Svein Lund
Vaksenopplæring som ein del av det offentlige utdanningssystemet har langt kortare tradisjonar enn kvar av dei tre hovudskoleslaga grunnskole, vidaregåande og høgare utdanning. Det var først på byrjinga av 1960-talet at ein i Noreg byrja å tenke i perspektivet "livslang læring". I St.prp. 92-64/65 blir dette uttrykt slik: "Inntil for forholdsvis få år siden var det en ganske alminnelig oppfatning at den fagutdanningen en mann eller kvinne hadde skaffet seg i ung alder, ville strekke til for hele livet. Dette synet stemmer ikke lenger med forholdene i dag."
Denne stortingsproposisjonen var det første offentlige dokumentet som hadde ei samla vurdering av vaksenopplæring, og dei perspektiva som blei streka opp der har vore retningsgivande fram til idag. Her gir ein følgande definisjon av vaksenopplæring: "Med voksenopplæring menes i denne meldingen all opplæring som ikke er et ledd i førstegangsopplæringen. Etter denne definisjon vil begrepet voksenopplæring omfatte all allmennutdannende opplæring og yrkes- og fagopplæring som voksne søker å skaffe seg etter å ha vært ute i arbeidslivet ei tid."
Stortingsproposisjonen strekar opp disse utfordringane: - Likestilling av voksenopplæring og annen utdanning - Mulighet for å dokumentere kunnskaper og ferdigheter uansett hvordan man har ervervet seg dem. - Likestilling av formell og uformell læring. Økonomiske tilrettelegginger som gir reelle muligheter for voksne til å ta utdanning. - Eit av dei viktigaste vaksenopplæringstiltakarermisjon fra arbeid for å ta utdanning - Bruk av eksisterende undervisningsinstitusjoner for voksenopplæring.
I St.prp. 92 - 64/65 blei det peika på behovet for ein eigen lov om vaksenopplæring, men denne kom først i 1976.
Den neste grundige drøftinga av prinsippet om livslang læring var odelstingsproposisjonen som førebudde vaksenopplæringslova, Ot.prp. 7-75/76. Denne seier bl.a. at prinsippet om livslang læring får konsekvensar for heile utdanningssystemet. Denne tankegangen finn vi igjen i f.eks. Steen-komiteen si innstilling og vidare reformeringa av vidaregåande opplæring som kulminerer med Reform 94; Grunnutdanninga vil ikkje halde for heile livet. I grunnutdanninga bør ein derfor legge større vekt på å skaffe seg eit godt grunnlag for å kunne tileigne seg kunnskapar seinare.
I St. meld 45- 80/81 kjem det fram at det har skjedd ei utvikling i dei 15 åra som var gått sidan ein for første gong tok opp spørsmålet til samla drøfting. Ein konstaterer at etter- og vidareutdanning har blitt meir vanlig og deltidsundervisning er bygd ut. Ein uttrykker at ein større del av det framtidige aukande utdanningsbehovet bør "dekkes gjennom opplæringstilbud for voksne, heller enn gjennom forlenget grunnutdanning.
I 1985 kom ei eiga utreiing om dokumentasjon av kunnskaper og ferdigheter. Denne viste til vaksne sitt behov for å kunne dokumentere ka dei kunne i forhold til: - Eksamen innafor høgre utdanning - Formell kompetanse som kvalifiserere for betemte stillingar i arbeidslivet - Avkorting i studie- og læretid - Inntak til videregående opplæring eller høgre utdanning - Å kunne vurdere egen utvikling
NOU 1986: 23 foreslo lov om rett til utdanningspermisjon. Denne synas aldri å ha blitt vedttatt.?
Gjennom alle disse utreiingane og innstillingane om vaksenopplæring leitar ein forgjeves etter ein plan for vaksenopplæring for samar. Ein har i sentrale planlegginga ikkje tatt omsyn til at dei fleste vaksne samar ikkje har lært å lese og skrive på morsmålet og at samane opp mot dei siste tiåra har hatt ein klart svakare grunnutdanning enn landsgjennomsnittet. Samane skulle derfor ha eit ekstra stort behov for vaksenopplæring.
Dei vaksenopplæringstiltaka som har vore satt igang for samar, har hovudsakelig vore på lokalt og samisk initiativ og det har ofte vore vanskelig å få forståing og løyvingar hos sentrale styresmakter.
Ein av dei viktigaste vaksenopplæringstiltaka spesielt for samar har vore forkurs for høgare utdanning. Frå 1977 blei det arrangert forkurs knytta til lærarutdanninga i Alta, slik at dei som besto kurset var sikra opptak ved lærarhøgskolen. På 80-talet blei kursa i staden endra til å gi generell studiekompetanse. I starten var kursa 1- årige, men dette viste seg å vere for kort tid, særlig fordi ein skulle gi studiekompetanse i samisk i tillegg til andre obligatoriske fag for studiekompetanse. Ein stor del av elevane hadde ikkje hatt samisk i skolen frå før. Kursa blei derfor utvida til 1½ år. I 1983/84 blei det for første gang og arrangert forkurs i lulesamisk område knytta til lærarutdanninga i Bodø. Departementet har fleire gonger avslått søknadar om forkurs.
Sentrale skolestyresmakter har i liten grad tatt ansvar for å gi vaksenopplæring i samisk språk til dei mange samar som på grunn av fornorskingspolitikken anten har mista språket heilt eller ikkje har lært å lese og skrive morsmålet. Slik opplæring har i stor grad vore overlatt til studieorganisasjonar. Det største einskilttiltaket har vore utgivinga av brevkursa Davvin (begynnaropplæring) frå 1983 og Sámás (skriveopplæring) frå 1985, som blei gjennomført i samarbeid mellom NRK og Folkets Brevskole og NKS.
Kurs i duodji og kurs for reindrifta har vore arrangert på lokalt initiativ utan at det har vore noko sentral plan for kompetanseoppbygging på disse områdene.
Om ein ser på skoleverket historisk og internasjonalt ser ein at det er mange måtar ein kan organisere læring og undervisning på. Innafor pedagogisk teori er det minst like mange forskjellige retningar. Eg vil trekke fram nokre eksempel på motsetningar innafor debatten om skole og undervisning.
A B einsretting pluralisme nasjonal lokal, regional kunnskapsskolen utviklingsskolen konkurranseskolen samarbeidsskolen teoriskolen praksisskolen akademisk yrkesretta mål - middel - pedagogikk prosesstenking, reformpedagogikk sentralisert desentralisert politikar- og byråkratstyrt lærar- og elevstyrt
Gjennom historia ser vi at det i Noreg har stått strid på alle dissse områda. Striden har gått blant politikarar, lærarar og fagpedagogar, og i ein del tilfelle har den og engasjert større delar av folket, særlig når det gjeld spørsmålet om sentralisering eller desentralisering av skoletilbod.
Det er sjølvsagt ikkje så enkelt at alle står på eit konsekvent standpunkt for A-skole eller B-skole, men eg meiner ein kan seie at ein har ein klar tendens til ein samanhang.
Sjølv om det langt ifrå er noko fullt samanfall, vil nok høgresida i politikken helle mest i retning A, mens venstresida heller i retning B. Disse konfliktane har i heile dette hundreåret gått tvert gjennom det dominerande partiet i skolepolitikken, Arbeiderpartiet. I kap. 9 nemnde eg motseiinga mellom Gjøsteen som ville heve arbeidarklassen opp med å gi dei borgarleg kunnskap, mens Bull ville i staden heve statusen til arbeidarklassen sin kunnskap.
Tove Aarsnes Baune forsøker i artikkelen "Fra Gjøsteen til Hernes" å analysere seinare reformer i lys av kampen mellom disse to linjene og hevdar at Normalplanen av 1939 var eit kompromiss, mens oppbygginga av den 9-årige skolen i større grad var ein siger for Bull si linje: "Og det ble Bulls linje, om enn i en "avmarxifisert" versjon, som til syvende og sist seiret da den ni-årige grunnskolen fant sin form". Dette grunngir ho mest ut i frå programfråsegner om ka ungdomsskolen skulle vere, ikkje ut frå noko konkret analyse av ka ungdomsskolen betydde for elevar som ellers ville ha vald framhaldsskole eller arbeid. Det er heller ikkje alle forskarar som er enig i ei slik analyse. For eksempel seier Liv Mjelde: "Integreringen av realskolen og framhaldskolen i 1959 ble gjennomført på realskolens premisser. Den akademiske læringstradisjonen ble den dominerende i den nye 9-årige skolen."
To av dei leiande skolepolitikarane i Arbeiderpartiet i etterkrigstida skilde lag her. Mens Birger Bergersen (Kyrkje- og undervisningsminister på 50-talet) argumenterte for enhetsskolen med at denne skulle "gjøre det lettere for ungdommen å få del i vår felles kulturarv", la Helge Sivertsen (Kyrkje- og undervisningsminister først på 60-talet) vekt på det sosiale fellesskapet i ein enhetsskole, å bryte ned dei sosiale skillelinjene og at det derfor var viktig "å sikre seg at ungdomsskolen ikke ble dominert av den høgre skolen og preget at det som av mange ble oppfattet som akademisk snobberi".
Denne motsetninga kan vi finne igjen blant lærarane og elevane sine organisasjonar, med Lærarlaget, Faglærarlaget og YLI i stor grad på Bull / Sivertsen si side, mens Lektorlaget og tildels NGS i større grad sto på Gjøsteen / Bergersen sitt standpunkt.
Innafor pedagogisk litteratur og teori har det vore skreve mye i retning av B i tabellen over, men også innafor delar av dette miljøet har der har det vore vanskelig å vinne innpass for yrkespedagogisk tankegang med oppvurdering av praktisk arbeid og taus kunnskap.
Lokalt læreplanarbeid og utvikling av lokale læremiddel hadde stått sterkt på 70- 80-talet. Læreplanane var rettleiande, dei hadde enno ikkje status som forskrifter.
Samisk og ikkje-samisk er ikkje med i denne oversikten. Samisk skole og samiske elevar var ikkje i tankane til sentrale styresmakter da dei laga reformene. Likevel kan vi seie at det samiske er indirekte med. For om vi ser på dei forskjellige tendensane er det ikkje vanskelig å sjå ka som samsvarer best med samiske verdiar og interessene til eit samisk samfunn: Ein nasjonal, einsretta, sentralisert skole vil ha liten plass for det samiske. Ein lokal / regional-basert, pluralistisk, desentralisert skole vil ha mye meir plass for det samiske, sjølv om det samiske ikkje dermed kjem automatisk. Ein yrkespedagogisk læremåte som bygger på opplæring gjennom arbeid vil vere mye nærare til samiske opplæringstradisjonar enn ein akademisk læremåte.
I neste oppgåva vil eg gå nærare inn på kordan utviklinga på 90-talet har snudd frå B-skole tilbake mot A-skole og ka for verknadar dette har hatt for samisk skole.
Undervisning for samar starta ganske tidlig som ein del av misjonsverksemda og statane sin kamp om kontroll over Nordkalotten. Når samane formelt var blitt statsborgarar og kristne, gikk ein i stor grad bort frå å undervise på samisk, med det resultat at skolegangen forfalt. Fornorskinga møtte motstand blant samane, men vann likevel fram og dominerte fullstendig skoleverket for samar i eit hundreår fram til 60/70-talet.
Samane har aldri fått styre sin eigen skole, men blitt undervist etter læreplanar laga av sentrale styresmakter for norske elevar. Først det siste tiåret har det vore samiske læreplanar i grunnskolen. På vidaregåande skole har det i svært liten grad vore eigne tilbod for samiske elevar.
Innafor norsk skole har det vore ei utvikling frå den gamle puggeskolen til ein skole meir bygd på samarbeid og elevaktivitet. Lokalt arbeid har blitt meir vektlagt. Dette har vore ei ganske eintydig utvikling fram til slutten på 80-talet. Samtidig har det vore ei trinnvis utvikling frå særløp for elevar frå forskjellige samfunnsklassar i retning av "enhetsskole" gjennom 7, seinere 9 og 12 år.
Dei nye pedagogiske ideane har ofte ikkje kome samar og andre minoritetar til gode. Frå ein skole med dansk skriftspråk og "klokkardansk" talespråk gikk skolen i slutten av førre hundreåret over til meir bruk av norsk skriftspråk og dialektar. Samtidig gikk utviklinga for samiske elevar i stikk motsett lei, dei fikk ikkje lenger bruke språket sitt i skolen verken skriftlig eller munnlig.
Svært mange samar har hatt dårlige erfaringar med skolegangen, noko som enno i dag verkar negativt inn på skolemotivasjonen i samiske område.
Det har heile tida vore ein strid mellom ulike retningar i pedagogikk og skolepolitikk. Denne striden har, direkte og indirekte, påverka undervisninga for samiske elevar og graden av samisk innhald og arbeidsmåte i skolen.
I sentralt reform- og læreplanarbeid har i regelen samane blitt gløymt eller medvite oversett og samiske organisasjonar og skolefolk har kvar gong vore nøydd å kjempe hardt for å få gjennomslag for eit visst omsyn til samisk språk og kultur i skolen.
Oahpahusáiid seminara Dieðut
1977:2
Samelærermøte i Masi 1963 1963
Samene har fått sin yrkesskole i Kautokeino Norsk landbruk 1960:23
Samisk lærerutdanning Det regionale høgskolestyret for Finnmark,
1983
Tilråding om samiske skole- og opplysningsspørsmål Vår
skole 35 1949 Hætta, Odd Mathis (red) Samisk i skolen Pedagogen, 3-79
Undervisning og utdanning i språkblandingsområder. Planskisse
med forslag til forsøks- og utviklingsarbeid i samiske områder
Forsøksrådet for skoleverket, 1974
Aikio, Samuli Olbmot ovdal min Girjegiisá 1992
Andersen, Eyolf Norsk yrkesopplæring 1890-1940 SYH 1984
Anti, Aud Scheie Sørsame - skole -samfunn. Gruppeoppgave i
sosialpedagogikk 1990
Balto, Asta Samisk skolehistorie - en kort innføring Guovdageaidnu
1995
Balto, Asta Sámi mánáidbajásgeassin
nuppástuvvá Gyldendal 1997
Baune, Tove Aarsnes Den skal tidlig krøkes... Skolen i historisk
perspektiv Cappelen 1995
Bergland, Einar Kunnskap og kompetanse i Indre Finnmark - bakgrunn, behov
og tiltak Sámi allaskuvla 1993
Blichfeldt m.fl. Utdanning for alle? Evaluering av Reform 94 Tano 1996
Bryn, Halfdan Menneskerasene og deres utviklingshistorie Norli, 1925
Dahl, Tor Edvin Samene i dag - og i morgen Gyldendal 1970
Dahl, Helge Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814 til 1905
Universitetsforlaget 1957
Oahpahusáiid seminára - Möte om samiska
utbildningsfrågor Dieot 1977:2
Edvardsen, Edmund Den gjenstridige almue Solum 1989
Eidheim, Harald Entrepreneurship in politics (I Barth: The Role of the
Entrepreneur in Social Change in Northern Norway) Universitetsforlaget 1972
Einejord, Jon Eldar Videregående opplæring for samer etter Reform
94 SVS 1997
Eriksen, Leif (red) ehppodat Sámiid Várás - Kunnskap
og dyktighet SJSK 1994
Eriksen, Leif Sámiid historjá 1850 rádjái Davvi
Girji 1996
Forsøksrådet Samisk skole Forsøksnytt 1-2, 1984
Frøyland, Egil Glimt fra yrkeslærerutdanningens historie HIAK
1997
Fulsås, Narve Universitetet i Tromsø 25 år Universitetet
i Tromsø 1993
Gaski, Harald ...nu gárvis girdilit Davvi Girji 1989 '
Gaski, Harald Med ord skal tyvene fordrives Davvi Media 1987
Gustavsen, John Reform 94 Styrker ikke samisk identitet Yrke 3-93 Guttorm
/ Hætta / Keskitalo Samisk begynneropplæring i skolen Alta
lærerhøgskole 1975?
Hagemann, Gro Skolefolk. Lærernes historie i Norge Gyldendal 1992
Helland, Amund Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt 1906
Henninen, Terje Oversyn over forhistorien til «Samisk-norsk lesebok»
og «Lærebok i skriftlig norsk for samebarn» Skoledirektøren
i Finnmark, 197?
Hidle, Johannes / Otterbech, Jens Fornorskningen i Finmarken Lutherstiftelsen,
1917
Hoem, Anton Makt og kunnskap Universitetsforlaget 1976 Hoem, Anton
Tradisjonskunnskap og det samiske utdanningssystem
Hætta, Johan Daniel .. skuvla galgá rievdaduvvot. Oahppoplánat
ja sámi dárbbut Diehtu ja gelbbolavuohta Sámis,
SUFUR 1997
Hætta, Johan Daniel Samiske kunnskaper - samisk grunnskole Hovedoppg.
i ped. UiT 1993
Jensen, Eivind Bråstad Fra fornorskingspolitikk til kulturelt mangfold
Nordkalottforlaget 1991
Jordheim, Knut (red) Skolen 1997-1998 Årbok for norsk utdanningshistorie
Notodden 1997
Kristiansen, Eivind Fra fornem bønn til kamp for lønn Cappelen,
1992
KUD Normalplan for landsfolkeskulen (N-39) Aschehoug 1940
KUD Mønsterplan for grunnskolen (M-74) Aschehoug 1974
KUD Høringsutkast til Mønsterplan for grunnskolen (M-85)
Universitetsforlaget 1984
KUD Mønsterplan for grunnskolen Midlertidig utgave (M-85) Aschehoug
1986
KUD Mønsterplan for grunnskolen (M-87) Aschehoug 1987
KUD Minsttarplána vuooskuvlii 2. oassi: Sámi
fágaplánat Mønsterplan for grunnskolen - samiske fagplaner
(M-87) Aschehoug 1989
KUF Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen NLS 1986
KUF Læreplaner for videregående skole - grunnkurs 1994
Kullerud, Erik Barn på skolevei Skien 1989
Lund, Svein Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Klassekampen
19.09.90
Lund, Svein m.fl. Reforbma 94 - váikkuhusat sámi joatkkaskuvllaide
SJSBS 1994
Magga, Ole Henrik En samisk skole Guovdageaidnu 1994
Meløy, Lydolf Lind Internatliv i Finnmark Samlaget, 1980
Meløy, Lydolf Lind Frå strid til samling Samlaget, 1983
Mikkelsen, Magnar: Kautokeinodokumentene Albatross 1998
Mjelde, Liv Fra hånd til ånd. Om arbeid og læring i
yrkesutdannings perspektiv HIAK 1988
Mykland (red) Norges historie 15 bd Cappelen, 1993
Nielsen, Konrad Lærebok i lappisk - Bd.2 Universitetsforlaget 1979
NHO Kunnskap er makt 1991
Nordby, Ragnar Praktisk skule for samar i Noreg Sámiid dilit 1957
Nordeide, Søren Soga om uppseding og skule Norli 1939
NOU Veien videre til studie- og yrkeskompetanse for alle 1991:4
NOU Videregående opplæring for samer 1975:37 NOU Med viten og
vilje 1988:28
NOU Samisk kultur og utdanning 1985:14
NOU Samisk kultur og utdanning. De enkelte sektorer. Administrasjon 1987:34
Næss Det var en gang. Norsk skole gjennom tidene Universitetsforlaget
1989
Oahpaheaddjilihttu Sámi skuvlaáiid prográmma
1996
Rogstad, Kaare G. Streif i sørsamenes saga Rune 1980
Samisk utdanningsråd Samisk skolehistorie de siste 100 år
www.sor.no
Samisk utdanningsråd Metodisk veiledning for nordsamisk 1. språk,
samisk 2. språk og norsk for elever med samisk (Utkast) SOR, 1998
Sámerái Sámi oahpahus- ja
skuvlapolitihkkála prográmma
Sámerái 1989
Sámiid dilit. Föredrag vid den nordiska samekonferensen Jokkmokk
1953 Oslo 1957
Sjøberg, Svein En ny mønsterplan for grunnskolen blir til.
Kampen om M-85 Universitetsforlaget 1986
Skum, Guri Mearrasápmelaat / Sjøsamene SOR 1991
Solbakk, Aage Sámi historjá 2 Davvi Girji 1997
Storjord, Thorbjørn Samene i Nord-Salten Blaasvær 1993
Stortingsmelding Kunnskap og kyndighet nr. 33, 1991-92
Stormo, Rune Samisk videregående skole i Kautokeino Forsøksnytt
15, 1984
Telhaug, Alfred Oftedal Utdanningsreformene - Oversikt og analyse Didakta
1997
Thrane, Randi Glimt fra Tanas skolehistorie. I: Deatnu-Teno-Tana Tana historie-
og museumslag 1984
Tønnesen, Liv Kari B. Norsk utdanningshistorie Universitetsforl.
1995
Uhre, Berit M. Samisk skolehistorieskriving PFI, UIT, 1984
Wiig, Margarethe Samiædnamis - I Sameland Tanum 1970
With, Thor Samenes skolemuligheter Samenes venn 39 - 1964
With, Thor Samiske skolespørsmål Prismet 7 1956
Fotnoter
Anton Hoem, professor i pedagogikk, på kurs om Reform 94 for lærarar ved samiske vidaregåande skolar, Kárájohka 1994 Ellen Inga O. Hætta, direktør ved Samsik utdanningsråd, orientering om samiske læreplanar for studentar i tospråkligheitspedagogikk, Sámi allaskuvla, 1995 Teikninga av Gudmund Hernes er av Finn Graff og henta frå Skoleforum 1/91 Eriksen 1996, s. 152 Dikta eller joiketekstane som Olaus Sirma var kjelde for blei trykt i Schefferus bok Lapponia som kom ut på latin i 1670. Dei finst gjengitt i original samisk versjon med svensk omsetting i Gaski: Med ord skal tyvene fordrives og på moderne nordsamisk i Gaski: Nu gárvvis girdilit. Rogstad 1980, s. 118 Dahl 1957, s.2 Altertavla er laga av Bror Hjort og kopiert frå Havdal: Læstadierne,1977 Høyesteretts innberetning til Kongen om sin dom av 14.2.1854, gjengitt etter Mikkelsen, Magnar: Kautokeinodokumentene, s.309 Ole Jacob Broch, 1876, gjengitt etter Norges historie, 1993, s.386 Teikningane er henta frå Baune, 1995, s. 54-56 Sjå Edvardsen, Edmund: Den gjenstridige allmue. Baune, 1995, s. 30 Sanderud 1951, s.29 Professor Amund Helland: Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906 NOU 1985: 14, s. 47 Hidle/Otterbech 1917, s. 23 Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886. Sitert etter Solbakk, Aage: Sámi historjá 2, Davvi Girji 1997 Bryn: Menneskerasene, 1925, s.113 Jensen 1991, s. 23 Sitert etter Dahl, Helge: Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905. Meløy 1980, s. 19 Diktet er skreve på samisk og omsett til norsk av forfattaren. Den norske versjonen av diktet er ikkje publisert, eg har fått han av forfattaren Bråstad Jensen 1991, s. 67 Bilete av Thomassen og Brygfjeld er frå Meløy, 1980 Brygfjelds samiske bakgrunn synas ikkje å vere kjent i Finnmark og heller ikkje av seinare historikarar. Eg har disse opplysningane frå Jan Brygfjeld, Oslo. Baune 1995, s. 67 Normalplan for landsfolkeskulen, 1940, s.13. Baune 1995, s.50 Tilråding om samiske skole- og opplysningsspørsmål. Usignert artikkel i Vår Skole 15.1.1949 Rønbeck sine metodar er skildra bl.a. i Eidheim (1972) Dette er skildra i Telhaug, 1997, frå side 27. Telhaug, 1997, side 33 St.meld.9-1954: Om tiltak til styrking av skoleverket Hoem. (Finn ikkje igjen kjelda. SL) Tønnesen: Norsk utdanningshistorie, 1995, s. 103 Svein Sjøberg: En ny mønsterplan for grunnskolen blir til. Kampen om M-85 Telhaug: Utdanningsreformene, 1997, s. 70 Sjå f.eks. Dahl 1970, der nokre fornorskingsvennlige samar legg fram synet sitt Nielsen 1979, bd.2, s. 156. Omskreve til gjeldande samisk rettskriving av meg. Omsett til norsk: "Eg vil seie til det førre talaren sa, at det er dokkers eiga sak når ungane ikkje lærer. Etter mitt syn er det slik at no lærer ungane bedre enn da vi gikk på skolen. Men når dokker sjølve prentar inn i hjartet på ungane straks dei byrjar å forstå noko, at disse skolane er ikkje noko, ja så trur ungane det når dei hører frå foreldra at skolen ikkje er noko verdt, og så bryr dei seg ikkje om å lære: Ka er vel å lære der? Ho (/han) har hørt av far, at på skolen er det ikkje anna enn unyttig, seier ungen og bryr seg derfor sjølvsagt ikkje om ka som blir undervist der. "Ka skal ein vel med alt dette unyttige?"" Sitert etter Tønnesen 1995, s. 98 Foto frå Rogstad 1980, s. 139. Edel Hætta Eriksen i Forsøksnytt 1-2, 1984, s.6 Mjelde 1988, s.108 Dette har vi sett bl.a. i striden om Reform 94 og i striden mellom tidligare NUFO og Faglærarlaget om anerkjenning av kompetanse. Eit ferskt eksempel er at underteikna, med fagarbeidarbakgrunn og godkjenning som adjunkt med opprykk i vidaregåande skole, blei nekta opptak på pedagogikk hovudfag på Universitetet i Tromsø av di eg ikkje var cand.mag. Sitert etter Forsøksrådets planskisse "Undervisning og utdanning i språkblandingsområder Telhaug 1997, s. 62 With, 1956, s. 100 Klassekampen 19.9.1990, s. 10 St.prp 92-64/65 s.4 St.prp 92-64/65 s.2-3 NOU 1986:23, s. 17 St.meld. 45-80/81, s.9 NOU 1986:23, s.20 Edel Hætta Eriksen i Forsøksnytt 1-2, 1984, s. 6 Baune i Skolen, 1997/98, s. 67 Mjelde 1988, s. 22 Baune i Skolen, 1997/98, s. 69
Tilbake til start: Reformene - første del
Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida