Frå tradisjon til yrkeskunnskap
Samisk kunnskap i yrkesfag
Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk
Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain
Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001
Til startsida for denne oppgåva
7. Hotell- og næringsmiddelfag
7.1. Hotell- og næringsmiddelfag i Sápmi
Det er ein rik samisk kunnskap innafor matlaging og behandling av næringsmiddel.
Dei siste tiåra har matvanane i samiske område endra seg mye. Råvarer frå naturen er gått ut av bruk.. Mye tyder på at det gamle kosthaldet var sunnare enn det ein har i dag.
Næringsmiddelindustri; i samiske område nyttar i liten grad samiske mattradisjonar. Reinslakteria har blitt svært dårlig utnytta til vidareforedling. Forsøk på næringsmiddelproduksjon på basis av lokale tradisjonar har møtt på mange hindringar.
Dei store turismebedriftene serverer standardisert mat. Ei rekke småbedrifter har derimot basert seg på lokal og ofte samisk tradisjon.
7.2. Samisk kunnskap i hotell- og næringsmiddelfag
Samane har utvikla mye kunnskap om å skaffe seg råvarer frå naturen og tilreie desse til næringsrik og smakfull mat.
Det finst eit utal av skriftlige kjelder som seier noko om samisk matlaging. Eg har samla 93 titlar, bare 15 finst på samisk. Det manglar likevel ei oppslagsbok, og få bøker er eigna for direkte bruk i skolen. Det er igang fleire prosjekt på området. Eg har funne to filmar om samisk matlaging.
Mange samiske museum og museum med samiske samlingar har utstilt gjenstandar til produksjon, oppbevaring og tilreiing av matrettar. Nokre museum har og utstilt matvarer eller modellar av dei. Gamle reiskapar for matlaging og oppbevaring kan ein og finne ved nokre kafear og fjellstover.
Mange eldre samar har god kjennskap til samiske matlagingstradisjonar. Dei kan brukast som kjelder for skoleverket som gjesteførelesarar / instruktørar.
7.3. Hotell- og næringsmiddelfag i samisk vidaregående opplæring
Samisk vidaregåande opplæring har grunnkurs hotell- og næringsmiddelfag, men ingen VK1.
Læreplanane har ikkje noko spesifikt samisk innhald, men ein del om lokal tilpassing og kulturelle forhold. Dette kan tilpassast til samiske
forhold. Nokre formuleringar er uheldige i forhold til samar og andre minoritetar.
Skolen har lagt vekt på lokal tilpassing og framheving av samisk mat. Ein har vist forskjellige mattradisjonar i det samiske og norske samfunnet, for at elevane skap bli kjent med begge. Elevane har deltatt i fangst og innsamling av råvarer frå naturen, og dette har vore kopla til opplæring i samiske ord og uttrykk. Ein har nytta gjesteførelesarar / instruktørar. Initiativrike lærarar har gjort ein stor innsats for å få inn samisk kunnskap i opplæringa, trass i lita støtte frå læreplanar og lærebøker.
Ei vidare utbygging av samisk innhald i opplæringa må bygge på desse røynslene og i større grad gjøre det til del av skolen sitt daglige liv, planlegging og budsjett. Det kan og vere aktuelt å vurdere utplassering for elevane.
Det er behov for å endre den nasjonale læreplanen for hotell- og næringsmiddelfag slik at både samisk matkultur og matkulturen til andre minoritetar i Noreg kjem med i planen. For samisk vidaregåande skole må samisk kunnskap ligge til grunn for undervisninga. Det er derfor behov for ei metodisk rettleiing for samisk opplæring i hotell- og næringsmiddelfag og/eller ein eigen
samisk læreplan.
8. Helse- og sosialfag
8.1. Helse- og sosialvesenet i Sápmi
Det formelle helsevesenet blei seint utbygd i samiske område, og har vore prega av lite forståing for samisk språk og kultur. Dei formelt utdanna helsearbeidarane i samiske område har i svært stor utstrekning kome utafrå. Det er framleis stor mangel på helsepersonell med samisk språk og kulturforståing. Dette gjør at det ofte er kommunikasjonsvanskar mellom samiske pasientar og helsepersonell. Helseinstitusjonar og helsepersonell har ofte ikkje tatt omsyn til samisk kosthald. Dei siste åra er det bygd ut nokre institusjonar med særlig samisk vinkling og eit senter for samisk helseforsking er no under oppretting.
Samane har ein lang tradisjon i sjølve å ta seg av behandling av sjukdommar, utan å ha formell utdanning, og dei har hatt sitt eige sosiale nettverk.
Ved dei samiske helseinstitusjonane og dei andre helseinstitusjonane som i stor grad betjener samar blir det i svært lit en grad nytta særeigne samiske behandlingsmetodar. Som helsearbeidar i eit samisk miljø må ein forholde seg til at pasientane kan ha forestillingar om sjukdom som ikkje stemmer overens med skolemedisinen og til dels er brukarar av tjenester i den uformelle helsetjenesten. Samiske helsearbeidarar ofte kan oppleve ein konflikt mellom det offentlige helsevesenet sine krav og si eiga kulturelle ballast.
8.2. Samisk kunnskap i helse- og sosialfag
I Noreg har det vore ein sterk tendens til å kaste vrak på både norsk og samisk folkemedisinsk tradisjon, sjølv om store delar av denne har praktisk og vitskapelig verdi.
Innafor helse- og sosialfag kan vi snakke om samisk kunnskap på fleire område, som
tildels heng nært saman:
* Kunnskap om samiske skikkar, sosiale omgangsformer, familie, barneoppseding osv.
* Tradisjonell samisk folkemedisin
* Kunnskap om samiske mattradisjonar og helsemessige verknadar av tradisjonelt samisk kosthald.
* Kunnskap om organiseringa av den formelle helsetjenesten for samar i Noreg.
* Kunnskap om medisinske, psykiske og sosiale vanskar som kan vere forsårsaka eller forsterka av traumatiske opplevingar mange samar har hatt bl.a. pga. fornorskinga.
Det er ikkje laga verken lærebøker, oppslagsverk eller bibliografi innafor samisk helsestell. Men det finst ei rekke kjelder som gir nyttige opplysningar, både om samisk folkemedisin og om problema for samiske pasientar og klientar i det norske helse- og sosialvesenet. Eg har funne 109 kjelder, 30 av dei finst på samisk. Det manglar eit oppslagsverk og særlig manglar det bøker som kan brukast direkte i opplæringa innafor helse- og sosialfagutdanning. Til forskjell frå dei andre tre faga er det for helse- og sosialfag ein del nyare litteratur skreve av samiske fagfolk.
Av dei yrkesfaglige studieretningane som blir gjennomgått her, er helse- og sosialfag den som i minst grad er dokumentert i museum.
I forhold til praktisering av folkemedisin kan det vere problem knytta til munnlige kjelder, ettersom denne ikkje har vore anerkjent av storsamfunnet. Dette gjør at det kan vere vanskelig å få gjesteførelesarar til skolen og for elevane å samle inn slik kunnskap ute i det samiske samfunnet.
8.3. Helse- og sosialfag i samisk vidaregåande opplæring
Samisk videregående skole i Kárášjohka har lenge hatt hjelpepleiarutdanning. I Guovdageaidnu er det først i 2000 satt igang helse- og sosialfagutdanning, som vaksenopplæring.
Læreplanane nemner ikkje samiske forhold, men har nokre punkt om at ein skal ta opp kulturelle forhold.
Skolen har tatt utgangspunkt i samiske forhold, undervist om samisk kultur og fleirkulturelle spørsmål, samisk folkemedisin og kosthald.
Nokre av lærebøkene tar opp samiske forhold på ein god måte, mens andre gir eit negativt eller feilaktig bilete av samsike forhold.
Lærarane seier at samiske forhold må inn i den nasjonale læreplanen, da helse- og sosialarbeidarar over heile landet kan få samiske pasientar / klientar. I tillegg ønsker dei ei metodisk rettleiing for tilpassing til samiske forhold.
Dei meiner at desse emna må komme inn i undervisninga for helsepersonell for samiske område:
* Samhandlingsmåtar og kommunikasjon, betydninga av språket, samisk historie, bruk av tolk.
* Samiske mattradisjonar.
* Tradisjonelle samiske tenkemåtar knytta til pleie og omsorg, sjukdom og doktorering.
* Kva slags forhold har samar til å uttrykke kjensler?
* Samiske verdiar, kodar og kulturforskjellar.
9. Byggfag
Rundt om i verda varierer byggeskikken med klimatiske forhold, tilgangen på materialar, økonomi og kultur. Nasjonal byggeskikk dannar ein viktig del av grunnlaget for innrettinga av byggfagopplæring, mens regionale byggetradisjonar har hatt forholdsvis liten
plass i norsk byggfagopplæring.
9.1. Byggfag i Sápmi
Byggetradisjonen i samiske område har visse særtrekk som kjem til uttrykk i materialbruk, tekniske løysningar, planløysingar og i visse estetiske trekk. Samisk byggeskikk er torvgammer, lavvoar, tømmerhus og stabbur, samt romløysing i trehus. I samiske område ser vi at byggetradisjonane er påverka frå forskjellige kantar. Ein stor del av den samiske byggeskikken forsvann med krigen. Under gjenreisinga blei det ofte i liten grad tatt omsyn til samisk byggeskikk og lokalbefolkninga sine ønske. Det aller meste av byggeverksemda i samiske område har sidan vore etter norsk standard.
Frå 60-talet blei det reist nokre større byggverk som var prega av samisk byggetradisjon. I tilknytning til turistnæringa, museer, kultursenter og barnehagar har det dei siste åra blitt bygd gammer, tradisjonelle stabbur og hus inspirert av gammer og lavvoar.
Aukande interesse for å ta vare på og bygge hus i samisk bygningstradisjon har ført til behov for fagfolk som kan utføre slikt arbeid. Derfor har det og blitt arrangert ei rekke kurs i gammebygging og i samisk bygningsvern forøvrig.
Det er ganske mange samar som jobbar som bygningsarbeidarar. Ein del av dei har fagbrev, men svært mange har ikkje full fagutdanning. Det er fleire tømrarar som har spesialisert seg på reising av både tradisjonelle og meir moderne gammer og stabbur og gjort dette til ein leveveg. Her er ein aukande marknad og rom for produktutvikling.
9.2. Samisk kunnskap i byggfag
* Korleis samar har konstruert og bygd boligar og andre bygningar, kva slags materiale og verktøy dei har brukt osv. Korleis kan denne kunnskapen nyttast til å gjenoppbygge og vedlikehalde eldre samiske bygningar?
* Korleis har andre folkeslag sin byggeskikk blitt brukt i samiske område? I kva grad har det vore påverknad, konflikt og samarbeid mellom ulike byggetradisjonar?
* Korleis kan ein i vår tid nytte element frå samisk byggeskikk i reising av moderne bygg?
Det er svært mange skriftlige kjelder om samiske bygningstradisjonar. Knapt noko er skreve av samiske fagfolk som bygningsarbeidarar, byggfaglærarar eller arkitektar. Ingen bøker gir oversikt over heile det samiske området og det er ingen bøker som eignar seg direkte til bruk i skolen. Av dei 74 skriftlige kjeldene eg har funne er 10 på samisk. Det finst 3 filmar om bygging av gammer og reising av lavvo.
Mange museum har gammer, stabbur og andre eldre bygningar frå samiske område, i original eller som rekonstruksjon.
Mange museum har og utstilling av verktøy som er brukt ved bygging og trearbeid.
Det finst framleis eldre samar med kunnskapar som ikkje er skreve ned. Det er viktig så langt som råd å dokumentere den kunnskapen dei har, og å føre denne vidare, bl.a. gjennom skolen.
9.3. Byggfag i samisk vidaregåande opplæring
Begge dei samiske vidaregåande skolane har tilbod om grunnkurs byggfag, i Karasjok er det i tillegg tømrar VK1.
Den samiske byggetradisjonen kjem ikkje fram i læreplanane. Lærarane opplever ein konflikt mellom læreplanane og at dei sjølve helst ville legge meir vekt på lokal byggetradisjon. Ved begge skolane har det vore gjennomført prosjektarbeid
der elevane har deltatt i bygging av gamme. Eit museum er interessert i vidare samarbeid om
bygningsvern.
10. Mekaniske fag
10.1. Mekaniske fag i Sápmi
Samisk metallarbeid er lite dokumentert, men det er mange teikn på ein sterk smedtradisjon i mange område. Mye av denne tradisjonen er no brote.
Samiske område blei til dels modernisert og mekanisert seinare enn størstedelen av Norden forøvrig. Det er ikkje gjort noka samanfatting av mekaniseringa i Sápmi. Eg har presentert nokre spreidde historiske fakta for å trekke nokre linjer til mekanisk utdanning og arbeid.
Dagens samiske samfunn er i stor grad mekanisert og moderne teknologi er i bruk i dei fleste næringar. Likevel er det klare særtrekk i forhold til storsamfunnet. Det er lite industri, men desto meir kjøretøy og mekaniske hjelpemiddel til bruk i reindrift og utmarksnæringar. Det er ein del mindre verkstader for reparasjon og service for kjøretøy og småmaskinar av forskjellige slag. Mange som har tatt mekanisk utdanning arbeider ikkje som mekanikarar, men i andre yrke der dei har bruk for delar av utdanninga.
10.2. Samisk kunnskap i mekaniske fag
* Kunnskap om samiske tradisjonar i metallbearbeiding.
* Kunnskap om mekaniske hjelpemiddel som er særlig viktige i samiske samfunn.
Innafor mekaniske fag finst det langt færre skriftlige kjelder om samisk kunnskap enn i dei andre yrkesfaga. Det er lite litteratur både om samiske metallbearbeidingstradisjonar og om mekaniseringa i Sápmi. Det er dårlig med lærebøker i dei emnene innafor mekaniske fag som er særlig aktuelle for samiske område. Det finst ikkje trykte kjelder skreve av samiske fagfolk. Eg har funne 21 skriftlige kjelder, dei fleste av dei inneheld lite relevant informasjon. 6 av kjeldene er på samisk.
Fleire museum har jerngjenstandar som kan vere resultat av samisk smiarbeid, men det er gjerne svært lite informasjon knytta til desse gjenstandane. Ved eit par museum finst smie eller delar av smie. Nokre få museum har utstilt gjenstandar som viser mekaniseringa i Sápmi. Museum er ei svært viktig kjelde i dette faget, da lite er skreve.
Eg har leita etter folk som kjenner til gamle smedarbeidstradisjonar, men dei fleste stader er dei som kunne kunsten døydd ut. Det
er framleis mogleg å hente inn munnlig kunnskap og i nokre tilfelle og praktisk kunnskap. Det er nokre få samiske knivmakarar som har heldt vedlike eller tatt opp igjen kunsten å smi knivblad.
10.3. Mekaniske fag i samisk vidaregåande opplæring
Mekaniske fag har vore undervist i Guovdageaidnu lenge, i periodar har opplæringa vore 2- eller 3-årig, mest innretta på landbruksmaskinar og arbeidsmaskinar. I Kárášjohka starta ein med grunnkurs i mekaniske fag i 1997. Det har det vore arbeida for å få ei VK1-linje for småmaskinar. Dette har så langt ikkje ført fram.
Ingen av læreplanane har nemnt samisk kultur og samiske område eller vektlagt lokale tradisjonar og lokalt næringsliv. Læreplanar for industrisamfunnet er lite eigna for samiske område med ein anna næringsstruktur. Læreplanane etter Reform 94 gir mindre rom for lokal tilpassing enn før.
Ved dei samiske vidaregåande skolane har ein forsøkt å tilpasse undervisninga både til aktuelt lokalt næringsliv og til samisk kultur ved:
* produksjon av metallgjenstandar brukt i samiske næringar, f. eks. reinbjølle og skinnskrape.
* reparasjon av mindre kjøretøy og motorar.
Dette arbeidet har blitt hemma av at læreplanane er så omfattande at det er vanskelig å finne plass til det ein ønsker å arbeide med, mangel på læremiddel andre skriftlige kjelder, at lærarane har avgrensa kunnskap om dette og at det er vanskelig å finne folk utafor skolen med slike kunnskapar
10.4. Nokre gamle jernreiskapar
Eg har brukt fire konkrete eksempel frå mekaniske fag til å syne korleis denne samiske kunnskapen kan nyttast i skolen; kniv (niibi), reinbjølle (biellu), skjerding (skirttet) og skinnskrape (jiehkku). Eg har presentert nokre opplysningar om korleis desse gjenstandane har vore laga og brukt, om materiale og variantar ein kan finne i museum, i bøker og i bruk.
Alle desse produkta er egna som øvingsoppgåve i mekaniske fag, tildels og i andre fag som reindrift og duodji. Eg har vist kordan dei samiske vidaregåande skolane har tatt desse oppgåvene i bruk i opplæringa og sagt litt om hindringar og
begrensingar i dette arbeidet. Dette er illustrert med tekniske teikningar som vi laga av nokre av gjenstandane.
Alle desse gjenstandane har tidligare vore smidd av samiske smedar, men lite er dokumentert og mye av kunnskapen er borte. Her ligg framleis mye ugjort arbeid som utfordring bl.a. til mekanikarlærarar ved samiske skolar.
11. Oppsummering og konklusjon
11.1. Grunnlaget for samisk yrkesopplæring
Grunnlaget for samisk opplæring er at samane som eige folk og urfolk har ein eigen kultur, eit eige språk, eigne kunnskapstradisjonar og eit eige kunnskapsbehov i forhold til næringsutvikling og samfunnsbygging i sine område.
Ei opplæring ut frå standardiserte nasjonale læreplanar kan ikkje tilfredsstille samane sine opplæringsbehov. Samane sin rett til eiga opplæring er fastslått i internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert. Sentrale styringsdokument som Opplæringslova og generell læreplan har og slått fast at ei samisk opplæring er avgjørande for bevaring og vidareutvikling av
samisk kultur og utvikling av samisk identitet.
Innafor grunnskolen og høgskolen har ein langt på veg lagt dette til grunn. Derimot har vidaregåande opplæring for samar i langt mindre grad blitt bygd på samisk språk og kultur.
Målet om styrking av elevane sin samiske identitet gjeld i like stor grad for elevar på landsomfattande yrkesfag som for elevar på allmennfag og på særlige samiske linjer. Opplæringa i yrkesfag skal samtidig, for samiske såvel som for norske elevar, bygge opp ein yrkesidentitet. Skal skolen for samiske yrkesfagelevar kunne kunne oppfylle målet om utvikling av både samisk identitet og yrkesidentitet, må også yrkesfaga ha ei samisk vinkling, både ut frå samiske tradisjonar og dagens næringsliv i samiske område.
11.2. Kjelder til samisk kunnskap
Eg har i denne oppgåva dokumentert at det finst ein samisk kunnskap innafor kvart av dei fire yrkesfaga som i dag finst i samiske vidaregåande skolar, men der læreplanane i dag ikkje har noko samisk innhald.
Av skriftlige kjelder finst det svært få for mekaniske fag, men mye for byggfag, helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag. Men mye av dei skriftlige kjeldene er vanskelig tilgjengelig. Det er behov for både å samle kunnskapen i oppslagsverk og å lage lærebøker eller emnehefte til bruk for lærarar og elevar.
Det er svært lite tilgjengelig i digitalisert form, p� film og video.
Dei musea eg har besøkt viser at det der finst ganske mye dokumentasjon på tidligare tiders samiske kunnskap i form av bruksgjenstandar, reiskap og verktøy. Det gjeld særlig for byggfag og mekaniske fag. Dette kan utnyttas i undervisninga gjennom museumsbesøk og i læremiddelproduksjon.
Det er mange samiske fagfolk som har stor kunnskap om samisk tradisjon på desse områda. Denne kunnskapen kan ein nytte i undervisninga, gjennom gjesteførelesarar og instruktørar og ved at elevar blir utplasserte. Elevar og lærarar kan intervjue fagfolk om arbeidsprosessar, ta bilete, film og bandopptak, som så igjen kan nyttast til å lage læremiddel.
11.3. Svar på problemstillingane
* Gir internasjonale konvensjonar og norsk lovverk føringar for samisk opplæring som tilseier endringar i dagens praksis?
Internasjonale konvensjonar og norsk lovverk legg sterke føringar både for at alle elevar i landet skal få opplæring om samisk kultur og samiske samfunnsforhold og for at samane har rett til ei eiga opplæring, der samisk språk, kultur og kunnskap er sentrale
element, samtidig som opplæringa skal gi dei grunnlag for å delta i storsamfunnet.
Dette tilseier at samiske emne i større grad blir tatt inn i læreplanane, b�de for samiske og ikkje-samiske elevar.
* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet?
Yrkesopplæringa må knytast til samiske tradisjonar innafor kvart fagfelt og opplæring i samisk kultur og språk knytast til den yrkesfaglige opplæringa.
* Kva kjenneteiknar samisk kunnskap? Kva nytte kan ein ha av samisk kunnskap i skolen?
Samisk kunnskap er kunnskap som har vore eller er i bruk i samiske område og som samar meiner at høyrer til eller er typisk for samfunnet deira. Dette omfattar både tradisjonell praktiske kunnskap, praktisk kunnskap for det moderne samiske
samfunnet og teoretisk kunnskap om samisk språk, historie, kultur og samfunn.
Den tradisjonelle samiske kunnskapen kan vere ei motvekt mot den einsidige teknologiske og økonomiske tenkinga som dominerer samfunnet i dag, og bl.a. lære oss noko om korleis ein kan utnytte naturen utan å forbruke han. Samisk kunnskap i skolen vil kunne styrke motivasjon for læring, styrke samisk identitet og gi grunnlag for etablering av arbeidsplassar, samt auke majoritetsbefolkninga si forståing for samane sin situasjon og urfolk og minoritetar generelt.
* Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring?
Læreplanar er "speilbilde av det samfunnet ser på som verdifullt, nyttig, ønskelig og passende" og seier mye om samfunnet sitt syn på urfolk og andre minoritetar, og på den særeigne kunnskapen deira. I eit utdanningssystem som er bygd på læreplanar er eit av hovudvilkåra for å sikre opplæring om samiske spørsmål at dette er spesifikt oppgitt i læreplanen. Lokalt læreplanarbeid og yrkessentrerte læreplanar er to prinsipp som vil kunne gi betre vilkår for samisk opplæring enn dagens målstyrte og sentralstyrte læreplanar. I Reform 94 er læreplanane for dei yrkesfaglige grunnkursa bygd opp på forskjellig vis. Nokre læreplanar verkar i stor grad som hinder for samisk opplæring, mens andre gir betre rom.
I Noreg er læreplanverket for grunnskolen basert på tre prinsipp som så langt ikkje har slått gjennom i vidaregåande opplæring:
Samiske emne i alle nasjonale læreplanar.
Eigne samiske læreplanar i dei fleste fag.
Ein eigen fellesdel for samisk opplæring.
Eit hovudvilkår for å styrke samisk kunnskap i skolen er at desse prinsippa og blir lagt til grunn for vidaregåande opplæring. Det bør vere eigne samiske læreplanar når det finst ein eigen samisk kunnskap i faget og det samiske samfunnet har behov for at denne kunnskapen blir formidla gjennom skolen.
* Kva for særeigen samisk kunnskap og særeige samisk nærings- og arbeidsliv finst det i tilknytning til kvar av desse studieretningane:
- hotell- og næringsmiddelfag (kap.7)
Det finst ein rik samisk tradisjon i sanking av lokale råvarer, oppbevaring og tilreiing av matrettar.
Nokre mindre bedrifter innafor hotell- og restaurantnæringa og nokre næringsmiddelindustribedrifter nyttar samisk mattradisjon, men dei fleste bedrifter i samiske området gjør dette i ganske liten grad. Her er derfor eit stort potensiale for større utnytting av lokale råvarer og samiske oppskrifter.
- helse- og sosialfag (kap. 8)
Det er ein rik samisk folkemedisintradisjon. Denne er tildels særeigen, til dels er det folkemedisinråd som og har vore kjent av nabofolka, men som samane har bevart i større grad.
Ved helseinstitusjonar og sosiale institusjonar med samiske pasientar/klientar er det stort behov for at personalet har god kjennskap til samisk språk og kultur, slik at dei kan gi ei rett behandling.
- byggfag (kap. 9)
Det er ein samisk byggetradisjon med stor geografisk variasjon. Samisk byggeskikk best�r av gammer og stabbur av forskjellige slag, samt særtrekk i materialbruk og planløysingar for trehus.
I nyare tid er samiske byggetradisjonar tatt i bruk i moderne bygg, i første rekke større bygg som hotell, kyrkjer og kulturhus. Samtidig er det kome ein ny marknad for bygging av tradisjonelle gammer og stabbur for skolar, barnehagar og museer.
- mekaniske fag (kap. 10)
Det finst ein gamal smedtradisjon blant samar, og ein har tildels laga gjenstandar som er særlig knytta til samisk næring og levemåte. Denne tradisjonen er langt på veg utdøydd, men delar av den føras vidare i produksjonen av sameknivar.
Innafor mekaniske fag er dagens næringsliv i samiske område prega av bruk, vedlikehald og reparasjon av terrengkjøretøy og andre småmaskinar.
Eg vil så samanfatte dette for alle fire faga som heilskap:
I denne oppgåva har eg dokumentert at alle desse fire faga har ein tradisjon i samiske miljø, som i større eller mindre grad skil seg ut frå det som er vanlig i norskdominerte miljø. Denne tradisjonen omfattar større eller mindre del av fagområdet. Noko av denne kunnskapen kan seiast å vere særeigen samisk, anna er tradisjonell kunnskap som har vore brukt av samar, men som og har vore kjent blant andre folkeslag. For alle fire faga gjeld og at det er særeigne forhold i dagens arbeids- og næringsliv og/eller mogleg å utnytte samisk kunnskap i næringsutvikling. Bruk av denne kunnskapen i skolen vil kunne gjøre opplæringa meir relevant for elevane, foreldra og lokalsamfunna.
* Tilseier dette i såfall at det bør gjøras endringar i læreplanverket som ligg til grunn for samisk vidaregåande opplæring innafor dei nemnde yrkesfaga?
Dei internasjonale og nasjonale overordna retningslinjene for urfolksopplæring tilseier at samane har rett til ei eiga opplæring med utgangspunkt i tradisjonane og behova deira. Undersøkinga mi av samisk kunnskap og næringsliv på desse fagområda syner at det er eit grunnlag for eiga opplæring. Ei slik opplæring kan organiserast på mange vis, innafor eller utafor det nasjonale skolesystemet. Innafor dagens vidaregåande opplæring i Noreg er læreplansystemet bygd opp slik at dette vanskelig kan gjørast på ein tilfredstillande måte utan at det blir utarbeida eigne samiske læreplanar.
Diskusjonen om samiske læreplanar har så langt mest konsentrert seg om allmenne fag og særeigne samiske fag som reindrift og duodji. Gjennom denne oppgåva har eg dokumentert at innføring av samiske læreplanar og er aktuelt for fleire yrkesfag som til no har vore underviste etter nasjonale læreplanar. Samiske læreplanar i yrkesfag må utarbeidast ut i frå ein kombinasjon av samisk tradisjon innafor faget og dagens og morgondagens arbeidsliv innafor kvart fagområde. Skolen vil gjennom å kombinere tradisjon og dagens næringsliv kunne bidra til både kulturbevaring, kulturutvikling og næringsutvikling, f.eks. gjennom å styrke bruken av samisk byggetradisjon og mattradisjonar innafor dagens samiske samfunn og i turistnæringa.
Yrkesfaga må i større grad ta opp faget si historie og sette denne saman med den samiske kulturhistoria. Eit viktig tiltak vil vere å innføre valfaget samisk kulturkunnskap også på yrkesfaglige linjer. Ved revisjon av dei nasjonale læreplanane på desse fagområda bør det i alle faga i større grad leggast vekt på tilpassing til lokal kultur og lokalt nærings- og arbeidsliv.
Læreplanane for helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag bør få samiske emne som alle elevar i landet skal få ei viss innføring i. Dette gjeld både for grunnkurs og visse vidaregåande kurs, som f.eks. kokkefag, kjøttfag og hjelpepleiar.
På dette grunnlaget vil eg gå tilbake til hovudproblemstillinga:
Korleis kan opplæringa på yrkesfaglige studieretningar i samisk vidaregåande opplæring både gi grunnlag for yrkesaktivitet / vidare studier og styrke samisk kultur og identitet?
For å nå dette doble målet må yrkesopplæringa knyttast til dei samiske tradisjonane som er innafor kvart fagområde. Samtidig må samisk kulturkunnskap få ein framtredande plass på alle studieretningar, og opplæringa i samisk kulturkunnskap må knyttast til yrkesfaga.
Gjennom oppgåva har eg peika på ein del område der opplæringa bør endrast for i større grad å nå dette målet. Eg vil avslutte med å foreslå nokre hovudtiltak, som etter mi oppfatting vil vere viktige steg i den retninga:
* Det innførast samiske læreplanar for desse fire grunnkursa: hotell- og næringsmiddelfag, helse- og sosialfag, byggfag og mekaniske fag.
* Småmaskinar bør godkjennast som eige fagbrev og eiga VK1-linje.
* Nasjonale læreplanar må legge større vekt på lokal tilpassing og i nokre fag må det innførast samiske emne.
* Det gjennomførast ein eigen plan for utarbeiding av læremiddel og skolering av lærarar i samiske emne for desse yrkesfaga.
* Planlegging og budsjettering av samisk yrkesopplæring må bygge på at tileigning av tradisjonell samisk kunnskap gjennom utplassering, ekskursjonar, gjesteinstruktørar og førelesarar er ein sentral og nødvendig del av opplæringa.
Om desse tiltaka blir vedtatt og gjennomført vil den nemnde seminartittelen ikkje bare vere ein visjon, men godt på veg mot ein realitet:
Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk vidaregåande opplæring.
11.4. Vegar vidare
Til sist i oppgåva peikar eg på åtte område der eg ser behov for å arbeide vidare
gjennom forsking og utviklingsarbeid. Eg vonar dette kan inspirere nokon til å ta opp nokre
av desse trådane.
1. Frå samisk til norsk perspektiv
2. Ut i verda
3. Vaksenopplæring
4. Konkrete undervisningsopplegg
5. Munnlige kjelder
6. Yrkesidentitet
7. Arbeidsmetodar
8. Læreplanprinsipp
Startsida mi
sveilund@online.no