Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna:

Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

9. Byggfag

Før Reform 94 hadde ei rekke fag innafor byggebransjen hatt eigne grunnkurs. Med reforma blei desse grunnkursa redusert til to, byggfag og tekniske byggfag, Byggfag omfattar ved sida av tømrar og murararbeid også anleggsarbeid. Store delar av arbeidet med husbygging er derimot overlatt til tekniske byggfag, slik som rørleggar, taktekkar og isolatør. Ein del byggeverksemd fell og under heilt andre fag. Båtbygging i stål er mekaniske fag, bygger ein båtar i tre er det trearbeidsfag. Ettersom denne oppgåva dreier seg om vidaregåande opplæring i Noreg, ser eg meg likevel nøydd til å avgrense meg til dei faga som blir omfatta av grunnkurs byggfag. Det gjør at bl.a. dei rike samiske tradisjonane innafor båtbygging ikkje vil bli tatt opp her.

Av studieretningsfaga på grunnkurs byggfag vil eg her legge hovudvekta på trearbeid. Årsaka er at det er her ein i størst grad kan vente å finne samiske særtrekk og at det er innafor tømrarfag at det finst eit VK1-tilbod innafor samisk vidaregåande opplæring.

Rundt om i verda varierer byggeskikken med klimatiske forhold, tilgangen på materialar, økonomi og kultur. Mens det i Noreg er tradisjon for at eneboligar og rekkehus blir bygde i tre, skal ein ikkje langt sørover i Europa før ikkje bare boligar, men og f.eks. driftsbygningar for jordbruket er reint murararbeid. Nasjonal byggeskikk dannar ein viktig del av grunnlaget for innrettinga av byggfagopplæring. I Noreg er det og klare regionale byggetradisjonar, der visse typar av bolighus og uthus er særeigne for visse landsdelar. Regionale byggetradisjonar har hatt forholdsvis liten plass i norsk byggfagopplæring.

Ein av dei siste stadene der samar budde i gammer var her i Kaperdalen på Senja.
(Foto: SL)
Det er ikkje lenger ofte å sjå slike fjøsgammer som desse i Polmak i Tana.
(Foto: SL)

9.1. Byggfag i Sápmi

9.1.1. Samisk byggetradisjon

Byggetradisjonen i samiske område har visse særtrekk som kjem til uttrykk i materialbruk, tekniske løysningar, planløysingar og i visse estetiske trekk. Dette kallar eg her samisk byggeskikk. Uttrykket samisk byggeskikk får dei fleste til å tenke på torvgammer. Gammer og lavvoar er sjølvsagt ein vesentlig del av samisk bygningshistorie. Men det dreier seg og om tømmerhus og stabbur av forskjellige slag og om kva for romløysing ein gjerne valde når ein etter kvart fikk trehus. I samiske område ser vi at byggetradisjonane er påverka frå forskjellige kantar. Langs Deatnu er det typiske samiske trekk ved mange bygningar på begge sider av elva. Samtidig er mange hus påverka av norsk byggestil på norsk side og av finsk byggestil på finsk side.

Eit av dei eldste bevarte husa i samiske område er St. Georg-kapellet i Neiden i Sør-Varanger, eit symbol for austsamane og den einaste russisk-ortodokse kyrkja i Noreg.
(Foto: SL)
Njalla er ein særeigen samisk form for stabbur og ein viktig del av samisk bygningstradisjon. Dette stabburet står på Sámi Musea i Enare.
(Foto: SL)

På Finnmarkskysten budde dei fleste samar i gammer fram til rundt førre hundreårsskiftet. I Indre Finnmark var det først omlag 1920 at reindriftsamane byrja å bygge seg tømmerhus på vinterbuplassane. Fram til da hadde dei brukt telt og gammer, både på vinter- og sommarbuplassane. Nokre budde bare i telt og gammer fram til etter andre verdskrigen.

Seinare har gammer i liten grad blitt brukt til boligar, men i større grad til uthus og i utmarksnæringar. Da tyskarane i 1944 brann 90% av alle bygningar nord om Lyngenfjorden, forsvann og ein svært stor del av den samiske byggeskikken. Den eldre samiske byggeskikken kjem i Finnmark og Nord-Troms nå mest til uttrykk i museum og på gamle bilete. Likevel finst nokre hus og stabbur igjen. Lenger sør er ein større del av dei eldre samiske bygningane bevart. Riksantikvaren gjennomførte i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar ei registrering av eldre hus i perioden 1975-95. Men oftast har ein ikkje skilt mellom samiske, kvenske og norske hus. Sametingets miljø- og kulturvernavdeling arbeider no med dette materialet for å finne ut meir om kva som er samisk byggetradisjon.

Under gjenreisinga etter krigen blei det ofte i liten grad tatt omsyn til samisk byggeskikk og lokalbefolkninga sine ønske, noko som førte til ein del konfliktar, bl.a. i Kåfjord i Troms. I Indre Finnmark kom gjenreisinga stort sett seinare enn på kysten. Folk måtte lenge bu i dårlige brakker eller gammer. For å rette opp dette sette staten inn to boligaksjonar for Indre Finnmark. I den første boligaksjonen, rundt 1960, slo lokalbefolkninga sine ønske om planløysing til dels gjennom. Her blei det, i alle fall i Guovdageaidnu, i stor grad reist hus av såkalla "Klemet-type", teikna av Klemet Hermansen, som jobba i administrasjonen i Guovdageaidnu kommune. Eg har sjølv budd i eit slikt hus. I desse husa er kjøkkenet er det største rommet i huset, noko som er ein stor fordel for folk som i stor grad haustar av naturressursar. Under den andre boligaksjonen for Indre Finnmark rundt 1970 blei derimot norske typehus for alvor innført i dette området. Karakteristisk for desse var at kjøkkenet var for lite og stua for stor. Det var villahus for bystrøk og ikkje brukshus for folk som dreiv reindrift, jordbruk og utmarksnæringar. Årsaka til at slike hus blei bygd i Indre Finnmark kan tildels ha vore påverknad frå leiinga for boligaksjonen, Husbanken, arkitektar og byggefirma, dels at samane sjølve ønska det som hadde status i resten av landet. Eg kjenner ikkje til at nokon har forska på dette. Seinare har ein del av desse husa blitt ombygde for å tilpasse dei til brukarane sine behov. Det aller meste av byggeverksemda i samiske område har sidan vore etter norsk standard, det gjeld både bolighus og offentlige bygg som skolar, helsesenter og kommunale kontor.

Det lulesamiske kultursenteret Árran i Tysfjord er bygd i lavvoform.
(Foto: SL)
Det nybygde hotellet i Majavatn har med bruken av lávvoform markert at ein er i eit samisk område.
(Foto: SL)

9.1.2. Nybygging i samisk tradisjon

Frå 60-talet blei det reist nokre større byggverk som var prega av samisk byggetradisjon. Desse blei reist i sentrale samiske område, men det var oftast ikkje samar som hadde styring med denne bygginga. Dei første bygga av denne typen var reist av kyrkja og Norges Samemisjon. Eksempel på dette er Fjellstua i Guovdageaidnu og kyrkjene i Láhpoluobbal og Kárášjohka. Frå 80-talet har det blitt reist ein del offentlige og private bygg med samisk tilsnitt, som Samelandssentret og Sametingsbygget i Kárášjohka, kulturhuset og Siva-bygget i Guovdageaidnu og Stabburnes Naturhus i Porsanger. Enno tydeligare inspirert av lavvo-formen er det lulesamiske kultursenteret Árran i Tysfjord, og hotella i Lujávri og Majavatn. Samisk byggestil har så langt i svært liten grad slått gjennom i skolebygg. Blant dei få positive eksempla kan eg nemne Karesuando skole på svensk side.

I tilknytning til turistnæringa har det dei siste åra blitt bygd gammer, tradisjonelle stabbur (áiti, njalla) og hus inspirert av gammer og lavvoar. Ved Karasjok turisthotell er det reist ei stor torvgamme (darfegoahti), berekna på turistar. I Alta er det reist gammer som ein del av Altafjord hotell. I Buolbmát i Deatnu er eit større turistanlegg basert på nybygde gammer. På Tomma utafor Nesna er det bygd "Verdens største sørsamiske jordgamme" med overnattingsplass for inntil 30 personar. Mange av desse bygga er ikkje reine tradisjonelle gammer, men forskjellige overgangsformer mellom gammer og moderne hus, både i konstruksjon og materialbruk.

Av bolighus finst det nokre få som er bygd i nyare tid, der konstruksjon, materialbruk og planløysing i større eller mindre grad er inspirert av tradisjonelle gammer. 204I tillegg er det reist gammer og stabbur i tradisjonell stil i samband med bl.a. museer, kultursenter og barnehagar.

Aukande interesse for å ta vare på og bygge hus i samisk bygningstradisjon har ført til behov for fagfolk som kan utføre slikt arbeid. Derfor har det og blitt arrangert ei rekke kurs i gammebygging og i samisk bygningsvern forøvrig. Som eksempel kan eg nemne at det i 1999 blei det gjennomført eit kurs i samisk bygningsvern ved Sijti Jarnge i Hattfjelldal. Kurset blei gjennomført med bistand av Samisk Kulturminneråd og Riksantikvaren. På svensk side er det eit bygningsvernprosjekt for Norrbotten / Västerbotten som leiast frå Ájtte museum.

Skolen i svensk Karesuando er eit nytt bygg som er bygd i meir eller mindre samisk stil.
(Foto: SL)
Hotellet i det samiske senteret Lujávri i Russland.
(Foto: SL)

9.1.3. Bygningsnæringa i Sápmi

Det er ganske mange samar som jobbar som bygningsarbeidarar. Ein del av dei har fagbrev, men svært mange har ikkje full fagutdanning. Ein del kombinerer bygningsarbeid med andre yrke.

I samiske kommunar er det i liten grad sjølvstendige byggefirma. Det finst ein del sjølvstendig næringsdrivande tømrarar, men dei kan i regelen ikkje ta på seg større oppdrag. Større byggeoppdrag har gått til norske firma frå byane og lokale bygningsarbeidarar har tildels fått arbeid for dei. Som eksempel kan eg nemne at ved bygginga av nytt helsesenter i Guovdageaidnu (fullført 2000), var det omlag 15 entrepriser på forskjellige arbeidsoppgåver. Av desse gikk bare grunnarbeidet til eit lokalt firma, resten gikk til firma i Alta og Tromsø. Innafor anleggsverksemd er det eit rikare lokalt og samisk eigd næringsliv. For eksempel har Guovdageaidnu 5-6 lokale maskinentreprenørar.

Det er fleire tømrarar som har spesialisert seg på reising av både tradisjonelle og meir moderne gammer og stabbur og gjort dette til ein leveveg. 205Alt tyder på at det vil vere ein aukande marknad her, det er stor etterspørsel etter folk som kan den tradisjonelle samiske byggestilen. Her er og stort rom for produktutvikling.

Sameskolen og den samiske barnehagen i Gallivare har satsa på eit utemiljø av bygningar i tradisjonell samisk stil. Her finn vi både gammer og forskjellige typer stabbur (áiti og njalla). Foto: SL.

I Polmak har ein turistbedrift satsa på nybygde moderne gammer.
(Foto: SL)
Sameskolen og den samiske barnehagen i Gallivare har satsa på eit utemiljø av bygningar i tradisjonell samisk stil. Her finn vi både gammer og forskjellige typer stabbur (áiti og njalla). Foto: SL.
(Foto: SL)

9.2. Samisk kunnskap i byggfag

9.2.1. Kva slags samisk kunnskap?

Kva slags samisk kunnskap kan ein vente å finne innafor byggfag? Eg ser i alle fall tre område:

* Kunnskapar om korleis samar har konstruert og bygd boligar og andre bygningar gjennom tidene, kva slags materiale og verktøy dei har brukt osv. Korleis kan denne kunnskapen nyttast til å gjenoppbygge og vedlikehalde eldre samiske bygningar?
* Korleis har andre folkeslag sin byggeskikk blitt brukt i samiske område? I kva grad har det vore påverknad, konflikt og samarbeid mellom ulike byggetradisjonar?
* Korleis kan ein i vår tid nytte element frå samisk byggeskikk i reising av moderne bygg?

9.2.2. Skriftlige kjelder og film

Det er svært mange skriftlige kjelder om samiske bygningstradisjonar. Byggeskikk er omtalt i dei fleste generelle verk om samisk kultur, i tillegg er det ein del mindre hefte og artiklar, mest skreve av ikkje-samiske museumsfolk og antropologar, frå seinare tid og av arkitektar. Knapt noko er skreve av samiske fagfolk som bygningsarbeidarar, byggfaglærarar eller arkitektar.

Dei fleste kjeldene har foto og/eller teikningar over samiske gammer og stabbur. Nokre teikningar, bilete og forklaringar er så gode at dei er eigna som arbeidsinstruksjon for bygging. Mens samisk byggetradisjon i form av gammer, stabbur osv. er bra dokumentert, er det dårligare når det gjeld samiske tradisjonar innafor husbygging og innreiing. Det er ingen bøker som gir oversikt over heile det samiske området og det er ingen bøker som eignar seg direkte til bruk i skolen.

Av dei 74 skriftlige kjeldene eg har funne er omlag 16, dvs under ein firedel, skreve av samar. 5 av kjeldene er bare på samisk (1 sørsamisk, resten nordsamisk), 5 på samisk og norsk, 45 på norsk, 14 på svensk, 3 på finsk, og 1 på engelsk. Ei bok finst på finsk og engelsk.

I Finnmark er det gjennomført registrering av gamle bygg. Dette er nedteikna og oppbevarast på kommunale / fylkeskommunale kontor, og er ikkje offentliggjort.

Så vidt eg kan sjå er det ikkje gjort noko med samling og utvikling av terminologi i byggfag, utanom det ein kan finne i dei nemnde kjeldene om gammekonstruksjonar.

Eg har funne 3 filmar om bygging av gammer og reising av lavvo.

Oversikt over litteratur og filmar står i vedlegg 1.3.

9.2.3. Museum

Mange museum har gammer, stabbur og andre eldre bygningar frå samiske område, i original eller som rekonstruksjon. Nokre av desse bygningane er skildra i skrift som er oppført i litteraturlista.

Gammer og hus har variert i byggeskikken etter lokale behov og ikkje minst etter tilgangen på byggemateriale. Ein kan derfor skilje ut forskjellige typar i forskjellige område. Ved dei fleste lokale musea er dei utstilte gammene og husa frå nærområdet, mens ein i dei større musea som Samiske samlinger i Kárášjohka, Tromsø Museum, Norsk Folkemuseum, Ájtte i Jokkmokk og Sámi Musea i Anár har bygningar frå eit større område, slik at ein ved nokre av dei f.eks. kan samanlikne sørsamiske og nordsamiske gammer direkte. Mange museum har og utstilling av verktøy som er brukt ved bygging og trearbeid.

I museer finn ein ikkje bare eldgamal bygningshistorie, ein kan og finne gjenstandar frå nyare tid, som denne betongblandaren eg fann i Kokelv.
(Foto: SL)
Snikkarverktøy er ikkje blant det første som blir utstilt i samiske museum. Dette verktøyet fann eg i magasinet til Árran i Tysfjord
(Foto: SL)

I det nemnde gammeprosjektet i Kárášjohka besøkte elevane museet i bygda for å studere kontruksjonen av ei gamme. Dette er høgst aktuelt både for byggfag og for andre linjer, f.eks. i samband med fag som samisk kulturkunnskap og historie.

Oversikt over det eg har funne i museum står i vedlegg 2.3.

"Lappstaden" i Arvidsjaur er ei av dei største samlingane av tradisjonelle samiske bygningar.
(Foto: SL)
Snikkarverktøy på Ájtte museum.
(Foto: SL)

I tillegg til musea har det ein del stader blitt tatt vare på samiske bygningar i sitt opphavelige miljø. Eksempel på dette er kyrkjestadane i Arvidsjaur og Ankarede i Sverige og Ohcejohka i Finland. Fleire av Fotefar mot Nord-prosjekta 206er gamle samiske byggverk som er restaurert. Blant anna finn vi dette i Beiarn, Røyrvik og Hattfjelldal i Nordland.

9.2.4. Munnlige kjelder

Ein god del er skreve om samisk byggeskikk, men det finst framleis eldre samar med kunnskapar som ikkje er skreve ned. Det er viktig så langt som råd å dokumentere den kunnskapen dei har, og å føre denne vidare, bl.a. gjennom skolen. Eit fint eksempel på slik overføring er frå heftet "Guktie derhvie-gåetiem tseegkedh". Heftet blei laga gjennom eit gammebyggingskurs der no avdøde Gustav Kappfjell var instruktør, og der deltakarane dokumenterte byggeprosessen gjennom tekst, teikningar og bilete.

Også yngre samar som på eige initiativ har lært seg den gamle byggekunsten kan med fordel brukast i skolen.

9.3. Byggfag i samisk vidaregåande opplæring

9.3.1. Historisk utvikling

Samisk videregående skole i Guovdageaidnu hadde snikkaropplæring frå starten i 1952 og tømrarlinje frå omlag 1980. Ei tid var denne toårig. Både snikkar- og tømrarlinja blei lagt ned frå slutten av 80-talet, fordi skoleleiinga ønska å prioritere allmennfag. Frå midten på 90-talet blei det ved begge dei samiske vidaregåande skolane arrangert vaksenopplæringskurs i samarbeid med AMO-senteret i Alta. Dette omfatta grunnkurs byggfag, vidaregåande kurs 1 tømrarfag og teorien til VK2. Seinare har det ved begge skolane blitt satt igang byggfag som ordinær vidaregåande opplæring. I Karasjok alternerer byggfag med tømrar VK1 slik at det er inntak annakvart år. I Guovdageaidnu er det grunnkurs byggfag over to år, berekna på elevar med lærevanskar, slik at ein her og har inntak annakvart år.

9.3.2. Samisk innhald i læreplanane

Den samiske byggetradisjonen som er skildra her, kjem ikkje fram i dei læreplanane det blir undervist etter ved dei samiske vidaregåande skolane. Kva for konsekvensar dette har, kjem godt fram i evalueringa av Reform 94, ut frå samtalar med byggfaglærarar207:

"Timeplanen i byggfag består av lærestoff som er landsdekkende, og det blir svært liten plass til det lokale og særegne. Det offisielle målet er å utdanne tømrere som skal kunne fungere over hele landet. Det samiske mangler i læreplanen og i lærebøkene, og det er frustrende, fordi skolen og miljøet rundt fortsatt preges av samisk språk og kultur.

... Det nærmeste lærerne kommer samisk byggeskikk under fellesmål for studieretningsfag under VK1 tømrer er at elevene skal: "kjenne til de viktigste utviklingstrekkene i landets byggeskikk og fagets historie og egenart og kunne vurdere fagene i forhold til utviklingen internasjonalt". 208Sitatet sier for det første ingenting om lokal byggeskikk, men om landets byggeskikk i alminnelighet. For det andre burde det ha stått at elevene skal kunne lokal byggeskikk, fordi vi på den måten bedre ville ha fått fram det særegne, dvs. det som er viktig for det samiske lokalsamfunnet.

Heller ikke den gamle læreplanen prioriterte det samiske. Men elevene hadde flere dager med praksis og færre dager med teori enn hva tilfellet er i dag. Dette ga muligheten til å føre opp forskjellige typer av bygg".

9.3.3. Samisk innhald i undervisninga

I evalueringsrapporten fortel byggfaglærarane vidare om i kva grad dei klarer å få fram samisk innhald i undervisninga: "Det er av interesse å se på hvordan gamle samiske småhus, bygd av naturbaserte materialer, virket, sammenliknet med dagens standardhus bygd av moderne materialer. .... For å ivareta samisk byggeskikk må lærerne sjøl utføre alt arbeidet, og det er som allerede antydet, også et spørsmål om tid til å kunne gjøre dette.
Det er sjølsagt ikke galt å utdanne tømrere som fungerer over alt i landet. Men siden elevene bor i et samisk samfunn, blir det et etisk spørsmål hvilke interesser faglærerne skal ivareta.
Skal de vektlegge samisk byggeskikk med det til følge at den norske bindingsverkstypen får mindre oppmerksomhet, eller skal den norske byggestilen være enerådende? Dette blir et dilemma for den enkelte lærer. Faglæreren uttaler seg slik: "Mitt ønske er å bygge hus mer i stil med samisk byggeskikk, men problemet er at vi har ansvar for at elevene skal lære generell byggeskikk med tanke på at de skal få seg en jobb hvor som helst i landet når de er ferdige. Stilt overfor et slikt dilemma, velger jeg gjerne bort det som er minst gunstig for elevenes framtid." Faglæreren gir her uttrykk for eget ønske, men antyder samtidig at dette ønsket ikke er sammenfallende med markedets ønske.
Under Reform 94 kom bransjelæra inn som eget studieretningsfag på VK1 tømrer. Elevene skal kunne beskrive hovedtrekk i tømrerfagets historie, nasjonale og lokale tradisjoner, og hvordan hustypar har forandret seg gjennom tidene. De skal videre lære seg å forstå de verdiene tidligere handverkere har skapt. 209Slik sett er den nye læreplanen bedre enn den forrige læreplanen. Men bransje- og verktøylæra er meget generell og bidrar lite til å framheve det lokale og enda mindre til å framheve det samiske."

Samisk yrkeslære i byggfag? Namn på delane i ei torvgamme.
(Teikning: Arvid Sveen. Kjelde: Solbakk: Sámi historjá 1850 rádjái.)
Slik blei plankene kløyva i gamle dagar. Frå Sámi Musea, Enare.
(Foto: SL)

I 1997 gjennomførte grunnkurs byggfag ved Samisk videregående skole Karasjok eit svært interessant prosjekt. Dei bygde ei gamme (bealljegoahti) og kopla byggearbeidet til kulturforståing. Dette prosjektet er skildra på internett i ein serie med skoleprosjekt. 210

Der finn vi bl.a. målet for prosjektet:

• Bli bedre kjent med samisk kultur gjennom praktisk arbeid.
• Øke kunnskapen om sammenhengen mellom liv, landskap og forestillingsverden.
• Øke kunnskapen om samisk byggeskikk og levemåte.
• Opprettholde kunnskapen om bygging av gamme.

Vidare blir prosjektet omtalt slik

"Elevene besøkte De samiske samlinger, der de fikk orientering og kunnskap om bealljegoahti. Med grunnlag i studiematerialet lærte elevene hvordan gammen er konstruert og samiske navn på alle bygningsdelene. De laget tegninger, der det også ble redegjort for innredningen av gammen, som ildsted, kjøkkenavdeling, oppholds- og soveplass. I eldre tid var det klare regler for hvor det enkelte familiemedlem og tjenestefolk hadde sin plass rundt ildstedet og hvor gjestene skulle sitte, og det ble også laget en tegning hvor dette framgikk. Elevene lærte også om omgivelsene rundt gammen og forholdet til den åndelige verden før kristen tid. De leverte skriftlige arbeider om det de hadde lært. I prosjektet inngikk å reise en bealljegoahti i fellesskap. Under arbeidet ble det fotografert. Det ble også laget en utstilling – plansjer med tekst og fotografier."

Hausten 2000 deltok elevane ved grunnkurs byggfag ved Samisk videregående skole og reindriftskole i arbeidet med å gjenreise ei gamme i Kvænangen.211 Byggfaglærarane ved Samisk videregående skole i Karasjok har no blitt kontakta av De samiske samlinger med spørsmål om dei kan hjelpe til med restaurering av nokre gamle bygningar og dei planlegg å bruke dette til praksis for nokre elevar på tømrar VK1.

Nyreiste bygg i gamal stil. Bur og gamme ved det sørsamiske kultursenteret Sijte Jarnge i Hattfjelldal.
(Foto: SL)
Det er store regionale forskjellar innafor tradisjonell samisk byggestil. Denne gamma er typisk for austsamane, og står på Sámi Musea i Enare.
(Foto: SL)

Også utafor dei samiske vidaregåande skolane har samisk byggeskikk blitt trukke inn i undervisninga, men da gjerne bare i teoriopplæringa. Det har vore opp til den einskilde lærar i kor stor grad dette har vore gjort, men det har i alle fall skjedd ved Hammerfest videregående skole.212 Som oppsummering av det samiske innhaldet i undervisninga kan vi seie at det har vore gjort ein del tiltak, men at lærarane ønskar at dei hadde rom for meir. Dei oppfattar læreplanane og kravet om landsgyldig kunnskap som eit hinder for å legge større vekt på samiske forhold.

9.4. Konklusjon om byggfag

Vi kan spore ein samanhengande gammebyggingstradisjon frå steinalderen fram til vår tid. Det er og særtrekk ved bygging av bolighus og ikkje minst uthus og stabbur i samiske område. Nokre trekk er lokale, andre er felles for store delar av det samiske området. Gammer og stabbur er godt dokumentert i museum, bilete og skriftlige kjelder. Når det gjeld bolighus finst det ein del dokumentasjon, men her står mye forsking igjen. Reiskapar brukt til bygging er ganske godt dokumentert.

Dei siste åra har interessen for gammebygging tatt seg opp igjen og ei rekke gammer har blitt reist for bruk bl.a. i museum, turistnæring og samiske barnehagar. Det har og blitt arrangert ein del kurs i regi av samiske institusjonar og organisasjonar. Gammer har blitt restaurert eller nybygd i gamal stil, samtidig som det og har blitt utvikla meir moderne gammer. I nokre få tilfelle er det bygd moderne bolighus med trekk frå gamme i konstruksjon og materialbruk. Nokre få samiske snikkarar har gjort gammebygging til eit levebrød.

Boligbygginga i samiske område har og i etterkrigstida hatt visse særtrekk, men i stor grad er desse borte og erstatta av typehus utan omsyn til samisk tradisjon og behov i materialbruk og planløysing.

Læreplanen for grunnkurs byggfag nemner bare at elevane skal bli kjent med landets byggeskikk, mens planen for VK1 tømrar nemner lokal byggeskikk. Samiske forhold er ikkje spesielt nemnt. Byggfaglærarar ved samiske vidaregåande skolar opplever ei motsetning mellom sitt eige ønske om å undervise i samiske byggtradisjonar og krava frå læreplanane og næringslivet.

Det er i dag ei veksande interesse for samiske byggtradisjonar og desse bør kunne få ein større plass i opplæringa i samisk vidaregåande skole og andre vidaregåande skolar i samiske område. Samiske byggtradisjonar bør gå inn som ein del av den ordinære undervisninga. Det vil seie at desse bør inn i læreplanar, at det bør utviklast eigna læremiddel og at lærarane må få høve til etterutdanning.

Den viktigaste metoden for å få samisk kunnskap inn i byggfaget vil vere at det blir del av det praktiske arbeidet, f.eks. ved at elevane set opp ei gamme. Der det finst samiske snikkarar som har spesialisert seg på bygging av hus / gammer i samisk tradisjon, kan det vere aktuelt å forsøke å få nokre elevar på utplassering i lag med dei. I tillegg vil besøk på museum og andre institusjonar med gammer og eldre samiske byggverk vere svært aktuelt. Ein kan og gjennom ekskursjonar til ein viss grad studere byggestil på bolighus som er i bruk, sjølv om det er lite eldre hus som står igjen i Finnmark og Nord-Troms. Om det førebels manglar læremiddel, finst det ei rekke skriftlige kjelder som elevar kan bruke f.eks. til prosjektarbeid.


204. Eit utval av desse husa er avbilda i Fortidsvern 3-93, s.4.

205.Eit eksempel er snikkaren Amund Anti i Kárášjohka, omtalt i Min Áigi 09.09.1998, s.10

206.«Fotefar mot nord» er eit kulturminneprosjekt organisert av Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Namdalen, der kvar kommune har sitt prosjekt. Det er laga ein serie med informasjonshefte for kvart kommunale prosjekt. Nokre av desse er nemnt i litteraturlista.

207.NSI: Samisk videregående opplæring - rettigheter og innhold, kap. 5.5.2. Kapitlet er skreve av Einar Bergland

208.Læreplan for videregående opplæring. Studieretning for byggfag. Studieretningsfagene i videregående kurs I. Tømrer. 4.02.99, 5 av 25.

209.VK tømrer, 4.02.99

210. http://www.riksantikvaren.no/skoleprosjektet/sami.htm

211. Dette gammeprosjektet er omtalt i Fortidsvern 2-2000.

212.Opplyst av tidligare byggfaglærar Randi Sjølie.


Til neste kapittel
Startsida mi
sveilund@online.no