Dei startar med å seie at NRK-oppslaget er misvisande, men eg kan ikkje sjå at dei viser til kva det er som er misvisande. Det står derfor framleis ope kva Bellona-representanten virkelig har sagt til NRK sin journalist, og kva journalisten skal ha forvrengt. Er det sant eller usant at dei seier ja til auka gruvedrift i nord? Er det sant eller usant at dei meiner at problema dette skaper for reindrifta kan løysast gjennom revegetering av nedslitte beiteområde andre stadar?
I staden får vi ei lang utgreiing om Bellona sitt syn på mineralnæringa og kva som bør gjørast for å få ei meir miljøvennlig gruvedrift. Det aller meste av dette er lett å slutte seg til. Her kan sikkert både mineralnæringa og andre ha mye å lære. Problemet er ikkje det som står, men det som ikkje står noko om.
I artikkelen skryt ein av at Bellona pressa fram å få deponiet til Titania på land. Men ein seier ingen ting om sjødeponi forøvrig. Sjødumping eller "sjødeponi" er i dag det mest sentrale felles stridsspørsmålet for gruvepolitikken i Noreg. Her har Naturvernforbundet allereie i eit landsmøtevedtak i 2011 slått fast at sjødumping er miljøkriminalitet, mens Bellona, som forøvrig hevdar å ha innført uttrykket "miljøkriminalitet" i Noreg, syns det er heilt greitt å dumpe avfall i fjordane våre, bare tildelinga av utslippsløyver blir noko meir restriktiv.
Vi har idag to store jerngruver i drift i Noreg: Sydvaranger og Rana. Begge har store utslipp til sjø og ønsker å auke desse enno meir, trass i at alle undersøkingar viser katastrofale verknadar for miljøet i fjordane. Vi har i første rekke to planar om sjødeponi som står foran ei snar avgjerd: Repparfjorden og Førdefjorden. Og vi har ikkje minst Biedjovággi gruver i Kautokeino som står foran avgjørande vedtak. Kor står Bellona i desse sakene? I den lange utgreiinga om Bellona sitt syn på gruvedrift nemner ein ikkje nokon konkrete saker, slik unngår ein å ta standpunkt til dei sakene det står kamp om i dag.
Når Bellona derimot seier at gruvedrift og reindrift kan sameksistere, og serverer lettvinte løysingar på korleis ein kan få det til, tar dei i praksis standpunkt for gruveselskapa i dei sakene der reindrifta no kjempar for å overleve, som i Biedjovággi og Repparfjord i Noreg og Kallok og Kiruna i Sverige. Det NRK gjengir her frå Bellona er til forveksling som å høre argumenta til Trond Giske og til dei aktuelle gruveselskapa. Kravet om kunnskapsbasert forvaltning synest ikkje å omfatte kunnskap om korleis reindrifta fungerer.
Bellona likar ikkje at eg har omtalt dei som eit konsulentselskap. Det er visst ikkje bare eg som har misforstått, for det har ikkje vore uvanlig å sjå oppslag som "Bellona inn som konsulent". Eg skal av plassomsyn nøye meg med eitt sitat, frå Norsk Energi sitt oppslag om energigjenvinning ved Finnfjord smelteverk: "Bellona-leder Frederic Hauge deltok også i markeringen i Finnfjord 24. mars. Han kalte fabrikken en ”diamant” i norsk næringsliv. Fabrikken er et eksempel på dem vi har som helter i Bellona, sa miljøaktivisten og konsulenten."
På Bellona sine nettsider kan vi lese følgande om danninga av Miljøstiftelsen Bellona: "Et brennende miljøengasjement og et behov for å være mer fleksible og effektive enn store deler av den etablerte miljøbevegelsen var, lå til grunn ..." Overfor gruvenæringa har dei blitt så fleksible at Nettavisen for geomiljøet – geo365.no skriv om Bellona: "Ønsker økt gruvevirksomhet velkommen. Det er verdt å lytte til Bellona. Organisasjonen har inntatt en konstruktiv holdning til gruveindustri her i landet." I samme oppslaget uttaler Karl Kristensen i Bellona at miljøkrava ikkje må vere så strenge at gruveindustrien velger å gå ut av landet. Også Norsk Bergindustri rosar Bellona for konstruktiv politikk.
Eg skal trekke tilbake ein påstand i innlegget mitt. Eg skreiv at Bellona meiner at ein ikkje skal stille krav til gruveselskapa. Det er nok ikkje heilt rett. Dei meiner nok at det skal stillast krav, men ikkje meir enn at gruveselskapa kan godta dei, ikkje så mye at dei gir opp å investere her. Slike "miljøorganisasjonar" er det lett å forstå at mineralnæringa kan bli glad i.
Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri