Det er omlag 400 læreplanar i vidaregåande skole i Noreg. Av desse er det vel 30 som brukast i samisk vidaregåande opplæring. 165 Det er 6 læreplanar som er laga spesielt for samiske elevar / samiske skolar: Nordsamisk som førstespråk, samisk som andrespråk, norsk for elevar med samisk, duodji VK1, duodji bedriftsopplæring (VK2), reindrift VK1 og reindrift VK2. Elles følger samiske elevar nasjonale læreplanar i alle fag, både i dei felles allmenne faga og i studieretningsfaga. Dei nasjonale læreplanane må derfor vurderast ut i frå at dei skal brukast både av samiske elevar og av ikkje-samiske elevar.
Ein læreplan er ikkje bare det formelle dokumentet som er vedtatt av KUF. Når læreplanen skal settast ut i livet, vil han kunne få mange former og variantar på vegen frå ide til handling. Den amerikanske læreplanforskaren John I. Goodlad har skissert fem læreplannivå: 166 Ideane sin læreplan, den formelle, den oppfatta, den iverksatte og den erfarte læreplanen. Ideane sin læreplan, i denne samanhengen dei overordna prinsippa for samisk opplæring, er uttrykt i dei internasjonale konvensjonane, grunnlova, opplæringslova og tildels den generelle læreplanen. I evalueringa av Reform 94-samisk forsøkte vi å svare på spørsmåla:
• Er den formelle læreplanen i samsvar med ideane sin læreplan?
• Er den iverksatte læreplanen i samsvar med den formelle læreplanen?
Her vil eg nøye meg med å sjå på den formelle læreplanen. Gir læreplanane føringar for bruk av samisk kunnskap? Bør læreplanane eventuelt endras for å komme i samsvar med ideane sin læreplan for urfolksopplæring, slik denne er uttrykt i dei nemnde konvensjonane?
Ved innføringa av Reform 94 blei så godt som alle læreplanar i vidaregåande skole skifta ut i løpet av ein treårsperiode. Mange var engasjerte i læreplangrupper som laga utkast til nye planar. Alle læreplangruppene skulle arbeide etter KUF sitt hefte: "Retningslinjer for utarbeiding av læreplaner etter Reform 94". Dette heftet la svært mye av premissa for læreplanarbeidet, og lærarar som har deltatt i læreplangrupper fortel at dei opplevde retningslinjene som ei tvangstrøye. Heftet inneheld ingen retningslinjer for at læreplanane skal framheve samiske, regionale eller lokale forhold. Det er det nasjonale fellesstoffet som er hovudbodskapen. Forslaga frå læreplangruppene blei sendt til KUF, som bearbeida dei før dei blei sendt til høring. I nokre tilfelle var denne bearbeidinga ganske kraftig, bl.a. gjaldt dette for læreplanane i samisk og reindrift. Høringsinstansane fikk ikkje sjå læreplangruppene sine originale utkast, men utkasta etter KUF si bearbeiding. Etter høringa blei det i dei fleste tilfelle gjort ganske små endringar. For nokre fag kan ein stille spørreteikn ved om høringa var ein realitet eller bare ein formalitet, ettersom ganske massiv kritikk ikkje fikk nokon innverknad på den endelige planen. Dette er forøvrig ein kritikk som ikkje bare er reist frå samisk hald. Eg kan bl.a. vise til Tom Are Trippestad ved Universitetet i Bergen, som oppsummerer høringsrunden i samband med læreplanane for Reform 94 slik: "På tross av sterk kritikk og mange innspill ble læreplanen kun minimalt justert i sin endelige versjon." 167
Læreplanane til dei 13 grunnkursa etter Reform 94 har i stor grad felles oppbygging.. Den formelle strukturen med modular, mål og hovudmoment er den same for alle kursa. Alle yrkesfaglige kurs har og til felles at den allmennfaglige delen er styrka og den yrkesfaglige delen tilsvarande svekka. Alle desse kursa har 22 timar studieretningsfag som er eller skal vere ei grunnleggande innføring i eit eller fleire yrkesfag. Dei fleste grunnkursa er felles for mange yrke, og koplinga til arbeidslivet er derfor ikkje like enkel som før. På dei forskjellige linjene synast det som ein har vald forskjellige måtar å takle dette på. Måten grunnkurset er bygd opp på i forhold til yrka kan bl.a. vere avgjørande for i kor stor grad desse kursa lar seg tilpasse til lokalt næringsliv. Eg meiner å kunne skilje ut 5 typar av grunnkurs:
1. Innretta på eit naturlig fagområde. (Mekaniske fag, elektrofag, kjemi- og prosessfag, trearbeidsfag) Her finn vi i første rekke elektrofag, som har kome frå reformen utan å bli slått saman med andre yrkesfag. Mekaniske fag er og i hovudsaka innretta på same yrkesfag som før, men har fått kraftig auka timetal i elektro.
2. Hovudvekt på eitt bestemt fag (Hotell- og næringsmiddelfag) I hotell- og næringsmiddelfag synest eitt yrke å dominere, nemlig kokk. Dei lærarane eg har snakka med, både i samiske og andre vidaregåande skolar, synest dette er greitt, fordi dei meiner sjølve matlaginga er eit sentralt område for alle som skal arbeide innafor dette fagområdet. Uansett kor elevane held fram på VK1 vil dette vere eit bra felles grunnlag.
3. Skolen velger eitt fag (Naturbruk) I grunnkurs naturbruk vil lokale / regionale naturforhold og næringsliv måtte avgjøre kva for innretting kurset skal ha. Det er ikkje mogleg å satse på reindriftsutdanning på Jæren eller fiskeri i Gudbrandsdalen. Derfor er planen lagt opp slik at skolen sjølv velger å rette kurset inn mot f.eks. fiske, jordbruk, reindrift eller skogbruk. Den praktiske opplæringa blir gjennomført innafor dette faget, og den teoretiske opplæringa i hovudsaka retta inn i same retninga. I praksis har ein fortsatt med den innrettinga ein hadde da f.eks. fiskerifag og reindrift var sjølvstendige grunnkurs.
4. Litt av kvart fag (Byggfag, tekniske byggfag) Gjennom reforma har det oppstått nokre nye fag som er breiare enn det som har vore før. Dette gjeld i hovudsak faga byggfag og tekniske byggfag. Desse er prega av at dei skal dekke fagområde som har lite arbeid til felles. Grunnkurset blir derfor bygd opp slik at elevane f.eks. er tømrarar i 2-3 månadar, så murarar ei stund osv. I tekniske byggfag blir denne oppdelinga særlig vanskelig, etter som det er liten naturlig samanheng mellom fag som glassmeister og rørleggar.
5. Fellesnemnar (Formgivingsfag, helse- og sosialfag) Innafor formgivingsfag er talet på yrke og talet på VK1-kurs så stort at det ikkje er mogleg å komme innom alle fagområda på grunnkurset. Det er heller ikkje mogleg å plukke ut eit fag som kan gi noko til alle. Ein har derfor valgt å forsøke å finne fellestrekk ved alle fag og endt opp med teikning, form og farge. Dette gjør at dette kurset blir det minst yrkesretta av alle dei yrkesfaglige grunnkursa. Det blir vanskelig både for elevar og lærarar å sjå nokon samanhang mellom det dei driv med på skolen og dei praktiske yrka som kurset skal legge grunnlaget for. Det vide fagområdet til helse- og sosialfagmgjør at opplæringa blir meir teoretisk enn ho skull ha vore i ein yrkesfaglig studieretning.
Kurs av type 1-3 vil framleis kunne bygge opp ein viss yrkesidentitet. For kurs av type 4-5 vil dette derimot vere svært vanskelig. For type 4, litt av kvart fag, vil ein starte oppbygginga av ein identitet i eit fag, for så etter få månadar å rive denne ned med å gå over til noko heilt anna. 168 For kurs av type 5 vil ein ikkje ha noko fag å bygge ein yrkesidentitet på. Dette vil kunne gjøre elevane mindre motiverte og særlig vere frustrerande for lærarar som kjem frå eit tidligare yrkesretta grunnkurs som no er slått inn under formgivingsfag.
Dei forskjellige læreplanstrukturane har ført til at samisk opplæring har blitt råka av reforma på forskjellig vis etter som kva for grunnkurs dei hamna inn under. Under grunnkurs naturbruk var det relativt ope for å innrette seg på reindrift, slik at ein kan seie at ein langt på veg framleis hadde eit grunnkurs i reindrift. Duodji blei derimot, gjennom plasseringa i grunnkurs formgiving, gitt svært små sjansar til å beholde eigenarten sin. Dei felles elementa fyller heile planen. Denne er prega av ein kultur og ein formgivingstankegang som er fjernt frå og tildels i strid med duodji og samisk kultur. Når desse fagmiljøa har reagert forskjellig på dei nye grunnkursa, treng det ikkje bety at dei har forskjellig prinsippiell haldning i læreplanspørsmål. Det kan vel så gjerne skuldast forskjellig struktur i dei nasjonale læreplanane.
Da planane for Reform 94 byrja å ta form vinteren 1992/93, syntest det som ein frå KUF si side enno ikkje hadde dei samiske vidaregåande skolane i tankane. Initiativ til å ta opp korleis samisk opplæring kunne tilpassas reforma og reforma evt. tilpassas samisk opplæring, kom direkte frå skolane, frå Styret for de samiske videregående skolene eller frå Samisk utdanningsråd. I eit sakspapir for styremøte skriv styresekretær Rune Stormo 25.2.1993:
"Inntil dato har informasjonen om Reform 94 vært meget begrenset. Departementet har systematisk unnlatt å gi samme informasjon til styret for de samiske videregående skolene, som det har gitt til fylkesskolestyrene og andre relevante aktører. ... I den foreslåtte fag- og timefordeling er det ikke gitt noen informasjon med hensyn til de elever som skal ha samisk i fagkretsen, f.eks. timetall i de forskjellige fag og det totale uketimetall for elever som har samisk i fagkretsen. I det pågående planarbeidet er lagt betydelig vekt på å fastsette det felles nasjonale kunnskaps- og verdigrunnlag. Hvordan dette vil virke inn på samiske fag er uklart, men det er en problemstilling som må avklares snarest."
I mai 1993 blei det arrangert eit møte mellom KUF, SUR, Styret for SVS og dei samiske vidaregåande skolane om samisk innhold i læreplanane i Reform 94. Det blei frå skolane uttrykt bekymring over desse spørsmåla, som følge av fagstrukturen og fag- og timefordelinga som var foreslått. Ein frykta bl.a. at reindrift skulle drukne i naturbruk GK og landbruk VK1, at duodji skulle drukne i formgiving GK og at det reduserte timetallet i geografi ikkje ville gi plass til samisk natur- og kulturgeografi. Det blei etterlyst samiske tilpassingar i læreplanane i samfunnsfag. På møtet blei det satt fram eit klart ønske om VK1 i reindrift, men ifølge referatet ikkje noko klart krav eller ønske om eige grunnkurs i verken reindrift eller duodji. KUF sine representantar i møtet forsvarte at reindrift var lagt under landbruk VK1 med at dette kurset var "godt tilrettelagt for lokal tilpasning", eit argument som ein har møtt eit kvart krav om eigne samiske læreplanar med. Likevel blei planen om å legge reindrift under landbruk VK1 aldri satt ut i livet, og da reforma i 1995 blei gjeldande for VK1-nivået, fantest framleis reindrift VK1. Allereie før dette møtet hadde skolane levert forslag til deltakarar i læreplanarbeidet for samisk og norsk. Dette var altså 1 år og 3 månadar før reforma skulle settast ut i livet. Likevel blei ikkje læreplanane ferdige før ved årsskiftet 1994/95, slik at ein i praksis i eit halvt år måtte undervise utan læreplanar. Ifølge deltakarar i læreplangruppene skuldast dette bl.a. at dei ikkje fikk sette igang arbeidet før utkastet til nasjonal læreplan i norsk var ferdig, da denne skulle brukas som mal. Lærarar frå samiske vidaregåande skolar deltok i læreplangrupper for samisk 1. og 2. språk, norsk for elevar med samisk, duodji VK1 og reindrift VK1 og VK2. Elles var samiske miljø ikkje representerte i noko læreplangruppe i samband med reforma. Dette vil seie at læreplanar som hadde stor verknad for samiske vidaregåande skolar blei utarbeida utan innverknad frå samisk hald. Blant anna gjeld dette for grunnkursa naturbruk og formgivingsfag.
Da planlegginga av Reform 94 starta, hadde grunnskolen i 4-5 år hatt samiske læreplanar. I vidaregåande skole var det bare samiske læreplanar for studieretningsfag på linjene for duodji og reindrift, men det var eit ønske i det samiske skolemiljøet om å få samiske læreplanar i fleire fag også i vidaregåande skole.
![]() | Kven skal avgjøre læreplanane for samisk opplæring - KUF eller Sametinget? Her frå sametingsmøtet om Samerettsutvalet si innstilling. (Foto: SL) |
Samisk utdanningsråd tok opp spørsmålet om samisk innhald i allmennfaga i eit brev til KUF av 1.3.93. I brevet brukte dei ikkje uttrykket "samiske læreplanar", men viste til at i dei samiske vidaregåande skolane var fram til reforma ein viss prosent (10-25%) av pensum i samfunnslære, historie, religion, geografi og samfunns- og næringslære via til samiske forhold. SUR ba om at det etter Reform 94 skulle vere rom for å gi 25-30% samisk innhald i desse faga. Samtidig uttrykte ein at all ungdom i vidaregåande skole bør ha obligatorisk opplæring om samiske forhold i desse faga. Også Styret for de samiske videregående skolene og samiske organisasjonar engasjerte seg sterkt i saka. 169 Leiar for styret for dei samiske vidaregåande skolane, Ellen Inga O. Hætta, skreiv 5.5.94 eit brev til KUF om saka.. I kap. 3.1. synte eg korleis KUF svara; med at statssekretæren ikkje såg behovet. Blant dei som har engasjert seg for samiske læreplanar er Lærarforbundet 170 og Norske samers riksforbund, som på landsmøtet i 1993 vedtok ein resolusjon om vidaregåande opplæring for samar og Reform 94, der det bl.a. heiter: "Det samiske kultur-, kunnskaps- og verdigrunnlaget må videre legges til grunn ved utarbeidelse av læreplanene i studietilbudene til samiske elever."
Blant dei som klarast har gitt uttrykk for ønske om samiske læreplanar er rektor ved Samisk videregående skole i Karasjok, Synnøve Solbakken-Härkönen. Ho seier i 1997 at det trengst " ei overbygging, ei "samisk bru" slik som grunnskolen no har fått" 171 . På spørsmål om kva for fag som treng samiske læreplanar seier ho: "- Først bør det vere sjølvsagt at dei faga som bygger vidare på grunnskolen og bør ha samiske læreplanar der grunnskolen har det. Eg tenker på f.eks. naturfag, samfunnsfag, historie, geografi og religion. I tillegg er det mange studieretningsfag der det er behov for eigne læreplanar med grunnlag i samisk kultur og språk. Det gjeld økonomisk-administrative fag som saksbehandling, i delar av yrkesfaga innafor helse og sosial, hotell og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Ein treng sjølvsagt ikkje bytte ut alt i læreplanane, men ein må ha fridom til å ta utgangspunkt i kulturen, nærings-og samfunnslivet i samiske område."
Eg vil no sjå på læreplanane i nokre fag, korleis dei har blitt utarbeida og kva for vilkår dei gir for samisk opplæring. Eg startar med det einaste faget med parallelle læreplanar, norsk, for så å sjå på andre allmenne fag. Deretter går eg over på yrkesfaga, der eg ser på dei særsamiske yrkesfaga reindrift og duodji og kva for plass dei har fått i læreplanverket. Til sist i dette kapitlet vil eg seie noko generelt om andre yrkesfag. Dei fire "norske" yrkesfaga som undervisast i samiske vidaregåande skolar kjem seinare i eigne hovudkapittel.
Som nemnt i kap. 6.3. har grunnskolen parallelle nasjonale og samiske læreplanar for dei fleste faga. Dei einaste faga der vi i vidaregåande skole etter Reform 94 kan snakke om forskjellige læreplanar er faga samisk og norsk. I samisk skil læreplanane mellom tre nivå, førstespråk, andrespråk og framandspråk eller B-/C-språk. Elevar som har samisk som første- eller andrespråk les norsk etter læreplanen "Norsk for elevar med samisk". I motsetning til samiskfaget er det i norskfaget ikkje nivået som skil læreplanane. Forskjellen ligg i første rekke på spørsmålet om kva som er relevant kunnskap. Eksistensen av to læreplanar bygger på ei erkjenning av at samiske elevar ikkje alltid har same behova i norskfaget som elevar i eit einspråklig norsk miljø.
Dei viktigaste særtrekka ved "norsk for elevar med samisk" er at ein ikkje har skriftlig sidemål og norrønt, mindre språkhistorie og dialektlære. Til gjengjeld har ein emne som tospråkligheit, tolking og omsetting og samanliknande grammatikk. I litteraturen er ein del av dei obligatoriske forfattarane bytta ut og det er større vekt på litteratur om samiske forhold. "Norsk for elevar med samisk" er eit bevis på at det går an, også i vidaregåande skole, å ha likeverdige parallelle læreplanar, som gjør opplæringa meir relevant utan å redusere status og framtidsmoglegheiter på den nasjonale skole- og arbeidsmarknaden.
Med allmenne fag meiner eg her fag som ikkje høyrer til noko bestemt yrkesutdanning, dvs. at dei anten er felles allmenne fag eller studieretningsfag for studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag. Før Reform 94 var det slått fast at i dei samiske vidaregåande skolane kunne 10-25 prosent av fagstoffet i desse faga vere via samiske forhold.
I evalueringa av Reform 94 (NSI sin rapport, kap.5) intervjua vi lærarar innafor dei aller fleste allmennfaga i vidaregåande skole. Det kom da fram at det i så godt som alle fag er ønskelig og mogleg med særskilte samiske emne og/eller ei samisk vinkling på lærestoffet. For dei faga som og finst i grunnskolen, og der grunnskolen har samiske læreplanar, vil argumenta for og mot samiske læreplanar vere dei same for begge skoleslag. Når dei to skoleslaga her er behandla forskjellig, kan det i liten grad forklarast ut frå forskjellar mellom skoleslaga. Forklaringane ligg heller i korleis dei gjeldande pedagogiske, skolepolitiske og samepolitiske straumdraga har variert.
På midten av 1980-talet, da grunnlaget blei lagt for M87, var det ein sterkt pedagogisk og skolepolitisk trend for lokalt læreplanarbeid og meir lokalt sjølvstyre i skolen. På det samepolitiske området var Samerettsutvalet og Samekulturutvalet sine første innstillingar kome, og sentrale styresmakter var i ferd med å førebu viktige lovendringar i samisk favør, som sameparagrafen i Grunnlova og Samelova. Samiske læreplanar i grunnskolen var derfor naturlig i den samanhengen og møtte liten motstand. Men knapt hadde dei samiske læreplanane blitt satt ut i livet frå 1988, før motoffensiven starta, for å skru skoleklokka tilbake til ein skole med felles nasjonalt pensum for heile landet. Hernes-utvalet ga klare signal i den retninga i 1988, og seinare fortsatte dette gjennom heile reformeringa av vidaregåande skole, høgskole og seinare grunnskole. Da Reform 94 starta, var det eit anna politisk klima, der sentralisering og einsretting sto i høgsetet. Ved denne første læreplanrevisjonen i vidaregåande opplæring etter at grunnskolen hadde fått sine samiske læreplanar, sto tankar om samiske læreplanar og om lokalt læreplanarbeid derfor ikkje lenger høgt i kurs. Reforma gikk derimot så hardt til åtak på det som var av særeige samisk undervisning at ein frå samisk hald ikkje klarte å komme med nokon motoffensiv. I tillegg kjem at verken Samisk utdanningsråd eller Sametinget hadde prioritert vidaregåande opplæring. Det blei dermed i liten grad reist nokon kamp for samiske læreplanar i samband med innføringa av Reform 94.
Da så arbeidet med grunnskolereforma Reform 97 starta, ville Hernes fjerne dei samiske læreplanane. 172 Men denne gongen møtte han større motstand. Ein kan seie at begge skoleslaga i utgangspunktet kjempa for å behalde det dei hadde, men i grunnskolen gikk dei og lenger og kravde eit heilskapelig samisk læreplanverk. Når dei langt på veg fikk dette, skuldast det for det første at samiske organ engasjerte seg sterkare her enn i Reform 94, for det andre eit skifte av utdanningsminister i 1995. 173
Min konklusjon er at for dei grunnskolefaga som har samiske læreplanar, og som vidareførast i vidaregåande skole som felles allmenne fag eller som studieretningsfag på allmenne og økonomisk-administrative fag (AØA), er det einaste logiske å halde fram med samiske læreplanar. Dette gjeld for faga: naturfag, historie, samfunnslære, engelsk og kristendom/religion. Med anerkjenninga av samiske læreplanar i grunnskolen har ein allereie anerkjent at desse fagområda ser ganske forskjellige ut sett frå samisk og norsk synsvinkel. I tillegg til dette kjem to grupper av fag som må vurderast særskilt. Den eine gruppa er allmennfag som finst i grunnskolen, men som ikkje har særskilte samiske læreplanar der. Det gjeld i første rekke matematikk og kroppsøving. Av desse er bare kroppsøving med i evalueringa av R94, der vi har dokumentert at samiske idretts- og kroppsøvingstradisjonar gir grunnlag for eigne samiske læreplanar. Den andre gruppa er allmennfag som ikkje finst i grunnskolen, som økonomi og informasjonsbehandling.
Ved dei samiske vidaregåande skolane er det i løpet av tida etter innføringa av Reform 94 gitt undervisning innafor seks yrkesfaglige studieretningar. Det er desse som i dag er mest aktuelle å vurdere med omsyn på samisk innhald og eventuelle samiske læreplanar. To av desse utdanningane, reindrift og duodji, er rekna som særeigne samiske, og dei har i større eller mindre grad har hatt eigne læreplanar. Det har likevel også her vore, og er framleis, ein strid om i kor stor grad dei skal få eksistere som eigne fag og eigne linjer. Frå samisk hald har ein framheva det særeigne, mens sentrale skolestyresmakter har lagt vekt på det allmenne. Dei vil gjøre reindrift til ein variant av landbruk, mens duodji for dei er ein variant av formgivingsfag. Innafor reindrift og duodji er det ingen tvil om at det finst ein særeigen samisk kunnskap. Likevel er ein også her nøydd til å kjempe for å få anerkjenning for samiske læreplanar. Eg vil derfor ta med ei kort skildring av stoda innafor desse faga, for å sjå om det også her er behov for ei meir sjølvstendig samisk undervisning enn det læreplanane legg opp til i dag.
For øvrige yrkesfag er det i dag inga offisiell anerkjenning av noko samisk innhald. Undervisninga ved dei samiske vidaregåande skolane skjer etter dei same læreplanane som resten av landet, planar som i det heile ikkje nemner samiske forhold. Det vil seie at skoleverket verken har anerkjent den samiske kunnskapen innafor desse fagområda eller tatt omsyn til særeigne forhold i arbeids- og næringsliv i samiske område. Sjølv om det er skreve ein del f.eks. om samisk byggeskikk og samisk folkemedisin, har dette ikkje blitt samla og knytta til den opplæringa som skjer i dei samiske vidaregåande skolane. Først dei siste åra har dette blitt tatt opp, først av den omtalte konferansen "Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående opplæring", seinare av evalueringa av Samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Dette bygger i hovudsak på det lærarar på desse fagområda har uttalt. I kap. 7.-10 vil eg bygge vidare på dette og kople det saman med ei analyse av arbeidslivet i faget i samiske område og den dokumentasjonen av samisk kunnskap i faga som ein kan finne i skriftlige kjelder og museum. Først når dette er undersøkt, har ein eit grunnlag for å ta standpunkt til i kva for fag det bør gjørast endringar i dei nasjonale læreplanane, innførast eigne samiske læreplanar og/eller metodiske rettleiingar.
Samiske næringstilpassingar har alltid vore prega av ein allsidig bruk av naturen. Sjølv om mye er endra gjennom modernisering og mindre naturalhushaldning, kan ein seie at det eksisterer ein ubroten samisk naturbrukstradisjon. Av denne allsidige samiske naturbruken er det bare reindrift som har blitt anerkjent som samisk næring og som skolefag.
Reindrift har i Noreg rettsvern som ei samisk næring. Innafor reinbeitedistrikta må ein vere av samisk ætt for å få drive reindrift. Men likevel har verken reindriftsnæringa eller reindriftsopplæringa vore styrt av samar. Mekanisering av reindrifta frå 60-talet førte til at gamal natur- og reindriftskunnskap i stor grad har blitt erstatta med moderne hjelpemiddel. Mekaniseringa og statens reindriftspolitikk har bidratt til overbeite og øydelegging av naturen gjennom bruk av motorkjøretøy. På 90-talet har styresmaktene ført ein politikk for å presse reineigarar ut av næringa, bl.a. gjennom Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.
Statens Reindriftsskole blei starta på Borkenes ved Harstad i 1968 og flytta til Guovdageaidnu i 1981. For å bli tatt opp som elev her, måtte ein ha reindriftspraksis. På 80-talet blei det, i tillegg til fagkurset i reindrift, bygd opp eit grunnkurs i reindrift og landbruk. Seinare blei dette endra til grunnkurs naturbruk. Dette kurset hadde ikkje krav om reindriftspraksis for opptak. Den som hadde grunnkurset kunne fortsette på fagkurset og slik komme utanom praksiskravet. Seinare blei fagkurset omdanna til reindrift VK1, som hadde bestått grunnkurs som einaste opptakskriterium. Etter kvart blei reindrift bygd ut til ei treårig utdanning: Ved planlegginga av Reform 94 ønska KUF å legge ned reindrift VK1 og legge faget under landbruk VK1, men dette blei trukke tilbake etter protestar frå elevar og lærarar. Reindriftsutdanninga har til no skilt seg frå hovudmønsteret i Reform 94 med å vere ei yrkesfaglig utdanning med tre år i skole og inga bedriftsopplæring. No, våren 2001, har Rådet for fagopplæring i arbeidslivet endelig godkjent reindrift som lærefag. Det vil seie at opplæringa må leggast om til 2 år i skole og 2 år i bedrift. I evalueringa av Reform 94 foreslo vi å vurdere ei 3+1-løysing, men det har tydeligvis ikkje slått gjennom.
På grunnkurs naturbruk er læreplanen landsomfattande og nemner ikkje reindrift eller samiske forhold spesielt. Det deltok ingen representantar for samiske miljø eller reindrift i læreplangruppa som utforma denne læreplanen. Evalueringa av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring synte likevel at lærarane ved grunnkurs naturbruk ved SVSRS meiner denne planen er til å leve med. Læreplanen er svært generell og gir rom for tilpassing til den eller dei næringane som er mest aktuelle lokalt. Det vil seie at grunnkurs naturbruk i Guovdageaidnu kan ha hovudvekt på reindrift, mens samme kurset i Honningsvåg har hovudvekt på fiskerinæringa. Verdien i den opne læreplanen er i første rekke at han ikkje er til hinder for å gi reindriftsfokusert opplæring. Men planen gir lite hjelp til å legge opp ei slik opplæring. Lærarane uttrykte derfor behov for ei metodisk rettleiing for tilpassing av naturbruk til samiske forhold og reindrift.174
For utarbeidinga av læreplanar for reindrift VK1 og VK2, har derimot det reindriftsfaglige miljøet på og rundt reindriftskolen vore avgjørande. Sentrale utdanningsstyresmakter har ikkje hatt den faglige kunnskapen til å utforme læreplanar. Derimot har dei på flere vis grepe styrande inn i læreplanprosessen. Det har dei gjort ved å avgjøre fag- og timefordeling, ved heftet "Retningslinjer for utarbeiding av læreplaner etter Reform 94", og ved å gjøre endringar i læreplangruppene sine forslag, før og etter høring. Lærarar som deltok i læreplangruppene seier desse endringane har svekka det samiske perspektivet i læreplanane. Det var fleire konfliktar mellom departementet og skolen om dette i læreplanprosessen. Resultatet er at gjeldande læreplanar er ei blanding av fagkunnskap frå reindriftsmiljøet og retningslinjer frå KUF. Evalueringa av Reform 94 oppsummerer at "hovedkursen i læreplanarbeidet i stor utstrekning ble bestemt sentralt uten at en diskuterende offentlighet med basis i det lokale og samiske miljøet hadde nevneverdig innflytelse" 175 Det er her verd å merke seg at leiinga ved Samisk videregående skole og reindriftsskole (SVSRS) allerede i 1993 176 argumenterer for retten til ei sjølvstendig reindriftsutdanning med å vise til det folkerettslige grunnlaget, særlig ILO-konvensjon nr. 169.
![]() | I sommarbeiteområdet for rein er det ofte bygd ut boligområde, vegar og industrianlegg. Eit av områda i Finnmark med mest konfliktar er reinbeitedristrikt 20, Kvaløya. Her rein utafor Hesteskoblokka i Hammerfest. (Foto: SL) |
Reindriftsutdanninga er nok i dag den mest særeigne samiske utdanninga innafor vidaregåande opplæring i Noreg. For andre fagområde vil det derfor vere ein del å lære av denne utdanninga når det gjeld å få samisk kunnskap inn i skolen.
Men samtidig viser historia om reindriftsutdanninga at sjølv på det området som av styresmaktene har vore rekna som mest samisk, har skolestyresmaktene synt sterk motvilje mot å la samane få hand om si eiga opplæring.
Det samiske ordet "duodji" brukast om alle former for husflids- og handverksarbeid. Tradisjonelt var duodji ein del av ei allsidig kombinasjonsnæring. I familien blei det laga bruksgjenstandar som klede, skotøy, teppe (grener), knivar, koppar, kjøkkenreiskap, seletøy, sledar, lassoringar og til og med enkle jordbruksreiskap. Materiale og form blei påverka av det lokale natur- og næringsgrunnlaget, slik at reinen var ein hovudleverandør av duodjimateriale i innlandet, mens ein på kysten nytta f.eks. sau, ku og sel.
![]() | Skallesøm og skallebandveving er to sentrale element i sámi duodji. (Foto: Norsk Folkemuseum) |
Duodji har ved sida av bruksfunksjonen eit kulturelt og kunstnarisk element, noko som kjem til uttrykk i dekor av bl.a. kofter, belte og knivslirer.
Dekor og form hadde særtrekk i kvart område, i nokre tilfelle kvar grend eller familie, men samtidig fellestrekk som gjør at vi kan snakke om eit samanhengande kulturområde frå sør-samisk område til Kolahalvøya. I evalueringa av Reform 94 er det gitt ei god skildring av det særeigne ved duodji som grunnlag for korfor det er behov for duodji som eiga utdanningsløp. 177
Mens duodji tidligare var ein integrert del av eit samansett næringsgrunnlag, har det i seinare tid skjedd ei spesialisering. Duodji-produksjonen for bruk i familien er redusert og i stor grad er duodji-produkt erstatta med kjøpte, industriproduserte varer. Samtidig har andre spesialisert seg på duodjiproduksjon for sal, for lokalsamfunnet, for tilreisande turistar eller for meir fjerne marknadar. Salet foregår anten direkte som vegsal eller etter bestilling, eller gjennom husflidsutsal. Nokre har utvikla duodji i retning av kunsthandverk og kunst, der prisnivået og marknaden blir ein annan, f.eks. utsmykking av offentlige bygg. Dei fleste duojárar driv framleis med ein eller annan form for kombinasjonsnæring, anten fordi dei sjølv ønskar det, eller fordi det er vanskelig å leve av bare duodjiproduksjon.
Frå opprettinga av Statens heimeyrkesskole for samer i 1952 var opplæring i duodji eit sentralt mål for skolen. Den første tida var det lokale læreplanar. På 60-talet gikk ein over til å bruke landsomfattande læreplanar, noko som gikk ut over det samiske innhaldet. Dipma-duodji (mjuk-duodji) blei da ein del av linja "søm og vev", mens garra-duodji (hard-duodji) fikk meir eller mindre plass innafor snikkarlinja. På 80-talet ønska ein igjen å legge meir vekt på det samiske og det blei gjennomført ei gradvis utbygging av duodjiutdanning til eit treårig løp med høve til å ta svennebrev. Læreplanane for grunnkurs og vidaregående kurs i duodji ved SVSRS hadde fram til Reform 94 som føresetnad at bare elevar med samisk kulturtilhørighet og nødvendig faglig innsikt i duodji skulle takas opp.
Med Reform 94 blei GK duodji erstatta med den nasjonale læreplanen GK formgiving. Skolen protesterte mot nedlegging av GK duodji, men vann ikkje fram overfor KUF. Samtidig blei VK2 lagt ned som skoletilbod, mot innføring av lærlingeordning. Det blei oppretta to opplæringskontor for duodji som hadde ansvar for å skaffe lærlingeplassar. Opplæringskontora ligg under fylkeskommunen, dermed har ikkje lenger Styret for de samiske videregående skolene noko ansvar for duodjiopplæringa fram mot svennebrev.
Læreplanen for grunnkurs formgiving blei liksom for grunnkurs naturbruk laga utan nokon samisk medverknad og det blei ikkje tatt omsyn til innvendingar frå samisk hald.
I evalueringa av Reform 94 seiast det om dette kurset:
"Disse faga har ikke stort anna til felles enn at utøverne innafor hvert enkelt fag trenger kompetanse i tegning, forming og fargebruk. Men grunnteknikker og -prinsipp læres her i stor utstrekning uavhengig av materialer, arbeidsprosess og produktutforming. Ei vektig innvending mot grunnkurs formgiving er at samisk språk og kultur så å si er utelukket fra læreplanen. Samisk kultur nevnes så vidt under kunst- og kulturhistorie, men da som tillegg. Først nevnes "vår kultur" og så de impulsene som "andre folkeslags kultur" kan bidra med. Ordet "samisk" er nevnt én gang, idet det heter at elever skal "kjenne til viktige trekk i samisk kultur og kunsttradisjoner." 178 Men samisk kultur og tradisjon betraktes da på linje med andre folks kultur og tradisjon, og ikke ut fra dagens lovgivning som fastslår at samisk språk og kultur er sidestilt med norsk språk og kultur. 179 Av ialt vel 40 hovedmoment i grunnkurset er bare ett hovedmoment tilegnet samisk kultur og tradisjon. I pakt med denne tankegangen er grunnkurset formgiving, uansett om opplæringa foregår i Indre Finnmark eller i Indre Sogn, åpent for alle elever, også for dem som mangler samisk språklig eller kulturell tilknytning." 180 Evalueringa konkluderte med at anten må det bli gjeninnført eit eige grunnkurs i duodji eller så må det som eit minimum bli laga eigne samiske læreplanar for grunnkurs formgivingsfag.
Duodji VK1 bygde tidligare på grunnkurs duodji, slik at elevane hadde eit godt grunnlag i duodji når dei byrja på VK1. No startar elevane i prinsippet på botn og det faglige nivået er dermed lågare enn før. Evalueringa av Reform 94 skildrar læreplanprosessen slik:
"Da reformen var på trappene, ble duodjilærere engasjert av departementet i arbeidet med å lage læreplan for duodji VK1. Men dette arbeidet bød på skuffelser, fordi departementet forandret på innsendte forslag til læreplan bl.a. med det målet for øye at en bestemt landsgyldig læreplanmal skulle gjøres gjeldende. .... departementet ville ikke gå med på at forhåndskjennskap til samisk språk og kultur skulle være ei forutsetning for at elever fra andre videregående skoler skulle bli tatt opp på VK1 duodji ved SVSRS. Videregående kurs i duodji skulle være ei landsdekkende linje underlagt de samme opptaksvilkåra som alle andre linjer innafor videregående opplæring". 181
Da læreplanutkastet for duodji bedriftsopplæring (VK2) var til høring, uttalte Lærarforbundet: "Læreplanen som helhet bærer preg av å ha tatt mye fra andre norske læreplaner som ikke er bygd på samisk kultur. Vi syns samisk kultur og språk kommer lite fram og reagerer på uttrykk som at duodji er et "rent håndverksfag". Etter vårt syn er duodji i like stor grad et kulturfag. Dette har ikke læreplanen lagt til grunn og det blir derfor bare de reint handverksmessige ferdigheter som vektlegges." 182
Reform 94 var eit stort tilbakesteg for duodjiutdanninga. Med underordning under nasjonale norske læreplanar og sviktande rekruttering er sjølve eksistensen av ei utdanning i sámi duodji i Noreg truga.
Duodji er eit svært vidt omgrep. Gjennom at duodji blei skolefag har ein og forsøkt å avgrense duodji-omgrepet. Likevel er det ei rekke område der duodjifaget og andre yrkesfag tangerer eller overlappar kvarandre, og der ein bør kunne samarbeide. Dette gjeld overfor fag som mekaniske fag, byggfag, trearbeidsfag (ikkje i samisk vidaregåande skole i dag) og reindrift.
Etter denne vandringa rundt i læreplansystemet kan det vere på tide med ei oppsummering av korleis læreplanstrukturar verkar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring.
Etter som læreplanar er "speilbilde av det samfunnet ser på som verdifullt, nyttig, ønskelig og passende" seier dei mye om samfunnet sitt syn på urfolk og andre minoritetar, og på den særeigne kunnskapen deira. I eit utdanningssystem som er bygd på læreplanar er eit av hovudvilkåra for å sikre opplæring om samiske spørsmål at dette er spesifikt oppgitt i læreplanen.
Forskjellige læreplanprinsipp gir forskjellige vilkår for å tilpasse opplæringa til lokale og samiske forhold. Lokalt læreplanarbeid og yrkessentrerte læreplanar er to prinsipp som vil gi betre vilkår for samisk opplæring enn dagens målstyrte og sentralstyrte læreplanar. I Reform 94 er læreplanane for dei yrkesfaglige grunnkursa bygd opp på forskjellig vis. Det gjør at nokre læreplanar i stor grad verkar som hinder for samisk opplæring, mens andre gir betre rom.
I Noreg er læreplanverket for grunnskolen basert på tre prinsipp som så langt ikkje har slått gjennom i vidaregåande opplæring: Samiske emne i alle nasjonale læreplanar, eigne samiske læreplanar i dei fleste fag og ein eigen fellesdel for samisk opplæring. Eit hovudvilkår for å styrke samisk kunnskap i skolen er at desse prinsippa og blir lagt til grunn for vidaregåande opplæring. Utgangspunktet mitt er at det bør vere eigne samiske læreplanar når det finst ein eigen samisk kunnskap i faget og det samiske samfunnet har behov for at denne kunnskapen blir formidla gjennom skolen.
Under innføringa av Reform 94 hadde dei samiske skolemiljøa liten innverknad på læreplanprosessen.
Røynslene med læreplanen "norsk for elevar med samisk" syner at det er mogleg i vidaregåande skole med ein parallell samisk læreplan som er likeverdig med den nasjonale planen. Desse røynslene kan overførast til andre fag. Faga reindrift og duodji har i større grad godkjenning for samisk innhald enn andre yrkesfag, men har i stor grad blitt ramma av den nasjonale samordninga gjennom Reform 94.
Den tradisjonelle praktiske samiske kunnskapen har til ein viss grad fått ein plass i dei særlig samiske utdanningane reindrift og duodji. I desse faga kjem og det kulturelle aspektet sterkare inn enn det som elles er vanlig i yrkesfag. For å få ei samisk opplæring i øvrige yrkesfag vil ein måtte legge større vekt på dei kulturelle sidene ved faget, både i teori og praksis. Dei samiske tradisjonane innafor fagområdet må komme fram gjennom studieretningsfaga. Eit anna tiltak for å styrke samisk kultur vil vere å finne plass for det nye faget samisk kulturkunnskap, også på yrkesfag. 183 Dette faget bør i såfall yrkesrettast på linje med andre felles allmenne fag på yrkesfaglige studieretningar.
På dette grunnlaget vil eg i kapitla framover sjå særskilt på fire yrkesfag. Eg vil først sjå på kva som er særeige ved næringslivet / arbeidslivet i samiske område innafor desse fagområda og kva for samisk kunnskap som finst innafor faget. Deretter vil eg sjå på dagens opplæring i faget og i kor stor grad samisk kunnskap kjem fram i læreplanar og i opplæringa i samisk vidaregåande skole. Ut frå dette vil eg forsøke å vise moglege løysingar for å gi den samiske kunnskapen ein meir sentral plass i opplæringa. Sjølv om ei omlegging av dei sentrale læreplanprinsippa kunne vore ønskelig, vil eg forsøke å vise forslag som langt på veg kan gjennomførast uavhengig av læreplanmodell.
166.Desse nivåa er forklart nærare bl.a. i Hiim & Hippe 1993, s. 142-145
169. Jfr. arbeidsnotat av 10.5.93 ved styresekretær Rune Stormo.
170. Sjå vedlegg 1.7.1. og litteraturlista
171. Ein god og ein dårlig reform. Klassekampen 14.10.97
175.NSI: Samisk videregående opplæring - rettigheter og innhold. Kap. 5.2.2-5.2.3.
178.KUF: Reform ’94. Videregående opplæring. F-3039. Oslo 1993, s. 74.
179.Se f.eks. Lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold, §1-5.
180.NSI: Samisk videregående opplæring - rettigheter og innhold. 2000. kap. 5.3.4.
181.NSI: Samisk videregående opplæring - rettigheter og innhold. 2000. kap. 5.3.4.