Debattinnlegg sendt Klassekampen 10.12.2015.

Nussir – vår tids Altasak – Kor er Klassekampen?

08.12.2015 på morgonen kom meldinga vi hadde frykta: Miljødirektoratet har gitt løyve til at Nussir ASA i mange år framover årlig får sleppe ut 2 millionar tonn finmala tungmetall- og kjemikaliehaldig gruveslam i Repparfjorden. Reaksjonane har vore sterke både i innland og utland. Noreg stiller seg med dette vedtaket, og tidligare løyve til tilsvarande dumping i Førdefjorden, som ei miljøsinke internasjonalt. Vel 1800 har til no skrive under på at dei vil delta i lenkeaksjonar. 12 organisasjonar har meldt Noreg til ESA for brot på vassdirektivet. Sametinget rasar, vil anke saka og støtte rettssaker.

All politisk og journalistisk fornuft tilseier at dette burde ha vore ei førstesidesak i Klassekampen dagen etter, samt tema på leiarplass. Men no har det kome to aviser, og saka er ikkje nemnd med eit ord! Kva betyr dette? Er redaksjonen så komplett blind i si snevre orientering om Oslo-gryta at dei ikkje ser noko utafor? Nei, dei såg faktisk flyktningane som kom over Storskog ved Kirkenes. Dei såg og, om enn noko forseinka nedlegginga av Sydvaranger, men da som ei arbeidsplass-sak og ikkje som ei miljøsak. Kva kan da vere forklaringa? Kan det virkelig vere så ille at Klassekampen bevisst ønsker å teie saka i hjel, fordi ein har tatt makta sitt standpunkt mot miljøkampen og sameretten? Eg har i det lengste kvia meg for denne konklusjonen, men no er eg ikkje sikker lenger.

Nussir er i ferd med å bli vår tids Altasak. Ein allianse av miljørørsle og forkjemparar for samane sitt rett til eit livsgrunnlag. Eg abonnerte på Klassekampen under Altakampen rundt 1980. Da var Klassekampen den riksavisa som hadde suverent best dekking. Ei tid hadde avisa ein eigen journalist i Finnmark med Altasaka som ei av sine hovudsaker. Sultestreikane og demonstrasjonane foran Stortinget blei sjølvsagt godt dekka.

Underteikna har i mange år skrive bøker og artiklar om samiske spørsmål og gruvespørsmål. På denne tida har eg gjort ei rekke forsøk på å få Klassekampen å bry deg om desse sakene, men til inga nytte. Eg er ikkje aleine, eg veit det er mange andre som har forsøkt. Vi har forsøkt å tipse redaksjonen, levere bakgrunnsmateriale, tilby ferdige artiklar og kronikkar, men til ingen nytte. Det er trist å måtte konstantere at Klassekampen totalt har svikta på desse områda, og at om ein ikkje no snur, vil i vår tids Altakamp Klassekampen ikkje vere ein støttespelar men ein motstandar.

Skulle derimot avisa ønske å rette opp dette inntrykket og ta desse sakene på alvor, er vi ganske mange som er klare til å hjelpe til.

For den som måtte ønske å lese kva eg har skrive som Klassekampen ikkje ønsker å omtale, sjå http://gruve.info og http://skuvla.info

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.