Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna:

Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

8. Helse- og sosialfag

Helse- og sosialfag oppsto som ein studieretning i vidaregåande skole på slutten av 70-talet. Med Reform 94 blei det på grunnlag av helse- og sosialfag grunnkurs bygd ut ei rekke 3- eller 4-årige utdanningar som gir fagbrev eller yrkesbevis. Blant dei er hjelpepleiar, helsesekretær, barne- og ungdomsarbeidar og omsorgsarbeidar. Nokre av desse utdanningane er nye. Andre har røter i kortare utdanning, som før var i eigne skolar, f.eks. hjelpepleiarskolar.

Helse- og sosialarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring vil ofte arbeide i lag med folk med profesjonsutdanning frå høgskole innafor beslekta område, og ein del av dei elevane som startar på helse- og sosialfag grunnkurs vil etter kvart fortsette utdanninga på dette området i høgskolen.

Helse- og sosialfag omfattar eit vidt spekter av fag, men eg vil her legge hovudvekta på det som har med helsevesenet å gjøre, da dette så langt har vore hovudinnrettinga i samisk vidaregåande opplæring. Eg vil derfor ikkje gå særlig inn på verken arbeidet til institusjonar som barnehagar og sosialkontor eller dei kulturelle forskjellane mellom norske og samiske tradisjonar for barneoppseding og eldreomsorg.

8.1. Helse- og sosialvesenet i Sápmi

Innafor helsearbeid og sosial omsorg har det vore, og er framleis, både ein uformell og ein formell sektor. Det er mye som tyder på at samar har nytta den uformelle sektoren meir enn majoritetsbefolkninga i Noreg, mens dei i mindre grad har nytta seg av det formelle helse- og sosialvesenet. Det er bl.a. gjort undersøkingar som viser at samar på 70-talet i langt mindre grad enn nordmenn søkte lege.194

8.1.1. Det formelle helse- og sosialvesenet i samiske område

Det formelle helsevesenet i si mest moderne utgåve: Regionsjukehuset i Tromsø.
(Foto: SL)

Helseinstitusjonane i samiske område blei tidligare i stor grad bygd av private organisasjonar som Samemisjonen og Vestlandske Indremisjon, og dreve av dei til heilt ut på 1980-talet. Desse sette misjonen i høgsetet og tilsette bare sjukepleiarar som var personleg kristne. Så seint som på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet hendte det fleire gongar at sjukepleiarar frå Finnmark, tildels samisktalande, ikkje fikk tilsetting ved den lokale sjukeheimen ettersom dei ikkje ville "bekjenne troen".

Dei formelt utdanna helsearbeidarane i samiske område har i svært stor utstrekning kome utafrå. Ein sjukepleiar som kjem frå reindriftsmiljø i Indre Finnmark fortel at då ho på 1970-talet ville gå sjukepleieskolen var reaksjonen i lokalmiljøet at det ikkje passa saman å vere sjukepleiar og same. Legedekninga i Finnmark har alltid lege tilbake for resten av landet. Legane var som regel sørfrå, noko som bl.a. hadde samanheng med at legeutdanninga lenge fantest bare i Oslo og Bergen. Etter som medisinstudiet blei bygd ut i Tromsø, har det blitt utdanna ein del nordnorske og samiske legar, men framleis er det stor mangel på legar med samisk språk og kultur-forståing. Da alle våren 2001 skulle velge fastlege, var det i Guovdageaidnu ingen samisk lege blant alternativa. Såvidt eg kjenner til har det i denne kommunen, som har større andel av samar og samisktalande enn nokon annan kommune, aldri vore tilsett ein samisk lege i fast stilling.

Etter kvart har det blitt utdanna meir samisk helsepersonell. Ved sjukepleieutdanninga i Tromsø blei det nokre år arbeida aktivt for å rekruttere samiske studentar, og dei siste åra har det vore tilbode sjukepleieutdanning i Guovdageaidnu i eit samarbeid mellom Samisk høgskole og Høgskolen i Finnmark. Eg har ikkje gjort noka undersøking av utbreiinga av samisk helsepersonell i heile det samiske området, men eg vil nemne nokre eksempel: I sørsamisk område finst det ingen samiske legar, 4-5 sjukepleiarar og noko færre hjelpepleiarar. I lulesamisk område er det relativt mange samiske hjelpepleiarar, svært få sjukepleiarar og ein turnuskandidat. Det skulle godt nok illustrere at mange samiske pasientar har små sjansar til å få behandling på eige språk og ut i frå eigen kultur.

Helseråd for mor og spebarn er ei viktig oppgåve for kommunale helsesenter. Biletet er frå helsesentreret i Guovdageaidnu.
(Foto: SL)

Dei samiske områda er i dag under det offentlige helsevesenet (våren 2001, det er for tida usikkert kor lenge vi vil ha eit offentlig helsevesen i Noreg). Kvar kommune har eit helsesenter med legestasjon og sjukeheim. Frå fylkeskommunane si side er det gjort lite for å ivareta samane sine særskilte behov. Det finst nokre helseinstitusjonar med særlig samisk vinkling, i første rekke spesialistlegesenteret og Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Karasjok. Det er no vedtatt ein opptrappingsplan for psykisk helse, der det skal byggast opp eit kompetansesenter i Karasjok / Lakselv innan 2006. Dette skal samarbeide med Universitetet i Tromsø, høgskolar og vidaregåande skolar med helsefagutdanning.

I nokre område var Sanitetsforeninga sentral i helsearbeidet. Kokelv sjøsamiske museum har fått alt utstyret etter den lokale sanitetsforeninga.
(Foto: SL)
Frå Kokelv sjøsamiske museum si utstilling av gamle legemiddel. Platene på veggen er av koppar og blei brukt mot tuberkulosesmerter.
(Foto: SL)

Det er og visse helseinstitusjonar utafor "kjerneområdet" som har ei viktig rolle i samisk samanheng. Der er det aktuelt å søke arbeid for dei som tar helseutdanning ved samiske vidaregåande skolar. Det gjeld bl.a. sjukehusa i Hammerfest, Kirkenes og Tromsø. Både for desse institusjonane og for primærhelsetjenesten i dei samiske kommunane er det stor mangel på utdanna helsepersonell med kompetanse i samisk språk og kultur.

Trass i aukinga av samisk helsepersonell svarar framleis mesteparten av det offentlige helsetilbodet for samar til denne skildringa av Per Fuggeli: "Helsetjenesten, også i Sameland, er i oppbygging og utøving beregnet på norsk tenkemåte, norsk språk, norske følelser, norsk adferd, norsk sykdomsoppfatning og norsk legesøkningsvane. Og vi regner trygt med at slik vi norske er, er alle, i dette vårt likhetens land." 195 Eit eksempel på dette er det nye helsesenteret i Guovdageaidnu, som blei innvia i 2000. Eg spurte ein helsearbeidar ved dette helsesenteret om kva som var samisk der. Ho svarte da at ingenting er samisk, anna enn at dei fleste helsearbeidarane snakkar samisk med pasientane og at nokre av dei eldre pasientane går med kofte.

I ein del tilfelle har ikkje-samisk helsepersonell lært seg samisk. Men språkkunnskapar aleine er ofte ikkje nok til å forstå kulturen og tenkemåten. Mange misforståingar kan skje fordi helsearbeidaren kanskje forstår orda, men likevel ikkje kva pasienten vil ha fram.

Mange samar har opplevd å bli flirt ut på sjukehus eller i andre helseinstitusjonar, fordi dei har eigne skikkar. Ei mor fortalte meg at ho hadde vore med ungen sin til legen. Da ho fortalte legen at ho hadde brukt eit samisk folkemedisinråd, opplevde ho at legen heldt narr av ho mens ungen hørte på. Ho blei da svært sint, fordi ho kjente det som at legen som ein autoritet heldt narr av pasienten sine verdiar og lærte ungen at det mora sto for bare var overtru og vranglære.

Det er mange kulturelle forskjellar som kan føre til kommunikasjonsvanskar og samarbeidsvanskar mellom samiske pasientar og helsepersonell med liten kjennskap til samisk kultur:

* Særlig eldre samar er svært skeptiske til å ta av seg klærne ved helseundersøking.
* Ein eldre reindriftsame blei lagt inn på Hammerfest sjukehus. Han dro madrassa ut av senga for å legge seg på golvet. Personalet rekna pasienten som psykisk sjuk på grunn av dette, og forsto ikkje at årsaka var at han aldri var vant til å ligge i seng, og kjente seg tryggare på golvet. Noko liknande skjedde på helsesenteret i Kárášjohka, men der forsto pleiaren kva som var årsaka og pasienten fikk ligge på reinskinn på golvet.

Helsesenteret i Guovdageaidnu var dreve av Samemisjonen til kommunen overtok på 1980-talet.
(Foto: SL)

* I Sør-Troms og Nordland er det slik at om ein same dør på sjukehus, vil familien ta hand om gravlegginga sjølv. Helsepersonellet forstår ofte ikkje at dette er eit spørsmål om kultur og skikk, og oppfattar samane som gjerrige som ikkje vil ha gravferdsbyrå.

Helseinstitusjonar og helsepersonell har ofte ikkje tatt omsyn til samisk kosthald. Dei har ofte rekna det som usunt, men nyare undersøkingar viser at der samar har gått over frå tradisjonell til "moderne" kost, har dei i større grad fått høgt blodtrykk og hjartesjukdommar.

Da Per Fugelli sist på 1970-talet kartla helseforhold og legesøkning blant samar i Porsanger, var det ei av dei første seriøse undersøkingane på helseforhold for samar. Seinare har fleire helse- og sosialarbeidarar på eiga initiativ gjennomført undersøkingar, men først i dei aller siste åra har samisk helseforsking byrja å slå gjennom hos dei store helseinstitusjonane og forskningsinstitusjonane. Universitetet i Tromsø er no (våren 2001) i ferd med å opprette eit eige senter for samisk helseforsking (Sámi dearvvašvuodadutkanguovddáš), administrert under Institutt for Samfunnsmedisin og lokalisert til Karasjok.

På samme vis som helseinstitusjonane er sosialinstitusjonar som sosialkontor, barnevern, familierådgivingskontor osv. dreve etter prinsipp og retningslinjer som er landsomfattande, og som på nokre område kan komme i konflikt med samisk kultur. Ei av årsakane er at sosialarbeidarane bare tenker ut frå kjernefamilien og velferdsstaten, og ikkje tar omsyn til at slekt i vid forstand har ei viktigare funksjon i samiske samfunn enn mange andre stader.

Tradisjonell samisk barneoppseding er på mange måtar forskjellig frå norsk. Bl.a. får ungane tidligare ansvar og blir sjølvstendige, og dei er med på meir av det dei vaksne driv med. I tilfelle der barnefordelingssaker har vore for retten har det hendt at samisk barneoppseding har blitt tolka som omsorgssvikt.

Dei siste åra har det skjedd ganske mye innafor arbeidet med å utvikle helse- og sosialtilbod for samar. Med bakgrunn i NOU 1995: 8, Plan for helse- og sosialtjenester til den samiske befolkning i Norge, har Sametinget dei siste tre åra fått disponere prosjektmiddel til utviklingstiltak. For 2001 er det løyva 3,5 millionar til 28 forskjellige tiltak. 196 Men det var kome inn søknadar for heile 13 millionar, noko som viser at både behovet og interessen er langt større enn det som blir dekt av dagens løyvingar.

8.1.2. Det uformelle helse- og sosialvesenet i samiske område

Ved sida av det formelle helsevesenet er samar, så langt tilbake vi kjenner historia, kjent for å ha dreve med helsearbeid utan å ha formell utdanning. Ofte var helbredarar, på samisk guvhllárar, det einaste ein kunne berge seg med i område med veikt utbygd offentlig helsevesen. Men det er og eksempel på at mange foretrakk den samiske kunnskapen framfor akademisk legevitskap. Frå Vesterålen fortellast om ein norsk familie som rodde forbi staden der doktoren og jordmora budde, for å få ei samisk kone til å bistå ved ein fødsel.

197 Mye av den samiske folkemedisinen er og kjent frå andre folkeslag, men har hos samane vore praktisert i større grad opp mot vår tid. Adolf Steen seier i "Samenes folkemedisin": "Under innsamlingen har jeg vært klar over at samenes folkemedisin ikke kan kalles original. De fleste råd og hjelpemidler vil man finne igjen hos andre folkeslag. ...

Når så mye av samenes folkemedisin vil være ukjent for norske lesere, betyr dette i mange tilfelle bare at tradisjonen ikke lenger er levende, og at samene har tatt bedre vare på opplysningene fra fedrene."

I store delar av samisk område er denne folkemedisinen enno fullt levande. I Kárášjohka er det vanlig at folk for sikkerheits skuld både oppsøker lege og guvhllár. Frå Tysfjord fortellast det at også folk med høgare akademisk utdanning seier at dei ikkje går til legen før dei har forsøkt lokale helbredarar. "Lesing" spelar ei stor rolle. Det er her nær tilknytning mellom læstadianisme, gamal samisk religion og folkemedisin. For nokre år sidan var det ein samisk lege i Tysfjord. Han brukte å spørre samiske pasientar om dei hadde fått lese på det, før han foreskreiv anna behandling. Gjennom å vise respekt og kulturkompetanse fikk han og større tillit til sine behandlingsmetodar.

Moxabrenning var tidligare ein viktig del av samisk folkemedisin.
Denne teikninga er frå Leem si bok om samane i Finnmark frå 1767.

I "Menneske og miljø i Nord-Troms", 1988 er det gjengitt ei historie om korleis språkvanskar i helsevesenet kan få fatale følger. Samtidig er det ei skildring av ein gamal behandlingsmetode som i dette tilfelle ga dårlig resultat:

Sprogvansker med alvorlige komplikasjoner

Før krigen blev kopping brukt mye for å helbrede sykdommer. Kopping var jo velkjent i allefall her nord. Som redskaper brukte man horn av dyr samt en kvass barberkniv. I den smale enden av hornet surret man lintøy antakelig for at det ikke skulle komme for mye luft når man satte hornet på og sygde det fast.
Her skal jeg fortelle en historie om et gammelt ektepar som ikke kunne snakke annet enn samisk. Kona var velkjent som kopper, og det gjorde hun ofte og villig, det var som et biyrke for henne. Så blev mannen noe slapp og sykelig, de blev så enige om at han da måtte søke lægen som da hadde kontordag av og til i bygda de bodde i. Da så lægen hadde undersøkt han og funnet ut at han hadde blodmangel, så ordnet han medisin for den sykdommen. Så fikk mannen gå hjem. Men det var lite mannen hadde forstått av det lægen hadde sagt. Omsider kom han så hjem, slapp og trøtt som han var. Efter å ha hvilt en stund blev han så spurt av kona: Nå, hvad fant lægen ut av din sykdom? Mange blod, svarte han, elles hadde han ikke forstått mye av det lægen hadde sagt, Men mange blod husket han at lægen hadde nevnt. Altså det omvendte av det som var tilfelle. Efter å ha tenkt seg om, så kommenterte kona: Ja, det var nok det jeg og hadde hatt mistanke om at det var det onde blod som plaget deg, så jeg må nok ta en god kur med deg enda, slik at du blir kvitt det onde blod som plager deg, stakkar. De lægene nå for tida forstår nok hvad slags sykdom folk har, men hvilken medisin de skal bruke for å bli frisk, det skjønner dem ikke. Så tok hun frem kopp-hornene og et blikkvannfat med vann i, beordret mannen å klæ av seg, og så satte hun nogen horn på han og sygde ut en god del blod - som det allerede var altfor lite av fra før. - Ja, blir du ikke no så frisk at du kan begynne å arbeide igjen, så vet jeg ikke hvad mer jeg kan gjøre, sa hun. Efter denne behandlingen la så mannen seg i senga, hvorfra han efter sigende visstnok ikke stod opp mer. Behandlingen var fullført.

Horn for kopping, utstilt på Guovdageainnu gilišillju.
(Foto: SL)

Offisielt har den samiske folkemedisinen ikkje vore anerkjent. Likevel hender det at ein i det offentlige helsevesenet må ty til denne når dei vitskapelige medisinske metodane ikkje verkar. På sjukehusa i Hammerfest og Tromsø har ein brukt samiske helbredarar bl.a. for å få hjelp med å stanse blod.

Det finst ein rik litteratur om samisk folkemedisin, ein del av dette er referert i litteraturlista, vedlegg 1.2.

Også innafor sosialt arbeid kan vi snakke om eit "uformelt sosialvesen". Det uformelle sosiale nettverket er eit slags utvida slektskapsnettverk. Jan Erik Henriksen, lærar ved sosialarbeidarutdanninga ved Høgskolen i Finnmark skil mellom 4 hovudformer for slektskap198 :

* Árbevirolaš fuolkevuohta: báiki ja fuolkkit
* Riitalaš fuolkevuohta: gáibmi, risttat ja skuvlaviellja
* Ealáhuslaš fuolkevuohta: Siida ja verdde
* Geográfalaš fuolkevuohta: ránnját

I det tradisjonelle samfunnet hadde ein eit forhold til alle desse "slektningane", og mange av dei spela og inn i oppsedinga av ungane. Her var eit stort nettverk av folk som kunne overta dersom foreldra av ein eller annan grunn ikkje kunne ta seg av ungane. Som eksempel på konflikt mellom det formelle og uformelle sosialvesenet nemner Henriksen storsamfunnet sine barnevernsinstitusjonar: "Barnevernet sin strenge praksis, som gjeld spørsmålet at slektningar ikkje skal ha omsorg for barn dei er i slekt med, passar ikkje for det samiske slektskapssamfunnet." 199

8.1.3. Samiske helsearbeidarar mellom barken og veden

Ved dei samiske helseinstitusjonane og dei andre helseinstitusjonane som i stor grad betjener samar blir det i svært liten grad nytta særeigne samiske behandlingsmetodar. Det særeigne ved desse institusjonane er i første rekke pasientane. Å kunne kommunisere godt med pasienten / klienten er avhengig av både språk- og kulturforståing. Som helsearbeidar i eit samisk miljø må ein forholde seg til at pasientane kan ha forestillingar om sjukdom som ikkje stemmer overens med skolemedisinen 200 og til dels er brukarar av tjenester i den uformelle helsetjenesten, noko den formelle helsetjenesten ikkje godtar. Ein samisk sjukepleiar fortalte meg at ho nokre gongar ga råd som var i samsvar med folkemedisinen, men i strid med skolemedisinen, men at ho da måtte seie til pasientane: "Eg trur du kan gjøre som så, men ikkje sei at eg har sagt det." Dette gjaldt når ho kjente pasientane godt. Overfor ukjente pasientar torde ho ikkje gi råd i strid med skolemedisinen. Ho sa at når samiske sjukepleiarar går på jobb, går dei ut av den samiske verda og inn i den norske. 201 Det tyder på at samiske helsearbeidarar ofte kan oppleve ein konflikt mellom det offentlige helsevesenet sine krav og si eiga kulturelle ballast.

8.2. Samisk kunnskap i helse- og sosialfag

Innafor helse- og sosialfag er det vanskelig å avgrense omgrepet "samisk kunnskap". I tillegg til dei generelle vanskane med å avgrense kva som er samisk, kjem her spørsmålet om kva som er kunnskap og kva som kan karakteriserast som førestillingar, folketru, overtru eller religion.

På eine sida finst det hos samar, som hos dei fleste andre folk, ein folkemedisinsk tradisjon av praktisk og vitskapelig verdi. I moderniseringa har det i Noreg vore ein sterk tendens til å kaste vrak på denne, bl.a. har urtemedisin blitt tatt opp i skolemedisinen i langt mindre grad enn i mange andre land.

Religiøse forestillingar når det gjeld helse er vanlige både blant nordmenn og samar. Til og med den førre helseministeren uttalte at han ikkje avviste bønn som veg til helbreding. Blant samar har trusførestillingar som gjeld helse røter både i kristendommen og i den gamle samiske religionen. Nokre gonger blandast desse saman slik at det kan vere vanskelig å skilje ut kva som er kva.

8.2.1. Kva slags samisk kunnskap?

Innafor helse- og sosialfag kan vi snakke om samisk kunnskap på fleire område, som tildels heng nært saman:

* Kunnskap om samiske skikkar, sosiale omgangsformer, familie, barneoppseding osv.
* Tradisjonell samisk folkemedisin
* Kunnskap om samiske mattradisjonar og helsemessige verknadar av tradisjonelt samisk kosthald. Dette kan vere like viktige for dei som jobbar i helsevesenet som for kokkar.
* Kunnskap om organiseringa av den formelle helsetjenesten for samar i Noreg.
* Kunnskap om medisinske, psykiske og sosiale vanskar som kan vere forsårsaka eller forsterka av traumatiske opplevingar mange samar har hatt gjennom fornorsking, brenning, evakuering og gjenreising og verknadar av læstadianismen.

8.2.2. Skriftlige kjelder og film

Det er ikkje laga verken lærebøker, oppslagsverk eller bibliografi innafor samisk helsestell. Men det finst ei rekke kjelder som gir nyttige opplysningar, bl.a. for bruk i skolen. I samlinga av dette stoffet bygger eg i stor grad på opplysningar frå lærarar i helse- og sosialfag ved Samisk videregående skole, Karasjok.

Eg har funne 109 kjelder, omlag halvparten av dei er skreve av samar. 15 av kjeldene er bare på samisk, 15 både på samisk og norsk eller svensk, 62 på norsk, 9 på svensk, 5 på engelsk, 2 på tysk og 1 på finsk. Trulig finst det langt meir på svensk, finsk og russisk enn det eg har funne tak i.

Dette viser at det er ei mengde skriftlige kjelder både om samisk folkemedisin og om helseforhold for samane i dag. Men desse kjeldene har svært varierande kvalitet og mye må lesas kritisk. Det manglar eit oppslagsverk og særlig manglar det bøker som kan brukast direkte i opplæringa innafor helse- og sosialfagutdanning. Det største verket om samisk folkemedisin er på tysk, noko som gjør det utilgjengelig for dei fleste. Til forskjell frå dei andre tre faga er det for helse- og sosialfag ein del nyare litteratur skreve av samiske fagfolk.

Det er laga fleire fagordbøker mellom samisk og norsk innafor medisin, og Samisk språkråd har nylig godkjent terminologi for fysioterapifag. I sosialfag synast det derimot å vere gjort lite med samisk terminologi.

Av filmar har eg bare funne ein, og denne er lite eigna for undervisning.

Oversikt over litteratur og filmar står i vedlegg 1.2.

8.2.3. Museum

Av dei yrkesfaglige studieretningane som blir gjennomgått her, er helse- og sosialfag den som i minst grad er dokumentert i museum. Eg fann ikkje noko i utstillingane i dei største samiske musea som Sámi vuorká-dávvirat og Varanger samiske museum. Det var bare i eit par museum der eg fann noko verd å nemne. Bare ein stad har eg funne ei større samling av gjenstandar brukt til medisinsk behandling i samiske område. Det var i Kokelv sjøsamiske museum. Dette museet har overtatt alt utstyret til den lokale sanitetsforeninga, som dreiv mesteparten av helsearbeidet i bygda i mange år. Der var bl.a. ein komplett jordmorkoffert, ei stor samling av medisinflasker, hjelpemidler brukt ved tuberkulose og poliomyelitt. Om mesteparten av dette ikkje kan kallast folkemedisin, fortel denne samlinga mye om helseforhold og helsestell for samar i første halvdel av 1900-talet. Dessverre har dette museet ikkje offentlig støtte og derfor ingen tilsette og ikkje fast opningstid.

Nokre museum har gjenstandar knytta til gamal samisk religion, men utstillingane seier lite eller ingenting om korleis denne var knytta til folkemedisin.

Som konklusjon kan vi seie at musea i liten grad kan tjene som kjelde for samisk kunnskap i helse- og sosialfag. Det gjeld både for forskarar og for elevar / lærarar.

Oversikt over det eg har funne i museum står i vedlegg 2.2.

8.2.4. Munnlige kjelder

Visse sider ved helse- og sosialfag i samiske område kan vere greie å finne munnlige kjelder til. Ein kan intervjue pasientar om korleis dei opplever helsevesenet eller samisk og norsk helsepersonell om kva for problem dei opplever i møte med samiske pasientar. Når det gjeld folkemedisin og folkelige førestillingar omkring helsespørsmål, kan dette vere ganske følsomt og kontroversielt. Det er ikkje bare å seie som den franske antropologistudenten eg ein gong møtte i Guovdageaidnu: "Eg vil gjerne treffe ein sjaman, kan du seie meg kor eg kan finne ein". I byane kan ein finne folk som praktiserer alternativ medisin bak skilt på kontor, men det er ingen skilt i Guovdageaidnu med "guvhllár" eller "noaidi" på. Dette er eit uttrykk for at den samiske kunnskapen på dette området har vore sett på som farlig, som overtru, som gamaldags eller som ukristelig. Dette gjør at det kan vere vanskelig både å få gjesteførelesarar til skolen og for elevane å samle inn slik kunnskap ute i det samiske samfunnet. At det likevel er mogleg å samle slik kunnskap frå munnlige kjelder, syner to av dei skriftlige kjeldene eg viser til, nemlig Hanem 1999 og Paulsen 2000. Begge har samla inn opplysningar i Guovdageaidnu på 1990-talet. Framleis er det mye folkelig kunnskap på dette området som ikkje er skreve ned og som det hastar å få samla inn.

Mange av opplysningane i dette kapitlet bygger på samtalar med folk i forskjellige samiske område. For det meste har dette vore uformelle samtalar, der eg ikkje har spurt om formelt intervju, og eg har da ikkje oppgitt namna på desse folka.

8.3. Helse- og sosialfag i samisk vidaregåande opplæring

8.3.1. Historisk utvikling

Samisk videregående skole i Kárášjohka starta med helse- og sosialfag grunnkurs i 1981 og hjelpepleiar VK1 kort tid etter. Med Reform 94 blei hjelpepleiarutdanninga treårig, slik at ein fikk hjelpepleiar VK2 frå 1996. Reforma har ført til sviktande rekruttering. Skolen gjorde i 1999 eit forsøk på å legge om det vidaregåande kurset til barne- og ungdomsarbeidar. Dette lukkast ikkje, da dei elevane som da gikk grunnkurset, ikkje var interessert i dette. Skolen har derfor framleis hjelpepleiarutdanning, men ein har ikkje gitt opp tanken på å kunne alternere mellom forskjellige VK1-linjer. Lærarane ved denne utdanninga har alle hatt sjukepleiarbakgrunn, der har vore ei blanding av samisktalande og norske med svært varierande samiskkunnskapar.

I Guovdageaidnu har vidaregåande skole ikkje hatt noko form for utdanning i helse- og sosialfag. Men hausten 2000 blei det satt igang helse- og sosialfag grunnkurs som vaksenopplæring. Tanken er å føre det vidare til tre-årig utdanning, trulig innafor omsorgsfag.

8.3.2. Samisk innhald i læreplanane

Doktor og pasient. Her illustrasjon til rollespel for barn
Teikning: Brita Marakatt-Labba. Kjelde: Aikio: Olbmo ovdáneapmi.

Samiske forhold er ikkje nemnt spesielt i nokon av læreplanane. Innleiinga til læreplanen for helse- og sosialfag grunnkurs ser ikkje helse- og sosialarbeid i forhold til kultur(ar), bare i forhold til velferdsstaten. Det er likevel ein del punkt i læreplanen for grunnkurset som tilseier at ein skal ta opp kulturelle forhold. Eg gjengir her desse punkta, med mine kommentarar og understrekingar.

2.1. Felles mål
- kunne ta hensyn til menneskenes livsmiljø og vite hvordan dette påvirker ulike gruppers levekår, helse og velferd
- ha bakgrunn for bedre å forstå seg selv og andre, slik at de viser innsikt i og respekt for mennesker i ulike livsfaser og livsforhold

2.3. Helsefag
1a. registrere over tid egen fysisk, sosial og kulturell aktivitet, vurdere egen helse og gjøre rede for sine reelle muligheter for å oppnå bedre helse.
2g orientere seg i lokale matskikker og vite hvordan kultur, religion og naturgrunnlag kan prege mattradisjoner.

(Dette er einaste stadane der "kultur" er nemnt.)
2h planlegge og tilberede måltider som ivaretar norske tradisjoner og fremmer helse og sosialt fellesskap.
(Norske tradisjonar kan her tolkast anten som etnisk norske eller som dei tradisjonane som er i Noreg. Eg vil ikkje påstå korleis det er meint, men det er i alle fall stor fare for at det blir oppfatta som etnisk norske tradisjonar og at tradisjonane til samar og andre minoritetar blir gløymt.)

2.4. Sosialfag
3a beskrive familiens plass i samfunnet, og synliggjøre på hvilke måter familien er en viktig kulturbærer
4d med utgangspunkt i vårt flerkulturelle samfunn orientere seg i ulikheter mellom kulturer, særlig med hensyn til barn og unge og likestilling.
4f gi eksempler på ulike måter å praktisere tro/religion på og gjennom dette utvikle respekt og toleranse
5b gjøre rede for betydningen av et positivt selvbilde og hvilke faktorer som kan påvirke dette....

(Særlig med tanke på etniske minoritetar ville dette blitt klarare om ein hadde brukt omgrepet "identitet")

Skolen har, trass i dei manglane eg har peika på her, tolka dette som at ein skal ta utgangspunkt i samisk kultur og samane sine helsemessige og sosiale behov. Helse- og sosialfagsavdelinga har fått middel frå skolen sitt FoU-budsjett for å tilpasse læreplanen til samiske forhold.

8.3.3. Samisk innhald i undervisninga

Ungen er sjuk
Teikning: Brita Marakatt-Labba Kjelde: Aikio: Olbmo ovdáneapmi

Ved helse- og sosialfag i Kárášjohka legg lærarane stor vekt på at helsepersonell skal drive heilskapelig pleie; dei skal sørge for at pasientane får dekka behova sine både på det fysiske, psykiske, sosiale, kulturelle og åndelige planet. Denne heilskapelige tankegangen må vere sentral når elevane skriv pleieplan.

Lærarane fortel at det ikkje har vore gjort noka samla gjennomgang av kva som trengst for å gi ei samisk opplæring i helse og sosialfag. Det finst ingen retningslinjer, derfor blir det tilfeldig og læraravhengig. Likevel har ein gjort ein god del som ein kan bygge vidare på, og dei nemner nokre eksempel:

- Ein har hatt undervisning om samisk kultur og samiske forhold, ein lærar fortel at ho brukte tre veker bare på samisk kultur. Dei legg ikkje bare vekt på samisk kultur men på fleirkulturelle forhold og at helsepersonellet og vil møte pasientar frå andre kulturar.
- Når ein underviser om legemiddel tar ein og opp samisk folkemedisin.
- I samband med undervisning om kosthald har elevane vore på slakteplassen på overnattingstur. Der kjøpte skolen ein rein og klassa røyka og koka kjøttet og laga blodpølser. - Ein har tatt opp i undervisninga kva som er vanlig i samisk kosthald. Dette blir mest ut frå forholda i Indre Finnmark, ettersom det er det som er lettast å praktisere og som lærarane kjenner best.

Når hjelpepleiarelevane er i praksis, er dei på helseinstitusjonar i samiske område, samt på Kirkenes sjukehus.

Nokre av lærebøkene tar opp samiske forhold. Eit godt eksempel er læreboka i sosialfag.202 Her er eit eige kapittel om kultur, derav vel 2 sider om samiske forhold. Det er ein samisk lærar som har skreve dette avsnittet. Men så lenge samiske forhold ikkje er nemnde i læreplanen, vil det vere opp til kvar lærebok om det kjem med eller ikkje. Eit dårlig eksempel er ei lærebok som blei brukt ved skolen tidligare i faget kost og ernæring.203 Der står det eit lite avsnitt om samiske mattradisjonar, som gir uttrykk for eit svært negativt syn: "Også blant nordmenn finnes det kulturforskjeller som gjenspeiler seg i et annet kosthold. Den samisktalende befolkningen har tradisjonelt basert sitt kosthold på melk og kjøtt fra reinsdyr, foruten fisk. I dag kjøper også samene mye mat i butikken: poteter, brød og sukker. Men det brukes lite frukt og grønnsaker, og det er et minus ved det samiske kostholdet." Skolen har no slutta å bruke denne boka og lærarane har i tillegg sendt klage til forlaget.

Tilleggsstoff om samiske forhold må lærarane finne sjølve. Dei har samla ein perm med aktuell litteratur. Det er i det heile mange kjelder å ause av, men ein må ha tid til å velge ut og tilpasse.

Lærarane seier at samiske forhold må inn i den nasjonale læreplanen, da helse- og sosialarbeidarar over heile landet kan få samiske pasientar / klientar. Dersom nokre punkt om dette kjem inn i den nasjonale læreplanen, ser dei ikkje behov for ein eigen samisk læreplan for helse- og sosialfag, men ein vil ha stor nytte av ei metodisk rettleiing for tilpassing til samiske forhold.

I tillegg til det som er nemnt, meiner lærarane at desse emna må komme inn i undervisninga for helsepersonell:

* Samhandlingsmåtar og kommunikasjon, betydninga av språket, samisk historie.
Ein verknad av fornorskingstida er at folk kjenner seg stigmatiserte. Mange snakkar dårlig norsk, men vil likevel ikkje ha tolk. Helsepersonell treng opplæring og trening i å bruke tolk. * Samiske mattradisjonar.
På hjelpepleiar VK2 skal ein lære om diettar. Dette må tilpassast til samisk kosthald. Ofte seier helsepersonell til pasientane at alt det dei brukar å spise er farlig, da må ein ha eit alternativ som ikkje er for fjernt frå det kosthaldet samiske pasientar er vant med. Elles blir ikkje kosthaldsråda følgde.
* Tradisjonelle samiske tenkemåtar knytta til pleie og omsorg, sjukdom og doktorering.
* Kva slags forhold har samar til å uttrykke kjensler?
Samiske verdiar, kodar og kulturforskjellar.

I tillegg til dei spørsmåla lærarane har tatt opp i intervju i samband med evalueringa av Reform 94, vil eg og sette søkelys på den praksisen elevane får i helseinstitusjonar. Ved utplassering er det viktig å sikre at alle elevar får ein praksis som gir innsikt i kulturelle og språklige problem som kan oppstå mellom samiske pasientar og helsepersonale. Frå skolen si side bør ein sjå på dette i lag med dei som er ansvarlige for opplæring i institusjon.

Finnmarkspors, er ei kjent medisinplante, som bl.a. har blitt brukt til desinfisering og som myggmiddel, mot hudsjukdommar, gikt og forkjøling.
(Teikning: Agnes Ackermann. Kjelde: Varanger Årbok 1986)

8.4. Konklusjon om helse- og sosialfag

Samane har ein lang tradisjon i sjølve å ta seg av behandling av sjukdommar. Det formelle helsevesenet blei seint utbygd i samiske område, og har vore prega av lite forståing for samisk språk og kultur. Resultatet er at mange samiske pasientar har fått dårlig eller feil behandling av helsevesenet. Det har derfor vore, og er framleis, ei todeling mellom det formelle og uformelle helsevesenet i samiske område, der desse ofte ser med skepsis på kvarandre.

Læreplanane innafor helse- og sosialfag inneheld svært lite om kulturforskjellar, noko som er viktig for å kunne gi ei god behandling til samar og andre etniske og religiøse minoritetsgrupper i Noreg. Dette gjør at helse- og sosialarbeidarar ofte har dårlig grunnlag for å forstå pasientane / klientane og gi dei ei rett behandling. Ved dei samiske vidaregåande skolane har ein forsøkt å trekke inn emne som kulturforståing, språk og tolking og samisk folkemedisin. Dette blir avgrensa av læreplanane, mangel på læremiddel og til dels manglande kompetanse hos lærarane.

Samisk folkemedisin og tradisjonelle behandlingsmetodar er relativt godt dokumentert i skriftlige kjelder, men det finst så godt som ingenting i musea. Det er i seinare år skreve ein god del om problema for samiske pasientar og klientar i det norske helse- og sosialvesenet.

Ettersom alt helsepersonell kan få samiske pasientar, bør samiske forhold komme inn som eigne emne i all helse- og sosialutdanning. Ei innføring av samiske læreplanar for helse- og sosialfag grunnkurs ved Samisk videregående skole vil kunne vere eit viktig bidrag til å betre helsestellet i samiske område og utvikle kunnskap på dette området.


194. Fugelli, Per: Skjult helsebehov blant samer. Sami Medica 3-1986

195.Fuggeli, Per: Den norske lege i Sameland. I: Aikio/Korpijaakko (red.): Samesymposium Lapin yliopisto 1991, s. 95

196. Utsi, Mikkel Magnus: Dearvvašvuođa- ja sosialprošeavttaide ruđaid juolludan... Áššu, 02.05.2001, s. 5

197.Borgos, Johan I: De er her ennå. Samisk historie i Vesterålen 1999, s. 27

198. Henriksen, Jan Erik: Meahcis lávostallan - sámi servodaga árbevirolaš fierpmádagat. I: Sámi diedalaš áigecála 1-1999. Sitatet er umogleg å omsette heilt kort og presis til norsk, men eg gjør eit forsøk: Tradisjonelt slektskap: husstand og slektningar. Rituelt slektskap: namnesøsken, faddarar og skolesøsken. Næringsmessig slektskap: reinby og gjesteven. Geografisk slektskap: naboar.

199.Henriksen, Jan Erik: Meahcis lávostallan... I: Sámi diedalaš áigecála 1-1999, s. 11.

200. Ei god framstilling av slike forestillingar finn ein i dette heftet: Hanem, Torhild: Kartlegging av nokre folkelige førestellingar om sjukdom, død og ulukke i eit samisk område. Sámi Instituhtta 1999

201. Det offentlige norske helsevesenet si negative haldning til folkemedisin er framleis så sterk at eg ikkje kan oppgi kjelda for denne opplysninga.

202.Eva Berg Kristoffersen: Sosialfag, Universitetsforlaget 1997

203.Åse Kringlebotten: Mat og ernæring. Universitetsforlaget 1986


Til neste kapittel
v Startsida mi
sveilund@online.no