Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 2 -1978
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Denne artikkelen på samisk / Dát artihkkal sámegillii

Svein Lund:

Kraftutbyggarane vil føre folk bak lyset, - seier reindriftssamar i Kvalsunddistriktet

I to år har Porsa kraftlag planlagt kraftutbygging i Kvalsund. Området der dei planlegg utbygging er svært viktig som kalvings- og beiteområde for eit reinbeitedistrikt med omlag 3000 rein. Men først i mai i år fikk reindriftsamane høre om planane, og da gjennom avisene. Uforsvarlig saksbehandling i kraftutbyggingssaker er ikkje noko nytt. Men det spørs om ikkje Porsa kraftlag og Kvalsund kommune her sett norgesrekord.

Anders Mikkelsen Sara, formann i reinbeitedistrikt 22, Fieddar, fortel til Sámiid Hilat:
- Vi visste ikkje noko før i vår da vi kom ned hit til sommarbeitet. Lappefogden hadde heller ikkje fått vite noko. Eg fikk høre om utbyggingsplanane gjennom aviser og radio. Kan det vere rett at samane sjølv må undersøke når og kor det blir kraftutbygging? Eg ringte til Finnmark Kraftforsyning og spurte kvifor ikkje vi var informert. Da svarte dei at dei ikkje visste namna på reineigarane i området og kor dei budde. Dei kan ikkje ha anstrengt seg mye. Nei, planane deira er tydelig å føre folk bak lyset. I juni skulle dei presse saka opp i fylkestinget. Men det måtte dei trekke tilbake, for etter loven har dei ikkje rett til å behandle sånne saker så fort.
- Dette er ikkje første gang det blir gjort inngrep i sommarbeitet dykkar?
- Nei, her ligg jo alt eit kraftverk i Porsa. Det er to vatn som er regulert der. Vi har mista mye beiteland, og gamle flyttvegar har blitt sperra. Vi reagerte ikkje så mye da Porsa-utbygginga kom. Men no har vi meir røynsle med kva kraftutbygging fører til, så nå vil vi ikkje gi oss så lett. Folldal verk har og tatt mye beiteområder. Reinbeitedistriktet vårt er ikkje så stort, og mye av det er bare stein og snaufjell. Så dei inngrepa som er gjort er meir enn nok.
- Kan du seie litt om korleis denne utbygginga vil virke inn på reindrifta?
- Kor store skadane vil bli veit vi ikkje på førehand Men ein del er sikkert. Når vatn blir regulert får vi sprekkar i isen. Når det så legg seg nysnø over vil rein lett dette ned i sprekkane. Sånn har vi mista fleire dyr på Porsavatn. Men det viktigaste er at kalvingsplassane våre vil bli øydelagt. Simlene våre kalvar ved Saltvatn, det vatnet som da vil det bli ekstra mye uro, og det blir både anleggsveg og kraftlinje.
- E-verksjefen i Hammerfest seier ut de ikkje vil tape beiteområde på anleggsvegen, for dei vil så til kantane, og da blir det bare bedre beite.
- Dei har nå ikkje sådd til vegen frå Porsa til Porsavatn etter at dei bygde ut der. Så eg veit ikkje kor mye vi skal stole på disse lovnadane.
- Om det blir utbygging, vil de da greie å finne nye kalvingsplassar?
- Det er vi jo nøydd til å prøve på. Men like gode kalvingsplassar finn vi ikkje. Det einaste eg kan tenke meg er nede i Kvalsunddalen og ned mot Neverfjord. Men det vil igjen gå ut over bøndene der og det har vi jo ikkje lyst til. Jo meir om- rådet vårt blir snevra inn, jo større press blir del jo av rein mot jordene. Det er heller ikkje lett å skifte kalvingsplass. Det kan gå fleire år før simlene venner seg til ein ny plass. I mellomtida kan det bli store tap av kalvar.
- Så du meiner at ei slik utbygging nærmast vil bli katastrofe for reindrifta her omkring?
- Ja, eg ser det sånn at det er spørsmål om 40-50 arbeidsplassar med anlegget i 3-4 år, eller nesten like mange arbeidsplassar i reindrifta til evig tid.

Sjå om artikkel i samme avis om nedlegging av Repparfjord gruver.


Til startsida

sveilund@online.no