8 barnehagebarn og elevar som får opplæring i eit lite språk som er i stor fare for å dø ut - er det noko å skrive bok om, og kan ei slik bok vere noko å skrive bokmelding om? Det kan det vere, når røynslene frå dette prosjektet har perspektiv langt ut over dette, med viktige lærdomar for alle som organiserer eller driv andrespråksundervisning.
Boka heiter "Samisk språk i Svahken sijte" og ho kom ut i februar i år. Forfattar er Jon Todal, forskar ved Nordisk Samisk Institutt. Handlinga foregår på Austlandet, men innafor denne landsdelen så langt ein kan komme frå Oslo, både geografisk og kulturelt. Det dreier seg om oppvekstsenteret i den lille bygda Elgå ved Femunden, i Engerdal kommune i Hedmark fylke. Svahken sijte er det sørligaste reinbeitedistriktet i Noreg. Boka handlar om kva som har skjedd etter at Elgå oppvekstsenter i 2000 søkte om og fikk prosjektmiddel utlyst av Sametinget til eit 5-årig pionerprosjekt for å revitalisere samisk språk.
Sidan sist på 1960-talet har det vore undervist i sørsamisk ved sameskolane i Snåsa og Hattfjelldal. Etter kvart har fleire og fleire skolar gitt tilbod om sørsamisk og skoleåret 2005/06 var talet på elevar med sørsamisk som fag vakse til 123. Likevel har denne opplæringa gjort få elevar til aktive språkbrukarar og språket har fortsatt å dø ut.
Eit par år etter at eg besøkte skolen, kom det igang undervisning i samisk som andrespråk. Men her, som så mange andre stadar, opplevde ein at nokre få timar samiskundervisning i veka ikkje er nok til at elevane blir verkelig aktive språkbrukarar. Det måtte sterkare lut til. Og det skulle bli utlysinga av "Sametingets språkmotiveringsprosjekt" som opna for eit gjennombrot for ei betre samiskopplæring. Prosjektet gikk kort sagt ut på å starte med ei gruppe av barnehagebarn, slik at når dei starta på skolen skulle dei ha grunnlag for å få samiskundervisning etter førstespråksplan og undervisning på samisk i andre fag. Prosjektet skulle gjennomførast i samarbeid med foreldra og det skulle ikkje bare gå på språk, men og på eit samisk kulturelt innhald i barnehage og skole.
I Elgå var det ikkje nok barn til eigen samisk barnehage, eller til eigne samiske klassar i skolen. Her blei utfordringa å organisere slik at dei samiske barna var ein del av eit felles barnehage- og skolemiljø med norske barn, men at det likevel blei sørsamiske domene, der det på bestemte tider og stadar bare skulle snakkast sørsamisk.
Engerdal kommune har lagt ut ein kort presentasjon av prosjektet på http://www.engerdal.kommune.no/document.aspx?uid=518.
Boka kombinerer dei heilt konkrete røynslene frå dette prosjektet med teoriar om tospråkligheit og kva som skal til for å berge eit minoritetsspråk. Forfattaren har intervjua alle foreldra og besteforeldra både tidlig i prosjektperioden og mot slutten. Han dokumenterer grundig kor langt elevane har kome i forståing og eige munnlig bruk av språket. Derimot saknar eg vurderinga til lærarane som deltok.
Skal ein innvende noko, må det vere at samtale mellom elevar og sametingskonsulenten er gjengitt på sørsamisk utan omsetting. For dei som kan andre samiske språk kan ein få eit slags bilete av kva dei snakkar om, men for lesarar utan samiskkunnskapar blir det lett til at ein hoppar over denne delen. Ei omsetjing i parentes eller som fotnoter ville gjort at fleire lesarar kunne fått med deg også dette.
Denne innvendinga er likevel underordna. Prosjektet og boka er eit viktig bidrag til å gjenreise sørsamisk språk og til å illustrere kva som må til dersom ein for alvor skal kunne klare å gjenreise dei språka som den norske staten gjennom lang tid forsøkte å knekke. Røynslene frå dette prosjektet er ikkje avgrensa til sørsamisk. Dei kan overførast til undervisning i nordsamisk, lulesamisk og finsk som andrespråk, og til anna minoritetsspråksundervisning både i Noreg og andre land.
Rapporten sluttar i det prosjektperioden blir avslutta og vi sit igjen med spørsmåla: Kva så vidare, får desse elevane halde fram slik dei har starta? Og vil staten gi dei ressursane som skal til for at andre barnehagebarn og elevar kan få eit liknande tilbod?
Svein Lund
Til startsida