Reportasjeserie frå Lebesby kommune i Finnmark, Klassekampen hausten 1997. Dette er del 3 av 3.

Kultur gir trygghet

- Dei siste åra har vi innsett at skal vi overleve her, må vi ta utgangspunkt i det samiske.Også den norske delen av befolkninga har no byrja å anerkjenne det. Eg trur det samiske står sterkt. Kvar gang det blir kjørt ut mot det samiske så styrkar vi oss. Identiteten blir bare sterkare og sterkare.

Av Svein Lund, Davvesiida / Lebesby

- Skal du skrive om samisk kultur i Lebesby så må du snakke med han Edmund Johansen på Kunes, sa Gudmunn Vevang som vi møtte i Kifjord. Nokre timar seinare blir vi hjartelig tatt imot av han Edmund og kona Eli.

Edmund er trulig kommunen sin einaste profesjonelle duojár eller samiske kunsthandverkar. Edmund skjærer det utruligaste ut av all slags tre og før vi drar vidare er lommeboka blitt atskillige hundrelappar tynnare. Da har vi og handla med Eli, som vever og strikkar vottar i tradisjonelle samiske mønster. Ved sida har ho deltidsjobbar både her og der. Når vi kjem inn i stua ligg den nye og omstridte samiske læreplanen på bordet. Læreplanen er gjennomillustrert med samisk kunst og eit av bileta viser eit kunstverk som Edmund har laga. “Kultur gir trygghet” heter det, og viser ein fugl som har bygd reir i ein komag. For dei som treng ei forklaring er komag eit samisk fottøy som ofte blir brukt som eit symbol på det samiske i kystområda.

Spørsmålet om kor lenge Edmund har dreve med duodji og kor han har lært det har ikkje noko enkelt svar. - Bestefar og onkel dreiv med all slags trearbeid, som sveiping, lagging, båtreparasjonar, auskar, tollepinna, innreiing av fjøs osv. osv. Kem som er oppvokst her som ikkje er oppvokst med kniv og øks? Vi måtte vere oppfinnsomme, vi skapte ting etter behov. Vi bygde hestesledar, kjelkar, neverkorger til å plukke bær i. Om ein kom til ei moltemyr og ikkje hadde ryggsekk med, vel så tok ein kniven og laga ryggsekken i myrkanten. Alle kunne det, det var ikkje noko eige yrke eller profesjon. Det er det som er grunnlaget for sámi duodji. Men ka har det blitt i dag, sjå det er noko anna. No er det meir kunsthandverk enn brukskunst.

- Enno finst det eldre folk som kan mye. Men dei er ikkje sjølve klar over verdien av det dei kan. Det er skremmande kor fort mye går i glømmeboka.

Kem har kompetansen

? Bortsett frå det Edmund lærte av familien i oppveksten, så er han sjølvlært. Noko formell utdanning har han ikkje og heller ikkje saknar han det. - Nei, formell utdanning, det er det verste eg hører. Vi som har jobba med dette heile livet, vi har spisskompetanse, levande kompetanse. Men i utdanningssamfunnet blir vi ikkje anerkjent. Det var eit kurs i duodji, vaksenopplæring for fagbrev. Til å undervise måtte dei finne ei eldre dame som kunne det tradisjonelle handverket. Men ho fikk ikkje skrive namnet sitt på vitnemålet sjølv om det var ho som hadde undervist. Kunnskapane finst i lokalmiljøet. Det er der ein må hente dei.

Dei siste fire åra har Edmund dreve som duojár eller kunstnar på heiltid, og no går det brukbart å leve av det. Han og kona jobbar mye i lag, men med kvar sine materialer.

Levande kultur

- Det finst ein del ivrige kulturarbeidarar som har misforstått den samiske kulturen si rolle. Dei meiner vi skal ikkje lage noko nytt, noko som er frå våres tid. Men da er kulturen død. Ein må vere kreativ og lage noko sjølv. Ettertida skal ikkje seie om oss at vi bare kopierte. Den samiske kulturen har alltid vore i utvikling. Sølv og silkekofta er no anerkjent som samiske kultur, sjølv om det ikkje er laga av lokale materialer.

Samisk bygd med samhold

Når vi spør kor mange som er samar på Kunes, forstår vi snart at spørsmålet er feil stilt. Spørsmålet skulle vore kor mange som ikkje er samar, for det er bare to familiar, tilsaman eit tital av dei 80 innbyggarane.

- Dei aller fleste føler seg som samar, i alle fall i dagliglivet og i trygge miljø. Folk er schizofrene i forhold til kulturen, norsk kultur har og blitt del av kulturen deira. Mange er både-og, og det må dei få lov å vere. Det er viktig at ein ikkje blir tvungen til å vere enten-eller eller verken-eller. Men når vi kjem til Indre Finnmark føler vi ofte at vi ikkje blir godkjent som samar. Det har aldri vore enkelt å komme ut og vere same. Så riktig kulturelt trygge på seg sjølv er vel folk her bare på sin eigen heimplass.

- Men kor har det blitt av det samiske språket? - Dei fleste eldre frå 50-60 år og oppover kan samisk, foreldregenerasjonen deira var eit reint samisktalande miljø. Samisk tankegang er meir bevart enn språket. Vi uttrykker oss på ein samisk måte, sjølv om vi gjør det på norsk. Det er ikkje mange år sidan det å vere samisk fikk nokon verdi, ein kan ikkje vente at folk skal snu over natta. Vi må bruke tid. Vi som står fram for det samiske får stå på og ikkje fyre under dei negative reaksjonane, ikkje la oss rive med.

Eit einaste år har her vore forsøkt satt igang samiskundervisning på Kunes skole. Men så mista ein læraren og sidan har det ikkje kome igang. Kommunen har heller ikkje søkt etter samisklærar, men Edmund meiner mange ville vere interesserte om det kom eit tilbod.

Inga arbeidsløyse

- Ka lever folk av på Kunes, er det folketrygda og sosialkontoret? - Nei her er faktisk null arbeidsledige, vi er heller for lite folk til det arbeidet vi har. Vi har aldri hatt noko hjørnesteinsbedrift som kunne gå konkurs, heller ingen statstilsette sidan telegrafen blei lagt ned for lenge sidan. Folk lever av kombinasjon av jordbruk, snekkerarbeid, vegarbeid, fiske osv. Her kan folk litt av kvart, det har aldri heitta at ein ikkje kunne. Nokre jobbar på smoltanlegget, så er det ambulanse, drosje, post, butikk, skole, lastebil, duodji og pleie og omsorg.

Edmund kan ikkje få fullskrytt samholdet i bygda. - Alle er med overalt, vi har pussa opp skolen på dugnad, bygd kyrkja, leikeplassar, det er snakk om tusenvis av dugnadstimar pr. år. Trivsel manglar vi ikkje, det vi manglar er folk og kapital. Men i det siste har ein del utflytta ungdom kome tilbake.

Men kor lenge? Kunes er i dag ei livskraftig bygd, men sentraliseringspolitikken sine mørke skyer nærmar seg kraftig. - No blir posten lagt ned, og vi spør kor lenge kan vi beholde skolen og butikken. Det blir hardare og hardare å drive butikk på småstadane. No blir butikken pressa til å innføre betaling med bankkort, det kostar 500 kr. i månaden, det kan virke som det ikkje er mye penger, men når ein balanserer på stupet frå før... Tippinga mista vi, for butikken hadde ikkje nok omsetning til å innføre on-line. Og det er ikkje bare butikken til ho som driv den, det er våres butikk. På samme måten er det bygda sin skole.

I Aftenposten sto det ein artikkel om at Lebesby var ein dårlig kommune å bu i. Den konklusjonen deler ikkje Edmund. - Vi var visstnok på botn i dei statistikkane som teller i Oslo. Men vi har heilt andre kriterier på velferd. Vi ligg på topp med natur, trygghet, fritid og fridom. Ingen bryr seg om kor ein trekk opp båten. Det kan ikkje målas i kroner og øre. Hadde vi budd i by hadde vi kravd mye meir, derfor er det at ein som flyttar inn til byen kostar samfunnet mye meir. Dei store sosiale problema i byane er resultat av sentraliseringspolitikken, folk frå småplassane klarer ikkje overgangen til blokk. Dei som er vant til eit ærligare samfunn virkar naive i byen, dei finn seg ikkje til rette. Vi ser bare Hesteskoblokka i Hammerfest som skapte store problem. Det tar to generasjonar å tilpasse seg. I byen er det og mye verre å miste jobben, fordi ein ikkje har noko anna, slik ein har her. Politikarane er så flinke å snakke om at dei skal hjelpe flyktningane der dei er. Tenk om dei kunne bruke den tankegangen på utkantane i Noreg, det vil vere samfunnsøkonomisk lønnsomt å hjelpe folk å bli i staden for at vi skal bli sosialkasus i byen.

Kem er dumme?

- På 70-talet sa forskarane vi var dumme da vi sa at fjordtorsken var ein eigen stamme. Dei hevda fisken her var ein del av den Norsk-arktiske torskestammen. Men da dei hadde fiska fjorden tom, måtte dei innsjå at vi hadde rett. Kem var det da som var dum, forskarane eller sjøsamane?

Mens vi sit på Kunes og pratar rasar brannane i Indonesia og Malaysia. Edmund ser klare parallellar mellom måten naturressursane til urfolka blir rasert her og der. - Brannane viser kor kynisk kapitalen kan vere og kor ille det går når ein mistar kontrollen. Vi har sett det i Sør-Varanger, i Kvalsund, rundt om: Kapitalen tenker kortsiktig gevinst og skit i kordan det går med folket når dei trekker seg ut.

Verne mot vernarane?

- Det vi opplever når vi vil verne noko, er at storsamfunnet seier nei. Derimot skal dei verne det vi vil bruke, det vi lever av. Vi blir den tapande parten i begge tilfelle. Vi må ikkje gå så langt i vernetanken at vi som bur her ikkje skal kunne bruke naturen. Det er lokalbefolkninga som har tatt vare på naturen, som gjør at vi har noko å ta vare på. Ein må ikkje verne mot dei beste vernarane. Vi får ikkje lenger bygge gammer, slik vi har gjort i tusenvis av år. Her har vi ei god lakseelv, der vi alltid har fiska med makk og med sluk utan at laksebestanden har tatt skade av det. Men no går det rykter om at det bare skal bli lov å fiske med flue. Dei som står bak det er direktoratet i lag med Jeger- og fiskarforbundet. Før var det våres elv, no er ho bortforpakta til turistane. Før var det våres fjord, no er alt “mitt” og “ditt”. Det er nye ord i språket her. Det er ikkje lenger noko som er våres. Det er bare bæra og bjørkeskogen igjen av fellesressursane. Dette er med å svekke den samiske tenkemåten og samholdet.

- Styresmaktene kan nok innrømme at vi lever på ein anna måte enn i byane, men dei tar det ikkje til etterretning. Det er ikkje sant at naturalhusholdninga er borte i Noreg i dag. Det vi utnyttar av ferskvassfisk, sjøfisk, bær og ved betyr utrulig mye på husholdningsbudsjettet.

Det er bl.a. dette Samerettsutvalet sitt arbeid handlar om. Edmund Johansen har diskutert med nokre av medlemmane i utvalet: - I diskusjonen om retten til land og vatn har dei ikkje tort å gripe fatt i det viktigaste for det sjøsamiske miljøet: spørsmålet om fjordfiske. Her er forvaltningsordninga dei har foreslått mye meir uklart enn for landjorda, her heiter det "bør" og "kan", ikkje "skal". Eg tok det opp med nokre av utvalsmedlemmane, dei blei sure fordi eg traff eit sårt punkt.

- Det er mange måtar å bruke for å ta frå oss ressursane. Ein av dei er å ta frå oss muligheten for å fiske. No krev dei sikkerheitskurs og overlevingsdrakt for 50-60 års- gamle folk som har fiska på fjorden heile livet. Det er og ein måte å presse oss ut på.

Myter blir skapt

I tillegg til naturforvaltarane har Laksefjorden som så mange andre samiske bygder har vore utsatt for andre “ekspertar” utafrå; næringskonsulentar, forskarar og lærarar. Felles for dei var at dei trudde dei visste, men ikkje forsto det samfunnet dei skulle “hjelpe”.

- Konsultentane er gjerne økonomar og bare økonomar. Dei kjenner ikkje lokal kultur og næringsliv, dei kan bare telle pengar. Alle tilskota ein kan søke på er ikkje bare av det gode. Det farligaste tilskotet er lønnstilskot, det har blitt ei sovepute for mange. Straks lønnstilskotet var borte var dei konkurs. Dei fleste som er igjen og har klart seg har ikkje fått noko tilskot.

- Ein lærar som kom hit sa han aldri hadde opplevd så tallaust samfunn. Han var heilt forvirra fordi folk ikkje talfesta noko, men snakka om ubestemte mengder som litt, nokka, omså kor mye osv. Men alle forsto ka dei meinte, unntatt læraren. Korfor blei det eit talllaust samfunn. Det skriv seg nok tilbake til den tida da dei samiske områda blei utsette for skattlegging frå tre statar, da var det ein teknikk i at tall forsvann.

- Her er ei mengde eksempel på at forskarane har fornedra folk i måten å stille spørsmål på. Da har dei fått svar på trass, disse svara har blir tatt alvorlig, og slik har det oppstått myter.

Likegyldig kommune

- Kommunen er ikkje direkte negativ til det samiske, men dei er heller likegyldige. Men ein kan ikkje lenger stille seg heilt likegyldig, no er ein nøydd å ta standpunkt. I dårlige økonomiske tider oppdaga ein at det kunne vere fordel å vere med i Samisk utviklingsfond. Men det samepolitiske engasjementet er begrensa til det og til diskusjonen om Nordkynvegen.

- Lebesby er ein historielaus kommune, seier Edmund. - Her er kulturen eit stebarn, det gjeld ikkje bare den samiske kulturen, det gjeld all kultur. Kommunen har ei stilling som kultursjef, men ho er ikkje besatt og blir visst heller ikkje lyst ut.

Det finst ikkje noko museum eller bygdetun, bare eit gamalt fiskebruk i Kjøllefjord er freda. Men folket på Kunes har tatt saka i eigne hender og starta innsamlingsarbeid. Da vi starta å samla inn måtte vi først få tillit, få folk å skjønne at det dei hadde og det dei kunne var verdifullt. Vi har gjort mye kartleggingsarbeid om ka som finst i indre fjorden, Vi har bestandig hørt at alt blei brent under krigen, men fant gjenstandar frå 17-1800-talet, vi fant ting frå pomorhandelen som papirpengepung frå Russland, russisk porselen og skipsklokker. Tilsaman registrerte vi 5-600 gjenstandar.

Edmund viser fram bilete frå utstillinga dei hadde i 1985. Håpet var å få ei permanent utstilling, eit bygdemuseum, men det mangla pengar og tid til å jobbe med det. Alt er var dugnadsarbeid, dei søkte kommunen om å få dekka underskotet til innsamlingsarbeidet, men fikk avslag. Så bygdemuseumet har så langt blitt med drømmen. Men på eit loft på Kunes ligg det ei mengde gamle ting som kunne vore stilt ut.

Fornorskinga brukt mot oss

- Først blei vi tvungne å ta norske namn, vi måtte snakke norsk for å få papir på jorda vår, vi måtte på internatskole i heilt norsk miljø. Til slutt greidde dei å fornorske store delar av den sjøsamiske befolkninga. Da det var gjort snudde styresmaktene. No var det samisk språk og kultur som skulle styrkas. Samisk språk som hadde vore ei stor ulempe blei ein kvalifikasjon og ein føresetnad for å vere god same. Om du ikkje kan samisk får du ikkje vere med. Det er vel og bra å styrke det samiske språket, men ein styrkar ikkje det samiske miljøet med å stenge ute dei som ikkje har hatt høve til å lære språket. Eg har inntrykk av at ein no brukar dette bevisst mot det sjøsamiske området. Målet til styresmaktene synas å vere å minke talet på samar i Norge. Ved å redusere det samiske miljøet slipp ein lettare unna både politisk og økonomisk.

Nye herrar i kofte

- Det er ein ting du må ha med, sier Edmund og ser på meg. - Det er at no har vi fått nye herrar i kofte i staden for dress og slips. Før kom søringane nordover og skulle lære oss. No har vi fått ei ny ekspertgruppe frå samisk miljø, dei brukar den samme teknikken for å halde folk nede. Dei går ikkje ut og spør ka dokker vil, men slår bare fast at vi veit, dokker veit ikkje. Dette har eg opplevd både i Samisk Utviklingsfond og i duodjimiljøet.

Han reagerer og mot at reindrifta blir prioritert foran kystsamane. - Plutselig får reineigarane her tildelt plassar for sjølaksefiske, noko dei aldri har dreve med, men som vi har gjort i alle år. Når sjøsamane skulle bygge naust i fjæra blir saka sendt over til reindriftsadministrasjon som godt kan finne på å nekte bygging.

Før i tida var det mye nærare forhold til reindriftsamane. Edmund trur det ville bedre seg igjen om fleire yngre lærte seg samisk. Det er bittert at Lebesby ikkje er tatt med i samisk språkområde, seier han. Det er ingen grunn til at dei ikkje skulle ha dei samme rettane som nabokommunane Porsanger og Tana.

266 km frå kommunesenteret

Det har blitt langt på natt før vi forlater Edmund og Eli, med løfte om å komme igjen, for vi blei jo ikkje halvsnakka. På Børselvfjellet blir øyelokka farlig tunge og vi må belage oss på enno ei overnatting i baksetet. Når det gryr av dag bærer det nedover mot Børselv og nordover langs Porsangerfjorden. Vegvesenet bryr seg ikkje om anna enn å fortelle at det er 174 km tur/ retur Veidnes og at det ikkje er bensin å få kjøpt før vi er tilbake. Ellers er det ingen skilt som forteller at vi passerer verken Leirpollen, Holmfjord, Brenna eller Kjæs. Frå Kjæs tar vi austover og etter ei mils veg er vi nede ved fjorden med namnet Lille Porsanger. Men da er vi ikkje lenger i Porsanger kommune, men tilbake i Lebesby. Ved enden av vegen finn vi Veidnesklubben eller Sáltesávju, den einaste av dei ein gong bortimot tjue buplassane på vestsida av Laksefjorden som det framleis bur folk heile året. Da har vi kjørt 266 km etter kortaste landevegen frå kommunesenteret Kjøllefjord. Trulig er dette ein uslåelig noregsrekord i lang veg til kommunesenteret, ein veg som har kryssa kommunegrensa heile fire gonger og ført oss gjennom både Gamvik og Porsanger kommune før vi kom tilbake. Kommunegrensene i Finnmark blei strukke dengang det var sjøen som var transportvegen mellom bygdene. Frå Veidnes var det dengang omlag 2 mil med båt over fjorden til kommunesenteret Lebesby. Men da vegane kom, forsvann lokalbåten. Ein gong hadde lokalbåten 17 anløpsstader i Laksefjorden, no er einaste båtsambandet i kommunen hurtigruta som stoppar i Kjøllefjord kvar dag.

Det er ikkje meininga det skal bu folk på Veidnes. I alle fall ikkje politikarane si meining, ikkje i Oslo, og knapt i Vadsø. Men likevel gjør dei det, sjølv om det blir stadig færre av dei. . Det tradisjonelle kombinasjonsbruket sto sterkt til utpå 80-talet, med 12-14 gardar og like mange fiskebåtar. På 80-talet pakka og fiskebruket saman med kondemneringsbidrag. No er det mest pensjonistar. Men ein gong kom skolesjefen i kommunen i skade for å love at dei skulle halde oppe skolen på Veidnes om det så bare var ein elev igjen. Og det er akkurat det det er. Ein elev - og ein lærar. Og bygdefolket vil aldri la kommunen glømme ka som er lova. Og bygdelaget har planar om tiltak for å snu utviklinga.

Men vi skal forlate Veidnes, Laksefjorden og Lebesby for denne gong, eit stykke “utkant” for rikspolitikarane, men det einaste sentrale for dei som bur der. Og vone at ei avis i det fjerne og avsides Oslo vil bry seg om å trykke ei beretning om eit folk som kjempar for retten til å overleve på heimplassane sine, på sine eigne vilkår, om eit folk som kjempar for å få anerkjenning for at også dei har ein kultur som er verd noko, både for dei sjølve, og kanskje for oss andre?

_____________________________

Dette var tredje del i ein serie på tre artiklar. Vil du lese dei andre?

Del 1: Frå "lusefinn" til nordmann

Del 2: - Ikkje nok til alles grådigheit

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no