Eksamensprosjekt - Yrkespedagogikk hovudfag 1. studieavsnitt
Svein Lund,Høgskolen i Akershus Yrkespedagogisk institutt 1999
______________________________________________________________________________
5.4.1. Hovudtrekk i Reform 94
Reform 94 er på mange vis eit framhald av forslaga til Steen-komiteen (1965-70) og Schønbergkomiteen. KUF sette allereie i 1989 ned eit utval, Blegen-utvalet, til å utgreie vidaregåande utdanning. Innstillinga frå dette utvalet, "Veien videre til studie- og yrkeskompetanse for alle", inneheld hovudtrekka i det som skulle bli Reform 94. Reforma er omtalt som ein rettsreform, ein strukturreform og ein innhaldsreform, og eg vil kort nemne nokre hovudtrekk ved kvar av dei:
Rettsreforma: - All ungdom mellom 16 og 19 år har rett til tre års opplæring som kan føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse. Retten må normalt takas ut i løpet av fire år etter at eleven har gått ut av grunnskolen. Ungdom med rett til vidaregåande opplæring har også rett til plass på eitt av dei tre grunnkursa dei har prioritert. - Ei oppfølgingstjeneste skal sikre opplæring for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i skole eller arbeid.
Strukturreforma: - Over 100 grunnkurs er redusert til 13, og talet på VK1-kurs er redusert kraftig. - Alle allmenne fag har felles læreplanar for dei forskjellige linjene. - Hovudmodellen for yrkesopplæring er 2 år i skole og 2 år i bedrift. - Yrkesfagelevar kan få studiekompetanse med eit påbyggingsår.
Innhaldsreforma: - Alle læreplanane er målstyrte - Opplæringa skal bygge på elevane si medverknad i planlegging og ansvar for eiga læring. - Prosjektarbeid og tverrfaglig samarbeid blir obligatorisk - Bruk av datateknologi skal inn for alle elevar.
Følgjande prinsipp ligg til grunn for utforminga av læreplanane: Det skal vere ein læreplan for kvart fagområde, uavhengig av kvar opplæringa skjer eller kva grupper som får opplæring. Læreplanane er inndelte i modular. Læreplanane skal beskrive den kompetansen som skal nåast når opplæringa er fullført. Eit breitt kunnskapssyn er lagt til grunn.
I tillegg til læreplanar, skulle det for alle fag og ein del tverrfaglige tema utarbeidas metodiske rettleiingar for lærarar. Elevane fikk si eiga handbok, Veiviseren / Ofela, som ga elevane rettleiing i kordan dei burde arbeide i skolen etter Reform 94. Om vi går tilbake til motsetningane som er stilt opp først i kap 4, er Reform 94 eit klart steg bort frå den yrkespedagogiske tradisjonen i retning av den akademiske. Dette blir bl.a. slått fast av leiar for oppfølgingsgruppa til evalueringa av Reform 94: "... bryter reformen for øvrig også med den etablerte håndverkstanken i vår fagopplæringstradisjon, hvor praksis og arbeidserfaring var bakgrunnen for den teoretiske opplæringen i et fag."
Om ein forsøker å oppsummere den pedagogiske tendensen i reformen, er det tydelig mål- middel-didaktikken og læreplanmodellen som dominerer. Samtidig ser ein ei viss påverknad frå andre didaktiske retningar når det gjeld arbeidsmetodar. Det store spørsmålet er om ikkje dei tilrådde arbeidsmetodane, som f.eks. tverrfaglige prosjekt lett kan komme i motstrid til det å følge læreplanane i dei einskilde faga. På samme vis kan ein streng praktisering av læreplanane i dei einskilde faga gjøre det vanskelig å arbeide ut frå måla i den generelle læreplanen.
5.4.2. Den nasjonale evalueringa av Reform 94
Evalueringa av Reform 94 er den største skoleevalueringa som nokon gong er gjennomført i Noreg. Tilsaman har det kome omlag 60 rapportar. Evalueringa var ei såkalla undervegsevaluering, som blei satt igang av Hernes personlig. På ein konferanse for å starte opp evalueringa ga han forskarane klar melding om ka dei skulle gjøre og ikkje gjøre.
Evalueringa skulle pågå over ein 4-års-periode, men forskningsinstitusjonane fikk bare kontrakt for 1 år av gangen. Slik sikra ein seg at ein kunne holde disiplin i rekkene og luke bort dei som måtte bli for brysomme. Det var ein institusjon som ikkje fikk fornya kontrakt etter første året, nemlig Høgskolen i Akershus. Etersom ingen av dei andre institusjonane hadde særlig tilknytning til yrkesfag, sikra ein seg dermed mot at for mye kritikk kom fram av verknadane for yrkesfagutdanninga.
Konfliktane med KUF kjem likevel tydelig til uttrykk i nokre av rapportane: "Departementet ønsker å bruke forskning for å sikre legitimitet for sin videre styring av gjennomføringen og utformingen av reformen. ... blir det et hovedspørsmål for Oppfølgingsgruppas diskusjoner om og hvordan Departementets behov for kunnskap om Reform 94, skal sette rammer for arbeidet i gruppa. Med andre ord: hvor styrende er forvaltningenes interesser i reformen for de rådene som gis. "
Det virkar som Departementet ønsker nokre bestemte kunnskaper frå evalueringa. Andre kunnskaper ønsker dei ikkje at skal komme fram. Spørsmålet er om KUF syns spørsmåla er uinteressante eller om dei aktivt ønsker å hindre at røyndomen kjem fram.
KUF oppnemnde ei oppfølgingsgruppe til å følge evalueringa og komme med råd. I mandatet til Oppfølgingsgruppa heiter det: "Departementet er opptatt av at innføringen av den nye reformen skjer på en slik måte at det skal være mulig å justere og korrigere kursen underveis." I forhold til den kritikken som har kome, har det ikkje skjedd særlige endringar undervegs, men nokre skjeivheiter har blitt retta opp, særlig når det gjeld strukturen for VK1 og VK2 i visse yrkesfag.
Ut i frå dei mange undervegsrapportane blei det i 1998 skreve ein serie på 8 hefter som sluttevaluering. Oppfølgingsgruppa la så fram sine vurderingar og endringsforslag. På grunnlag av alt dette skreiv KUF Stortingsmelding 32 (1998-99). Stortingsmeldinga går inn for ei rekke endringar, men tar på langt nær opp alle Oppfølgingsgruppa sine forslag. Frå eit yrkespedagogisk vinkel er det spesielt slåande at ein i det heile ikkje drøftar spørsmålet om ka for røynsler ein har med felles læreplan for alle linjer i allmenne fag.
5.4.3. Samisk innhald i Reform 94
På eit kurs for lærarar ved dei samiske vidaregåande skolane i 1994, oppsummerte Anton Hoem at med innføringa av Reform 94 hadde sentrale styresmakter prestert igjen å glømme at det budde samar i Noreg. Nesten all planlegging av Reforma sentralt skjedde utan at ein i det heile såg på konsekvensane for samiske elevar. Samiske representantar var ikkje med i dei utvala og organa som utreia reforma. Samisk skolar og samiske organ fikk ikkje uttale seg på førehand, men fikk tilsendt nasjonale planar og måtte så starte ein forsvarskamp for at det samiske ikkje skulle bli utradert. Det var også ganske lite engasjement frå samiske organ. Sametinget har ikkje gjort nokon vedtak om vidaregåande opplæring sidan 1991. Når sametingsrepresentar har tatt opp slike saker, har ein sendt saka over til Sametingsrådet , som ikkje har klart å få gjort noko. Sametingsrådet skal ha bede Samisk utdanningsråd å utgreie saka, men ikkje fått noko frå dei.
Eg vil her gå inn på nokre av dei områda der Reforma førte med seg endringar for samisk vidaregåande opplæring: Faga samisk og norsk Da dei samiske vidaregåande skolane fikk tilsendt fag- og timefordeling etter Reform 94 frå KUF, eksisterte ikkje samiskfaget i det heile. Det var derfor skolane som i lag med Samisk utdanningsråd måtte ta initiativ til å finne ut av kordan ein skulle finne plass til samiskfaget på ein timeplan som allereie var full. Det måtte avklaras ka timetalet skulle vere for kvar linje og klassetrinn i samisk som første- og andrespråk.
Den løysinga ein kom fram til betydde fleire endringar i forhold til tidligare: På yrkesfag betydde det ei styrking av timetalet i samisk, frå tidligare bare 2 timar på grunnkurs, til 3+2(+2). Men dette skjedde innafor ein læreplan som var felles med allmennfag, utan at det blei tatt noko tiltak for å knytte denne til yrkesfaga. For allmennfag blei timetalet no det samme i både norsk og samisk, 3+4+4, både for samisk som første- og andrespråk. Tidligare hadde timetalet både i samisk og norsk vore større for førstespråk enn for andrespråk. For norskfaget blei det no ein felles læreplan for dei som har samisk som første- og andrespråk, "Norsk for elevar med samisk". Måla for samisk som andrespråk blei satt atskillig høgare enn før og ligg no svært nært opp til samisk som førstespråk. Særlig ved skolar i område der samisk språk er lite i bruk har dette ført til store problem med å oppnå måla og ein del elevar som har hatt samisk som andrespråk i grunnskolen velger derfor i staden B- eller C-språksnivå.
Mot skolane si vilje avgjorde KUF at elevar med samisk som morsmål skulle ha høve til å velge samisk som andrespråk istaden for førstespråk. Dette har ført til ein kraftig nedgang i talet på elevar med samisk førstespråk. KUF tvang og gjennom store endringar i dei utkasta til læreplanar som kom frå læreplangruppa for samisk som første- og andrespråk. Usemja gikk mye på oppbygging av læreplanen, da utkastet ikkje var heilt i tråd med KUF si målstyringstenking. Samisklærarar som kjenner dette utkastet seier idag at dei ville klart foretrekke læreplanutkastet framfor gjeldande læreplan.
Duodji
Den nye grunnkursstrukturen gjorde at grunnkurs duodji forsvann, og blei erstatta med grunnkurs formgivingsfag. I utgangspunkt skulle dette vere ein felles plan for alle formgivingsfag, men duodji og samisk kultur synas ikkje ein gong å ha vore med som ein del av det felles grunnlaget.
I læreplanen kjem det klart fram at det er den norske nasjonale kulturen som ligg til grunn. "Læreplanen legger også vekt på hvordan dagens samfunn avspeiler forståelse for den nasjonale kulturarven, internasjonalisering og forståelse for verdien av dagens flerkulturelle samfunn." (Mi utheving SL) Det finst med andre ord bare ein nasjonal kulturarv. Måten det fleirkulturelle her er omtalt, der det er dagens fleirkulturelle samfunn som har verdi, tyder på at ein her heller har hatt innvandrarar enn samar i tankane.
Dette blir bekrefta av at den einaste staden der samisk er nemnt i læreplanen, er det gjort på eit vis som utelukkar samiske elevar og duodji som ei målgruppe for læreplanen: Under 2.5. Kunst- og kulturhistorie, Mål 3, står det: "Eleven skal ha kjennskap til hvilke impulser andre folkeslags kultur og tradisjon gir til vår kultur". (Mi utheving. SL) Ein underpunkt under dette er: "3c: kjenne til viktige trekk i samisk kultur og kunsttradisjoner "
Dette gjør at det pr. definisjon ikkje skal vere mogleg å bygge undervisninga på samisk grunn og samtidig oppfylle læreplanen. Det er vel knapt naudsynt å nemne at duodji eller samisk miljø ikkje var representert i læreplangruppa for den utdanninga som skulle avløyse grunnutdanninga i duodji.
Nedlegginga av grunnkurs duodji skjedde mot store protestar frå skole og fagmiljø, men KUF avviste heile tida dette med at det var mogleg å tilpasse undervisninga i grunnkurs formgivingsfag til duodji. Eg meiner sitata over skulle vise tydelig at ei slik tilpassing ikkje er mogleg utan å bryte med læreplanen.
Samtidig blei duodji VK2 overført frå skole til bedrift. Tilsaman reduserte dette den treårige duodjiutdanninga som var bygd opp på Samisk videregående skole og reindriftskole til bare eitt år duodji i skole. Omlegginga førte til ein kraftig nedgang i søkartalet, slik at det i skoleåret 1998/99 ikkje var mogleg å sette igang duodji VK1. Det betyr at det i alle fall dette skoleåret ikkje eksisterer duodji-utdanning i vidaregåande skole i Noreg. Også i fagmiljøet i duodji er ein svært bekymra for dette, og Opplæringskontoret for duodji har gjennomført ei eiga evaluering av Reform 94 sine verknadar på duodjiopplæringa. Endringane i duodji- opplæringa er eit av dei mest alvorlige utslaga av reforma for samisk kultur.
Reindrift Allereie før reforma var grunnkurs reindrift gått opp i grunnkurs naturbruk. Denne læreplanen var likevel så rommelig at det var mogleg å gi ei utdanning med hovudvekt på reindrift innafor denne planen. Det var først og fremst eit namnespørsmål, eit symbolspørsmål at ein tapte grunnkurs reindrift. Også etter reforma har grunnkurs naturbruk forholdsvis stor opning for lokal tilpassing til reindrift, jordbruk, skogbruk eller fiskeri. Lærarane etterlyser imidlertig hjelpemidler, f.eks. metodisk rettleiing i kordan ein kan tilpasse planen for naturbruk til reindrift
Da departementet la fram linjestrukturen for VK1-linjer, hadde ein først også fjerna VK1 reindrift, for at denne skulle gå opp i VK1 naturbruk. Dette førte til kraftige protestar frå skolen, lærarar og elevar, og KUF trakk dette tilbake.
Den gamle planen for treårig reindriftsutdanning hadde innlagt ganske mye allmennfag, slik at ein kom eit stykke på vegen til studiekompetanse. Med reforma blei reindrift definert som yrkesfag og underlagt det felles timetalet for felles allmenne fag. Her er derfor teikn til at reformen har ført til ei styrking av den yrkesfaglige karakteren til reindriftsutdanninga.
Som yrkesfag skal reindrift i prinsippet underleggas hovudmodellen med 2 år skole og 2 år som lærling. Men det er enno ikkje oppretta noko fagbrev for reindrift, trass i at ein søknad frå Norske Reindriftssamers Landsforbund om dette har lege i KUF i fleire år. Frå reindriftslærarar er det uttrykt ein viss skepsis mot 2+2 modellen. Ein ønsker fagbrevsordning, men kan tenke seg ei ordning med 3+1, for å sikre breissa i utdanninga og fagmiljøet i skolen.
Obligatorisk C-språk For allmennfaglig studieretning hadde elevar med samisk som 1. eller 2. språk vore fritatt for B-/ C-språk. Med reforma blei dette fritaket oppheva, slik at samiske elevar heretter måtte kunne 4 språk for å få studiekompetanse, mens norske elevar kunne nøye seg med 3 språk. Etter som elevar med samisk 1. og 2. språk har atskillig fleire timar til dei felles allmenne faga, fikk dei færre timar igjen til studieretningsfag. Denne saka var og sterkt omstridt innafor dei samiske vidaregåande skolane. Men etter at eit stort fleirtal av lærarane ved disse skolane, Lærarforbundet og foreldrerepresentantar engasjerte seg i saka, endra KUF syn, og det obligatoriske C-språket blei avskaffa frå skoleåret 1997/98.
Samiske studieretningsfag På allmennfaglig studieretning hadde Samisk videregående skole og reindriftskole utvikla eit tilbod der elevane på AFVK1 og AFVK2 valde enten reindrifts- eller duodjifag som studieretningsfag. Dei gikk da nokre timar i veka i lag med elevane som gikk på henholdsvis reindrift og duodji, men eit klassetrinn lågare.
Da Reform 94 kom, lot dette seg ikkje sameine med strukturen i reforma, og dermed forsvann dei samiske studieretningsfaga på AF. For det første var disse studieretningsfaga ikkje lenger godkjent etter reforma. For det andre hadde formgivingsfag ein læreplan som ikkje ga duodjiutdanning, og studieretningsfaga deira var derfor ikkje lenger noko aktuelt tilbod. For det tredje førte obligatorisk C-språk til at det ikkje blei nok timar til eit faglig forsvarlig tilbod i reindrifts- eller duodjifag.
I 1996 byrja SVSRS igjen arbeidet med å utvikle ein modell for studieretningsfag som kan tilpassas til samiske forhold, men denne har ikkje blitt satt ut i livet.
Mindre valfridom Med reforma blei læreplanane forskriftsfesta slik at dei endra karakter frå rettleiande til bindande. Nokre linjer (f.eks. mekaniske fag) hadde tidligare ein viss prosent kjernestoff og ein viss prosent stoff til val. Etter reformen skal det ikkje vere noko som heiter kjernestoff eller pensum, men måla ein skal nå er så omfattande at det knapt er tid til å legge inn noko ekstra. Dette reduserer dermed moglegheita til å gjøre lokale tilpassingar, bl.a. for å kunne legge inn samisk stoff i undervisninga.
Organisering
Med at Duodji VK2 gikk ut av skolen og blei lærefag, gikk denne utdanninga og ut av ansvaret til Styret for de samiske videregående skolene og over til fylkeskommunane.
Med reforma blei det oppretta Oppfølgingstjeneste for å ta seg av elevar som falt ut av skolen. For fylkeskommunale skolar er oppfølgingstjenesten fylkeskommunal. Det naturlige hadde da vore at oppfølgingstjenesten i vertskommunane til dei samiske vidaregåande skolane hadde blitt lagt til Styret for de samiske videregående skolene. Men denne blei i staden gjort kommunal.
Tilsaman førte dette til at styret fikk styring med ein enno mindre del av samisk vidaregåande opplæring. Dette står i skarp konmtrast til styret sitt uttalte ønske om eit samla ansvar for denne opplæringa.
Læremidler
For grunnskolen var som nemnt Reform 97 eit tilbakeskritt for den samiske læremiddelsituasjonen, ettersom tidligare godkjente samiske læremidler no mista godkjenninga si. For vidaregåande skole var det ikkje så mye å tape, ettersom det omtrent ikkje eksisterte læremidler på samisk språk eller med samisk innhald.
For første gong har det blitt utarbeida ein plan for samiske læremiddel for vidaregåande skole. Likevel har svært få bøker kome, vesentlig i faga samisk og reindrift. Samisk utdanningsråd har kvart år prioritert visse fag, men det har vore vanskelig å få folk til å skrive lærebøker. Dette kan ha fleire årsakar. Ein er at det har vore kravd at det skal lagas læreverk som omfattar heile fag eller modular og ingen har kjent seg faglig eller tidsmessig i stand til å ta på seg ein slik jobb. Ei anna årsak er at dei økonomiske vilkåra for lærebokskriving er så dårlige at det lønner seg bedre å arbeide som lærar. Ei tredje årsak er misnøye med læreplanane, f.eks. har duodjilærarar ikkje vore interessert i å lage eller omsette lærebøker for formgivingsfag grunnkurs.
Samiske læreplanar
Da planlegginga av Reform 94 starta, hadde grunnskolen i 4-5 år hatt samiske læreplanar. I vidaregåande skole var det bare samiske læreplanar for studieretningsfag på linjene for duodji og reindrift, men det var eit ønske i alle fall frå delar av det samiske skolemiljøet om å få samiske læreplanar i fleire fag også i vidaregåande skole. Dette ønsket kom imidlertid lite offensivt fram, og det er ingen teikn på at det blei diskutert blant dei som satt sentralt og avgjorde ka for læreplanar ein skulle ha. Dessutan hadde dei kreftene som ville ha meir nasjonalt fellesstoff og mindre lokal tilpassing allereie vore på offensiven nokre år.
Samisk utdanningsråd tok opp spørsmålet om samisk innhald i allmennfaga i eit brev til KUF av 1.3.93. Ein brukte der ikkje uttrykket "samiske læreplanar", men sa at i dei samiske vidaregåande skolane er ein viss prosent (10-25%) av pensum i samfunnslære, historie, religion, geografi og samfunns- og næringslære via samiske forhold. Ein ba om at det i læreplanane etter Reform 94 skal vere rom for å gi 25-30% samisk innhald i disse faga. Samtidig uttrykte dei at all ungdom i vidaregåande skole bør ha obligatorisk opplæring om samiske forhold i disse faga. Også Styret for de samiske videregående skolene og samiske organisasjonar engasjerte seg sterkt i saka. Landsmøtet i NSR 1993 vedtok ein resolusjon om vidaregåande opplæring for samar og Reform 94 der det bl.a. heiter: "Det samiske kultur-, kunnskaps- og verdigrunnlaget må videre legges til grunn ved utarbeidelse av læreplanene i studietilbudene til samiske elever."
Dette blir fulgt opp av brev til KUF frå styreleiar Ellen Inga O. Hætta av 5.5.94. 9.7.94 svarar KUF ved statssekretær Randi Øverland: "Jeg mener at de nye læreplanene er et godt utgangspunkt både for samiske og ikke-samiske elever til å lære om samiske forhold. Det er derfor ikke aktuelt å lage spesielle læreplaner med samiske emner ut over læreplanene i samisk som 1. og 2. språk." (Mi utheving. SL) Eit tydeligare eksempel på departemental maktarroganse skal ein leite lenge etter. Etter at samiske skolemiljø og den største sameorganisasjonen har stilt krav om samisk innhald i skolen kan dette avvisas med at ein statssekretær meiner det eksisterande er godt nok og at samiske læreplanar derfor ikkje er aktuelt. Det er ikkje noko som tyder på at dette har vore diskutert på noko anna nivå i sentrale styringsorgan.
Lærarforbundet Finnmark sitt utval for samiske skolespørsmål kravde 7.10.1994 samiske læreplanar i "kulturrelaterte fag". Fylkesstyret i Lærerforbundet Finnmark følger dette opp med krav om samiske læreplanar i "kultur- og samfunnsrelaterte fag" og viser i den samanheng til sameparagrafen i Grunnlova og til ILO-konvensjon 169. 3.11.95 støttar sentralstyret i Lærarforbundet opp om kravet og det blir sendt KUF 22.11.95. 1.3.96 svarar KUF: "Departementet ser på det nåværende tidspunkt ikke noe behov for å omgjøre beslutningen fra 9.7.94."
Blant dei som klarast har gitt uttrykk for ønske om samiske læreplanar er rektor ved Samisk videregående skole i Karasjok, Synnøve Solbakken-Härkönen. Ho seier i eit intervju med meg i 1997:
- Det som grunnskolen no har oppnådd er eit argument, det viser ka som er mogleg å oppnå. På samme måten treng vi samiske læreplanar i mange fag, og ikkje minst treng vi ei overbygging, ei "samisk bru" slik som grunnskolen no har fått. Men vi vil ha denne brua først, som eit felles grunnlag som læreplanane skal lagas ut i frå.
- I ka for fag kan det vere behov for samiske læreplanar?
- Først bør det vere sjølvsagt at dei faga som bygger vidare på grunnskolen og bør ha samiske læreplanar der grunnskolen har det. Eg tenker på f.eks. naturfag, samfunnsfag, historie, geografi og religion. I tillegg er det mange studieretningsfag der det er behov for eigne læreplanar med grunnlag i samisk kultur og språk. Det gjeld økonomisk-administrative fag som saksbehandling, i delar av yrkesfaga innafor helse og sosial, hotell og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Ein treng sjølvsagt ikkje bytte ut alt i læreplanane, men ein må ha fridom til å ta utgangspunkt i kulturen, nærings-og samfunnslivet i samiske område. ... - Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar er ansvaret for at undervisninga blir tilpassa til samiske forhold opp til den einskilde læraren. Det burde vi for lengst ha kome bort frå. I læreplanane våre krevas det ikkje at læraren underviser i samisk historie, og da kan heller ikkje skolen pålegge historielæraren dette. Det samiske må vere fastslått i læreplanar slik at ingen kan ta det bort. Ansvaret for å gi god utdanning skal vere på systemnivå, ikkje opp til læraren si vilje og kompetanse. Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar får vi heller ikkje eigne lærebøker og læraren kan ikkje kreve etterutdanning i dei emna som vi har bruk for, men som dei oftast ikkje har fått i grunnutdanninga si.
I same artikkelen er det også intervju med Arild Thorbjørnsen, avdelingsdirektør for vidaregåande opplæring. Eg syns dette er så illustrerande for kompetanse og haldningar på høgt departementalt nivå at eg gjengir store delar av intervjuet:
- Korfor ønsker ikkje KUF samiske læreplanar i vidaregåande skole?
- Samiske læreplanar, ka tenker du på da, vi har jo læreplan i samisk. Og så har vi ein læreplan i duodji, for å ta vare på dei samisk handverkstradisjonane.
- Men grunnskolen har jo eit heilt samisk læreplanverk, korfor kan ein ikkje ha det og i vidaregåande?
- Ein kan ikkje samanlikne dei skoleslaga. I grunnskolen har alle elevar dei samme faga, i vidaregåande finst det omlag 400 læreplanar. I tillegg er det vanskelig å tenke seg samisk læreplan i fag som er sertifikatgivande. ... Thorbjørnsen ser ei rekke måtar å få inn samiske emne i undervisninga utan eigne læreplanar.
- Det vil f.eks. ikkje vere problem å ta opp samisk kultur og sangtradisjonar innafor musikk- dans-drama. (Denne linja finst ikkje ved samiske vidaregåande skolar. Min merknad. SL) Læreplanar er målrelaterte, vil kunne spesialisere seg i samisk kultur og historie - Så har jo alle linjer eigne valgfag med 2 timar pr. uke. Kan vere f.eks. knytta til lokal historie, husflid. (På dei samiske vidaregåande skolane er det ikkje valfag, da disse timane er opptatt av samisk og norsk. SL) ... No har han eit nytt argument mot samiske læreplanar, nemlig at vidaregåande skole skal gi grunnlag for studiekompetanse, og da må det vere eit felles vurderingsgrunnlag. Han held fast ved at det må vere mogleg å bruke dei samme læreplanane over heile landet.
Det går her klart fram at KUF sine representantar har svært lite konkret kunnskap om situasjonen i samiske vidaregåande skolar. I dette korte intervjuet kjem han med heile fire argument som enten er direkte feilaktige i forhold til fagtilbod og fag- og timefordeling ved disse skolane, eller som er heilt irrelevante. Dersom dette hadde vore ein tilfeldig byråkrat som blei tatt "på senga", kunne ein kanskje tilgi forvirringa. Men eg ringte KUF og spurte etter den som kunne svare på spørsmål om samiske læreplanar i vidaregåande skole, og dei fikk fleire dagar på å førebu seg på spørsmåla. Når den som svarte er avdelingsdirektør for vidaregåande opplæring kan ein vel heller knapt vente å finne nokon som er meir ansvarlig.
Kulturfag
Dei samiske vidaregåande skolane har i fleire år arbeida for å få eit eige samisk kulturfag. Dette er i prinsippet godtatt av KUF, og utkast til læreplan er no sendt til høring. Faget skal vere studieretningsfag på allmennfaglig VK1 ogVK2 med inntil 8 veketimar, og den første modulen kan takas som 2 timars valfag. Dette er eit av dei få stega i retning av meir samisk innhald i skolen som har kome etter innføringa av Reform 94. Problemet er at det er vanskelig å få samisk kultur å passe inn i KUF sin firkanta læreplanmal.
5.4.4. Evalueringa av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring
I dei 60 rapportane frå evalueringa er ikkje samiske spørsmål nemnd i det heile. Det er knapt nokon tilfeldig glipp frå KUF, ettersom dei første protestane mot at reforma ramma samisk opplæring kom tidlig i 1993.
Da samiske vidaregåande skolar og Samisk utdanningsråd oppdaga at evalueringa var igang, men ikkje gjaldt dei, kravde dei eiga evaluering av Reform 94 og samisk opplæring. Kravet blei stilt først frå Styret for de samiske videregående skolene i 1996 og støtta av Lærerforbundet 18.03.97. KUF var i starten avvisande, men opna etter kvart for at ein kunne sjå på saka, dersom styret kunne dokumentere behovet. Jon Eldar Einejord la fram ei grundig utreiing i juni 1997 , og styret slutta seg til denne. Våren 1998 ga KUF melding til SUR om at dei kunne få kr. 200000.- til å gjennomføre evalueringa. Til dette svarte direktøren for utdanningsrådet at det ikkje var mogleg å gjennomføre ei forsvarlig evaluering for denne summen, og der blei saka liggande enno nokre månadar. KUF lova så meir pengar for 1999 og SUR satte igang arbeidet.
Evalueringa blei delt i to. Den første delen var ei kort, førebels evaluering som blei gjort i all hast av rektorane ved dei samiske vidaregåande skolane i lag med styreleiar , for å komme med i Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring . (Likevel er minimalt av dette tatt inn i Stortingsmeldinga.) Samtidig inviterte SUR forskningsinstitusjonar til å delta i eit større evalueringsprosjekt som skulle gjøras i løpet av 1999. Det viste seg at kompetente forskningsinstitusjonar ikkje sto i kø. Universitetet i Tromsø og Samisk høgskole sa nei til å delta, da dei ikkje hadde kapasitet. Dei som sa ja var Nordisk Samisk Institutt (NSI) i Guovdageaidnu og Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), avdeling Alta. Det blei samtidig satt ned ei styringsgruppe med representantar frå SUR og Samisk høgskole og med Otto Hauglin frå konsulentfirmaet Agenda som leiar. Det vil og bli oppnemnt ei referansegruppe med representantar for lærarar og elevar, samiske næringar og samiske organ.
Evalueringa skal ta for seg disse sakene:
1. Læreplanverket, både overordnede generelle prinsipper og retningslinjer, og de enkelte læreplanene.
2. Tilbudsstrukturen, særlig knyttet til samisk språk, duodji og reindrift.
3. Læremiddeltilbudet, veiledninger, etterutdanning og annen lærerstøtte.
4. Arbeidsformer som prosjektarbeid, tverrfaglighet, ansvar for egen læring og vurderingsformer.
5. Tilgangen på lærerressurser
6. Organisering og samarbeid på ulike nivåer
7. Dimensjonering, gjennomstrømning og kompetanseoppnåelse
8. Oppfølgingstjenesten og annet støtteapparat for elevene.
Dette er fordelt på forskningsinstitusjonane slik at NSI har ansvaret for de tre første og halve fjerde, mens NIBR har ansvaret for resten. Samtidig skal forskningsinstitusjonane heile tida halde kvarandre orientert om framdrifta i arbeidet og sende kvarandre innspel.
I den første boka om evaluering av Reforma, "Utdanning for alle?" (Blichfeldt 1996), heiter det om Oppfølgingsgruppa: "Deres loyalitet knytter seg derfor først og fremst til intensjonene i reformen, og spørsmålet om disse blir ivaretatt eller ikke." Etter som Reform 94 aldri har hatt nokon intensjon om å skape ein samisk skole, vil eit slikt utgangspunkt ikkje vere haldbart for evalueringa av R94 i forhold til samiske sprøsmål. Det er ikkje nok å vurdere Reforma i forhold til seg sjølv. Ein må f.eks. kunne stille spørreteikn ved ei av dei sentrale prinsippa for reforma: "- et felles nasjonalt kunnskaps- verdi- og kulturgrunnlag".
Da målsettingane for R94 blei satt var samiske interesser ikkje inne i biletet. Reforma må vurderas ut i frå eit samisk grunnlag og ut i frå det overordna lovverket som set rammer for utdanninga for det samiske urfolket i Noreg. Dette vil seie at disse dokumenta er overordna R94 og reforma må endras om han er i strid med dei: ILO-konvensjon 169 om urfolk FN-konvensjonar: Politiske og sosiale rettar, biologisk mangfald m.fl. Grunnlova §110a Samelova Opplæringslova Generell læreplan
Vilkåra er ganske forskjellige for den samiske evalueringa i forhold til den nasjonale evalueringa. Mens den nasjonale evalueringa var ei følgeforskning, er den samiske evalueringa ei etterpåforskning. Det gjør at ein ikkje kan oppfylle målet med korrigering undervegs, og det gjør at dokumentasjon kan vere vanskelig å oppdrive. Ingen har blitt bedne om å lage eller oppbevare dokumentasjon. F.eks. hadde verken Statens utdanningskontor i Finnmark, Fylkesskolekontoret eller SUR våren 1998 oversikt over ka for skolar i FInnmark som ga undervisning i samisk. Høringsuttalelsar om læreplanar synas og i liten grad å vere arkivert.
Forskningsinstitusjonane vil måtte samle og studere dei dokumenta som finst i saka, slik som læreplanar, høringsutkast og korrespondansen mellom KUF, SUR og skolane, samt uttalelsar frå samiske organisasjonar og institusjonar. Dei gjennomfører no intervju med skoleleiarar og lærarar i forskjellige fag, og planlegg ei større elevundersøking. Evalueringa er planlagt fullført innan utgangen av 1999. Nokre av dei førebels funna frå evalueringa er lagt inn i kapittel 5.4.3. over.
_________________________________________________________________________________
Fleire artiklar om skolespørsmål
eller samiske spørsmål
Til startsida