Svein Lund:
Desse undermenneska kunne sjølvsagt bare bergas med å gjøre dei så like herrefolket som råd. «Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formå) at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt. Dette er et stort og varigt mål å arbeide for.» Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886.
«Disse unyttige og skadelig omløbende lapper er det just som man ønsker å få ryddet av landet... Denne forjagelsen kan ikke skje på annen eller bekvemmere måte enn at deres gammer eller torvhytter blir nedrevne og oppbrendte.» Amtmanden i Nordlandene, Knagenhjelm, 1776.
Eit av dei viktigaste virkemidla i fornorskinga var skolen, og der hadde ein ideologien i orden. To av dei fremste fornorskingapolitikarane vi har hatt, var skoledirektørane i Finnmark dei første tre tiåra av 1900-talet; Thomassen og Brygfjeld. Den siste sa det slik i 1923: «De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De .. hører til Finnmarks mest tilbakesatte og usleste befolkning ... så snart de har kastet kuften og komagene, og fått trøye og støvler på, vil de ikke lenger vedkjenne seg sin avstamning.»
Eit slikt mindreverdig folk hadde sjølvsagt og eit mindreverdig språk: Rundt år 1800 sa biskop J.C. Schønheyder om samisk språk at det var: «aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer» og «indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uoppdragne Mennesker i deres indskrænkende Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig.»
I 1920-åra var såkalla rasebiologi og rasehygiene fullt gangbar mynt i både politiske og vitskapelige kretsar i Noreg. I 1926 ga militærlegen Halfdan Bryn ut boka Troms fylkes antropologi i serien Vitenskapsselskapets skrifter, utgitt for Fritdjof Nansens fond. Der legg han fram resultat av skallemålingar og andre «rasebiologiske» undersøkingar på nordmenn, kvenar og samar i Troms og oppsummerer at «den norske race i Troms fylke for hvert aar som gaar blir mere og mere forurenset med fremmede elementer». I samme boka forsøker han å bevise at nordmennene kom før samane, ikkje bare til Troms, men og til Finnmark. Disse haldningane slo djupe roter i folkedjupet, og der blei dei ikkje borte om den offisielle ideologien endra seg. Dei siste 20 åra har den folkelige rasismen vore på tilbakegang, men mye tyder på at den no er i ferd med å få ein renessanse.
Den praktiske koloniseringa og den rasistiske ideologien gikk hand i hand. Frå sist på 1700-talet har innvandring av heilnorske nordmenn til samiske område blitt aktivt oppmuntra av styresmaktene. l 1902 kom ein jordlov som sa at den som skulle få kjøpe jord i Finnmark måtte beherske det norske språket og «anvende dette i daglig bruk». På samme vis gjennomsyra den negative haldninga til samar og det samiske bevisst og ubevisst alle sider av statlig og kommunal forvaltning; frå kyrkja til fiskeriforvaltninga.
Uttrykket «statlig rasisme» som i dag brukas mye om innvandringspolitikken og behandlinga av innvandra minoritetar er og fullt dekkande for behandlinga samane har vore utsett for. Den stadige rasismen overfor samane er heller ikkje borte, i den forstand at staten anno 1997 framleis fører ein politikk som uttrykker at samane er eit mindreverdig folk, den samiske kulturen ein mindreverdig kultur og det samiske språket eit mindreverdig språk.
Hovudmetoden i koloniseringa av Sápmi har ikkje vore våpenmakt, men å ta frå samane kulturen, språket, identiteten og trua på seg sjølve. Kampen om det kulturelle hegemoniet har vore heilt sentral i kampen om Sápmi. Ein hovudarena for denne kampen var og er skolen. Så seint som ved starten av grunnskolereformen. Reform 97, ville KUF fjerne dei samiske læreplanane som grunnskolen hadde hatt sidan 1988. Dette blei slått tilbake etter at Sametinget engasjerte seg i saka. l vidaregåande skole har DNA hatt meir hell med seg i kampen om å beholde og styrke det kulturelle hegemoniet over det samiske folket. Gjennom Reform 94 klarte dei å fjerne ein stor del av det særeigne ved dei samiske vidaregåande skolane, bl.a. gjennom å fjerne det einaste særeigne samiske grunnkurset og dei samiske studieretningsfaga på allmennfag. Gjennom Opplæringsloven vil dei gå enno eit skritt vidare og gjøre dei samiske vidaregåande skolane til ein ordinær del av det norske skoleverket gjennom å legge dei under fylkeskommunen. ILO-konvensjon 169 art. 27 slår fast at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningsverk. Men den norske staten har aldri vore i nærleiken av å oppfylle eller ville oppfylle denne.
Om ein samanliknar rasismen mot samane med rasismen som svarte i USA og Sør-Afrika, jødar i Tyskland osv. har vore utsette for, er det klare likskapar, men og ein stor forskjell: Samane i Noreg er norske statsborgarar. Dei har hatt røysterett sa lenge det har vore ålmenn røysterett i Noreg. Dei har hatt rett til skolegang, militærtjeneste osv. Dei har fått dei samme rettane og pliktene som nordmenn - til å vere norske. Det er ingen lovar som diskriminerer samar så lenge dei vil vere norske, på norske premissar. Samar har samme rett lil å starte gruveselskap og bygge fabrikktrålarar som Rio Tinto Zink og Kjell Inge Røkke. Når Hernes og Sandal snakkar om at vi må bygge skolen på den felles nasjonale kulturen definerer dei den norske kulturen, herrefolket sin kultur, som det som er felles. Den samiske kulturen blir ikkje-eksisterande som ein eigen sjølvstendig, likeverdig kultur. Han er i beste fall ein sær variant som ein kan spe på med som tillegg. Men han er ikkje noko verd som ein sjølvstendig kultur. Samiskspråk kan ein få lov å lære, men det gir ingen kompetanse når ein skal inn på høgare skolar. Ein minoritet er bare anerkjent som likeverdig om kulturen og språket deira og er anerkjent som likeverdig. Derfor står ikkje lenger kampen i første rekke om retten lil å vere like, men om retten til å vere forskjellige.
Til startsida