Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 2 - 1978.
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.
Dette intervjuet er en del av eit større oppslag om Sjøsameaksjonen i Porsanger. Av dette er her gjengitt intervjua med "sjøsamesjefen", H.J.Leonardsen og med leiar for Nordkapp Sameforening, Ivar Utsi.
Denne artikkelen på samisk

. Svein Lund:

Formannen i Nordkapp Sámiid Searvi: "Sjøsameaksjonen" tener ikkje samane sine interesser

— «Sjøsameaksjonen» brukar gal måte. Dei skulle vendt seg til myndighetene og krevd hjelp til å gjerde inn når dei ikkje maktar det sjølve. «Sjøsameaksjonen» rettar seg mot reineigarane, og det er ikkje dei som trugar næringsgrunnlaget for småbrukarane.
Det er Ivar Utsi (Juhan-lvvar) frå Repvåg som seier dette til Sámiid-Hilat. Han er formann i Nordkapp Sámiid Searvi. Han har vore snikkar, småbrukar og fiskar, men er no pensjonist. Ivar Utsi fortel vidare om grunnlaget for at «Sjøsameaksjonen» kunne oppstå og om kløyvinga mellom ulike næringsgrupper blant samane.

TILBAKEGANG FOR JORDBRUKET

— Jordbruket har gått kraftig tilbake her omkring dei siste åra. I Kåfjord og Repvåg er det ikkje sau igjen og i Olderfjord-Smørfjord området har talet på sauer og kyr gått kraftig ned. «Sjøsameaksjonen» hevdar at denne nedgangen for jordbruket er reindrifta si skyld, men det er ikkje rett. Når folk har slutta med jordbruk er det fordi andre næringar har vore meir lønsame. Vi ser jo samme utviklinga mange stader der det ikkje fins rein og.
Det meste av Smerfjord-Olderfjord-området er fellesbeite for sau og rein. Einaste unnataket er Bringnes, som er reservert for bufe. Men det er ikkje skikkeleg gjerde, så reinen kjem lett ut dit. Eg forstår godt problemet til dei fastbuande samane i Smørfjord—Olderfjord, men det er gale av dei å bli avundsjuke på fjellsamane bare fordi dei har fått litt støtte. Sånn virkar «Sjøsameaksjonen» som ei god støtte for myndighetene i angrepa på reindrifta. Nei. det er myndighetene som har delt samane. Før var det ingen grenser. Nå er vi splitta gjennom landegrenser, og næringsgrupper blir satt opp mot kvarandre.

— Kva seier du til påstanden om at reinen øydelegg moltemyrane?
— Tøv og vas. Her har jo vore rein i mange generasjonar. Da er det rart at først nå skal reinen få skylda for å øydelegge moltemyrane. Når moltehausten har vore så dårleg dei siste åra, er det værforholda som rnå ta skylda.

TILBAKE TIL 1800-TALET!

— «Sjøsameaksjonen" krev gjeteplikt for rein. Dette vil vere å gå tilbake til 1800-talet da ein gikk og gjeta både ku og sau og rein. I dag er beitemarkene for ein stor del innhegna så ein veit kor dyra er. I min barndom var det ikkje gjerder. Men vi hadde reinpoliti som undersøkte om bufe-beitet var øydelagt av rein en. Dei høgare folka kosa seg, mens flyttsamar og sjøsamar krangla seg imellom.

MYNDIGHETENE HAR IKKJE LETT FOR Å OPNE SEKKEN

— Det har vore mye skriveri om ørn og rein og erstatningar i det siste. Kva meiner du om denne diskusjonen?
— Det har blitt ein kraftig hets mot reindriftssamane på grunn av krava om erstatning for tapte rein. Eg synes ikkje dette er rett. I forhold til det som går tapt er det lite dei får erstatning for. Nei, myndighetene har ikkje lett for å åpne sekken. Det blir slått så stort opp om all reinen som ørna skal ha tatt. Mye av dette er sikkert gått tapt på annan måte, sjolv om det blir ført opp under ørnetap. Noko de kanskje ikkje vil tru er at kråka kan vere like ille, kanskje verre enn ørna. Når det er svake kalvar som dett saman og ikkje orkar å gå, er kråka der med ein gong og hakkar ut auga og endetarmen mens dyret enno lever.

— Har de tatt opp «Sjøsameaksjonen" i Nordkapp Sámi Searvi?
— Nei, vi syntes aksjonen var så skitten at den ikkje var verd å ta opp!

— Har du noko å seie til slutt om korleis ein kan løyse slike konflikter som denne?
— Alt på samekonferansen i Karasjok i 1956 blei motsetningane mellom flyttsamar og sjøsamar drøfta. Der slo ein fast at dei må løysast ved at partane diskuterer seg imellom og saman reiser krav om løyvingar frå myndighetene. Kløyving innafor samefolket fører ikkje noko godt med seg. Dei som står bak "Sjøsameaksjonen" er nok samar av avstamming, men dei har ikkje sameånd. Skal samefolket vinne fram, er vi nøydd til å stå samla.


Til startsida

sveilund@online.no