Eksamensprosjekt - Yrkespedagogikk hovudfag 1. studieavsnitt
Svein Lund, Høgskolen i Akershus Yrkespedagogisk institutt 1999
______________________________________________________________________________
Ettersom reformene tidsmessig har overlappa kvarandre, er det vanskelig å gi ei kronologisk framstilling. Eg har derfor vald å ta kvart ledd i utdanningssystemet for seg, frå barnehagen og oppover til universitet og vaksenopplæring. Etter ei kort oppsummering av reformene på nasjonalt nivå vil eg legge hovudvekta på kordan disse har slått ut for samisk opplæring.
5.1.1. Nasjonal barnehagepolitikk
Barnehagar har i Noreg tradisjonelt vore mindre regelstyrt enn skoleverket. Lov om barnehager av 1975 gir forholdsvis få haldepunkt for kordan aktiviteten og opplæringa skal foregå, med unnatak for ein sterkt omstridt kristen formålsparagraf som kom inn i 1983. Andre nasjonale retningslinjer eksisterte ikkje før Rammeplan for barnehagar blei vedtatt av Barne- og familiedepartementet 1.12.1995. Samanlikna med mange andre land, har Noreg vore forholdsvis seint ute med utbygging av barnehagar.
5.1.2. Samiske barnehagar
Barnehagelova seier ingenting om samiske barnehagar. Det gjør derimot Rammeplanen, som har status som forskrift til denne lova. Her er det eit eige kapittel om samisk språk og kultur. Ein viser til Samelova sin definisjon av same i samband med samemanntallet, og definerer samiske barn slik: "Alle barn der en eller begge foreldrene er samer, defineres i rammeplanen som samiske barn." Ein slår vidare fast at "Samiske foreldre kan velge om de vil søke sine barn inn i samiske eller norske barnehager. ".
Utbygging av barnehagar starta forholdsvis seint i samiske område. Behovet oppsto først med moderniseringa på 60-talet og utbygging av offentlige arbeidsplassar.
Den første barnehagen som blei etablert i eit samisk område, starta i Guovdageaidnu 1969. Denne blei ikkje etablert som ein samisk barnehage, og den første tida gikk samisk- og norsktalande barn i lag. I denne tida kom dei fleste barnehagebarn frå familiar som enten var ikkje-samiske eller hadde lite kontakt med samiske næringar og levemåte. Norsk språk blei lett dominerande i barnehagen. Den første reine samiske barnehagen var Guovdageainnu johtti mánáidgárdi eller Kautokeino ambulerende barnehage, som starta i 1970. Denne hadde bare samisktalande barn og klare språkkrav til dei tilsette.
Mange samiske barnehagar blei starta av lokale sameforeningar. Nokre av dei er etterkvart overtatt av kommunane, der kommunen har akseptert å vidareføre det samiske formålet.
Det finst mange variantar av samisk barnehage: Heile barnehagen kan vere samisk eller det kan vere ei samisk avdeling i ein ellers norsk barnehage. Nokre barnehagar har bare samisk språk, andre er tospråklige eller norskdominerte med elementær innføring i samisk språk.
Også samiskspråklige barnehagar vil variere med den språklige situasjonen rundt dei. I nokre område, som Guovdageaidnu, er samisk så dominant at ein til og med kan integrere einskilde barn med andre språk utan at det øydelegg samisk som hovudspråk i barnehagen.
I tidligare samiskspråklige område der språket har gått kraftig tilbake, kan ein samisk barnehage vere eit viktig bidrag til språkvitalisering. Dette er tilfelle på stader som Unjárga / Nesseby, Divttasvuodna / Tysfjord og Skánit / Skånland. Der må ein heile tida jobbe hardt for å utvikle og oppretthalde samisk som bruksspråk. Ungane kan ofte meir samisk enn foreldra, og barnehagen er heilt avgjørande for at ungane skal bli tospråklige. I norskdominerte samfunn, som Tromsø og Oslo, har ofte barnehagebarna samisk som heimespråk, men barnehagen er viktig for å utvikle språket ettersom det ellers er lite støtte for språkutviklinga utafor heimen.
Samiske barnehagar får i tillegg til ordinært driftsstilskot og eit særskilt tilskot for å dekke ekstrautgiftene til samiskspråklige tilbod. Der det er samiskspråklige barn i norske barnehagar, kan ein søke om tilskot til tosråklig assistanse. Da dei særlige tilskota til samiske barnehagar kom, var det strid om definisjonen av samisk barnehage, om det bare skulle gjelde barnehage på samisk, eller om og barnehagar med samisk formål for norsktalande samar skulle telle med. Ei avklaring kom med Rammeplanen: "En samisk barnehage er en barnehage der barna i barnehagen har samisk bakgrunn - er samer. Barnehagen har som formål å styrke barnas identitet som samer ved å fremme bruken av samisk språk og ved å formidle samisk kultur. Barmehagen ledes av samisk pedagogisk personale."
Fram til 1993 har kvart skoleslag vore styrt fullt ut av kvar sine lovar og læreplanar. Men i løpet av 90-talet har lovverket blitt forenkla. Først fikk høgskolar og universitet ei felles lov i 1995. Seinare fikk grunnskole og vidaregåande skole eit felles lovgrunnlag. Denne lova (Opplæringslova) var ganske omstridt og blei etter fleire utsettingar vedtatt i 1998.
Grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring har og fått ein felles generell læreplan. Dette skjedde i 1993 og denne læreplanen låg til grunn for både Reform 94 i vidaregåande skole og Reform 97 i grunnskolen. På eit vis skjedde ting i omvendt rekkefølge. Først kom den felles læreplanen, deretter kom den felles lova. Før vi går laus på dei einskilde skoleslaga skal vi sjå litt på ka for føringar som blir lagt i det lov- og forskriftsverket som er felles for grunnskolen og vidaregåande skole.
5.2.1. Nasjonale styringsinstrument
Læreplan - generell del
Ved sida av "Med viten og vilje" er trulig "Læreplan for grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring. Generell del" det dokument som mest direkte bærer preg av Gudmund Hernes sine visjonar. Eit høringsutkast kom hausten 1992. Denne braut på fleire vis med tradisjonane for læreplanar. Utkastet var ikkje laga etter eit komitearbeid med partane i arbeidslivet og skoleverket, men av departementet. Det seiast at planen langt på veg blei ført i pennen av statsråden sjølv. Målstyring, som skulle bli det nye læreplanverket sitt varemerke, kom fram i at hovudmåla blei uttrykt gjennom ei framstilling av ka slags menneske som skolen skulle skape: Det moralske mennesket, det skapande mennesket, det arbeidande mennesket, det allmenndanna mennesket, det samarbeidande mennesket, mennesket i naturen og det integrerte mennesket. Planen understrekar sterkt det felles nasjonale kultur- og kunnskapsgrunnlaget, og "avviser den reformpedagogiske progressivismens prinsipp om å orientere elevenes læring ut fra deres livssituasjon og grunnleggende problemer / interesser".
Utkastet fikk ei svært blanda mottaking. Kritikken gikk bl.a. på at det bare var den vellukka eleven som passa inn i biletet, og på at det lokale perspektivet var tona svært ned i forhold til M87. Ein av dei skarpaste kritikarane var Inge Moslett som skreiv: "I planens generaliserte samfunnsbilde trer lokalsamfunnet, lokalkulturen og lokalorienteringa bare fram i et bitte lite hjørne - . Dette må være bortimot fornærmende for den hær av grunnskolelærere, som har brukt lokalsamfunnet som læringsarena og kulturelt forankringspunkt - og som i skolehverdagen, på kveldene og i helgene har arbeidet for at skole og lokalsamfunn skal inngå i et kulturelt og språklig utvekslingsforhold."
I den endelige læreplanen blei det lagt noko større vekt på tilpassa opplæring og lokalsamfunnet si betydning i opplæringa, men utan at det endra på hovudtendensen. Stortinget vedtok dette andre utkastet, men understreka samtidig at "De positive erfaringene med lokale læreplaner ut fra M87 må i denne sammenheng understrekes".
Opplæringslova.
Grunnlaget for opplæringslova var Smith-utvalet si innstilling, NOU 1995:18 Ny lov om opplæring. Forslaget erta på seg lærarorganisasjonane med bl.a. å foreslå at ufaglærte kunne få fast tilsetting i skolen, og å auke elevtalet i klassane. På grunnlag av denne innstillinga kom KUF med Ot. prp. nr. 36 (1996-97), som innebar ein god del endringar i forslaget frå Smith- utvalet.
Kombinasjonen av strid om innhaldet i lova og regjeringsskifte førte til at Ot.prp. 36 aldri kom til behandling i Stortinget. I staden kom det ein ny proposisjon, Ot.prp. 46 (1997-98), som var grunnlaget for at Opplæringslova blei vedtatt av Odelstinget 9.6.98. Lova trer i kraft frå 1.8.99.
5.2.2. Samisk innhald i felles læreplan og opplæringslov
Læreplan - generell del
I det første utkastet til generell læreplan hadde det samiske ein svært beskjeden plass. Kritikken av dette førte delvis fram og da KUF presenterte sitt neste forslag for Stortinget i 1993, oppsummerte dei blant endringane: "Samisk er løftet mer fram og språklige minoriteter er synliggjort bedre."
Ka står det så om samiske spørsmål i den felles læreplanen? Det er ikkje meir enn at det er plass til å sitere alt her: "Samisk språk og kultur er den del av denne felles arv som det er et særlig ansvar for Norge og Norden å hegne om. Denne arven må gis rom for videre utvikling i skoler med samiske elever, slik at den styrker samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur." Til dette repliserte daverande sametingspresident Ole Henrik Magga i 1994: "Nei, Hernes, for samiske elever skal samisk språk og kultur være selve basisen, ikke bare "gis rom for".
Opplæringslova
I 1990 blei grunnskolelova endra når det gjeld rett til samisk som fag: § 40a " 1) Born i samiske distrikt har rett til å få opplæring i eller på samisk. Frå og med sjuande klassesteg er det elevane sjølve som tek avgjerd. Elevar med opplæring i eller på samisk blir fritekne for opplæring i ei av de norske målformene på 8. og 9. klassesteg. 3) Opplæring i eller på samisk kan og bli gitt til elevar med samisk bakgrunn utanom samiske distrikt. Dersom det er minst tre elevar med samisk talemål ved ein skole, kan dei krevje opplæring i samisk." Dette var eit visst framsteg for samisk opplæring da det kom, men mange i samiske skolemiljø var misnøge med at ein ikkje gitt lenger. Lovteksten var og uklar og kunne tolkas på forskjellig vis. Det var ingen definisjon av ka som blei rekna for samisk distrikt eller kordan ein skulle tolke at ein elev hadde "samisk talemål".
I samband med innføringa av språkreglane i Samelova kom og ei endring i Grunnskolelova, § 40.7 - Samisk kan gjøres til obligatorisk fag i grunnskolen, dersom kommunestyret bestemmer det. Etter at denne lovendringa kom, vedtok kommunestyra i nokre av kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk å gjøre samisk obligatorisk. I Deatnu / Tana blei dette og vedtatt, men vedtaket blei seinare omgjort, slik at samisk i dag ikkje er obligatorisk der. Dette var situasjonen da kampen om Opplæringslova starta.
Ved oppnemninga av opplæringslovutvalet ba Sametinget om å få bli representert, men KUF var ikkje villige til å etterkomme dette ønsket. Likevel hadde samiske interesser sterk påverknad på utvalsarbeidet. Samisk utdanningsråd kom i 1994 med ein eigen uttalelse til lovutvalet, der dei bl.a. gikk inn for: - lovfesting av rett til læremidler på samisk på linje med nynorsk og bokmål - individuell rett til undervisning i og på samisk - rett for samiske elevar til opplæring i "samiskrelaterte fag" - Sametinget oppnemner Styret for de samiske videregående skolene
Smith-utvalet gikk inn for fleire av disse forslaga, bl.a. individuell rett til opplæring i samisk og at Sametinget skal oppnemne Styret for de samiske videregående skolene og fastsette samiske læreplanar og læreplantillegg. Derimot unngikk utvalet å ta opp andre forslag, som rett til lærebøker på samisk. Kapitlet om samisk opplæring skulle bli eit av dei mest omstridte i den tre år lange diskusjonen før lova endelig blei vedtatt. Samiske spørsmål var trulig sterkt medvirkande til i alle fall ei av utsettingane. Diskusjonen gikk i hovudsak på lovfesting av retten til opplæring i og på samisk og kor stor makt Sametinget skulle ha i samiske utdanningsspørsmål.
Styret for de samiske videregående skolene stilte i høringsuttalelsen sin til innstillinga spørreteikn ved formålsparagrafen om "felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag" og ba om at det blei slått fast at "Samisk språk, kultur og verdisyn skal danne grunnlaget for opplæringen av samer". Dei gikk inn for at "Elevene ved de samiske videregående skolene skal ha rett til å få sin opplæring på samisk."
Sametinget la i sin uttalelse stor vekt på at Sametinget sjølv måtte få overført myndigheit i spørsmål om samiske læreplanar og utstrekninga av samisk opplæring. Innafor lærarorganisasjonane førte forslaget til Opplæringslov til eit stort engasjement frå dei organa som hadde ansvar for samiske skolespørsmål spesielt . Men disse organa nådde ikkje fram i organisasjonane sentralt. Verken Norsk Lærarlag/LO (Inkludert Skolenes Landsforbund) eller Lærarforbundet nemnde samiske spørsmål i det heile i høringsuttalelsane sine til NOU 1995:18.
Da Ot.prp. 36 kom i 1997 var det gjort endringar i kapitlet om samisk opplæring på tre område:
1. Retten til samiskopplæring i vidaregåande skole Mens utvalet hadde gått inn for at alle som hadde hatt samisk i grunnskolen skulle ha rett til å fortsette med faget i vidaregåande, foreslo KUF dette endra til at alle samar i vidaregåande skole skulle ha dette retten. Dette ville på eine sida seie ei utviding for dei samane som ikkje hadde hatt samiskopplæring i grunnskolen, på andre sida ville ikkje-samar som hadde lest samisk i grunnskolen miste denne retten. 2. Sametingets myndigheit i læreplanspørsmål Utvalet ville at Sametinget skulle ha kompetansen til å fastsette samiske læreplanar og læreplantillegg, og til å gi forskrift om dei overordna måla og prinsippa for samisk opplæring. KUF ville avgrense denne retten til samiskfaget og "dei særskilte samiske faga i vidaregåande opplæring", noko som i praksis ville seie reindrift og duodji. I tillegg skulle Sametinget få fastsette det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane, dei såkalla "samiske stolpane". Dei samiske læreplanane i fag som også andre elevar har, skulle derimot KUF ha styringa med.
3. Styringa av dei samiske vidaregåande skolane Utvalet sitt forelag om å legge dei samiske vidaregåande skolane under Sametinget, hadde ført til ei intens lobbyverksemd frå krefter innafor Finnmark fylkeskommune, som lenge hadde arbeida for å legge disse skolane under seg. Dette hadde no ført til resultat og i innstillinga frå KUF heiter det: "Departementet er ikkje samd i framlegget frå opplæringslovutvalet om at Sametinget skal få rett til å oppnemne styre for dei statlige samiske vidaregåande skolane. Departementet har her lagt vekt på at ein tek sikte på å setje i gang arbeid for å vurdere om ansvaret for desse skulane etter kvart bør overføras til fylkeskommunen, som er det forvaltningsnivået som elles har ansvaret for vidaregåande opplæring."
Igjen velger Lærerforbundet sentralt å sjå bort frå forslag frå Utval for samiske skolespørsmål og sitt eige program for samiske skolespørsmål, og vedtar følgande om samisk opplæring i opplæringslova: "Lærerforbundet støtter foreslaget om å styrke Sametingets myndighet og kompetanse når det gjelder å fastsette innholdet i de samiske skolene og ved fastsetting av læreplaner i de samiske fag. Lærerforbundet mener at det er et klart nasjonalt ansvar å sikre samenes utdanningspolitiske rettigheter og behov som minoritet. Lærerforbundet går mot å overføre ansvaret for samiske videregående skoler fra staten til fylkeskommuner. Det må slås klart fast i loven at disse skolene skal være statlige." Spørsmålet er bare om det frå KUF eksisterte noko slikt forslag om at Sametinget skulle få fastsette innhaldet i dei samiske skolane? Eg kan ikkje sjå kordan det er mogleg å tolke Odelstingsproposisjonen slik at det blir gitt noko slik myndigheit. Derimot blei Sametinget si myndigheit på dette område svekka i forhold til opplæringslovsutvalet sitt forslag. Lærarforbundet går mot at dei samiske vidaregåande skolane skal bli fylkeskommunale, men nemner ikkje forslaget frå opplæringslovsutvalet om å legge dei under Sametinget.
Både i Ot.prp 46 (1997-98) og i lova slik ho er vedtatt er det minimale endringar i kapittel 6, Samisk opplæring i forhold til Ot.prp. 36. Her er bare ei omskriving av ka for forskrifter Departementet skal gi, utan at dette ser ut til å vere noko realitetsendring. Det er forøvrig ikkje sagt noko om verken dei samiske vidaregåande skolane eller Samisk utdanningsråd i lova. I forhold til den lange tida og at det i mellomtida hadde vore regjeringsskifte, kan ein undre seg over at det ikkje var skjedd større endringar. Ein må kunne spørre om det i det heile blei gjort noko sjølvstendig vurdering på dette området frå den nye leiinga i KUF eller frå Stortinget.
I 1991 sette KUF ned eit utval for å utreie skolestart for 6-åringar og dei konsekvensane det ville få for resten av skoleløpet. Utvalet la fram tre alternativ: 13-årig løp til studie/yrkeskompetanse, derav 10 år obligatorisk 12-årig løp med 9 år obligatorisk 12-årig løp med 10 år obligatorisk
KUF slutta seg raskt til det første alternativet, men det skulle ikkje gå heilt glatt å få dette gjennom i Stortinget. For det første var det ein god del motstand mot skolestart for 6-åringar i det heile, både blant fleire stortingsparti, og ikkje minst ute blant foreldre, lærarar og barnehagepersonale. Men i juni 1993 vedtok Stortinget: "Det innføres obligatorisk skolestart fra det kalenderåret barn fyller 6 år, med virkning fra skoleåret 1997-98". Dermed var grunnsteinen lagt for det som seinare skulle bli kalla Reform 97. Men det blei ikkje samtidig fleirtal i Stortinget for utviding av skoleplikta til 10 år. Dette blei først vedtatt i mai 1994, ved at regjeringa allierte seg med dei partia som opprinnelig var skeptiske til skolestart for 6- åringar. Slik fikk regjeringa gjennom skiftande alliansar likevel gjennom den 10-årige obligatoriske grunnskolen dei ønska, og dei kunne sette igang arbeidet med nye læreplanar.
5.3.1. Hovudtrekk i Reform 97
Ved sida av den utvida skoleplikta kan vi trekke fram nokre hovudpunkt i skolereforma for grunnskolen: - Grunnskolen delas i tre hovudtrinn: barnetrinnet (1-4), mellomtrinnet (5-7) og ungdomstrinnet (8-10). - Leik og småbarnpedagogikk skal spele ei viktig rolle ikkje bare i den nye førsteklassa, men og på heile trinnet 1-4. Førskolelærarar skal kunne undervise til og med 4. klasse etter eit års tilleggsutdanning. - Faga kristendomskunnskap og livssynsorientering blir erstatta med eit felles fag i kristendom og livssyn, utan reservasjonsrett. - Prinsippet om målstyrte læreplanar innføras i grunnskolen på same vis som for vidaregåande skole. - Det nye læreplanverket gjennomføras trinnvis i løpet av ein treårsperiode.
5.3.2. Samisk innhald i Reform 97
Ein av kongstankane til Hernes var felles læreplanar for alle, noko som ikkje ga plass for samiske læreplanar. Da arbeidet med utarbeiding av læreplanar starta, blei det derfor ikkje satt igang noko arbeid med samiske læreplanar, men unnatak for samisk 1. og 2. språk og norsk som andrespråk for samiske elevar. I høringsutkast til "Prinsipper og retningslinjer for den 10-årige grunnskolens oppbygging, organisering og innhold" av juli 1994 er "sterkere betoning av felles lærestoff" nemnt som eit av hovudtrekka i reforma. Fellesskap og einskapsskole pregar heile dokumentet, også avsnittet om Samisk språk og kultur: "Det felles nasjonale lærestoffet sikrer elever med samisk som førstespråk en kompetanse likeverdig med elever med norsk som førstespråk etter fullført grunnskole. " (Mi utheving) I KUF sin tankegang har ein oppnådd likeverd når samisktalande og norsktalande nordmenn har hatt det samme nasjonale lærestoffet.
KUF godtar eit visst rom for samisk kultur i skolen, men forsøker samtidig å begrense dette: Mens ein først seier at "Samisk språk er en del av denne felles arv som det er et særlig ansvar for Norge og Norden å hegne om. Denne arven må gis rom for videre utvikling i skoler med samiske elever", kjem det lengre nede fram at det ikkje er alle samiske elevar som skal nyte godt av dette: "I det samiske forvaltningsområdet og i samiske skoler skal elevene møte stoff og arbeidsmåter som gir fordypning i samisk språk og kultur." (Mi utheving). Sametinget kritiserer dette i november 1994 og uttaler at dersom Noreg skal oppfylle ILO- konvensjonen om urfolk er det ein føresetnad at ein får eigne samiske læreplanar, og at Sametinget får myndigheit til å fastsette disse.
Ein kombinasjon av krav frå Samisk utdanningsråd og Sametinget og skifte av statsråd hausten 1995 førte til at ein fikk eit eige samisk læreplanverk. Dei samiske læreplanane er meir eller mindre forskjellig frå dei nasjonale planane i faga: norsk, engelsk, samfunnsfag, natur- og miljøfag, kristendom, duodji / kunst og handverk, musikk og heimkunnskap. I tillegg er her planar for opplæring i samisk på tre forskjellige nivå.
Men om KUF hadde godtatt eigne samiske læreplanar, skulle disse utarbeidas innafor ramma av den nasjonale brua, " Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen", og med dei nasjonale læreplanane som mal. Før prinsippet om samiske læreplanar var vedtatt, var da også arbeidet med dei nasjonale læreplanane allereie så godt som ferdig.
Arbeidet med læreplanane blei, innafor KUF sine rammer, styrt av Samisk utdanningsråd (SUR). For læreplanarbeidet hadde ein ei felles ekspertgruppe og styringsgruppe, og to referansegrupper med halvparten av faga kvar. I læreplangruppene tok ein inn folk med uformell kompetanse, noko som ikkje hadde skjedd før. SUR karakteriserte dette sjølv som eit viktig nybrottsarbeid.
Karakteristisk for den uklare stoda omkring læreplanane er at direktøren for SUR og leiaren av Samisk læremiddelsenter i oktober 1995, halvannan månad før læreplanutkasta skulle vere klare, ikkje kunne svare på spørsmålet om ka for eit organ som endelig skulle vedta dei samiske læreplanane.
Da Sametinget våren 1996 diskuterte det samiske læreplanverket, kom det fram svært skarp kritikk av læreplanane. Kritikken retta seg ikkje mot læreplangruppene sitt arbeid, men mot dei rammene dei var tvungne av KUF å arbeide innafor. Innafor Sametinget var det vurdert å avvise læreplanane totalt. Løysinga blei i staden å kreve ei eiga samisk bru, samtidig som ein understreka at dei nye læreplanane bare måtte vere midlertidige. Dette gikk KUF med på hausten 1996. Men no var det knapp tid fram til læreplanverket skulle takas i bruk, og Samisk utdanningsråd fikk bare få månadar på å utarbeide denne brua. Resultatet for grunnskolen blei altså at samiske interesser klarte å få gjennom mye meir plass for samisk innhald i skolen enn det KUF hadde ønska.
Til slutt blei det to parallelle læreplanverk, det nasjonale og det samiske. Begge består av tre delar: 1. Generell del (grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring) 2. "Brua" (Prinsipp og retningslinjer) 3. Læreplanar for fag Dei to siste delane er særeigne for det samiske læreplanverket. Men paradokset er at mens disse for det nasjonale læreplanverket sin del bygger på kvarandre i denne rekkefølgen, er ikkje dei samiske læreplanane for fag skreve med grunnlag i den samiske brua, men i den nasjonale brua. Når dei nasjonale læreplanane og var ferdig skreve, kan dette ha ført til at dei samiske læreplanane har blitt mindre samiske i innhald enn ein frå samiske skolemiljø hadde ønska seg.
Mens det nasjonale læreplanverket forelå på hausten 1996, blei det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen trykt først på forsommaren 1997. Få månadar før dei skulle takas i bruk var det enno ikkje avklara kor dei skulle gjelde. Dei samiske læreplanane frå 1988 har mest vore brukt ved skolar der samisktalande elevar har vore i klart fleirtal. Men da læreplanane blei forskriftsfesta i 1997 blei det og eit behov for å forskriftsfeste kor dei samiske læreplanane skulle brukas. I høringsbrev om forskrift om læreplanverka av 13.02.97 gikk KUF inn for at «Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen skal gjelde for elever i samisk distrikt som har opplæring i eller på samisk». Men etter forslag frå Sametinget og SUR blei dette endra og i dei endelige forskriftene av 16.07.97 heiter det: «Elevar i forvaltningsområdet for samisk språk, jf samelova §3-1 nr.1, skal ha opplæring i samsvar med Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen. Det same gjeld elevar i særskilde samiske krinsar oppretta i samsvar med grunnskolelova §3 nr. 5 tredje ledd.»
Vedtaket om kor dei samiske læreplanane skulle gjelde var altså gjort omlag ein månad før skolane skulle ta dei i bruk. Verken lærarar, elevar eller foreldre var førebudd på det. Læreplanen var nylig trykt, og få visste ka som sto i han.
Dette måtte føre til reaksjonar frå foreldre og lærarar. Ein fullt forståelig reaksjon mot saksbehandlinga og mangelen på informasjon blei så utnytta av Fremskrittspartiet og andre motstandarar av samisk språk og kultur. Dei hengte seg særlig opp i formuleringar i den samiske brua, bl.a. om at skolen skal fremme samisk identitet og støtte heimen i oppfostringa av ein ny samisk generasjon. Dette blei oppfatta som at den samiske læreplanen ville gjøre samar også av elevar utan samisk bakgrunn.
Koplinga mellom språkforvaltningsområdet og læreplan innførte eit nytt prinsipp. Samelova med språkreglane er i første rekke ei rettslov, den sikrar retten til å bruke samisk språk i offentlig samanheng og sikrar kommunane økonomisk kompensasjon for å administrere på to språk. Men lova set ingen krav til einskildpersonar. Når ein så blir pålagt å bruke samisk læreplan i dette området, har det å bu i forvaltningsområdet fått ei ny og sterkt utvida betydning. Da forvaltningsområdet blei oppretta, var det tildels sterk motstand mot dette i tre av dei seks kommunane, men denne motstanden hadde roa seg da dei samiske læreplanane kom. Resultatet av denne koplinga var at det igjen kom opp kravet om å gå ut av forvaltningsområdet.
Kampen om den samiske læreplanen blei særlig hard i Deatnu / Tana, der foreldre tok elevar ut i skolestreik og planla å starte privatskole som alternativ. I eit forsøk på å løyse striden vedtok KUF å endre dei mest omstridte formuleringane i den samiske brua, men utan at det roa gemyttane. Det viste seg da klart at det ikkje var disse formuleringane som skapte konfliktane, slik som Lærarforbundet hevda , men at dei som sto i spissen for motstanden mot samisk læreplan var mot at det skulle vere noko form for samisk innhald i undervisninga.
Dei nye læreplanane førte til at læremiddel måtte skiftas ut over heile linja, ettersom dei gamle læremidla ikkje lenger stemmer overens med læreplanane. Dette har ytterligare forverra den samiske læremiddelsituasjonen. Det er gitt ut ei rekke nye læremiddel, særlig i samiskfaget, men for andre fag har dekkinga av samiske læremiddel gått tilbake fordi ein ikkje har nådd å erstatte dei gamle lærebøkene som ikkje lenger er godkjent. Samisktalande elevar må derfor i svært stor grad forholde seg til lærebøker som ikkje bare er på feil språk, men og etter feil læreplan. Ein må kunne stille spørreteikn ved om dei samiske læreplanane i det heile fungerer som grunnlaget for undervisninga, når det knapt er skreve lærebøker etter dei. På samisk er det skreve nokre få lærebøker, men det er enno færre lærebøker på norsk etter samisk læreplan. Ein må og kunne spørre ka som er viktigast; at samiske elevar får lærebøker på morsmålet eller at læreboka er heilt og fullt i samsvar med gjeldande læreplan.
Men trass alle feil og manglar, er det naudsynt å oppsummere at samiske lærarar stort sett er stolte av den samiske læreplanen. Det er ei vakker bok med illustrasjonar som og kan brukas i undervisninga. Og sjølv om læreplanen ikkje gjeld utafor dei 6 kommunane i forvaltningsområdet, virkar han "som ein kunnskapsbase og idebok for store område som ellers følger den nasjonale planen".
Samiske stolpar
Den generelle læreplanen seier at samisk kultur er ein del av den felles arven som det er eit særlig ansvar for Noreg å hegne om. Derfor skal kunnskap om samiske forhold vere ein integrert del av læreplanane i dei forskjellige faga, også for dei som følger nasjonal læreplan.
Læreplangruppene som KUF sette ned for å lage utkast til disse læreplanane fikk som ein del av mandatet sitt å integrere kunnskap om samiske forhold. Men sidan dei hadde skralt med kompetanse blei resultatet i første omgang dårlig og Samisk utdanningsråd blei satt på saka. Dei satte opp punkt dei ville ha med, og så sydde KUF dette inn i planane. Dette har seinare blitt kalla "dei samiske stolpane", og her er eit par eksempel frå læreplanen i natur- og miljøfag: 8.klasse: "- arbeide med døme på tradisjonell folkemedisin, mellom anna den samiske" 9. klasse: "-bli kjende med korleis folk og spesielt samane har nytta og nyttar naturressursane" 10.klasse: "- arbeide med spørsmål knytte til nordlys og ulike segner i samband med dette, mellom anna samiske". Dette var dei tre samiske stolpane i natur- og miljøfag, det er alt som står i læreplanen for eit fag som alle elevar skal ha i ti - 10 år. For samiske elevar som følger dei nasjonale læreplanane vil det med andre ord gå 7-8 år før dei får noko om sitt eige i eit så sentralt fag for samisk kultur og levemåte.
I Opplæringslova er det vedtatt at Sametinget skal ha mandat til å vedta disse samiske stolpane i det nasjonale læreplanverket. Men ettersom planane var vedtatt før lova, får dette tidligast verknad frå neste læreplanrevisjon.
_________________________________________________________________________________
Fleire artiklar om skolespørsmål
eller samiske spørsmål
Til startsida