EU og Nordkalotten

Hefte fra Nei til EU - 1998

Dette kapitlet er skrive av Svein Lund

Kapittel 3 - EU's regional- og distriktspolitikk

Har EU ein distriktspolitikk?

I Noreg er vi vant med omgrepet distriktspolitikk, vanligvis forstått som ein politikk for å opprettholde og styrke busetting og næringsliv i distrikt som er tynt befolka og/eller ligg fjernt frå dei store økonomiske og politiske maktsentra. Distriktspolitikk kan på eine sida bli oppfatta som ein motpol til sentraliseringspolitikk, på andre sida bli brukt om all politikk som påverkar distrikta og forholdet mellom sentrum og periferi. Norske regjeringar har vore flinke til å marknadsføre sentraliseringspolitikken sin som distriktspolitikk.

I EU snakkar ein ikkje om distriktspolitikk, men regionalpolitikk. Forskjellen er i første rekke at regionalpolitikk ikkje bare er knytta til utkantstrok. Den omfattar alle regionar som av ein eller annan grunn ikkje har den same sterke økonomiske utviklinga som dei store pressområda. Eit distrikt i Belgia som ligg få mil frå Brussel får betydelig regionstøtte, regionstøtte blir og gitt til visse bydelar i London.

Regionalpolitikk er dei økonomiske rammevilkåra som har betydning for økonomisk utvikling og velferd i ulike regionar eller distrikt. "Den store regionalpolitikken": rammevilkår som skatte- og avgiftspolitikken, samferdselspolitikk, landbruks- og fiskeripolitikk osv. "Den lille regionpolitikken": dei virkemidla som har eit spesifikt regionpolitisk formål, som i Noreg SND og Samisk utviklingsfond, i EU støttetiltak under f.eks. mål 1 og mål 6 (sjå lenger ut i kapitlet).

Ka er EU sin regionalpolitikk?

Regionalpolitikken i EU har både eit økonomisk og eit politisk aspekt. Det er velkjent at "den store regionpolitikken" i EU i hovudsak virkar sentraliserande og til å auke forskjellen mellom økonomisk sterke og svake regionar. Dette blir og innrømt av EU som grunngir "den lille regionalpolitikken" med at han skal kompensere for denne verknaden av den indre marknaden. Og om ein ser på det siste tiåret ser det ut til at disse tendensane har stort sett heldt kvarandre i sjakk; forholdet mellom gjennomsnittlig inntektsnivå i dei sterkaste og svakaste regionane har holdt seg nokså konstant på 5:1.

Den store regionalpolitikken i EU er ganske godt kjent, denne kan ein bl.a. lese om i Nei til EUs motmelding frå 1994. Vi skal her sjå nærare på den lille. Den består av
Den positive: Direkte løyvingar frå EU til utviklingstiltak i regionane.
Den negative: Regelverk for å avgrense eller hindre medlemsstatar, fylke og kommunar å gi støtte som kan vere konkurransevridande.

Den negative regionalpolitikken har vi i stor grad fått føling med gjennom EØS, da denne er berekna på å sikre gjennomføringa av fri flyt og fri konkurranse innafor den indre marknaden. EU / EØS har reglar for ka for område der statane har lov å gi distriktsstøtte og kor stor del av investeringar det er lov å gi støtte til. Med bakgrunn i regelverket for den indre marknaden forsøker no EU å tvinge Noreg til å avskaffe.den differensierte arbeidsgivaravgifta, noko som vil føre til stor utgiftsauke for mange bedriftar.

Vi skal sjå nærare på den "positive" regionalpolitikken, som Noreg ikkje i samme grad har fått kjenne verknadane av fordi løyvingane frå EU bare går til næringslivet i medlemsland. Derimot har vi fått indirekte verknadar på to måtar:
1. Nivået på slik støtte i EU har virka inn på ka for støtte den norske regjeringa kan gi sjølv utan å bryte EØS-avtalen.
2. Noreg deltar i nokre EU-program der den norske staten finansierer ein del som tilsvarer det EU og statane tilsaman gir for EU-land.

Prinsippet bak all regionalstøtta er at EU bare dekker ein del av utgiftene. Denne kan variere, men 1/4 til 1/3 er vanlig. Resten må dekkas opp av statlige, regionale og private middel. Store delar av statlige og regionale / lokale midler til f.eks. næringsstøtte blir da bunde opp i å betale for dei prosjekta EU har gitt delfinansiering til. Resultat: EU betaler bare ein del, men avgjør alt.

Norr- och Västerbotten har eit eige kontor i Brussel, North Sweden. Sjefen heiter Peter Jörgensen. Apropos EU-prosjekt som dei transeuropeiske nettverka, kommunikasjionar med Ryssland og så vidare har han sagt: "EU:s del i många av de här projekten är marginell, men är det så att du inte har fått godkännande av dem här nere så blir de inte genomförda ändå." (Norrbottens-Kuriren 12/5 1998).

EU sin regionalpolitikk i fortid og framtid

Fram til 1975

EU hadde i liten grad felles regionalpolitikk, men nokre forløparar gjennom opprettinga av den Europeiske investeringsbanken 1958, Sosialfondet 1960 og Landbruksfondet 1964

1975-88

Regionalfondet blei oppretta og frå no er det ei jamn stigning i innsatsen. Alle tilskot blei administrert frå Brussel, noko som gjorde kontroll og oppfølging svært vanskelig. I 1988 behandla kommisjonen 8000 einskildsøknadar.

Frå 1989

I 1988 vedtok toppmøtet at løyvingane til strukturfonda skulle doblas i løpet av få år. Dette skjedde bl.a. på bakgrunn av at tre forholdsvis fattige søreuropeiske land var kome med og at dei indre forskjellane i EU dermed var auka kraftig. I staden for at kommisjonen behandla einskildsøknadar blei det no laga program for ein 5-årsperiode, med ei samla løyving på 460 mrd.kr. frå strukturfonda for perioden 1989-93.

Disse prinsippa blei stort sett vidareført for perioden 1994-99 med tillegg av eit 6. målområde for Sverige og Finland, som delar av Noreg og ville kome under om vi ikkje hadde sagt nei i 1994. Dei fire strukturfonda (Regionalfondet ERDF, Sosialfondet ESF, Jordbruksfondet EAGGF og Fiskerifondet FIFG) tar no omlag 1/3 av EUs budsjett.

Frå 2000

I EU-kommisjonen er dei no i ferd med å planlegge den tredje perioden. Det som til no har kome fram er planar om kraftig forenkling av støttesystemet, frå 7 til 2 målområde, noko som bl.a. fører til at mål 6-området for Sverige og Finland fell bort. Dette støtteområdet var som kjent eit stort argument for ja-folka foran folkerøystingane. Det spekuleras no på om ein istaden vil komme inn under eit utvida mål 1- område, men det er ikkje avgjort. I verste fall kan det bety at utkantstroka i Sverige og Finland bare fikk nyte godt av retten til distriktsstøtte i 5 år.

Strukturfonda

Med omlegginga av regionalpolitikken i 1989 blei det oppretta målområde, nokre geografisk avgrensa, andre avgrensa etter karakteren av tiltaka. Her følger ein oversikt over ka for område som det kan gias støtte til og kordan dette slår ut for Sverige:

Mål Ka slags område Kor i Sverige Til Sverige 95-99 mill SEK
1 tilbakeliggande regionar Gjeld ikkje Sverige -
2 industriell tilbakegang 39 kommunar, alle utafor mål 6-området 1400
3 minske arbeidsløyse heile Sverige 2970
4 kompetanseutvikling heile Sverige 1275
5a effektivare jord- og skogbruk heile Sverige 1560
5b landsbygd 47 kommunar, alle utafor mål 6-området 1200
6 glesbygd 44 kommunar, samanhengande område i nord-vest, nesten halve landarealet 2100

Finland blir dekka av dei samme målområda, men litt større del av landet er dekka. Målområda gjeld for EU som heilskap. Mål 3, 4 og 5a gjeld heile EU. Dei andre måla gjeld avgrensa geografiske område. Mål 6 blei innført i samband med svensk og finsk medlemskap og gjeld bare i disse landa, omlag halve landet (Sverige: nord-vest, Finland: nord-aust).

Fram til sekelskiftet satsar EU 13 mrd. i Sverige. Alle fond føreset minst like stor medfinansiering frå svenske staten og andre offentlige aktørar.

Mål 6

Vi skal sjå nærare på det målområdet som er viktigst for Nord-Sverige og Nord-Finland, derunder spesielt det som gjeld for samisk utvikling.

Mål for 1995-99 (Sverige):
* Skape evt. bevare 9500 arbeidsplassar
* skape 900 nye bedrifter
* minske forskjellen mellom BNP pr. innbygger i mål 6-området og resten av Sverige
* minske arbeidsløysa
* auke bruken av og kompetansen i IT

Total kostnad og EU-bidrag for 1995-99 i mill. ecu (Sverige)



Total EU
Tiltak 1 Bedriftsutvikling 269 83
Tiltak 2 Kompetanseutvikling 102 49
Tiltak 3 Jordbruk, fiske og naturressurser 151 66
Tiltak 4 Lokal utvikling 85 41
Tiltak 5 Samisk utvikling 15,6 7,6

Tiltak 5 Samisk utvikling

5.1. Støtte IT-bruk på samisk, informasjonsspreiing om samisk kultur, utnytte tradisjonell samisk kunnskap, samisk “företagande” og stimulere samisk ungdom til høgare studier.
5.2. Utvikle reindriftsnæringa med hjelp av moderne teknikk, auka foredling og økologisk tenking 2/3 av pengane er reservert for reindrifta

Gjennom Mål 6 er det i perioden 1995-97 gitt EU-finansiering til samiske formål på 9 mill SEK av ein total kostnad på 20 mill SEK. Eksempel på prosjekt: Utdanning i reindrift og samesløyd, helse for reindriftssamar, kommunal samisk utviklingsplan, foring av rein, reindriftstilpassa skogbruk. Eit fleirtal av tiltaka har tilknytning til reindrift.

Fellesskapsinitiativ

Innom ramma for EUs strukturfondspolitikk drivas 13 såkalla fellesskapsinitiativ. 9% av midlene i strukturfonda går til disse.

Namn Føremål Målomr. Budsj.94-99 mill ECU Sverige95-99 mill SEK
Interreg II Regionsamarbeid over grenser
3544 800
Employment Sysselsetting
1848 288 (inkl Adapt)
Adapt Industri 80%: 1 / 6 1638
Leader II Bygdeutvikling 1,5b,6 1768 150
SME Små og mellomstore bedrifter 2/3: 1 og 6 1087 145
Urban Byutvikling
891 42
Konver Omstilling fra militær aktivitet 1,2,5b 739 29
Regis II Utvikling av fr,sp, po. koloniar
612 -
Retex Tekstilindustri 1,2,5b 606 -
Resider II Stålndustri - omstilling
578 -
Rechar II Kolgruver - omstilling
461 -
Peace Nord-Irland
302
Pesca Fiskeri til 1 og 6 300 35


1 ecu er omlag 9 NOK. Der ikkje anna er oppgitt gjeld løyvingane for heile perioden 1996-99.

Interreg II

Det største av fellesskapsinitiativa er Interreg. Føremålet er å påskynde integrasjonsprosessen i Europa ved å minske hindringar som interne og eksterne nasjonsgrenser set for samarbeid. Programmet har namnet Interreg II fordi det er andre programmet av denne typen. Interreg I var i perioden 1991-95.
Alle EU-land er med i eit eller fleire Interreg-program. Nokre av disse omfattar delar av land utafor EU, som Tsjekkia, Marokko og Noreg. Eit Interreg-program må ha deltakarar frå minst to land. Hovudsøkar må vere frå eit EU-land. EU sitt bidrag er maksimum halvparten av finansieringa for søkarane frå landa som er EU-medlemmar. Noreg og andre land som deltar i programma utan å vere medlemmar må bidra med tilsvarande statlige middel. Men før ein kan søke på disse midlene må all anna finansiering vere sikra, dvs frå statlige (SND og tilsvarande), regionale og kommunale fond samt privat kapital. Denne skal tilsaman vere minst like stor som EU-finansieringa, ofte må den vere 2/3 av heile budsjettet.
For alle Interreg-program skal det vere to beslutningsorgan, Styrings- og overvakningskomiteen og Interregional beslutningsgruppe (sjå under Interreg Nordkalotten).

Interreg IIA: Samarbeid over grenser

Da Sverige og Finland blei EU-medlemmar blei det oppretta 10 nye Interreg-område. I mai 1995 inviterte Sveerige og FInland Noreg med i Interreg. Regjeringa svarte straks ja og lova statlig finansiering.

Noreg deltar i 6 regionar:

Område Andre deltakarland
Barents Sverige, Finland, Russland
Nordkalotten Sverige, Finland
Kvarken & Midtskandia Sverige, Finland
Nordens grønne belte Sverige
Indre Skandinavia Sverige
Eit grenselaust samarbeid (Østfold, Bohuslän) Sverige

Sverige deltar i tillegg i ein Skjærgårdsregion med Finland og Öresundregionen med Danmark.
Finland deltar i tillegg i to regionar med Russland og ein med Estland.

Interreg IIB: Transeuropeiske energinett
Dette gjeld bare Sør-Europa

Interreg IIC: Større geografiske område
Denne delen av programmet kom først i 1997. Den gjeld arealplanlegging og bekjemping av flom og tørke. 2 av 15 program omfattar nordiske land:
Program og land som deltar
Östersjöprogrammet: N,S,SF,RU,EST,LIT,LAT,BIA,POL,D,DK
Nordsjøprogrammet: N,S,DK,D,NL,GB

Interreg i nord

For Nordkalotten er det 4 Interreg-regionar som er aktuelle: Barents: Noreg, Sverige, Finland, Russland
Nordkalotten: Noreg, Sverige, Finland
Kvarken & Midtskandia: Noreg, Sverige, Finland
Nordens grønne belte: Noreg, Sverige

Interreg II A - Nordkalotten

Total budsjettramme er 41 mill ecu, derav 12 mill frå EU. Den statlige interregpotten er overført til fylkeskommunane som forvaltar den i samråd med dei norske medlemmane i den Interregionale beslutningsgruppa. 4 innsatsområde:
1. Bedriftsutvikling
2. Utvikling av logistikk og servicenettverk samt livsmiljø
3. Utvikling av menneskelige ressurser
4. Samane (Interreg Sápmi)

Organ:

Overvakningskommite:
Ansvarlig for at programmet gjennomføras som kommisjonen har bestemt. Representantar for EU-kommisjonen, statane og Nordkalotten.
I Noreg 7 repr. + ein frå Sametinget. Fordeling: 1 KRD, 1 LO, 1 NHO, 4 regionen (kvar fylkeskommune + 1 fylkesmann).

Interregional beslutningsgruppe:
5 representantar for kvart land. Ansvaret for gjennomføring av insatsområde 1-3. Skall avgjøre bruk av EU-middel i einskilde projekt, ta initiativ og vere pådrivande i gjennomføringa av programmet.

Samisk beslutningsgruppe:
For innsatsområde 4 eiga gruppe nedsatt av Sametinga.

Arbeidsgrupper:
* Tornedalen (svenske og finske grensekommunar + Storfjord)
* Norrbotten/Nordland (5 kommunar på kvar side)
* Lappland/Finnmark (6 kommunar i Finnmark, 3 i Finland)
* Nordkalotten

Interreg Sápmi

Interreg Sápmi er ein del av Interreg Nordkalotten, men omfattar i tillegg Västerbottens län i Sverige.
4.1. Utvikling av samiske næringar (gjennom Jordbruksfondet)
30,3 mill SEK i 1996-99. 6,2 mill brukt pr. 25.05.98, derav 1,5 mill frå EU
Innvilga pr. 25.05.98:
* Nettverk mellom mediabedrifter (Samisk konststödförening)
* Sáráhkka-Sápmi mot år 2000
* Utvikling av næringar i Tanadalen
* Teori og metodikk i duodji
* Treff for samiske bedrifter
* Grenselaus samisk turisme
1 søknad avslått, lite søknadar pga. trangt og kronglete regelverk

4.2. Utvikling av samisk kultur (gjennom Sosialfondet)
10,4 mill SEK for 1996-99, 10,3 mill brukt pr. 25.05.98, derav 2,9 mill frå EU
Innvilga pr. 25.05.98:
* Samisk filmutdanning
* Les samiske bøker (Sámeráđđi)
* Tverrfaglig teatersymposium
* Seminar om samisk kultur (Sámeráđđi)
* Utvikling av samiske rettigheter (Uppsala universitet)
* Lulesamisk bibliotek 7 kultursøknadar avslått
Ei samisk beslutningsgruppe på 6 personar nedsatt av Sametinga. Dei avgjør bruken av EU-midler og av norske Interregmidler. Interreg Sápmi har sekretariat ved Sametinget i Kiruna.

Frå samisk hald har det komme fram kritikk av at regelverket for å få støtte er svært kronglete. Før ein kan få EU-middel, må ein ha fått statlige middel. Samane har inga eigne middel, men må søke kvar einskild nasjonalstat eller fylke. Kvar sak treng minimum 4 søknadar og 5 vedtak.

Interreg IIA- Barents

Omfattar Nordland, Troms, Finnmark, Norrbotten, Lappland, Murmansk og delvis Arkangelsk oblast.
* Samarbeid mellom små og mellomstore foretak og utvikling av servicenettverk
* Bedrifts- og managementutdanning for å forbedre samarbeidet
* Utdanning
* Forsknings- og utviklingsarbeid
* Transport og kommunikasjonar
* Fremme innbyggarane sin velferd
Totale rammer for 1996-99: 280 mill NOK, derav norsk andel 49 mill NOK.

Interreg IIA- Kvarken / Mitt-Skandia

Interreg-regionen omfattar MidtSkandia (Helgeland og Västerbotten) og Kvarken Västerbotten Örnsköldvik i Sverige og Vasa län i Finland * Kommunikasjon (største program, ferje over Östersjöen, fly, IT)
* Turisme og kultur ("Kulturprojekten skal helst ha en turistisk anknytning.")
* Kompetens (Samarbeid universitet, høgskolar, forskningsinstitusjoner)
* Sysselsetting (kvinner och ungdommar, Noreg deltar ikkje i denne)
* Næringsliv (nye produkt og marknader)
* Miljö och glesbygd

Interreg IIA- Nordens grønne belte

Grenseregionalt samarbeid, små- og mellomstore bedrifter, lokal utvikling
 Sørsamisk kultur og næringslivsutvikling Interreg Åarjel Samien Interreg Åarjel Samien er ein del av Interreg Nordens Gröna Belte
* Kultur og informasjon (5 mill SEK: Noreg 50%, Sverige 25%, EU 25%)
* Bygge opp eit kultur og informasjonssentrum
* Skape nettverk mellom lokale sentra
* Skape muligheter for å utnytte informasjionsteknikken for samiske næringsbehov.
* Næringslivsutvikling (15 mill SEK: Noreg 45%, Sverige 23%, EU 23%, privat 9%)
* Skape ei i bærekraftig reindriftsnæring
* Utvikle reindriftsnæringa inklusive jakt og fiske
* Skape nye næringsformer
* Auka sysselsettning og busetting i det samiska kjerneområdet / samebyane
* Utvikle turismen
* Utnytte reindriftas biprodukter bedre

Norra Periferin

Eit europeiskt samarbeidsområde for Skotske høgland, 4 nordligaste fylke i Noreg, Mål 6-områda i Sverige og Finland. (Dette er ikkje ein del av Interreg, men knytta til EUs regionalpolitikk.) Kan gi støtte for utvikling av
* Glesbygdsservice (4 mill ecu)
* Bedriftssutvikling och bærekraftig ressursbruk (5 mill ecu)
* Utveksling av gode eksempel (3 mill ecu)
Finansiert av EU-Kommisjonen, programsekretariat i Rovaniemi

Regionrådet

Regionrådet er eit sentralt EU-organ som blei oppretta med Maastrichtavtalen. Regionrådet er bare rådgivande for Kommisjonen og Rådet og består av 222 representantar for regionale og lokale styresmakter i medlemslanda. Det skal "minske avstanden mellem borgerne og og de europeiske beslutningstagere." Regionrådet skal høras før besluttande EU-organ gjør vedtak som gjeld:
* Fremme av allmennutdanning og yrkesutdanning
* Fremme av kulturen
* Helsevesen
* Transeuropeiske nett
* Struktur- og regionalpolitikk

Men Regionrådet har "ingen formel mulighed for at gøre sin indflydelse gælgende og kan ikke indlede retslige skridt i tilfælde af en krænkelse af dets høringsrettigheder." (Europa fra A til Å, utgitt av EU)

Politiske verknadar av regionalpolitikken

Både opprettinga av regionrådet og dei ulike økonomiske programma for regionane haar som klart mål å svekke nasjonalstatane for derigjennom å styrke makta til det sentrale EU-apparatet, og bane vegen for EU som verdas mektigaste stat. Regionane som trur at dei sjølve får støtte sjølvstyre, er dermed med på å styrke oppbygginga av ei økonomisk og politisk supermakt.
" EU vill gärna, att folk ska ha direktkontakt med Bryssel og gå förbi sin egen regering och riksdag. EU stärker regionala frihetssträvanden och använder den gamla välkända metoden att söndra och härska. Allt går ut på, att nationarna ska avskaffas och EU bli en enda stat, styrd från Bryssel och Frankfurt." (Birgitta Hambräus, riksdagsrepr, Cp, Sverige).

Alt tyder på at denne politikken virkar.

I Wales –
I Wales satsar dei på å bruke Brussel mot den gamle arvefienden i London. Der er ei nasjonal rørsle for walisisk språk og indre sjølvstyre. Men det er få som ønsker slutt på EU-medlemskapet. EU sin regionalpolitikk har gjort det mogleg for dei f.eks. å få støtte til språkutviklingstiltak som dei aldri ville fått i London. Dette har vore med å heve statusen til walisisk språk og walisarane som folk, dei blir anerkjente som noko meir enn ein mindreverdig variant av det engelske. Liknande historier kan ein finne rundt om i Europa.

Ved sida av den økonomiske støtta er det to middel som EU brukar til dette. Det eine er Regionrådet, det andre er.kontoret for mindre brukte språk (European Bureau of Lesser Used Languages).

- og på Nordkalotten
Nordkalotten har no ikkje uventa fått sin lokale effekt av denne politikken. I Noreg bidrar Interreg til å knytte offentlige organ og private bedrifter til EU-systemet. I opinionen vil publisitet om Interreg-prosjekt bidra til å gi eit positivt bilete av EU som støtte for distrikta. Dette i motsetning til alle distriktsfientlige tiltak som EU sjølv ikkje set merkelapp på, slik at ein kan sjå kor dei kjem frå. Blant nordnorske fylkespolitikarar har Interreg virka som ei brekkstang for å snu EU-motstanden. Det nordiske samarbeidet er no i ferd med å bli redusert til eit underbruk under EU. Det kan vi sjå på ka Nordkalottkomiteen sjølv skriv i samband med Nordkalotttkonferansen hausten 1998: "Nordkalottkomiteen er et politisk samarbeidsorgan mellom de fem nordligste fylkene og Norrbottens län og Lapplands län. NKK fikk på vegne av EU-landa Sverige og Finland ansvaret for utarbeidelsen av programmet Interreg Nordkalotten. Arbeidet med Interreg Nordkalotten vil bli NKKs viktigste oppgave fram mot år 2000. De tradisjonelle satsingsområdene Kultur og Miljø blir igjen under NKKs paraply, finansiert av Nordisk ministerråd."

Da Sverige, Finland og Noreg søkte om EU-medlemskap, gjorde Sverige og Finland ingenting for å kreve noko omsyn til den samiske befolkninga. Det var etter press frå Noreg at den såkalla sameprotokollen som med i forhsndlingsresultatet. Denne ga likevel ikkje meir enn løyve til å oppretthalde status quo på nokre område. På rettigheitssida var det lite eller ingenting å hente, tvert om blei EU-medlemskap sett på som eit hinder i kampen for retten til land og vatn. Det er derimot to andre område der samane kan ha noko å hente ved EU-medlemskap. Det eine er anerkjenning av språket, det andre er økonomiske støtteordningar.
Allereie før folkerøystingane gikk nokre ut og skraut av alle pengane samane kunne få frå EU. Alt tyder på at eit stort fleirtal av samane stemte nei i alle tre landa. Likevel var det bare i Noreg at ein fikk klare nei-vedtak i sameting og store sameorganisasjonar. Og på norsk side var det ein del ja-folk blant yngre organisasjonssamar med høgare utdanning. Dei samiske programma virkar til å knytte sametinga og samiske organisasjonar, politikarar , kulturarbeidarar og byråkratar til EU-systemet. Dette synas allereie å vere i ferd med å snu stemninga til EU i ein del innflytelsesrike samiske miljø. Ofte er det folk som har vore aktive i samisk organisasjonsarbeid som får arbeid med Interreg-prosjekt.

Sverige har aldri hatt sin Alta-kamp, sjølv om det har vore fleire mindre aksjonar mot styremaktene. Derfor har dei svenske samane aldri utvikla noko slikt kampfellesskap med rikspolitiske folkelige organisasjonar i storsamfunnet som det som skjedde i Noreg under Altakampen. I nokre svensk-samiske miljø er det utvikla ein isolasjonisme der ein ikkje har tru på å få støtte frå svenskar flest og heller ikkje kjenner noko solidaritet med svenskar som blir utsett for ei undertrykking som tilsvarer den samane har vore utsett for.
Eit typisk uttrykk for denne tankegangen får vi hos Nils Gustav Labba som under vignetten "Tankar om en samisk framtid i EU" skriv
"Det som er bra for Sverige är dåligt för samane. Måhända är då motsatsen lika giltig. Nämligen att det som är dåligt för Sverige är bra för samerna. Vi lider inte med EU-motstandarna, men känner igen argumenten.
- det svenska språket hotas
- näringslivet utarmas
- kompetens och kunnande flyr regionen
- det svenska parlamentets inflytande minskar
- avståndet till maktens boningar växer
Argumenten er bekanta, därför att de är kopior av våra egna hotbilder. Inte mot Bryssel, utan gentemot nationalstaten Sverige. Hotbilder som alltid har legat över oss och påmint oss om vår maktlöshet och vårt minoritetsdilemma.
Nu lider svenskarna under samma dilemma. Det är inte så lätt att känna medlidande."

Det skremmande er at dette er ikkje bare eit tilfeldig debattinnlegg. Det blir spreidd gjennom Internet-sidene til det svenske sametinget og synas å vere uttrykk for eit ganke utbreidd syn.

Region-prosjekt som EU-propaganda.

Denne teksten som vi fann i "EU-Forum, Information från Länsstyrelsen (Jämtland) om EU och EG:S strukturfonder" skulle tale for seg sjølv:
"Nu har det kommit raka besked om hur projekt som får stöd av EU ska skyltas. Den som ansvarar för projektet ska se till at allmennheten får veta att EU delfinansierar det.
....
* Texten "Europeiska Unionen" ska alltid finnas i anslutning till flaggan. Dessuton ska det anges vilken fond projektet fått stöd ur. Bara om flera fonder bidragit till samma projekt får det generella ordet "strukturfonder" användas.
* På titelsidan i broschyrer och foldrar ska det tydligt anges att EU bidragit.
* Om en nationell eller regional logotyp används ska också EU-logotypen finnas med.
* När trycksaken innehåller förord bör det signeras av den ansvarige personen i landet och av en ledamot i kommissionen, så at EUs deltagande framgår tydligt.
* Använd dekaler och klistermärken för att uppmärksamma allmänheten på att en produktion får stöd från EU.
* Använd affischer för att visa att en utbildning eller sysselsättningsåtgärd får stöd från EU.
* Investeringar i infrastruktur ska förses med stora skyltar under byggtiden. Den del av skylten som reserveras för EU ska uppta minst 25 prosent av skyltens yta, bära EU-logotypen och texten: Detta projekt delfinansieras av Europeiska Unionen, . Bokstäverna ska vara minst lika stora som de bokstäver som anger nationellt deltagande. Sex månader efter byggslut ska skyltar tas bort och ersättas med en permanent sponsorplakett."

Til Kapittel 4 - Nord-Sverige tapar på EU-medlemskapet

Til startsida
sveilund@online.no