Blant folk som har med samisk opplæring å gjøre er det eit utbreidd ønske om at samisk kunnskap bør få større plass i skolen. Derimot er det ikkje like stor semje om i kva grad det er naudsynt å endre læreplanane for å få dette til. Kan ein få dette til innafor dagens læreplanar, må dei nasjonale læreplanane endrast slik at samisk kunnskap får ein plass her, eller er løysinga eigne samiske læreplanar? Mi oppfatning er at læreplanstrukturane er sentrale rammevilkår for samisk opplæring, og eg vil derfor seie noko om læreplanane sin funksjon i skolen generelt og overfor samisk opplæring spesielt.
Om ein samanliknar læreplanar i forskjellige skoleslag og forskjellige land og korleis planane har endra seg gjennom tidene, finn ein at det er svært mange måtar å lage læreplanar på. Strukturen i læreplanane og utviklingsprosessen vil i stor grad vere styrande for den opplæringa elevane får, både i form og innhald. I dette kapitlet vil eg legge hovudvekta på dei strukturelle sidene ved læreplanane og stille spørsmålet: Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring?
Trass i at dei samiske vidaregåande skolane har som målsetting å gi ei utdanning som bygger på samisk språk og kultur, skjer opplæringa i dei aller fleste fag etter landsomfattande nasjonale læreplanar og i stor grad med dei samme læremiddela som blir brukt i andre vidaregåande skolar i Noreg. Det har i fleire år vore reist krav frå skolane og frå anna hald om samiske læreplanar for vidaregåande skole på linje med grunnskolen. Men ein har så langt ikkje fått spørsmålet opp til behandling i Stortinget eller på ministernivå i departementet. Ein har heller ikkje frå dei samiske vidaregåande skolane eller samiske skoleorgan kome særlig langt i å konkretisere dette kravet med forslag om kva slike læreplanar bør innehalde.
Spørsmålet om samiske læreplanar er tatt opp i samband med evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Ein av konklusjonane frå evalueringa er at KUF må opne for samiske læreplanar der Sametinget ønsker dette. Det er foreslått at Sametinget set ned grupper til å vurdere behovet for samiske læreplanar, metodiske rettleiingar og samiske emne i dei nasjonale læreplanane. Blant dei faga der dettte er aktuelt er mekaniske fag, byggfag, hotell- og næringsmiddelfag og helse- og sosialfag. Innafor desse faga er dette arbeidet kome svært kort. Ein bør derfor studere røynslene på godt og vondt frå område der samisk innhald står sterkare. Eg vil derfor i dette kapitlet sjå på stoda i grunnskolen, i allmennfag i vidaregåande skole, samt i dei samiske yrkesfaga reindrift og duodji.
Læreplanane styrer mye av det daglige arbeidet i skolen, dei er hovudreferansen for lærarane si planlegging av kva for emne dei skal ta opp i timane. Læreplanane påverkar og arbeidsmetodane, nokre typar av læreplanar vil styre arbeidsmetodane i større grad enn andre. Læreplanane styrer lærebokforfattarane, dei styrer dei som lagar prøver, eksamenar og fagprøver, og ikkje minst styrer læreplanane elevane si lesing og læring. Om samiske elevar skal få ei opplæring bygd på samisk kultur, språk og historie, vil bl.a. vere avhengig av kva som står i dei læreplanane som dei blir underviste etter. Eg bygger her på Bjørg Brantzæg Gundem, som i boka Læreplanpraksis og læreplanteori seier: "Når det gjelder læreplanens avspeilende rolle, er det slik at læreplanen til enhver tid vil være et speilbilde av det samfunnet ser på som verdifullt, nyttig, ønskelig og passende, og som derfor skolen skal bidra til å utvikle. Dette gjelder både for holdninger, ferdigheter og kunnskap. Sentralt i denne sammenheng blir derfor hvilke oppfatninger som får gjennomslag i læreplanen når det gjelder syn på danning, kunnskap, læring og undervisning så vel som menneske- og samfunnssyn."151
Om ein overfører dette på samisk opplæring, vil det læreplanane seier, og ikkje minst det dei ,ikkje seier, fortelle samiske elevar og lærarane deira kva samfunnet ser på som "verdifullt, nyttig, ønskelig og passande".
• Seier læreplanane at samisk kunnskap er verdifull, at det er ønskelig å kunne samisk, at det er nyttig å kunne bruke naturen på tradisjonell samisk vis?
• Eller seier dei at dette er noko negativt, noko mindreverdig, noko forelda som ikkje er verdt noko i det moderne samfunnet?
• Eller seier dei rett og slett ingenting, som om samane og kunnskapen og kulturen deira ikkje fantest i Noreg?
Læreplanane kan bidra til å skape haldningar hos samiske elevar, både til seg sjølve og til storsamfunnet, og dei kan ikkje minst bidra til å skape eller endre haldningar til samisk kultur hos elevar som hører til majoritetsbefolkninga eller til andre etniske minoritetsgrupper i Noreg. Ei programerklæring avgitt i form av ein konvensjon, ein lovparagraf eller ein generell læreplan vil i svært liten grad endre den opplæringa elevane får, dersom dette ikkje er konkretisert og nedfelt i læreplanane for kvart einskild fag.
Med Reform 94 og Reform 97 er målstyrte læreplanar gjennomførte over heile linja i det norske skoleverket. Alle læreplanar i vidaregåande skole er skore over same lesten, "Retningslinjer for utarbeiding av læreplaner for videregående opplæring". Så lenge desse retningslinjene gjeld, vil og eventuelle samiske læreplanar måtte lagast innafor denne malen. Dette kjem klart fram bl.a. av den nye læreplanen for samisk kulturkunnskap.
Grunnskolen i Noreg har i mange tiår hatt landsomfattande læreplanar. Desse har vore laga etter varierande prinsipp og tidligare planar har vore kalla normalplan og mønsterplan.152 Særlig i mønsterplanen av 1987 (M-87) sto prinsippet om lokalt læreplanarbeid sterkt. Lokalt læreplanarbeid skulle ikkje kome istaden for det sentrale, men som eit supplement. Føresetnaden var sjølvsagt at dei sentrale læreplanane ikkje var så omfattande og detaljerte at dei ikkje ga plass for lokal tilpassing.
For vidaregåande opplæring har det, såvidt eg kan sjå, aldri tidligare vore proklamert noko felles prinsipp som retningsgivande for læreplanar. Ein kan likevel som ei hovudlinje seie at før Reform 94 bygde dei fleste læreplanane på opplisting av emne som lærarane skulle undervise i. Prinsippet om lokalt læreplanarbeid blei ikkje utvikla i vidaregåande opplæring i same grad som i grunnskolen.
Målstyringsprinsippet blei innført i heile skoleverket utan at det først var gjort noko evaluering av tidligare læreplanprinsipp for å finne gode og dårlige sider ved dei. Ei av dei største veikskapane ved den landsomfattande evalueringa av Reform 94 var at ein ikkje evaluerte læreplanprinsippa. Det er stort behov for ein diskusjon om alternative læreplanprinsipp. Dette gjeld for både grunnskole og vidaregåande opplæring generelt, og særlig for yrkesfaga. I tillegg til tidligare utprøvde læreplanprinsipp, er det for yrkesopplæring under utvikling modellar for yrkessentrerte læreplanar, noko eg ser som svært aktuelt både for norsk og samisk yrkesopplæring.
Yrkessentrerte læreplanar og samiske læreplanar har det til felles at dei i større grad enn dagens nasjonale målstyrte læreplanar tar utgangspunkt i arbeidslivet utafor skolen. Men ein yrkessentrert læreplan er i seg sjølv ingen garanti for at opplæringa tar omsyn til lokale og/eller samiske forhold. Dersom denne tar utgangspunkt i ei analyse av yrkesfunksjonar som er gjort f.eks. i Stavanger eller Oslo, kan også ein slik plan virke livsfjern og diskriminerande i forhold til opplæring i eit samisk miljø. Ein yrkessentrert læreplan gir ingen garanti for at den kulturelle overføringa og identitetsutviklinga blir ivaretatt i samisk opplæring. Yrkesfaglige læreplanar bør ta utgangspunkt i yrkeslivet, men ikkje bare i ei analyse av dagens yrkesliv. Ein må både ta omsyn til det yrkeslivet som har vore, det som er og det som kan bli i den tida desse elevane vil vere yrkesaktive. Samtidig må læreplanane legge opp til å knytte yrkesopplæringa til det lokale yrkeslivet.
Å sørge for opplæring med eit samisk innhald er eit offentlig ansvar. I samband med evalueringa av Reform 94 kom det fram tre moglege metodar for å sikre samisk innhald; samiske emne i nasjonale læreplanar, eigne samiske læreplanar og samiske metodiske rettleiingar til nasjonale læreplanar. Alle desse metodane kan vere gode, men det må vere samsvar mellom metode og målgruppe.
Opplæringslova uttaler at alle elevar skal få opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda. Det vil seie at alle elevar i heile landet skal få ei viss opplæring om samiske forhold, noko som i dei fleste tilfelle vil utgjøre ein liten prosent eller promille av lærestoffet. For å sikre dette minimumet, må såkalla samiske emne eller samiske stolpar vere med i alle dei nasjonale læreplanane. Hovudmålgruppa for dei samiske emna er altså ikkje-samiske elevar.
For samiske elevar og andre elevar i samiske område og samiske miljø, skal samisk kultur i langt større grad leggast til grunn for opplæringa, noko som går fram både av opplæringslova og generell læreplan. Kan dette gjørast innafor ein nasjonal læreplan? Dette spørsmålet kan ein ikkje bare svare ja eller nei på. Dersom dei nasjonale læreplanane er svært generelle og legg opp til stor grad av lokal / regional utfylling, kan det vere mogleg å få inn samisk opplæring lokalt. Eg diskuterte dette ein gong med ansvarlig for samisk opplæring ved "fylkesskolekontoret" i Lapplands län i Finland. Han tok ut to bøker av hylla og samanlikna dei; dei nasjonale læreplanane for grunnskolen i Noreg og Finland. Den norske planen hadde eit omfang på minst 5 gongar den finske. Så sa han: "Derfor treng de i Noreg eigne samiske læreplanar, mens vi ikkje treng det." I Noreg har dei aller fleste læreplanane, både i grunnskole og vidaregåande opplæring, så detaljerte mål og hovudmoment at det blir liten plass for det som ikkje står spesifikt oppgitt i læreplanen.
Samiske læreplanar kan vurderast ut frå eit lærarperspektiv eller eit elevperspektiv. Da vi i evalueringa av Reform 94 spurte lærarar i samiske vidaregåande skolar om det var behov for samiske læreplanar i faga deira, svarte mange at det var det ikkje, for dei klarte å gi undervisninga eit samisk perspektiv trass i nasjonale læreplanar som sa lite eller ingenting om samiske forhold. Det er ingen tvil om at mange lærarar har gjort ein stor innsats på eige initiativ for at samisk opplæring verkelig skal bli samisk opplæring. Men eg vil spørre om vi ikkje og bør sjå samisk opplæring som elevane sin rett, ikkje bare som læraren si moglegheit. Ikkje alle elevar er så heldige i alle timar å ha lærarar med ein slik overflod av kunnskap, energi og tid som skal til for sjølv å lage om ein norsk nasjonal læreplan til samisk undervisning. Ofte manglar lærarane kvalifikasjonar og i ein del tilfelle dessverre og motivasjon for å gi undervisninga eit samisk innhald. Da vil det i dagens situasjon vere naudsynt med læreplanar med forskriftsstatus for å sikre at det samiske innhaldet kjem med. Når noko står i læreplanen, vil skolane og lærarane og, med lova i handa, kunne kreve både naudsynt skolering av lærarar og budsjett til å gjennomføre undervisninga etter læreplanen. På dette grunnlaget meiner eg at hovudmetoden for å sikre samisk innhald i skolen må vere samiske emne i dei nasjonale læreplanane, samt eigne samiske læreplanar i dei fleste faga. Dette vil ikkje aleine kunne sikre verken ei god orientering om samiske forhold for alle elevar i landet eller ei god samisk opplæring for samiske elevar, men det vil gjøre det atskillig lettare å nå dette målet.
Kva så med metodiske rettleiingar? Kan det vere ei løysing? Fleire lærarar ga i evalueringa av Reform 94 uttrykk for at om dei fikk ei eiga samisk metodisk rettleiing, kunne dei følge den nasjonale læreplanen. I følge KUF er den metodiske rettleiinga "læreplanens tvilling" 153 etter Reform 94. For samisk opplæring er det bare laga ei metodisk rettleiing. Denne er felles for samiskfaget og norsk for elevar med samisk. Dersom det skal lagast fleire metodiske rettleiingar for samisk opplæring, kan dette anten vere som "tvillingar" til eigne samisk læreplanar, eller som parallelle metodiske rettleiingar til ein og same nasjonale læreplan. I evalueringa av Reform 94 var det det siste alternativet som blei diskutert. I såfall vil ein ikkje lenger kunne snakke om "læreplanens tvilling", men heller om halvsøsken. I nokre tilfelle kan ei slik metodisk rettleiing vere ei god hjelp. Det gjeld der læreplanen er svært generell, og legg opp til stor grad av lokal tilpassing, og der lærarane er både motiverte og kvalifiserte for å gi ei samisk opplæring. Eit eksempel på dette kan vere studieretningsfaga i naturbruk grunnkurs. Som hovudregel meiner eg likevel at læreplanane spelar så stor rolle at verken metodiske rettleiingar eller andre hjelpemiddel kan sikre at samiske forhold får sin rettmessige plass i opplæringa. Ei anna sak er at der det blir laga samiske læreplanar, vil lærarane ha minst like stort behov for metodiske rettleiingar til desse, som til dei nasjonale planane, ettersom ein for samisk opplæring har langt mindre utval av lærebøker og andre hjelpemiddel.
Samiske læreplanar kan vere ein sjanse til alternativ også på andre område enn dei spesifikt samiske. Dersom det frå sentrale skolestyresmakter ikkje blir satt for snevre rammer for slike læreplanar, kan dei brukast til å utvikle faglige og pedagogiske alternativ, som etter kvart kan overførast til anna opplæring. Der dagens læreplanar fungerer som tvangstrøyer som hemmar faglig og pedagogisk utvikling, kan samiske læreplanar bidra til å løyse opp tvangstrøya.
Det vil vere vanskelig å få gjennomslag for å lage samiske læreplanar etter heilt andre prinsipp enn det ein elles brukar i vidaregåande opplæring. Formen vil måtte tilpassast, men forslaga mine om samiske læreplanar skal i hovudsak kunne brukast anten dei må tilpassast målstyrte, emnesentrerte eller yrkessentrerte læreplanar.
Etter denne prinsippielle drøftinga av læreplanar vil eg gå over til å sjå på dei røynslene som er gjort med samiske læreplanar der slike har vore praktisert ei tid, nemlig i grunnskolen.
I arbeidet med å styrke det samiske innhaldet i skolen har grunnskolen hatt høgast prioritet, både frå styresmaktene si side og frå samiske organ som Sametinget og Samisk utdanningsråd. Det er derfor mye samisk vidaregåande skole kan lære av det som har foregått i grunnskolen. Eg vil forsøke å sjå om det er historiske, pedagogiske, økonomiske eller politiske årsakar til denne forskjellen mellom grunnskolen og vidaregåande skole.
I den nye folkeskolelova som blei vedtatt i 1959 blei det for første gong på nesten eit hundreår i prinsippet opna for å bruke samisk som opplæringsspråk. I 1967 blei begynnaropplæring på samisk og samisk som fag innført i skolen i to kommunar i Finnmark.
Trass i at staten no hadde byrja å legge om på skolepolitikken overfor samane, blei desse heilt uteglømt i forslaget til ny normalplan for grunnskolen, da denne kom i 1970. Som så mange gonger seinare måtte samane gjennom samiske organisasjonar og lærarar i samiske område minne om sin eksistens, slik at samisk språk og samiske elevar kom inn i Mønsterplanen av 1974 (M-74). I føreordet til denne står dette uttrykt slik: "I samsvar med ønsker som er kommet fram i Stortinget og på annet hold, er innslaget om samisk kultur og historie styrket gjennom hele planen." Her finst ein plan for samiskundervisning og i eit innleiande kapittel om skolesamfunnet er det eit avsnitt om "Skolen i språkblandingdistrikter". Hovudvekta ligg på samisk i dei lågare klassetrinna og deretter på norsk i dei høgare klassetrinna i grunnskolen. .154 I dei einskilde fagplanane har samiske forhold kome inn på to måtar: Planen gir råd om tillempingar av undervisninga for "språkblandingsområde" f.eks. i heimstadlære. Samtidig er samiske forhold nemnde einskilde stader i oppramsinga av emner for fellespensum, f.eks. geografi, historie og samfunnskunnskap. Her synas innslaget av samiske emne å vere omtrent på høgde med det som blir kalla samiske emne etter den nasjonale læreplanen L-97. Under musikkfaget er det med ein oversikt over "samiske sanger og sanger som er oversatt til samisk". Formingsfaget har ei "oversikt over formingsdisipliner der det er utviklet en særegen samisk tradisjon". Blant valgfaga for 8. og 9.klasse var det eit fag med samisk innhald: reindriftskunnskap.
Mønsterplanen av 1987 skil for første gong ut eigne samiske læreplanar frå dei nasjonale læreplanane. I 1989 blei del 2 av Mønsterplanen utgitt, med samiske fagplanar for 7 fag i grunnskolen. Dette var eit viktig framsteg for dei som fikk undervisning etter desse læreplanane. Det tilsa og at det måtte lagas læremiddel i samsvar med desse læreplanane, sjølv om dette ikkje alltid blei gjennomført i praksis.
Med Reform 97 er det innført nye, målstyrte læreplanar for alle fag. I høringsutkast til "Prinsipper og retningslinjer for den 10-årige grunnskolens oppbygging, organisering og innhold" er sterkare vektlegging av felles lærestoff nemnd som eit av hovudtrekka i reforma. Fellesskap og einskapsskole pregar heile dokumentet, også avsnittet om samisk språk og kultur. Der heiter det: "Det felles nasjonale lærestoffet sikrer elever med samisk som førstespråk en kompetanse likeverdig med elever med norsk som førstespråk etter fullført grunnskole." .155
I KUF sin tankegang har ein oppnådd likeverd når samisktalande og norsktalande nordmenn har hatt det samme nasjonale lærestoffet. Da læreplanarbeidet for Reform 97 starta, blei det derfor ikkje sett i gang noko arbeid med samiske læreplanar, med unnatak for samisk som førstespråk og som andrespråk, samt norsk som andrespråk for samiske elevar.
KUF godtar eit visst rom for samisk kultur i skolen, men forsøker samtidig å avgrense dette. I høringsutkastet seier ein først at "Samisk språk er en del av denne felles arv som det er et særlig ansvar for Norge og Norden å hegne om. Denne arven må gis rom for videre utvikling i skoler med samiske elever". Men seinare i same dokumentet kjem det fram at det ikkje er alle samiske elevar som skal nyte godt av dette: "I det samiske forvaltningsområdet .156 og i samiske skoler skal elevene møte stoff og arbeidsmåter som gir fordypning i samisk språk og kultur.". 157 Sametinget kritiserte dette i november 1994 og uttalte at dersom Noreg skal oppfylle ILO-konvensjonen om urfolk er det ein føresetnad at ein får eigne samiske læreplanar, og at Sametinget får myndigheit til å fastsette desse.
Ein kombinasjon av krav frå Samisk utdanningsråd og Sametinget og skifte av statsråd hausten 1995 158 førte til at ein fikk eit eige samisk læreplanverk. Dei samiske læreplanane skil seg frå dei nasjonale planane i faga: norsk, engelsk, samfunnsfag, natur- og miljøfag, kristendom, duodji / kunst og handverk, musikk og heimkunnskap. I tillegg er her planar for opplæring i samisk på tre forskjellige nivå.
![]() | Det samiske læreplanverket for grunnskolen er ei viktig prinsippiell anerkjenning av retten til eiga samisk opplæring. |
Men om KUF hadde godtatt eigne samiske læreplanar, skulle desse utarbeidas innafor ramma av den nasjonale brua, "Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen", og med dei nasjonale læreplanane som mal. Før prinsippet om samiske læreplanar blei vedtatt, var da også arbeidet med dei nasjonale læreplanane allereie så godt som ferdig.
Da Sametinget våren 1996 diskuterte det samiske læreplanverket, kom det fram svært skarp kritikk av læreplanforslaga. Kritikken retta seg ikkje mot læreplangruppene sitt arbeid, men mot dei rammene dei var tvungne av KUF å arbeide innafor. Innafor Sametinget var det vurdert å avvise læreplanane totalt.
Løysinga blei i staden å kreve ei eiga samisk bru, samtidig som ein understreka at dei nye læreplanane bare måtte vere midlertidige. Dette gikk KUF med på hausten 1996. Men no var det knapp tid fram til læreplanverket skulle takas i bruk, og Samisk utdanningsråd fikk bare få månadar på å utarbeide denne brua. Resultatet for grunnskolen blei altså at samiske interesser klarte å få gjennom mye meir plass for samisk innhald i skolen enn det KUF hadde ønska. Til slutt blei det to parallelle læreplanverk, det nasjonale og det samiske. Begge består av tre delar:
1. Generell del (grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring)
2. "Brua" (Prinsipp og retningslinjer)
3. Læreplanar for fag
Dei to siste delane er særeigne for det samiske læreplanverket. Men paradokset er at mens
desse for det nasjonale læreplanverket sin del bygger på kvarandre i denne rekkefølgda, er ikkje dei samiske læreplanane for fag skreve med grunnlag i den samiske brua, men i den nasjonale brua. Når dei nasjonale læreplanane allereie var ferdig skreve før arbeidet med dei samiske læreplanane tok til, kan dette ha ført til at dei samiske læreplanane har blitt mindre samiske enn ein frå samiske skolemiljø hadde ønska seg.
Arbeidet med læreplanane blei, innafor KUF sine rammer, styrt av Samisk utdanningsråd (SUR). For læreplanarbeidet var det ei felles ekspertgruppe og styringsgruppe, og to referansegrupper, som delte faga mellom seg. I læreplangruppene tok ein inn folk med uformell kompetanse, noko som ikkje hadde skjedd før. SUR karakteriserte dette sjølv som eit viktig nybrottsarbeid. Karakteristisk for den uklare stoda omkring læreplanane er at direktøren for SUR og leiaren av Samisk læremiddelsenter i oktober 1995, halvannan månad før læreplanutkasta skulle vere klare, ikkje kunne svare på spørsmålet om kva for eit organ som endelig skulle vedta dei samiske læreplanane. Den striden som oppsto i nokre kommunar om kor dei samiske læreplanane skulle gjelde, vil eg ikkje gå inn på her, da dette har liten relevans til vidaregåande opplæring.
"Prinsipper og retningslinjer for opplæringen i grunnskolen etter det samiske læreplanverket", den såkalla "samiske brua" uttrykker målsettinga for samisk opplæring i grunnskolen slik: "Som del av enhetsskolen bygger den samiske skolen på prinsippet om en enhetlig og likeverdig opplæring med utgangspunkt og ståsted i de samiske samfunns egenart og behov. Opplæringen skal ha et innhold og en kvalitet som gir grunnleggende kunnskap, levendegjør kulturarven, stimulerer til å ta lokalkulturen i bruk og inspirerer barn og unge til å være aktive og skapende i de samiske og det norske samfunn. Opplæringen skal bidra til å sikre en positiv identitetsutvikling og funksjonell tospråklighet. Å forme og utvikle et godt og positivt selvbilde vil gi grunnlag for vidsyn, toleranse og positive holdninger overfor eget språk, samfunn og kultur, for andres kultur og for samarbeid med mennesker fra andre samfunn og kulturer".160
I samband med spørsmålet om også vidaregåande skole i større grad bør ha eigne samiske læreplanar er det nyttig å studere røynslene frå grunnskolen nærare, både når det gjeld arbeidet på politisk, administrativt og faglig nivå. I den samanheng er det og grunnlag for å stille spørsmålet om det kan vere behov for ei tilsvarande "samisk bru" med felles målformuleringar også for vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.
Trass alle feil og manglar, er det naudsynt å oppsummere at samiske lærarar er nøgde med at dei har fått samisk læreplanverk. Det er ei vakker bok med illustrasjonar som og kan brukas i undervisninga. Og sjølv om læreplanen bare gjeld i dei 6 kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk, kan han verke "som ein kunnskapsbase og idebok for store område som elles følger den nasjonale planen". 161
Samiske emne i nasjonale læreplanar
Frå 1974 har læreplanane frå grunnskolen i større eller mindre grad inneheldt samiske element. Ut i frå den generelle læreplanen sine ord om at samisk kultur er ein del av den felles arven, skal kunnskap om samiske forhold vere ein integrert del av læreplanane i dei forskjellige faga, også for dei som følger nasjonal læreplan. Ved utarbeidinga av Reform 97 fikk læreplangruppene som var nedsatt av KUF som ein del av mandatet sitt å integrere kunnskap om samiske forhold i dei nasjonale læreplanane. Men sidan dei hadde skralt med kompetanse blei resultatet i første omgang dårlig, og Samisk utdanningsråd blei satt på saka. Dei satte opp punkt dei ville ha med, og så sydde KUF dette inn i planane. Dette blei kalla samiske emne eller samiske stolpar, og her er eit par eksempel frå læreplanen i natur- og miljøfag:
8. klasse: "- arbeide med døme på tradisjonell folkemedisin, mellom anna den samiske"
9. klasse: "-bli kjende med korleis folk og spesielt samane har nytta og nyttar naturressursane"
10. klasse: "- arbeide med spørsmål knytte til nordlys og ulike segner i samband med dette, mellom anna samiske".
Dette var dei tre samiske stolpane i natur- og miljøfag. Det er alt som står i læreplanen for eit fag som alle elevar skal ha i ti år. For samiske elevar som følger dei nasjonale læreplanane vil det med andre ord gå 7-8 år før dei får noko om sitt eige i eit så sentralt fag for samisk kultur og levemåte. I Opplæringslova er det vedtatt at Sametinget skal ha mandat til å vedta desse samiske stolpane i det nasjonale læreplanverket. Men ettersom planane var vedtatt før lova, får dette tidligast verknad frå neste læreplanrevisjon.
Samisk høgskole er opptatt av å få meir samisk kunnskap inn i skolen og lærarar ved skolen har tatt dette opp i eiga forsking og kvalifisering. Som eksempel kan eg nemne Johan Daniel Hætta si hovudfagsoppgåve i pedagogikk: Samiske kunnskapar - samisk grunnskole, og Aimo Aikio sine hefte Sápmelaš ressurssat skuvllas 162 og Eahpeformála máhttu skuvllas.163 Innafor duodjiopplæringa har dei dreve utplassering av studentane hos eldre duodjiutøvarar, både for at studentane skal lære på den tradisjonelle måten og for å utvikle samarbeidet mellom duodjiutøvarane og skolen. Målet er at dei framtidige duodjilærarane og skal kunne ta i bruk slike arbeidsmetodar i grunnskolen. 164 I samarbeid med SUR og SUFUR blei det i 1997 gjennomført eit forprosjekt om Modell for bruk av tradisjonskunnskap i skolen. Ein rapport blei utgitt i slutten av 1997. Deretter blei ein prosjektarbeidar tilsett for eit halvt år, men prosjektet stoppa så opp på grunn av mangel på pengar. Dette er likevel ført vidare av minst to grunnskolar og i undervisninga i samisk språk ved høgskolen.
154.Mønsterplanen 1987, s. 69.
157. Høringsutkast til "Prinsipper og retningslinjer", s. 11.
161.Daverande leiar i SUR, Asbjørg Skåden, intervju i Klassekampen 09.10.97
162. = Samiske ressursar i skolen
163.= Uformell kunnskap i skolen