Artikkel i avisa Sámiid Hilat nr. 2-1978

Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Denne artikkelen på samisk / Dát artihkkal sámegillii

Svein Lund:

Nedlegging av Repparfjord gruver - Arbeidarane brikker i spelet til Borregaard og Staten

Til våren stanser drifta ved Folldal Verk i Repparfjord, Kvalsund. Staten har stryke Repparfjord gruver frå lista over dei som skal få støtte frå Kopparfondet. Dei som eig koppargruvene i Repparfjord er Borregaard, eit av dei aller største monopolkonserna i Noreg. 50 mann får sparken i ein kommune der det frå før er stor mangel på arbeidsplassar.
Da gruvedrifta starta opp i 1972 rekna dei fleste med at dette var ein trygg arbeidsplass. Mange gruvearbeidarar bygde seg hus og trudde på ei sikker framtid i Kvalsund. Men neste år er det altså slutt. Det arbeidarane i Repparfjord er opptatt av nå er sjølvsagt: Korleis få seg nytt arbeid utan å måtte flytte vekk? Og det fins ein plan, ein plan for arbeidsplassar i Repparfjord i 3-4 år. Det er planen om kraftutbygging i Kvalsund, og fagforeninga til gruvearbeidarane har krevd at denne skal settas ut i livet så fort som råd.
Men er det sånn at dette er ei bra løysing for arbeidarane på Folldal Verk? Og kva vil kraftutbygginga ha å seie for folk i Kvalsund, og for reindrittssamane som har sommarbeite der? For å prøve å finne ut av dette har vi prata med ein del folk i Kvalsund-distriktet, og her er litt av det vi fant ut.
Planen går ut på å demme opp Saltvatn (Suolojávri) og regulere det frå 19 m over til 5 m under den vatnstanden som er nå. Vatnet skal føras i tunnel ned til eit kraftverk i Repparfjord. Inn på denne tunnelen skal ein og føre vatnet frå tre mindre elver. Vassføringa i Kvalsundelva vil redusert med 40—50 prosent.
Det er enno ikkje gjort nokon vitskapelege undersøkingar av kva skadeverknader utbygging kan føre til. Det einaste er visstnok ei undersøking av reinbeitene, gjort for 20 år sidan. Likevel har Kvalsund kommunestyre samrøystes gått inn for utbygging. Likevel reknar ein ved Porsa kraftlag med at konsesjon blir avgjort av departementet våren 1979, og at arbeidet kan komme i gang i løpet av 1979.

Kommunestyret mot reindriftssamane

«Kommunestyret anser det heller ikke nødvendig å kalle inn inn representanter for reindrifta på det nåværende trinn av saksbehandlinga. Kommunestyret betegner det som vil bli berørt som et "månelandskap», som ikke er egnet som reinbeite. Derfor bør neddemming foretas uten forbehold."
Dette skreiv Sagat Ta sjølv og samanlikn det Anders M. Sara seier i intervjuet annan stad i avisa Vi vil ikkje påstå at alle medlemmane av kommunestyret i Kvalsund veit at dei lyg. Men at ingen av dei er meir orientert om reindrifta og naturen ei mil frå kommuneserteret, nektar vi å tru.
Den einaste usemja som kom opp i kommunestyret var om ein samtidig skulle kreve utbygging av Guommavassdraget. Eit forslag om dette fekk røystene til Venstre og Senterpartiet. (Var det nokon som snakka om «grønn politikk»?)

TO FLUGER I EIN SMEKK

Kvifor kjem desse kraftutbyggingsplanane, og kvifor kjem dei akkurat no? På grunn av den store motstanden mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget har staten førebels vore nøydd å kutte ut dei mest omfattande planane der. Dei nåverande planane i Alta vil gi forholdsvis lite vinterkraft. Ei utbygging av Kvalsundvassdraget, vil derimot gi mest vinterkraft. Men som i Alta måtte ein og vente protestar i Kvalsund.
Samtidig hadde staten eit anna problem. Bedriftsnedleggingar er ikkje populært. Det møter derimot stadig større motstand frå arbeidarane. Men profitten går jo først, og arbeidsplassane i Repparfjord er blant dei som verken monopolkapitalen (her: Borregaard) eller staten er villige til å redde.
Men — kvifor ikkje slå to fluger i ein smekk?
1. Legge ned Repparfjord gruver.
2. Bygge ut Kvalsundvassdraget.
Ved å gjere dette samtidig ser resultatet ut til å bli heilt prima — for kapitalen og staten. For det første: Borregaard får stoppa ein bedrift som ikkje gir dei den profitten dei hadde venta. Dette tar dei gjort utan særlig motstand frå arbeidarane, som blir lova arbeid på plassen.
For det andre: Dei held mesteparten av dei vante gruvearbeidarane i distriktet, og kan ta dei inn igjen om dei skulle ta opp igjen drifta når anleggstida er over om 3—4 år.
For det tredje: Motstanden mot kraftutbygginga blir drukna i ropa om å redde arbeidsplassar i Kvalsund kommune.

TRYGGE ARBEIDSPLASSAR?

Under den økonomiske krisa vi nå er inne i ser fleir og fleir det kommunistane alltid har hevda; at det aldri kan bli verkeleg trygge arbeidsplassar under kapitalismen. Folldal Verk blir lagt ned trass i at kopparreservene fortsatt er store. Bare fordi gruva ikkje gir overskott til eigaren, Borregaard. Bare eit sosialistisk samfunn vil kunne gi trygge arbeidsplassar, ved at produksjonen blir planlagt og drive ut i frå behova til det arbeidande folket, ikkje for at nokre få skal kunne tjene seg rike.
Arbeidarane på Folldal Verk ønsker å sikre seg arbeid i Repparfjord. Men gjør dei det ved å gå med på premissa til Borregaard og staten, og støtte kraftutbygginga? Utbygginga vil vare i 3-4 år. Og kva så? Kva om kopparprisane fortsatt er låge og det ikkje er lønsamt for Borregaard å sette drifta i gang igjen? Kva kan arbeidarane da gjøre for å kjempe for arbeidsplassane? Dei vil ikkje lenger vere tilsett av Folldal Verk, men av Finnmark Kraftforsyning. Det vil ikkje lenger finnast nokon Repparfjord gruvearbeidarklubb. Skal gruvearbeidarane i Repparfjord kunne kjempe for arbeidsplassane sine, må dei gjere det nå.
På mange arbeidsplassar har arbeidarane tatt opp kampen mot nedleggingar og innskrenkingar, og ofte har dei vunne. Borregaard har råd til å halde drifta i gang. Staten har og råd. Men dei vil ikkje. For dei er det omsynet til fortenesten som tel, ikkje til arbeidarane. Derfor må dei pressas. Om arbeidarane ved Folldal Verk tar opp kampen og får støtte frå andre arbeidsfolk, kan arbeidsplassane reddas, enten det blir fortsatt gruvedrift eller ein brukar lokala til anna produksjon.
I dag skyv Borregaard og staten arbeidarane foran seg. Dei blir brukt som brikker i eit spel for å rane naturressursar som høyrer samane til. Og det er verken norske eller samiske arbeidsfolk tjent med.


Til startsida

sveilund@online.no