Debattinnlegg sendt aviser i Finnmark og Troms 02.06.2011. Prenta i Ságat 04.06.og Finnmark Dagblad 06.06.2011,

Sámegillii

Er forvaltningsområdet bra for samisk språk?

Forslaga om utviding av forvaltningsområdet for samisk språk har ført til store diskusjonar i fleire kommunar, blant anna i Alta og Tromsø. Debatten har no blitt så polarisert at det virkar som eit spørsmål om å vere for eller mot samisk. Det bør no vere tid for å nyansere debatten litt og spørre kva dette forvaltningsområdet er godt for, og om det er den beste måten å styrke samisk språk på.

Med språkreglane i Samelova frå 1992 fikk samisk språk for første gong eit rettsvern i Noreg. Her i landet har det tradisjonelt vore samisk busetting i minst eit hundretal kommunar, av desse blei bare seks kommunar tatt med i forvaltningsområdet, seinare er det gradvis utvida til ni. Innafor forvaltningsområdet har ein rett til å bruke samisk skriftlig og munnlig i kontakt med visse offentlige organ, og desse organa må da kunne gi informasjon på samisk. Her er det utvilsamt gjort framsteg i dei 20 åra, sjølv om ein del av bruken av dei statlige løyvingane til språktiltak kan diskuterast. Eg skal her ikkje gå nærare inn på det, men ta opp avgrensinga av området og korleis området har blitt brukt til andre formål enn utgangspunktet.

Å avgrense eit område der befolkninga har visse rettar, betyr samtidig ei avgrensing av kven som har desse rettane. I Porsanger har ein rett til opplæring på samisk og å bruke samisk på offentlige kontor og på gamleheimen. Det har ein ikkje i nabokommunane Alta, Kvalsund, Nordkapp og Lebesby, som alle tradisjonelt har samisktalande befolkning, sjølv om størstedelen av samane der ikkje lenger snakkar språket. Etter dagens lovverk er det bare ein måte bebuaren på gamleheimen og eleven kan sikre sine språklige rettar på; kommunen må inn i forvaltningsområdet. For å få til det, må kommunestyret søke om det, og så må regjeringa vedta det. Så langt har regjeringa oppfylt dei søknadane som har kome, det er altså i første rekke kommunestyra det står på.

Kvifor søker da ikkje alle kommunane seg inn i forvaltningsområdet? Tildels er det politikarar som ikkje vil vite av noko samisk, men det er ikkje heile forklaringa. Fleire av kommunane i forvaltningsområdet har lenge hevda at dei statlige overføringane ikkje er tilstrekkelige til at kommunane kan oppfylle lova. Frykta for at nye kommunar i forvaltningsområdet kjem i same situasjon er derfor ikkje ugrunna. Like viktig er den bruken staten har gjort av forvaltningsområdet i anna lovverk.

Opplæringslova skil mellom elevar i og utafor området. Mens språkreglane i Samelova bare gir rettar til samisktalande innbyggarar og plikter til kommunane, går Opplæringslova eit skritt lenger, med å seie at kommunane i forvaltningsområdet kan gjøre samisk obligatorisk i skolen, altså eit vedtak med konsekvensar også for dei ikkje-samiske elevane i kommunen. Dette er likevel opp til den enkelte kommune å vedta. Men lova innfører og ein regel som gjeld alle elevar i forvaltningsområdet, og som kommunane ikkje kan reservere seg mot: "Departementet gir forskrifter om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i samiske distrikt og for elevar elles som får samisk opplæring i grunnskole og i vidaregåande opplæring."
Forskriftene departementet gir om samiske læreplanar skal altså gjelde i samiske distrikt, som er definert som kommunane i forvaltningsområdet. Denne lova blei vedtatt året etter at det hadde vore strid om nettopp dette i fleire av kommunane med innføring av læreplanane i 1997. Motstanden skuldast dels uheldige formuleringar i læreplanen som ikkje tok omsyn til at planen også skulle brukast av ikkje-samiske elevar. Da desse blei endra, var planen ganske godt eigna for dei opprinnelige seks kommunane i forvaltningsområdet, som alle tradisjonelt har hatt samisk busetting over heile kommunen, og der ein stor del av befolkninga har samisk bakgrunn. Seinare har forvaltningsområdet blitt utvida med Tysfjord, Snåsa og Lavangen, mens andre kommunar, som Skånland, Evenes, Tromsø og Alta vurderer å søke. Med desse utvidingane vil forvaltningsområdet også omfatte område som har vore norskdominert så langt tilbake vi kjenner historia. Men ein av konsekvensane av tilslutning er at alle elevane skal følgje samisk læreplan. Det gjeld sjølv om det overveldande fleirtalet i dei nemnde kommunane har norsk som undervisningsspråk. I norsk skole skal det i alle fag vere lærebøker, som er skrive i samsvar med læreplanane. Det er vel kjent at det manglar mye samiskspråklige lærebøker. Men ein annan mangel har det vore langt mindre fokus på: Lærebøker på norsk etter det samiske læreplanverket. Dette har så langt ikkje vore prioritert.

Da samiske læreplanar blei innført, var grunngivinga at samiske elevar skulle få ei opplæring ut frå eigen kultur. Dei første samiske læreplanane av 1987 blei innført for nokre fag i nokre få skolar, stort sett for undervisning på samisk. Ved reforma i 1997 ønska Sametinget i utgangspunktet at alle samiske elevar skulle få bruke det samiske læreplanverket. Da dette blei avvist, gikk dei inn på ein "plan B"; skolane i forvaltningsområdet. Dette blei så bestemt av departementet, men trulig hadde ingen konsekvensane heilt klart for seg.

Tidligare var politikken til norske styresmakter at ein skulle bruke bare norske stadnamn. I dag legg stadnamnlova opp til bruk av samiske namn. Sjølve lova skil ikkje mellom i og utafor forvaltningsområdet, derimot seier Forskrift om bruk av stadnamn: "På skilt eller kart o.l. der det blir brukt meir enn eitt namn, skal vedtaksorganet fastsetje rekkjefølgja av namna. Ved fastsetjing av rekkjefølgja skal ein ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk."
Det er ikkje vanskelig å sjå at dei to siste setningane kan komme i strid med kvarandre, og det gjør dei meir og meir ettersom forvaltningsområdet blir utvida til område der "språkbruken på staden" ikkje er dominert av samisk i dag og kanskje aldri har vore det.

Opprettinga av forvaltningsområdet hadde gode sider for dei som kom med. Men samtidig har stadig fleire lovar og forskrifter brukt forvaltningsområdet til å avgrense rettar og plikter i forhold til samisk språk og opplæring. I dag bør tida vere inne til ei samla vurdering av ordninga, og om det er mogleg å finne ordningar som er meir fleksible enn ei pakkeløysing der kommunane må velje mellom alt og ingenting. Dagens lovverk gir motstandarane av det samiske gratis gode argument, med å stille absurde krav som at for at elevar i Tromsø skal få rett til undervisning på samisk, må kommunen godta at kommunenamnet skal skrivast med "Romssa suohkan" først, eller at alle elevar i kommunen må følgje samisk læreplan.

Med den spreidde samiske busettinga i Noreg, bør det vere eit mål å sikre samane sine språklige rettar utan ei streng geografisk oppdeling. Ein bør derfor bygge ned forskjellane på rettar og plikter i og utafor forvaltningsområdet.
1. Elevar over heile landet bør få individuell rett til opplæring på samisk og til opplæring etter samisk læreplan.
2. Kommunar, fylke og offentlige institusjonar som ønsker å styrke bruken av samisk språk bør kunne få støtte til dette utan krav om at kommunen er med i forvaltningsområdet.
3. Alle samiske stadnamn bør brukast offisielt, ved sida av evt. norske namn, men kommunane må sjølve få velje rekkjefølgja.

Ein gjennomgang av lovverket for samisk språk bør settast i gang raskt. I mellomtida bør ein legge diskusjonane om utviding av forvaltningsområdet på is. Dei kommunane som no vurderer å søke bør i staden ta ein diskusjon om korleis dei best skal kunne oppfylle dei ønska som ligg til grunn for forslaget om innmelding i forvaltningsområdet, og staten / Sametinget bør legge til rette for at dette blir økonomisk mogleg.

Svein Lund


Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no