In English

Innlegg på Gargia/Tana-konferansen, 23.10.2013, Konferansen var arrangert av Universitetet i Tromsø (avd. Alta) og hadde tittelen "Ecology and sustainable business and community development in the Circumpolar North"
Innlegget er litt revidert i ettertid.

Finnmarksnaturen – mellom tradisjonell bruk, internasjonal kapital og sentralmakta

Finnmark er det største fylket i Noreg. Det er også det fylket som både absolutt og relativt har mest natur som så langt ikkje er utsett for øydeleggjande inngrep. Men vi kan også snu det: Finnmark er det fylket som har mest igjen å øydeleggje. Og naturen i Finnmark er i dag meir truga enn nokon gong.

Naturen er grunnlaget for fiske, reindrift, jordbruk og utmarkshausting, som igjen på forskjellig vis påverkar naturen. Naturen er og grunnlag for – og utsett for – fritidsaktivitetar som jakt, sportsfiske, turgåing og skuterkjøring. Og i naturen ligg det eit grunnlag for profitable aktivitetar som gruvedrift, kraftutbygging, osv. Dette har ført til at norsk og internasjonal kapital har sett auga sine på fylket. Og statsmakta har hatt og har sine bestemte planar for fylket. I møtet mellom alle dei som har interesser i å bruke naturen i Finnmark på forskjellig vis, kan naturen sjølv bli skvisa og bli den store taparen. Men også den tradisjonelle bruken blir lett ein tapar i møtet med storkapital og statsmakt.

Lemen

Lemen, Guovdageaidnu, 2011
(Foto: Svein Lund)

Rein og sau beitar i lag. Hopsfjorden, Gamvik, 2009
(Foto: Svein Lund)

Fabrikken til Nestlé/Findus, Hammerfest, 2006
(Foto: Svein Lund)

Sultestreik foran Stortinget mot utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget, 1981
(Foto: NRK)

Finnmarksnaturen

Kva er Finnmark?

Orda Finnmark og Finnmarksnaturen kan synast som eintydig omgrep, men det er dei ikkje. Da lova for omlag tusen år sidan sa at det var forbode å "fara á Finnmerkr at spyrja spá", var Finnmark eit langt større område enn dagens Finnmark fylke. Enno i dag kranglar historikarar, politikarar og avisdebattantar om i kva grad dagens Finnmark i den tida var å rekne som ein del av Noreg. Det meste er omdiskutert i den eldre historia til Finnmark og Nordkalotten, men eg skal la det ligge her og hoppe til 1576. Da blei Finnmark eiga administrativ eining i det dansk-norske riket, under namnet Vardøhus len. Men grensene mot daverande Russland og Sverige var alt anna enn klare. Dei blei trukke først i 1751 mot Sverige/Finland og 1826 mot Russland. Grensa mot resten av Noreg har og variert. Frå 1787 til 1866 omfatta daverande Finmarkens amt også det som i dag er Troms fylke.

Kart over noverande Finnmark fylke med kommunar
(Kjelde: Wikipedia)

Kart over Sápmi alias Lappland, Laponia eller Finnmark
(Kart: Hans Ragnar Mathisen)

Grensestenging

Grensene blei i 1751 og 1826 trekt tvert gjennom bygder, siidaar og bruksområde. Enno ei tid kunne befolkninga halde fram å bruke naturen på begge sider av dei nye grensene. På grunn av storpolitiske konfliktar mellom statane blei grensa stengt midt på 1800-talet. Grensestengingane førte til store konsekvensar for tradisjonell naturbruk, med at tradisjonelle flyttingar blei brote, slik at forskjellige grupper av samar mista viktige delar av næringsgrunnlaget sitt. Det førte til fleire flytteprosessar, både innafor og mellom statane, noko som fikk store følgjer og som vi enno i dag slit med etterverknadane av. Norske reindriftssamar flytta over til svensk side, og vidare skjedde det ei trinnvis flytting nedover slik at svenske nordsamar hamna i lule-, pite- og umesamisk område på både svensk og norsk side, med eller utan rein. Svenske reindriftssamar kunne bruke sommarbeite i Noreg, men seinare har dei gradvis blitt fråtatt mesteparten av beiteområdet sitt. Skoltesamane blei særlig hardt ramma av grensestenginga, som førte til ei varig tredeling av denne folkegruppa og etter kvart stor grad av assimilering i majoritetsbefolkningane, og tap av språk og kultur. Den dag i dag er ikkje konfliktane løyst om bruken av naturen i dette området.

Historisk sett er det ikkje sjølvsagt verken at Finnmark er eit norsk fylke, at Sør-Varanger er ein del av Finnmark og at Ohcejohka/Utsjoki ikkje er det. Eller for den saks skuld at Kvænangen ikkje er ein del av Finnmark. Likevel vil eg vidare her hovudsakelig halde meg til det som i dag heiter Finnmark fylke.

Natur til lands og vanns

I 2005 vedtok Stortinget Finnmarkslova, som overførte eigedomsretten til utmarka i fylket frå Statskog til Finnmarkseiendommen. I lova står det i §2: Loven gjelder for fast eiendom og vassdrag med naturressurser i Finnmark fylke. I strandlinjen gjelder loven så langt ut i sjøen som den private eiendomsretten strekker seg. (til marbakken eller 2 m. dup) Men finnmarksnaturen stoppar ikkje der. Kystbefolkninga i Finnmark har alltid levd av ressursane i fjordane og på opne havet, både dei som held til meir eller mindre stasjonært på botnen og dei som forflyttar seg over større område. Når fjordane blir tømte for fisk og tareskogen forsvinn, er det vesentlige delar av Finnmarksnaturen som blir borte.

Da Finnmarkslova ikkje tok opp spørsmålet om retten til fjordressursane, blei det i staden sett ned eit utval kalla Kystfiskeutvalet. Dette slo samrøystes fast at samar og lokalbefolkning har rett til fisket i fjordane. Men sidan dette ikkje passa fiskerikapitalen, sørga regjeringa for å gravlegge heile innstillinga.

Rovdrifta på ressursane i fjordane, bestemt og forsvart av makta i Oslo / Bergen / Sunnmøre, har ført til at tradisjonelt fiske er redusert til ein liten brøkdel av kva det var, og den tradisjonelle fiskarbondetilpassinga er det knapt restar igjen av. Dette er både eit ressurstap og eit naturtap, og som sådan også ei sak for oss som naturvernrørsle.

Dregg og båt på land for vinteren, Veidnes i Laksefjorden, 2003
(Foto: Svein Lund)

Sjøstjerner på sandbotn, Veidnes i Laksefjorden, 2006. Her var det tidligare tareskog.
(Foto: Svein Lund)

Molter og finnmarkspors i blom, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Sol over fjella i Porsanger. Tatt frå vegen Karasjok-Lakselv, 2003
(Foto: Svein Lund)

Tradisjonell bruk – kva er det?

Tradisjon heiter på samisk "árbevierru", altså ein skikk som ein har arva. Det vil da seie at minst ein generasjon før ein har hatt denne skikken.

Sjølv om f.eks. reindrifta gjennomgikk store endringar som direkte og indirekte følge av innføringa av skuteren på 1960-talet, så er det likevel ein ubroten tradisjon i familiane, i siidaorganiseringa og i store delar av den kunnskapen som trengst i drifta.

Kva som kan reknast som tradisjon er omstridt. Nylig hevda ein debattant at vårjakta på ender i Kautokeino ikkje kunne reknast som samisk tradisjon, ettersom samane ikkje sjølv hadde laga hagler. Slik kan ein med urimelige krav definere bort alle tradisjonar, og dermed overkjøre dei. I gamle dagar, da tradisjonane blei danna, var det ikkje noko skarpt skilje mellom næring og bruk. Folk hausta av naturen, åt det dei plukka, fiska eller fanga, og bytta bort eller selde det dei ikkje trong sjølve. I stor grad levde dei av kombinasjonsnæringar, eller som det er sagt; av binæringar. I den grad dei hadde lønnsarbeid, var det ofte midlertidig, sesongbetont eller på deltid.

Seinare har lønnsarbeid blitt hovudlevebrødet for dei fleste, men likevel har mange halde oppe mye av den tradisjonelle haustinga. For å kunne snakke om tradisjonell bruk er det derfor ikkje nødvendig at det er hovudnæring eller registrert inntekt, det er mange tradisjonar knytta til det vi kallar matauk. Med tradisjonell bruk i Finnmark, meiner eg her lokalbefolkninga sin bruk av naturen til beite for dyr, til dyrking og sanking av fôr til desse dyra, til jakt og fangst, fiske i sjø og ferskvatn, plukking av bær og matnyttige planter, vedhogst, materiale til duodji/husflid osv. Tradisjonen var at når ein gikk ut i utmarka var det fordi ein hadde noko nyttig å gjøre der, det var ikkje sport, ikkje "rekreasjon". Organisert og uorganisert turgåing for turen sin del, forskjellige formar for sport i utmarka samt sportsfiske og sportsjakt fell derfor utafor tradisjonen. Til tradisjonen i Finnmark hører heller ikkje måtar å utnytte naturen på som er innført i seinare tid, anten det er fiskeoppdrett, kongekrabbefiske eller sanking av sopp og skjell til mat.

Den tradisjonelle naturbruken er utøvd av ei lokalbefolkning, som har kjent seg knytta til terrenget og landskapet dei har brukt, og som sjølv har meint dei har ein rett til slik bruk, ofte også ein einerett eller førsterett, anten denne retten har vore lovfesta eller ikkje.1 Vi kan grovt dele tradisjonell naturbruk i fire greinar, som tradisjonelt tildels har gått over i kvarandre: reindrift, jordbruk, sjøfiske, utmarksbruk (jakt, ferskvassfiske, hausting av bær og planter).

Påhengsmotor av eldre modell, Guovdageaidnu.
(Foto: Svein Lund)

Lokkeender av plast brukt i vårjakt, Coagesjávri, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Ved skillegjerdet over Ifjordfjellet har reinflokkane slitt veldig på vegetasjonen.
(Foto: Svein Lund)

Fangst frå garnfiske i Guovdageaidnoeatnu: gjedde, sik, abbor og gjedde.
(Foto: Svein Lund)

Reindrift – for kven?

For mange har reindrifta vore ein større eller mindre del av dette samansette livsgrunnlaget, som hovudnæring eller som binæring. Det er gjerne mest snakk om dei som har reindrift som hovudnæring, eg skal i staden seie litt om reindrift som binæring.

Den gamle verdde-ordninga gikk ut på at ein reindriftsfamilie eller siida hadde spesielt kontakt med ein familie på kysten og gjerne ein i innlandet. Desse eigde nokre rein i flokken, og deltok i arbeidet med f.eks. skiljing, slakting, frakting til beite på øyar. Denne ordninga blei avskaffa ved lov av 1978, noko som bidrog sterkt til å øydelegge samhaldet mellom flyttsamar og fastbuande, og til at det utvikla seg større motsetningar mellom desse gruppene. I dag er det derfor lite igjen av verdde-ordninga, i den grad det eksisterer er det meir uformelt, fordi dei fastbuande ikkje lenger har lov å eige rein.

Reindrift som binæring i dag er meir eit fenomen innafor reindriftsfamiliar, der nokon i familien har reindrift som hovudnæring, mens andre har vanlig lønnsarbeid og deltar i sesongane i den grad dei kan.

Heilt frå reindrift i større målestokk utvikla seg i Finnmark, trulig på 1500-talet, har ho vore organisert i siidaar. Til kvar reinflokk var det knytta faste beiteområde til forskjellige årstider og faste flyttevegar mellom desse. Dette systemet er ført vidare og no kalla reinbeitedistrikt, som er regulert av reindriftslova og Reindriftsforvaltninga. Men ofte har det vore konfliktar mellom det indre systemet som reindriftssamar sjølv har skapt og dei organa som styresmaktene har oppretta for å regulere reindrifta. Det gjeld blant anna på vinterbeita i indre Finnmark, der siidaane tradisjonelt har kvar sine område, men desse er ikkje lovfesta. Formelt er her store fellesbeiteområde, noko som har bidratt sterkt til konfliktar reindriftssamar i mellom og til overbelastning på beita.

Reindrifta er eit komplisert system, som ikkje er så lett for utanforståande å forstå. Ein kan ikkje måle reinbeite i kvadratkilometer og drive prosentrekning, slik som når gruvetilhengarar i Kvalsund seier gruva vil bare ta 3% av reinbeiteområdet, så da er det nok å gi erstatning for 3% av reinen, eller som da ein sentral politikar under Alta-kampen suverent slo fast at heile utbygginga bare berørte beite for 21 rein. Forskjellige former for beite og landskap skal vere tilgjengelig på bestemte årstider, og ikkje minst skal ein kunne flytte reinflokkane mellom desse. Om det bare er ein open veg mellom to beiteområde, kva skjer da om denne passasjen blir stengt? Som ein reineigar sa det: Om du har eit toetasjers hus og fjernar trappa mellom etasjane, har du ikkje redusert boligarealet med 5%, men med 50%.

Møte mellom rein og bil er vanlig på Kvaløya og ender ofte tragisk for reinen.
(Foto: Svein Lund)

Foring av rein med høy grip meir og meir om seg. Denne rundballen blir frakta innover fjellet på spesiallaga slede til dette formålet. Guovdageaidnu 2011.
(Foto: Svein Lund)

Eit sjeldant syn: Rein på vinterbeite ved sjøen, Porsanger 2003
(Foto: Svein Lund)

Tørking av reinkjøtt, Guovdageaidnu.
(Foto: Svein Lund)

Fiskarbonden mot agronomen

Typisk for Finnmark har vore tradisjonelle næringstilpassingar, der næringane blei tilpassa til naturen og tilpassa til kvarandre. Lenge var det ikkje uvanlig at folk i fjordane hadde eit dobbelt flyttemønster: Ein flytta mellom 2-4 sesongbuplassar og ein bytta nokre av sesongbuplassane med kanskje 10-30 års mellomrom, når visse lokale ressursar var brukt opp, og trengte tid for å komme seg tilbake. Befolkingsauke og matrikulering av jord førte etter kvart til meir fast busetting på ein stad. Men fortsatt var jordbruket ofte lite intensivt, ein slo graset, men pløyde og sådde ikkje, og gjødsla ikkje meir enn det husdyra sjølve la igjen. Også tang og tare, fiskeslog, greinar og lyng blei brukt til husdyrfôr. Denne allsidige tilpassinga gjorde det mogleg å utnytte såkalla "marginale" område og drive med lite kapitalutgifter.

Denne levemåten sto i strid både med sørnorsk bondetradisjon og med styresmaktene sine førestillingar om kva som var moderne og framtidsretta. At ein stor del av desse fiskarbøndene snakka andre språk enn riksspråket blei bare eit ekstra bevis på kor gamaldagse og umoderne dei var. Gjennom bevisste koloniseringstiltak blei store delar av Troms og Nordland befolka med bønder sørfrå, eller ofte husmenn eller overtallige bondesøner som her blei lova eiga jord. I reglement til Jordlova av 1902 heiter det:
"Afhændelse maa kun ske til norske Statsborgere og under særligt Hensyn til at fremme Bosættelsen af en for Districtet, dets Opdyrkning og øvrige Nyttiggjørelse skikket Befolkning, som kan tale, læse og skrive det norske Sprog og benytte dette til dagligt Brug."

Lovverket, låne- og støtteordningar og ordninga med kommune- og fylkesagronomar og fiskerirettleiarar blei brukt til å favorisere dei som satsa på anten jordbruk eller fiske som hovudnæring framfor dei som dreiv kombinasjon. Det som til sist tok knekken på det aller meste av den gamle næringstilpassinga etter kysten var ein kombinasjon av ideologisk kampanje og langvarig påverknad av harde juridiske og økonomiske realitetar.

Sjarkar og sauer fortel om kombinasjonsbruk i fjordstrøka. Kokelv 1993
(Foto: Svein Lund)

Ein av dei aller siste gardane i drift på Veidnes i Laksefjorden
(Foto: Svein Lund)

Gard i Kolvik i Porsanger. Godt med maskinar!
(Foto: Svein Lund)

Denne garden i Lerresfjord i Alta er forlengst nedlagt og jordene gror til. 2011.
(Foto: Svein Lund)

Sjark mot trål

Så langt tilbake vi har historiske kjelder har det vore strid om kven som har rett til fiske i Finnmark. På 15-1600-talet kan vi snakke om tre hovudgrupper som fiska på Finnmarkskysten:
– Samar, som stort sett fiska i fjordane og kombinerte med fedrift og utmarksnæringar.
– Fastbuande nordmenn, som for det meste heldt til i dei ytre fiskeværa.
– Sesongfiskarar frå Troms og Nordland.

Fram til 1800-talet var lokalbefolkninga sin rett til fiske i nærområdet sitt stort sett respektert. Men fiskarane utafrå pressa hardt på for å få gjennom at det skulle vere fritt fiske overalt. Det fikk dei etter kvart langt på veg gjennom, og resultatet var ei endelaus rekke av brukskollisjonar og protestar frå lokalbefolkninga på at båtar utafrå raserte både fiskebestandar, botnvegetasjon og fiskereidskap for lokale fiskarar. Dels har det vore ein kamp mellom fjordfiskarar og havfiskarar i fylket, dels mellom finnmarksfiskarar og "nordfararar", dels mellom norske og utanlandske fiskefartøy. Russarar og finlendarar har fiska særlig i Varanger frå gamalt av, og frå først på 1900-talet fiska engelske trålarar på finnmarkskysten, til store protestar frå lokalbefolkninga. Seinare fikk dei følgje av ei rekke andre land, og vi fikk ein langvarig kamp om grensa for utlendingar sitt fiske og for trålfiske generelt.

Om ein skal oppsummere denne historia kort og grovt, kan ein seie at det har vore svært vanskelig for lokale fiskarar å få gjennomslag hos sentrale styresmakter for nødvendige reguleringstiltak for å bevare fiskebestandar, fjordvegetasjon og levebrødet for fjordfiskarane. Fiskerikapitalen, med hovudtyngda på Vestlandet, har hatt langt større påverknad på fiskerilovgivinga og på reguleringstiltak gjort av fiskeridepartement og direktorat. Og blant finnmarksfiskarane har nokre få reiarar på ytste kysten hatt den største politiske innverknaden, mens samiske fjordfiskarar og fiskarbønder har hatt aller vanskeligast for å vinne fram. Resultatet er at fjordfiskarane tapte dei aller fleste konfrontasjonane og i stor grad har mista levebrødet. Eit avgjørande slag var her da det med trålarane sitt overfiske som påskot blei innført kvotar også på kystfisket, og mange blei nekta kvote og kasta på land.

Da regjeringa i 2006 sette ned Kystfiskeutvalet, var det mange som sette si lit til at denne uretten skulle bli retta opp. Utvalet gjorde jobben sin, men etter press frå reiardominerte Norsk Fiskarlag forkasta altså regjeringa heile innstillinga. Utviklinga har snarare gått i motsett retning, med struktureringstiltak for å minske fiskeflåten og omsettelige fiskekvotar som har stengt store delar av fiskeribefolkninga ute og hindra rekruttering og vidareføring av tradisjonar i fiskerinæringa. Den nye regjeringa slår fast i si regjeringserklæring at dette ressursranet skal halde fram og forsterkast.

Sjark på Veidnes, Laksefjorden
(Foto: Svein Lund)

Hamna i Bergsfjord i Loppa, 2006
(Foto: Svein Lund)

Snefjord i Måsøy
(Foto: Svein Lund)

Hamna i Båtsfjord.
(Foto: Svein Lund)

Næring og bruk i utmarka

Frå så langt tilbake vi har arkeologiske spor, har naturen vore brukt til mat, byggemateriale og oppvarming, klede og forskjellige nødvendige bruksgjenstandar. Slik har det sjølvsagt vore overalt ein gong, men vi kan trygt seie at Finnmark er det fylket i Noreg der desse tradisjonane har halde seg best. Her er rike naturressursar, befolkninga har ikkje vore så stor og har tidligare budd ganske spreidd og det har ikkje vore noko godseigarvelde som har nekta folk å bruke ressursane i nærområdet.

I samband med planar om oppretting av fleire verneområde, blei det for få år sidan gjennomført ei spørjeundersøking i Guovdageaidnu om i kva grad folk brukte naturen, blant anna til bærplukking, jakt, fiske og vedhogst. Tala viser at ein svært stor del av befolkninga er aktive naturbrukarar og at dette betyr mye for dei, både trivselsmessig og som tilgang på lokal, god og sunn mat. Bare ein liten del av dei seljer så mye av det dei hentar ut av naturen at det gir vidare registrert og skattbar inntekt. Men mange bytar eller seljer uformelt og i alle fall er det svært mange som bidrar økonomisk til eiga hushaldning med å sjølv skaffe mat, ved osv. som ein elles måtte ha betalt for. Spør ein kvifor folk er ute i naturen, er det gjerne nytteaspektet som blir trekt fram, men samtidig legg mange vekt på helse og trivsel.

Liksom staten har ønska seg bare spesialiserte bønder, fiskarar og reineigarar, som driv desse næringane på full tid, har ein ønska at utmarksnæringar bare skal drivast av folk som gjør det i stort og økonomisk lønsamt. Derfor har ein bl.a. innført ein regel om at for å få dispensasjon til næringskjøring i utmark, må ein ha ei registrert skattbar inntekt på over 50000,- frå den aktuelle utmarksnæringa, f.eks. fiske eller bærplukking. Den som ikkje oppfyller dette kravet, er da etter regelverket redusert til turist, sjølv om dei skulle drive hausting på område som slekta deira har brukt i mange generasjonar.

To medisinplanter: Kvann og nyserot, Molvik i Berlevåg, 2009
(Foto: Svein Lund)

Rester av jaktskjul for vårjakt på ender, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Rype på Kvaløya, nær Hammerfest
(Foto: Svein Lund)

Måsegg, Hasvik, 2011
(Foto: Svein Lund)

Internasjonal kapital i Finnmark

Internasjonal kapital i Finnmark er ikkje noko nytt. Dei rike ressursane av fisk og havdyr førte tidlig til interesse nedover i Europa. Frå 1300-talet var grunnlaget for den norske busettinga på finnmarkskysten i første rekke hanseatane som med base i Bergen kjøpte fisk nordfrå og eksporterte nedover Europa. På 1500-talet dreiv nederlendarar kvalstasjonar, bl.a. på Sørøya. Utanlandske trålarar har vore trugsmål mot fiskeressursar og kystfiskarar, men har pga. lovverket blitt hindra i å etablere seg i land. Fiskeindustrien har stort sett vore på norske hender, det viktigaste unnataket her er det sveitsiske selskapet Nestlé som dreiv Findus-fabrikken i Hammerfest 1962–2000, og som også eigde trålarar knytta til fabrikken. I forhandlingar om EU og EØS har det vore eit viktig spørsmål om den frie etableringsretten og skulle gjelde for fiskerinæringa.

Sjølve dei tradisjonelle næringane i fylket har i stor grad vore verna mot utanlandsk oppkjøp, både fordi lovverket set restriksjonar og fordi det ikkje har vore svært lønnsame investeringsobjekt. Men det betyr ikkje at dei områda dei tradisjonelle næringane har brukt har fått vere i fred for anna bruk frå internasjonal kapital. Det har vi spesielt sett i mineralnæringa.

Den første gruva av noko format i Finnmark var kopparverket i Kåfjord, starta i 1826 med engelsk kapital og leiing. Seinare overtok svensk kapital. Sydvaranger gruver blei drive av tysk og svensk kapital frå 1906 til andre verdskrigen, etter nokre tiår med statsdrift er det no eit australsk selskap som eig gruva. Nefelingruva på Stjernøya er no drive av Sibelco, som ifølge eigne opplysningar er "truly multinational business, today operating 228 production sites in 41 countries". Kvartsittbrotet i Austertana blei starta av ei norsk selskap, men er no kjøpt opp av kinesisk kapital. Av dei to gruveprosjekta som no kjempar for å få løyve å sette igang, er det eine (Arctic Gold) eit svensk selskap med stort innslag av tysk kapital, det andre (Nussir) er formelt norsk, men med stort innslag av britisk, kanadisk og belgisk kapital. Av dei selskapa som har sikra seg leiterettar i Finnmark, er det kanadiske Dalradian Ressources suverent størst, ellers er det representert selskap frå ei rekke land. Eg har her brukt uttrykket "internasjonal kapital", ikkje "utanlandsk kapital". For mye av den største norskbaserte kapitalen er og i høgste grad internasjonal, anten det gjeld Statoil i oljenæringa eller Røkke i fiskeria. Skiljet går ikkje på norsk eller utanlandsk, men mellom lokalbaserte bedrifter der eigarane har tilknyting til distriktet og er interesserte i lokal utvikling, og børsnoterte selskap som bare er ute etter profitt, der dei like godt kan investere i ei koppargruve i Kongo som ei i Finnmark, og der ingenting held dei tilbake her den dagen investeringa ikkje lønner seg lenger.

Hammerfest med gassanlegget på Melkøya under bygging,
(Foto: Svein Lund)

Kvartsittgruva i Austertana
(Foto: Svein Lund)

Gjenfylte dagbrot etter koppergruva i Biedjovággi, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Hamna til A/S Sydvaranger, 1988
(Foto: Svein Lund)

Finnmark og sentralmakta

«Finmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie.» Slik omtalte Finansdepartementet Finnmark i eit skriv i 1848. Seinare har det ikkje vore rekna som riktig stovereint å snakke om Finnmark som koloni, men samanlikninga har mye for seg både for tida før og etter at dette blei skrive. I vikingtida drog ein ikkje bare i vesterled og austerled, men også nordover, på finneferder. Finneferdene gikk ut på å oppsøke samane, handle med dei, plyndre dei eller krevje skatt av dei. Nordkalotten var offer for herjingar og skattekrevjing frå minst tre statar på ein gong: Noreg (seinare Danmark-Noreg), Sverige (inkl. Finland) og Novgorod/Russland. I riktig gamal tid herja også folkegrupper utan at dei nødvendigvis alltid hadde ein stat bak seg, f.eks. karelarar og kvenar.

Gradvis blei større og større delar av noverande Finnmark ein meir etablert del av den (dansk-) norske staten, utan at det er mogleg å seie noko bestemt år som året for innlemming av fylket. Likevel beholdt fylket ei særstilling, med at nesten all jorda i fylket blei rekna som statseigedom. Korleis hadde det seg at fylket blei statseigedom? Det nemnde skrivet frå 1848 grunngir det slik: «Det egentlige Finmarken har nemlig fra gammel Tid af været betraktet som tilhørende Kongen eller Staten, fordi det oprindelig kun var beboet af et Nomadefolk, Lapperne uden faste Boliger.» Dette sitatet viser korleis ein tenkte: At bruk ikkje gir rett til land, utan at ein har faste bustadar og dyrkar landet. Men dette er faktisk den einaste kjente grunngiving for det som seinare blei kalla Statens umatrikulerte grunn.

Kva konsekvensar fikk det at jorda blei definert som tilhørande staten? Staten kunne bruke jorda, og staten kunne selje jord, til den som staten ønska, og det var helst andre enn den som brukte jorda. Staten kunne også bestemme kven som fikk lov å jakte, fiske og plukke bær. Og sidan dei som brukte landet lokalt ikkje hadde papir på det, sto staten fritt til å bygge vegar, kraftverk, militærleirar osv. utan å trenge å ekspropriere, staten eigde jo landet sjølv. Mens utmarka i Sør-Noreg var eit lappverk av private eigedomar, der bare nokre få utvalde kunne få jakte og fiske, var Finnmark fritt for alle. Ettersom kommunikasjonane blei betre blei fylket eit eldorado for sportsfiskarar og rypejegarar sørfrå. Vidda var jo fri for alle. Kven brydde seg om at det var nokon rettslause folk som budde her og hadde brukt ressursane til livberging og matauk i generasjonar? Men Finnmark inneheld og verdiar under jorda. Minerallovgivinga skiljer mellom statens mineral og grunneigars mineral. Men for Finnmark spela skiljet liten rolle, staten var jo grunneigar. Og Bergmesteren i Trondheim stykka opp og delte ut land til alle som ville ha.

Driftsbygningen frå drifta til Folldal gruver i Repparfjord, Kvalsund
(Foto: Svein Lund)

Vegbom ved "Nullpunktet", der demonstrantane i 1980 stansa bygginga av veg til oppdemminga av Altaelva. Bildet er frå 2013.
(Foto: Svein Lund)

Naturverndemonstrasjon foran Stortinget
(Foto:http://besteforeldreaksjonen.no)

Kart over nasjonalparkar i Finnmark

Finnmarkslova – endra ho noko?

Etter 25 års utgreiing og mange års krangel, vedtok Stortinget i 2005 å overføre Statens grunn i Finnmark til eit organ vald av Sametinget og Fylkestinget. Forventningane til lova har vore stor, og det har også frykta vore for kva lova kunne føre til av både rasediskriminering og privatisering og utestenging av "allmennheten". Men ut frå den praksisen vi har sett frå Finnmarkseiendommen og Finnmarkskommisjonen til no, må vi vel seie at verken forventningar eller frykt er oppfylt. For i all hovudsak har forvaltninga av Finnmark halde fram som før med eit anna namn. Og av dei endringane som har skjedd, er det fleire som heller har gått i motsett retning av det som var forventa.

Det er påstått at med Finnmarkslova hadde finnmarkingane endelig blitt herrar i eige hus. Hadde dei så det?

Mens Samerettsutvalget innstilte på at forvaltningsorganet skulle heite Finnmark grunnforvaltning, forkasta Stortinget dette og vedtok namnet Finnmarkseiendommen, eit namn som i seg sjølv var provoserande for alle som på eit eller anna grunnlag tvilte på at dette organet virkelig hadde eigedomsrett til 95% av Finnmark. Men eigedomsrett blei det, sjølv om det er forbehold om at dei som gjør krav på rettar kan melde desse inn for Finnmarkskommisjonen. Dei avgjerdene som kommisjonen har gjort til no, tyder likevel ikkje på at denne prosenten vil bli særlig redusert. Spørsmålet er da kva denne eigedomsretten omfattar, og kva FeFo har rett til å gjøre med eigen eigedom og kva dei har rett til å nekte andre å gjøre. Det er eit omfattande juridisk spørsmål. – Som nemnd går FeFo sin eigedom bare til marbakken, dvs. som regel få meter ut i sjøen. FeFo har derfor ingenting å seie over verken fiskerireguleringane, trugsmål mot livet i sjøen eller olje- og gassutvinninga.

– I Finnmarkslova §19 står det "Grunn som Finnmarkseiendommen eier, kan legges ut som nasjonalpark etter reglene i naturvernloven". Vedtak om nasjonalpark eller andre verneområde som naturreservat, landskapsvernområde osv. blir fatta av Stortinget eller Miljøverndepartementet. Når eit verneområde er oppretta, gjeld dei sentralt fastsette reglane for bruken av dette. I praksis vil det seie at når eit område blir verna, tar Staten forvaltninga av dette tilbake frå FeFo.

– Minerallova slår fast at dei fleste av dei minerala som no leitast etter eller søkast drift på i Finnmark, dei er "statens mineraler", uavhengig av kven som måtte vere grunneigar på overflata. Eigedomsretten til desse minerala følgde derfor ikkje med over til FeFo. Løyve til mineralleiting delast framleis ut av Direktoratet for mineralforvaltning i Trondheim, endelig løyve til drift avgjørast i siste instans formelt av Miljøverndepartementet etter ordre frå Næringsdepartementet.

– Kraftutbygging på FeFo sin grunn skjer etter konsesjon frå NVE. Grunneigar kan protestere, men har ikkje rett på anna enn økonomisk kompensasjon der det kan bevisast økonomisk tap.

– Forvaltning av jakt- og ferskvassfiske skjer i stor grad etter sentralt fastsette lover, så som viltlova, naturmangfoldlova m.m. I sjølve Finnmarklova er det og sett strenge avgrensingar på i kva grad FeFo får styre denne forvaltninga. – Ei rekke EØS-forskrifter med reglar mot diskriminering av EØS-borgarar kan sette grenser for kva FeFo får bestemme om fortrinnsrett eller einerett til naturressursane for lokalbefolkning, innbyggarar i kommune, fylke eller Noreg.

Konklusjon: I forhold til dei store sakene som kan påvirke Finnmarksnaturen har finnmarkingane ikkje blitt herrar i eige hus.

Det neste vi må sjå på er FeFo sin praksis. Om ikkje FeFo har absolutt sjølvråderett, har ein eit visst handlingsrom, og i tillegg skal FeFo uttale seg om mange viktige saker der andre har det avgjørande ordet. I kva grad har ein så nytta seg av dette, og i kva retning har det peika? Dette er også eit svært stort spørsmål, og eg vil ikkje gi nokon bastant konklusjon, men eg vil trekke fram nokre eksempel som etter mi meining ikkje tyder bra:

– Mens Statskog i alle år hadde fordelt vedteigar gratis til folk busett på landsbygda i Finnmark, innførte FeFo betaling for desse. Ikkje mange kronene, men prinsippet var vel viktigare. Folk meinte dette var ein rett dei hadde, ikkje noko dei allernådigast kunne få innvilga. Frå FeFo blei dette ein maktdemonstrasjon: No er det vi som har eigedomsretten, folk flest har bare rett til det vi gir dei rett til.

– Fram til Finnmarkslova kom, var det ein regel om at utlendingar bare kunne fiske i ferskvatn inntil 5 km frå offentlig veg. Noko av det første FeFo gjorde, var å fjerne denne regelen, slik at utanlandske fiskarar no kan kjøre offentlige barmarksløyper og skuterløyper langt innover fjellet for å fiske der. Og det gjør dei. Det har allereie kome klager på at finske fiskarar tømmer fiskevatna. FeFo hevdar at EØS-avtalen gjorde at dei måtte endre regelverket, men dei har ikkje forsøkt å stå på krava og evt. prøve saka for retten.

– FeFo-styret har i ei rekke tilfelle gått inn for å gi løyve til større naturinngrep, som gruvedrift og kraftutbygging, samtidig som ein har prinsippielt avvist all oppretting av nye verneområde.

Konklusjon: Prosessen med Samerettsutvalet sine innstillingar og Finnmarkslova har fått fram og skjerpa mange gamle motsetningar i Finnmark. Det har blitt svært mye krangel og vondt blod, både i aviser, innafor dei fleste politiske parti og organisasjonar i fylket, og elles blant folk flest. I forhold til dette har dei praktiske resultata av lova så langt vore minimale. Det er nesten så at ein må spørje om det har vore verdt det.

Plakat frå FeFo om organiseringa av rypejakta, 2012
(Foto: Svein Lund)

Jeger med hund på veg ut på jakt, Veidnes i Laksefjorden.
(Foto: Svein Lund)

Guoccajeaggi i Guovdageaidnu er eit av planlagte naturreservat i samband med planen for vern av myr og våtmark i Finnmark.
(Foto: Svein Lund)

Elg i Tanadalen
(Foto: Svein Lund)

Finnmarksnaturen før og no

Mot denne bakgrunnen er det tid for å sjå litt på korleis finnmarksnaturen har endra seg, eller blitt endra gjennom tidene. Eg vil da ta utgangspunkt i ei bestemt tidsepoke, rett før andre verdskrigen sette sine djupe spor i Finnmark. Noko slik undersøking er aldri gjort, så dette blir bare nokre moment til ei slik analyse. Eg kjenner sjølvsagt best endringane dei siste 30-40 åra, så det vil nok bli hovudvekta på dette. Eg vonar at nokon vil følge opp og gjøre meir grundige, vitskapelige og presise undersøkingar.

Det aller meste av endringane i finnmarksnaturen er resultat av menneska si påverknad, men vi kan skilje mellom direkte og indirekte påverknadar. Til dei indirekte reknar eg endringar som skuldast klimaendringar. Desse har vi ikkje full oversikt over, og nokre endringar er vanskelig å seie i kva grad skuldast klimaendring og i kva grad andre faktorar. Men til dette kan vi i alle fall ta med:
– tilgroing på vidda, at tregrensa kryp oppover, det blir meir gras, mindre lav. (Dels klimaendring, dels resultat av reinbeite / foring / slitasje frå reindrifta og andre)
– varmare vatn i sjøen, fiskebestandane forflyttar seg, nye bestandar kjem sørfrå.(makrell m.m.)
– nye dyreartar kjem inn eller breier seg meir (elg, rådyr)

Blant endringane som meir direkte skuldast menneskelige inngrep er:
– Nye vegar. (bl.a. Indre riksveg Karasjok-Biedjovággi, Nordkyn, Havøysund)
– Langt meir kjørespor i utmark over nesten heile fylket. Regulert og uregulert, i og utafor næring
– Skuterkjøring som slitasje og forstyrring av dyrelivet.
– Dyrka mark i tilbakegang. Utmarksbeite av sau kraftig redusert i mange område, intensivert i nokre få, særlig Varanger. Geitebestanden redusert til null. Nedlagte jorde utnytta til reinbeite.
– Gjenverande jordbruk meir intensivt, slutt på bruk av utmarksslåttar
– Auka slitasje på vegetasjon frå reindrifta pga. høgt reintal, gjerde og bruk av motorkjøretøy
– Fiskebestanden kraftig redusert i mange fjordar.
– Oppdrettsnæringa har ført til ei rekke verknadar for naturen: Forureining av sjø og botn, genetisk forureining av villaks gjennom blanding med rømt oppdrettslaks.
– Fleire store svingingar i fiskebestandane pga. overfiske: sild, lodde, torsk, kveite, uer m.fl.
– Tareskogen borte frå store delar av kysten, auka bestand av kråkebollar
– Nye bestandar av fisk og sjødyr: kongekrabbe, makrell
– Skogbruk: Nokre stadar mindre, andre stadar meir belastning.
– Turisme: Hyttefelt, rypejegerar, fiske i ferskvatn og sjø, Nordkapp
– Militære anlegg: Tyske frå krigen og norske seinare: Rasering og slitasje på natur, utestenging av reindrift/ utmarksnæringar og forgifting frå skytefelt.
– Kraftutbygging: Pasvik, Porsa, Porsanger, Repvåg, Alta. Kvænangen indirekte gjennom reindrifta.
– Gruver og mineralleiting: Sydvaranger, Repparfjord, Austertana, Biedjovággi, Stjernøya, skifer i Alta, Loppa og Laksefjorden.
– Fredingstiltak har redusert belastninga i nokre område, nasjonalparkar og reservat, men kan kanskje og ha ført til auka belastning i populære utfartsområde.

I Repparfjorddalen har lauvmark spist opp store delar av lauvskogen. 2012.
(Foto: Svein Lund)

Skiferbrot i Stilla, Alta, 2013
(Foto: Svein Lund)

Piggtrådsrester frå 2. verdskrigen, Håen ved Hasvik, Sørøya. 2007
(Foto: Svein Lund)

Kongekrabbe er ein invaderande art som biologisk sett er uønska i Finnmark, men han smakar godt.
(Foto: Svein Lund)

Forsøk på konklusjon

Naturen i Finnmark har alltid vore brukt av menneska som har budd her. Det er ikkje ein "uberørt natur", det er ikkje "villmark", og vi bør konsekvent slutte å bruke slike ord, anten det gjeld naturforvaltning eller turistreklame. Men fylket har hatt og har enno ein relativt stor del som ikkje er ramma av større tekniske inngrep. (Såkalla INON-område). Denne delen er i tilbakegang og sterkt truga mange stadar i fylket. Samtidig er så godt som heile fylket truga med reduksjon av naturverdiar pga. mindre inngrep som hyttebygging, motorferdsel i utmark og endringar i beitesituasjonen.

Naturen i fjordane og på kysten utafor Finnmark er ein viktig del av finnmarksnaturen. Denne er truga av olje- og gassverksemda, av utslepp frå gruver og av rovfiske.

Det er allereie øydelagt svært mye natur i fylket, og ein del øydelegging som skjer daglig er svært vanskelig å stoppe over natta. Nokre øydeleggingar er ureverserbare og alle endringar er heller ikkje ønskelige å føre tilbake. Vi skal framleis ha vegar i Finnmark, vi skal ha bruer og hamnar, boligområde og fabrikkar. Dei fleste igangverande kraftverka bør trulig få drive, men eg må innrømme at min store draum er å rive ned dammen i Čávču og sette i gang eit stor naturrestaureringsprosjekt for å få Altaelva og dalen tilbake slik det var, så langt det er råd. Eit meir nærliggande prosjekt, som lokallaget mitt i Naturvernforbundet har lansert, er restaurering og revegetering i Biedjovággi, for å føre gruveområdet tilbake til naturen og reindrifta.

Om vi ønsker å ta vare på Finnmarksnaturen for framtidige generasjonar, både av finnmarkingar og turistar, bør vi no sette ein "time-out" på vidare utbyggingsprosjekt. Så bør vi satse på å gi dei tradisjonelle næringane og den tradisjonelle bruken rettane tilbake, og sikre at denne bruken ikkje blir hindra av verken utbyggings- eller fredingstiltak.

Samtidig skal vi ikkje glømme at også tradisjonelle næringar set sine spor. Ei bok om samisk historie heiter "På mjuke skinnsko i historia". Men Polaris og Yamaha går ikkje på mjuke skinnsko, sjølv om han som sit på setet har lasso rundt halsen og joikar mens han kjører. Det bør settast ei målsetting om kraftig reduksjon i motorbruken i reindrift og utmarksnæring, både av omsyn til naturen og til næringsutøvarane sjølve.

Det er mange slags naturbruk, både tradisjonelle og utradisjonelle. Og tradisjonar som finst nokre stadar er ukjente på andre. Eg vil til sist slå eit slag for den utradisjonelle naturbruken, for eit samarbeid mellom vitskap og lokalbefolkning om også å utnytte naturressursar på utradisjonell vis. Nokre eksempel har vi allereie i Finnmark, vi har firma som produserer urtete, krydder, sirup og pesto av naturprodukt, vi har produksjon av saft og vin av krøkebær. Dette er enno i svært liten målestokk og utnyttar bare ein forsvinnande liten del av ressursane. Vil du kjøpe kandisert kvann, mjødurtsaft eller andre delikatesser, kan du kanskje vere heldig å få det i Sverige. Finnmark har ein lang tradisjon i bruk av visse medisinplanter, men denne er i dag langt på veg borte. Samtidig er naturen vår full av andre medisinplanter som ikkje har tradisjon i fylket, men som f.eks. har vore brukt i Russland, Finland og andre land. For ikkje å snakke om våre enorme ressursar av sopp, som rotnar opp om ikkje rein og ku et han. Både i tradisjonell og utradisjonell naturbruk ligg det eit stort potensiale. Ein stor del av dette kan haustast for sal og gi inntekt. Like viktig er bruken i hushaldningane, som gjør livet og helsa betre i to omgangar, når ein haustar og når ein brukar. Eg vil og slå eit slag for mellomtingen mellom privat og kommersielt: bytte av naturprodukt både med naboen og med kjenningar som bur i område med andre naturressursar.

Men skal vi kunne utnytte og vidareutvikle både tradisjonell og utradisjonell naturbruk, må vi ta eit oppgjør med tanken på at det einaste som duger er heilårlige faste arbeidsplassar. Naturgrunnlaget i Finnmark er eit grunnlag for sesongarbeid og kombinasjonsnæringar. Eg trur vi må tilbake dit, og tilbake til tankegangen om at det ikkje er nokon skarpt skilje mellom arbeid og fritid, mellom yrke og levemåte.

Så får vi sjølvsagt den utfordringa at dette ikkje høver verken for den internasjonale kapitalen eller for makta i sør, men dei har jo folk i nord kjempa mot i fleire hundre år, så det må vi vel rekne med å gjøre ei stund til.

Brushanar i juni, nær Biggevárri, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Kraftverket i Čávčču, Alta, 1989
(Foto: Svein Lund)

Radarstasjon og forlatt snøskuter, Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Mørketidsstemning ved Guovdageaidnu
(Foto: Svein Lund)

Svein Lund
Leiar – Naturvernforbundet i Ávjovárri


Til hovudsida.