-----------------------------
Fabrikktrålarar er effektive arbeidsplassar — for reiarane. I overeinskomsten mellom Norsk Sjømannsforbund og Norske Fabrikkskips Forening blir det slått fast at mannskapet utan overtidsbetaling kan «settes til inntil 16 timers arbeid i døgnet når fiskemengden og produksjonsforholdene gjør det nødvendig».
AV SVEIN LUND, ÅLESUND
Klassekampen, 29.05.1987
Det fins heller ingen lovar som set grense for arbeidstida. Arbeidsmiljøloven gjeld ikkje til sjøs, og Sjømannsloven gjeld ikkje for fiske. I overeinskomsten mellom organisasjonane blir det og slått fast at «mannskapet skal delta i alt forefallende arbeid på dekk og i produksjonsrommet i forbindelse med fangst og produksjon.» Altså kan ingen seie: «Eg er fiskar, ikkje tilsett for å skjære filet», eller omvendt.
Sjømannsforbundet har krevd at det skal betalas overtid for arbeid utover 12 timar.
- Men noko krav om at Arbeidsmiljøloven skal gjelde til sjøs har vi aldri fremma, seier Jan Skrede og Fred Nilsen, sekretærar ved Norsk Sjømannsfor-
bund sitt kontor i Ålesund:
- Hadde vi krevd ein arbeidsdag på 8 timar eller kortare, hadde vi vore ferdig som organisasjon for fiskarar. Dei vil ha ei arbeidsordning som gir mest
mogleg av fritida på land. Fritida ombord har dei lite glede av.
Årslotten på ein fabrikktrålar er gjerne bortimot 200000 kr. Men med 300 driftsdøgn på båten, 12 timars skift og to veker ombord — ei veke i land, blir det omlag 2400 arbeidstimar i året. Det er 50% meir enn ein industriarbeidar på land har.
Norsk Sjømannsforbund sitt distriktskontor i Ålesund skal representere mesteparten av mannskapa på fabrikktrålarane. Dei ser absolutt positivt på ombygging til fabrikkskip:
- Det gir medlemmane våre tryggare og bedre arbeidsplassar, stabilare inntekt og meir ordna arbeidstid, seier Nilsen.
- Ein arbeidsplass ombord er like mye verd som ein arbeidsplass på land, legg Skrede til. Eg vil seie at arbeidsplassar i havfiskeflåten er distriktsutbygging i beste forstand. Vi ser av mannskapslistene at det er strøk med lite alternative arbeidsplassar som dominerer. Busettinga på disse plassane er heilt avhengig av denne flåten.
- Jo, vi forstår godt den frykten dei føler. Derfor må vi ha ei balansert utvikling, vi kan ikkje slippe det heilt fritt. Fabrikkskipa bør i større grad levere blokk til vidareforedling i Norge.ikkje som nå for direkte eksport. Men det er ikkje så ille som mange seier at ombordproduksjon bare betyr mannsarbeidsplassar. Tvert om er det denne produksjonen som har opna vegen for jentene inn i fiskeflåten, seier Skrede, og fortel at dattera hans er påfabrikktrålar, og der ombord er det 6 jenter av eit samla mannskap på 45.
Eit par filetbedrifter i Nord-Norge har nå skaffa seg nye trålarar som kan levere ferskfisk eller rundfrosen fisk eller produsere filet ombord. Dette er noko dei to sekretærane i Sjømannsforbundet har tru på. Da kan ein produsere bedre kvalitet når ein fiskar på fjerne farvatn, samtidig som ein vidareforedlar fileten ved egne anlegg. Men ein ting vil dei ha sagt: Dei syns det er for gale at det har blitt bygd heilt nye fabrikktrålarar utan fiskemjølfabrikk ombord. Dei bare spylar sloget på sjøen. Det bur de ikkje vore lov.
Dette sa fiskebåtreiar Qsvald Longva frå Ålesund i fjor da bladet Norsk Fiskerinæring spurte han ka han ville gjøre om han blei fiskeriminister. «Longva» heitte den første norske fabrikktrålaren som kom i 1962, og i fjor blei nye «Longva 2» sjøsatt, ein fabrikktralar til 60 millionar som må fiske for 35 millionar for å gå i balanse. Ikkje bare «Longva», men heile 18 av dei 23 fabrikktrålarane vi har til neste år vil høre heime på Sunnmøre.
Her har lenge den havgåande flåten vore dominerande, og ombordproduksjon har tradisjonar tilbake til 1880-åra, da sunnmøringane starta opp med sildefiske ved Island og salta silda ombord. Osvald Longva sine ord er sunnmørskapitalen i eit nøtteskal.
- Eg har aldri sett at det har stått nokre gjerdepålar i havet. Og vi i Sunnmøre Fiskarlag vil håpe at det aldri kjem heller. Orda kjem frå Anders Egil Bjørdal på Sunnmøre Fiskarlag sitt kontor i Ålesund. Dei organiserer fiskarane på den mest moderne flåten i landet. Og det er ein allsidig flåte; alt frå sjarkar til fabrikktrålarar. Likevel er ikkje Bjørdal nøgd med fornyingstakten. Statens Fiskarbank har for små rammer, og midla er for fastlåste til bestemte føremål. Derfor går mesteparten av fiskebatbygginga på Sunnmøre utanom Statens Fiskarbank. Her er det Kreditkassen som finansierer mest. Men mest misnøgd er han med staten si haldning til fiskeriavtalen. Når støttemidla blir skore så kraftig ned, må fiskarane utnytte alle sjansane dei har til å få høgast mogleg pris, seier han.
______________________________________________________________
Neste artikkel i serien: Ombordproduksjon favoriseras
Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida