Svein Lund

Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring

Del 1 - Fram til 1988

11. 9-årig skole

Etterkrigstida var prega av det sosialdemokratiske forliket der det heilt dominerande partiet Arbeiderpartiet godtok ein modifisert kapitalisme under sterk statsstyring, mens det største opposisjonspartiet Høyre på si side godtok større grad av statsstyring og oppbygging av velferdsstaten. Eit vesentlig ledd i kompromisset mellom arbeid og kapital, marknad og plan og høgre og venstre i politikken var trua på kunnskap og forskning og ønske om ei kraftig opprustning av utdanningssystemet.

Utdanningssystemet skulle sikre økonomisk vekst gjennom auka deltaking, gjennom at ungar frå arbeidarklassen, utkantane og minoritetsgrupper, samt funksjonshemma fikk meir utdanning. Hovudvekta blei lagt på kvantitet, ikkje på kvalitet og innhaldet i skolen.

Alfred Telhaug seier om aktørane i utdanningsreformene i etterkrigstida: "Helge Sivertsen var bannerfører for en bred allianse som omfattet sosialdemokratiet, lærerne med deres organisasjoner og betydelige deler av den pedagogiske forskningen."

Den første etterkrigstida var prega av gjenoppbygginga og gjennomføringa av skolelover som var vedtatt like før krigen, bl.a. Lov om yrkesskolar frå 1940 og Normalplanane for folkeskolen frå 1939. Samordningsnemnda for skoleverket eksisterte frå 1947 til 1952 og leverte heile 19 innstillingar, bl.a. om samiske forhold (sjå kap. 16). Skolelovverket blei supplert med lover om folkehøgskole, spesialskolar og brevskolar.

Den store skolereformen i etterkrigstida var innføringa av 9-årig skole. Denne blei lansert allereie i 1954. I motsetning til reformene på 90-talet blei denne reformen ikkje gjennomført med eitt slag, men kommune for kommune. Det var ofte dei kommunane som frå før ikkje hadde skoletilbod utover 7. klasse som først innførte 9-årig skole. Dei første forsøka med 9-årig skole starta i 1955, og først litt ut på 70-talet var obligatorisk 9-årig skole gjennomført over heile landet.

Nokre av dei samiske kommunane var blant dei første til å innføre 9-årig skole, Karasjok allereie i 1958. Ein av grunnane til at ein var så tidlig ute var at det ikkje hadde vore noko tilbod om realskole eller framhaldskole i lokalmiljøet, og at innføringa av 9-årig skole derfor kunne gi eit bedre skoletilbod enn ein hadde hatt. Men ikkje alle var begeistra for dette. På denne tida blei det gjennomført ei undersøking i ein del kommunar om foreldra si haldning til utviding av skoleplikta. I alle kommunar der det blei spurt var det fleirtal for utviding, med unnatak av Karasjok (vel 50% mot) og Guovdageaidnu (omlag 75% mot). Sjølv om det ikkje denne undersøkinga har skilt foreldra ut etter yrke og næring, tyder alt på at det var i reindriftsnæringa at motstanden mot utvida skoleplikt var størst. Dette viser kordan skolen blei sett på som eit framandelement som ein ikkje ville ha for mye av. Skolen ga ingen opplæring i samisk kultur og språk, men førte elevane tvert om bort frå dette. Skolegang var direkte diskvalifiserande i forhold til ei framtid i primærnæringane.

Frå starten var ungdomsskolen linjedelt, og i 1959 blei det oppretta ei eiga reindriftslinje ved ungdomsskolar i Indre Finnmark. Etter nokre år gikk ein over til nivådeling etter kursplanar i dei viktigaste teorifaga. Denne omlegginga førte til at reindriftslinja blei lagt ned igjen frå 1965. Seinare blei og kursplanane avskaffa og ein endte med at ungdomsskolelevane skulle ha samme pensum i alle fag heilt til slutt, bare med nokre få timar til valfag.

Eit framtredande kjenneteikn ved skoleverket i tida 1954-1990 var ei utstrakt forsøksverksemd. I 1954 vedtok Stortinget lov om forsøk i skolen. Med dette blei Forsøksrådet for skoleverket oppretta, eit råd som eksisterte i 30 år og som hadde stor innverknad på skoleutviklinga.

Tidligare hadde reformene i skoleverket kome på grunnlag av kommisjons- utreiingar og høringar, no skulle dei baseras på forsøk som blei vitskapelig oppsummert. Som eg seinare vil komme tilbake til, har ein frå 80-talet i stor grad gått tilbake til den gamle ordninga.

Etter kvart blei det slutt på den store semja frå dei første etterkrigsåra. Arbeidarpartiet utfordra kristenfolket med å redusere timetalet i kristendom og lansere alternativ livssynsundervsining. Dei utfordra dei som ønska å beholde den gamle konkurrnse- og utvalsskolen med å avskaffe karakterane i barneskolen, legge ned spesialskolane og seinare avskaffe kursplanane i ungdomsskolen. Slik fikk vi igjen ein ny høgreopposisjon i skolespørsmål.

Frå slutten av 60-talet kom det og ein ny venstreopposisjon, for ein stor del av elevar og studentar. Dei gikk både til åtak på maktforholda i skolen og på det faglige innhaldet i ein del fag. Denne opposisjonen smelta tildels saman med ein aukande opposisjon i Bygde-Noreg mot skolesentraliseringa, og med ein aukande pedagogisk opposisjon blant lærarar og fagpedagogar som f.eks. Mosse Jørgensen, Eva Nordland og Nils Christie.

Normalplanane frå 1939, ein for byfolkeskolen og ein for landsfolkeskolen, var gjeldande heilt fram til 1974, da vi for første gong fikk ein felles plan for heile grunnskolen. Omgrepet normalplan blei no bytta ut med mønsterplan, og den nye planen fikk namnet M-74. Namneendringa var eit uttrykk for at ein gikk bort frå detaljert oppramsing av lærestoff og over til "retningsgivende rammeplan, som "åpnet for en frihet i valg av lærestoff som en ikke har hatt verken før eller siden i norsk skole".

Forsøksrådet hadde heile tida vore drivande i ein sosialdemokratisk pedagogikk, og frå høgresida blei det meir og meir rop om å få "ro i skolen". Da det blei borgarlig samlingsregjering etter valet i 1981 sørga dei snart for å få nedlagt Forsøksrådet med verknad frå 1984. Argumentet var at rådet virka sentraliserande, og at forsøksverksemda skulle foregå lokalt, men det er tvilsamt om dette førte til noko auke i lokal forsøksverksemd.

I 1984 sette regjeringa Willoch i gang arbeid med å lage ein ny mønsterplan, som i første omgang fikk namnet M-85. Om denne planen blei det stor strid, særlig da dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik greip direkte inn i planarbeidet og pressa gjennom fleire viktige endringar. Endringane styrka kristendommen si dominerande stilling i skolen. Han fikk og bl.a. fjerna formuleringar om at elevane skal trenas opp til å kunne påverke samfunnsutviklinga, strauk stoff om FN og menneskerettane og fikk inn at skolen skulle gi føringar for "korrekt språkbruk". Debatten blei så kraftig at det er skreve ei heil bok om denne. Men denne debatten synas å ha fått liten plass i seinare oppsummeringar av skolehistoria i dei siste tiåra. F.eks. er det slåande at Alfred Oftedal Tehaug i si ellers grundige gjennomgang av skolereformene i etterkrigstida hoppar direkte over M-85.

12. Samisk inn i skolen

I den nye folkeskolelova som blei vedtatt i 1959 blei det for første gong på nesten eit hundreår prinsippielt opna for å bruke samisk som opplæringsspråk. § 37.8 lyder: "Etter avgjerd frå departementet kan det nyttast samisk til opplæringsmål i skolen." Likevel tok det heile 8 år før dette blei satt ut i livet. I 1967 blei begynneropplæring på samisk og samisk som fag innført i skolen i to kommuner i Finnmark.

Margarethe Wiigs tospråklige ABC-bøker var dei einaste lærebøkene på samisk frå 1951 og omlag 15 år framover.

Med endringa av Grunnskolelova i 1969 blir dette ikkje bare ein rett for Departementet til å tillate samiskundervisning, men ein rett for foreldra til å krevje det. § 40.7: "Born av foreldre som nyttar samisk som daglig talemål, skal gjevast opplæring i samisk når foreldra krev det. Dei to siste åra i grunnskolen kan elevar med samisk talemål velje samisk som ei av målformene.."

Retten til undervisning i samisk gjaldt altså bare for barn av samisktalande foreldre, dva. førstespråksopplæring. Men frå skoleåret 1972/73 blei det ved Kautokeino barneskole og satt igang opplæring i samisk som 2. språk. Det juridiske grunnlaget kjem tre år seinare da § 40 nr.7 i Grunnskolelova endras til: "Barn i samiske distrikter skal gis opplæring i samisk når foreldrene krever det".

Trass i at ein no hadde byrja å legge om på skolepolitikken overfor samane, blei dei heilt uteglømt i forslaget til ny normalplan for grunnskolen som kom i 1970. Som så mange gonger seinare måtte samiske organisasjonar og lærarar i samiske område minne om sin eksistens, slik at samisk språk og samiske elevar kom inn i Mønsterplanen av 1974 (M74). I føreordet til denne står dette uttrykt slik: "I samsvar med ønsker som er kommet fram i Stortinget og på annet hold, er innslaget om samisk kultur og historie styrket gjennom hele planen."

Her finst ein plan for samiskundervisning og i eit innleiande kapitel om skolesamfunnet er det eit avsnitt om "Skolen i språkblandingdistrikter"om elever i språkblandingsdistrikter." Her blir det understreka at samisktalande elevar må få lov å bruke samisk både i undervisninga og i fritida, i skarp motsetning til tidligare, da elevar kunne bli straffa for å snakke samisk. Hovudvekta leggas på samisk i dei lågare klassetrinna og deretter på norsk i dei høgare klassetrinna i grunnskolen (M74, s. 69). Det er bare dei to første åra at samiskundervisninga skal "tilsvare den undervisningen norsktalende elever får i norsk".

Men sjølv om opplæring i samisk var blitt tillatt, var norsk likevel hovudspråket i undervisninga av samisktalande fram til midt på 1980-talet. "Gjennom hele grunnskolen bør det være nær sammenheng mellom samisk og andre fag. På de laveste klassetrinnene bør særlig kristendomskunnskap, heimstadlære og samisk være knyttet nær til hverandre. Også seinere, når norsk overtar plassen som dominerende undervisningsspråk, bør samisk og orienteringsfagene til en viss grad gjensidig støtte hverandre.. Både i samfunnsfagene og naturfagene bør det inngå fagterminologi på samisk..." (s. 125)

Det var no ikkje lenger sjølvsagt at norsk var morsmålet til alle i Noreg, og M-74 har med ein eigen plan for "Norsk som fremmedspråk". Det blir her ikkje skilt mellom innfødde og innvandra minoritetar, det virkar som om denne planen skal brukas av alle med anna morsmål enn norsk.

I dei einskilde fagplanane har det samiske kome inn på to måtar; gjennom råd om tillempingar av undervisninga for "språkblandingsområde" f.eks. heimstadlære (s. 171) og gjennom at samar er nemnde einskilde stader i oppramsinga av emner for fellespensum, f.eks. geografi, historie og samfunnskunnskap. Her synas innslaget av samiske emne å vere omtrent på høgde med det som kallas samiske stolpar etter den nasjonale læreplanen L97.

Under musikkfaget er det med ein oversikt over "samiske sanger og sanger som er oversatt til samisk". Formingsfaget har en "Oversikt over formingsdisipliner der det er utviklet en særegen samisk tradisjon". Blant valgfaga for 8. og 9.klasse var det eit fag med samisk innhald: reindriftskunnskap.

Ved ei ny endring i grunnskolelova § 40.7 i 1985 fikk samisk status som opplæringsmål: "- Barn i samiske distrikter skal få undervisning i eller på samisk på barnetrinnet. Eleven velger selv om han/ hun vil ha samisk som fag på ungdomstrinnet." Også her hadde praksis gått foran lovteksten, da store delar av undervisninga hadde foregått på samisk før det blei gitt lovheimel for det. Ein konsekvens av dette var at den nye mønsterplanen for grunnskolen (M 87) fikk eigne fagplanar for samisk som 1. språk, samisk som 2. språk, samt norsk som 2. språk for samiske elevar. I M-87 skillas det mellom norsk for elevar med samisk som førstespråk og norsk for språklige minoritetar forøvrig. Tospråklighet blei no målet for samisk undervisning (M87, s. 34).

Mønsterplanen av 1987 skiljer for første gong ut eigne samiske læreplanar frå dei nasjonale læreplanane. I 1989 ble del 2 av Mønsterplanen utgitt med samiske fagplanar for 7 fag i grunnskolen. Dette var eit viktig framsteg for dei som fikk undervisning etter disse læreplanane. Det legitimerte og at det måtte lagas læremiddel i samsvar med disse læreplanane, sjølv om dette ikkje alltid blei gjennomført i praksis.

Samtidig beholdt dei nasjonale læreplanane avsnitt om samane i visse fag, som o-fag for barneskolen og samfunnsfag for ungdomsskolen. I andre fag, som musikk og forming er dei samiske emnene no tatt ut og bare vidareført i dei samiske læreplanane. Dette kan ha ført til at dei som fikk undervisning etter dei nasjonale læreplanane (og det gjaldt trulig og eit fleirtal av samiske elevar) kan ha fått mindre undervisning om samiske forhold etter 87-planen enn etter 74-planen, men det ville kreve ei større undersøking for å kunne gi eit sikkert svar på dette. Det er ikkje nok å sjå på den formelle læreplanen, det kan vere langt mellom denne og den gjennomførte læreplanen i skolen.

13. Samisk påverknad på skolen

Skolen i samiske områder har alltid vore styrt av norske styresmakter. Mesteparten av tida har det vore ein gjennomført "dá¿a skuvla" eller norsk skole, med målsetting å gjøre samane mest mogleg norske i språk og kultur. Dette har sjølvsagt påvirka samane sine haldningar til skolen. Dei samiske reaksjonane overfor skolen kan delas i tre: - aktiv støtte - tilbaketrekking - kamp for endring

Den aktive støtta til skolen i den form den har vore har vore ganske liten. Det har vore nokre få aktive samiske forsvararar av fornorskingspolitikken , men i all hovudsak har denne blitt dreve fram av nordmenn. I "påskeopprøret" mot samekomiteen i Kárášjohka i 1960 slutta ein del samar meir eller mindre aktivt opp om fornorskingskravet, men det var heilt klart ikkje-samar som sto bak og skauv samane foran seg.

Tilbaketrekking har nok vore den mest utbreidde måten å forholde seg til skolen på. Elevar og foreldre hadde ei passiv haldning til skolen. Det var stort fråver og når ein var på skolen gjorde ein ikkje meir enn det som var absolutt naudsynt. Etter den obligatoriske skolegangen såg dei fleste aldri meir ein skole frå innsida før dei som foreldre skulle følge ungane til første skoledag. Foreldremøte forsøkte ein og å unngå så langt råd.

Ei historie gjengitt i Konrad Nielsens lesestykker er rett nok frå mellomkrigstida, men kunne og ha vore frå langt seinare tid: "Mun áiggun dadjat dan ovdit hállái, ahte dat lea din ie¿adet ášši, go mánát eai oahpa. Mu mielas orru nu, ahte dál ohppet sakka buorebut mánát go dalle go mii leimmet skuvllas. Muhto go dii ie¿a prentebehtet juo mánái váibmui, dalánaga go áddegohtet maidege, ahte eai skuvllat leat mihkkege, gal han mánát, go vánhemiin gullet ahte eai skuvllat leat mihkkege, jáhkket dan, ja eai ge beroš oahppat: mii lea vel dáppege ohppat? son lea áh„is gullan, ahte ii skuvllas leat eará go joavdelasat, dadjá mánná, ii ge beroš die˜usge das mii doppe oahpahuvvo. "Gosa vel daid joavdelasaiguin ge?"

Anton Hoem oppsummerer fornorskingsarbeidet slik: "...det sikret myndighetene tak over undervisningen, men stimulerte samenes motvilje mot denne. Sagt noe paradoksalt: I de sentrale samiske områder var det fremste resultat av myndighetenes fornorskingsbestrebelse gjennnom skolen fra 1870 til 1960, en fullstendig fornorsket skole og en avvisende samisk befolkning."

Den læstadianske formen for kristendom har stått sterkt blant samane. Det kan vere interessant å samanlikne med haugianarane og pietistane sine haldningar til skolen i førre hundreåret. Det er klare fellestrekk i engasjementet for sterkare kristent innhald og negativ haldning til mye av det verdslige innhaldet i skolen. I nokre få tilfelle har læstadianarar i nyare tid starta eigne private grunnskolar for å sikre at deira livssyn og haldningar skulle dominere skolen. Likevel har nok haldninga referert over vore mest utbreidd, og ein kan trulig seie at den viktigaste påverknaden læstadianarane har hatt på skolen er å ta frå ungane skolemotivasjonen og bidra til det låge utdanningsnivået som har vore i Troms og Finnmark.

Læstadianarane har brukt samisk språk på sine samlingar og bidratt til å halde bruken av samisk språk oppe. Likevel er det lite som fortel om at dei har engasjert seg i kampen for at skolen skulle gi undervisning på samisk. Derimot engasjerte dei seg i Guovdageaidnu på 70-talet sterkt for forbod mot joik i skolen. Så langt eg har kunna finne ut er det forska lite på læstadianarane og skolen og disse påstandane er derfor ganske usikre.

Når det skjedde slike endringar i skolen som er omtalt i kap. 18 og 19, kom det ikkje av seg sjølv. Det var eit resultat av ein hard kamp frå samiske organisasjonar, både på norsk og nordisk nivå. Dei nordiske samekonferansane frå 1953 og framover uttrykte krav om samisk språk og innhald i skolen, og dette utvikla seg etter kvart til eit samisk utdannings- og skolepolitisk program som blei vedtatt på den 14. samekonferansen i 1989.

Samiske lærarar og andre skolefolk samarbeida og på nordisk plan for å fremme krav overfor styresmaktene, utveksle røynsler og utvikle undervisningsmetodar og læremiddel for samiskundervisning. Ein milepæl her var det nordiske samelærarmøtet i Máze i 1963.

Overfor norske myndigheter er det på politisk plan i første rekke Norske Samers Riksforbund som har gått i spissen for krav om samisk skole. Samtidig har samiske skolefolk ført ein utrettelig kamp for samisk språk og innhald i skolen, gjennom bl.a. lærarorganisasjonane og Samisk utdanningsråd.

Det hadde vore svært interessant å undersøke kordan samiske miljø arbeida for å påvirke læreplanane ved revideringane i 1974 og 1987, men det fell dessverre utafor det eg kan makte i samband med denne oppgåva.

Eit stort framsteg for samisk opplæring var opprettinga av Samisk utdanningsråd (SUR), ved kongelig resolusjon av 8. desember 1975. I 1977 fikk utdanningsrådet eige sekretariat i Guovdageaidnu. Sjølv om SUR er eit rådgivande organ for departementet og har svært avgrensa myndigheit, er det eit viktig steg i retning av at samar sjølv får styre samisk utdanning.

Samisk utdanningsråd har hatt ansvaret for å gi ut lærebøker i og på samisk. I starten gjaldt dette bare nord-samisk, seinare har det blitt utvida til og å gjelde lule- og sørsamisk.

Samisk utdanningsråd har og i stor grad gjort jobben med å utarbeide forslag til samiske læreplanar, men KUF har ofte satt ganske snevre rammer for dette arbeidet, og også hatt det avgjørande ordet når det gjeld godkjenning.

Opprettinga av Samisk utdanningsråd har gjort at ein har fått samla og samordna samisk kompetanse i utdanningsspørsmål, men har så langt ikkje gitt noko samisk sjølvstyre over samisk opplæring.

14. Sør- og lulesamisk

Sør- og lulesamane har vore utsett for same fornorskingspolitikken som nordsamane, men med nokre særtrekk for kvar av disse gruppene.

Sørsamane bur svært spreidd og har vore meir knytta til reindrift enn samane lenger nord. Etter at det særskilte misjonsarbeidet blant samar opphørte frå 1731 og samane skulle behandlas på linje med andre nordmenn når det gjeldt skolegang, fikk sørsamane svært dårlig skoletilbod. Mange var heilt analfabetar utover 1800-talet. Skulle sørsamiske barn få skolegang i Noreg måtte dei innlosjeras hos norske bygdefolk, noko som var ei svært dårlig ordning for ungane. Dei var ofte dårlig behandla og utsett for nedlatande og tilsels rasistiske haldningar til sin eigen kultur. I siste halvdel av 1800-talet sendte derfor mange sørsamar på norsk side ungane til sameskolar på svensk side, men dette blei forbode med unionsoppløysinga i 1905.

Bilete: Sørsamisk skolegamme (Aikio, 1992)

Sørsamane kravde da internatskole, og den første sameskolen blei bygd i Havika ved Namsos i 1910. Men skolen var dreve av Indremisjonen, seinare av Samemisjonen og var ein rein fornorskingsskole. Sørsamane var derfor svært misnøgde med skolen og fortsatte arbeidet for ein ny skole. Dei starta ei sørsamisk skolenemnd i 1939.

I 1951 blei det oppretta ein midlertidig skole for sørsamar i Hattfjelldal, lengst nord i det sørsamiske området.Sørsamane fortsatte derfor arbeidet for å få ein sørsamiske skole i Trøndelag. Sjølv om Samekomiteen i 1959 gikk inn for to sørsameskolar, blei det 1968 før sørsameskolen i Snåsa blei oppretta. Begge disse skolane har frå 70-talet gitt undervisning i sørsamisk som andrespråk. I Snåsa har og nokre få elevar sørsamisk som førstespråk frå rundt 1990.

Ella Holm Bull var i mange år rektor på sørsameskolen i Snåsa og har skreve lærebøker i sørsamisk.

For lulesamane er stoda ganske forskjellig, ettersom ein stor del av den lulesamiske befolkninga i Noreg som har heldt på språk og kultur opp mot vår tid er konsentrert i Tysfjord kommune i Nordland. Her har sidan 70-talet blitt gitt undervisning i lulesamisk som andrespråk og frå midt på 90-talet som førstespråk. Det var først i 1983 at det blei mogleg for lærarar å få utdanning i lulesamisk i Noreg.

For både lule- og sørsamisk har det vore få kvalifiserte lærarar og svært få lærebøker. I skoleåret 1983/84 var det f.eks. bare ein samisktalande lærar med godkjent lærarutdanning i sørsamisk område og to i lulesamisk område. Disse språka har ingen offisiell status utafor skoleverket. I læreplanarbeidet har det i liten grad blitt tatt utgangspunkt i deira situasjon. Om dei i det heile er nemnt har det oftast vore eit påheng om at dette gjeld og for lule- og sørsamisk.

_____________________

Vidare til neste kapittel: 15. Vidaregåande opplæring

Tilbake til første kapittel: Reformane - første del

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål

Til startsida

sveilund@online.no