Svein Lund

Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring

Del 1 - Fram til 1988

6. Rasisme og fornorsking

Frå Europa starta koloniseringa av andre verdsdelar på slutten av 1400-talet blei det utvikla ein ideologi for å forsvare at den kvite rasen var overlegen og hadde rett og plikt til å herske over andre folkeslag, som ein hevda sto på eit meir primitivt utviklingstrinn. Ettertida har forsøkt å fortrenge det faktumet at kyrkja spela ei stor rolle i utviklinga av og spreiinga av rasismen. Prestane forsvarte kolonikrigane med at ein utbreidde kristendommen til heidningane og vitskapsmenn laga "vitskapelige" teoriar for å forklare at menneska var delt inn i eit hierarkisk system av menneskerasar, der den germanske, evt. anglosaksiske del av den kvite rasen var på topp, mens urfolka i Afrika og Australia blei rekna for å vere heilt på botn. I dette hierarkiet var samane gjerne plassert langt under germanarar, mens finlendarar / kvenar og russarar var rekna til eit mellomliggande nivå. "Finnerne (samene) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ...

Den rasemessige, medfødte inndelinga i høgare og lågare hadde ein parallell i tilsvarande inndeling av kulturar, reliigionar og språk. "Aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer" Det sa biskop Johan Christian Schønheyder om samisk språk i 1790. Samisk var "indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uopdragne Mennesker i deres indskrænkede Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig". Med eit slikt utgangspunkt blir den naturlige konklusjon at den overlegne rase må ta styringa og leie dei underlegne folka framover, omdanne dei i sitt bilete. Vi ser ein nordisk variant av "The white man's burden": I 1774 skriv biskop Bang "at man først maatte gjøre mennesker av finnerne og saa kunde de bli kristne".

Meir enn eit århundre seinare sto dette synet framleis like sterkt: "Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt. Dette er et stort og varigt mål å arbeide for."

Innafor den dansk/norske herskarklassen var det knapt nokon som stilte spørreteikn ved at den norske rasen sto høgare enn den samiske, at den norske kulturen sto langt høgare og at ikkje minst samane måtte bli kristne. Men det var ikkje semje om kordan ein skulle gjøre dette. Skulle ein gå rett på med tvungen fornorsking, eller var det bedre først å gjøre samane kristne gjennom det samiske språket for så å fornorske dei etter kvart. Sjølv dei som i samtida sto fram som forkjemparar for samisk språk, som Jens Andreas Friis og Niels Vibe Stockfledt, sa og skreiv ting vi i dag ikkje ville nøle med å kalle rasistiske.

Samane blei av raseteoretikarane framstilt som ei underlegen eller inferiør rase.

Siste halvdel av 1800-talet var prega av ei veksande nasjonalistisk strømning i Noreg. Vi fikk ei aktiv innsamling av norsk tradisjonell kultur (som folkeeventyr, folkemusikk og folkedansar) og dyrking og vidareutvikling av denne. Utgangspunktet var at det i liten grad fantest skriftlige nedteikna uttrykk for den tradisjonelle norske folkelige kulturen og språket. Embetsmannsklassa som i stor grad hadde vore dansk og i alle fall nært politisk og kulturelt knytta til Danmark, hadde ikkje hatt nokon interesse av å trekke fram norsk kultur. Det var tvert om direkte i strid med interessene deira.

Hendingane i 1814, der Noreg først blei sjølvstendig, for så å bli tvungen inn i ein union med Sverige, synas ikkje å ha fått noko umiddelbar verknad for skoleverket. Men utover 1800-talet skjedde det viktige endringar. Noreg var no i eit slags tomrom mellom nabolanda. Noreg var politisk knytta til Sverige, men kulturelt og språklig framleis til Danmark. Gjennom utviklinga av trelasthandel, skipsfart og byrjande industri vaks det fram eit sjølvstendig norsk borgarskap. Dei trong ein kultur, ein ideologi å knytte seg til i kampen for å heve seg til å bli den økonomiske, politiske og kulturelle herskarklassa i Noreg. Kulturelt kunne ein ikkje satse verken på Danmark eller Sverige. Ein måtte gå til norske kjelder. Men fleirtalet av det norske folket var fattige husmenn, leilendingar, småbrukarar, fiskarbønder, sagbruksarbeidarar osv. Kulturen deira passa ikkje direkte inn i borgarskapet sine salongar. Derfor måtte han "forfinas", det blei laga eit nasjonalromantisk bilete av Noreg, der ein søndagsutgåve av den norske storbonden i Gudbrandsdalen blei biletet på det norske. Eksempel på denne borgarleggjorte folkekulturen finn vi hos Edvard Grieg, Ole Bull, Bjørnstjerne Bjørnson, Tiedemann og Gude. På sida av dette, og delvis i motsetning til det, var det folk frå små kår som uttrykte ein folkeleg kultur og eit folkelig språk, så å seie "utan filter"; Myllarguten, Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje.

I framveksten av den norske nasjonalismen ser vi og kimen til to former for nasjonalisme; som vi kan kalle den prinsippielle og den sjåvinistiske. Den prinsippielle ser på nasjonane sin sjølvråderett som eit prinsipp, anten en sjølv hører til ein undertrykt nasjon eller ein undertrykkarnasjon. Eit eksempel på denne tankegangen finn vi i Karl Marx sine ord mot Englands undertrykking av Irland på denne tida: "Eit folk som undertrykker eit anna folk kan ikkje sjølv vere fritt". Den sjåvinistiske nasjonalismen er den som like godt hevdar sin eigen nasjon overfor undertrykte nasjonale minoritetar som overfor nasjonar eller stater som undertrykker eins eigen nasjon eller trugar denne. Så lenge nasjonen er undertrykt har denne nasjonalismen to sider, så snart ein har oppnådd nasjonalt sjølvstende, blir han i hovudsaka brukt til å halde nede nasjonale minoritetar, til å skape ein kulturelt og språklig monolittisk nasjonalstat, og i verste fall til å utvide grensene for staten ved å gå til krig mot naboland. Den borgarlege nasjonalromantikken var ei hevding av det norske i seg sjølv, ikkje ei rørsle for likeverd mellom folkeslag. Derfor kunne og nokre av dei fremste representantane for kampen for norsk nasjonalt sjølvstende samtidig stå for ei steinhard fornorsking av samar og kvenar. For dei var begge delar å "tale Norges sak". For eksempel var Johan Sverdrup blant dei ivrigaste fornorskarane og stortingsrepresentant, seinere statsminister Johannes Steen, Venstre, sa i ein stortingsdebatt i 1863: "Det er en misforstaaet Humanitet at søge at kalle tillive og nære denne Nationalitet.. Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation."

Det er slåande at i den tida da norsk språk styrka seg i forhold til dansk blei samtidig samisk og kvensk hardt undertrykt. I 1879 vedtok Stortinget at dialekten, ikkje skriftspråket skulle ligge til grunn for undervisninga av norske barn. Samme året blei instruksen oppheva som sa at samiske barn skulle lære å lese samisk.

Når det gjeld dei fremste målfolka som Aasen og Vinje kjenner eg ikkje til at dei har uttalt noko om samar og kvenar, trulig hadde dei liten kontakt med samiske og kvenske spørsmål. Eg har forsøkt å finne ut om Moregs Mållag har uttalt noko om samiske spørsmål, men har så langt ikkje funne noko før ein byrja å støtte kampen for samisk opplæringsmål og samiske lærebøker på 1970-talet.

I første halvdel av 1800-talet var det igjen ein viss framgang for bruk av samisk i skolen. Da Trondenes seminar blei starta var det friplassar med stipend for samisktalande elevar som forplikta seg til 7 års bindingstid i samisktalande område. Friplassane fortsatte også etter at seminaret blei flytta til Tromsø i 1848, men snart blei reglane endra så også norsktalande kunne få friplass mot å binde seg til arbeid i samiskspråklig område. Rundt midten av hundreåret byrja fornorskarane igjen å komme på offensiven. I 1851 blei "Finnefondet" oppretta med det særlige formål "at bibringe Lapperne kyndighet i den Norske sprog". Dette var starten på å fortrengte samisk som undervisningsspråk og gjøre det til hjelpespråk for undervisning i og på norsk. Lærarar som arbeida flittig for å utbreie norskkunnskapar på bekostning av samisk fikk eit kraftig lønnstillegg og bare nokre svært få samisktalande lærarar var så prinsippfaste at dei nekta å søke om lønnstillegg frå Finnefondet.

Men enno var ikkje politikken heilt eintydig. I 1863 blei det oppretta ein eigen lærarskole i Alta for å betre tilgangen på lærarar til samiske område. Men no var fornorskingspolitikken på full fart inn og skolen blei nedlagt allereie i 1870. På 1700-talet var det kome ei samisk ABC- bok og ein katekismus. I løpet av 1800-talet kom det ut tre ABC-bøker med samisk eller dobbel tekst, to samiske utgåver av Luthers lille katekismus og to bibelhistorier.

Strid om språkpolitikken hadde det vore frå starten på misjon sverksemda. Da Finnemisjonen (seinare Samemisjonen) blei grunlagt i 1888, var det først som ein protest mot at kyrkja dreiv fornorsking. Seinare blei Samemisjonen pressa til å godta fornorskingspolitikken. For å sikre fornorskinga sendte sentrale skolestyresmakter ut stadige instruksar om kordan undervisninga skulle vere i språkblanda område. Frå å akseptere at bruk av samisk og kvensk var naudsynt for å drive undervisning i "språkblandingsområde", blei det mot slutten av 1800-talet stadig meir skjerpa inn at undervisninga skulle vere på norsk Det kom språkinstruksar i 1862, 1870, 1880 og 1898 For kvar ny instruks blei norsken styrka i forhold til samisk. Mens dei tidligare instruksane hadde sagt at elevane skulle lære å lese morsmålet (samisk eller kvensk) i tillegg til norsk, blei dette fjerna i 1880. Da heitte det at: "Selv om i en kreds flerheden af børnene ikke forstaar norsk, maa læreren dog alltid have de ovenfor givne bestemmelser for øye og således lade sig det være maktpåliggende, at det lappiske eller kvænske sprog ikke bruges i videre utstrækning end forholdene gjør uomgjængelig fornødent."

I norsk skolehistorie er det 4 epoker der undervisning på samisk har vore meir eller mindre anerkjent. Dei kan tidfestas omtrentlig til: 1715-1727, 1745-1775, 1830- 1860 og frå 1967. I mellomperiodane dominerte fornorskingslinja totalt skolepolitikken, sjølv om ho i periodar møtte motstand både blant samar og blant nokre norske prestar og skolefolk og etter evne blei sabotert av ein del samiske lærarar.

Dei samiske lærebøkene som kom ut konsentrerte seg om katekisme, ABC- og salmebøker. Frå 1728 og fram til ca. år 1900 blei det gitt ut 13 utgåver av katekismen og 10 ABC- og lesebøker. Original samisk litteratur fantes ikkje, alt var oversatt. Frå 1816 og heilt fram til 1967 var dei fleste lærebøkene dobbeltteksta, dvs. med parallell tekst på dansk/norsk og samisk.

7. Samisk opposisjon

Frå omkring århundreskiftet sto det fram ein opposisjon mot fornorskingslinja som var av ein annan karakterer enn den som var kome frå Samemisjonen og forøvrig frå norske kyrkjelige miljø. Det var samane som sjølve reiste seg, som kravde rettferd ut i frå det synet at den samiske kulturen og det samiske språket hadde framtida for seg, at det var likeverdig med det norske og andre kulturar og språk. Denne opposisjonen er i stor grad knytta til nokre av dei få samane som fikk lærarutdanning på slutten av 1800-talet, før friplassane ved seminaret i Tromsø blei trukke inn. Blant dei mest kjente var Anders Larsen (Kvænangen og Kvalsund), Isak Saba (Unjárga/Nesseby), Henrik Kvandahl (Ofoten), noko seinare Per Fokstad (Deatnu). Samtidig var det ein kamp for samisk skole i sørsamisk miljø, der Elsa Laula Renberg var ein av dei sentrale forkjemparane.

Krav om samisk språk og innhald i skolen kom og fram gjennom sameforeningane som eksisterte i tida rundt 1910-20 og på dei tre samelandsmøta som blei arrangert 1917- 1921. Dei samiske organisasjonane som oppsto rundt 1915 hadde alle skole på morsmålet som eit av dei viktigaste krava sine, samtidig som dei krevde at norsk skulle undervisas som fremmendspråk.

Skolestyresmaktene i Noreg og Sverige la seg på noko forskjellig linje i skolepolitikken overfor samane. Mens ei på norsk side satsa på ein skole som var så norsk som råd, hadde ein i Sverige frå 1913 eigne sameskolar, eller nomadskolor som dei tidligare blei kalla. Her var linja at "Lapp skal vara lapp" og reindriftssamane blei undervist i gammer. Undervisninga var kortare og oftast dårligare enn for andre elevar, og tanken var at samane ikkje trengte så mye undervisning som svenskar. Likevel var undervisninga her oftast bare på svensk.

Dei samiske organisasjonane sine krav hadde mest dreidd seg om språket i skolen. Den som gikk vidare og forsøkte å lage planar for ein skole med samisk innhald, var Per Fokstad, som i 1924 fremma skoleplanar med utgangspunkt i samisk som opplæringsspråk. Forslaget hans innleias med følgande: "Forutsetning: all undervisning foregår på samisk, undtatt i norsk." Vidare heiter det "Der må ikke være anledning for samer å velge mellom norsk og samisk folkeskole."

På denne tida kom det og motstand frå visse kyrkje- og skolefolk, som presten Jens Otterbech og læraren Johannes Hidle. Dei ga i 1917 ut kampskriftet Fornorskningen i Finmarken, der dei skriv i føreordet: ".. Paa denne maate er dette lille folk søkt berøvet ved statens hjælp det helligste og høieste et folk eier - sit morsmaal. Vi føler os forvisset om at det norske folk, naar det faar hel og sand oplysning om dette forhold, ikke længer vil fortsette slik. Det er os uværdig". Dessverre fikk dei lite gjennomslag for kritikken sin og 20- og 30-talet blei den aller hardaste fornorskingsperioden.

8. Internatbygging

Ved sida av den omtalte språkinstruksen av 1898 var det to viktige middel staten sette inn for å sikre fornorskinga av samane. Det første var internata, det andre var innføringa av skoledirektørembetet i Finnmark. Allereie skolelova av 1860 slo fast at det skal vere minst ein fast skole i kvar kommune og at omgangsskolen skulle vere unnatak. Likevel mangla mange kommunar i Finnmark skolehus så seint som ved århundreskiftet.

I 1877 var ekspedisjonssjefen i Kyrkjedepartementet på inspeksjon i Finnmark. Han fann stoda ganske dårlig og rådde til disse tiltaka: 1. Styrking av fastskolane i kommunane 2. Betre tilsyn med skolane av soknepresten eller eit anna etablert tilsyn. 3. Skiping av eige skoledirektørembete for Finnmark og delar av Troms. 4. Lengre undervisningstid, særlig i norsk. 5. Tilsetting av lærarar av norsk ætt. elevane som ikkje budde på skolestaden, og det var gjerne dei fleste, måtte innkvarteras privat. Dette ga ikkje dei beste vilkåra verken for lekselesing eller god ernæring. Men samtidig var elevane gjerne innkvartert hos folk med same kulturelle og språklige bakgrunn som foreldra, og dette var kanskje ein vel så viktig årsak til at staten etterkvart såg denne innkvarteringa som lite tjenlig når målet var fornorsking. I 1895 var det 4% av barna i Finnmark som ikkje fikk nokon skolegang i det heile, og fråveret var på det doble av landsgjennomsnittet.

Eit møte i KUF i 1899 mellom sentrale og lokale skolestyresmakter gikk inn for ein plan for internatreising i Finnmark. Det er symptomatisk at ingen samar eller kvenar var tilstades på dette møtet. Det blei ganske snart sett igang bygging av internat; først i Sør-Varanger, deretter i Indre Finnmark og i samisk/kvenske fjordstrøk. Dei meir norskdominerte kyststrøka kom først seinare med. Til saman blei det i Finnmark bygd 21 statlige og 29 kommunale internat fram til 1940.

Solhov folkehøgskole på Lyngseidet blei starta i 1912 og var eit viktig virkemiddel i fornorskinga av samisk og kvensk ungdom i Troms.

Internata var eit mektig våpen i fornorskinga, både språklig og kulturelt. For dei fleste som opplevde internatlivet står det som ei ganske eintydig negativ erfaring. Fleire samiske diktarar har skildra sitt møte med internatet, bla. Inga Ravna Eira:.

Internatet

Jeg glemmer aldri de låste rommene som vi bare sov i den store hallen vi lekte i kjelleren der vi gråtende kledde på oss bellinger og skaller stua som bare lærerne brukte

Jeg glemmer aldri den vassne havregrøten de tørre brødskivene syltetøyspanna den fremmede maten

Jeg glemmer aldri lukten av DDT som ble strødd i håret i undertrøya i underbuksa på puta etter badingen

Jeg glemmer aldri forbudene reglene skjenninga straffen

Jeg glemmer aldri savnet etter et fang en klem kjærlige ord fortellinger

I 1902 fikk Finnmark eige skoledirektørembete, og skoledirektørane Bernt Thomassen (1902-1920) og Christen Brygfjeld (1923-33) var begge svært ivrige forkjemparar for fullstendig fornorsking.

Bilete: Bernt Thomassen, skoledirektør 1902-20

Særlig Brygfjeld uttrykte seg klart og utvetydig rasistisk: "De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De er håpløse og hører til Finnmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndssvakeskoler. Chr. Brygfjeld, skoledirektør 1923-33

Brygfjeld var frå Helgekland og hadde sjølv sørsamisk bakgrunn , noko han forsøkte å skjule gjennom iherdige angrep på alt som var samisk. 9. Reform- pedagogikken Den stivna puggeskolen hadde blitt utsett for hard kritikk, både blant elevar, foreldre og pedagogiske miljø. Denne kritikken kom og til uttrykk i skjønnlitteraturen, bl.a. gjennom Alexander Kiellands roman Gift (1883). Etter at 7-årig folkeskole var gjennomført, byrja skoledebatten meir å dreie seg om innhaldet i skolen og om arbeidsmetodane.

Alternativet til puggeskolen sto fram under namn som bl.a. reformpedagogikk, aktivitetspedagogikk eller arbeidsskoleprinsipp. Kjerna var at elevane skulle vere meir aktive, ikkje passive mottakarar som bare pugga alt som sto i bøkene. Ein framtredande representant i Noreg var Anna Sethne, som inspirert av bl.a. Dewey. sa "Å lære ved å gjøre gir sikrere kunnskaper enn å lære ved å huske."

Denne kritikken slo eit stykke på veg gjennom i skolelover av 1936 og Normalplanane av 1939. Når ein i dag les Normalplan for landsfolkeskulen av 1939, er det slåande kor "moderne" den pedagogiske tenkinga er; her er vekt på gruppearbeid, læring gjennom arbeid, at elevane sjølve skal finne fram kunnskap. Når ein skriv "Viktig for å halda interessa ved lag og for å eggja arbeidshugen er det at elevane får vera med og leggja plan for arbeidet og drøfta arbeidsoppgåvene og framgangsmåten." Dette kunne vore henta frå diskusjonen på 90-talet om "ansvar for eiga læring".

I praksis skjedde det likevel ikkje så store endringar som i teorien. Ofte var det stor motstand mot reformpedagogikken både blant lærarar og lokale skolestyresmakter. Dei fleste av oss som gikk folkeskolen etter denne normalplanen har vel vanskelig for å kjenne igjen dette.

Framleis var det stor forskjell på lands- og byfolkeskolen, sjølv om timetalet i landsfolkeskolen no auka kraftig. Samtidig skjedde det ei sentralisering, dei minste landsfolkeskolane blei lagt ned.

Bjørnstjerne Bjørnson var ein av dei første som kravde kristendomsfaget heilt ut av skolen, og dette blei og programfesta av Arbeidarpartiet i 1918. Men den fremste skolepolitikaren til Arbeidarpartiet på 20- 30-talet Ole G. Gjøsteen fikk dette endra til at kristendomsfaget skulle vere i skolen for at religionsundervisninga blei så fordomsfri som mogleg.

Frå tidlig på 1900-talet var Arbeidarpartiet det leiande partiet i å drive fram skolereformer. Men partiet sto slett ikkje samla. Ole G. Gjøsteen la hovudvekta på "at arbeiderklassens barn skulle få en så god allmenndanning som mulig, slik at de kunne hevde seg på lik linje med barna fra de høyere samfunnsklassene." Mot han sto bl.a. Edvard Bull som ikkje såg det som noko mål at arbeidarklassen skulle inn i borgarskapet sin skole, men ville bygge eit skolesystem på arbeidarklassen sine verdiar: solidaritet, samhold og samarbeid. Han ville rette utdanninga meir mot yrkeslivet og bygge ut yrkesskolar.

Om vi trekker parallellar opp mot vår tid, er det ingen problem å sjå linja frå Gjøsteen til Hernes, men kor er i dag Bull sine etterfølgarar i den offentlige debatten? Ideane bak reformpedagogikken med i større grad å ta utgangspunkt i eleven, fikk liten verknad for samiske elevar. Språkinstruksen frå 1898 gjaldt framleis, han gjaldt formelt heilt til 1959. For finsk/kvensk var endringane i lov av 1936 ei ytterligare forverring, fordi retten til bruk av kvensk no blei heilt fjerna. Frå 1936 var det ikkje lov å bruke finsk/kvensk i norsk skole i nokon form før ein starta så smått opp igjen med finskundervisning sist på 70-talet.

Folkeskolelova av 1936 betydde i realiteten inga endring for samane. Normalplanen for landsfolkeskolen (N-39) som var i bruk heilt til 1960, bar ikkje preg av at det skulle takas omsyn til dei samiske elevane, eller at det skulle utviklas spesielle pedagogiske opplegg overfor dei. Eg har leita gjennom denne for å forsøke å finne noko om samane eller Nordkalotten i det heile, men kan ikkje finne meir enn at det er nemnd under soge (historie) at Sverige forsøkte å ta Finnmark på 1600-talet. Ellers er heile det nordlige landsdelen, samefolket og reindrifta fullstendig ikkje-eksisterande, sjølv i ein plan med ganske detaljert plan for ka for emne det skal undervisas i. Under norsk-planen er det sett likheitsteikn mellom norsk og morsmål. 10. Vinden snur Sjølv om språkinstruksen blei ståande og fornorskinga var den dominerande politikken, kan vi like før krigen skimte spirer til det som skulle bli ei endring i skolepolitikken overfor samane. I 1933 hadde Lyder Aarseth overtatt som skoledirektør i Finnmark etter Christen Brygfjeld, og han delte ikkje forgjengaren sitt hat til det samiske. Derimot hadde han jobba som lærar i Guovdageaidnu og sjølv lært seg samisk. Aarseth forsøkte å strekke bruken av samisk som hjelpespråk så langt som råd innafor regelverket, og etter krigen la han fram forslag til ei rekke tiltak for å styrke samisken i skolen.

2. verdskrigen hadde ei tvedelt verknad på fornorskingsprosessen. På eine sida tapte mange barn skolegang under krigen. Dette gjorde at dei i mindre grad blei utsette for den fornorskinga som låg i skolen. På andre sida førte evakueringa frå Finnmark og Nord-Troms til eit nytt sprang i fornorsking, særlig på kysten. Gjennom evakueringa gikk mange foreldre over frå å snakke samisk til å snakke norsk til barna, og dette heldt seg når dei kom tilbake. Brenninga og gjenreisinga sørga saman for at dei samiske særtrekka i bygge- og levemåte i stor grad blei utsletta. Samtidig gjorde kampen mot nazismen at dei gamle rasistiske og sosialdarwinistiske haldningane ikkje lenger var like gangbare. Samar og kvenar hadde dessutan vist gjennom krigsåra at dei var minst like "gode nordmenn" som dei norskætta. Tilsaman opna dette for ei forsiktig nytenking i skolepolitikken overfor samane.

Etter at all samisk organisasjonsarbeid i Noreg hadde lege nede i 25 år blei Norges Reindriftssamers Landsforening stifta i 1948. På det første landsmøtet stilte dei krav om eigne skolar for flyttsamebarn og om samisk innhald i skolen. Seinare var det dei nordiske samekonferansane frå 1953 og utover som i fremste rekke målbar samane sine krav om samisk språk og innhald i skolen.

I 1948 kom Samordningsnemnda for skoleverket med tilrådinga si om samiske skole - og opplysningsspørsmål. Dette var eit historisk dokument fordi ein her for første gong forsøkte å greie ut samiske skolespørsmål på eit meir fordomsfritt grunnlag, utan fornorsking som hovudmålsetting for skolegongen. Ein innrømmer at den skolegongen samiske barn har fått ikkje alltid har vore til det beste for dei og skriv bl.a.: "Opplæringa har her berre tatt omsyn til dei borna som tala norsk, og det har skapt mange kompleks og mindremannskjensle hos sameborna. Den kulturelle og åndelege påverknaden har ikkje vorte så sterk og god som han burde vera."

Sjølv om Samordningsnemnda sine ord i lys av ettertidas diskusjonar om samiske læreplanar kan virke svært beskjedne, var det ein stor framgang i forhold til den tid da skolestyresmaktene snakka om samar og kvenar som "fremmede folkeslag" som ikkje hadde evnen til på eiga han å tileigne seg nokon kultur. Samordningsnemnda sa derimot: "Ein må vera klar over at samane har budd her i landet frå dei eldste tider, og har krav på opplæring av borna sine etter same prinsipielle reglar som andre norske boprgarar. Skal samane få full nytte og personlig utvikling av skolegangen, må dei få høvelige lærebøker på morsmålet, først og fremst da ABC."

Men enno tenker ein seg ikkje samisk språk og kultur likestilt med norsk i skolen. Samisk språk skal i første rekke bli brukt som eit pedagogisk hjelpemiddel for å fremme norskopplæringa. Samordningsnemnda uttaler seg stort sett bare om Finnmark, og samar i andre delar av landet ser her ut til å vere heilt uteglømt.

Samordningsnemnda gikk inn for å få igang produksjon av samiske lærebøker, utdanning av samiske lærarar og oppretting av framhaldskole og folkehøgskole for samar. Av dette blei bare ein liten del satt ut i livet. I 1951 kom den samiske ABC-en som Margarethe Wiig hadde arbeida med sidan før krigen. I 1949 tok kyrkje- og undervisningsminister Lrs Moen initiativ til å få laga ei samisk lesebok. Ein lesebokkomite under leiing av skoleinspektør Lydolf Lind Meløy satte igang arbeidet året etter, men på grunn av ekstremt byråkrati der alt måtte godkjennas av departementet, kom første bind av leseboka ut først i 1965 og andre bind i 1975. Boka hadde dobbel tekst, og det var den norske teksten som laga mest problem. Denne måtte godkjennas av Norsk Språkråd. For den samiske teksten fantest det dengang ikkje noko godkjenningsorgan. Disse bøkene var dei einaste som blei skreve spesielt for samar og med stoff frå samisk miljø. Men også dei blei først skreve ferdig på norsk for så å bli omsett til samisk. Ellers kom det bare eit par tospråklige bøker i kristendomskunnskap.

Frå 1953 blei det igjen gitt undervisning i samisk ved Tromsø lærarskole, og samar som tok samisk her fikk stipend mot 5 års bindingstid i samiskspråklige distrikt.

I staden for samisk framhaldskole blei "Statens heimeyrkesskole for samer" oppretta i Guovdageaidnu. Ein statlig samisk folkehøgskole blei heller ikkje bygd, det var Samemisjonen som tok på seg den jobben.

Ein lekk i styresmaktene sin nyvurdering av samepolitikken var opprettinga av Samekomiteen av 1956. Komiteen si innstilling kom i 1959 og representerte eit brot med fornorskingslinja. Grunnsynet i innstillinga var: "Den samiske livsformen er et ledd i hele landets struktur. Begge folkegruppene (samer og nordmenn) skal respektere hverandre." Dette førte straks til ein hissig debatt, særlig i Finnmark, der norske Arbeiderparti- politikarar med Hans Rønbeck i spissen gjennom press og manipulasjonar klarte å få fram eit "påskeopprør" i Karasjok i 1960 som ga inntrykk av at den samiske befolkninga ikkje ville vite noko av komiteen sine forslag. Han fikk bl.a. gjennom eit vedtak i skolestyret som erklærer at dei ønska "full fornorskning som mål"

Oppfølginga av komiteens innstilling ved Stortingsbehandlingen i 1963 slo fast at samane skulle gias større moglegheiter til materiell og kulturell vekst. I Folkeskolelova av 1959 blei det tatt inn at samisk kunne nyttas som opplæringsspråk "etter bestemmelse fra departementet". Samekomiteens innstilling, Stortings- meldinga og Undervisningskomiteens innstilling blei eit aktivum i samane sitt politiske arbeid for å få gehør for bedre skoletilbod for den samiske befolkninga. Likevel må ein oppsummere at det var ein svært beskjeden del av komiteen sine forslag som blei gjennomført i løpet av 1960-talet.

____________________________

Vidare til neste kapittel - klikk her: 11. 9-årig skole

Tilbake til start: Reformene - første del

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no