Fabrikktrålarar blir tredobla
Dette er den første i ein serie på 3 artiklar om ombordproduksjon i norsk fiskerinæring. Er arbeidsplassar i fiskeindustrien i ferd med å forsvinne til fordel for store fabrikkskip? I neste artikkel møter vi representantar for fiskarar og reiarar på Sunnmøre. ----
I løpet av 3-4 år aukar den norske fabrikktrålarflåten f rå 9 til 23 båtar. Dette vil drastisk svekke fiskeindustrien på land i Nord-Norge. På litt lengre sikt trugar ombordproduksjonen fiskeria og sjølve busettinga i landsdelen.
Av SVEIN LUND
Klassekampen, 27.05.1987
Aukinga i fabrikkflåten skjer i hovudsak ved ombygging av saltfisktrålarar. I tillegg skaffar linebåtar seg utstyr for filetering og frysing ombord. Og dessutan kjem ombordproduksjon nå inn på stadig fleire område: Konsumlodde/lodderogn, sild, makrell, reker, skjell og surimi (kolmule).
Tilsaman utgjør dette ei kraftig forskyving av norsk fiskeforedling frå land til sjø. Det betyr og ei ytterligare styrking av reiarmiljøet på Møre og tilsvarande svekking av fiskeindustrien og fiskeflåten i Nord-Norge.
Ei slik utvikling er stikk i strid med den vedtatte fiskeripolitikken. Men Klassekampen kan påvise at staten på område etter område fører ein politikk som favoriserer ombordproduksjonen. Mellom anna er ein del utstyr konsesesjonpliktig på land, men ikkje ombord.
Behov for fornying
Det er eit enormt behov for fornying i helle fiskeflåten. Norges Fiskarlag meiner fornyinga må leggas opp ut i frå ei normallevetid på 20 år. I dag er store deler av
flåten mye eldre. Frå 1978 til 1985 var det totalt forbod mot utskifting av trålarar. Når ein nå har opna for utskifting samtidig som torsketrålkvotane er kraftig
auka, står reiarane i kø for å bygge nytt.
Men ka bygger dei så? Det er ein klar tendens i retning av større ombordproduksjon. Offisielt består trålarflåten idag av:
10 fabrikktrålarar
9 saltfisktrålarar
4 rundfrysetrålarar
57 ferskfisktrålarar
43 småtralarar.
Men disse talla fortel eigentlig bare kor store kvotar del forskjellige trålarane kan fiske, ikkje ka slags behandling dei gir fisken.
For etter at regjeringa i 1982 oppheva frysekonsesjonsloven er det fritt fram for å installere fryseanlegg ombord. Dette har ført til at alle saltfisktrålarar nå er ombygde til fabrikktrålarar eller har planar om slik ombygging. 3 nye ferskfisktrålarar er bygd med utstyr for filetskjæring og frysing ombord, og fleire er planlagt.
Derfor kan vi rekne med at i løpet av eit års tid vil det reelle talet på norske fabrikktrålarar vere omlag 23.
Tilbake til hansatida
- Det som skjer med ombordproduksjonen er at Nord-Norge blir satt tilbake til Hansa-tida, da fisk og fortjeneste bare blei ført ned til Vestlandet.
Denne kraftsalva kjem frå informasjonssekretær i Fiskeindustriens Landsforening (FL), Arthur Olsen. Verken FL som representerer eigarane i fiskeindustrien eller NNN som organiserer fiskeindustriarbeidarane ser med særlig blide auge på denne utviklinga:
- Er det rett at England skal bli hovudhamn for den norske fiskeflåten? spør Arthur Olsen. Her har fiskeindustribedriftane investert store pengar, og så kjem fabrikktrålarane, tar opp fisken rett ut for stuedøra og fører han rett ut av landet.
- Men er det ikkje mest lønnsamt å satse på ombordproduksjon ?
- Jovisst er det det. Om ein vil forlate målsettinga om fiskerinæringa som ein bærebjelke for busettinga, skal ein bare satse på ombordproduksjon. Men vil vi
det?
Favorisert
Men det er ikkje bare fordi ombordproduksjonen er meir rasjonell at han konkurrerer ut landanlegga. Olsen meiner og han blir favorisert av lovverket og av
styresmaktene. Som eksempel nemner han ein strid i Båtsfjord som det blei rettssak av. Den gjaldt ringnotbåtar som produserte konsumlodde som var mindre og hadde større åte innhold enn det lovllge. Dei produserte først og søkte dispensasjon etterpå, mens fiskeindustrien i land måtte
halde seg til loven.
- Det blir aldri samme
kontrollen ombord.
Kystflåten ryk
- Om ferskfisktrålarane blir bygd om til fabrikktrålarar, mistar industrien ein stor del av leveransane. Kystflåten kan ikkje aleine halde oppe ein jamn produksjon året rundt. Da kan mange industribedrifter gå over ende, og i neste omgang har ikkje kystfiskarane nokon industri å levere til.
Når vi snakkar om ombordproduksjon, tenker dei fleste på store fabrikktrålarar. Men det er ikkje bare dei. Den tekniske utviklinga har gjort det mogleg med filetmasklnar ombord på autollnebåtar og, heilt ned mot 60 fot. Frå før har vi mange linebåtar som saltar ombord, nå har fleire starta med filet. Også innafor rekefisket er ombordproduksjonen på veg inn. Mange reketrålarar har skaffa seg utstyr for å fryse reke rund ombord. Men det er bare ein fordel for fiskeindustrien, fordi reka kan tinas opp og pillas på land. Men nå kjem den første med pillemaskinar ombord, og om det får spreie seg, kan det spøke for rekeindustrien. Og alt tyder på at det får spreie seg, for det er. faktisk slik at for å starte med rekepillemaskinar på land må ein ha konsesjon, men ikkje for å gjøre det samme ombord(!)
- Er så Fiskeindustriens Landsforbund mot all form for ombordproduksjon?
- Nei, det er vi ikkje. Ikkje om det blei eit samarbeid så ombordproduksjonen var førsteledd i vidare bearbeiding på land. Men slik det mest foregår i dag, med direkte eksport av halvfabrikata, så er vi tvert mot.
______________________________________________________________
Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida
sveilund@online.no