Reportasje frå Lebesby, Finnmark. Prenta i Klassekampen hausten 1997
Dette er del 1 av 3.

Frå "lusefinn" til nordmann

- Før har vi vært finn, men no har vi blitt norsk. Det sa ein gamal same i Torskefjord i Lebesby tidlig i dette hundreåret. Laksefjorden var tidlig på 1800-talet ein "utpreget finnefjord", der dei norske "utgjorde en så ubetydelig del av befolkningen at de neppe kunne regnes med". Men så satte fornorskinga inn. Ka slags haldningar storsamfunnet viste samane ved Laksefjorden skildra ei gamal samekone slik: "Finnane og hundane er eitt og same". Vanlige uttrykk var "finnhund", "lusefinn" og "finntarm". Og resultata lot ikkje vente på seg.

Av Svein Lund, Davvesiida / Lebesby

"Av hele den gamle finske (samiske) kultur ved Laksefjord er det bare brokker igjen", skriv Johannes Falkenberg i Bosettingen i Indre Laksefjord, skreve rett før 2. verdskrigen. Han siterer og folk som meiner det var slutt med samane i Laksefjorden så tidlig som da 1. verdskrig slutta. Nesten 60 år etter at Falkenberg skreiv om samane i Laksefjorden har Klassekampen besøkt Lebesby kommune for å sjå om samane her virkelig har forsvunne inn i historia.

BOKS:

Lebesby / Davvesiida

Lebesby kommune er ikkje den kommunen i landet som lagar dei største overskriftene. Kommunenamnet har knapt vore i riksmedia sidan spådommane til den berømte Lebesbymannen på byrjinga av dette hundreåret. Lebesby ligg midt i mellom ingenting og allting, nabokommune til turistmagneten Nordkapp på eine sida, til Gamvik kommune med Nord-Europas nordligaste fastlandspynt på andre sida. I sør grensar kommunen mot dei atskillig meir landskjente kommunane Porsanger og Tana. Kommunen er verken norsk eller samisk eller kanskje begge delar. Fleire flyttar frå enn til kommunen, men fråflyttinga er heller ikkje dramatisk nok til å få fram dei store overskriftene. Da redaksjonen bestilte ei reportasje om "Ka skjer i Finnmark" valde vi derfor Lebesby, nettopp fordi det som skjer i kommunen ikkje er spesielt. Det som skjer i Lebesby kan skje kor som helst der fisken er det viktigaste livsgrunnlaget og der befolkninga er ei blanding av samisk og norsk. Med andre ord. i dei fleste kystkommunane frå Sør-Varanger til Namdalskysten.

Bjørkeskogen på Børselvfjellet lyser i sin finaste haustskrud når eg tidlig ein søndag morgon passerer skiltet med Lebesby kommune. Kommunevåpenet i gult og svart er ei stilisert framstilling av Finnkjerka, ein spesiell fjellformasjon ved innseilinga til kommunesenteret Kjøllefjord / Gillivuotna. På skiltet heiter Lebesby kommune bare Lebesby kommune, namnet Davvesiida gielda har aldri fått nokon offisiell status, trass i at ein stor del av kommunen frå gamalt av er eit reint samisk busettingsområde og dette området har og vore under virkeområdet for Samisk Utviklingsfond sidan starten.

Ein norsk kommune?

Men for den som bare ser på overflata er Lebesby i dag ein reint norsk kommune. Dei "heilnorske" namna skin mot oss frå Vegvesenet sine blåkvite skilt, og få av dei vegfarande veit ka stadane eigentlig heiter: Først kjem vi til Kunes (direkte omsetting av Gussanjárga), eit boligfelt trykt saman på ei slette i eit område der det skulle vere meir enn plass nok til alle. Kommunal plan etter forskrifter frå staten, får vi seinare høre. Dei har vore pålagt å legge boligane i boligfelt som i ein anna by. Vi skal komme tilbake til Kunes, men i denne omgang farer vi rett forbi og gjør første stopp ved Adamsfossen.

4 sesongbuplassar

I Áttanvuotna / Adamsfjord fortel gammetuftene på fleire terrassar ned mot sjøen om ei samanhangande busetting gjennom fleire tusen år, fram til dette hundreåret. Fram til århundreskiftet var gammer einerådande som husvære i Laksefjorden, og fram til 2. verdskrigen var det framleis mange som budde i gammer. I riktig gamle dagar budde samane ved Laksefjorden ikkje fast på ein plass. På slutten av 1500-talet fortellas det at sjøsamane i Finnmark bur på fire forskjellige stader i løpet av året.
"Om sommeren er de i fjordene og ute på øene, hvor de fanger fisk, fugl, egg, fjær og dun. Om høsten oppholder de seg på landet ved sjøsiden, hvor de kan fiske og hugge tømmer. Og om vinteren er de til fjells på jakt og ferskvannsfiske. Om våren er de atter ved sjøsiden, hvor de holder på med fiske, båtbygging og jakt." (Falkenberg)
Så gammetuftene i Adamsfjord er trulig minne om slike haust- og/eller vårbuplassar. I løpet av 16-1700-talet gikk ein over til husdyrhold med sau, geit, ku og tildels rein. Men likevel blei ikkje samane ved Laksefjorden heilt bufaste. Dei flytta mellom sommar- og vinterbuplassar, og i tillegg kunne dei bytte ut vintersetet med nokre års mellomrom, når skogen var hogd ut i nærområdet. Mange skifta og sommarsete. Først i siste del av 1800-talet auka folketalet slik at det blei trangt om plassar å flytte til, og samane blei tvunge til å satse på bare ein buplass. Styresmaktene sine reguleringar med utmåling av jord og utvising av vedteigar var og med å tvinge fram ei fast busetting. Men så seint som rett før krigen hadde "neppe halvparten av finnene ved fjorden grunneierforholdet i orden". Bonden i Laksefjord var ingen bonde i sørnorsk forstand, ho var ein del av ekteparet fiskarbonden. Naturenga var på nokre få mål, dyrka eng kjente ein knapt i mellomkrigstida. Fattigdomen i denne tida kjem bl.a. fram i nokre setningar hos Falkenberg. Han fortel at nokre ikkje hadde eiga øks, men måtte låne hos naboen, mens andre ikkje råd til å lage hesje for å tørke høyet.

Like etter Adamfjord passerer vi to fråflytta småbruk inne i bjørkeskogen, Dei knøttsmå husa i lag med små skjåar og fiskehjeller til nedfalls nede i fjæra er vitnesbyrd om livet til samane i Laksefjorden, vitnesbyrd om ein avfolkingspolitikk og om ei regjering som i 60-åra betalte fråflyttingsbidrag til dei som la heimane sine øyde.

Laksefjorden er namnet vi kjenner frå folkeskolen sine regler over fjordane i Finnmark, alltid den midterste i Al-Po-La-Ta-Va eller Alle Pikene Løper Til Vinduet. Og Laksefjorden er jo eit greitt norsk namn som alle forstår, fjorden med mye laks i. Men på samisk heiter det Lágesvuotna og det har ingenting med laks å gjøre. Så har fornorskarane som så ofte laga til ein norsk namn som likna på det samiske. (Trulig kjem det av láges = fjellbjørk - kommentar i ettertid. SL.)

Ruinert av smoltkonkurs

I Friarfjord eller Irgevuotna ser vi to store groper hogd ut i fjellet. Her har ein tatt ut skifer og nede ved kaia er det bygd ein hall for foredling av steinen. Skiferdrifta er ikkje endelig heilt lagt ned, men arbeidarane har vore permitterte sidan i vår, og framtida er uviss. Men største arbeidsplassen i dag i Friarfjord er smoltanlegget. Det er i drift, men det har kosta dyrt og anlegget er idag ei av hovudårsakane til den dårlige kommuneøkonomien. På 80-talet da alle trudde oppdrettsnæringa skulle vekse inn i himmelen gikk kommunen inn med eit garantiansvar på 60 mill, ein astronomisk sum for ein kommune med knappe totusen innbyggarar. For å få gjennom denne garantien brukte formannskapet hasteparagrafen dagen før eit kommunestyremøte. Men smoltanlegget gikk konkurs og kommunen måtte punge ut. Anlegget blei solgt for 7 millionar og kommunen slit enno med gjelda.

Så kjem vi til fjorden med det merkelige namnet Ifjord. I-en betyr i seg sjølv ingen ting, det er ei forvanska form av det samiske Idjavuotna som betyr Nattfjord. Her tar vi av frå riksvegen som går over Ifjordfjellet til Tana, og tar istaden nordover langs fjorden. Vi ser snart at no er vi utafor dei vegane som er høgt prioritert. Her er lite turistar og asfalten er eit lappverk. Likevel er det bra mot det som skal komme lenger ute. Utover fjorden har nokre få hus klora seg fast i vikene, ein svært stor del av dei ligg fråflytta og øyde. Dei få nybygga er ikkje hus, men hytter, ofte for folk som forlengst har flytta bort eller etterkommarane deira. Kartet som bygger på registreringar frå 60-talet fortel om 13 fråflytta plassar i Lebesby kommune, men dette gir eit altfor positivt bilete idag. Dei aller fleste av dei 30 veglause plassane i kommunen som kartet seier det bur folk på er forlengst fråflytta, bare på nokre få stader klorar det seg enno fast nokre gamlingar. På 60-talet var det fem fiskebruk i indre Laksefjord, no er det ingen igjen. Det er kombinasjonen av fjordfiske og småbruk som var grunnlaget for busettinga i Laksefjorden opp til nyare tid. Men i dag er kan ein telle sjarkane på ei hand, og to hender er trulig nok for å telle dei gardane som er i drift.

"Lebesbymannen"

Vi stoppar på kyrkjestaden Lebesby, ein gong kommunesenter før dette i mellomkrigstida blei flytta ut til fiskeværet Kjøllefjord. I Laksefjorden var Lebesby ei norsk øy i ein samisk fjord. Her budde presten, her var internatskolen. Herifrå skulle norsk språk og kultur opplyse fjordfinnane i sine mørke gammer innover i fjordhola. På Lebesby kyrkje frå 1962 fortel eit skilt om dei tre kyrkjene som før har stått på denne plassen, den første var reist av "Samenes apostel", Thomas von Westen allereie i 1720. Ved kyrkja står eit monument over den merkeligaste mannen Lebesby har fostra, ein gong kjent over heile Noreg og store delar av Europa som "Lebesbymannen". Anton Johansen var fødd i svensk / sør-samisk område i 1858 og kom til Lebesby som ungdom. Her livnæra han seg som fiskar til han fikk det for seg at han skulle frelse verda. Så dro han til Kristiania og Stockholm for å fortelle verda om dei syna han hadde hatt og åtvare mot den føreståande verdskrigen og andre katastrofer. Namnet Lebesby synas uforklarlig ut i frå norsk, sjølv om fornorskande språkforskarar har gjort fortvila forsøk. Atskillig lettare er det å forklare det ut i frå det samiske ordet leaibi som betyr treslaget older eller or.

Folk utan fortid

"Folk uten fortid" skreiv Reidar Nielsen om sjøsamane, og dette uttrykket kan i høgaste grad brukas om folket i Laksefjorden. Alt som er gitt ut om dei etter Falkenberg sitt skrift er ei samling med folkeminne samla av Richard Bergh. Her er eit historielag i kommunen, men dei har bare brydd seg om krigshistoria. På 70-talet kom det opp eit forslag i kommunestyret om å engasjere ein historikar som da skreiv Porsanger bygdebok til og å ta med Lebesby kommune, men det sa fleirtalet i kommunestyret nei til. Historie, det er farlig det. Især når ein grev fram komagtuppar både her og der.

Like ut for Lebesby står det gamle ferjeleiet på Kalak og rustar. Kalak er einaste stadnamnet som vegvesenet trass i iherdig fornorsking ikkje har klart å skjule det samiske opphavet til. Sist eg var her, tidlig på 80-talet, var ferja einaste vegen ut til Nordkynhalvøya. Men etter ein lang krangel mellom reindrifta og kommunen om vegtraseen, blei den vegen bygd som trulig oftast er nemnt på radioen i vinterhalvåret, når "Riksveg 888 Bekkarfjord - Hopseidet" er stengt eller har kolonnekjøring. Trulig ville det vere meir effektivt å bare melde når han er open. Den ti år gamle vegen er ikkje lenger det han var, om han nokon gong har vore det. Han er bygd i 1½ bilbreidde, med så mange M- skilt for møteplass at ein kan lure på om ikkje bare skilta har kosta like mye som det ville kosta å bygge vegen i full breidde. Her skal ein ikkje lenger enn toppen 50 meter over havet før ein ugjenkallelig er over tregrensa, og naknare og naknare blir det. Oppe på det høgaste fortel eit skilt om Reinoksevatn, men verken Vegvesenet, Cappelens kart eller NGO sine lokalkart er interesserte i å fortelle oss ka vatnet eigentlig heiter, og kartet over Lebesby med samiske stadnamn er enno ikkje laga.

Hopseidet er eit 1-2 meter høgt og få hundre meter breitt eide som såvidt gjør at Nordkynhalvøya ikkje heiter Nordkynøya. Det samiske namnet Nuorri betyr sund og skriv seg trulig tilbake frå den tida da havet sto høgare enn i dag og ein kunne gå gjennom her med båt. Her står vi på grensa mellom Lebesby og Gamvik kommune, og eit stort skilt ønskar oss "welcome to the Northmost Community on the European Mainland". Thank you very much, Gamvik kommune. Her går vegen ut til fiskeværet Skjånes, men ettersom dette ligg i Gamvik ligg forsøket vårt på å riste i stykker bilen på veg ut dit utafor ramma av denne artikkelen. Vel tilbake fortsetter ferda over ei ny vidde der vegen etter ei tid deler seg: Mehamn og Gamvik til høgre, Kjøllefjord til venstre.

Snart er vi i Lebesby kommune igjen og passerer noko som ein her hevdar skal vere verdas nordligaste skog, noko vi under tvil kan godta i mangel av andre turistattraksjonar. Like etter svingar vi ned mot Kifjord, det nedlagte ferjeleiet med fem hus og to hytter, nokre skjåar og eit par sjarkar. Vi skal til eigaren av sjarken som ligg ved ferjekaia, så følg med i neste nummer.


Vil du lese dei to andre reportasjene i denne serien:

Del 2 - Ikkje nok til alles grådigheit

Del 3 Kultur gir trygghet

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no