Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring

Del 1 - Fram til 1988

Prosjektoppgåve i yrkespedagogikk hovudfag

Svein Lund, Høgskolen i Akershus, Mars 1999

NB! Denne oppgåva er opphavelig laga med innskanna bilete og illustrasjonar. For å få plass er disse, i alle fall førebels, fjerna frå internett-utgåva.

Føreord

Bakgrunnen for at eg ville skrive denne oppgåva er dei røynslene eg har gjort som lærar ved Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla / Samisk videregående skole og reindriftskole (SVSRS) frå 1988 til 1998.

Mesteparten av denne tida har vore prega av reformer, nye læreplanar, nye arbeidsmetodar og nye pedagogiske idear i skolen. Ved SVSRS har vi hatt dette i fullt monn. I perioden 1990-93 var skolen forsøksskole og fikk ekstra midler til utvikling av læremidler og nye tilbod. I 1994 kom Reform 94 og kasta om på det meste. Store delar av det som var utvikla i forsøksperioden var ikkje lenger gangbart under Reform 94. Lærarane ved skolen har deltatt aktivt i utvikling av nye læreplanar, metodiske rettleiingar og lærebøker. Det var stort engasjement i høringsrunden for læreplanane for Reform 94 og desto større frustrasjon da ein såg at høringa hadde minimal verknad. Lærarar og administrasjon ved skolen har gjennom fleire vegar forsøkt å få gjennomslag for ein meir samisk skole under Reform 94, men møtt veggen overalt. Da eg slutta sommaren 1998 opplevde eg det som at bare frustrasjonen var igjen av engasjementet.

Når ein arbeider i skolen ser ein ofte ikkje skogen for bare trær, det vil seie at ein ikkje ser dei store linjene i skolepolitikken for bare læreplanar, forskrifter og rundskriv. For ein som bare har arbeida i vidaregåande skole er det og vanskelig å sjå kordan det ein opplever der har samanhang med det som skjer både i grunnskolen og i høgare utdanning. Eg ønska derfor å forsøke å få ein samanhang i ting - mellom skoleslaga, mellom dei ulike pedagogiske retningane og mellom det samiske og det rikspolitiske, for bedre å kunne forstå den prosessen som eg har vore med på det siste tiåret.

Utgangspunktet mitt var å skrive om skolereformene på 90-talet og samisk opplæring. Men eg fann raskt ut at ein ikkje kunne sjå på dette som om historia starta rundt 1990. Jo meir eg studerte den historiske bakgrunnen, jo meir vaks oppgåva. Til slutt måtte eg innsjå at oppgåva måtte delas i to. Denne første delen vil i staden for å starte i 1988 ta for seg forhistoria fram til da. Andre delen, om utdanningsreformene på 90-talet, vil i komme i form av eksamensoppgåva mi om eit par månadar.

I arbeidet med denne oppgåva har eg hatt god nytte av diskusjonar med gruppa mi på studiet i yrkespedagogikk og råd frå Else Hippe og Egil Frøyland ved Høgskolen i Akershus. Dei har kome med nyttig kritikk på oppbygginga av oppgåva og på det rikspolitiske stoffet, og dei har kritisert der dei fann det samiske stoffet vanskelig å få med seg for utaforståande.

Det du no les er femte utgåve av oppgåva. Sjølv om den tredje utgåva allereie er godkjent som prosjektoppgåve, har eg funne ut at eg vil ta eit par omgongar til. Eg har etter godkjenninga gjort endringar i forhold til kritikken, men det eg no i første rekke manglar er kommentarar og kritikk frå det samiske skolemiljøet.

Eg vonar at du som les dette vil gi meg kritikk, spørsmål og opplysningar og at oppgåva etter denne neste omgangen vil kunne bli ein nyttig reiskap til å forstå utviklinga av samisk skole og til å forbetre denne.

Innhald

1. Innleiing

2. Sameland blir kolonisert

3. Spirer til norsk utdanning

4. Misjon blant samane

5. Frå standsskolar til folkeskole

6. Rasisme og fornorsking

7. Samisk opposisjon

8. Internatbygging

9. Reform-pedagogikken

10. Vinden snur

11. 9-årig skole

12. Samisk inn i skolen

13. Samisk påverknad på skolen

14. Sør- og lulesamisk

15. Vidaregåande opplæring

16. Høgare utdanning

17. Vaksenopplæring

18. Pedagogisk strid

19. Oppsummering

1. Innleiing

Kvar gong sentrale styresmakter har starta planlegginga av ein ny skolereform har dei glømt at det bur samar i Noreg.

Illustrasjon: Ei av dei mange utreiingane som hadde glømt at det bur samar i Noreg.

Målet må vere at samiske spørsmål ikkje kjem diltande etter, men at dei er med i planlegginga frå starten.

Reformarbeid byrjar gjerne med at det settas ned ein komite, oppnemnd ved kongelig resolusjon av ... I komiteane er det som regel plass til dei tunge sentrale forskningsmiljøa, til hovudorganisasjonane i arbeidslivet, lærarorganisasjonane og ikkje minst til byråkratiet i departementa. Allereie i oppnemninga og mandatet blir svært mye av prinsippa i utdanningsreformene lagt. Av alle dei utreiingar som har vore har det vore svært sjeldne unnatak om det har vore plass til ei einaste person med eit minimum av kjennskap til samiske skolespørsmål. Når disse utvala så leverer innstillingane sine til departementet og disse blir offentliggjort kjem samiske skolefolk og samiske organisasjonar og seier: "Men ka med oss?" Så startar kampen om å få anerkjent eit unnatak her og eit unnatak der, og den samiske skolen er framleis ein norsk skole med meir eller mindre unnatak.

Dei lovene, forskriftene og læreplanane som blir vedtatt for det norske skoleverket som heilskap er ofte meir avgjørande for ka for skole samiske elevar møter enn dei vedtaka som blir gjort spesielt om opplæring for samar eller samisk opplæring.

I likheit med dei offentlige utgreiingane nemner dei fleste bøker og skrifter om norsk skolehistorie samiske forhold svært kort, om dette blir tatt opp i det heile. For det meste er det konsentrert om samisk som fag og undervisningsspråk, mens spørsmål om samisk kunnskap og samisk innhald i skolen blir forbigått. Eg har ikkje funne nokre skrifter som vurderer verknadane av dei generelle reformene for opplæringa for samar / om samiske forhold. Skrifter om samisk utdanningshistorie behandlar på si side ofte samiske spørsmål isolert frå resten av historia om det norske skolesystemet. I denne oppgåva forsøker eg å kople dei rikspolitiske og samiske kjeldene saman for å finne ka for samanhang det er mellom dei linjene som den landsomfattande skolepolitikken bygde på og den som kom til uttrykk overfor samane.

I tida fram til 1988 bygger eg bare på skriftlige kjelder. Mye av det eg her legg fram er usikkert, da kjeldene ofte er svært sprikande og seier mot kvarandre. Eg har i fleire høve funne direkte feil i kjeldene, og tør ikkje garantere at ikkje nokre feil og har sneke seg med her. Eg vil derfor vere takknemlig for utfyllande opplysningar og korrigeringar.

Gudmund Hernes var som undervisningsminister ein av dei sterkaste motstandarane av samisk opplæring på 90-talet.

Skiljet ved året 1988 er satt av fleire grunnar som tilfeldigvis fell saman historisk. Dette året kom innstillinga "Med viten og vilje" der arkitekten bak mesteparten av reformprosessen, Gudmund Hernes, la fram programerklæringa si for reformene. Det samme året byrja eg som lærar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole. Dette skjedde samtidig med at Samisk videregående skole og Statens reindriftskole blei slått saman til ein skole. Året etter blei det første norske Sametinget vald, noko som ga samane sine eigne organ ein annan status som politisk aktør innafor norsk samepolitikk, inkludert skolepolitikken.

2. Sameland blir kolonisert

Den samiske busettinga på Nordkalotten er historisk dokumentert i alle fall tilbake til rundt starten på tidsrekninga vår. Samane var organisert i siidaer, små "kommunar" med opp til eit par hundre innbyggarar. Dei hadde i liten grad noko overordna samfunnsorgan, sjølv om det i alle fall frå austsamiske område er kjent "ting" der fleire siidaer møttest.

På 800-900-talet blei det etablert tre statar som alle hadde uklare grenser mot samisk område; Noreg, Sverige og Novgorod-riket i Nordvest-Russland. Nokre stader budde samar og nordmenn nokså nært innpå kvarandre, f.eks. Helgeland og Sør-Troms, men ellers innskrenka kontakten seg stort sett til handel og skattlegging.

Samane var i svært liten grad påvirka av kristendommen i fleire hundreår etter kristninga av nabofolka og språkkunnskapen på tvers av dei etniske skiljelinjene innskrenka seg ofte til det ein trong i handelen.

Allereie før disse statsdanningane hadde norske, svenske og russiske høvdingar byrja med "finneferder", ein forsøkte å legge samane under seg gjennom skattlegging og reine røvartokter. Sidan den tid har kampen stått mellom samane og statane omkring om retten til ressursane i samiske område.

3. Spirer til norsk utdanning

Opplæring av den oppveksande slekta til å meistre vaksenlivet skjedde for dei aller fleste gjennom familien og deltaking i dei vaksne sitt arbeid. Dei første skolane var katedralskolane som frå slutten av 1100- talet blei bygd ut ved katedralane i Nidaros, Bergen og Oslo, og som ved reformasjonen blei omgjort til latinskolar, utan at verken innhald eller arbeidsmetodar blei særlig endra. Dei skulle i første rekke utdanne prestar, men og andre embetsmenn til statsforvaltninga. Fram til 16-1700-talet var katedralskolane / latinskolane den einaste allmennutdanninga i Noreg. Det var prestane som skulle spreie opplysning vidare til folket, frå preikestolen og gjennom tilsyn med at barna fikk ei kristelig oppseding og den mest naudsynte lærdom gjennom heimeundervisning og seinare skole. Den første organiserte yrkesutdanninga fikk lærlingar under handverkarlauga som oppsto i byane frå 1500-talet.

Det er ikkje kjent om samar nokon gong deltok i organisert utdanning i Noreg før på 1700-talet.

Allereie Martin Luther gikk inn for innføring av allmennskolar for både gutar og jenter, og at disse skulle gi både kristelig og verdslig opplæring. Frå reformasjonen samla prestane barna til opplæring i kyrkja eit par timar kvar søndag, i første rekke i Luthers lille katekisme. Men det var først med pietismen rundt år 1700 at tanken på skole for alle slo ut for fullt. Med konfirmasjonsforordninga av 1736 kom det klare krav til kunnskap om kristendommen samt lese- og skrivedugleik for å konfirmere seg. Dette var grunnlaget for den første skolereformen i norsk historie; innføringa av obligatorisk allmueskole på landet i 1739.

På 1700-talet fikk dei fleste svært liten undervisning. Hovudformen for undervisning på landet var omgangsskolar og kvar elev fikk oftast bare eit par vekers undervisning for året, tilsaman 2-3 månader før konfirmasjonen. Det var frå starten stor motstand mot skolen, bl.a. fordi folket i kvar skolekrins blei pålagt utgiftene til å drive skolen.

Skolen var svært tett knytta til kyrkja. Kristendomskunnskap var eit av dei mest sentrale faga og frå starten var det ofte klokkaren som sto for undervisninga, mens presten hadde tilsyn med undervisninga. Presten var fast leiar for skolestyret heilt fram til 1889.

4. Misjon blant samane

Frå 12-1300-talet blei det bygd kyrkjer på kysten av Troms og Finnmark. Kyrkjene var i første rekke berekna på den norske befolkninga som flytta inn på kysten, men frå disse kyrkjene blei det og forsøkt å kristne sjøsamane. Først i 1691 blei den første kyrkja i hovudsak berekna for samar sett opp i Varanger, og like etter kom det kyrkje i Máze. Eit resultat av tidlig kristen innverknad på samane: Bilete av ei kyrkje på ei sjamantromme. (Aikio 1992, s. 78)

Den første kjente organiserte opplæringa av samiske elevar på norsk side sto bispen Erik Bredal i Trondheim for midt på 1600- talet, men det fortellas at resultatet blei heller dårlig sett frå misjonen si side.

Misjonen var ein viktig del av arbeidet med å få kontroll over dei samiske områda. Blei samane døypte var dei og statsborgarar, den staten som reiste kyrkje ein stad blei og rekna for å ha den verdslige overherredømet. I kampen mot Russland spela dette ei ekstra stor rolle; der kyrkja var ortodoks var landet russisk, der kyrkja var evangelisk var landet svensk eller dansk/norsk.

Både på svensk og russisk side var det aktiv misjon på 1500-talet. I Neiden som i dag hører til Sør-Varanger kommune blei ei russisk-ortodoks kyrkje satt opp så tidlig som 1567. Den første kjente skolen for samar blei satt igang på svensk side, så tidlig som i 1606. På 1600-talet blei nokre samegutar sendt på presteskole i Uppsala. Dei fleste rømde heim igjen, men nokre blei prestar. Ein av dei var Olaus Sirma som har æra for at ettertida har fått kjennskap til noko av den eldste samiske litteraturen. På svensk side blei gjennomført at forkynning og skole skulle vere på samisk, og ein stor del av prestane var sjølve samar. Men innhaldet i skolegangen var heilt og fullt diktert av svenske styresmakter. De svenske styresmaktene hadde frå starten ei n bevisst plan for å skaffe embetsmenn med samisk bakgrunn til samiske områder, da dei meinte dette var beste måten å integrere samane i Sverige. Dette i motsetning til dansk/norske styresmakter som derimot ønska å administrere sameområdene med ikkje- samiske embetsfolk.

Dei første bøkene på samisk kom i Sverige 1619, men ingenting tyder på at dei kom særlig ut til folket, ettersom det knapt fantest lesekyndige samar. Språket var i tillegg så dårlig at dei knapt blei forstått om dei blei lese opp frå preikestolen. Frå 1600-talet førte den dansk/norske staten ein bevisst politikk for å gjøre dei samiske områda mest mogleg norske, så dei ikkje skulle falle i hendene på den svenske eller russiske staten. Derfor var utbygging av skolar og kyrkjer i samiske område høgt prioritert.

Det første teiknet til planar om undervisning for samar på norsk side er at kong Christian 4. i 1601 tilbaud prestane 1/3 av tienden om dei ville ta nokre samebarn i huset og lære dei opp og samtidig tilsette samelærar som skulle arbeide blant samane på fjellet. Det har ikkje vore kjent nokre resultat av dette arbeidet, og det er vel tvilsamt om det i det heile kom igang. På norsk side hadde misjonsverksemda vore spreidd og hatt dårlige resultat fram til Thomas von Westen, "Samenes apostel", av Misjonskollegiet i København blei satt på jobben med å leie misjonsarbeidet blant samane. Dette skjedde midt under Den store nordiske krig (1700-1720) og det var ingen tvil om det å gjøre samane til danske undersåttar var minst like viktig som å frelse dei for Gud. Von Westen starta ein skole for misjonærar til dei samiske områda, Seminarium Scolasticum. Han sendte ut misjonærar og lærarar til samiske område frå Trøndelag til Finnmark og fikk reist kyrkjer og skolehus. Von Westen og misjonærane hans preika og underviste på samisk. Samtidig var dei steinharde mot alle rester av gamal samisk religion, alle runebommer dei kom over blei brent eller sendt til museum i utlandet. Blant von Westens misjonærar var bl.a. Morten Lund som omsette Luthers katekisme til samisk og Knut Leem, som laga den første samisk grammatikken og ei større ordbok samisk- dansk-latin.

Von Westen måtte kjempe mot sterke krefter innafor kyrkja som ville at all misjonering og undervisning skulle foregå på norsk / dansk, bl.a. bispen i Trondheim, Peder Krogh. Han hevda at "Finnerne er meget begjærlige efter det norske Sprog" og at dei etter kvart kunne lære dette "saa de nedlagde deres eget finske Talemaal". Da von Westen døydde fikk Bang lagd ned misjonærskolen og først etter hans tid blei skolen tatt opp igjen, no under namnet Seminarium Lapponicum. Likevel heldt fornorskarane fram kampen og i 1773 fikk dei lagt skolen ned for godt.

Den første norske samen som fikk høgare utdanning var trulig Anders Porsanger som etter å ha starta på misjonsskolen i Trondheim blei utdanna prest i København i 1761. Han råka raskt i strid med fornorskarane som såg ein samisk prest som eit trugsmål mot arbeidet sitt. Han var trulig ikkje bare den første, men og så langt den siste presten på norsk side som hadde nordsamisk som morsmål.

Allereie frå nokså tidlig på 1700-talet kjenner vi til skolar i samebygdene i Troms og Nordland. Utdanning av lærarar for samiske område var eit viktig argument for å bygge Noregs første lærarskole i Nord- Noreg, på Trondenes i 1826.

Men størstedelen av dei områda som i dag reknas som dei mest samiske i Noreg, Indre Finnmark, var ikkje med i von Westens misjonsstrev. Grensa var ikkje fastlagt, men mesteparten av det som i dag er Guovdageaidnu og Kárášjohka kommunar, samt delar av Deatnu var fram til 1751 under den svensk kyrkja. Dermed var det svenske styresmakter som fikk igang dei første kyrkjene og dei første skolane her, heilt først på 1700-talet. Det var bare få samegutar (og ingen jenter) som fikk med seg noko skolegang, ettersom første skolen blei bygd i Ohcejohka, og for dei fleste var det svært lang skoleveg. Også her var det strid om språket i undervisning og kyrkje, men her sto det mellom samisk og finsk.

5. Frå standsskolar til folkeskole

Embetsmennene blei i Noreg ei viktigare gruppe enn i andre land. Noreg hadde ikkje eigen kongefamilie, svært liten adel og byborgarskapet var enno ikkje særlig sterkt. Embetsmannsklassen rekrutterte stort sett frå egne rekker, men ein blei ikkje embetsmann utan utdanning. Dette gjorde at samanhangen mellom utdanning og makt blei klarare i Noreg på 1600-1800-talet enn både før og seinare, og klarare enn i andre land der makt meir var direkte knytta til arv. Embetsstanden hadde monopol på formalisert kunnskap, dette monopolet var ein viktig føresetnad for makta deira.

Latinskolen var i første rekke embetsstanden sin skole. Den hadde i hovudsak samme innhald gjennom 700 år og hadde parallellar over heile den kristne verda. Latinskolane møtte stadig kritikk frå filosofar og pedagogar, men forsvarte seg iherdig mot alle forsøk på innføring av jordnær kunnskap.

Når ein vurderer utdanningsreformene i 1990-åra er det verd å merke seg at sjefsreformator Hernes er ein tilhengar av gjeninnføring av latinsk språk og klassisk danning i skolen. Dette viser at den samanhangande kampen gjennom dei siste 4-500 åra om daudt eller levande innhald i skolen framleis pågår for fullt.

I byane oppsto frå slutten av 1700-talet dei første borgarskolane. Dette var skolar for borgarskapet sine barn som i staden for daud latin skulle få kunnskap dei hadde reelt behov for, derav namnet realskole. Mens latinskolen bare hadde vore for gutar fikk borgarskolen eigne klassar for gutar og jenter med tildels forskjellige fag. For dei fattige i byane blei det bygd allmueskolar, men først i 1848 blei alminnelig skoleplikt innført i byane. I dei største byane blei det og bygd "barneasyl". Disse blei finansiert gjennom veldedige gaver frå privatpersonar og skulle ta seg av dei aller fattigaste fram til dei kunne bli konfirmert.

Midt på 1800-talet var framleis utdanningssystemet delt i parallelle løp heilt frå 7-årsalderen av. Det var i all hovudsak ka for klasse ein var fødd inn i, ikkje evner og interesser som avgjorde ka for ein skole den enkelte elev blei plassert i. I byane gikk omlag 60% på allmueskolar, 10% på latinskolar, 20% på borgarskolar, mens omlag 10% ikkje fikk skolegang i det heile. På landet gikk omlag 90% på allmueskolar, fleirtalet av dei på omgangsskole. Nokre få rike hadde privatundervisning for barna mens nokre få prosent ikkje fikk noko form for undervisning.

Den andre skolereformperioden kom på midten av 1800-talet. Først kom Byskolelova av 1848, som bl.a. innførte historie, geografi og naturfag. Deretter kom Landsskolelova av 1860, der fast skole i motsetning til omgangsskole blei sett som det normale. Det blei krav om utdanna lærarar og skoletida blei auka til 9-12 veker pr år. Ikkje lenge etter kom Lov om høgare skolar (1869) og Lov om amtsskolar (1875). Ei av endringane som skjedde no var at latin ikkje lenger skulle vere obligatorisk for alle høgare studier.

Den store satsinga på skolen hang saman med ei kraftig utvikling av teknikk og næringsliv, med ei politisk utvikling av arbeidarrørsla og ei utvikling av nasjonalt medvet. Utover 1800-talet blei makta utfordra frå fleire kantar. Først frå bøndene som erobra større og større delar av Stortinget. Så frå den første arbeidarrørsla, Thranitterrørsla. (Det er interessant å merke seg at mens både bøker og aviser var svært lite utbreidd i "de lavere klasser" på den tida, klarte Thranes "Arbeider-Foreningernes Blad" på kort tid å oppnå eit stort opplag som viste at leseferdigheita var svært utbreidd, når arbeidarar og husmenn fikk tilbod om noko å lese som engasjerte dei.)

Nesten samtidig med Thranittarrørsla var det eit anna opprør som i like stor grad sette ein støkk i styresmaktene: Guovdageaidnuopprøret.

Opprøret i Guovdageaidnu var inspirerrt av den læstadianske vekkinga. Her frå altertavla i Jukkasjärvi kyrkje som viser Læstadius og nokre av tilhengarane hans.

Den Høgsteretten som dømte både thranittane og opprørarane i Guovdageaidnu hadde ikkje vanskelig for å sjå ein samanhang: "De Forbrydelser, der den 7de og 8de November 1852 forøvedes i Kautokeino, ere for saa vidt værre end et Røvertog af en Horde af Vilde, som Gjerningsmendene i nærværende Tilfelde havde nydt christelig Undervisning, men lededes saa vel af Had og Hævntørst, som rimeligviis tillige af den blandt den laveste Klasse i Samfundet over en stor Del af den civiliserede Verden utbredte Higen efter endog med Vold og Magt at nedbryde alle naturlige Skranker mellem sig og de høiere Staaende, og derved fremtvinge en Lighed, som vilde tillintetgjøre al Civilisation."

Disse opprøra skremte embetsmennene og borgarskapet slik at dei innsåg at for å halde oppe det ideologiske hegemoniet sitt måtte dei sørge for ei skolering av dei breie massane på embetsverket sine premisser: "Uvidenheden er den farligste af alle samfundsopløsende krefter ... Det er de i kundskab, dannelse og rigdom høiere stillede samfundsklasser der have at stille sig i spidsen for og tage initiativet til de foranstaltninger, der skulle hæve folkenes masser i ekonomisk, i intellektuel og sædelig henseende." Derfor stilte dei seg i spissen for ei arbeidarorganisering på borgarskapet sine premisser, ei organisering med leiarar frå overklassa. Eit av midla var arbeidersamfunda, som ofte hadde tilknytning til Venstre. Blant leiarane var folk som Eilert Sundt, Hartvig Nissen og Ole Vig, dei to siste kjente skolereformatorar.

I løpet av få år på 1860- og 70-talet fikk vi ei utbygging av skolebygg på landsplan som ein ikkje har sett maken til verken før eller seinare. Andelen av elevane på landet som fikk undervisning i faste skolar auka frå 18% i 1853 til 78% i 1866(!). Samtidig auka andelen av lærarar med lærarutdanning frå 24% i 1850 til 78% i 1870. Dei nyutdanna seminaristane skauv ofte ut eldre lærarar utan formell utdanning, men med røtter i lokalsamfunnet. Det skjedde og ei klassemessig endring i lærarrekrutteringa. Mens dei uutdanna og elendig betalte omgangsskolelærarane gjerne var husmannssønner eller andre frå fattige kår, var det no oftare meir velståande bondesøner som tok lærarutdanning. Da kvinnene byrja å komme inn i læraryrket var det først kvinner frå enno høgare sosiale lag, frå borgarskapet eller embetsmannsfamiliar.

Samtidig med den storstilte utbygginga av skoleverket på 1860- og 70-talet skjedde det ei omstrukturering slik at dei tidligare tre parallelle løpa trinnvis blei samordna til eitt for dei første 7 åra. Denne framstillinga viser kordan skolestrukturen endra seg frå midten av 1800-talet og framover.

Frå 1869 skulle i prinsippet alle gå dei første tre åra i lag, men allmueskolen var så dårlig grunnlag for å gå over i middelskolen at dei fleste middelskolar oppretta private førebuingsklassar som bare dei rike hadde råd til å sende barna til. Disse elevane starta derfor middelskolen med eit forsprang i forhold til dei som hadde gått allmueskolen. Med reformen av 1869 var borgarskolen og latinskolen slått saman til ei retning; den høgare skolen eller middelskole+gymnas.

Med reformen av 1896 blei omgrepet folkeskole innført og dei første fem åra felles for alle.

Det sto heile tida politisk strid om denne skolestrukturen. Høgre holdt igjen og ville ha eige løp for dei som skulle vidare til gymnaset, mens Venstre og seinare særlig Arbeidarpartiet kjørte fram "Enhetsskolen".

I 1889 blei 7-årig skole obligatorisk for alle. Noreg var det første landet i verda som vedtok så lang skoleplikt. I 1920 vedtok Stortinget at disse sju åra skulle være felles for alle.

1935: (Illustrasjon)

Den utvida skolen frå midten av 1800-talet med faste skolar og utvida skoletid møtte motstand, noko som bl.a. kom til uttrykk i stort fråver frå undervisninga. Motstanden var ekstra stor i Nord-Noreg, der avstanden til skolen ofte var lengst, innhaldet i skolen var lengst borte frå det daglige livet og behovet for barna i arbeidet heime var størst. For å tvinge barna på skolen blei de grepe til så harde middel som gapestokk og tukthus.

Samtidig var det ein annen form for motstand; motstanden frå det pietistiske lekmannsmiljøet mot det nye verdslige innhaldet i skolen. Det var særlig haugianarane som reagerte mot at "Verdslig Visdom ved Lov og Instruks påtvinges Almueskolene, ja, sættes ligesaa nødvendig som religionsundervisningen, hvorav følger falsk Lære, Tro og et uchristeligt Levned i Øienslyst, Kjødslyst og Hoffærdighed" Nokre gikk så langt som til å opprette eigne skolar, andre reiv ut dei "verste" sidene av leseboka, som f.eks. Bjørnstjerne Bjørnsons En glad gutt.

Når det gjeld utbyggginga av skoleverket i Nord-Noreg, er dei forskjellige kjeldene noko sprikande. På eine sida er det fortellingar om "finneskoler" i f.eks. Sør- Troms på 1740-tallet, på andre sida skriv Baune (1995) at "I Nord-Norge ble det ikke gjort noe særlig for å få til en skole før i 1770-årene".

Frå 1860-åra blei det for første gong bygd ut vidaregåande undervisning som nådde ut over dei snevre kretsane som gikk borgarskole / latinskole: Høgare allmueskole, amtsskole, folkehøgskole og aftenskole. Folkehøgskolen blei eit alternativ til latinskolen, med vekt på mogning og utvikling i motsetning til pugg. Folkehøgskolen var og i stor grad ein del av ei norsk-nasjonal rørsle, ofte knytta til målsaka.

_____________________________________

Vidare til neste kapittel - klikk her: 6. Rasisme og fornorsking

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no