Svein Lund
I 1945 var det knapt halvparten av ungdommen som fikk utdanning utover den 7-årige folkeskolen og høgare utdanning var reservert for ein liten elite. (Kjelde: Telhaug, 1997, s. 10)
I dag er vi så vante med omgrepet "vidaregåande opplæring" at vi lett glømmer at dette ikkje har eksistert meir enn vel 20 år. Det gikk ikkje noko skarpt skille etter 9 skoleår og realskole / framhaldskole var ein form for lågare vidaregåande opplæring. Så kom gymnas, handelsskole, husmorskole, husflidsskole og ei rekke yrkesskolar. I tillegg spela folkehøgskolen ei mye viktigare rolle enn i dag.
Dei viktigaste endringane kom på to område:
1. Langt fleire ungdommar tok vidaregåande utdanning.
Talet på elevar i vidaregående utdanning auka slik:
| 1935 | 34000 |
| 1955 | 58000 |
| 1975 | 152000 |
| 1980 | 178000 |
| 1985 | 225000 |
Til samanlikning har folkehøgskolane hatt ein langt mindre auke og frå omlag 1980 gikk elevtalet i folkehøgskolen tilbake.
2. Utvikling i retning av enhetsskole også på vidaregåande nivå.
Eg vil her i første rekke konsentrere meg om dei to største: gymnaset på eine sida og yrkesskolar for handverk og industri på andre.
Gymnas var tidligare noko som i første rekke fantest i byane, ikkje eingong alle byar hadde gymnas. I tillegg var det nokre få landsgymnas med internat som i første rekke trakk elevar frå landsbygda. Til eksempel kan ein nemne at det første gymnaset i Finnmark starta opp i 1948 i 1948. Så seint som på 60-talet var det så få plassar i realskole og gymnas at Meget i gjennomsnitt frå folkeskolen i nokre tilfelle ikkje var godt nok for å komme inn på realskolen. Yrkesopplæringa i Noreg har tradisjonar tilbake til lærlingsordninga gjennom laugsvesenet frå 1500-talet av. Dei første spirene til yrkesopplæring i skole var praktiske kurs i snekkerarbeid og børstebinding som blei sattt igang på privat initiativ i Christiania midt på 1800-talet. I 1910 starta Forskole for jern- og metallarbeidere med 5 månaders kurs.
I 1919 satte Kyrkje- og Undervisningsdepartementet ned ein komite for å utgreie forholdet mellom allmennutdanning og yrkesutdanning, under leiing av Arbeiderpartipolitikeren Johan Gjøstein. Her kjenner vi igjen argumenta frå Arbeidersamfunna og Venstre-politikarane rundt 1870. Mjelde (1988) skildrar argumenta deira slik: "Man måtte utvide skoletilbudet så arbeiderklassen gjennom skoletilbudet kunne få en forståelse for at alle i samfunnet hadde felles interesser, altså at de særegne klasseinteressene ikke eksisterte."
Men det var først i 30-åra at arbeidet for alvor kom i gang med å bygge ut ei yrkesopplæring i skole. Det var tre krefter som delvis fann kvarandre i å fremme yrkesopplæringa: - Industrien hadde behov for meir kvalifisert arbeidskraft og fann det vanskelig å lære opp lærlingar heilt frå botn av. (Likevel var det sterkt delte meiningar blant industrileiarar om yrkesopplæringa). - Arbeidarrørsla (Særlig LO og AUF) ønska oppvurdering av det praktiske arbeidet og betre utdanning for arbeidsfolk. - Regjeringa ønska å auke produksjonen og produktiviteten gjennom meir kvalifiserte industriarbeidarar. På andre sida har akademiske miljø og embetsmenn / byråkratiet alltid vore skeptisk til praktisk utdanning og verdien av denne.
I 1940 kom lov om yrkesskolar som la grunnlaget for utbygging av yrkeskolar i etterkrigsstida og i 1946 godkjente KUD Normalplan for verkstadskolar. Som hovudregel var yrkesskolen 1-årig. For dei faga som var lærefag kunne ein da fortsette med 2-3 år i lære supplert med lærlingeskole. Etter kvart utvikla det seg ei mengde tilbod innafor yrkesutdanning, men utan at det var nokon sentral plan for ka slags kurs som burde vere. Yrkesopplæringsrådet blei oppretta med mandat til bl.a. å godkjenne lærlingefag.
På 60-talet var det fleire offentlige utval i arbeid for å sjå på kordan vidaregåande utdanning skulle organiseras etter at 9-årig skole var gjennomført. Først kom Gjelsvikkomiteen som bare tok for seg gymnaset, deretter Steen-komiteen i tida 1967-70 som såg all vidaregåande utdanning under eitt. Frå 1971 blei det dreve forsøk med enhetsskole på vidaregåande nivå.
Steenkomiteen var på mange måtar langt forut for si tid og foreslo tiltak som først blei gjennomført på 90-talet, slik som adgang til 3-årig vidaregåande utdanning for alle med fritt val av utdanningsveg og høve til å skaffe seg både allmennutdanning og yrkeskompetanse. Ikkje minst viktig var det at dei uttrykte at "Skolene og undervisningen må ordnes slik at den enkelte elev får starte i den videregående skolen på det nivå vedkommende har nådd fram til ved avslutningen av 9-årig folkeskole, og undervisningen må til enhver tid - så langt det er praktisk mulig - tilpasses den enkeltes særlige forutsetninger med hensyn til evner og anlegg, arbeidskraft og standpunkt."
Tidlig på 70-talet kom Schønbergkomiteen som ville slå saman til breiare grunnkurs, noko som møtte stor motstand frå Yrkesskoleelevenes og Lærlingenes Interesseorganisasjon.
På grunnlag av disse utreiingane blei vidaregåande skolar i 1976 samla til eit skoleslag med 10 studieretningar som skulle famne om alle dei gamle skoleslaga. Både før og etter dette blei det eksperimentert med kombinerte grunnkurs, der ein over to år fikk første år av allmennfag og første år av eit yrkesfag.
Det norske utdanningssystemet 1985/86 Midt på 80-talet var den obligatoriske skolen utvida til 9 år og det var eit stort fleirtal av ungdommen som tok eit eller fleire år på vidaregåande skole. Høgare utdanning hadde og blitt tilgjengelig for atskillig fleire enn nokre tiår tidligare. (Kjelde: Telhaug 1977, s. 62)
Lærlingeordninga er den eldste formen for yrkesutdanning. Frå først av fikk lærlingen heile opplæringa gjennom praksis, seinare supplert med lærlingeskole ein dag i veka eller på kveldstid. Da dei første lærlingeskolane blei oppretta tidlig på 1800- talet, var det som søndagsskolar, dei andre dagane i veka måtte lærlingen jobbe full arbeidsdag. Etter kvart blei det vanligare å ta eit halvt til eit år grunnleggande verkstadskole før ein teikna lærlingekontrakt. I handverksbedrifter var lærlingeforhold regulert av andverkslova av 1913, men i industribedrifter var dei ingen regulering av lærlingane sine vilkår før lærlingelova kom i 1950. På 60-talet gikk talet på lærlingar tilbake og Steen- komiteen gikk i 1970 inn for avskaffing av lærlingeordninga mot at skolen skulle ta ansvaret for full fagopplæring og fagprøver. Dette blei aldri gjennomført, derimot byrja talet på lærlingar no å gå opp igjen . Fleire fag har etter kvart kome inn iunder Lærlingelova som i 1980 blei endra til Lov om fagopplæring i arbeidslovet. Samordningsnemnda for skoleverket hadde foreslått å bygge ein framhaldsskole for samar i Guovdageaidnu. I staden blei der i 1952 starta Statens heimeyrkesskole for samer. Undervisningsspråket var norsk som det var i grunnskolen i den tida, men innhaldet var kanskje meir tilpassa til samiske forhold enn det har vore seinare.
Skolen var frå starten av ikkje ein rein yrkesskole som tok sikte på å utdanne fagarbeidarar. I 1956 blir skolen omtalt slik: "Denne skolen tar bl.a. sikte på å lære samisk ungdom til å arbeide med husflid for å skaffe seg biinntekter" (mi utheving). Ein tenkte altså at elevane skulle gå tilbake til primærnæringane reindrift og jordbruk og bruke skolelærdommen til ekstraarbeid ved sida av.
Frå skolen fikk eigne bygningar i 1960 var det tre faste linjer: jern- og metall, trearbeid og søm- og vev. Etter kvart som moderniseringa toga inn i Indre Finmark blei skolen "oppgradert" til å følge landsdekkande læreplanar. Frå 1962 underviste ein etter planane for verkstadskolen, noko som førte til at dei spesielle samiske aktivitetane fall bort. Fram til 1968 var alle linjer 1-årige, da utvida ein med vidaregåande kurs i trearbeidsfag, og frå 1971 var det 1-årig linje for husstell.
Etter ei utbygging først på 80-talet blei det også mekaniske fag utvida til toårig tilbod og det blei innført tømrarlinje, samtidig som ein innførte grunnkurs i handel og kontor og i allmenne fag. På 80-talet blei søm/vev lagt ned til fordel for duodji, som etter kvart blei utvida til treårig utdanning og fikk anerkjent fagbrevsordning først på 90-talet.
Statens Reindriftsskole blei oppretta i 1968, og var plassert på Borkenes i Sør-Troms inntil skolen i 1981 blei flytta til Guovdageaidnu. Skolen hadde frå starten svært små ressursar, og bare ein stillingsheimel (!) fram til 1984. Da blei det utvida til to, men skolen hadde framleis verken godkjente læreplan eller ei einaste godkjent lærebok. Skolen var klassifisert som fagskole for landbruket og sorterte under Landbruksdepartementet til han i 1988 slått saman med Samisk videregående skole til Samisk videregående skole og reindriftsskole. Samtidig blei også reindrift utvida frå eit-årig til tre-årig utdanning, men utan å få fagbrevstatus.
I 1969 blei også dei første samiske gymnasklassane oppretta i Karasjok.. Først heitte skolen "Karasjok gymnasklasser med samisk", seinare blei det "Karasjok gymnas" og frå 1976 Sámi joatkkaskuvla Kárájogas eller Samisk videregående skole, Karasjok".
I motsetning til skolen i Guovdageaidnu har skolen i Karasjok aldri hatt særeigne samiske linjer. Utanom samiskfaget har ein heller ikkje hatt særeigne samiske fag. Det samiske innhaldet har berstått i faget samisk, samisk læreplan i norsk, undervisning på samisk i nokre fag for nokre klassar og ein viss andel av samisk stoff i fag som historie og geografi.
Frå starten hadde samisk status som valfag, seinare sidemål, timetallet var 2+2+2 og det blei undervist i to grupper; som morsmål og som fremmedspråk. I 1974 blei skolen «reformgymnas» og det blei starta opplæring i samisk som hovudmål, alternativt sidemål. Timetallet blei da auka til 4+4+4 som hovudmål og 4+3+3 som sidemål. Frå 1976 blei det og undervist i samisk som fremmendspråk.
Ved Samisk videregående skole i Guovdageaidnu blei samisk først innført bare på duodji-prega linjer. Etter at skolen fikk studieretning for allmenne fag (1981) er samisk blitt innført som førstespråk, andrespråk og C-språk. På reindriftslinja har det vore samiskopplæring frå reindriftskolen blei flytta til Guovdageaidnu i 1981.
På 70-tallet skilte ein bare mellom samisk som morsmål og samisk som fremmendspråk. I tråd med at ein i internasjonal språkvitskap begynte å skilje mellom førstespråk, andrespråk og fremmendspråk, blei også disse omgrepa innført i skolen løpet av 80-tallet.
Fram til 1990 var det ikkje skreve lærebøker i samisk for vidaregåande skole på noko nivå.
Eit stort problem for samiskopplæringa i vidaregåande skole har vore utdanningsnivået til samisklærarane. Ved mange skolar har ein måtta ta til takke med lærarar med mangelfull utdanning.
I norsk følgte samiske elevar overalt vanlige norske læreplanar fram til 1974. Da innførte Karasjok gymnas redusert pensum i norsk. Elevar med samisk som hovudmål eller sidemål trengte ikkje ta skriftlig opplæring i norsk sidemål, og timetallet blei for norsk som for samisk 4+4+4 som hovudmål og 4+3+3 som sidemål.
På 80-talet blei det innført læreplanar i norsk som andrespråk for samisktalande. Disse blei laga i forskjellige utgåver for allmennfag og for handel- og kontorfag, men for yrkesfag blei 2-timars faget norsk med samfunnslære undervist etter vanlige nasjonale læreplanar heilt fram til Reform 94.
Det har vore gjennomført fleire offentlige utreiinger av betydning for samiskopplæringa i vidaregåande skole. Forsøksrådet for skoleverket kom i 1974 med ei planskisse "Undervisning og utdanning i språkblandingsområder", der ein foreslo Indre Finnmark som ein forsøksregion for vidaregåande opplæring.
Komiteen som utreia vidaregåande opplæring for samar gikk allereie i 1975 inn for at samisk språk og kulturhistorie skulle inngå i timeplanen også for husstell, husflid, handverks- og industrifag. Likevel gikk det lang tid før dette blei iverksatt. Komiteen gikk inn for disse alternativa: * Samisk hovudmål, ved morsmålsopplæring * Samisk sidemål, ved morsmålsopplæring * Samisk som 2. eller 3. fremmedspråk, ved fremmendspråksopplæring * Samisk som tilvalsfag, ved fremmendspråksopplæring eller morsmålsopplæring.
I 1985 kom utreiinga "Samisk ungdoms utdanningsmuligheter", som bl.a. la grunnlaget for at Samisk videregående skole i Guovdageaidnu seinare i ein tre-års- periode fikk status som forsøksskole.
Allereie i byrjinga av 1970-tallet fikk nokre få elevar ved Oslo realskole og gymnas for voksne opplæring i samisk. Innafor nordsamisk språkområde byrja nokre fylkeskommunale vidaregåande skolar i Finnmark og Troms å tilby nordsamisk som andrespråk frå midt på 1980-talet.
Lulesamisk og sørsamisk har vore undervist i vidaregåande skole sidan først på 80- tallet, som andrespråk og C-språk. For lulesamisk har denne opplæringa stort sett vore konsentrert om Hamarøy vidaregåande skole, mens det blir gitt opplæring i sørsamisk ved fleire vidaregåande skolar i Trøndelag, ofte av lærarar som har hatt opplæringa ved fleire skoler.
Det samla tallet på elever som hadde samisk som fag i vidaregåande skole var 177 i 1987/88.
Sámi álbmotallaskuvla eller Den samiske folkehøgskolen (tidligere Den samiske ungdomsskolen) i Kárájohka fell utafor det vi i dag kallar vidaregåande skole, men er likevel svært interessant som samanlikning fordi denne som ein privat og uavhengig skole utan eksamenspress har kunna gi tilbod uavhengig av sentralt fastsatte læreplanar.
Men skolen har ikkje vore styrt av samar, men av Samemisjonen frå starten i 1936. I nyare tid er imidlertid den misjonerande sida ved skolen har etter kvart blitt tona noko ned og skolen blir styrt av samar utan særlig innblanding frå Samemisjonen si side. Skolen har heile tida stått i kontrast til andre folkehøgskolar som hadde ei klar fornorskingsfunksjon.
Liksom "vidaregåande opplæring" er "høgare utdanning" eit samleomgrep som har kome i bruk i dei seiste tiåra.
Eg vil her kort sjå på dei endringane som har skjedd innafor høgare utdanning på områda: - omfang - struktur - innhald - pedagogikk
Omfanget av høgare utdanning har auka kraftig. Talet på studentar i Noreg var ikkje meir enn 500 midt på 1800-talet. Rett etter krigen var det omlag 10000 studentar, mens ein på slutten av 1980-talet nærma seg 100000. Disse tala viser ein enorm auke sjølv om delar av det skuldast omdefinering av nokre skolar til høgskolar og dermed av elevar til studentar. Men auken i talet på studieplassar har likevel ikkje heldt følge med etterspurnaden, med det resultatet at konkurransen om å komme inn på mange fag har blitt skjerpa og fleire universitetsfag som tidligare var opne blei lukka på 60-, 70- og 80-talet.
Den store tilstrømminga av studentar gjorde at ein måtte bygge ut fleire tilbod utafor universitetsbyane Oslo (universitet frå 1811) og Bergen (universitet frå 1946). I 1968 vedtok derfor Stortinget å opprette universitet i Trondheim og Tromsø. Mens Universitetet i Trondheim mest var ei formalisering av samanslåinga av Norges Tekniske Høgskole og Norges Lærerhøgskole, betydde Universitetet i Tromsø i langt større grad oppbyggginga av noko heilt nytt. Fram til da hadde det ikkje vore mogleg å ta høgare utdanning i Nord-Noreg med unnatak av visse kortare profesjonsutdanningar som lærar, sjukepleiar og ingeniør.
Det vi no kallar høgare utdanning var tidligare spreidd på mange skoleslag, ein del av dei hadde heller ikkje høgskolestatus. Skoleslag som universitet, lærarskolar, sjukepleieskolar og tekniske skolar hadde kvar sine lovverk og opptaksreglar. I tillegg var det sentrale ansvaret for høgare utdanning spreidd på forskjellige departement. Som eksempel han nemnas at Handelshøgskolen låg under Handelsdepartementet, tannlegeutdanning var før 1910 under Justisdepartementet (!) og helseutdanninga under Sosialdepartementet. Ei samordning under KUF var ein føresetnad for at høgare utdanning stegvis har blitt samordna til eit system med felles lovverk. På slutten av 1980-talet var alt samla under KUF med unnatak av Landbrukshøgskolen og Veterinærhøgskolen som framleis låg under Landbruksdepartementet.
Det var Ottosenkomiteen (1965-70) sine innstillinger som la grunnlaget for den store omstruktureringa av høgare utdanning. Det første tiltaket var å sette igang eit heilt nytt skoleslag: distriktshøgskolar, dei første blei starta som ei prøveordning i 1968. Distriktshøgskolane skulle i første rekke gi korte yrkesretta studier. Samtidig blei lærar- og ingeniørutdanning og ei rekke utdanningar innafor helse- og sosialfag oppgradert til høgskolar. Resultatet var at ein tilsaman fikk ei mengde høgskolar, på det meste var det over 200. Det blei oppretta regionale høgskolestyre for å samordne disse i kvar region (som regel fylke). Ottosenkomiteen hadde ønska ei vidare integrering til større regionale institusjonar, men dette blei ikkje gjennomført i første omgang. Først etter Hernes-utvalet si innstilling (Med viten og vilje, NOU 1988:28) blei dette gjennomført.
Når det gjeld innhaldet har det oppstått ein del nye fag, som fiskerifag på universitetet i Tromsø og høgskolane i Bodø og Alta, samt studier som er utvikla på grunn av ny teknologi, som informatikk / data. Men når det gjeld dei tradisjonelle universitetsfaga synas endringane i innhald, pedagogikk og arbeidsformer å ha vore relativt små.
Universiteta har vore prega av sterk konservatisme og forsvar for århundregamle tradisjonar som graddsystemet med latinske namn som cand. mag. o.l. Sjølv om pedagogikk kom inn som fag på universitetet på 1930-talet, er det først i seinare tid at det har blitt stilt krav om at universitetslærarar må ha pedagogisk utdanning.
Innafor høgare utdanning er det i første rekke disse institusjonane som har hatt tilbod med samisk innhald: Universiteta i Oslo og Tromsø. Lærarutdanninga ved høgskolane i Tromsø, Alta, Bodø og Levanger.
Universitetet i Oslo hadde professorat i samisk frå 1866, men undervisninga var for det meste berekna for norske prestar som skulle arbeide i samiske område. Samisk på Universitetet i Oslo har alltid hatt status som fremmendspråk og så seint som på 1970-talet kunne ein på samisk grunnfag svare på eksamen på norsk! I andre fag har det vore svært lite samisk innhald, med unnatak for noko forsking ved Pedagogisk Forskningsinstitutt.
Behovet for utdanning i samisk språk og kultur blei brukt som eit av argumenta for oppretting av Universitetet i Tromsø. Men da universitetet kom i gang, var dette langt på veg glømt og som samisklærar Harald Gaski uttrykte det: "Det blir ikkje eit nord-norsk universitet av å ligge i Nord-Norge, det blir ikkje eit samisk universitet av å ligge i Sápmi. ... ofte kan ein sette spørreteikn ved om ein forstår noko meir om landsdelen etter å ha studert her."
Samisk språk levde eit nokså isolert tilvere og samisk kultur kom ellers tildels fram i faga historie og sosialantropologi. Ei tid var det eit tilbod som heitte samiske studier / etniske relasjoner, men dette blei sist på 80- talet nedlagt til fordel for sosialantropologi. Innafor andre fag hadde samiske forhold ein svært liten plass. Når Universitetet i jubileumsboka si framhever at "Universitetet i Tromsø har vore ein av faktorane i den samiske kulturreisinga", underslår ein at dette i stor grad har skjedd gjennom at samiske studentar og lærarar har måtte kjempe seg til ein plass i det universitetet som skulle ha spesielt ansvar for det samiske. Ikkje før i 1988 blei det mogleg å skrive hovudoppgåve på samisk i samiskfaget, og på den tida var det ingen eigne organ som hadde ansvar for samisk innhald i undervisning og forsking på universitetet.
I 1973 kom "Utredning om lærerutdanning for samedistriktene fra utvalget til å utrede spørsmålet om samisktalende lærere." Samme året blei Alta lærerhøgskole etablert, og frå starten av var der ei eiga samisk avdeling. Denne fikk ansvaret for at studentane ved allmennlærarutdanninga og seinare førskolelærarutdanninga fikk 07415963*-amisk språk og kultur. I andre fag måtte studentane følge vanlig undervisning på norsk. Det var stadige gnisningar mellom samisk avdeling og leiinga på skolen og det vaks etterkvart fram eit stadig sterkare ønske om ei eiga samisk lærarutdanning. Saman med krav frå samiske organisasjonar førte dette til opprettinga av Samisk høgskole i Guovdageaidnu i 1988.
Tidlig på 80-talet starta lærarhøgskolane i Bodø og Levanger opp med undervisning i henholdsvis lulesamisk og sørsamisk, men begge stader har det vore vanskelig å halde i gang eit stabilt tilbod på grunn av mangel på kvalifiserte lærarar.
_____________________
Vidare til neste kapittel: 17. Vaksenopplæring
Tilbake til første kapittel: Reformane - første del
Til oversikt over artiklar om
utdanningsspørsmål eller
samiske spørsmål
Til startsida