Enno har eg tilgode å sjå noko samla historisk analyse av forholdet mellom venstrepartia, samerørsla og sameretten. Ei slik analyse bør gjørast - helst i eit samarbeid mellom folk med røynsle frå forskjellige organisasjonar og gjerne forskjellige samepolitiske syn. Dette vil kreve mye grundigare undersøkingar enn eg har gjort. Dette er bare eit personlig innlegg som kanskje kan bidra til ei slik analyse. Eg vil oppmode lesarane til å komme med kritikk og tilleggsopplysningar.
Eg som skriv dette er oppvokst i eit heilnorsk område, i utgangspunktet hadde eg verken kunnskap eller fordommar om samane da eg flytta til område med samisk busetting i 1973. Sidan har eg følgt og deltatt i debatten frå skiftande posisjonar på kysten og i innlandet, mest i Finnmark og litt i Troms. Eg gjør ikkje krav på objektivitet og nøytralitet i saka, ettersom eg har vore innom fleire av dei organisasjonane som blir nemnde i artikkelen.
Mitt utgangspunkt da eg møtte samar og samepolitikk var at eg hadde vore aktiv i anti-imperialistisk arbeid og anna arbeid for økonomisk, kulturell og språklig rettferd. For meg sto det klart at samane var utsatt for ei kolonialistisk undertrykking. Denne analysa var da nettopp i ferd med å spreie seg på venstresida. På 70- og 80-talet var det ingen på venstresida som sto fram med noko prinsipielt åtak på denne analysa, men store delar av venstresida forholdt seg relativt likegyldig til den samiske rørsla, i alle fall fram til Altakampen.
Altakampen var eit høgdepunkt, ikkje bare i samisk kamp og aktivisme, men og i radikalisering av den samiske rørsla, polarisering i samepolitikken og støtte til samiske krav på den norske venstresida. Etter at kampen var tapt som naturvernsak var det og relativt lite engasjement på venstresida for å føre vidare den delen av kampen som delvis var vunne; ei prinsipiell anerkjenning av at samar hadde uavklarte rettar til land og vatn og rett til eigen folkevald representasjon innafor rammene av staten Noreg. Da så Samerettsutvalet si innstilling om retten til land og vatn i Finnmark kom i 1997, sprakk den tilsynelatande semja på venstresida, først i SV, seinare også i RV. Dei bitre stridane frå 1997 blussa for fullt opp igjen rundt Finnmarkslova i 2005, der det var krefter på venstresida som stilte seg i spissen for å bekjempe lova.
Kolonistane innsåg tidlig at det var vanskelig å sikre seg varig og full kontroll over dette området så lenge her eksisterte ei befolkning som skilde seg ut med eige språk, kultur og religion og eigne måtar å utnytte naturen på. Kampen om områda kunne ikkje bare førast med makt, den måtte vinnast ideologisk, gjennom at samane etter kvart tok opp i seg storsamfunnet sin religion, språk, kultur og tankegang, og at dei kjente seg meir som nordmenn, svenskar, finlendarar eller russarar enn som samar. I denne kampen var skolen og kyrkja dei viktigaste midlene, elles blei alle sider ved statsapparatet og tilgjengelige media tatt i bruk. Sentralt i denne ideologien var at samar er eit tilbakeliggande, mindreverdig folk, med mindreverdig språk, kultur og levemåte, og at det norske står for sivilisasjon og framgang. Dette kom til uttrykk både som folkelige fordommar og som "vitskapelig" rasisme. (Sjå f.eks. artikkelen min "Folk og finn") Frå begge sider blei derfor kampen om naturressursane og kampen om kultur, ideologi og etnisk medvet to sider av samme sak.
Den andre er samar som blei assimilerte inn i storsamfunnet. Dei tok arbeid i næringar og bedrifter som kolonimaktene hadde innført. Der blei dei sosialiserte inn i den gjeldande tankegangen der og lærte seg raskt å undertrykke eventuelle motstridande tankar.
I desse miljøa utvikla arbeidarrørsla seg på Nordkalotten. Her finn vi mye av bakgrunnen for den veike støtta samiske krav har fått frå fagrørsla og arbeidarpartia i Nord-Noreg. Med denne bakgrunnen skal vi sjå nærare på utviklinga av samepolitikken til dei forskjellige partia på venstresida frå partia oppsto og fram til idag. -----------------------------
I tre tilfelle stilte DNA i nokre valkrinsar til val på program mot fornorskinga av samane. Dei første var i Aust-Finnmark 1906 og 1909. Da fikk ein allianse mellom samerørsla og arbeidarrørsla vald den samiske sosialisten Isak Saba inn på Stortinget. Fleire framståande samepolitikarar forsøkte i mellomkrigstida å arbeide innafor DNA, bl.a. Per Fokstad og Henrik Kvandal. Dei fikk generelt nokså liten støtte i partiet på fylkes- og landsplan. Eit sjeldant unnatak var at DNA i 1924 stilte til val i Finnmark med eit særskilt sameprogram. Om programma i 1906 og 1924 seier historikaren Henry Minde: "Programma hadde ikkje blitt utarbeida og diskutert i Partiet på regulær måte. Dei hadde blitt foreslått av den samiske rørsla før valet som eit tillegg til dei ordinære programma." (Dette er forøvrig eit fenomen som vi kan finne paralleller til i dei samepolitiske programma til andre parti i seinare tid.) Likevel er det slåande at dette programmet av 1924 fikk aktiv støtte av begge DNA-avisene i fylket.
For første halvdel av 1900-talet under eitt var det likevel fornorskingslinja som dominerte i DNA. Saba hadde f.eks. inga støtte i si egen partigruppe på Stortinget, bl.a. var DNA sin representant frå Troms, Alfred Eriksen, forkjempar for ei hard fornorskingslinje. Partiveteranen Chr. Holtermann Knudsen argumenterte mot reindrifta med at nomadisk liv ikkje harmoniserte med interessene til siviliserte samfunn, og DNA i Troms og Nordland motarbeida svenske samar sitt reinbeite på norsk side med både nasjonalistiske og sosial-darwinistiske argument. Nokre få kjente ikkje-samiske DNA-folk støtta samane mot fornorskingpolitikken. Blant dei var Martin Tranmæl, som holdt tale til det første samiske landsmøtet i 1917 og Edvard Bull og Gitta Jønsson, som markerte motstanden innafor den parlamentariske skolekommisjonen på 1920-talet.
Samepolitiske spørsmål kom i liten grad opp på den rikspolitiske dagsorden, og det var svært få av dei nasjonale leiarane som viste noko interesse for den samiske rørsla. Som parti utgjorde DNA ikkje nokon nokon opposisjon mot den regjerande samepolitikken i mellomkrigstida, og det blei heller inga endring da DNA fikk regjeringsmakta i 1935.
Den dominerande ideologien var at arbeidarklassen måtte stå saman på tvers av etniske skiljelinjer, og at ein måtte tone ned kulturelle skilje. Det som telte var arbeid, høgare lønn og modernisering. Samisk kultur og språk blei sett på som gamle fortidslevningar som sto i vegen for utviklinga av samfunnet. Aukande fattigdom i samiske kyststrøk fikk mange samar til å slutte opp om DNAs sosiale og økonomiske program, men her var liten plass for kulturelle og språklige særordningar. DNA er utvilsomt det partiet som har gjort mest for å få samar til å slutte opp om fornorskingspolitikken.
I Finnmark var DNA det fremste fornorskingspartiet, anført av Hans Rønbeck, og her blei det gitt uttrykk for meir negative haldningar overfor samisk kultur og språk enn det partiet sentralt kunne gå god for. Men også innafor DNA i Finnmark var det folk som arbeida for samiske interesser, som Harald Samuelsberg og tildels Hans Opstad, seinare bl.a. Steinar Pedersen og Leif Halonen. På 50-60-talet var det det gamle fornorskingspartiet Venstre som samla den sterkaste opposisjonen, som Lydolf Lind Meløy og Arvid Dahl (bl.a. ordførarar i Indre Finnmark), men utan at dette blei følgt opp av partiet sentralt.
Altakampen med kombinasjonen av naturvernsak og samesak gjorde at det oppsto ein allianse mellom samepolitikarar og venstresida i norsk politikk som ikkje hadde vore før, og som skulle vise seg ikkje å halde så lenge etterpå. Partia som var mot Altautbygginga var i all hovudsak dei samme som var mot EU i 1972 og 1994: sentrums- og venstrepartia KrF, V, Sp, SV, NKP, RV, mens fleirtalet og leiinga i H, A, og FrP støtta opp om utbygginga. Fleire leiande politikarar var aktive i aksjonen, og mange aksjonistar blei seinare aktive i parti som hadde støtta aksjonen. Ikkje alle politiske miljø som gikk mot utbygginga på eit naturverngrunnlag var like begeistra for at dei samepolitiske argumenta etter kvart fikk større vekt og at kampen mot utbygginga blei kopla til kamp for Sameting og Samerettsutval. Av partia var det i første rekke AKP/RV som heilhjarta støtta denne koplinga.
Da Sametinget blei oppretta i 1989, stilte DNA valglister, og har sidan heile tida vore Sametingets største opposisjonsgruppe. Denne gruppa har heile tida vore mellom barken og veden, mellom lojalitet til det samiske samfunnet og til partiet, som i store delar av tida har vore regjeringsparti.
Motsetningane innafor partiet er langt frå over, noko som kom klart fram i samband med Finnmarkslova. Blant partiet sine kommune- og fylkespolitikarar på kysten er det stor skepsis til at Sametinget skal få meir å seie, og nokre går så langt som å ville ta frå reindrifta gamle beiterettar. Ein kan seie motsetninga mellom DNA-representantar i dag ikkje er mindre enn da Isak Saba og Alfred Eriksen for 100 år sidan sto for kvar si fløy.
Samerettsutvalet si innstilling kom få månadar før nominasjonane til stortingsvalet 1997, og diskusjonen om sameretten skulle i fleire parti bli svært oppheita. I Finnmark SV blei ein førstekandidat kjørt fram på eit program mot samiske rettar og nominert med knapt fleirtal. Olav Gunnar Ballo fikk fritt ture fram med angrep på alt som smakte av samiske rettar og samisk bevisstgjøring. Resultatet blei at Ballo sigla inn på Stortinget på ei kampanje mot sameretten, samtidig som SV si oppslutning i Indre Finnmark fall til eit botnmål. Ballo sin samepolitikk har logge svært nært opp til FrP, bl.a. har han gått inn for at Noreg skal seie opp ILO-konvensjonen. Mens FrP ville beholde Statskog, godtok Ballo ei finnmarksforvaltning, forutsatt at Sametinget får minimal representasjon. Dette blei for drøyt for SV si stortingsgruppe, som hadde partiet sitt omdømme som radikalt sosialistisk parti å ta vare på. I konsultasjonane om Finnmarkslova i 2005 mellom Justiskomiteen, Sametinget og Fylkestinget var SV representert ved ein representant i justiskomiteen og varafylkesordføraren i Finnmark. Mens dei andre partane med unnatak av FrP-representantane i hovudsak kom til semje om eit forslag, markerte SV dissens på ganske mange område, ofte i lag med FrP. Der dei dissenterte var det konsekvent for å svekke dei samiske rettane i lova. Det viser at om ikkje Ballo-linja har slått fullt gjennom i SV, har motstandarane av sameretten klart å sette dagsorden i den grad at partiet står samla om å halde igjen på utviklinga av sameretten, usemja går ikkje på retninga, men kor konsekvent avvisande ein skal vere. Det paradoksale er at dette har kunna skje utan at denne omlegginga av SV sin fungerande samepolitikk nokon gong har vore vedtatt i valde partiorgan. Snarare tvert om, SV har ei gjeldande samepolitiske plattform, som uttrykker at partiet bygger samepolitikken på dei internasjonale konvensjonane som Ballo vil avskaffe, og i denne plattforma finn vi disse setningane som (trulig utilsikta) gir ei utmerka skildring av nettopp Ballo og SV i Finnmark: "At samene de siste tiårene har uttrykt eksplisitte krav om rettigheter, har skremt mange. Gamle fordommer har en tendens til å dukke opp straks spørsmålet om samiske rettigheter kommer på dagsorden."
Partileiinga virkar derimot å stille seg fullt og heilt bak Ballo, og har ikkje grepe inn mot at partiet sin stortingsrepresentant frå Finnmark fører ein samepolitikk stikk i strid med det partiet har vedtatt. Sjølv om ein del av dei samiske SV-arane meldte seg ut i 1997, er der framleis sterke krefter i partiet som ønsker ein samepolitikk i tråd med den samepolitiske plattforma. Så vidt eg har sett har SF/SV/SU/Ny Tid verken i denne perioden eller tidligare utgitt offentlig noko informasjons- og studiemateriale om samiske spørsmål.
I samband med første innstillinga frå Samerettsutvalget meinte AKP at Sametinget skulle ha meir makt, men støtta elles innstillinga. Da Samerettsutvalet si andre innstilling kom i 1997 var det også i Finnmark RV delte meiningar. Likevel vedtok eit fylkesmøte samrøystes støtte til utvalet si mindretalsinnstilling (Samisk grunnforvaltning), og RV sitt landsmøte vedtok å støtte samisk grunnforvaltning mot ei røyst. Da "Nei til Sameland" blei danna i Tana, starta RV valkampen på Tanabru med parola "Ja til Sameland". Da kommunane i Finnmark i 1999 skulle uttale seg om Samerettsutvalet, sprakk likevel Alta RV si kommunestyregruppe fullstendig, bare 1 av 3 representantar sto på RV sin vedtatte politikk. Da det første utkastet til Finnmarkslov kom i 2003 kritiserte RV sitt landsstyre dette hardt for ikkje å følge opp Samerettsutvalet, men tvihalde på staten si makt over samisk land. (RV sitt vedtak 2003) Da eit nytt utkast låg føre to år seinare, etter Stortinget sine konsultasjonar med Sametinget og Finnmark fylkesting, støtta RV dette, men kritiserte samtidig at havområda ikkje er med og åtvara mot mogleg privatisering. RV sitt vedtak 2005) Også i RVs landsstyre har enkelte representantar for Kyst-Finnmark gått mot fleirtalsynet i partiet i samiske spørsmål. (Etterlyser meir informasjon om dette.)
Mens den tidligare motstanden mot Samerettsutvalgets innstilling i hovudsak hadde gått på at samane og Sametinget fikk for mye makt, oppsto no ein ny motstand som tilsynelatande hadde eit heilt anna grunnlag. Finnmarkslovas punkt om kommisjon blei av fleire oppfatta som ein plan om privatisering av heile Finnmark, og det blei sett i gang ei kampanje med argumentasjon frå venstre, mot privatisering. I denne kampanja har den fremste drivkraft og initiativtakar vore Jarl Hellesvik, som har ført kampen i avisspaltene som politisk uavhengig på venstresida. Andre sentrale debattantar har vore Olav Gunnar Ballo og Alvin Vaseli som har ført den samme kampen innafor og dels på vegne av henholdsvis SV og RV. Ingen av desse fylkespartia erklærte støtte til kampanja, men dei tok heller ikkje avstand frå ho. (Tar eg feil her, så send meg evt. vedtak i fylkespartia.)
Etter kvart kom det klart fram at dette ikkje bare var snakk om motstand mot privatisering, men ein meir grunnleggande motstand mot hovudprinsipp i samepolitikken, både til den norske staten og til dei nemnde partia. Kritikarane tar ikkje standpunkt til om det i det heile kan finnast samiske bruksrettar verd å utgreie, men oppfattar det som eit trugsmål mot sin rett til å kunne bruke moltespannet, fiskestanga og hagla si kor som helst i Finnmark. Dei er ikkje eingong villige til å anerkjenne reindrifta sin rett til beite på Kvaløya. Både Hellesvik og Vaseli framstilte daverande Statskog-styre svært positivt, som Finnmarksallmenningen (JH) eller "felles eiendoms- og bruksrett til mesteparten av vår natur" (AV). Hellesvik har og stilt spørreteikn ved om samane er urfolk og ved legaliteten til Sametinget. Med å gå inn for folkerøysting i Finnmark om Finnmarkslova sa han at sameretten er ein rett ein kan sjå bort frå dersom fleirtalet av ikkje-samar i Finnmark ønsker det. SV hadde ei grundig intern behandling av Finnmarkslova, og i løpet av denne bevega partiet seg i retning av større anerkjenning av Sametingets representasjon. Dei godtok lik fordeling mellom sameting og fylkesting, noko som var eit hovudankepunkt for Ballo for nokre år sidan. Men i forhold til dei andre partia spelar i dag SV rolla som bremsekloss, bl.a. med å forsvare rettane til "allmennheten" utafor fylket og statens overstyring over Finnmarkseiendommen.
Bare i tida rundt og kort tid etter Altakampen kunne vi finne stoff av alle desse kategoriane. Etter 1990 har avisa knapt ytra noko om samepolitiske spørsmål som leiarplass, med unnatak av ein gong da avisa på Samefolkets dag gratulerte med dagen. Reportasjer skreve av journalistar i Oslo har som regel vore i form av konsentrerte reportasjereiser til Finnmark og/eller på grunnlag av tips/masing frå lesarar. Det dreier seg likevel om ganske få artiklar for året. Klassekampen hadde journalist på halvtid i Finnmark i nokre år rundt 1980, samt eit halvt års tid i 1988. Med unnatak av denne tida er nok flest artiklar produsert av korrespondentar / frilansjournalistar med tilhald nordpå. Dei aller fleste av dei som har forsøkt seg, har gitt opp fordi dei kjente seg dårlig behandla av redaksjonen. I dag er det vel ingen igjen som leverer slikt stoff. Det vil seie at dei dryppa som no i tida kjem i Klassekampen om samiske spørsmål, kjem stort sett i form av kronikkar og debattinnlegg. Men også her er det relativt lite, nettopp fordi ei avis som ikkje tar opp slike saker redaksjonelt, heller ikkje er så interessant for debattantar.
Gjennom mange år har det vore gjort forsøk frå ein del av avisa sine lesarar i Nord-Noreg på å påverke avisa til å skrive meir nordfrå generelt og om samiske spørsmål spesielt. Dette har gitt svært avgrensa resultat. Av dei skiftande redaktørar er det bare ein som har skilt seg ut som positivt innstilt til dette, men sjølv der blei det meir ord enn handling. Etter at han gikk av har det ikkje vore lyspunkt å sjå, og avisa si Oslo-innretning har blitt spikra fast. Det einaste noverande redaktør har uttalt er å gå bort frå forgjengaren sitt løfte om spalte på samisk. Det har så langt ikkje vore mogleg å få nokon dialog med redaksjonen. Dagens behandling av samiske spørsmål står i skrikande kontrast til avisa sitt engasjement for minoritetar og andre undertrykte elles i verda.
Dette er bare nokre bidrag til ei analyse, det er framleis mye som manglar, bl.a. fagrørsla si rolle lokalt og sentralt. Eg har forsøkt å samle informasjon om korleis dei forskjellige partia gjennom tidene har forholdt seg til samiske skolespørsmål. Dette er svært vanskelig å finne ut av, sidan partia si samarbeidsvilje er mildt sagt skrøpelig. Verken DNA, NKP eller RV/AKP har vore villige til å bidra med opplysningar. Eg vil oppmode alle som les dette og er interesserte i å vere med å utvikle denne analysa vidare til å ta kontakt med meg.
Svein Lund
sveilund@online.no