliotek og mange andre stadar
- museum og private samlingar
Felles for alle faga er
- at samisk innhald ikkje er nemnt i læreplanar og med eitt lite unnatak ikkje i lærebøker for vidaregåande skole.
- at lærarar på eige initiativ har forsøkt å innføre lokale og samiske element i opplæringa, men at dei opplever krava frå læreplanen som eit hinder.
- at tradisjonell samisk kunnskap i desse faga er dokumentert i skriftlige kjelder og/eller museum, men ikkje samla slik at det er lett tilgjengelig for elevar og lærarar
- at det ikkje bare er spørsmål om tradisjon og nostalgi, men og om særtrekk ved nærings- og arbeidsliv i det moderne samiske samfunnet som gjør at opplæringa bør ha eit anna innhald enn Norsk Standard.
Eg vil her trekke fram nokre frå eksempel slik at alle fagområda er representert:
(Her skulle det ha vore fire bilete, kanskje eg får lagt dei inn med tida. I første omgang kjem bare bilettekstane:
Mekaniske fag: Skirttet
Byggfag: Turistgamme
Hotell- og næring: Partering av rein
Helse- og sosialfag: Duovllin)
Eg tok utgangspunkt i spørsmålet om identitetsutvikling. Men det er og andre årsakar til at samisk kunnskap bør ha ein plass i skolen, både for samiske elevar og som samiske emne for alle elevar i Noreg, slik det i alle fall i prinsippet er innført i grunnskolen.
Den tradisjonelle samiske kunnskapen kan vere ei viktig motvekt mot den einsidige teknologiske og økonomiske tenkinga som dominerer samfunnet i dag, og bl.a. lære oss noko om korleis ein kan utnytte naturen utan å forbruke han. Samisk kunnskap i skolen kan bidra til å gi framtidige generasjonar eit grunnlag for meir fornuftig forvaltning av bruken av naturressursane.
Samisk kunnskap i skolen vil kunne styrke motivasjonen for læring hos samiske elevar og interessen for skolen hos samiske foreldre.
Samisk kunnskap kan gi grunnlag for etablering av arbeidsplassar
For majoritetsbefolkninga kan samisk kunnskap i skolen gi auka forståing for samane sin situasjon og for urfolk og minoritetar generelt.
I Noreg er læreplanverket for grunnskolen basert på tre prinsipp som så langt ikkje har slått gjennom i vidaregåande opplæring:
Samiske emne i alle nasjonale læreplanar.
Eigne samiske læreplanar i dei fleste fag.
Ein eigen fellesdel for samisk opplæring.
Eit hovudvilkår for å styrke samisk kunnskap i skolen er at desse prinsippa og blir lagt til grunn for vidaregåande opplæring. Det vil seie at det bør vere eigne samiske læreplanar når det finst ein eigen samisk kunnskap i faget og det samiske samfunnet har behov for at denne kunnskapen blir formidla gjennom skolen. Samtidig må det ved revisjon av dei nasjonale læreplanane på desse fagområda i større grad leggast vekt på tilpassing til lokal kultur og lokalt nærings- og arbeidsliv. Nokre læreplanar bør få samiske emne som alle elevar i landet skal få ei viss innføring i. Det gjeld i alle fall helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag.
Det var det samiske. Trulig har eit godt fleirtal av deltakarane her aldri hatt ein samisk elev, eller dei veit ikkje at dei har hatt det. Gjeld dette da ikkje dokker? Eg vil svare frå tre vinklar, så får kvar og ein avgjøre kva ein ser som mest aktuelt for seg.
1. Den minoritetspolitiske:
Område med minimal eller ingen samisk befolkning har ofte andre minoritetar; kvenar, roma og reisande, innvandrarar frå mange land. Elevar som kjem frå desse gruppene bringer med seg sin kultur og opplever ofte at denne blir overkjørt, usynliggjort eller til og med latterliggjort i skolen. Dette er ikkje bare spørsmål om barnehage, grunnskole og allmennfag, men høgst aktuelt for yrkesfag som f.eks. hotell- og næringsmiddelfag og helse- og sosialfag.
2. Den norsk-kulturelle og lokale
Etniske nordmenn har også kultur. Mye av den tradisjonelle, regionale og lokale kulturen kjem til uttrykk i yrkesfaga; som treskjæring, rosemaling, sølvsmedkunst, byggeskikkar, matskikkar, folkemedisin osv. I 1986 kom ein NOU med tittelen "Dokumentasjon, vern, vidareføring og atterreising av gamle handverk". Eit utmerka dokument, med mange gode forslag som i liten grad er gjennomførte. 8 år etter kom Reform 94, som skapte store problem for kulturprega yrkesfag, som duodji og treskjæring. Fleire av linjene som kjempa for å overleve reformen var nettopp kulturfaga. I dag er det stor mangel på kvalifisert arbeidskraft innafor fleire av desse kulturfaga, bl.a. når det gjeld restaurering av gamle bygg.
Min påstand er at lærarar og organisasjonane deira har vore lite opptatte av å utvikle og forsvare kulturen i yrkesfaga. Dette er ei av årsakane til at det var mogleg å gjennomføre ein kulturfiendtlig reform som Reform 94.
Dei fleste yrkesfag treng lokal tilpassing. På mekaniske fag i Guovdageaidnu laga vi reinbjølle og slededrag for snøskuter. I Svolvær eller Honningsvåg er det aktuelt å lage dregg og vadbein, For byggfag er det forskjell på byggetradisjonen i forskjellige landsdelar. Hotell- og næringsmiddelfag kan lage svele, kompe, smalahovud, geitost, gumpus, gomme og rognkaker. Alt etter lokale mattradisjonar.
Men lærer vi dette i yrkesutdanninga vår; i den yrkesfaglige grunnutdanninga, i yrkesfaglig vidareutdanning, i pedagogikk på PPU, YPU eller den nye 3-årige yrkesfaglærarutdanninga? Eller for den saks skuld på hovudfag i yrkespedagogikk?
3. Til sist tilbake til det samiske:
Her vil eg bare legge fram tre sitat til ettertanke:
1. "Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om." (Generell læreplan)
2. "Den norske stat er bygd på territoriet til to folk, det norske og det samiske". (Høgsterettsjustitiarius Carsten Smith, Kong Harald)
3. "Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv."(Arnulf Øverland)
_____________________________________________________