Artikkel i Klassekampen oktober 1994

- Der asfalten sluttar, byrjar samane

"Man skal ikkje grave længe før komogtippen stekk fram", sa bygdeboknemnda - og nedla arbeidet. Slik skildra ein lokal diktar først på 80-talet den haldninga mange samar i Sør-Troms hadde til sin eigen bakgrunn.

Skánit / Skånland - Svein Lund

For den som kjører gjennom Skånland kommune etter hovudvegen mellom Narvik og Harstad er det lite eller ingenting som tyder på at ein er i eit område der kanskje halvparten av befolkninga har samisk bakgrunn. Vi skriv kanskje, fordi fleire hundreår med hard fornorsking har gjort at mange har fortrengt den samiske bakgrunnen sin. Samisk kultur og språk er noko som ikkje synas offentlig.

- Der asfalten sluttar, der byrjar dei samiske bygdelaga - og dugnaden. Slik har Magne Einejord frå Skånland skildra dei såkalla markebygdene. No har rett nok ein vegstump inn i marka endelig fått asfalt, men ellers er det ei ganske presis skildring. Markebygdene har verken butikk, kiosk, kafe eller posthus, men dei har skolar, samfunnshus og barnehage. Og veglys, bygd på dugnad. Dugnad ligg og bak det meste av dei forbetringane folket her har fått. Det offentlige har mildt sagt ikkje forløfta seg her.

Underklasse i Norge - og i Sameland Fram til slutten på 1500-talet var samane den dominerande folkegruppa i Sør-Troms og Ofoten. Da starta ei storstilt innvandring av nordmenn sørfrå, og samane blei gradvis trengt tilbake til indre fjordstrøk og oppover dalane. Mange gikk og etterkvart opp i den norske befolkninga. Frå 1600-talet tok reindriftssamar frå innlandet meir og meir i bruk kystområda her til sommarbeite, og etterkvart slo mange av dei seg ned i sommarbeiteområda for godt. Det oppsto ein eigen fjord- og markebygdkultur av samansmeltinga mellom den gamle sjøsamekulturen og den reindriftsnomadiske kulturen. Dei fleste livnærte seg på jordbruk, oftast på den dårligaste jorda, mange blei og husmenn under norske bønder. Dei såkalla markasamane blei ein underklasse både i norsk og samisk samanhang. Dei blei sett på som andreklasses nordmenn og andreklasses samar.

Først på 1900-talet var her ein del tilløp til samisk organisering, men her som i resten av landet blei den samiske rørsla effektivt knekt tidlig på 20-talet. I etterkrigstida kom så den sosialdemokratiske likskapsideologien inn på godt og vondt. Markasamane skulle opp på nivå med andre nordmenn, men da fikk dei glømme at dei var samar. Mange valde den norske vegen ut, og fornekta det samiske. Etter krigen har svært få vakse opp med samisk som førstespråk i dette området. Men etterkvart byrja denne første "norske" generasjonen å sakne det dei hadde mista, og på 70-talet organiserte ein del av dei seg i lokale sameforeningar.

- Må ein til universitetet for å lære samisk? Den eldste kjente samiske skolehistoria frå dette området er misjoneringa først på 1700-talet, under leiing av Thomas von Westen. Nokre år seinare fortellas det om "finneskolar" i bl.a. Astafjord og Salangen. Seinare blei det ordinær norsk skole, der det ikkje var plass for verken samisk språk eller kultur. Først i 1981/82 blei samisk gitt som valfag, med 2 elevar. Men dette spede forsøket varte bare eit år, og så var det slutt fram til 1987.

Asbjørg Skåden, som i dag er samisklærar ved Boltås og Trøssemark skolar i Skånland, fortel kordan det starta der:

- Det var våren 1987, eg heldt på å studere samisk på universitetet. Så kom sonen min som gikk i 4. klasse og spurte: "Mamma, må eg og dra til Universitetet for å lære samisk?" "Nei", svarte eg, "det må gå an å få samisk i skolen her og." "Da skal eg ha samisk", sa han. "Men du må rekne med å bli aleine", svarte eg. Så for han ut og ein times tid etter kom han tilbake med ein kamerat, som erklærte: "Eg skal og ha samisk!" Dette måtte vi jo gjøre noko med. Og det gjorde vi, vi starta opp med 9 elevar på tre forskjellige skolar, frå 3. til 9. klasse. Frå starten var det mye motvind frå mange kantar. Vi fikk heller ikkje den støtta vi hadde venta frå samisk hold. - Vi fann ut at her trengtes det informasjon. Den laga elevane sjølv, reiste til Tromsø heile gjengen og leverte til Statens utdanningsdirektør. "Vet du hva en markefinn er?", heitte heftet dei laga. Ei veke etter fikk vi brev frå KUF om at dei ville vi skulle komme og orientere dei og. Så var det innsamling, tigging og søknadar og lotteri for å få inn pengar. Og vi til Oslo. Ungane sto sjølv for orienteringa, fortalte om historia, kulturen og språket til ein del av samane som dei knapt hadde hørt om før. Vi blei godt mottatt, og lokalavisene fortalte frå reisa. Men etterpå kom reaksjonane frå ein del bygdefolk. Dei sende anonyme innlegg til lokalavisene og protesterte mot at det samiske blei trukke fram. "For dette er jo ikke noe språk", som ein skreiv. - Ikkje lenge etter kom neste saka. På Trøssemark skole hadde elevane lært ein song på samisk. Da vedtok eit fleirtal i foreldrerådet at samisk sang ikkje skal forekomme for ettertida. "Vi vil ha slutt på at en liten gruppe samer forsøker å lure inn samisk bakveien. Dette opplever vi som trakassering", sa leiaren for samarbeidsutvalet. Eit fleirtal, om ikkje alle disse foreldra er sjølv samar. Men samtidig har vi fått støtte frå skolekontoret. Skolestyret har derimot ofte vore ein bremsekloss. Eit problem for oss er at elevane aldri kjem opp i situasjonar der dei må bruke samisk. Derfor ville vi dra på tur til Nuorgam i Finland. Alt var klart til å dra. Men så er det ein regel som seier at vi må ha godkjenning frå skolestyret for å ta elevar med ut av landet. Og det nekta dei å gi, så vi måtte sitte heime. Derimot fikk dei med spansk valfag dra til Spania.

- 5 av 6 skolar i kommunen har no samiskundervisning, tilsaman omlag 30 elevar i grunnskolen. Alle elevar som ønsker samiskundervisning og får foreldra si godkjenning får det. Eg veit om elevar som ønsker samisk, men foreldra nektar å skrive under. Frå 7. klasse velger dei sjølv. Derfor har vi elevar som startar med samisk først i 7. klasse. Her finst foreldre som sjølv har samisk som førstespråk, men ungane deira har ikkje samisk på skolen. Det virkar som ein ikkje sett pris på språket før ein har mista det.

- I fjor satte skolestyret ned eit utval som skulle vurdere samiskundervisninga i Skånland. Det var dei som var skeptiske til samiskundervisninga som ville ha dette utvalet, for å halde oss samisklærarane i tømme. Men vi klarte å snu det til ein god ting, og handlingsplanen som no er vedtatt vil på fleire område kunne bety ei styrking av samiskundervisninga. Eit av stridsspørsmåla i utvalet var ka ein skulle gjøre ettersom dei 5 ungane som no veks opp i kommunen med samisk som morsmål kjem inn i skolen. Fleirtalet i utvalet meinte dei burde undervisas i samme klasse som dei andre elevane, med ekstra lærar som sørga for at ho fikk undervisninga på samisk. Her valde skolestyret å skyve problemet frå seg og vedtok at dei kan integreras "etter behandling i foreldreråd og samarbeidsutval". I haust byrja den første eleven som skulle få undervisning på samisk. Ho blei møtt med vedtak om at "Foreldrerådet vil ikke akseptere at det igangsettes integrert samisk undervisning ved Boltås skole fra høsten 1994." Resultatet blei at jentungen må undervisas heilt åleine for å verne dei andre ungane mot det farlige språket. Til samanlikning byrja det og ein bosnisk elev her som ikkje kan norsk. Ho blir derimot integrert og har med støttelærar som omset for ho. Men det er vel ikkje like farlig med serbokroatisk. Smittefaren er trulig mindre.

Ingen lokale læremidler.

- Den samiske dialekten som snakkas i Sør-Troms / Ofoten er ganske forskjellig frå skriftspråket, som for det meste bygger på dialektane i indre Finnmark. Dersom vi bare underviser etter skriftspråket og ordforrådet i Finnmark, vil elevane ikkje kjenne igjen det språket besteforeldra snakkar. Da vil vi og lett kunne bygge opp om den utbreidde vrangforestillinga om at språket vårt ikkje er riktig og ikkje like bra som Finnmarkssamisken. Derfor forsøker vi å bruke den lokale dialekten som grunnlag. Men det fins ikkje meir enn ei einaste bok som er skreve på dialekta, og mange lokale ord finst ikkje i dei samiske ordbøkene. Dermed blir det å lage mye sjølv. Men samiskundervisninga i Skånland er noko mye mer enn å lære ord og grammatikk frå bøker. Samiskundervisninga skal springe ut av eit lokalt fundament og styrke dette. Derfor legg vi stor vekt på å ta opp lokale tema som husdyr og gardsdrift, landskapstermar og stadnamn. Vi samlar sjølv inn frå eldre folk. Da drar vi ut til dei i lag med elevane eller får dei inn i skolen. Vi har og det vi kallar "minispråkbad"; vi drar ut på forskjellige stader frå skolen sluttar ein dag til slutten på neste skoledag. Da snakkar vi bare samisk. Vi ser det slik at vi driv pionerarbeid og elevane våre er ein fortropp i å gjenreise det samiske i området.

Språkloven eit tilbakeskritt

- Vi som er definert utafor forvaltningsområdet opplever at språkloven blir brukt mot oss. Når vi stiller krav får vi til svar at vi har ingen rettar, vi er jo ikkje i forvaltningsområdet. I dag virkar det som det nærmast ikkje er lov å undervise i samisk utafor dette området. Det seier Ardis Ronte Eriksen, samisklærar på Skånland videregående skole. Ho har vore leiar for eit utval som Sametinget sette ned i fjor for å utreie ka som kan gjøras for å styrke samisk språk i Sør-Troms / Ofoten. - Utafor forvaltningsområdet får ingen elevar samiskundervisning utan at foreldra krev det, og så må det vere 3 elevar ved samme skolen "med samisk talemål". Vi må få eit heilt anna rettsvern. Det største problemet er vel likevel lærarmangelen. I Skånland er vi relativt godt stelt, fleirtalet av samisklærarane har godkjent utdanning og resten er godt igang. Alle snakkar dei den lokale dialekten. I dei andre kommunane i området er det atskillig verre. Den "normale" læraren her kjem frå Indre Finnmark og har verken pedagogisk utdanning, høgare utdanning i samisk eller særlig kjennskap til lokal dialekt. Vi ser klar samanhang mellom lærarmangelen vår og staten sine stimuleringstiltak for Finnmark og Nord-Troms. Dei får skattelette, avskriving på studielån og lettare studiepermisjon med lønn, mens vi får ingenting av dette. Det er dermed omtrent umogleg for oss å trekke nyutdanna lærarar frå Samisk Høgskole i Guovdageaidnu hit.

Utvalet har reist ei rekke forslag for å styrke samisken sin stilling. Samane i dette området må bli synlige, både i norsk og ikkje minst samisk samanheng. I dag finst det i heile Sør-Troms / Ofoten ikkje ein einaste arbeidsplass verken i offentlig eller privat sektor med samisk språk eller kultur som hovudarbeidsområde. Utvalet ønsker i første rekke ein språkkonsulent og distriktskontor for Samisk Utdanningsråd, Sameradioen og ei av dei samiske avisene. Derimot stiller dei ikkje kravet om å komme inn under forvaltningsområdet for språkreglane. - Hadde eg vore regjeringssjef hadde eg vore sjeleglad for å kunne redusere det samiske spørsmålet til eit geografisk problem, seier Ardis, og slår fast at det er akkurat det regjeringa forsøker. - Det er ein av grunnane til at vi ikkje stiller kravet om å komme inn i forvaltningsområdet. Vi kunne kanskje klart å fått Skånland kommune innafor, men det ville bare forverra stoda for dei andre kommunane i området. Det finst ein del av reglane som bør bli gjeldande for oss og for alle område med samisk busetting. Eg tenker bl.a. på retten til opplæring i samisk med lønn for kommunalt tilsette. Derimot er spørsmålet om tospråklig administrasjon ganske irrelevant for oss. Ka skal for eksempel Skånland i dag med samiskspråklige kommunale papir. 7-8 ville lese det, og 2-3 av oss ville vere omsettarar for dei andre. Det ville ikkje vere forstandig bruk av pengar.

Sameaktivistane i Skånland og elles i Sør-Troms kjem stadig tilbake til at dei må slite for å gjøre seg synlige ikkje bare innafor det norske storsamfunnet, men og i samisk samanhang. Særlig er Ardis skuffa over Sameradioen: - Dei sørlige nordsamiske dialektane kjem dårlig fram i Sameradioen. Radioen har ikkje forstått rolla si i språkoppbygging. Folk gir opp å høre Sameradioen når dei aldri hører si eiga dialekt. Det er og viktig at andre hører dialekta vår og venner seg til ho. Da vil ein forstå kvarandre bedre på samisk når ein møtas. Samiske institusjonar i Indre Finnmark har lett for å oversjå oss. Men dei treng oss og, sjølv om dei ofte ikkje ser det i dag. Indre Finnmark er for lite område til at eit språk kan utvikle seg. Ein må ha større breidde. Vi har ein del språklige trekk som er bedre bevart enn i Finnmark. Samtidig som vi har meir låneord på nokre område, har vi eit rikare ordforråd av samiske ord for jordbruk, der ein i Finnmark brukar norske eller finske låneord. Skal samisk vere eit allsidig språk, er det ikkje nok at språket snakkas i reindriftskommunar. Ein må ha med jordbruksområde for jordbruksorda og fiskeriområde for sjøorda.

Undersøkingar som utvalet har gjort syner eit enormt opplæringsbehov som tidligare ikkje har kome offentlig fram. I seks tilfeldig valde bygder med samisk fleirtal synte det seg at over 80% av alle under 40 år ønska å delta på ei eller anna form for samiskopplæring. I dag er det eit lite mindretal av desse som får noko høvelig tilbod.

___________________________________________________

Dette er tredje del av ein serie på tre artiklar om verknadane av språkreglane i Samelova.

Del 1 Samisk har fått status - men har fornorskinga snudd? (Guovdageaidnu)

Del 2 Norges første samiske språksenter i drift (Gáivuotna, Porsanger) ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no