Kronikk i Klassekampen 17.09.97

Svein Lund:

Folk og finn

Diskusjonane om Samerettsutvalet si innstilling, dei nye samiske læreplanane for grunnskolen og ikkje minst ein omsynlaus valkamp har pusta nytt liv i glørne til anti-samiske haldningar i Finnmark

Konsekvensane kan bli store både for den samiske befolkninga over heile landet og for oss andre. Når bålet no flammar opp er det mange som deler på ansvaret, anten fordi dei aktivt har blåst til bålet eller fordi dei har latt vere å forsøke å slukke. Men det største ansvaret er det to parti som bærer: Partia med dei sterkt misvisande namna Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti. l denne artikkelen vil eg gå tilbake til røtene til dei rasistiske haldningane som enno i dag gjør seg sterkt gjeldande i dei norsk/samiske blandingsdistrikta på kysten.

«Det er forskjell på folk og finn.»
«Først folk, sia finna.»
«Det er godt nok for finnan.»
Dette er ei lita samling gamle nord-norske ordtak som seier litt om dei haldningane som har vore utbreidd blant nordmenn i Nord-Noreg. Men kor kjem disse haldningane frå? Den folkelige rasismen har ikkje oppstått av seg sjølv, men er nært knytta til den akademiske, vitskapelige eller kvasi-vitskapelige rasismen, med nære forbindelsar til statsmakta med «alteret, tronen og pengeveldet» eller «bibel, brennevin og bajonett».

Frå 1400-tallet starta europearane for alvor å erobre og legge under seg område i andre verdsdelar. Drivkrafta var jakta på mineraler, krydder og sjeldne varer som elfenbein og kvalrosstenner, seinare råvarer for industrien i kolonimaktene. I nokre av koloniane hadde kolonistane bare eit tynt skikt av kvite administratorar, misjonærar og militære på toppen. I andre koloniar tok koloniseringa form av ei massiv innvandring av kvite settlarar. Her blei ofte den opprinnelige befolkninga heilt eller delvis utrydda gjennom krig, jakt, sjukdommar og sult eller dei gikk opp i innvandrarbefolkninga gjennom blandingsekteskap der innvandrarkulturen dominerte.

Den norske rasismen er gamal og har klar samanhang med Noreg si rolle i indre og ytre kolonisering. I store delar av dansketida var Danmark ei kolonimakt, med koloniar i Afrika og Vest-India. Danske/norske skipsreiarar, handelsfolk og adel tjente store pengar på slavehandelen, og ein stor del av slaveskipa var norske. For å halde oppe denne inntektskjelda var det heilt naudsynt at dei «ville» svarte blei oppfatta som undennenneske.

Samtidig foregikk det ei kolonisering i nord. Der var det og undermenneske, dei var ville, hedningar og områda deira var rike på ressursar. Koloniseringa tok forskjellige former, som plyndring, skattlegging, handel, tvangsarbeid, kristning, nydyrking, fornorsking og ressursran.

Som dei amerikanske settlarane på prærien og dei engelske og nederlandske i Sør-Afrika fikk vi norske settlarar i Troms og Finnmark og svenske og finske i Norrbotten og finsk Lappland. Denne nydyrkinga blei på 17-1800-tallet kalt med sitt rette navn: kolonisering. «Vi har ett Indien i norr» er eit kjent sitat frå ein svensk adelsmann som på den tida propaganderte for at Sverige skulle utnytte «Lappmarken» bedre. For få år sidan feira ein i indre Troms 200-års jubileet for koloniseringa av Bardu og Målselv, mens ein i Spania og Latin-Amerika feira 500-års jubileet for Columbus. Skulle dei samiske områda i nord bli uomtvistelig norske, måtte befolkninga bli norsk. Derfor starta ein på l 700-talet ei målmedviten fornorsking. Ei tid vakla styresmaktene i kor hard og direkte fornorskinga skulle vere, men frå rundt 1880 var det full semje om at både hard og fullstendig fornorsking måtte til. Da blei det forbode å bruke samisk og kvensk i skolen og fleire generasjonar med samar møtte ein skole dei forsto lite eller ingenting av. Fornorskinga hadde som mål å få den samiske kulturen og det samiske språket til å forsvinne heilt. Dette blei bl.a. uttalt heilt klart av stortingsrepresentant, seinere statsminister lohannes Steen, Venstre, i ein stortingsdebatt i 1863: «Det er en misforstaaet Humanitet at søge at kalle tillive og nære denne Nationalitet.. Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes afden norske Nation.»

Det var vilt- og fiskeressursane som først trakk skandinavar nordover. Mineralutvinning i samiske område har røter tilbake til 1600-talet. Sør-Varanger var ein samiskdominert kommune heilt til jcrngruvene starta opp først på 1900-talet.

Koloniseringa hadde vore umogleg utan ein rasistisk ideologi, utan at denne rasistiske ideologien gjennomsyra statsapparatet og hadde stor gjennomslag blant folk flest i kolonimaktene og særlig blant settlarane, anten det no var i Rhodesia/Zimbabwe eller i Bardu/Beardu. Dei skulle bygge ut og oppretthalde eit redselsvelde ute. Samtidig skulle dei heime halde oppe ein rettsstat der folk heldt seg på plass i trua på at øvrigheita var av Gud eller seinare at dei levde i eit demokrati. Kristendommen forkynner nestekjærleiken og at alle er like for Herren. Dette hang sjølvsagt ikkje i hop. Det kunne bare henge i hop på eit vis; ved at dei svarte, brune, gule, raude, irar, samar, sigøynarar, jødar, muslimar, osv osv, dvs mesteparten av folka i verda, blei definerte ut av det gode selskapet og gjort anten til undermenneske eller ikkje-menneske.

Ein vitskapsmann i England heldt i 1866 eit foredrag i etnologisk selskap i London om rasane, som han delte inn i ville, halvsiviliserte og siviliserte. Om dei ville sa han: «De er uten fortid og uten framtid. Som andre langt edlere raser før dem, er de dømte til rask, total og ufrakommelig utrydding, hvilket kanskje er et ledd i menneskhetens høyere bestemmelse.» Dette synet hadde støtte heilt opp i toppen i dei store kolonimaktene:

Utrydding var ikkje bare teori, men praksis nesten overalt der europeiske statar la under seg mesteparten av Afrika, Amerika og Asia. I Tasmania i Australia blei urbefolkninga totalt utrydda slik at det ikkje finst ein einaste tasmanar igjen. I Amerika blei indianarane reduserte til en liten brøkdel, gjennom krig, sjukdommar og direkte jakt og massakrar som ikkje sparte nokon.

Slavehandelen og slavearbeidet på bomullsmarkene i dei amerikanske sørstatane la grunnlaget for den industrielle revolusjonen og for todelinga av verda i industrialiserte og ikkjc-industrialiserte land, i rike land og fattige land. Noreg var slett ikkje upåvirka av dette. Her er eit utdrag frå ei bok som kom i 1895: «De stakkars mennesker trenger bekledning og mye annet, som de kanskje ikke har hatt noen ide om. De har vært uvitende om hva et menneske behøver. Alle siviliserte folkeslag kappes om å lære dem det. Vi forlanger ikkc stort annet enn at de skal bytte varer med oss. Hvis de ikke har noe å gi i bytte, får de finne seg i å gi plass for folk som har større behov og derfor vil arbeide mer.»

Dette er første del av ein lengre kronikk. Les andre del


Til startsida

sveilund@online.no