Ombordproduksjon favoriseras

Dette er den siste artikkel i ein serie på 3 artiklar om ombordproduksjon i norsk fiskerinæring. De første artikkelene sto 27.og 29.mai.

------

Dei norske myndighetene favoriserar klart ombordproduksjon. Dette syner både ny ordning for fiskebåtfinansiering og det faktum at ein har fritak for arbeidsgiveravgift sålenge produksjonen foregår ombord. Leiv Grønnevet, tidligare statssekretær under Willoch, meiner at faren ved ombordproduksjon er sterkt overdreven.

Av SVEIN LUND
KLASSEKAMPEN, l. juni 1987

I fjor sommer vedtok Stortinget ei ny ordning for fiskebåtfinansiering. Fiskebåtar skal nå få rentestøtte etter nokonlunde samme ordningar som gjeld for skip, såkalla skipsfinansiering.
Samtidig skal det til nokre båtar vere høve til å ta opp valutalån i utlandet. Kem er det så som får den sjansen? Om det seier Finansdepartementet 21.8.86: «Det er en klar forutsetning at de fartøyer som eventuelt skal kunne gis valutalisens, har eller forventes å få et fast og løpende salg av det vesentligste av sine produkter i utenlandsk valuta.» Med andre ord dei fabrikktrålarane som leverer fangsten direkte i engelsk eller vest-tysk hamn, eller sender fiskeblokk direkte med trailer frå ei kai i Ålesund til kontinentet. Dei får ta opp lån i den valutaen dei selger i, til den renta som gjeld der. Og renta er langt lågare i England og særlig Vest- Tyskland enn i Norge. Og sjølv om dei som får valutalån normalt ikkje får rentesubsidier, er det ingen tvil om at valutalån er gunstige. Det ser vi på den store søknadsmengden, og ikkje minst på at Fiskebåtredernes Forbund har krevd at også andre fiskebåter må få høve til valutafinansiering. Nå synes og Fiskeridepartementet det begynner å gå for vidt, og i Stortingsmelding om verksemda til Statens Fiskarbank 1985/86 som blei lagt fram sist 15.5., advarar dei mot denne utviklinga. Dei viser til at mens Norges Fiskarlag og Fiskeridepartementet kvar for seg har berekna det årlige fornyingsbehovet i fiskeflåten til l milliard kr., ligg det nå inne søknadar om valutafinansiering for over 2 milliardar. Og dette er alt saman for båtar som alt har fått ervervs- eller utskiftingsløyve. Den årlige ramma er nå på 650 millionar, mens ramma for finansiering med støtte av Statens Fiskarbank er 735 mill. Vi står over for ei gigantisk endring av strukturen i norsk fiskerinæring.

Fritak

Fiske og fangst er fritatt for arbeidsgivaravgifta. I eit arbeidsnotat for FTFI (Fiskeriteknonogisk Forskningsinstitutt) har Jan Abel Olsen rekna på ka dette betyr for konkurranseforholdet mellom sjø og landproduksjon. Mens industrien på land må betale ei arbeidsgivaravgift på 5-16 prosent av brutto lønn, slipp fabrikkskipet med ei produktavgift som er så lita på foredlinga at det tilsvarer ei arbeidsgivaravgift på 2 prosent. Og Jan Abel Olsen seier til slutt i to setningar ka det egentlig dreier seg om: «Den privatøkonomiske lønnsomheten innenfor de aktuelle fartøygrupper vil bestemme hvor stort omfang ombordproduksjon potensielt vil få i framtidas fiskeri-næring. En storstilt overgang til ombordproduksjon vil kunne gi store regionale konsekvenser."

Ingen trussel?

I Ålesund finn vi og hovudkontora til Fiskebåtredernes Forbund og til Norske Fabrikkskips Forening. Disse har felles kontor med Leiv Grønnevet som generalsekretær. Grønnevet var statssekretær i Fiskeridepartementet under Willoch-regjeringa.
- Vi byrjar nå å få teknologiske muligheter for ombordproduksjon på stadig fleire område, seier Grønnevet, og nemner bl.a. konsumproduksjon av sild, makrell og kolmule. - På disse områda har det vore liten konflikt mellom sjø og land. Når det gjeld kolmula, er ein avhengig av ombordproduksjon for i det heile å bruke ho til konsum, etter som fiskefelta her mest er vest av Skotland. Loddeproduksjon ombord har heller ikkje vore særlig kontroversielt på Vestlandet, men i Finnmark har det vore konfliktar, som har ført til ein avtale om ei fordeling 60/40 mellom land- og sjøproduksjon. Dei største kontroversane har vi hatt på torskesektoren .
Grønnevet meiner det er kraftig overdreve kor mye fabrikktrålarflåten trugar anna fiske og industri, og viser til at fabrikktrålarane tilsaman tar under 10 prosent av den totale fangsten.

- Vil vi nå få sjå ei utvikling der ferskfisktrålarflåten forsvinn og fabrikktrålarane overtar?
- Nei. Mesteparten av ferskfisktrålarane finn vi i Nord-Norge, og dei aller fleste er eigd av fiskeindustribedrifter. Nokre bedrifter med fleire trålarar og vidareforedling i land kan nok satse på delvis ombordproduksjon, men eg ser det som heilt utenkelig åt ferskfisktrålarflåten vil forsvinne.

Freongass

Mens fiskeindustrien på land i regelen brukar ammoniakk i fryseanlegga, brukar fabrikkskipa freon. Denne gassen har i det siste kome sterkt i søkelyset i samband med dei aukande hola i osonlaget over Svalbard og Antarktis. Svekkinga av osonlaget kan vere ei av årsakane til den kraftig reduserte produksjonen av plante- og dyreplankton i Barentshavet, og på det viset truge heile næringskjeda. Om dette veit vi lite sikkert, men det er ingen tvil om at freonutslipp er skadelig. Ein fabrikktrålar kan ha fleire tonn freon i fryseanlegget, og i Fiskeribladet blir utslipp og lekkasjar frå norske fabrikkskip anslått til mellom 50 og 100 tonn for året. I tillegg kjem da utlendingane, som i langt større grad bygger på frysing ombord. Det kan ta lang tid før virkningane av freongassen slår til for fullt. Derfor kan ingen i dag seie ka som blir resultatet for livet i havet om nokre tiår av at meir og meir av fiskeforedlinga nå foregår på sjøen.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida

sveilund@online.no