Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

5.3. Samisk kunnska

5.3.1. Kva er samisk kunnskap?

Sigbjørn Dunfjeld 138 drøftar i artikkelen "Tradisjonell samisk kunnskap og samisk forskning" skilnaden på samisk kunnskap og norsk kunnskap. Han seier: "...den kunnskapsverdenen vi ble innført i ved hjelp av skolevesenet, var en annen enn den kunnskapsverden vi blei innført i heime og i de samiske miljøene". 139 Det er altså ikkje bare spørsmål om ein litt forskjellig, supplerande kunnskap, men om to kunnskapsverder.

Dunfjell seier vidare: "Heime blei vi opplært til å skille mellom samisk og norsk måte å tenke og gjøre ting på. Vi hørte til stadighet: - Vi samer gjør det slik, vi tenker på den måten, vi sier det slik, det er sånn vi får det beste resultatet. ... Dess mer spesifikke samiske arbeidsoperasjonene var, jo mer sikre var vi på at dette var det bare vi som samer som kunne utføre, og følte en viss stolthet med hensyn til dette."

Her ser vi eit eksempel på at samisk kunnskap blei oppfatta som noko svært særeigent. Det var nok og tilfelle i visse miljø, og sjeldan var kontrasten mellom samisk kunnskap og arbeid og det omliggande norske storsamfunnet større enn i det sørsamiske reindriftsmiljøet som Dunfjell vaks opp i. I andre samiske og samisk/norske lokalsamfunn kunne denne skilnaden vere langt mindre. Den kunnskapen samar hadde og dei aktivitetane dei dreiv med var altså tildels spesifikt samiske, tildels var dei felles med nabofolka. Sjølv om dei spesifikt samiske kunnskapane er mest interessante i kulturpolitisk og antropologisk samanheng, er felleskunnskapane og høgst aktuelle når vi snakkar om å knytte yrkesopplæring til samisk tradisjon.

Om vi går tilbake til definisjon av urfolkskunnskap som er brukt av UNESCO, ser vi at denne er innsnevra til "den unike, tradisjonelle, lokale kunnskapen som finst innafor og er utvikla rundt dei særskilde forholda til menn og kvinner som er innfødde i eit særskilt geografisk område." Ein stiller altså krav om at denne kunnskapen skal vere både tradisjonell, lokal og unik. Eit slikt krav kan lett komme til å ekskludere mye av urfolka sin kunnskap, dersom denne ikkje er heilt unik, men har parallellar i andre kulturar eller er eit resultat av nyare eller seinare påverknad frå andre folkeslag. Nestleiar ved UNESCO sitt institutt for utdanning, Linda King, seier og noko som etter mi oppfatning teller mot ei slik snever definering: "... det ikkje er noko slikt som ein rein kultur, og at alle kulturar låner, låner bort, tilpassar og endrar visse element frå andre kulturar." 140

Samane har tatt opp påverknadar frå nabofolka i form av bruksgjenstandar og pyntegjenstandar, ord og skikkar. I ein del tilfelle har dette gått av bruk i dei kulturane gjenstandane eller skikkane var lånt frå, mens samane har bevart det opp mot vår tid. Derfor kan vi seie at noko i dag er typisk samisk, sjølv om det opphavelig er eit resultat av påverknad utafrå. Her kan nemnast mange folkemedisinråd, sølvgjenstandar som silbaspábba og Maria-monogram og skjerding / skirttet.

Johan Daniel Hætta 141 har spurt 9 informantar i Guovdageaidnu om kva dei oppfattar som samisk kunnskap. Svara sprikar frå å bare anerkjenne den kunnskapen samar er aleine om (f.eks. tradisjonell reindrift og laging av samiske skinnklede) til den kunnskapen samar brukar i sitt daglige liv i dag (f.eks. inkludert bruk og reparasjon av snøskuter). Ein av informantane hans, som er lærar, seier: "På skolen har vi hatt diskusjoner om hva samisk kunnskap er, og det er omtrent like mange meninger om hva samisk kunnskap er som det er lærere, vi er ikke kommet til felles konklusjoner." 142 Felles er likevel at det dei snakkar om er dei praktiske kunnskapane. Viten som ein har lese seg til blir ikkje nemnt, sjølv om den går på samiske forhold, f.eks. teoretiske kunnskapar om samisk grammatikk eller samisk litteraturhistorie. Hætta gjør ikkje sjølv noko forsøk på å stille opp ein utvilsam og allmenngyldig definisjon av samisk kunnskap. Det vil eg heller ikkje gjøre, men eg vil gjøre greie for korleis eg vil bruke omgrepet i denne oppgåva. Eg brukar da samisk kunnskap om den kunnskapen som har vore eller er i bruk i samiske område og som samar meiner at høyrer til eller er typisk for samfunnet deira. Eg ser det verken som mogleg eller ønskelig å trekke opp sylskarpe linjer mellom samisk og ikkje-samisk kunnskap. For skoleverket er det viktig å bruke det på ein fleksibel måte som gjør at ein finn ein balanse mellom det spesifikt samiske og det meir allmenne og mellom det tradisjonelle og det moderne.

Torvskjæring er gamal kunnskap som er lite i bruk i dag. Kokelv sjøsamiske museum har samla gamle torvspadar.
(Foto: SL)

For ein del yrke vil ikkje den samiske kunnskapen aleine gi grunnlag for eit levebrød, men vere ein "vesentlig tilleggskvalifikasjon", som det ofte heiter om samiskkunnskapar ved stillingsutlysingar. Det gjeld bl.a. for folk som skal arbeide i turistnæringa, museum, samiske barnehagar og skolar osv. Samiske fagfolk som kan kombinere faget sitt med samisk språk og kultur vil stå sterkare på arbeidsmarknaden enn dei som bare har norske kvalifikasjonar.

Ein vanlig reaksjon når ein tar opp spørsmålet om samisk kunnskap er om dette er relevant i vår moderne tid. Ei utbreidd oppfatning er at samisk kunnskap er noko forelda som ikkje har nokon funksjon i dagens samfunn. Dette er haldningar som vi ikkje bare kan møte på hos styresmaktene og representantar for majoritetsbefolkninga, men og blant samane sjølve. Spørsmålet om samisk kunnskap har noko i dagens skole å gjøre må sjåast frå ulike vinklar; relevans i forhold til arbeidslivet, i forhold til elevane sin skolemotivasjon og tilutvikling av sjølvkjensle og identitet.

5.3.2. Samisk kunnskap, kulturarv og identitetsbygging

Vidaregåande opplæring har innafor yrkesfag eit dobbelt siktemål. Opplæringa skal kvalifisere for arbeid i eit yrke. Samtidig skal ho vere allmenndannande og formidle og fremme visse overordna verdiar; kristne, nasjonale, humanitære verdiar, internasjonal forståing og toleranse. Dette seier at relevansen til kunnskap ikkje bare er det som er direkte matnyttig. I den samanhengen seier generell læreplan at "Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om. Denne arven må få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar, slik at han styrkjer samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur." 143

Skolen skal formidle kulturarven og gjøre elevane klare for å møte verda ut frå det kjente pedagogiske prinsippet "Frå det nære til det fjerne, frå det kjente til det ukjente". 144

I kapitlet om identitet viste eg kor viktig ein trygg identitet er for sjølvkjensle og trivsel i kvardagen. Dette er ein av dei viktigaste funksjonane til samisk kunnskap i dag. Eg viste og at for ein samisk fagarbeidar vil ofte dei to viktigaste elementa i den personlige identiteten vere den etniske identiteten og yrkesidentiteten. For den samla identiteten vil det da vere avgjørande at desse ikkje kjem i motsetning til kvarandre, men styrkar kvarandre.

5.3.3. Samisk kunnskap og motivasjon

Da eg jobba i samisk vidaregåande skole var det ei gjennomgåande klage frå lærarane over at mange elevar var lite motiverte. Sjølv om liten elevmotivasjon på landsbasis er eit aukande problem, meiner eg det er grunnlag for påstanden om at dette problemet er ekstra stort i samiske område. Dette gjeld ikkje bare for vidaregåande skole, men og for grunnskolen. I Guovdageaidnu kjem dette bl.a. til uttrykk ved at både grunnskolen og vidaregåande skole jamnt over har hatt både større fråver og lågare karakternivå enn landsgjennomsnittet. Vidaregåande skole har i tillegg hatt stort fråfall av elevar i løpet av skoleåret.

Mangelen på motivasjon i samiske område er ikkje noko nytt fenomen. Det var vel kjent allereie for over hundre år sidan, noko som bl.a. er dokumentert i Edmund Edvardsen si bok om den gjenstridige allmue.145 Når utdanningsnivået i Finnmark har lege langt under landsgjennomsnittet, kjem det ikkje bare av at utbygginga av vidaregåande og høgare skoletilbod kom seint her, men og av at mange ikkje var motiverte for meir skolegang enn høgst naudsynt. Da 9-årig skole blei innført, var det to kommunar i landet der eit fleirtal av foreldra ga uttrykk for motstand mot utvida skoleplikt. Det var dei to kommunane som har størst andel av samisk befolkning.

Ein treng ikkje ty til forklaringar om late finnmarkingar og tiltakslause samar for å finne forklaringa på denne mangelen på skolemotivasjon. Mange har skreve og snakka om fornorskingspolitikken og det brotsverket det var å gi ungane skole på eit språk dei ikkje forsto. Men det er bare ein del av biletet. Minst like viktig er at innhaldet i skolen i liten grad var relevant i forhold til livet utafor skoleporten. Slik var skolens skjulte læreplan at elevane, foreldra deira og lokalsamfunna deira ikkje var noko verd. Sjølv der undervisninga var på elevane sitt førstespråk, kunne den kulturelle avstanden mellom skole og heim vere svært stor.

For nokre år sidan underviste eg grunnkurs mekaniske fag i matematikk. I klassa var det ein elev som aldri tok ordet i timen, og som trulig aldri hadde gjort nokon særlig suksess på skolesystemet sine premiss. Ein dag vi hadde om måleeiningar, om det metriske systemet og tommesystemet, spurte eg klassa om det fantest nokre samiske måleeiningar. Nei, meinte dei fleste, samar målte da i millimeter og meter som andre folk. Så var det at gutten bakerst i kroken rekte handa halvvegs opp. Han strekte tommelen og peikefingeren ut frå kvarandre, mens han skjulte dei andre fingrane. Han viste ei samisk måleeining, mellom tommelfingerspiss og pekefingerspiss. - Kva kallar du det?, spurte eg. - Goartil, kom det frå kroken. Det var den dagen han sa noko fagleg til heile klassa i ein matematikktime. Han fikk bekrefta at det fantest samiske måleeiningar, og at skolen i ein sjelden augneblink kunne verdsette ein kunnskap som han hadde med seg heimefrå.

Det har vore vanlig å snakke om elevmotivasjon. Eg trur det er like viktig å stille spørsmålet om foreldremotivasjon. Den haldninga foreldre og andre familiemedlemmar har til skolen er ofte avgjørande for elevane sine haldningar og arbeidsinnsatsen deira. I vidaregåande skole spelar den direkte kontakten mellom foreldre og skolen mindre rolle enn i grunnskolen, men også der kan denne vere viktig. Da eg var lærar i mekaniske fag ved Samisk videregående skole og reindriftskole, innbaud vi kvar haust til foreldremøte med omvising på skolen. Men som regel kom det ganske få foreldre. Dei var mest fedre som kom, oftast dei som sjølve hadde eit arbeid knytta til mekaniske fag. Dei kjente at det skolen dreiv med var relevant for dei og dei hadde ei eiga faglig interesse av å sjå f.eks. kva slags maskinar vi hadde på verkstaden. På desse foreldremøta passa vi på å trekke fram det elevane laga som hadde samisk og lokal tilknytning, f.eks. reinbjølle. Dette slo alltid godt an, også blant foreldre utan faglig tilknytning til mekaniske fag. Ein av dei andre lærarane i mekaniske fag gjennomførte ei undersøking i klassa si. Han spurte elevane om kor ofte foreldra spurte dei om kva dei dreiv med på skolen. Svaret var skremmande, 100% av elevane svarte at foreldra aldri spurte dei om innhaldet i skolen.

Johan Daniel Hætta drøftar i "Samiske kunnskaper - samisk grunnskole" foreldrehaldningar i forhold til den offentlige skoledebatten i samiske område:

"De offentlige diskusjonene har stort sett vært ført mellom skolefolk. Foreldre og andre utenfor skoleverket har debattert hjemme, men i liten grad deltatt i den offentlige debatt. En av grunnene kan være at de mener at "dáža" (nordmann) og utdannede samer vet best. Holdningen skyldes trolig språkbarrierer og redsel for å vise at man ikke er tilstrekkelig lærd. Den vitner om resignasjon. Og da kan det være best å dekke seg bak taushet. En annen grunn kan være at avstanden mellom skolens innhold og behovet for endringer av skolen i forhold til det samiske samfunn var så stort at man anser det som urealistisk å oppnå vesentlige fremskritt". Hætta er her utvilsomt inne på mange viktige faktorar. I tillegg kjem den psykologiske verknaden av vonde minne frå eiga skoletid. For mange har denne ført til at dei for ettertida ønska å ha minst mogleg med skoleverket å gjøre.

I dei tilfella der skolen har tatt opp samisk kunnskap, særlig slik som har stått i fare for å gå i gløymeboka, har det hatt svært positiv verknad på foreldra si interesse for skolen. Det såg vi bl.a. da reindriftslinja byrja å gi opplæring i temming av kjørerein. Plutselig fikk skolen ei rekke positive tilbakemeldingar frå foreldre som elles hadde latt høre lite frå seg. Om ein mekanikarelev kjem heim til mor med ein jiehkku 146 som han har laga sjølv, får mor eit langt nærare forhold til skolen enn om eleven kjem heim med eit rørgjengesnitt.147

5.3.4. Samisk kunnskap og dagens yrkesliv.

Næringslivet og arbeidsmarknaden i samiske område har ein del særtrekk i forhold til landsgjennomsnittet:

* Det er framleis relativt mange sysselsett i primærnæringane, sjølv om desse er i tilbakegang.
* Det er svært liten industri.
* Ein svært stor del av bedriftane er styrt av ikkje-samar.
* Dei samiske innlandskommunane har stor arbeidsløyse, men relativt stabil busetting.
* Dei samiske kystkommunane er prega av fråflytting og/eller pendling til større sentra.
* Det har vore vekst i arbeidsplassar knytta til utdanning, kultur og forsking.
* Det er mangel på høgt utdanna samar, men lite arbeid for folk utan høgare utdanning.
* Innafor praktiske yrke er det mange med halv utdanning og relativt få med fagbrev.
* Kombinasjonsnæringar har sterke tradisjonar og framleis lever mange av forskjellige nærings- og yrkeskombinasjonar. Mye av kombinasjonane skjer utafor den offentlig registrerte arbeidsmarknaden.

Tilsaman gjør desse trekka at samanhengen mellom yrke, yrkesutdanning og yrkeskunnskap ikkje er like fast som f.eks. i eit norsk bysamfunn. Det finst mye kunnskap i yrkesfag, f.eks. om husbygging, kjøretøyreparasjon og helsestell hos folk som ikkje har formell utdanning i faget og/eller aldri har vore tilsett som arbeidar eller registrert som næringsdrivande i faget. Når det gjeld den samiske kunnskapen, kan det vere minst like mye å finne hos slike folk, som hos dei med fagutdanning og yrke. Dette er noko av grunnen til at eg i denne oppgåva ikkje brukar uttrykket "samisk yrkeskunnskap", men i staden det vidare omgrepet "samisk kunnskap i yrkesfag".

Historisk har arbeidslivet i samiske område hatt eit særtrekk som ikkje kjem fram i oversikta over, ettersom den bare tar opp kva slags arbeidsplassar som finst, ikkje kven som har dei forskjellige jobbane. Dersom ein går ein generasjon tilbake, fall delinga mellom "hand og ånd" i stor grad saman med delinga mellom samisk og norsk. Handa var samisk, mens ånda var norsk. I primærnæringane var innslaget av samar størst, i sekundærnæringane var det ofte samar på grunnplanet og norske sjefar, mens det i administrasjon, undervisning og helsestell gjerne var dei norske som dominerte. Sjølv om her har skjedd ei stor utvikling dei siste tiåra, både med heving av utdanningsnivået blant samar og auke i arbeidsplassar som krev samiske kvalifikasjonar, er tendensen framleis klar; utdannings-, posisjons- og lønnsmessig ligg nok den norske befolkninga i samiske kommunar gjennomsnittlig over den samiske.

Vil samisk kunnskap i yrkesfaga styrke eller svekke elevane på arbeidsmarknaden? Gjennom intervjua under evalueringa av R94 kjem det fram at det kan framstå som ei motsetning mellom å legge vekt på samisk kunnskap og å sikre arbeid. Ein byggfaglærar uttaler: "Mitt ønske er å bygge hus mer i stil med samisk byggeskikk, men problemet er at vi har ansvar for at elevene skal lære generell byggeskikk med tanke på at de skal få seg en jobb hvor som helst i landet når de er ferdige. Stilt overfor et slikt dilemma, velger jeg gjerne bort det som er minst gunstig for elevenes framtid." 148

Dette sitatet gir uttrykk for eit pessimistisk syn på bruken av samisk kunnskap ut i frå arbeidsmarknaden. Det er klart at om vi utdanna bygningsarbeidarar som bare kunne bygge gammer og mekanikarar som bare kunne smi, ville det vere lite plass for dei på dagens arbeidsmarknad. Det er ikkje tvil om at samisk ungdom treng utdanning for det moderne samfunnet. Dei må kunne bygge dei husa som byggast i dag, reparere dei kjøretøya som brukast no osv. Men samtidig trur eg det å bruke den gamle samiske kunnskapen er ei undervurdert nisje på arbeidsmarknaden. Det er ein god del eksempel på folk som har gjort praktisering av samisk kunnskap til eit levebrød. Nokre av desse vil eg nemne seinare, bl.a. under kapitlet om byggfag.

Spørsmålet om samisk kunnskap og arbeidsmarknaden kan ikkje bare sjåast i forhold til dei arbeidsplassane som eksisterer i dag. Ein må og sjå om ei endra utdanning vil kunne føre til auka etablering av nye arbeidsplassar. Det er til samanlikning fleire tilfelle av at tidligare elevar ved duodji-linja i Guovdageaidnu har etablert duodji-baserte arbeidsplassar i sjøsamiske område der duodji-tradisjonane var i ferd med å forsvinne. Utan at desse elevane hadde hatt tilgang til samisk kunnskap i skolen, hadde dei trulig heller ikkje kunna etablere desse arbeidsplassane. 149

5.3.5. Samfunnsmessige verknadar av samisk kunnskap

Den tradisjonelle samiske kunnskapen er ein kunnskap om korleis berge seg med lite. På samisk har ein omgrepet "birgejupmi", berging gjennom allsidig utnytting av naturen, reparasjonar og gjenbruk av utstyr. Idealet var "birget vaikko čáhcegeađggi alde", å berge seg om så på ein stein ute i vatnet. Johan Klemet Kalstad kallar dette for "minimaliseringsprinsippet" 150, og viser i si analyse av reindrifta korleis bruk av den tradisjonelle kunnskapen vil vere kostnadsreduserande i forhold til dagens drift, som bygger på store driftsutgifter med tilsvarande stort inntjeningsbehov. Dette gjeld ikkje bare for reindrifta, men og for jordbruket og fiskerinæringa.

Innafor naturbruk og naturforvaltning vil etter mi oppfatning samisk kunnskap kunne bidra konkret til å betre levevilkåra i samiske område. Nord-Noreg har dei siste tiåra vore ramma av økologiske kriser og katastrofer på to område. Det eine er nedbeiting av vidda, det andre nedfiskinga av fleire fiskestammer. Både beite- og fiskeressursane har samane tidligare utnytta på økologisk forsvarlig vis i hundrevis av år. Men økologisk forsvarlig forvaltning har måtta vike for kortsiktige profittinteresser. Både gjennom lovverket og tilskotsordningane har staten fremma mekanisering og stordrift innafor både reindrift og fiske. Sjølv om denne politikken økologisk sett har spela fallitt, har staten tvihaldt på at han sjølv framleis må ha forvaltninga.

Den samiske måten å utnytte naturen på har vore prega av kombinasjonsnæringar. Frå 1960-talet satte staten seg som mål å utrydde kombinasjonsnæringane. Gjennom støtteordningar blei bønder og fiskarar tvunge til å spesialisere seg og satse meir enn både naturen og økonomien deira kunne tole. Den kunnskapen som er utvikla i dei tradisjonelle kombinasjonsnæringane, anten det er fiskarbonde-tilpasning på kysten eller reindrift og utmarksnæringar i innlandet, er ein annan enn den ein lærer på jordbruksskolar og fiskerifagskolar med nasjonal læreplan. Derfor har det frå nokre samiske kommunar vore gjort forsøk på å få igang ei utdanning i kombinasjonsnæringar. Eg kjenner til eit initiativ frå Kåfjord kommune i Troms på å få ei slik utdanning dit. Dette stranda på at ei slik utdanning ikkje passa inn i Reform 94.

Ei anerkjenning av samisk kunnskap, både innafor samisk opplæring og opplæringa for andre folkeslag i landa der samane bur, vil vere eit skritt i retning av anerkjenning av urfolk sin kunnskap på verdsbasis. Der eitt urfolk har oppnådd anerkjenning hos "sine" styresmakter for landrettar eller rettar innafor utdanningssystemet, blir dette fort lagt merke til av andre urfolk. Slik vil samisk kunnskap i skolen i Noreg kunne ha ringverknadar ut over landegrensene.

Dersom samane hadde hatt kontroll med ressurs- og naturforvaltninga i samiske område, hadde aldri dette kraftverket i Altaelva blitt bygd.
(Foto: SL)

5.3.6. Kunnskapstyper i samisk opplæring

I kap. 1.6. synte eg at det i samisk vidaregåande opplæring er to motsetningar som verkar samtidig; mellom yrkesfaglig og allmennfaglig og mellom norsk og samisk. Dette kan overførast på spørsmålet om kva slags kunnskap opplæringa skal formidle og fremme. Vi kan snakke om teoretisk kunnskap (vite om) og praktisk kunnskap (vite korleis), om norsk kunnskap og samisk kunnskap. Sjølvsagt skjer ikkje all yrkesfaglig opplæring gjennom praktisk arbeid, og den allmennfaglige opplæringa er heller ikkje heilt utan praktiske element. Men her brukar eg for å gjøre framstillinga enklare omgrepet "teoretisk" om den teoretisk dominerte / allmennfaglige opplæringa (det som kjenneteiknar allmennfaglig studieretning + felles allmenne fag) og "praktisk" om den yrkesfaglige opplæringa gjennom arbeidsteknikk og yrkesteori knytta til praksis. Når eg her brukar uttrykket "norsk kunnskap", brukar eg det om det som hører til nasjonale læreplanar og er felles for heile landet, det betyr ikkje at all denne kunnskapen er særeigen norsk.

I eit samisk/norsk miljø vil det både i arbeidslivet og dagliglivet utafor skolen og innafor skolen vere fire kombinasjonar: teoretisk/norsk, teoretisk/samisk, praktisk/norsk, praktisk/samisk. Ingen vil vel i dag seie at det er nokon av desse kunnskapsformene som ikkje skal ha plass i samisk vidaregåande opplæring. Motsetninga går på kva ein skal legge hovudvekta på.

- Skal det teoretiske vere hovudgrunnlaget og det praktiske vere eit supplement til å illustrere teorien eller skal det praktiske vere basis og teorien bidra til å forklare og forbetre praksis?

- Skal det norske vere basis og det samiske vere eit tillegg eller skal det samiske vere basisen, som grunnlag for at elevane kan tileigne seg norsk og internasjonal kunnskap?

Det er vanskelig å måle andelen av samisk og norsk innhald og språk såvel som av praksis og teori i undervisninga, etter som her er mange kombinasjonar og glidande overgangar. Men som ein hovudtendens vil eg seie at i samisk vidaregåande opplæring står norsk sterkare enn samisk og teori sterkare enn praksis.

Dette kan illustrerast med denne figuren:

Teoretisk Praktisk
Norsk

X

X
Samisk X x

Fordeling av innhald i samisk opplæring. Dagens situasjon er at teoretisk opplæring dominerer over praktisk opplæring og norsk opplæring dominerer over samisk opplæring.

I lærarkollegiet som eg skildra under 1.6.3. kan ein svært forenkla seie at det var to hovudgrupper som ønska å gjøre noko med dette: Dei som ville styrke samisk innhald og språk, men ikkje var så opptatt av praktisk opplæring og dei som ville styrke den praktiske opplæringa, men ikkje var så opptatt av samisk innhald og språk. Eg ser desse to spørsmåla som like viktige og vil påstå at først når det største og minste krysset i tabellen over har bytta plass, kan vi få ein god skole for det samiske samfunnet.

5.3.7. Nostalgi eller ein plan for det moderne samiske samfunnet?

Store delar av det samiske samfunnet har i løpet av dei siste tiåra gått gjennom ei modernisering som trulig saknar sidestykke i nordisk historie. Særlig innafor reindrifta er dei fleste pensjonistar og mange som enno er yrkesaktive vekse opp i ei tid utan mekaniske hjelpemiddel, der dagliglivet i stor grad var som det har vore i hundrevis av år. Barna og barnebarna deira veks opp med mobiltelefonar, datamaskinar og motoriserte hjelpemiddel på alle område. Livet deira er i stor grad prega av den vestlige amerikaniserte kulturen. Mye av den gamle kunnskapen spelar ikkje lenger ei praktisk rolle, men meir ein kulturell og symbolsk funksjon.

Anton Hoem drøftar i foredraget "Tradisjonskunnskap og det samiske utdanningssystem" om det er den tradisjonelle samiske kunnskapen som skal ligge til grunn for samisk opplæring. Han seier at til spørsmålet om korleis ein moderne samisk skole bør vere, "... mener jeg ikke tradisjonskunnskap er løsenet, men heller en skole med utgangspunkt i det moderne samiske samfunn." Eg meiner det ikkje kan vere spørsmålet om eit enten - eller, det må vere eit både - og. På eine sida er det skolen si oppgåve å halde sambandet med historia og tidligare generasjonar sitt liv og kunnskap, på andre sida må ein sørge for at den moderne kunnskapen, f.eks. datateknologien, blir tilpassa til samisk språk og kultur og til lokalt næringsliv. I ein del tilfelle kan dette og sameinast, gjennom at ein tar i bruk moderne teknologi i arbeidet med samisk historie og kultur.

5.4. Konklusjon om samisk kunnskap

I dette kapitlet har eg forsøkt å greie ut kva som kjenneteiknar samisk kunnskap og kva nytte ein kan ha av samisk kunnskap i skolen.

Med samisk kunnskap meiner eg den kunnskapen som har vore eller er i bruk i samiske område og som samar meiner at høyrer til eller er typisk for samfunnet deira. Dette omfattar både den tradisjonelle praktiske kunnskapen knytta til det å utnytte naturen og drive dei tradisjonelle samiske næringane reindrift, jordbruk, fiske, utmarksnæringar og duodji og den kunnskapen som er naudsynt for å drive i desse næringane i dag. Den samiske kunnskapen omfattar samane sitt daglige liv i matlaging, helsestell, laging av bygningar og reiskapar. Samisk kunnskap omfattar og samisk historie, litteratur, folketru og religion og kunnskapar om korleis det moderne samiske samfunnet fungerer og forholdet mellom samane og omverda. Samisk kunnskap omfattar både tradisjonell kunnskap og moderne kunnskap. Ettersom skriftlig formidling i dag spelar ei avgjørande rolle også i det samiske samfunnet, må for eksempel kunnskap om korleis bruke det samiske språket innafor datateknologien reknast til moderne samisk kunnskap.

Den tradisjonelle samiske kunnskapen er, som anna urfolkskunnskap, utvikla gjennom lang røynsle frå liv i nært samspel med naturen. Denne kan vere ei viktig motvekt mot den einsidige teknologiske og økonomiske tenkinga som dominerer samfunnet i dag, og bl.a. lære oss noko om korleis ein kan utnytte naturen utan å forbruke han. Slik kan samisk kunnskap i skolen bidra til å gi framtidige generasjonar eit grunnlag for meir fornuftig naturforvaltning. I tillegg vil samisk kunnskap i skolen kunne styrke motivasjon for læring, styrke samisk identitet og gi grunnlag for etablering av arbeidsplassar, samt auke majoritetsbefolkninga si forståing for samane sin situasjon og urfolk og minoritetar generelt.

Allereie i forordet nemnte eg at seminartittelen "Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående opplæring" fortel meir om eit ønske eller ein visjon enn om dagens realitet. For at samisk kunnskap i større grad skal få plass i skolen, er det fleire vilkår som må oppfyllast, som lærarkvalifikasjonar og læremiddel. Men den viktigaste føresetnaden er etter mi oppfatning endringar i læreplansystemet, som eg vil sjå på i neste kapittel.


138. Sigbjørn Dunfjeld er leiar for det sørsamiske museet og kultursenteret Samien Sijte i Snåsa og lærar i sørsamisk.

139. Dunfjeld, Sigbjørn: Tradisjonell samisk kunnskap og samisk forskning. I: Traditionell samisk kunskap och forskning. Dieđut 5-1993, s. 23-24.

140. King, Linda (red.): Learning, Knowledge and Cultural Context. Special issue of International Review of Education. Edidorial Introduction. s. 245. «... there is no such thing as a pure culture, and that all cultures borrow, lend, adapt and distort distinct elements from other cultures.»

141. Hætta, Johan Daniel: Samiske kunnskaper - samisk grunnskole. UIT 1993

142. Hætta, Johan Daniel: Samiske kunnskaper - samisk grunnskole. UIT 1993, s. 74

143. Generell læreplan, s. 9

144. Desse prinsippa er minst like gamle som pedagogikken som fag. Øzerk siterer i den samanheng Thalmud og Comenius. Øzerk: Opplæringsteori og læreplanforståelse, 1999, s. 131

145. Edvardsen, Edmund: Den gjenstridige almue. Skole og levebrød i et nordnorsk kystsamfunn ca. 1850 - 1900. Solum 1989

146.Jiehkku er ei S-forma skinnskrape av stål, sjå kapittel 14.

147. Verktøy for å skjære rørgjenger, tidligare fast del av øvingsrekka for maskin og mekanikar. Dei færraste av desse blei nokon gong brukt.

148. NSI: Samisk videregående opplæring. 2000. kap.5.5.

149. Sjå f.eks. http://home.sol.no/pau-si

150. Kalstad, Johan Klemet: Reindriftspolitikk og samisk kultur - en uløselig konflikt? NSI 1999, s. 161 og 268.


Til fortsettinga, kap. 6
Startsida mi
sveilund@online.no