Frå tradisjon til yrkeskunnskap
Samisk kunnskap i yrkesfag
Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk
Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu
fidnofágain
Norsk sammendrag: Frå tradisjon til yrkeskunnskap - Sammendrag
Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001
Kort presentasjon
Utgangspunktet for oppgåva er at samisk vidaregåande opplæring innafor yrkesfag i liten grad har eit samisk innhald, og at det er
eit ønske om å styrke dette. I oppgåva dokumenterer eg:
- at konvensjonar og lovar tilseier endring av læreplanar for å sikre samisk opplæring
- at samisk innhald i yrkesopplæringa er viktig for utvikling av yrkesidentitet og etnisk identitet
- at dagens læreplanar hindrar utvikling av samisk opplæring
- at det finst ein samisk kunnskap innafor kvar av dei aktuelle yrkesfaga
Oppgåva er illustrert med bilete som viser samisk kunnskap innafor kvart fag og har ei fyldig liste over dokumentasjon av samisk kunnskap i
litteratur og museum.
Hovudkonklusjonen er at samisk kunnskap i større grad må komme inn i dei nasjonale læreplanane og at det må opnast for
eigne samiske læreplanar også i yrkesopplæringa.
Forord
Denne oppgåva er eit resultat av bidrag frå mange folk. Først må eg framheve det eg
har lært av mine tidligare elevar og av lærarar ved dei to samiske vidaregåande skolane. Utan
dei hadde det ikkje vore til å tenke på å gå i gang med dette arbeidet. Eg bygger store delar av
oppgåva på arbeidet med evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94, og
er stor takk skuldig til alle eg jobba i lag med der. Særlig vil eg framheve forskar Einar
Bergland og konsulent Jon Eldar Einejord ved Sametinget - opplæringsavdelinga. Ei rekke
samiske fagfolk og andre med kunnskapar om dei emna eg tar opp, har gitt nyttige
opplysningar gjennom intervju og uformelle samtalar. Framstillinga av arbeidet for å auke det
samiske innhaldet i vidaregåande opplæring bygger i stor grad på hjelp frå tidligare
styresekretær Rune Stormo, som dessverre gikk bort før denne oppgåva var ferdig.
Rettleiarane mine har vore Else Hippe og Jan Stålhane ved Høgskolen i Akershus og
Aimo Aikio ved Sámi oahpahusguovddáš i Anár. Mange har bidratt med hjelp med samiske
ord og uttrykk, bl.a. Inger M. Olsen, Heaika Skum, Lene Antonsen og Johanna Ijäs. Mor mi,
Anbjørg Lund og kona mi, Basia Głowacka, har kvar på sitt vis lese korrektur på den norske
utgåva og funne mye å sette fingeren på. Mange takk til dykk og til alle som eg ikkje har plass
til å nemne ved namn. Etter som eg har skreve har eg gitt delar av manuset til gjennomsyn hos
folk med interesse for emnet eller delar av det, og fått inn nyttige kommentarar og
tilleggsopplysningar.
Eg vil tileigne oppgåva til lærarar og elevar ved dei samiske vidaregåande skolane. Eg
vonar at nokre av dei vil ta seg tid til å lese oppgåva og at dei finn ho nyttig i arbeidet med
vidare utvikling av samisk vidaregåande opplæring. Særlig vil eg tileigne oppgåva til
skoleutvalet ved Samisk videregående skole og reindriftsskole, som i 1998 avslo søknaden min om
studiepermisjon fordi yrkespedagogikk hovudfag ikkje var nyttig for skolen(!) Eg vonar at i
framtida vil lærarar ved dei samiske vidaregåande skolane, som kan tenke seg å studere
yrkespedagogikk, bli møtt med ei meir positiv haldning.
Nokre ord om språk og sitat
Hovudoppgåva til rettleiaren min, Aimo Aikio, står ikkje i litteraturlista mi. Eg har
ikkje kunna lese ho, etter som eg kan for lite finsk. Dette illustrerer godt kordan språkbarrierer
kan hindre kommunikasjon om samiske skolespørsmål. I eit forsøk på å overvinne
språkbarrierene har eg gitt meg ut på det vanvittige foretak å skrive denne oppgåva på både
samisk og norsk. Det har og vore naudsynt for fullt ut å kunne utnytte kompetansen til alle
rettleiarane mine. Sjølv skriv eg langt dårligare samisk enn norsk, men eg vonar likevel at
den samiske teksten skal vere forståelig. Samisk og norsk tekst har i all hovudsak likt innhald,
med unnatak av at den norske teksten har nokre forklaringar som ikkje er naudsynte for
samiskspråklige lesarar.
Vitskapelige skrift er ofte fulle av sitat på andre språk. Eg har i denne oppgåva forsøkt
å gjøre mitt til at språket ikkje skal vere eit hinder for lesarane. Derfor har eg omsett alle sitat
i teksten. I den norske utgåva har eg latt sitat på svensk, dansk og bokmål stå i opprinnelig
språkform. I nokre få tilfelle, der omgrep i originalspråket står sentralt, har eg gjengitt
originalen i hovudteksten og satt mi omsetting som fotnote. Alle uthevingar i sitata er mine.
Ta kontakt!
Om du som les dette skulle ha lyst til å kontakte meg, er eg lettast tilgjengelig på e-post:
sveilund@online.no eller telefon +47-90727698.
Om du vil lese meir eg har skreve, finn du det på: http://sveinlund.info.
Innhald
1. Utgangspunktet
1.1. Samisk opplæring i globalt perspektiv
1.2. Skolen og det samiske samfunnet
1.3. Kva er samisk vidaregåande opplæring?
1.4. Mellom samisk og norsk
1.5. Mellom yrkesfag og allmennfag
1.6. Mellom samisk og yrkesfag?
2. Vegen
2.1. Problemstilling
2.2. Utdjuping og avgrensing
2.3. Modellar for samisk forsking
2.4. Kjeldene mine
2.5. Disposisjon for oppgåva
3. Juridisk og politisk grunnlag for samisk opplæring
3.1. Kva forpliktar Noreg?
3.2. Internasjonale konvensjonar
3.3. Norske lover
3.4. Stortingsmeldingar om samepolitikk
3.5. Generell læreplan
3.6. Målsettinga for dei samiske vidaregåande skolane
3.7. Konklusjon om juridisk og politisk grunnlag
4. Kultur, identitet og yrke
4.1. Kulturbakgrunn, kulturkunnskap og kulturforståing
4.2. Identitetsomgrepet
4.3. Nasjonal og etnisk identitet
4.4. Yrkesidentitet
4.5. Arbeidsdeling i Sápmi og Noreg
4.6. Yrkesidentitet og etnisk identitet
4.7. Konklusjon om kultur, identitet og yrke
5. Samisk kunnskap - kva og kvifor?
5.1. Kunnskapstypar og kunnskapsutvikling
5.2. Urfolkskunnskap
5.3. Samisk kunnskap
5.4. Konklusjon om samisk kunnskap
6. Læreplanar i samisk opplæring
6.1. Læreplanprinsipp
6.2. Samiske læreplanar i grunnskolen
6.3. Læreplanar i samisk vidaregåande opplæring
6.4. Konklusjon om læreplanar
7. Hotell- og næringsmiddelfag
7.1. Hotell- og næringsmiddelfag i Sápmi
7.2. Samisk kunnskap i hotell- og næringsmiddelfag
7.3. Hotell- og næringsmiddelfag i samisk vidaregående opplæring
7.4. Konklusjon om hotell- og næringsmiddelfag
8. Helse- og sosialfag
8.1. Helse- og sosialvesenet i Sápmi
8.2. Samisk kunnskap i helse- og sosialfag
8.3. Helse- og sosialfag i samisk vidaregåande opplæring
8.4. Konklusjon om helse- og sosialfag
9. Byggfag
9.1. Byggfag i Sápmi
9.2. Samisk kunnskap i byggfag
9.3. Byggfag i samisk vidaregåande opplæring
9.4. Konklusjon om byggfag
10. Mekaniske fag
10.1. Mekaniske fag i Sápmi
10.2. Samisk kunnskap i mekaniske fag
10.3. Mekaniske fag i samisk vidaregåande opplæring
10.4. Nokre gamle jernreiskapar
10.5. Konklusjon om mekaniske fag
11. Oppsummering og konklusjon
11.1. Grunnlaget for samisk yrkesopplæring
11.2. Kjelder til samisk kunnskap
11.3. Svar på problemstillingane
11.4. Vegar vidare
Vedlegg
Vedlegg 1. Litteratur og filmar
Vedlegg 1.1. Hotell og næringsmiddelfag
Vedlegg 1.2. Helse- og sosialfag
Vedlegg 1.3. Byggfag
Vedlegg 1.4. Mekaniske fag
Vedlegg 1.5. øvrig litteratur
Vedlegg 2. Museum
Vedlegg 2.1. Hotell- og næringsmiddelfag
Vedlegg 2.2. Helse- og sosialfag
Vedlegg 2.3. Byggfag
Vedlegg 2.4. Mekaniske fag
Vedlegg 2.5. Museum med samiske samlingar
Vedlegg 3. Bibliotek med samiske samlingar
Vedlegg 4. Intervjuguide for lærarintervju
Vedlegg 5. Forkortingar
Vedlegg 6. Stadnamn