Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

4. Kultur, identitet og yrke

Det har vore skreve svært mye om samisk kultur og ein god del om samisk identitet. Men i den grad identitet har blitt knytta til yrke, har det vore i samanheng med dei tradisjonelle samiske næringane, i første rekke reindrift og duodji. Der er særlig skrive om identitetskonfliktar for dei som blir tvunge til å forlate desse næringane for å søke seg anna levebrød. 64 Derimot har det i liten grad vore skrive noko om utviklinga av samisk identitet i "norske" fag og i utdanninga til desse.

Når det gjeld yrkesidentitet er det skrive ein del om denne innafor ein del av profesjonsfaga med høgskoleutdanning, men i alle fall i Noreg er det skreve lite om yrkesidentitet for yrkesfag som har utdanninga si innafor vidaregåande opplæring. Dette har gjort at eg i dette kapitlet i liten grad har kunna vise til andre, men i staden måtte forsøke å utvikle eigne tankar med sikte på å kunne gi svar på den andre delproblemstillinga:

* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet?

4.1. Kulturbakgrunn, kulturkunnskap og kulturforståing

Som vist i kap.3.4, skil den generelle læreplanen mellom samisk kultur og identitet. Alle elevar i Noreg skal få kjennskap til samisk kultur, samtidig som kulturen skal "få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar". Sjølv om generell læreplan her er svært kortfatta og ikkje heilt klar, kan ein skilje ut til dels forskjellige målsettingar for samiske og ikkje-samiske elevar. For ikkje-samiske elevar er målsettinga avgrensa til å få kunnskap om samisk kultur. Samiske elevar skal i tillegg utvikle den samiske identiteten sin gjennom opplæringa. Der det er samiske elevar skal skolen legge til rette for vidare utvikling av samisk kultur. Skolen må altså legge opp opplæringa forskjellig for samiske og ikkje-samiske elevar.

Dette skiljet er i seg sjølv eit sterkt argument for eigne samiske læreplanar.

Da eg studerte fleirkulturell pedagogikk ved Sámi allaskuvla var eit av hovudpoenga å skilje mellom kulturbakgrunn, kulturkunnskap og kulturforståing, og forstå at folk i forhold til ein bestemt kultur kan ha kulturbakgrunn utan kulturforståing og kulturforståing utan kulturbakgrunn. Kulturbakgrunn er noko ein tileignar seg i oppveksten, i familien og lokalsamfunnet. Samisk kulturbakgrunn vil ofte henge nært saman med samisk etnisitet, men her finst unnatak begge vegar. Mange samar som er vokst opp i svært fornorska eller reint norske område, vil ha fått med seg relativt liten samisk kulturbakgrunn, mens ikkje-samar som har vekse opp i samisk-dominerte område kan ha meir eller mindre samisk kulturbakgrunn.

Kulturkunnskap er derimot noko ein kan tileigne seg om sin eigen eller ein anna kultur. Ein antropolog kan f.eks. ha stor kunnskap om ein kultur utan sjølv å ha nokon bakgrunn i kulturen. Kulturforståing er å forstå handlemåtar og skikkar i eigen eller andre sin kultur og

kunne samanlikne forskjellige kulturar. Kulturforståing handlar og om haldningar, å vise respekt for andre kulturar og kulturelle omgangsformer og behandle desse som likeverdig med eins eige. For å kunne berge seg i ein framand kultur eller i samhandling med andre kulturar, treng ein ikkje bare kulturkunnskap, men minst like mye treng ein kulturforståing.

Ser vi dette i samanheng med skoleverket, kan vi seie at skolen skal ta utgangspunkt i elevane sin kulturbakgrunn, formidle kulturkunnskap og utvikle kulturforståing. Kulturkunnskap kan ein undervise, men ikkje kulturforståing. For at elevane skal utvikle kulturforståing, må læraren legge til rette for at dei kan lære og forstå gjennom å gjøre eigne røynsler. Sett i ein minoritets/majoritetssamanheng vil det vere særlig viktig å utvikle kulturforståinga hos majoritetsbefolkninga, for å motverke rasisme og anna diskriminering. Minoriteten på si side, treng i første rekke å utvikle sin eigen identitet. Kulturkunnskap er viktig for identitetsutviklinga, men ikkje tilstrekkelig.

Eg vil no gå nærare inn på identitetsutvikling generelt og trekke trådar til samisk opplæring.

4.2. Identitetsomgrepet

Den generelle læreplanen nemner identitetsutvikling som eit av måla for opplæringa. Identiteten er eit spørsmål om både subjektive og objektive faktorar. Sjølvkjensla eller sjølvbiletet er nært knytta til identiteten, men denne kjensla skriv seg i stor grad frå korleis individet ser seg sjølv i forhold til kjenneteikn som skil mellom menneska i samfunnet rundt dei. I denne samanheng brukar eg ordet identitet i den tydinga at eit menneske kjenner seg heime i ei viss gruppe, og at andre identifiserer vedkommande som tilhørande den same gruppa.65 Ei slik gruppe kan vere oppstått på grunnlag av forhold som kjønn, seksuell legning, statsborgarskap, etnisitet, språk, yrke, politisk eller religiøs oppfatning eller hobby.

Den samla identiteten vår kan ha mange element. For kvart av elementa vil det vere ei gruppe menneske med samme identitet, altså som ein har noko felles med og som ein kan kjenne ein form for fellesskap med. Identitet er i svært liten grad medfødd. Vi blir sosialiserte inn i ein kjønnsidentitet, ein religiøs, språklig eller nasjonal identitet. Nokre element i identiteten blir forma tidlig i barndommen og held seg oftast fast gjennom livet, mens andre kan bli utvikla langt seinare. Nokre identitetsformer kan bli svekka eller erstatta med andre identitetselement. Ein identitet er ikkje noko konstant, han kan bli styrka eller svekka av ytre faktorar, medvete eller umedvete. Historia kjenner mange døme på at statar, nasjonale frigjøringsrørsler og religiøse rørsler har arbeida for å styrke nasjonal eller religiøs identitet. Midla har bl.a. vore samling om visse symbol, songar, ritual og seremoniar.

Identitet blir utvikla i møte med folk med ein annan identitet. Først som motsetning til noko anna gir det ei meining å vere same, fiskar, nordlending eller muslim. Det gir lita meining å vere det alle er. Fleirtalet av heterofile tenker lite over den seksuelle identiteten sin før dei møter homofile. Da eg vaks opp i Sør-Noreg, hadde eg ikkje noka oppfatning av at eg hadde ein identitet som søring. Først då eg flytta nordover, fikk søringidentiteten eit klart innhald. På same vis fikk eg da eg flytta frå Hammerfest til Guovdageaidnu ein ny identitet; eg var "dáža". 66 Om eg var søring eller nordlending spela ikkje lenger like stor rolle, det som identifiserte meg var no at eg var ikkje-same.

Alle har vi ein identitet eller fleire, men ikkje alle har ein trygg identitet. Det gjeld særlig folk som hører til grupper som er eller har vore undertrykte eller diskriminerte. For å få ein trygg identitet må ein kvitte seg med eventuelle fordommar mot den gruppa ein hører til og finne fram til eit grunnlag for å vere stolt av denne gruppa. For undertrykte grupper er dette ikkje noko den einskilde kan gjøre aleine. Identitetsoppbygging blir da ein kollektiv prosess.

Identitetskonfliktar kan oppstå anten ved at ein sjølv har eit ambivalent forhold til ei gruppe ein har tilknytning til, eller ved at eins eigen sjølvopplevde identitet ikkje stemmer overens med den identiteten som andre tillegg ein. Det kan og oppstå identitetskonfliktar ved at ein kjenner tilknytning til to grupper, der den eine ikkje vil anerkjenne den andre, f.eks. om ein er homofil og kristen.

Ungdomstida er sentral for utvikling av eigen identitet, for å "finne seg sjølv". Her spelar ungdomsskolen og særlig vidaregåande skole ei sentral rolle. I dagens samfunn er ikkje identiteten til den einskilde like opplagt som han ofte var for eit par generasjonar sidan. Mange har flytta frå eit kulturområde til eit anna, eller foreldra deira har gjort det. Samfunnet er meir ope for forskjellige påverknadar, for forskjellige impulsar som ungdom kan identifisere seg med eller markere avstand til. Både ut frå generell ungdomspsykologi og frå politiske motiv legg derfor dei som styrer utdanningspolitikken stor vekt på utviklinga av ungdommen sin identitet.

4.3. Nasjonal og etnisk identitet

Vi har alle lese om "dei første nordmenn", som kom vandrande inn i landet da isen trakk seg tilbake for 10000 år sidan.67 Historiebøkene har i ettertid gitt desse steinalderfolka ein nasjonal identitet frå dei passerte der som mange tusen år seinare skulle bli grensene for kongeriket Noreg. Som svar på dette har nokon frå samisk hald svara med å erklære fleire tusen år gamle helleristningar i Alta for samiske. Å sette etniske merkelappar på fjern fortid fungerer som argument i dagens politiske strid, men frå eit historisk vitskapelig synstad er begge delar omlag like meiningslaust. Dei arkeologiske funna frå Norden syner at det er først frå tida rundt Kristi fødsel at vi kan finne klare kulturelle trekk som kan koplast til dagens etniske grupper. Arkeologen Lars Børge H. Myklevoll hevdar at det først i jernalderen veks fram "en felles samisk tilhørighet på Nordkalotten"68, eller eit medvit om at ein hører til ein kulturkrins som skil seg markert ut frå ein annan.

4.3.1. Nasjonar og etniske grupper

Omgrepa nasjon/nasjonalitet og etnisk gruppe/etnisitet har blitt gitt svært forskjellig innhald til forskjellig tid og stad, av forskjellige politiske retningar og av vitskapsfolk på forskjellige område. Det er knapt mogleg å gi ein definisjon som alle vil godta. Ordet nasjon har blitt brukt om folk som bur i eller kjem frå eit bestemt område. Frå 1600-1700-talet blei nasjon brukt om innbyggarane i ein stat. Frå andre halvdel av 1700-talet blei nasjon brukt om folk med felles språk og kultur og meir eller mindre felles avstamning. Denne tydinga er nært knytta til framveksten av ein nasjonalistisk ideologi. Denne er igjen i stor grad knytta til overgangen frå føydalisme til kapitalisme i Europa. og nasjonalstaten blei hovudprinsippet for den framveksande kapitalismen.

Målet for den nasjonalistiske ideologien var å skape eller dyrke fram nasjonalstatar. Dette kunne gjøras på fleire måtar:

Samle område som tidligare hadde vore splitta i mange småstatar (eks. Tyskland og Italia)

Lausrive område frå ein større stat (eks. Austerrike-Ungarn, Noreg under Sverige, Finland under Russland).

"Nasjonalisere" indre minoritetar med å tvinge dei til å gå over til den "nasjonale" kulturen og det "nasjonale" språket. Dette har skjedd i så godt som alle statar med eitt dominerande språk.

Nasjonalstaten blei eit felles ideal både for rørsler for samling og rørsler for lausriving. Nasjonalstaten har blitt eit prinsipp over mest heile verda, sjølv om svært få statar kan seiast å vere nasjonalstatar i idealisert versjon av omgrepet. Ein nasjonalstat hadde i prinsippet felles språk, kultur og historie, og hadde ein ikkje dette, måtte ein skaffe seg det. Det blir derfor hevda at i staden for at nasjonane skapte nasjonalismen, skapte nasjonalismen nasjonane. Den amerikanske forskaren Benedict Anderson kalla boka si om nasjonalismen sitt opphav for "Forestilte fellesskap". 69 I stor grad er det rett at nasjonane er konstruert, men ein skal likevel ikkje sjå bort frå det objektive grunnlaget.

Omgrepet "etnisk gruppe" er heller ikkje heilt klart. Det har ein del trekk til felles med "nasjon", med at ei etnisk gruppe oftast har felles språk og kultur, eller språklige og kulturelle trekk. Ei etnisk gruppe har eit felles opphav, reelt eller mytisk, og i ein del tilfelle felles biologiske kjenneteikn. Men dei har ikkje alltid eit felles territorium. Fredrik Barth kallar etnisitet for den sosiale organiseringa av kulturell forskjell, og hevdar at "etnisk identitet prinsipielt er et trekk ved sosial organisasjon, snarere enn et aspekt ved kultur" 70

Ei etnisk gruppe kan i nokre tilfelle utvikle seg til å bli ein nasjon, eller fleire etniske grupper kan smelte saman til ein nasjon, men framleis vere eigne etniske grupper. Etnisk blir brukt som eit adjektiv om det som er opprinnelig, folkelig, tradisjonelt, jfr. etnisk musikk.

Ein nasjonal eller etnisk identitet er ikkje sjølvsagt for alle. I Jugoslavia på 60- og 70-talet definerte dei fleste seg som jugoslavar, ikkje som kroatar, serbarar osv. 20 år etterpå var den nasjonale eininga Jugoslavia oppløyst, den etniske identiteten som serbar, kroat osv. var hausa opp av nasjonalistiske grupper, omvandla til nasjonal identitet på eit vis som ekskluderte andre etniske grupper.

Det er sterkt omstridt i kva grad ein kan kalle folk utan nasjonalstat for nasjonar. Der slike folk har eit nokonlunde avklara territorium og klare ambisjonar om eigen stat kan det vere rimelig å snakke om til dømes den kurdiske, walisiske og den palestinske nasjonen. Den estiske nasjonen var og ein nasjon gjennom dei 50 åra Estland var ein del av Sovjetunionen.

Derimot vil det vere meir dekkande å bruke "etnisk gruppe" om innfødde eller innvandra minoritetar, som kvenar, sigøynarar og taterar, samt forskjellige nyinnvandra folkeslag til Noreg og andre europeiske land. Ein konsekvens av dette blir at ein og må operere med ei gruppe "etniske nordmenn", som omfattar over 90% av den norske nasjonen. Her har eg enno ikkje nemnt samane, da spørsmålet om samane er ein nasjon eller ei etnisk gruppe blir drøfta i neste kapittel.

4.3.2. Norsk og samisk, nasjonal og etnisk

Det er mest vanlig å snakke om norsk identitet som ein nasjonal identitet og samisk identitet som ein etnisk identitet. Det er derimot meir kontroversielt om ein snakkar om nasjonal samisk og etnisk norsk identitet. Det er frå fleire hald gjort forsøk på å definere samane som ein nasjon. Første gong skjedde dette i Lappecodicillen av 1751, som skulle sikre "den Lappiske Nations Conservation". Den gongen hadde enno ikkje omgrepet nasjon fått den klare politiske tydinga det skulle få seinare. Det låg eit klarare politisk standpunkt bak ordvalet da Per Otnes i 1970 ga ut boka "Den samiske nasjon".71 Av politiske grupperingar i Noreg har såvidt eg veit bare AKP nokon gong programfesta at samane er ein nasjon.72 Samiske organ og organisasjonar har sjølve i relativt liten grad brukt uttrykket nasjon om samane. I ein del tilfelle har likevel uttrykket "den samiske nasjon" blitt brukt både av samiske og ikkje-samiske forskarar og forfattarar.73 Forøvrig brukas nasjonsomgrepet av fleire urfolk, jfr. First Nations i USA og Kanada.

Eg ser argument både for og mot å snakke om ein samisk nasjon. Men kva standpunkt ein tar til dette er ikkje avgjørande i forhold til samisk opplæring. I forhold til juridiske rettar og folkerett vil spørsmålet om samisk nasjon i første rekke spele inn i forhold til eit eventuelt ønske om ein eigen samisk stat, noko eg ser som lite relevant i denne samanhengen. Når det gjeld samiske rettar på dei områda som i dag er omstridt; retten til land og vatn og til styring av eiga utdanning, språk- og kulturutvikling, er dette regulert i internasjonale konvensjonar for urfolk og tildels for etniske minoritetar. Dei rettane samane har i utdanningsspørsmål vil bare vere avhengige av status som urfolk. Eg vil derfor her drøfte spørsmålet om samisk opplæring innafor ei definisjonsramme der samane blir rekna som ei etnisk gruppe og som eit urfolk, og der samar samtidig er ein del av høvesvis den norske, svenske, finske og russiske nasjonen.

Norsk identitet, slik dette uttrykket blir brukt f.eks. i generell læreplan, er ein nasjonal identitet som er knytta til staten Noreg, med hovudvekt på den norsk-etniske og norskspråklige kulturarven, men som og inkluderer dei etniske minoritetane. "Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om."74 Vi kan sjå diskusjonane omkring innvandrarane sin plass i 17.mai-feiringa som eit eksempel på denne utvida tydinga av norsk identitet.

Dersom den norske nasjonale identiteten ikkje er ekskluderande overfor samar, kvenar, sigøynarar, taterar og innflytta minoritetar, må vi samtidig anerkjenne at kvar gruppe har sin eigen etniske identitet. Det må vere mogleg å utvikle f.eks. både ein nasjonal norsk og ein etnisk kurdisk eller kvensk identitet. Med ei slik inkluderande oppfatning av nasjonal identitet, må vi og anerkjenne at det i tillegg finst ein norsk etnisk identitet. For dei som lever i eit heilt eller nesten reint norsk-etnisk lokalsamfunn, vil skilnaden mellom norsk nasjonal og norsk etnisk identitet normalt ikkje bli stor. Derimot vil det å vere etnisk nordmann vere eit meir relevant omgrep der etniske nordmenn er i mindretal, som i Guovdageaidnu og Kárášjohka i Finnmark eller på Tøyen og Grønland i Oslo.

Kvenane i Noreg skil skarpt mellom etnisk og nasjonal identitet. Terje Aronsen 75 skriv at kvensk etnisitet har dei som har røtene sine i det historiske Kvenland, mens kvensk nasjonalitet ikkje eksisterer i dag. Dei norske kvenane har derimot norsk nasjonalitet.

Når skolen har identitetsutvikling som mål er det viktig å skilje mellom etnisk og nasjonal identitet. Den etniske norske identiteten er i seg sjølv bare eit medvit om eige bakgrunn. Derimot kan det vere farlig å blande saman ein norsk-nasjonal og ein norsk-etnisk identitet og forsøke å reservere det norsk-nasjonale bare for dei norsk-etniske. Da er vegen kort til "Norge for nordmenn" og rasistiske og nazistiske idear.

Den nasjonale eller etniske identiteten er for mange menneske eit av dei mest grunnleggande elementa i eigen identitet. Men nasjonal eller etnisk identitet betyr ikkje like mye for alle. Det er ikkje eingong noko sjølvsagt for alle å ha ein etnisk identitet. Eit resultat av fornorskingspolitikken er at mange samar utvikla eit såkalla tredje alternativ.76 Dei definerte seg verken som samar eller som norske, men som verken-eller.

Men å vere verken-eller blir på eit vis å vere ingenting. Det tredje alternativet har i dei seinare år heller stått fram som eit både-og. Om ein i staden for å sjå seg sjølv som verken-eller ser seg som både-og vil det kunne bidra til å løyse identitetskonfliktar og styrke sjølvkjensla.

"Utvikling kallas det, men eg trør no enno på jorda med mine eigne mjuke komagar." Illustrasjon frå Balto: Sámi mánáidbajásgeassin nuppástuvvá.

4.3.3. Norsk og samisk identitetsoppbygging

Det er ei rekke interessante parallellar mellom norsk og samisk identitetsoppbygging, sjølv om høgdepunkta i den samiske identitetsoppbygginga på mange vis har kome omlag eit hundreår seinare. Det er ikkje mogleg verken for norsk identitet eller samisk identitet å tidfeste starten for danninga av ein nasjonal eller etnisk identitet. Men vi kan tidfeste periodar der identitetsoppbygginga har vore særlig framtredande. For norsk identitetsoppbygging var 1814 eit viktig milepæl, men for alvor skaut identitetsoppbygginga først fart frå midten av 1800-talet. Dette skjedde samtidig med ei utvikling av nasjonalisme over store delar av verda. I dei fleste land blei det overklassa som danna basis for ein nasjonal identitet. Slik kunne det ikkje bli i Noreg, etter som den norske overklassa i byane hadde sterke band til Danmark og dansk språk. Dette ga den norske nasjonalismen særtrekk i europeisk samanheng. Det blei odelsbonden, i første rekke på Austlandet, som blei symbolet på det norske. Til oppbygginga av den norske identiteten hørte samling av tradisjonar som eventyr, folkeviser og folkedansar, rekonstruksjon av norsk skriftspråk og samling om symbol som fedrelandssang, flagg og riksvåpen. I unionstida blei Stortinget eit sentralt nasjonalt symbol, og frå unionsoppløysinga i 1905 blei Kongen eit av dei viktigaste nasjonale symbola. Nasjonalismen i andre halvdel av 1800-talet fikk rike uttrykk i skjønnlitteratur og biletkunst.

Oppbygginga av ein norsk identitet hadde to sider. På eine sida ei avgrensing overfor utlandet (særlig Danmark og Sverige), på andre sida forsøk på å fornorske eller eliminere dei nasjonale minoritetane. Nokre av dei fremste forkjemparane for norsk identitet var samtidig harde motstandarar av at samane, kvenane, taterane og sigøynarane skulle ha rett til å utvikle eige språk og kultur.77

Eit av dei viktigaste måla for fornorskingspolitikken var å hindre utviklinga av ein samisk identitet. Samisk språk og kultur blei framstilt som noko mindreverdig og lågtståande som ingen kunne ønske å knytte seg til. På den eine sida blei det framstilt som om samane kunne få del i utviklinga dersom dei gikk over til den "høgareståande" norske kulturen. På den andre sida blei nedvurderinga av samane underbygd med ein "vitskapelig" rasisme som sa at samane i seg sjølve var undermåls og mindreverdige. Denne motsetninga kjem fram i dette sitatet frå ein av dei fremste forkjemparane for fornorskinga på slutten av 1800-talet: "Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt." 78

Gjennom mange år forsøkte styresmaktene å usynliggjøre samisk historie og samisk kunnskap. Ved å sørge for at samane ikkje fikk noko positivt samisk å identifisere seg med, skulle ein hindre utviklinga av samisk identitet. Ivar Bjørklund seier i boka Fjordfolket i Kvænangen at folk der hadde denne haldninga til si eiga historie: "Årsaken til at ...Nord-Troms ikke finnes omtalt i historien, er ganske enkelt at landet så langt nord ikke var bebodd. Ihvertfall ikke av en norsk befolkning. Dermed var det heller ingen til å skape historie." 79

Trass i at dette har vore ei svært utbreidd oppfatning, har samar i to periodar reist seg av den påførte skamma og starta eit målmedvete arbeid for å bygge opp ei samisk sjølvkjensle og identitet. Den første perioden starta rundt førre århundreskiftet og kulminerte med dei samiske riksmøtene i 1917 og 1919. Dette var ei første oppbygging av eit samisk medvit på tvers av landegrenser og språkgrenser. I lag med denne kom og den første samiske skjønnlitteraturen.

Ein knallhard anti-samisk politikk frå styresmaktene si side gjorde at all sjølvstendig samisk organisering gikk i oppløysing på 20-talet. Først etter krigen byrja samane å organisere seg igjen. Først ute var da reindriftssamane,80 ei meir allmenn samisk organisering kom først for alvor på 60-talet.81 Frå 1970-talet fikk vi ny framvekst av samisk litteratur og samisk byrja å komme inn i skoleverket igjen. Identitetsoppbygginga si sterkaste periode kom under Alta-kampen på slutten av 1970 og byrjinga av 1980-talet. Da blei det sagt at det blei fødd vaksne samar kvar dag, dvs. at vaksne fornorska samar blei medvitne om si samiske identitet og sto fram med denne. På denne tida kom og det første samiske flagget og ein song frå den første samiske organiseringsperioden kom til heder og verdigheit igjen som samisk nasjonalsang.82 I oppbygginga av ein samisk identitet har samarbeidet over grensene stått sterkt. Som det heiter i erklæringa frå den første nordiske samekonferansen: "Vi samer er ett folk og rikenes grenser skal ikke splitte vårt fellesskap." 83

Oppbygginga av samisk etnisk eller nasjonal identitet har sjølvsagt ikkje vore utan konfliktar. For dei som i mange år har skjult den samiske identiteten sin, verkar dette trugande. Dei blir konfronterte med kven dei er og kvifor dei har benekta det. For dei som har mista språket og mye av den kulturelle kompetansen er det og vanskelig å stå fram som same, fordi det da blir venta at ein skal ha ein kjennskap til samiske spørsmål som ein ikkje klarer å leve opp til. 84

Ei kvar nasjonal eller etnisk rørsle treng noko å bygge denne rørsla rundt. Blant dei vanligaste elementa i denne identitetsbygginga er språk, religion, nasjonallitteratur, song og musikk, flagg og andre nasjonale symbol. Ofte blir ein bestemt del av folket utnemnt til særlig nasjonale og slik oppheva til symbol, slik den norske odelsbonden blei symbolet på det norske under den nasjonale reisinga på 1800-talet. For samane har reindrifta i stor grad blitt kjørt fram som det samiske. Dette har, ut frå forskjellige motiv, vore gjort frå tre grupper; frå reindriftssamane sjølve, frå det norske storsamfunnet og frå folk med samisk eller etnisk blanda bakgrunn på kysten som ikkje ønsker å stå for ein samisk identitet. Rein og lávvu har blitt anerkjent som samiske symbol av reindriftsamar og av dei fleste ikkje-samar. Derimot har samar med klar samisk identitet, men utan tilknytting til reindrift, reagert på den nære koplinga mellom reindrift og samar.

Den samiske identitetsoppbygginga har ei kort historie samanlikna med oppbygginga av den norske identiteten. Samane har heller ikkje hatt noko statsmakt å støtte seg på. Det er derfor ikkje anna å vente enn at den samiske identitetsbygginga har kome forholdsvis kort. Det er i dag eit mindretal av dei som har samisk bakgrunn som har ein klar samisk identitet. Dette viser seg bl.a. ved at dei som til no har skreve seg inn i samemanntallet ikkje utgjør meir enn 20-30% av dei som har rett til å skrive seg inn.


64. Dette er grundig behandla i doktorgradsavhandlinga til Einar Bergland: Reindrift, omstilling og identitet, UiO 1999

65.Om dette seier Trond Thuen i artikkelen «Forhold mellom etniske grupper - noen samfunnsmessige refleksjoner»: «Identitet er først og fremst et subjektivt spørsmål. Det vil si at den enkelte selv må føle tilhørighet til den ene eller den andre kategorien. Men det er også et spørsmål om hvordan andre ser på en.» Erke/Høgmo(red): Identitet og livsutfoldelse 1986, s.18

66.Det samiske ordet dáža brukas om ikkje-samar. Det er forskjellige oppfatningar av kor vidt omgrepet når, men det omfattar i alle fall mannspersonar av skandinavisk herkomst.

67.Eit typisk eksempel her er boka De første nordmenn. Da landet ble befolket. Norges forhistorie i bilder og tekst til undervisningsbruk. (utan forfattar) Schibsted 1975

68.Myklevoll, Lars Børge H.: Hvem kom først? Om framveksten av samisk etnisitet og identitet. I: Bårjås. Árran 1999

69.Andersson, Benedict: Forestilte fellesskap. Spartakus 1996

70. Barth, Fredrik: Manifestasjon og prosess. Universitetsforlaget 1994. Kap 12: Nye og evige temaer i studiet av etnisitet, s. 175.

71.Otnes, Per: Den samiske nasjon. Pax 1970

72. Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene): Sameprogram. 1973

73.Lars Andreassen brukar i hovudoppgåva si «Kommer Rigoberta Menchu» uttrykket «den samiske nasjon», men utan å drøfte eller grunngi dette nærare. Tom G. Svensson drøftar derimot om samane er ein nasjon i artikkelen «Samisk identitet i vår tid» (1991). I 2000 kom Tromsø Museums tidsskrift Ottar med eit temanummer om samisk organisering under tittelen «En nasjon blir til».

74.Generell læreplan, s. 9

75.Aronsen, Terje: Bruk av lokalkunnskap i kvænskundervisninga. I: Niiranen, Lena (red): Ymmärys, kom frem. Landslaget for finsklærere i Norge 1999, s. 25

76.Høgmo, Asle: Norske idealer og samisk virkelighet. Gyldendal 1989

77. Dette har eg dokumentert i eksamensprosjektet mitt: Samisk skole eller Norsk Standard, HIAK 1999.

78.Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886. Sitert etter Solbakk, Aage: Sámi historjá 2, Davvi Girji 1997, s. 17

79. Bjørklund, Ivar: Fjordfolket i Kvænangen. Universitetsforlaget 1985, s. 11.

80.Reindriftssamane organiserte seg i 1948 i Norske Reindriftssamers Landsforening, men denne organisasjonen var i første rekke ein næringsorganisasjon og ikkje open for andre samar.

81.Norske Samers Riksforbund - NSR blei stifta i 1968 etter at det ei tid hadde vore lokale sameforeningar.

82.Sámi soga lávlla av Isak Saba blei skreve i 1904 og vedtatt som samisk nasjonalsang på nordisk samekonferanse i 1986.

83.Nordisk sameråd 1956

84.Dette er skildra av forskaren Inger Persson i artikkelen «Analysmodellernas brister och begränsningar vid studiet av etnisk identitet bland lappar i Arvidsjaur». Eit konsentrat av dette er gjengitt i tidsskriftet Samefolket juni 1998.


Til fortsettinga, kap. 4b
Startsida mi
sveilund@online.no