Nordkalotten og EU

Hefte frå Nei til EU 1998

Dette kapitlet er skrive av Svein Lund

Kapittel 2 - EØS og dagligliv i Nord

EØS-avtalen blei vedtatt ved eit kupp av stortingsfleirtalet våren 1993, etter at alle parti ved valet i 1989 hadde lova at Stortinget i perioden 1989-93 ikkje skulle gjøre avgjørande vedtak om Noregs forhold til EU. Ettersom EØS betyr at Noreg avstår suverenitet måtte tilslutninga ha æ fleirtal i Stortinget. Hadde ein utsett behandlinga til etter stortingsvalet 1993 ville avtalen aldri blitt vedtatt. For å få avtalen gjennom blei det brukt atskillige argument som seinare har vist seg å vere rein bløff, slik som at jordbruksprodukt og dyrehelse skulle haldast utafor avtalen. I dag er ein fullt opptatt av å fylle opp alle hol som skil EØS frå fullt økonomisk EU-medlemskap, hol som i 1993 blei brukt som argument for avtalen.

2000 lovar

I dei 5 åra som har gått har EØS grepe inn i kvardagen vår på godt og vondt, synlig og usynlig. EØS-lovverket som består av bortimot 2000 retttsaker har ført til eit omlag 3000 endringar i norske lovar og forskrifter. Disse grip inn i så forskjellige sider av dagliglivet i Noreg som kontrollordningar for bilar, kommunale innkjøp, godkjenning av fiskebruk, oljeinvesteringar i Nordsjøen, post- og teletjenester, Vinmonopolet, førarkortforskrifter, osv.osv.osv.

Når nye reglar kjem, blir dei vanligvis ikkje marknadsført som EØS-reglar. Regjering og Storting ønsker å framstille det som om dei sjølve har makt framleis, og derfor snakkar dei ikkje høgt om at dei aller fleste endringar av lovar og forskrifter som er gjort dei siste 5 åra er ei direkte følge av EØS. EØS-avtalen har vist seg å bli langt meir omfattande enn det tilhengarane av han hevda i 1993. Da sa dei bl.a. at Vinmonopolet ikkje var truga, at vi var trygge mot lønnsdumping, at dyr, planter og jordbruksprodukt skulle haldas utafor avtalen og at avtalen sikra at ein som flytta frå eit land til eit anna innafor EØS ville beholde trygderettane sine. Alle disse påstandane er no ettertrykkelig avliva av EØS sjølv.

Ingen har i dag full oversikt over verknadane av EØS-avtalen, verken politikarar, juristar eller vi i Nei til EU. Til det er han altfor omfattande. Vi har forsøkt å samle nokre eksempel på kordan EØS-avtalen råkar dagliglivet til folk i Nord-Noreg. Nord-Noreg blir sjølvsagt og ramma av saker som er felles for heile landet, samtidig som mye av det vi har nemnd her og er aktuelt for andre landsdelar.

Eksempel på verknadar av EØS-avtalen i Nord-Noreg:

Kommunane

* Kåfjord kommune i Troms blei i 1994 nekta av fylkesmannen å gi den næringsstøtta dei ønska til bedriftar i kommunen, med henvising til EØS-regelverket som set øvre grenser for kor mye næringsstøtte ein kommune kan gi.

* Ei undersøking som blei gjort like før EØS-avtalen trådte i kraft, viste at 67 norske kommunar, derav heile 25 i Nord-Noreg alltid eller ofte foretrakk lokale leverandørar når dei gjorde innkjøp. Med EØS-avtalen blei dette forbode og alle innkjøp over 1,6 millionar skal ut på anbod i heile EØS-området. Troms fylkeskommune har fått påpakning frå Næringsdepartementet for at dei delte opp innkjøp for å komme under denne grensa.

Kjøtt og fisk

* I følge EØS-reglane skal det ikkje vere lov å gå på kaia på fiskebruket for vanlige folk lenger. På fiskebruket til Brødrene Åsjord i Hellnessund i Steigen står det eit skilt på gjerdet: "Stengt på grunn av EØS-avtalen".

* For fiskeindustrien er det eit tett nettverk av reglar som er så godt som umogleg å etterleve.
- Det er ikkje lov å frakte fisk under open himmel i opne kar, slik at det må vere lokk over ved transport frå fiskebruket og ut til hjellene for henging!
- Bakkar med fisk kan ikkje stablas oppå kvarandre.
- All lagring skal skje i hus.
- Det er ikkje lov å ha tregolv i ein produksjonsbedrift, trass i at forskning viser at ubehandla tre er det som er minst bakterieskapande.
- Alle bedrifter må ta dyre vassprøver fleire gonger om året.
Ei opprusting av heile fiskeindustrien til å fylle disse krava vil koste milliardar. Disse pengane finst ikkje og staten vil ikkje gi dei, bare auke låneramma til SND. Resultatet er at ei rekke fiskeindustribedrifter mistar godkjenninga og må legge ned. Ingen har oversikt over kor mange bedriftar som er lagt ned eller truga. Sjølv nye moderne anlegg er ikkje lenger gode nok.

* I 1994 fikk Utbyggingsstyret i Finnmark melding frå Fiskeridepartementet om at ein pga. EØS-avtalen ikkje lenger hadde lov å gi gjeldssanering til fiskeflåten.

* Det er ikkje lenger lov å levere heimeslakta dyr for salg. Langs flere gardar må derfor no sende levande dyr til slakteriet og nokre avsidesliggande gardar har blitt nøydd å gi opp husdyrholdet på grunn av dette.

* EØS-avtalen har ført til svært trange og detaljerte krav for slakteri. Dette har tvunge slakteri til investeringar for millionar. Bl.a. er det innskjerping av at slakteri må vere delt inn i klart avgrensa sonar der ein ikkje kan gå frå ein sone til ein annan utan sterilisering. Krava har ført til mange millionar i utgifter for dei fleste slakteri.
For feltslakting av rein er krava så store at ein feltslakteri som brukas i sommarhalvåret vil komme på fleire millionar, mens skal det brukas i vinterhalvåret må det fylle alle krava til eit permanent slakteri. For reindrifta fører dette til meir transport av levande rein med bil over lange avstandar. Kjøttkvaliteten vil bli dårligare, ikkje bedre. Eit paradoks er at det slaktet som EU-reglane godkjenner, vil ofte ikkje lokalbefolkninga ete, ettersom dei reknar det for å vere av dårlig kvalitet. Det slaktet som lokalbefolkninga er nøgd med, derimot, oppfyller ofte ikkje EU-reglane. For dei slakteria som skal ha godkjenning for eksport er reglane enno strengare. Der sender EU inspektørar frå Brussel rundt på slakteria og underkjenner dei. På disse slakteria kan temperaturen i produksjonslokalene ikkje vere meir enn maks. 12 grader. Her er visst EØS-avtalen overordna Arbeidsmiljøloven.
Tilsvarande reglar har sjølvsagt blitt innført for slakteria i Sverige og Finland. Der har det ført til nedlegging av slakteri slik at det i Nord-Finland ikkje er kapasitet til å ta unna rein som skal slaktas. Og langtransport av levande dyr har auka kraftig i begge landa.
I Hammerfest blei ei slakteriforretning nedlagt da EØS-avtalen kom, ettersom dei ikkje såg seg i stand til å investere dei millionane det ville koste å ruste opp til godkjenning etter EU-standard.

* Det skal ikkje lenger vere lov å selge fersk fisk direkte frå fiskebåt ved kaia. Årsaka er at EØS-reglane definerer ein slik båt som ein utsalsstad, med krav til utstyr som ikkje er mogleg å oppfylle for ein liten sjark og som for ein litt større båt vil utgjøre store investeringar i utstyr som ikkje har noko anna nytte enn å oppfylle regelverket.

* EU har fått rett til nærgåande kontroll med norsk oppdrettsnæring, og EU-kommisjonen vil sjekke reknskapsbøkene til oppdrettarar og eksportørar for å sjå at dei følger regelverket.

* På grunn av EØS-avtalen blei regelverket for omsetting av viltkjøtt innskjerpa i 1996. De første reglane som kom var så strenge at dei var heilt umogleg å følge. Vilt som skal omsettas måtte da fraktas til godkjent "behandlingsanlegg" med skinnet på og mesteparten av innvollene i. Krava til eit slikt behandlingsanlegg var så strenge til innreiing, vatn, toalett osv. at det knapt fantest eit slikt anlegg i heile landet. Avstanden til næraste godkjente nedskjæringsbedrift (slakteri) kan i Nord-Noreg bli både 20 og 30 mil, og det blir færre og færre av dei, nettopp på grunn av krava i EØS-avtalen. Ein jeger har heller ikkje lov å levere inn kjøtt han skal bruke sjølv til slakteri for oppdeling og kverning utan at alle disse reglane er fulgt. Reglane for behandling av kjøttet er detaljerte og firkanta. Det er ingen som har hevda at viltkjøtt på nokon måte har betydd nokon helserisiko før disse reglane blei innført. Det finst bare eit einaste argument for å innføre disse reglane: Direktiv frå EØS.

* Svenske og tyske fritidsfiskarar har no klaga Noreg inn for ESA (EØS-overvakingsorgan) fordi utlendingar blir "diskriminert" i og med at dei må betale meir enn norske borgarar for fiskekort i Finnmark. Vinn dei fram med dette, vil vi og måtte avskaffe grensa for utlendingar sitt fiske på 5km frå veg. "Hvis ESA-domstolen sier EU-borgere skal ha lik tilgang til utmarksgoder som jakt, fiske og annet, til samme pris som norske borgere, vil det medføre fullstendig gjennomgang av regelverket", seier fjelltjenesteleiar Sverre Pavel til Finnmark Dagblad 7.7.98.

Skattar og avgifter

* Den graderte arbeidsgivaravgifta i Noreg (Frå 14% i Oslo til 0% i Finnmark og Nord-Troms) har lenge vore i søkelyset til EØS. No har dei krevd at reduksjonane i avgifta blir avskaffa for ein del næringar som bl.a. bergverk og skipsverft. Den norske regjeringa har ikkje godtatt det, og gått til sak for EØS-domstolen.

Alt på anbod

* Det skal vere fritt fram å konkurrere om anbod over heile EØS-området. I 1995 vant eit spansk firma anbodskonkurransen om oppussinga av tre SAS-hotell. Dette gjorde dei bl.a. gjennom å bruke spanske bygningsarbeidarar som blei betalt med ned til 22 kroner timen. Det skal betalas tariffbestemt minstelønn. Men ingen kontrollerer dette utan at den norske fagrørsla reiser saka. Og det er dei som har bevisbyrden for at det blir betalt under tariff. I dette tilfellet ville verken firma eller arbeidarane uttale seg om ka lønna var, og ein kom ingen veg. Ved SAS-hotellet i Bodø fikk ein merke resultatet, der kvaliteten av oppussinga var så dårlig at Dagens Næringsliv omtalte det som eit mareritt.

* Når NSB mista kontrakten på malmkjøring Kiruna-Narvik, er det eit klart resultat av EØS-avtalen, som krev at det skal vere fri konkurranse på all transport.

* I samband med bygginga av helsesenter i Guovdageaidnu gikk eit arkitektkontor som ikkje vann fram i anbodskonkurransen til sak mot kommunen fordi ein meinte kommunen hadde brote EØS-reglane for anbod. I ein oppsiktsvekkande dom i Alta herredsrett fikk kommunen medhald med dette argumentet:

"EØS-reglene kan ikke påberopes i denne sak. Disse reglene verner ikke landets egne innbyggere. ... det kommunale selvstyre legger opp til en viss valgfrihet og skal dette selvstyre ha noen mening, må kommuner få lov å følge visse prioriteringer og ikke bare la seg bestemme av kriterier lagt av andre." Det er ingen tvil om at Alta herredsrett har har eit godt poeng. Men saka er anka og no behandla av lagmannsretten. I skrivande stund er ikkje resultatet kjent. Blir denne dommen ståande vil han vere ein dom over heile EØS-systemet, og det er det tvilsamt om makta kan leve med.

* EUs oljedirektiv som i 1992 av Gro Harlem Brundtland blei kalla "en uvennlig handling mot Norge", har seinare blitt gjennomført og svelga av Stortinget. Der gjør at EU-selskap skal stå likt med norske ved tildeling av konsesjonar og anbod på utbygging ved boring og utvinning både utafor kysten av Nord-Noreg og i Nordsjøen. Hadde dette vore gjeldande da "oljeeventyret" starta på 70-talet, hadde det trulig ikkje vore mogleg å bygge opp Statoil.

* EØS sitt tjenestedirektiv regulerer arkitektanbod ved større byggeoppdrag. For å kunne oppfylle krava vil eit arkitektfirma ha utgifter på mellom 300000 og 500000 kroner til anbodet, pengar som ein betaler bare for å delta i konkurransen. Ikkje ein gong det største arkitektfirmaet i Nord-Noreg hadde råd til å delta i anbodskonkurransen om det nye tinghuset i Tromsø. Resultatet er at alt som blir bygd i Nord-Noreg blir teikna av sør-norske eller utanlandske arkitektar.


Til Kapittel 3 - EUs distrikts- og regionalpolitikk
Til Kapittel 4 - Nord-Sverige taper på EU-medlemskapet

Til startsida

sveilund@online.no