Debattinnlegg sendt Klassekampen 05.02.2016.

Med Klassekampen for naturrasering!!

Nei da, Klassekampen har ikkje skrive direkte at avisa støttar ein av dei mest vanvittige naturraseringane gjennom tidene, planen om å fylle eit finmala Engebøfjell i Førdefjorden. Ikkje direkte, men indirekte gjør ein det med å la vere å skrive om ein av dei viktigaste miljøkampane i vår tid.

No har aksjonistar, for det meste frå Natur og Ungdom, i fem dagar aksjonert, blitt bore bort av politi og bøtelagt for å verne om naturen. Dette er ikkje bare ein kamp om Engebøfjellet og Førdefjorden, det er ein kamp om gruveindustrien skal få bruke norske fjordar som søppelplass, om vi skal halde fram og auke forgiftinga av havet, eller om vi skal starte arbeidet med ei reinare framtid.

Da Nussir ASA i desember fikk utsleppsløyve for gruveavgang til Repparfjorden, skreiv eg eit innlegg i Klassekampen, men tittelen: Nussir – vår tids Altasak – Kor er Klassekampen?" Der etterlyste eg Klassekampen sitt engasjement i denne og andre omstridde gruvesaker. Nokre dagar etterpå kom det ein liten artikkel, men på leiarplass har avisa framleis ikkje meint noko som helst, og noko svar frå redaksjonen fikk eg ikkje.

Gjennom lengre tid har eg forsøkt å tipse Klassekampen om forskjellige saker som gjeld gruver og miljø. Ikkje eit einaste tips har ein brydd seg om å gjøre noko med. Boka som eg har skrive, "Gull, gråstein og grums - 1- omstridde gruver" har ein ikkje funne verdig til omtale. Gang på gang har eg tilbydd meg å levere stoff om desse sakene. Aldri har eg blitt kontakta tilbake.

I innlegget mitt skreiv eg: "... om ein ikkje no snur, vil i vår tids Altakamp Klassekampen ikkje vere ein støttespelar men ein motstandar." No har "Altakampen" byrja, i første omgang ved Førdefjorden. Det er tragisk å måtte konstantere at Klassekampen gjennom boykott av saka har vald å vere ein motstandar av denne kampen. Eg har alvorlig vurdert å seie opp abonnementet mitt, men sidan det er einaste måten å få tilgang på det avisa trass alt skriv bra på andre område, gjør eg enno ikkje det. Derimot melder eg med dette frå at eg seier frå meg dei aksjane eg har i avisa. Ei avis som medvete overser og nektar å skrive om den viktigaste miljøkampen i vår tid og dei motige ungdommane ved Førdefjorden, den ønsker eg ikkje å vere medeigar i og medansvarlig for.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.