Artikkel i Klassekampen oktober 1994. Delar av den sto i Min Áigi: Norgga vuosttaš giellaguovddáš doaimmas

Norges første samiske språksenter i drift

Siste veka i september skjedde ei historisk hending i Lakselv. Da starta det første språksenteret i Norge, og samtidig det første i Sameland. Det er Porsanger kommune som styrer senteret og pengane kjem frå staten gjennom Samisk språkråd.

Leavdnja / Lakselv - Svein Lund

Vi besøker klubbhuset til Lakselv idrettslag på torsdag. Der sit fire kvinner og sju små jenter. Jentene har blå og raude ulltrådar som dei flettar band av. Nokre brukar fire trådar. - Vi "ruvdet", forklarer dei. - Men dei som har sju trådar, dei "bárgidit". Sigdis Olsen og Dagny Larsen forklarer på samisk ka elevane skal gjøre. Jentene sin samisklærar Ingrid Steinlein er og med og hjelper til, i lag med språkkonsulenten i kommunen, Kirsten Porsanger.

- Mii du namma lea? (Ka heiter du?), spør eg ei av jentene.

- Marit, svarar ho blygt.

- Na ba goargu?

- Ka han sir nu? spør ho eleven ved sida.

- Etternavn, hjelper naboen til.

- Olli Helgesen

- Gos don orut? (Kor du bor?)

- Lakselv

- Mii dat lea sámegillii? (Ka heiter det på samisk?)

- In dieđe. (Veit ikkje)

- Man boares don leat? (Kor gamal er du?)

- Logi (Ti)

- Guhká go don leat lohkan sámegiella? (Kor lenge har du lest samisk?)

- To år - eh - guokte jagi.

- Elevane her får sjeldan høre og snakke samisk utafor klasserommet, forklarer Kirsten. - Tanken vår er at her skal vi bare snakke samisk, men det er ikkje alltid så lett. Det første trinnet er å venne seg til å høre og forstå. Her får elevane bli kjent med nye folk på samisk. Når dei så treff dei igjen, blir det naturlig å snakke samisk med dei. Etterkvart blir banda ferdig, men denne gongen skal dei ikkje brukas på tradisjonelt vis til skalleband. Ungane klipper dei i høvelige lengder og limar dei etter tur opp på ei trefjøl. Det skal bli eit skilt med teksten "Porsáŋggu sámi giellaguovddáš" (Porsanger samiske språksenter). No i startfasen har dei bare leigd eit rom som og brukas til andre aktivitetar, målet er å få ein eigen plass som dei kan innreie slik dei vil. Dagen før hadde dei tova kartankar og på veggen er det slått opp ein plakat med høvelige setningar for dette arbeidet på samisk og norsk.

- Vi byrjar forsiktig og vil utvide etterkvart, seier Kirsten. Denne veka har vi hatt tre dagar og kvar gruppe har vore her tre timar. Så vil vi arrangere tre dagar igjen om tre veker. Vi inviterer hit alle slags grupper av folk som lærer samisk, frå barnehage til vidaregåande skole og vaksenopplæring. Etter matpausa er det ei gruppe frå vidaregåande som har tur. Og i tretida er første veka over. Men ikkje før er elevane ute av døra, så er Kirsten og Dagny i full gang med å planlegge aktivitetane i veke 45. Da skal det bl.a. vere open dag der alle som vil kan komme og sjå kordan dei arbeider. Dagny skal lage mat. - Vi kokar gumppus (blodklubb), seier ho. - For det er det ikkje så mange som kan lenger.

Sjøsamekulturen i sentrum

- Kor kjem denne ideen om språksenter ifrå? Har dokker klekka ut dette sjølv? - For to år sidan hadde Sámi Allaskuvla (Samisk høgskole i Guovdageaidnu) kurs i andrespråkspedagogikk. Der var to lærarar frå Wales som fortalte om språksentra dei brukar for å lære engelsktalande ungar walisisk. Så der har vi plukka opp ideen og så prøvd å tilpasse den til våre forhold. Porsáŋggu Sámiid Searvi (Porsanger sameforening) har lagt fram forslaget overfor kommunen. Men både kvinnekonsulenten, næringssjefen, den tidligare språkkonsulenten og ordføraren har gitt ei kjempemessig positiv støtte. Utan det hadde det ikkje blitt noko språksenter.

Språksenteret skal ikkje vere ein stad det bare språket teller. Like viktig er det å ta vare på den tradisjonelle kulturen og overføre den til komande slekter. - Sjøsamekulturen er heilt sentral, fortel Kirsten. - Derfor er det viktig at folk som virkelig kjenner denne kulturen, slik som Dagny, kjem hit og forklarer for ungane og ungdommen. Vi hevar og statusen til kulturen når vanlige folk som ikkje har formell utdanning, men som er flinke i husflid, matlaging og fiske, får komme hit og undervise og får inntakt av det. Lærarar og språkkonsulentar kan ikkje drive språksenter åleine. Om vanlige folk ikkje bryr seg om dette, da kjem det ingenting ut av det.

- Alt skal ikkje skje inne i dette huset. Vi har tenkt å få tak i ein båt og ein skjå i fjæra og ein fiskar som kan lære oss om fiske og samiske ord knytta til fisket. Og så ønsker vi å reise rundt i kommunen og halde kurs. Vi startar allereie no i oktober i Børselv. Kanskje ideane også kan overføras til kvænskundervisninga.

Forbløffande positive

- Kommunen har vore forbløffande positiv, fortel Kirsten. - Eg hadde venta meir motstand, men ganske mye har endra seg dei siste åra. Formannskapet har samrøystes vedtatt oppretting av språksenteret og utnemnd styringsgruppe.

Kirsten arbeida som samisklærar i Lakselv frå 1977 til i fjor og hugsar godt kordan kommunepolitikarane tidligare motarbeida samisk. Da Porsanger for tre år sidan blei tilslutta forvaltningsområdet for samisk språk, var det mange kommunepolitikarar som var mot det. Men no er alle skilt på kommunehuset på tre språk, og alle synast å vere nøgde med at både samisk og kvænsk er i ferd med å få høgare status. Samarbeidet mellom samar og kvænar har og bedra seg.

- Språksenteret hadde ikkje vore mogleg om vi ikkje hadde fått pengar over Samisk språkråd, pengar som går til kommunane i forvaltningsområdet, seier Kirsten. - Ka brukar kommunen ellers språkpengane til? - Eg omset kommunale annonser til samisk og brev som kjem inn til kommunen på samisk omset eg til norsk. Ellers driv eg med omsetting etter behov. Til no er det ingen som har bede om å få sakspapira til kommunestyret på samisk, og derfor har vi ikkje prioritert slikt. Vi må prioritere det som er viktigast no, og det er å legge til rette for at så mange som råd får lære å snakke og skrive samisk.

- Samisk er i alle fall ikkje enno obligatorisk fag i skolane i Porsanger. Kor stor del av elevane les samisk no?

- I barneskolen er det omlag 40%, i ungdomsskolen og vidaregåande ein del mindre.

- Dokker har hatt mange samiskkurs for kommunetilsette og andre vaksne. Ser dokker noko resultat av disse kursa?

- Eg kan nemne eit par eksempel. Vi har lærarar som har gått på samiskkurs og som no sjølv underviser i samisk på nybegynnarnivå. Ein førskolelærar som har gått kurs er i dag leiar for den samiske barnehagen i Lakselv. Fire kommunalt tilsette studerer no samisk på Samisk høgskole.

Gáivuotna - lang veg å gå

Den einaste kommunen utanom Finnmark som har sluppe inn i varmen i forvaltningsområdet for samisk språk heiter no offisielt Gáivuotna suohkan - Kåfjord kommune. Etter lang fornorsking har no kommunen byrja på vegen til å gi samisk kultur og språk sin rette plass tilbake. Vi slår opp på "Gáivuotna" i telefonkatalogen for å ringe språkkonsulenten, men under G finn vi ingen Gáivuotna. På K derimot finn vi Kåfjord. Vi gir oss ikkje så lett og slår igjen opp på G. Da finn vi bare Gaivuona NSR, sameforeninga, og blir igjen forvist til K. Vi ringer opp og får svar: - Kåfjord kommune. - Får vi snakke med språkkonsulenten? (ring) - Giellakonsuleanta.

Språkkonsulenten heiter Klemet Anders Sara og kjem opphavelig frå Guovdageaidnu. Beteiknande for språksituasjonen i Kåfjord er at av dei tre språkarbeidarane som no er tilsett i kommunen er to frå Finnmark. Den tredje er frå Troms, men har lært samisk i Finnmark og snakkar Karasjokdialekt. Dei fleste samisklærarane kommunen har hatt har og vore finnmarkingar. Resultatet kan lett bli at om skolen bidrar til å redde språket, vil den lokale dialekten forsvinne om den ikkje kjem fram i skolen og ellers i offentlig samanhang.

Klemet Anders er svært opptatt av at samisken i Gáivuotna må bygge på dei lokale tradisjonene, som i første rekke er knytta til fiske og sauehald. Det nyttar ikkje at han bare formidlar den reindriftstradisjonen han sjølv har vakse opp med. Derfor held han no på med å lage ei lokal lærebok i samisk for grunnskolen. I nabokommunen Nordreisa er det no laga ei liknande bok berekna for vidaregåande skole.

Dei tre språkarbeidarane i Gáivuotna har mye på gang. Nett no held dei på med tospråklig skilting av kommunale bygg. Klemet Anders har laga eit forslag til hanlingsplan for innføring av språkreglane i kommunen. Planen er enno ikkje vedtatt av kommunestyret, men mye er allereie iferd med å bli satt ut i livet. Som i Porsanger er det enno eit mindretal av elevane som les samisk i skolen, og det er lite ein hører språket. Derfor har ein og i Gáivuotna starta språksenter. I tillegg vonar dei på ein leirskole med torvgammer som ein tidligare reindriftssame har planlagt å starte i Kåfjorddalen.

Kåfjord kommune har fått 1.7mill. frå Samisk språkråd, men Klemet Anders Sara er ikkje nøgd med det.

- Vi har fått under halvparten av det dei får i Guovdageaidnu. Den fordelinga kan vi ikkje vere samde i. Dei kommunane som ikkje har kome så langt skulle få mest så dei kunne få ein sjanse til å ta dei andre igjen. Dette synet nådde dessverre ikkje fram da Sametinget vedtok fordelinga av statsløyvinga til samisk språkarbeid, men det var et stort mindretall som ville prioritere oss opp. Kåfjord er ein kommune med stor arbeidsløyse, i tillegg er det mange som pendlar til Tromsø, men som heller ville jobba på heimplassen. Samtidig er det ein skrikande mangel på folk med kunnskapar i samisk, særlig skriftlig. Derfor ville ein del arbeidslause gjerne lære seg samisk som vaksenopplæringskurs. Kommunen støtta opp om dei, og ville gjerne arrangere kurset, men kunne ikkje betale dagpengar under kurset. Det måtte arbeidskontoret gjøre. Men det ville ikkje arbeidskontoret. Det var ikkje noko kurs som ga arbeid, sa dei. - Kor mange kurs er det ikkje arbeidskontoret arrangerer som få eller ingen får arbeid etter. Samiskkunnskapar er i dag ein av dei mest etterspurte kvalifikasjonar i Nord-Norge. Ikkje minst i ein kommune som vår, som ikkje klarer å fylle lovens krav fordi vi manglar folk med samiskkunnskapar. Så eg er ikkje i tvil om at her er det uvilje mot samisk som ligg bak.

______________________________________________

Dette er andre del av ein serie på tre artiklar om verknadane av språkreglane i Samelova.

Del 1 Samisk har fått status - men har fornorskinga snudd? (Guovdageaidnu)

Del 2 Norges første samiske språksenter i drift (Gáivuotna, Porsanger)

Del 3 Der asfalten sluttar, byrjar samane (Skånland) ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no