Debattinnlegg sendt flere aviser 27.11.2013. Dette er ein kommentar til oppslag på NRK – Nordnytt.

Bellona veit alt!

Konsulentselskapet Bellona, som har som si oppgåve i livet å grønnvaske naturinngrep, har no forbarma seg over den stakkars gruveindustrien, som så sårt treng litt grønnmaling. Det har derfor nylig kasta glans over ein konferanse med det gode norske namnet "High North", som har utpeika Nordkalotten til "Top Mining Region of the World". Etter å ha gjort ei grundig vurdering av alle miljøproblema som gruveindustrien er skulda for, har Bellona kome til det originale resultatet at Norsk Bergindustri har heilt rett: Vi treng mineral, og vi må derfor tenke ut lure metodar for at andre næringar skal kunne leve med å få ei gruve eller to midt i fanget.

Som eit allsidig kompetent konsulentselskap med kompetanse på det aller meste, har Bellona no funne ut korleis reindrifta skal kunne tilpasse seg til mineralnæringa. Det er bare å finne eit område som er nedslitt av tråkking og overbeite. Der revegeterer vi med Bellona sine nyutvikla reinlavfrø, og snipp snapp snute, så er problemet borte vekk. Da kan gruveselskapa trygt etablere seg på kryss og tvers i flytteleier, kalvingsområde osv.osv, Vi erstattar det bare med eit anna område, f.eks. kan dei som mistar vårbeite og flyttveg ved Repparfjorden få eit vinterbeiteområde på andre kanten av vidda, mens dei som mistar haustbeite og kalvingsområde ved Biedjovággi kan få eit nyrestaurert sommarbeiteområde på Sørøya.

Ein gong i blant hender det at Bellona ærar oss med eit besøker her i nord, og no syns eg vi skal invitere dei til å komme til Finnmark og fortelje oss alt vi ikkje veit, f.eks. lære miljørørsla at vi ikkje bør stille krav til gruveindustrien og lære reindrifta til å drive slik at inngrep i dei faste bruksområda deira ikkje gjør nokon skade. Som allvitande konsulentselskap klarer dei sikkert den jobben og.

Mens vi ventar har eg bare ei oppmoding til media i heile landet: Slutt å kalle konsulentselskapet Bellona for ein miljøorganisasjon. Ikkje er det nokon organisasjon, og for miljøet er dei ei katastrofe.

Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri


Til hovudsida.