Bakgrunnen for mitt engasjemang i dette er at eg som fersk søring flytta nordover for vel 30 år sidan og sidan har budd i meir eller mindre samiske område, både i det såkalla "kjerneområdet" og i meir fornorska og oppblanda område. Eg var allereie da engasjert i bl.a. anti-imperialistisk arbeid og målsak og leste med stor interesse bøker om norsk kolonialisme i Sameland. Sentralt sto Per Otnes: Den samiske nasjon (1970) og Gutorm Gjessing: Norge i Sameland (1973), begge skrive av forskarar på venstresida. Analysa deira fann eg at stemte med det eg såg ettersom eg blei kjent med livet i samiske område.
Samtidig opplevde eg at det på store delar av den norske venstresida var eit svært avgrensa engasjement for samane si sak, tildels direkte motvilje, og det var få som hadde særlig djupe kunnskapar om samiske spørsmål. Nokre år seinare kom Altakampen, som for ei tid førte til eit samarbeid mellom den samiske rørsla og norsk venstreside, men sidan gikk denne alliansen etterkvart i oppløysing. Dei siste åra har vi sett at krefter på venstresida i Finnmark har vore blant dei skarpaste kritikarane av sameretten og samerørsla. Ut frå denne røynsla har eg sett behov for ei analyse av forholdet mellom samane og den norske venstresida gjennom tidene, og eg har forsøkt å samle ein del materiale om utviklinga innafor dei ulike venstrepartia og organisasjonane. Her er bare plass til ei kort samanfatting, for dei som ønsker meir detaljar og dokumentasjon viser eg til internett: http://sveinlund.info/sami/vsamelang.htm
Ved fleire høve stilte kjente sameaktivistar på Arbeiderpartilister. I nokre tilfelle fikk dei gjennom lokale valprogram mot fornorsking, elles fikk dei liten støtte i partiet på fylkes- og landsplan. Samtidig som Isak Saba, som stortingsrepresentant for DNA motarbeida fornorskinga, var andre DNA-representantar forkjemparar for hard fornorsking. Nokre få kjente ikkje-samiske DNA-folk støtta samane mot fornorskingpolitikken. Som parti utgjorde DNA ingen opposisjon mot den rådande samepolitikken i mellomkrigstida, og det blei heller inga endring da DNA fikk regjeringsmakta i 1935.
Etter krigen var dei fullstendig avvisande haldningane over for samisk kultur ikkje lenger gangbar mynt, og frå DNA sentralt og regjeringa blei det gitt uttrykk for ei meir positiv haldning til samane og samekulturen. I Finnmark var DNA det fremste fornorskingspartiet, og her blei det gitt uttrykk for meir negative haldningar overfor samisk kultur og språk enn det partiet sentralt kunne gå god for. Men også innafor Finnmark Arbeiderparti har det heile tida vore folk som har arbeida for samiske interesser.
DNA var som regjeringsparti ansvarlig både for å slå ned aksjonane mot Altautbygginga og for å sette igang utreiingsarbeidet som dei vona skulle hindre at ein kom i ein liknande situasjon igjen. Da Samerettsutvalet si første innstilling kom, som gikk inn for samelov og sameting, var det i starten stor motstand i DNA, men tilhengarane av innstillinga klarte å snu fleirtalet i Finnmarks-partiet. Da Sametinget blei oppretta i 1989, stilte DNA valglister, og har sidan heile tida vore Sametingets største opposisjonsgruppe. Gruppa har heile tida vore mellom barken og veden, mellom lojalitet til det samiske samfunnet og til partiet.
Motsetningane innafor partiet er langt frå over, noko som kom klart fram i samband med Finnmarkslova. Blant partiet sine kommune- og fylkespolitikarar på kysten er det stor skepsis til at Sametinget skal få meir å seie.
NKP byrja for alvor under og særlig etter Altakampen å engasjere seg for samiske rettar. Likevel har heller ikkje dette partiet stått samla om samepolitikk og det har ikkje vore uproblematisk å kjempe for samesak innafor partiet. Ingen NKP-ar har likevel offentlig gått mot samerettskrav og NKP er i dag trulig det partiet i Finnmark som står mest konsekvent for ein samerettspolitikk.
Når SV sine politikarar på 80- og 90-talet blei spurt om partiet sitt syn på sameretten, var standardsvaret at ein måtte avvente samerettsutvalet si innstilling. I ly av denne tilsynelatande semja fikk det utvikle seg ei stor usemje som slo ut i full blom da innstillinga endelig kom.
Samerettsutvalet si innstilling kom kort tid før nominasjonane til stortingsvalet 1997. I Finnmark SV blei Olav Gunnar Ballo førstekandidat på eit program mot samiske rettar. På dette sigla han inn på Stortinget, samtidig som SV si oppslutning i Indre Finnmark fall til eit botnmål. Ballo har bl.a. gått inn for at Noreg skal seie opp ILO-konvensjonen om urfolk. Sjølv om linja hans ikkje har slått fullt gjennom i partiet, har tendensen vore klar, bl.a. markerte SV under behandlinga av Finnmarkslova dissens på ganske mange område, ofte i lag med FrP og konsekvent for å svekke dei samiske rettane i lova.
Denne omlegginga av SV sin fungerande samepolitikk har skjedd utan vedtak i valde partiorgan. Partileiinga virkar likevel å stille seg fullt og heilt bak Ballo, og har latt han ture fram stikk i strid med partiet si vedtatte samepolitiske plattform. Sjølv om mange samiske SV-arane meldte seg ut i 1997, er der framleis sterke krefter i partiet som ønsker ein samepolitikk i tråd med den samepolitiske plattforma.
I RV/AKP/Klassekampen var Altakampen og sameretten høgt proritert, ei prioriteringa som heldt seg langt utover 1980-talet. AKP/RV sto, ved sida av NKP, som einaste norske parti lenge samla utad på eit samerettstandpunkt. AKP-tidsskriftet Røde Fane har gitt ut to spesialnummer om samepolitikk, AKPs samepolitiske program blei oppdatert i 1989 og AKP/RV har arrangert konferanse om samerett og ressurspolitikk.
I samband med første innstillinga frå Samerettsutvalget meinte AKP at Sametinget skulle ha meir makt, men støtta elles innstillinga. Da Samerettsutvalet si andre innstilling kom i 1997 vedtok både Finnmark RV og landsmøte støtte til utvalet si mindretalsinnstilling (Samisk grunnforvaltning). Da kommunane i Finnmark i 1999 skulle uttale seg om Samerettsutvalet, sprakk likevel Alta RV si kommunestyregruppe fullstendig, bare 1 av 3 representantar sto på RV sin vedtatte politikk. Da det første utkastet til Finnmarkslov kom i 2003 kritiserte RV sitt landsstyre dette hardt for ikkje å følge opp Samerettsutvalet, men tvihalde på staten si makt over samisk land. Da eit nytt utkast låg føre to år seinare, etter Stortinget sine konsultasjonar med Sametinget og Finnmark fylkesting, støtta RV dette, men kritiserte samtidig at havområda ikkje er med og åtvara mot mogleg privatisering.
Etter kvart kom det klart fram at dette ikkje bare var snakk om motstand mot privatisering, men ein meir grunnleggande motstand mot hovudprinsipp i samepolitikken, både til den norske staten og til dei nemnde partia. Bl.a. har fleire av kritikarane stilt spørreteikn ved om samane er urfolk. Med å gå inn for folkerøysting i Finnmark om Finnmarkslova uttrykte dei at sameretten er ein rett ein kan sjå bort frå dersom fleirtalet av ikkje-samar i Finnmark ønsker det.
Koloniseringa førte med seg ei kraftig innvandring av nybyggarar, gruvearbeidarar, fiskarar og fiskeindustriarbeidarar osv. som fikk sitt levebrød av at norskeigd næringsverksemd blei sett igang på tidligare samiskdominert område. Dei sto sjølvsagt ofte i konflikt med "sine" herrar og kapitalistar, men sto samtidig ofte saman med dei om at innflyttarane hadde rett til å fiske, dyrke jorda eller grave etter sølv og jern. I desse miljøa utvikla arbeidarrørsla seg på Nordkalotten. Her finn vi mye av bakgrunnen for den veike støtta samiske krav har fått frå fagrørsla og arbeidarpartia i Nord-Noreg.
Ei anna forklaring kan vi finne i diktet eg siterte frå i starten. Mange har engasjert seg på venstresida ut frå eigne interesser som arbeidarar, kvinner, studentar, distriktsbuarar, osv. Men den uretten dei ikkje har opplevd på kroppen har dei ikkje sett og endt med å "tåle så inderlig vel". Liksom menn i venstrepartia og fagrørsla har hatt vondt for å sjå den nære kvinneundertrykkinga, har dei norske hatt, og har framleis, vanskelig for å sjå sameundertrykkinga.
Svein Lund