Svahke (Elgå): Svein Lund
Om du kjører nordover frå Trysil i Hedmark fylke, ser du ikkje anna enn tette furu- og granskogar. Men når vegen klatrar oppover mellom Engerdal og Drevsjø, så endrast brått naturen og ein får ei slik merkelig kjensle av å ha vore her før. Open furuskog, reinlav og lyng. Er du på Austlandet eller i Enontekios? Her byrjar Sameland. Snart møter du eit reingjerde, som avgrensar det sørligaste reinbeitedistriktet i Noreg. Svahken sijte er namnet på reinbeitedistriktet, som er mellom innsjøen Femunden og grensa mot Sverige. I Engerdal kommune bur det knapt 50 samar, dei fleste av dei arbeider med rein og bur i grenda Daknes (Gutu) mellom Elgå og svenskegrensa.
Samane i Elgå snakkar ikkje lenger samisk til daglig, bare i reindrifta brukar dei samiske ord, og det er fare for at språket vil døy heilt ut. Mange av dei har gått grunnskole i Snåsa i Nord-Trøndelag og der fått lære sørsamisk som andre språk, men etter skolen har dei ikkje brukt språket så mye. Snåsa har til no vore den næraste plassen der dei kunne få opplæring i samisk språk og kultur. Det har vore svært vanskelig for foreldra å velje: sende ungane 50 mil heimafrå eller la dei bu heime men gå på ein vanlig norsk skole, der det ikkje fantest verken samisk språk eller kultur. På svensk side av grensa har stoda vore imtrent den same, både når det gjeld språkutvikling og skoletilbod.
Men vi har hørt rykte om at noko er i ferd med å skje og besøkt Elgå skole, der vi traff læraren Eva-Kari Røsten.
- Det er sant, vi byrjar med samiskundervisning neste år og vi har også mange andre planar dersom vi får pengar til det. Etter mi meining er det dårlig at sjølv om vi bur i sørsamisk område og her bur ein del samar, så har det i det heile ikkje påverka skolen. Derfor har vi i dag ikkje eit brukelig tilbod til samiske elevar. Det er heller ikkje rett overfor dei norske elevane at skolen ikkje fortel noko om samekulturen, da denne er ein vesentlig del av nærmiljøet deira. Bare ein gang har vi vore i reingjerdet, da hadde vi ein elev som kom frå ein reindriftsfamilie. I dag har vi sju elevar, ingen av dei er samar. Samane som bur i skolekrinsen vår har no ikkje ungar i barneskolealder. Men dei har fire førskoleungar og dersom dei skal få ei brukbar opplæring når dei byrjar på skolen, da må vi førebu oss på dette no allereie.
Styresmaktene har tidligare truga med å stenge skolen dersom elevtalet går ytterligare ned. I fjor samla samiske og norske foreldre, lærarar, barnehagestyrar og skolesjefen i kommunen seg for å diskutere korleis ein kunne berge skolen og samtidig gjøre skolen betre istand til å fylle lokale behov. Dei starta ei arbeidsgruppe med Eva-Kari Røsten som leiar. Forslaga frå gruppa er no klare, og planen er godt mottatt både i kommunen, Hedmark utdanningskontor og Samisk utdanningsråd. No ventar dei bare på departementet si godkjenning og løyving. Neste skoleår skal dei starte med sørsamisk opplæring, først for barna og seinare og for vaksne.
Den einaste høgskoleutdanninga i sørsamisk i Noreg er halvårseining på Høgskolen i Levanger. Der er det dette året tre studentar, men før dei byrja, var det ikkje noko tilbod på fire år. Dei tre har alle fått stipend som tilsvarar halv løn, og når dei er ferdige må dei undervise i 2 l/2 år i sørsamisk område. Ein av dei er sørsame frå Elgå, og dersom Elgå skole får pengar til prosjektet, så skal ho frå neste år undervise i samisk der. I tillegg har dei tenkt at dei skal få fjernundervisning over bilettelefon frå Sameskolen i Snåsa.
Til startsida