Nordkalotten og EU

Hefte utgitt av Nei til EU hausten 1998

Detet kapitlet er skrive av Svein Lund

Kapittel 4 - Nord-Sverige taper på EU-medlemskapet

Som i Nord-Noreg var det i både Nord-Sverige og Nord-Finland stort fleirtal mot EU, men dei blei nedstemt av dei store befolkningskonsentrasjonane i sør. I dag kan vi sjå noko av resultatet.

Avfolking og arbeidsløyse

Avfolkinga av utkantstroka som allereie var godt igang før Sverige blei EU-medlem, har aksellerert kraftig. I Norrbotten auka folketalet i tida 1990-94, men frå Sverige blei EU-medlem i 1995 har folketalet gått tilbake med 6700 innbyggarar. Det har vore tilbakegang i alle kommunar med unnatak for Luleå. I Vesterbotten har ein hatt samme utviklinga, der folketalet har gått tilbake i alle kommunar med unnatak av Umeå.

I tida 1990-1997 har talet på sysselsatte i Norrbotten minska med 22 700. Styresmaktene snakkar no om å halde eit krisemøte om kordan utviklinga i "glesbygden" skal vendas. Men dei snakkar ikkje om EU i den samanhangen.

I dag er det knapt jordbruk igjen i den delen av Sverige som reknas av EU som Mål 6-område. Talet på mjølkebønder i Norrbotten har gått ned med 21% sidan EU-medlemskapet, og bøndene som legg ned skuldar bl.a. på dei kronglete EU-reglane. EU har eit svært detaljert regelverk for jordbruket som er omtrent umogleg å følge.

Den svenske regionalpolitikken blir heilt tilpassa til EU. Bl.a. fjernar ein frå 1.1.99 etter krav frå EU reduksjonen i arbeidsgivaravgift for såkalte tradisjonelle næringar som gruver, skog- og jordbruk etc. For mange bedrifter i Norrland betyr det at arbeidsgivaravgifta aukar med 8 prosenteiningar.

Det har altså ikkje hjulpe mye at dei fikk definert dei spreiddbygde områda som eit område som kunne motta særlig støtte. Om ein reiser gjennom dette området er det einaste næringslivet ein ser turistindustrien; det blomstrar opp med hotell, slalåmbakkar og golfbanar, men det er da også det einaste dei som er igjen har å leve av.

Underskot: 27.500.000.000

Ein svensk sosialdemokratisk EU-motstandar som sit i EU-parlamentet, Sören Wibe, har satt funne fram til tala bak denne utviklinga. Sjølv om heile 5000 forskjellige prosjekt har fått EU-støtte, monnar det lite når EU tar tifold igjen med andre handa. I tida 1995-97 har Sverige som heilskap betalt 43,6 mrd SEK til EU og fått 16,1 mrd SEK tilbake i form av jordbruks- og regionstøtte. Altså tilsaman eit underskot på EU-medlemskapet på 27,5 milliardar over tre år.

Men Wibe har ikkje nøydd seg med å sjå på tala for landet som heilskap. Han har fordelt inntekter og utgifter på län og kommunar, for å sjå ka for delar av landet som tjente og tapte på EU-medlemskapet. Han gikk ut i frå at gjennomsnittlig bidro alle kommunar med like mye skatt pr. innbygger, og så berekna han omlag kor mye som var gått til kvart län og kvar kommune i støtte. Da viste det seg at støtta var høgst ujamnt fordelt. Men det er ikkje dei regionane som er utsett for fråflytting som har fått støtte. Det er heller ikkje dei områda der gardane blir lagt ned som får jordbruksstøtta. 2 av 24 län som har gått med overskot, det er Gotland og Skaraborg, begge i Sør-Sverige. Det er 38 kommunar som har gått med overskot. I dei bur 6% av folketalet. Med få unnatak ligg dei i det beste jordbruksområdet i Sør-Sverige, der det er rike bønder eller godseigarar som driv industrijordbruk av EU-type.

Dei store taparane er bl.a. storbyane og "glesbygdene" med skrint jordbruk. Der kjem underskotet pr. innbyggar opp i 4-5000 kroner. Det utgjør ikkje reint lite for ein skranten kommuneøkonomi. Den nordligaste kommunen, Kiruna, er ein av dei som er aller dårligast stilt med eit tap på omlag 120 millionar. Av kommunane i Norrbotten er det ein (Arjeplog) som har eit mogleg lite overskot. Alle dei andre har underskot, det same har nesten alle kommunane i Västerbotten.

Det er bare Tyskland og Nederland som er netto bidragsytarar til EU i enno større grad enn Sverige. For dei fire første åra har Sverige fått ei såkalla innfasing av bidraget, dvs. at Sverige sitt bidrag aukar gradvis til det nivået det skal ligge på framover. Frå 1998 er bidraget så høgt at Sverige no trulig er det landet som har det høgaste prosentvise nettobidraget til EU.

Under kapitlet om EU sin regionpolitikk og Interreg er det tatt med nokre statistikkar som viser kordan den støtta Sverige har fått frå EU fordeler seg på forskjellige program og målområde.

Samtidig har konsesjonslovane blitt kraftig liberalisert, noko Sverige liksom Noreg gjorde som EU-førebuande tiltak frå først på 90-talet. I prinsippet kan no kem som helst kjøpe ka som helst, inklusive kjernekraftverk og mineralressursar. Utanlandske mineralselskap har tatt ut muting på enorme område i Norrland.

Som resultat av EUs konvergenskrav har stat og kommunar skore ned på utgiftene. Samtidig har skattane auka for lågare og middels inntekter.

Enn om Noreg ...

Om Noreg hadde vore EU-medlem, hadde vi og vore netto bidragsytar. Vi kunne da trulig sett eit liknande bilete, ut i frå at dei ordningane som gjeld for Sverige dels er felles for EU, dels forhandla fram i dei felles medlemskapsforhandlingane i 1993/94. Forskjellen er at slike rike jordbruksområde som i Sør-Sverige finst knapt her i landet. Noreg ville derfor trulig hatt langt færre kommunar med overskot. For Nord-Noreg er dette ei bekrefting av den frykta det store fleirtalet hadde for EU-medlemskap. For det fleirtalet som sa ja i Oslo bør det vere eit tankekors at Stockholm har eit underskot på EU-medlemskapen på nesten 8 milliardar, mens Göteborg har eit underskot på omlag 2 milliardar.For dei i Nord-Noreg som framleis drøymer om norsk EU-medlemskap kunne det vere nyttig med ein studietur over grensa.


Til startsida

sveilund@online.no