Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna:

Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

4. Kultur, identitet og yrke

4.3.4. Skolen og identitetsbygginga

Oppbygginga av ein nasjonal identitet har vore eit sentralt mål for skoleverket i alle nasjonalstatar eller rettare statar som ønsker å vere eller bli nasjonalstatar. I artikkelen "Identitetens trusel" skildrar den danske forskaren Hans Hauge korleis den danske skolen gjør elevane til kristne gjennom kristendomsfaget og til danskar gjennom danskfaget, og korleis den nasjonale litteraturen, gjennom eit kanonisert 85 utval, spela ei sentral rolle i oppbygginga av ein nasjonal dansk identitet.86 Noreg har ein tilsvarande kanon. Kor viktig denne er såg vi da læreplangruppa for læreplanen "Norsk for elevar med samisk" ønska å lage ein læreplan utan kanoniserte litterære verk. Da fikk dei absolutt nei frå KUF. Kanonen var hellig, dei kunne til naud få lov å skifte ut eit par bøker, men kanoniseringsprinsippet var ufråvikelig. Det kan vere verd å merke seg at det same departementet kort tid etter godkjente ein læreplan i samisk førstespråk utan kanonisert litteratur.

I norsk skole ser vi utvikling av norsk identitet som ein leietråd. Det går igjen i leseverka frå slutten av 1800-talet, 87 gjennom Nordahl Rolfsen sine lesebøker og fram til Hernes sitt programdokument for nasjonsbygging anno 1993: Den generelle læreplanen for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.

Ei rekke av dei dokumenta som gir føringar for opplæringa for samiske elevar, legg og vekt på identitetsutvikling. Den generelle læreplanen ser utvikling av nasjonal identitet som eit av dei fremste måla. Dette målet gjeld for alle som bur i Noreg og går i skole her, uansett etnisk identitet.

Den generelle læreplanen framhevar samtidig at samiske elevar skal utvikle samisk identitet: "Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om. Denne arven må få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar, slik at han styrkjer samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur." 88

St. meld. 52 (1992-93) Om norsk samepolitikk seier at "Samenes etniske identitet, knyttet til sosiale og kulturelle forhold, danner en viktig forutsetning for læring."89

I den felles målsettinga for dei samiske vidaregåande skolane heiter det: "Skolen skal styrke den samiske identiteten til elevene og gi dem grunnlag for å føre videre den samiske kulturarven". 90

I kapittel 5 og 6 vil eg gå nærare inn på kva for konsekvensar eg meiner sitata over må få for samisk vidaregåande opplæring.

Sjølv om grunnlaget for ein etnisk identitet blir overført frå generasjon til generasjon, vil kvar generasjon måtte finne sine eigen identitet, eller utvikle sin eigen form for etnisk identitet. Dette gjeld særlig sterkt i vår tid, der dei samiske områda har vore utsett for modernisering og store kulturelle og språklige endringar. I boka "Moderne urfolk. Samisk ungdom i bevegelse" skildrar Arild Hovland 91 dette gjennom å vise identitetsforvaltning hos ein del samiske ungdommar i Gáivuotna/Kåfjord og Guovdageaidnu på 1990-talet. Han legg der hovudvekta på ungdommen sine aktivitetar utafor skolen.

Derimot synas det ikkje å vere gjort noko systematisk undersøking av skolen sin verknad på ungdommen si samiske identitet. I elevundersøkingar har ein ikkje spurt direkte om dette, og det er heller ikkje lett for elevar å analysere i kor stor grad skolen har forma den samiske identiteten deira. Likevel finst det ein del å bygge på. Bl.a. har einskilde elevar som har gått samisk vidaregåande skole og seinare Samisk høgskole samanlikna desse og gitt uttrykk for at høgskolen i motsetning til vidaregåande skole bygde opp ein samisk identitet hos studentane sine.

Samisk identitet mellom tradisjon og modernitet. Illustrasjon frå bok om samisk barneoppseding i endring.

4.4. Yrkesidentitet

Før ein kan seie noko om yrkesidentitet for samiske elevar i yrkesfag, må eg først seie noko om yrkesidentitet meir generelt, utviklinga av yrkesidentitet i yrkesopplæringa og yrkesidentitet i forhold til yrkeslivet i det samiske samfunnet.

4.4.1. Yrkesidentitet, status og livsform

Alle har ein identitet, men ikkje alle har ein yrkesidentitet. For å ha eller utvikle ein yrkesidentitet må ein i utgangspunktet ha tilknyting til eit yrke, til ein jobb som er nokonlunde spesialisert, dvs. eit resultat av arbeidsdelinga i samfunnet.

I nokre yrke utviklar ein yrkesidentitet klarare enn i andre. Dette kan ha fleire årsakar. Nokre yrke er ikkje bare levebrød, men og ein livsform, dei påverkar heile familien frå vagge til grav. Dette er f.eks. tilfelle for reindriftssamar. Bare ordet "reindriftssame" viser at her er ei nær kopling mellom yrke og kultur / etnisitet. Andre yrke har ein klar yrkesidentitet fordi dei har status, fordi dei krev lang og spesialisert utdanning osv. Her finn vi yrke som lege og prest. Også i handverksyrke med lange tradisjonar kan faglærte yrkesutøvarar ha ein sterkt utvikla yrkesidentitet. Andre yrke har ein langt svakare utvikla yrkesidentitet. Det gjeld yrke med låg status, yrke som dei fleste ser på som ei naudløysing eller ein midlertidig arbeidsplass inntil ein finn noko betre. Da eg jobba som mekanikar i fiskeindustrien opplevde eg at vi som var faglærte mekanikarar, snikkarar osv. hadde ein klart sterkare yrkesidentitet enn dei som arbeida i produksjonen som filetkapparar, fiskepinnepakkarar og truckførarar.

Ein yrkesidentitet kan gjøre at ein identifiserer seg med personar med same yrke, trass i alle andre skilje som måtte eksistere. Derfor finst det innafor ein rekke yrke internasjonale yrkesforbund, f.eks. for legar, lærarar og reineigarar. Jo høgare status eit yrke har, jo større tendens vil ein ha til å organisere seg på grunnlag av utdanning i staden for arbeidsoppgåver.
Mekanikarar utviklar gjerne ein sterk yrkesidentitet. Her er tre av mine tidligare arbeidskameratar på Findus i Hammerfest.
(Foto: SL)

4.4.2. Yrkesutdanning og yrkesidentitet

Når startar utviklinga av yrkesidentitet? I tidsskriftet Norsklæreren var det i 2000 ein diskusjon om yrkesretting av norskfaget. Her hevdar ein av debattantane at yrkesretting er vanskelig fordi "Elevane har ingen yrkesidentitet".92 Dette kan eg ikkje vere samd i. Ein stor del av elevane følger i fotspora til eit eller fleire familiemedlemmar og har så å seie fått inn yrkesidentiteten med morsmjølka. For andre har utviklinga av ein yrkesidentitet starta når dei har bestemt seg for å søke på ei yrkesretta utdanning. Ei av oppgåvene til yrkesutdanninga er da å styrke denne yrkesidentiteten.

Den tradisjonelle yrkesutdanninga har bygd opp ein yrkesidentitet hos elevane, fått dei til å kjenne seg som del av eit yrkesfellesskap. Særlig sterkt fungerte dette gjennom lærlingeordninga, der ein blei sosialisert inn i yrket gjennom å arbeide i lag med ein faglært svein eller meister. Yrkesskolar for handverk og industrifag hadde mye av den same funksjonen, her fall yrkessosialiseringa saman med at elevane identifiserte seg med klassen sin og opplæringa som var nært knytta til yrket. Dess sterkare eleven utviklar yrkesidentitet, dess meir motivert blir han og dess betre lærer han. I alle fall gjeld dette så langt det er ein klar samanheng mellom opplæringa og framtidige yrkesoppgåver.

For dei nye grunnkursa etter Reform 94 vil denne oppbygginga av yrkesidentitet bli svekka, ettersom skolen blir meir allmennfaglig. Men dette slår ut i forskjellig grad ut i frå forskjellig tilknytning mellom grunnkurs og yrke. Nokre kurs vil framleis kunne ha denne funksjonen. Det gjeld kurs der eit fag eller ei anerkjent yrkesgruppe ligg til grunn for grunnkurset, slik som mekaniske fag og elektrofag. For andre kurs vil dette derimot vere svært vanskelig. For fag som byggfag og tekniske byggfag, som består av litt av kvart fag, vil ein starte oppbygginga av ein identitet i eit fag, for så etter få månadar å rive denne ned med å gå over til noko heilt anna. 93 For kurs som i det heile har minimal yrkestilknytning, slik det er i formgivingsfag, vil ein ikkje ha noko fag å bygge ein yrkesidentitet opp mot. Dette vil kunne gjøre elevane mindre motiverte og særlig vere frustrerande for lærarar som kjem frå eit tidligare yrkesretta grunnkurs som no er slått inn under formgivingsfag. Eg kjem nærare inn på dei forskjellige typane av grunnkurs i kapittel 6.3.1.

På samisk er det knapt skreve noko om yrkesidentitet. På skandinaviske språk er det skreve lite, det meste dreier seg om profesjonsgrupper med høgskoleutdanning. I Finland er det derimot skreve ein god del om yrkesidentitet hos arbeidarar i handverk og industri.

4.5. Arbeidsdeling i Sápmi og Noreg

I det førindustrielle samfunnet var det utafor byane lite utvikla arbeidsdeling. Ein familie måtte for å livberge seg ofte meistre arbeid som hørte til yrke som bonde, fiskar, kokk, skreddar, snikkar og smed. Ofte var det slik at jo lenger nord ein kom, jo meir allsidig måtte ein vere for å livberge seg, ettersom naturgrunnlaget var skrint og krevde ei allsidig tilpassing.

I byane hadde ein derimot allereie i middelalderen utvikla eit laugssystem med lærlingar, sveinar og meistrar i forskjellige fag. Handverkslovane frå 1800-talet gjaldt bare for byar og "ladesteder". Også lærlingelova av 1950 gjaldt for eit lite mindretal av kommunane i landet. Først da denne blei avløyst av Lov om fagopplæring i arbeidslivet i 1980 blei lærlingeordninga gjeldande overalt og ansvaret blei flytta til fylkesnivå. I landkommunar med lite folketal og dominerte av primær- og tildels tertiærnæringar, var det altså liten fagopplæringstradisjon. Yrkesopplæring i skole for praktiske yrke utvikla seg og først i byane.

I Finnmark kom ikkje yrkesskolar igang før etter krigen. Yrkesopplæring innretta mot samar starta med opprettinga av Statens heimeyrkesskole for samar i Guovdageaidnu i 1952.

Eit typisk trekk ved samiske samfunn har opp til vår tid vore kombinasjonsnæringar. I det heile var det meir kombinasjonsdrift i det førindustrielle samfunnet, men dette har vore spesielt sterkt i samiske busettingsområde, som ei tilpassing til naturforholda. Sentrale norske styresmakter sette i etterkrigstida seg som mål å utrydde kombinasjonsnæringane og dyrke fram yrkesspesialisering. Men kombinasjonsdrifta var seigliva og vanskelig å utrydde. Det var naudsynt med ei rekke tiltak, både for å lokke og presse fram spesialisering. Støtteordningane for jordbruk og fiske, skatteordningane og regelverket for lån og støtte til investeringar favoriserte dei som satsa einsidig på ei næring. Den mest kjente kombinasjonsnæringa er fiskarbondetilpassinga, men omgrepet fiskarbonde skjuler ofte at her har vore fleire fagkunnskapar og yrkesfunksjonar involvert. Fiskarbonden kunne og vere snikkar og / eller smed, kokk(e) eller jordmor. Nokre utvikla desse områda slik at dei i større grad enn andre levde av det, men det var i utgangspunktet ikkje snakk om yrke i moderne forstand, langt mindre snakk om noka formell yrkesutdanning. Her er vi ved dei lokale og samiske røtene til dei faga som for lengst er spesialiserte og institusjonaliserte under namn av byggfag, mekaniske fag, hotell- og næringsmiddelfag og helse- og sosialfag. Den gamle samiske kunnskapen i desse yrkesfaga er altså ofte ikkje knytta til profesjonell, spesialisert yrkesutøving, men til kombinasjonsnæringar. Med auka arbeidsdeling, modernisering og formalisert utdanning har mye av den samiske kunnskapen gått ut av bruk.

4.6. Yrkesidentitet og etnisk identitet

Frå verdshistoria er det kjent ein god del eksempel på at yrke og etnisitet har blitt nært kopla saman. Visse yrke og næringar blei bare eller hovudsakelig utøvd av folk frå ei bestemt folkegruppe. Yrket kunne da, i eiga eller i andre si oppfatning, bli så nært knytta til etnisitet at når ein fortalte kva for yrke ein hadde, sa ein samtidig noko om etnisiteten. Reisande folkeslag i Europa, som roma (sigøynarar) og romanifolket (taterar) har hatt særlige spesialitetar som handelsreisande, blikksmedar og artistar. For dei var det å ta eit fastbuande yrke ofte oppfatta som eit brot med eigen kultur. I Storbritannia har til og med ei av dei reisande folkegruppene fått namn etter det mest utbreidde faget deira; "tinkers", dvs blekksmedar.

Fram til 15-1600-talet levde dei aller fleste samar av det vi i dag kallar utmarksnæringar; jakt, fiske, bærplukking, sanking av egg og dun osv. I tillegg hadde dei tamrein, som regel i mindre format. Seinare blei det ei deling, der nokre tok opp reindrift som hovudnæring, mens andre dyrka jorda. Vi kan seie at jakt, fiske og sanking er dei opprinnelige næringsvegane for alle folkeslag, men samane heldt på dette som leveveg lengre enn nabofolka. Reindrift blei utvikla av urfolka i Norden og Russland, og var særeige for desse folka. Jordbruk blei derimot innført av andre folkeslag, og samane tok først opp dette etter påverknad frå nabofolk. Dette gjorde at ein i alle fall i delar av samisk busettingsområde knytta næringsveg og etnisitet nært saman. Det ser vi av nabofolka sine ord for samane. Det norrøne ordet "finn", som blei brukt om samar, har trulig opphav i verbet "å finne". Samane var altså dei som fann det dei trong i utmarka, i motsetning til skandinavane, som dyrka jorda. I visse norske dialektar finst enno ordet "finne", som i uttrykket "i fjell og finne". Her kan "finne" nærast omsettast med utmark, samisk "meahcci".

Det russiske ordet "лоп" (lop, svensk: lappar) blei brukt om dei som dreiv jakt og fiske, mens "чуд" (tsjudar, samisk: čudit) var finsk-ugriske bondefolk. Det er derfor mye som tyder på at desse to orda opphavelig var ord for folk med ein særskilt levemåte, ikkje eit ord for folk med bestemt etnisitet eller språk. 94 Frå svenske kjelder kjenner vi og til at "lappar" var dei som dreiv reindrift og/eller fiske, mens jordbrukarar i samiske område var "nybyggare". Frå først av var nybyggarane av finsk eller svensk ætt. Men når ein same slutta med reindrift og rydda seg ein gard, blei han og "nybyggare", og blei ikkje lenger omtalt som "lapp".

Visse yrke eller kanskje rettare arbeidsoppgåver har i nokre område vore etnisk reserverte, jfr. "sockenlapparna" i Sverige, som tok seg av spesielle "ureine" oppgåver som svenskane ikkje ville sjøre sjølv, som hesteslakting, kastrering osv. Lenger sør i Sverige hadde taterar tilsvarande funksjon.

I doktorgradsoppgåva si om omstillingsprogrammet i Indre Finnmark skildrar Einar Bergland problemet med å skifte frå ei livsverd til ei anna. 95 Dette er høgst relevant ikkje bare for omstillarar frå reindrifta, men og for lærarar og elevar i skjæringspunktet mellom norske og samiske miljø, teoretiske og praktiske yrke. For fagarbeidarar som har omskolert seg til faglærarar og kanskje fortsatt med å ta utdanning i pedagogikk eller teorifag, kan det kjennast som å komme til ei anna verd. Ein kan oppleve at ein i forskjellige miljø får forskjellige identitetar, eller spelar ut forskjellige delar av ein mangfaldig og samansett identitet. Det same kan vere tilfelle blant folk som går mellom eit samisk og eit norsk miljø. I eit samisk miljø kan ein vere trygg og kjenne seg heime, mens ein i eit norsk miljø kjenner seg framand og forsøker å skjule at ein er same. Og om det er naudsynt for å bli godtatt, så trampar ein på sine eigne med å vere med på eller sjølv spreie anti-samiske utsagn. Dette er den klassiske identitetskonflikten. I seinare år er det vel heller meir slik at ein kjenner at ein har fleire miljø i seg. Ein kan vere heime i fleire miljø, eller utafor i begge, ettersom ein heile tida har ein annan identitet som ein ikkje kan dele med folk der ein er for augneblinken.

Reindriftssamar har oftast både sterk yrkesidentitet og etnisk identitet. Her reinslakting i feltslakteri på Russenes i Porsanger.
(Foto: Marie Lykka)

Eg vil trekke fram tre konstruerte, men realistiske eksempel på korleis etnisk identitet og yrkesidentitet kan verke saman i Indre Finnmark:

Biret er lærar på reindriftsskolen, mens mannen Máhtte er reindriftsutøvar på heiltid. Ho har ein identitet som: same, reineigar, lærar, kvinne, norsk statsborgar og læstadianar. For Biret vil dei forskjellige identitetane i stor grad verke saman, utan at ho kjenner noko større motsetning mellom dei.

Johan er bilmekanikar, mens kona Elle er duojár 96 og deltar i periodar i reindrifta gjennom familien på si side. Johan har ein identitet som same, bilmekanikar, mann, norsk statsborgar og fotballspelar. Mens både Biret, Máhtte og Elle får styrka den samiske identiteten sin gjennom jobben, er det ingenting i jobben til Johan som styrkar den samiske identiteten. Han snakkar rett nok samisk med ein del av kundane, men sjefen snakkar bare norsk og skriftlig materiale, som instruksjonsbøker og skjema, er i beste fall på norsk. Bilane er laga i Japan eller Tyskland. Når han har lærling på verkstaden, snakkar dei eit samisk godt oppspedd med norske og tildels engelske ord, ettersom det er det fagspråket dei begge har lært.

Grete er kokkelærling på turisthotellet. Ho kjem frå ein gard med nær kontakt med reindrifta. Av mora har ho lært mye om tradisjonell samisk matlaging, noko kjøkkensjefen på hotellet verken kjenner til eller bryr seg om å lære. Han har gått hotellfagskolen i Stavanger og veit kva eit internasjonalt publikum vil ha. Så på hotellet skal reinkjøttet serverast som indrefilet, ikkje som kokekjøtt med buljong. Og lavvorøyka gjedde har ingen sjanse mot oppdrettslaksen frå Stolt Sea Farming. Og i den siste tida har det stadig oftare hendt at Grete har kome heim til mor si og sagt: - Du skal ikkje gjøre sånn, no har eg lært korleis det skal gjøras.

I samiske område har ein altså sett at det yrket som ein velger eller får, ikkje bare kan gi ein yrkesidentitet, det kan og verke til å styrke eller svekke ein etnisk identitet. Klarast kjem det til uttrykk i bruken av ordet "sápmelaš". Det brukas om samar generelt, men i Guovdageaidnu betyr det tradisjonelt reindriftssame. Sjølv om denne spesielle bruken er på tilbakegang, heng det enno igjen. For dei som må forlate reindriftsnæringa vil dette ikkje bare vere eit vanlig skifte av jobb, det vil gripe langt inn i ein identitet der yrke, livsform og etnisitet er vevd saman. Da mange i Indre Finnmark på 60-talet gikk frå jordbruk og reindrift til servicenæringar, mista dei samtidig mye av den samiske kulturen som var knytta til desse næringane. Dette førte bl.a. til at ein i ein del familiar samtidig med skifte av yrke og skifta språk i heimen frå samisk til norsk. 97

Heile det samiske folket har vore utsett for ei medviten kulturell og språklig fornorsking frå styresmaktene. Men denne har ikkje råka alle likt. Det er vel kjent at fornorskinga har råka hardare på kysten enn i innlandet, hardare i yrke som samane delte med nordmenn enn i yrke som var særsamiske, dvs. i første rekke reindrift / duodji. Derimot har resultata av fornorskingspresset ikkje vore analysert i eit klasseperspektiv eller i perspektivet akademisk / praktisk arbeid. Innafor akademisk miljø har det heile tida vore ei viss opning for det samiske. Sjølv i den verste fornorskingstida blei professoratet i samisk (evt. samisk og finsk) ved Universitetet i Oslo halde oppe. Det gikk føre seg antropologisk forsking, samling av folkeminne osv. Mye av denne forskinga hadde eit tvilsamt innhald, men det var i alle fall ei godkjenning av at samisk kultur og språk fantest og var verd å forske på. Samtidig var det på det meir praktiske, kvardagslige nivået i møte mellom samar og nordmenn svært liten aksept for at samisk språk og kultur var noko verd.

Da samisk språk og kultur igjen byrja å komme til heder og verdigheit, starta det i det akademiske miljøet. Da det blei mogleg for vaksne samar å lære å lese og skrive samisk, var det ikkje samiske vegarbeidarar, hjelpepleiarar eller bønder som fikk dette tilbodet. Det kom på universitet og høgskole, der det overveldande fleirtalet av samar verken hadde formell eller reell adgang. Resultatet er at dei som fram til i dag har blitt hardast ramma av fornorskinga, er den samiske arbeidarklassa. Dette slår og inn i vidaregåande skole, både blant lærarar og elevar.

Kombinasjonsnæringar har stått sterkt i samiske område. Her notfiske i Latnatjávri ved Máze før oppdemminga av elva.
(Foto: SL)

Når samisk vidaregåande opplæring på eine sida skal styrke elevane sin samiske identitet, på andre sida skal gi yrkesfaglige elevar ein begynnande yrkesidentitet, kan dette fungere bra i lag på linjene reindrift og duodji. Men kva med dei andre linjene, der yrkesidentiteten ikkje er knytta til det samiske, snarare tvert om til storsamfunnet, og der det ikkje er noko samband mellom dei samiske kunnskapstradisjonane på området og det læreplanar og lærebøker seier at skolen skal innehalde? Der vil elevane kunne oppleve dette som at dei blir dratt i to retningar. Det er ein fare for at oppgåva med styrking av samisk identitet blir overlatt til samiskfaget, altså 3 timar på grunnkurs og 2 timar på VK1.

4.7. Konklusjon om kultur, identitet og yrke

I dette kapitlet har eg forsøkt å seie noko om korleis utviklinga av yrkesidentitet og samisk identitet kan virke saman eller mot kvarandre, og om skolen si rolle i identitetsutviklinga. Samisk identitet har ofte vore nær knytta til dei samiske næringane, særlig reindrift og duodji. Det samiske samfunnet har vore prega av mindre yrkesspesialisering enn det norske. Utvikling av yrkesidentitet i "norske" fag har samtidig ofte betydd ei svekking av den samiske identiteten. Vilkåret for at skolen samtidig kan bidra til å styrke yrkesidentitet og samisk identitet er på eine sida at yrkesopplæringa knyter seg til samiske tradisjonar innafor fagfeltet og på andre sida at opplæring i samisk kultur og språk blir knytta til elevane sin situasjon og knytta saman med den yrkesfaglige opplæringa.

Derfor vil eg vidare i denne oppgåva vise den samiske kunnskapen som finnast innafor kvart fagområde og spørre korleis ein kan få denne inn i undervisninga for å få ei heilskapelig utvikling av samisk identitet og yrkesidentitet.


85.Ordet «kanonisert» tyder eigentlig å gjøre til helgen, slik paven i den katolske kyrkja gjør. I litteratursamanheng snakkar ein gjerne om «den litterære kanon», den skjønnlitteraturen som får ein særlig status gjennom å bli gjort til pensum i skolen, trykt opp igjen og igjen i litteraturutval osv. Hauge, Hans: Identitetens trusel. I: Fink/ Hauge (red): Identiteteter i forandring. Aarhus universitetsforlag 1991

86.

87.Eit typisk eksempel her er Pauss og Lassen (red): Læsebog i modersmaalet for Landsskolen. Cammermeyer & Steen, Kristiania 1886, som startar med "Fortællinger af Norges historie efter Snorre Sturlasson" og held fram med "Olav Tryggvasøn" og "Fedrene vaare".

88.Generell læreplan, s. 9

89.St.meld. nr. 52 (1992-93) s. 94.

90.Styret for de samiske videregående skolene: Strategisk pl52 (1992-93) s. 94.

91.Hovland, Arild: Moderne urfolk. Samisk ungdom i bevegelse. Cappelen 1996

92.Ystanes, Oddny Espeland: Den problematiske yrkesrettinga. Norsklæreren 4-2000, s. 50

93.For byggfag er dette levande skildra i ungdomsromanen «Historien om Glenn Anton» av Thor Solberg. Eide forlag, 1997

94.Šumkin, Истоки формирования народноси саами (Kjelder til opphavet til samefolket). 1990, s. 121-127.

95.Einar Bergland: Reindrift, omstilling, identitet. Doktorgradsavhandling i pedagogikk UiO 1999

96. «Duojár» er nordsamisk for duodji-utøvar eller handverkar. Ordet brukas innafor duodji-miljø og når ein snakkar eller skriv norsk.

97.Kalstad, Johan Klemet: Reindriftspolitikk og samisk kultur. NSI 1999, s. 34


Til fortsettinga, kap.5
Startsida mi
sveilund@online.no