Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 1 - 1978.
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Dette intervjuet er en del av eit større oppslag om Sjøsameaksjonen i Porsanger. Av dette er her gjengitt intervjua med "sjøsamesjefen", Hagbart Julius Leonardsen og med leiar for Nordkapp Sameforening, Ivar Utsi

Denne artikkelen på samisk.

Svein Lund:

"Sjøsamesjefen": - Samane skal ikkje ha nokon særrettar

For å finne ut kva leiarane for «Sjøsameaksjonen» sjølve meiner og kva aksjonen driv med, dro vi til Olderfjord. Der traff vi «sjøsamesjefen» sjølv, H.J. Leonardsen, heime på småbruket, og vi spurte han kvifor «Sjøsameaksjonen» er starta.

«FLYTTSAMANE HAR STARTA KRIG MOT OSS!»

— Vi som bur på kysten har hatt våre rettar her i uminnelege tider, men nå vil reindrifta hamse til seg alt. Flyttsamane har inntatt ein utspekulert gjetetaktikk, og nå har dei starta ein rein krig mot oss. Dei driv reinen inn på moltemyrane og jordene. Talet på sauer heromkring har gått kraftig ned dei siste åra, vesentleg på grunn av reinplagen. I sommer tapte eg fleire tusen kroner fordi eg ikkje kom meg ut på fiske, men måtte vere heime for å holde reinen utafor gjerdet. Dette er mye av bakgrunnen for at «Sjøsameaksjonen» blei danna. Reineigarane vil hevde at dei har rett til all umatrikulert grunn i Finnmark. Det er ikkje tilfelle. Eg kan vise til ei rettssak i 1692 i Talvik i Alta. I denne tida hadde sjøsamane og rein, og dommen ga «sjøfinnene» rett til å skyte ned «fjellfinnene» sin rein om ikkje denne blei holdt unna beiteområdene til sjøfinnane. Fjellsamane må nå innse at fjellet er statens grunn. Samane skal ikkje ha nokon særrettar.

— Kva meiner så "Sjøsameaksjonen" må gjørast?
— Det må bli ein meir effektiv kontroll med reindrifta. Fjellpolitiet må styrkast. Vi stiller krav til den nye reindriftslova om at gjeteplikten må oppretthaldast og at det skal vere rett til nedskyting av rein utafor det lovlege beiteområdet.

— Men vil det ikkje vere eit tilstrekkeleg tiltak om staten sørgar for skikkelege reingjerder?
— Skal staten gjerde inn alle stader der det trengs, trur eg den norske staten vil få for lite pengar.

«FJELLSAMANE VIL IKKJE SAMARBEIDE»

— Har de prøvd å bruke dei samiske organisasjonane til å løyse problema dykkar?
— Vi har ikkje prøvd å ta opp saka direkte med NSR. Porsanger Sámiid Searvi skulle arrangere eit møte i haust, men dette blei utsatt. Fjellsamane vil ikkje samarbeide. Eg har sjølv mange ganger vore oppe hos fjellsamane for å snakke dei til rette, men det nyttar ikkje.

— Kva for planar har "Sjøsameaksjonen» framover?
— Vi skal halde eit massemøte snart. Der er det mogleg namnet blir endra til «Kystfolkets aksjon». Vi vil bort frå namnet «Sjøsameaksjonen» fordi ikkje alle som bur her omkring er samar, og mange som er samar vil ikkje vedstå seg at dei er det.


Til startsida

sveilund@online.no