Del 2 av reportasjeserie frå Lebesby i Klassekampen hausten 1997

- Ikkje nok til alles grådigheit

- Det er alt for mye kapital i fiskerinæringa. Fabrikktrålarane har aleine kapasitet til å tømme Barentshavet. Snakk om bærekraftig utvikling! No blir teknologien brukt til å gjøre arbeidsfolk overflødige istaden for å gjøre arbeidsdagen lettare for arbeidsfolk. Var det ikkje Gandhi som sa at “Det er nok ressursar i verda til alles behov, men ikkje til alles grådigheit”?

Av Svein Lund, Davvesiida / Lebesby

Gudmund Vevang fiskar med juksa og line, når vi kjem inn står linestampen på kjøkkenet. - Sjå her, eg har fått meg ny type line av nylon, seier han, og demonstrerer systemet med flyteringar og søkkesteinar som skal holde lina like over botnen. Når lina går klar av botnen og fortommen kan snu seg fritt på lina, kan fisken halde seg lenger i live, forklarer han. Det gjør at om uver skulle gjøre et ein ikkje kan trekke lina dagen etter at ho er satt, kan ein enno berge fangsten om det går ein dag eller to. Dette har mye å seie for å kunne få linefiske til å bære seg i værharde strøk. Det er ikkje alltid det er dei mest teknisk avanserte oppfinningane som er dei viktigaste. Når lina er demonstrert bærer det i godstolane med kaffe og utsikt over fjorden.

Gudmund Vevang har lenge vore ein markert forkjempar for kystfiskarane sine interesser. Han er oppvokst i Kjøllefjord, der han dreiv fiske i lag med faren til han la opp. Seinare fikk han jobb på ferja Kalak-Kifjord og bygde hus like ved ferjeleiet. Men da "den fordømte vegen" kom blei han arbeidslaus og så kjøpte han seg sjark.

Nok av Fiskarlaget

Det er nok å seie Fiskarlaget, så har ein sett Gudmunn på gli og da stoppar han ikkje så fort. - Eg meldte meg ut av Norges Fiskarlag i 1993. Der er bare ein mafiagjeng som har glømt medlemmane. Det er gruppeorganisasjonane som har makta i Fiskarlaget. Fiskekjøparane eig trålarar, på det viset kjem inn i fiskarane sin organisasjon med stemmerett. Reiarane har ressursar til å sitte på heiltid å pønske ut faenskap. Om det hadde vore demokratisk, skulle det ikkje vore gruppeorganisasjonar, bare lokale lag og fylkesfiskarlag. Det er bra at dei no endelig har fått dom for at fiskarlaget ikkje kan trekke avgift av oss som ikkje er medlemmar. No får dei ikkje lenger stjele av andre si lomme. Gudmunn Vevang var med å starte kystfiskarforeninga, men denne klarte aldri å få ein økonomisk ryggrad, og i dag ligg organisasjonen nede i alle fall i Finnmark.

“Sjøen formelig vrimler av fisk like utenfor gammedøren” skreiv Johs. Falkenberg i “Bosetningen i Indre Laksefjord” som kom ut i 1941. Men det var før reketrålarar og snurrevadbåtar slapp til og tømte fjorden. Seinare kom kvotereguleringane for kystflåten etter at trålarane hadde fiska ned torskebestanden. Selinvasjonane på 80- talet kom på toppen, og ei stund var det nesten ikkje fisk å få. Mange klarte ikkje å fiske opp kvotane og blei straffa med å miste dei små kvotane dei hadde. Sjølv om torskebestanden har tatt seg opp har ein fortsatt med kvoteregulering av kystflåten.

I dag er det likevel ikkje kvotane som er det største hinderet, fortel Gudmunn Vevang. - I år har vi omtrent fritt fiske, det blir blir trulig torsk igjen på kvoten. Dette viser at kystflåten no har blitt for liten, ein må slippe til fleire. Men rekrutteringa er dårlig, det er vanskelig med finansieringa. Ingen ungdommar har råd å kjøpe ein ny båt. Da må ein først kjøpe ein brukt båt med kvote, men det er vanskelig å få finansiering på brukt båt. Når ein kjøper ein båt med kvote betaler ein ikkje bare verdien av båten, men prisen blir høgare pga. kvoten. I realiteten har vi derfor allereie omsettelige kvotar. Det er ein sinnsjuk tanke at ein skal betale for fisken før ein har fiska han. Det er heller ikkje samme naturlige rekruttering som før. Da vi var unge blei vi tvungen å egne lina. Vi fikk lov å gå på kaia, at vi datt i sjøen nokre gonger var ein naturlig del av oppveksten. No er det bare adgang forbudt over alt. Men om kvotane har gått opp har prisane gått ned. For tre år sidan fikk vi 12 kr. kiloet for torsk, no er vi nede på 8 kr. i snitt.

Sunt bondevett

Det er lite som tyder på at ein har lært av tidligare rovfiske. - Vi sjarkfiskarar føler oss fortrengt av snurrevadbåtane, har dei tatt eit trekk er det lite igjen. Snurrevadbåtane kan fiske kor som helst utanom gytetida. Nokre fjordar burde ha vore totaltfreda. Loddefisket er eit anna galskap. Det startar så langt til havs at lodda ikkje kjem inn til kysten, ho får ikkje gytt. Det er ingen bønder som brenn opp graset som dyra skal ete, det er vel derfor det heiter sunt bondevett.

Kystflåten i Lebesby er no dramatisk liten, fortel Gudmunn. Det er nesten ikkje større båtar igjen, bare 2-3 båtar over 50 fot. For 15-20 år sidan var det omlag 20 større båtar i kommunen.

Dårlige hamneforhold er ei av årsakane til at folk kviar seg for å satse på større båtar. Sjølv har Gudmunn Vevang lite lyst å satse på noko større enn sjark. - Eg vil vere heime kvar dag. Under selinvasjonane måtte eg og bort for å finne fisk, sidan har eg holdt meg til Laksefjorden, og det er sjeldan at eg treng å overnatte ombord.

Det er torskefisket som er hovudsaka i Laksefjorden, men ka med andre ressursar? - Nokre få fiskar rognkjeks, men no er marknaden sprengt og bestanden har og gått tilbake. Før da det var tillatt å fiske med reketrål på fjorden her blei kveita nesten utrydda, men no har ho tatt seg opp att. Så no skal eg lage nokre stampar kveitevad og prøve.

Støtte til avfolking

Før var det omlag ti fiskebruk i kommunen, no er det bare to igjen. Fiskebruket på Veidnes fikk kondemneringsstøtte, derfor kan ein ikkje starte opp utan å betale tilbake fleire millionar. Men det var ikkje befolkninga på Veidnes som fikk pengane, det gjorde ein lofoting som kjøpte opp bruket, fikk fleire millionar og vekk var han.

To folk - lik rett

Men Gudmunn Vevang er ikkje kjent bare som fiskar og fiskeripolitikar, han har og engasjert seg sterkt i samepolitikken, og i førre perioden var han vararepresentant til Sametinget for Norske Samers Riksforbund. Likevel er han kanskje ikkje det ein gjerne oppfattar som typisk same.

- Fornorskinga har fore grusomt hardt fram her i kommunen, seier han. - Mange seier at "No har vi brukt heile livet til å bli norsk", så no vil dei ikkje lenger kjennast ved det samiske.

Sjølv er han den einaste av 7 søsken som har skreve seg inn i samemanntallet. Likevel har han ikkje møtt negative reaksjonar og seier at resten av familien teller på knappane, han vonar at dei kjem etter. - Eg var norsk under heile barndommen. Bestefar døydde da eg var to, bestemor døydde før eg blei født, eg var vaksen før eg visste at dei snakka samisk. Frå barndommen hugsar eg det var nokre som snakka samisk, det var mest når vi ungane ikkje skulle forstå.

- In mun máhte sámegiela (Eg kan ikkje samisk), seier Gudmunn på samisk, og legg til at stort meire kan han ikkje seie. I dag er samisk språk så godt som ute av bruk i mesteparten av kommunen, sjølv om her enno er nokon som kan snakke det. Og kommunen har ikkje gjort noko for å halde språket vedlike. Det eg veit har det ikkje vore samiskundervisning i kommunen, heller ikkje noko krav om å få det.

Kor stor del av innbyggarane i Lebesby kommune som kunne stått i samemanntallet om dei ville tør han ikkje seie sikkert, men han vil ikkje sjå bort i frå at det kan vere så mye som halvparten.

- Kordan går det med diskusjonen om samiske rettar her i kommunen? - Sjølv dei som er av samisk avstamning ser ikkje seg sjølv i kravet om samiske rettar, dei forbinder det med reindrifta, ikkje med at grunnlaget for busettinga i store delar av kommunen er samar som har dreve fiske og kombinasjonsnæringar.

Sjølv er Gudmunn Vevang heilt klar på at Sametinget må ha lik representasjon med fylkestinget i det framtidige Finnmark grunnforvaltning. - Det er snakk om to folk, skal dei ha lik rett må dei ha lik representasjon. Det eine folket skal ikkje kunne overkjøre det andre. Det er som eg og kjerringa, seier han og gløttar over på kona Eddny borte i sofaen. - Eg er større, tyngre og eldre, men eg skal ikkje bestemme over ho av den grunn. Vi kan og samanlikne med EU: Noreg ville ikkje vere med fordi vi kunne bli overkjørt, på same vis må vi få ei forvaltningsordning som gjør at samane ikkje kan bli overkjørte.

Reindrifta som fiskerinæringa

- Mesteparten av kommunen er reinbeiteområde og flyttevegar. Ka slags forhold har dokker til reineigarane?
- Før i tida var fjellfinn mye brukt som skjellsord, no er det mindre av det. Her er lite beitekonfliktar, men det har vore ein del strid om Nordkynvegen. Først om kor han skulle byggas, seinare om at vegen har vore stengt nokre dagar i samband med reinflyttinga. Men såpass meiner eg vi må kunne ta omsyn til reindrifta. Reindrifta er ei viktig næring som utnyttar ein ressurs som ingen andre kan utnytte. Ei anna sak at reintalet er for stort, men det kan ein takke dei statlige myndighetene for. Her er reindrifta ein parallell til fiskerinæringa, det er dei største som styrer i organisasjonane og vinn fram i forvaltninga.

Positiv i ord

- Lebesby kommune har i ord vore positive til det samiske, og ordføraren har vore flink til å oppfordre folk å melde seg inn i samemanntallet. Eg har ikkje opplevd kommunepolitikarar som er negative til det. Dette står i skarp motsetning til ordføraren i nabokommunen Gamvik. Der er også svært få i samemanntallet. Det er nok atskillig meir samehets der og lenger austover. Men ellers skjer det lite i kommunen i samiske spørsmål. Det kjem mest opp når ein diskuterer konflikt med reindrifta om arealplan. Det hadde vore interessant å fått ein skikkelig diskusjon i kommunestyret om samiske spørsmål.

SV-kandidaten som blei vraka

Gudmunn Vevang sit både i kommunestyret og fylkestinget for SV, begge plassar har han sete i 6 år og begge plassar seier han takk for seg når denne perioden går ut. Ved nominasjonen til årets stortingsval var han satt på førsteplass av fleirtalet av lokallaga i første omgang. Men nominasjonsprosessen var ikkje ferdig med det. - For første gong kjørte ein to nominasjonsrunder i lokallaga. I andre runda kom Kari Meløy på topp med meg på andre plass. På denne tida var Olav Gunnar Ballo ikkje i biletet i det heile. Han blei kuppa gjennom på nominasjonsmøtet etter at han hadde kjørt ei aviskampanje mot samiske rettar og framstilt dette som SV sin politikk. Det er eit paradoks at SV som har vore så flinke til å klage over AP si triksing og fiksing, sjølv ikkje kan følge demokratiske prosedyrer.

Uverdig valsiger

- Det er uverdig av eit sosialistisk parti å vinne valet på usaklige angrep på samiske rettar. Ein kunne lagt saka ligge og gjort seg opp meining på skikkelig vis, istaden for å framstille det som om at samane får rettar på bekostning av andre finnmarkingar. Leiaren i Finnmark SV snakkar om at ein ikkje kan rette opp ein gamal urett med ny urett. Men det er ikkje snakk om at samar skal diskriminere nordmenn, bare om at om ein skal ha lik innflytelse må ein ha lik representasjon. Det er ikkje først og fremst snakk om moltebær og ryper, men om mineralar, vasskraft og olje. I dag kan gruveselskapa bare melde frå til bergmesteren, så får dei grave så mye dei vil. Det er det vi skal ha slutt på.

Sjølv blei Gudmund Vevang nominert på 5. plass på SV si liste, men ettersom det nærma seg valet blei det klarare og klarare for han at denne lista kunne han ikkje stemme på. Like før valet gikk han ut i avisene og gjorde det klart at denne gongen stemte han RV, noko som sikkert bidro godt til at RV i Lebesby gikk fram frå 0,3 til 2,8%.

Vestlandskapital og russefisk

Frå Kifjord / Gihpovuotna set vi kursen utover mot Dyfjord eller Dáigevuotna. Der brukar Gudmunn Vevang å levere fisk til fiskebruket Bacalao Nord med omlag 20 arbeidsplassar. Tilsaman bur det mellom 70 og 80 menneske her, og dette er ikkje nok for å dekke etterspørsselen etter arbeidskraft når fiskebruket går bra. Og det gjør det for tida. Her er lite permitteringar og Dyfjord er faktisk ein plass i vekst der fleire flyttar til enn frå. Derfor er det no fleire frå Kjøllefjord som pendlar dei omlag tre mila til Dyfjord. I Dyfjord er det posthus (så lenge det varar), skole og barnehage. Mange av dei som bur i Dyfjord kom hit da dei små veglause plassane innover i fjorden blei avfolka på 60-talet, og dei var i stor grad samisktalande. I dag har derfor det opphavelig norske fiskeværet i stor grad samisk befolkning. Da sameradioen nylig var på reportasjetur i Dyfjord fann dei ei rekke folk som snakka samisk og fleire som forsto samisk, men svarte på norsk.

Vi drar tilbake forbi Kifjord og tar av ned mot kommunesenteret Kjøllefjord. 15 år har gått sidan eg var her sist og den lange rekka med gamle fiskebruk ser stort sett ut til å ha forfalt i den tida. Bare ved Aarsæther er det drift. Der produserer omlag 80 arbeidarar filet og saltfisk, men akkurat no er dei permittert på grunn av dårlig råstofftilgang. Aarsæther er det klassiske eksempelet på vestlandskapitalen si makt i fiskerinæringa i Finnmark. Firmaet som er styrt frå Ålesund hadde ei rekke fiskeindustribedrifter og trålarar i Aust-Finnmark, men gikk konkurs for nokre år sidan. Da skulle fylkeskommunen sørge for at finnmarksinteresser fikk kontroll over firmaet, men no har vestlendingane tatt makta tilbake. Trålarane til Aarsætherkonsernet ser dei for tida lite til i Kjøllefjord. Dei er forplikta til å levere her, men omgår det lett. No er det russetorsken som er grunnlaget for fiskeindustrien her. I starten fikk ein kjøpt svært billig fisk frå russarane, men no ser dei at dei kan presse prisane, og det er ikkje lenger så lønnsamt å satse på bare leveransar frå russiske trålarar. Dessutan veit ein aldri kor lenge russarane finn det lønnsamt å levere i Noreg. Og vi minnast Gudmunn Vevang sine ord om at den einaste måten å garantere leveransar på er å bygge opp kystflåten. Eit av dei nedlagte fiskebruka i Kjøllefjord er verna, men for ein tilreisande er det umogleg å seie ka for eit av dei falleferdige bruka som har blitt beæra med denne statusen.

Fråflytting?

Lebesby har som dei fleste kommunar i Nord-Noreg vore ramma av fråflytting. Dei fleste småplassane i kommunen blei avfolka allereie på 60-70-talet. Da gikk folketallet kraftig ned. Dei som flyttar frå kommunen stoppar ikkje i Hammerfest eller Alta. Dei flyttar ut av Finnmark, helst heilt sør til Oslo-gryta. Framleis flyttar det fleire ut enn inn. Likevel held folketalet seg no ganske stabilt på rundt 1300, på grunn av høgt fødselstall dei siste åra. Dei bygdene der det framleis bur folk synas å vere ganske stabile, med unnatak av Veidnes, der folketalet har gått drastisk tilbake dei siste åra.

I ytre del av kommunen er det ikkje stort anna næringsliv enn fiske og fiskeindustri. I Kjøllefjord er ein verna bedrift som lagar suvenirar av stein. Det er ellers ingen bedriftsutvikling på gang og tynt med idear om ka ein kunne satsa på utanom fiskerinæringa. Av skolar er det ein filial av Honningsvåg vidaregåande skole, men tilbodet begrensa til grunnkurs allmennfag.

Når vi har rusla rundt med fotoapparatet på søndagsstille kaier ei stund blir klokka endelig 1700. Da opnar Kjøllefjord sin einaste bensinstasjon for dagen, så vi kan tanke opp og gi oss avgarde vidare mot neste stopp, Kunes heilt innerst i Laksefjorden.

Dit kjem vi forhåpentligvis i neste nummer.

_____________________________________________________________________

Dette er del 2 i ein serie av 3 artiklar. Vil du lese dei andre?

Del 1: Frå "lusefinn" til nordmann

Del 3: Kultur gir trygghet

______________________________________________________________________

Dette er ein artikkel frå heimesida til Svein Lund. Du kan finne fleire artiklar om samiske spørsmål og fiskerispørsmål eller gå til oversikten over ka for andre emne du kan finne stoff om her.
Du kan gjerne sende meg ein kommentar på e-post: sveilund@online.no