Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

3. Juridisk og politisk grunnlag for samisk opplæring

I Noreg, som i dei andre landa der det bur samar, er det usemje både blant politikarar og skolefolk om kva for opplæring samane bør få. Men denne skal ikkje bare bli avgjort av kven som til ei kvar tid sit i maktposisjonar i skoleorgan og folkevalde forsamlingar. Til grunn for samisk opplæring ligg internasjonale konvensjonar og nasjonale lovar som bl.a. skal sikre rettane til urfolk og minoritetar. Norsk lovverk er positivt til samiske rettar på utdanningsområdet, så lenge det dreier seg om generelle erklæringar. I dei dokumenta som i praksis styrer opplæringa for samar, som læreplanar og læremiddel, har samiske interesser derimot i langt mindre grad nådd fram. Når det til tider er motvilje hos sentrale styresmakter mot å tillate ei opplæring der urfolka sin kultur og kunnskap er eit vesentlig element, kan det vere avgjørande at dei som arbeider for samisk opplæring kjenner og brukar dette juridiske og politiske grunnlaget.

På dette grunnlaget har eg satt som første underproblemstilling for denne oppgåva:

* Kva for føringar gir internasjonale konvensjonar og norsk lovverk for samisk opplæring, og kor bør dette føre til endringar i dagens praksis?

Dette spørsmålet vil eg forsøke å svare på i dette kapitlet.

Styresmaktene har hevda at den norske staten sin samepolitikk allereie oppfyller dei internasjonale konvensjonane og dei har tidligare avvist å utreie om konvensjonane kunne legge føringar for Reform 94. Dette gjør at det er naudsynt å behandle dette spørsmålet grundig. Når eg her kjem til at det er tildels skarp motsetning mellom det konvensjonane forpliktar Noreg til å gjennomføre og det forskriftsverket som i dag styrer samisk vidaregåande opplæring, har eg i dette kapitlet funne det naudsynt å dokumentere dette gjennom nokre sitat.

3.1. Kva forpliktar Noreg?

Samisk opplæring er på den eine sida ein del av den nasjonale utdanningspolitikken og på den andre sida ein del av den nasjonale samepolitikken. Eg vil derfor stille spørsmål ved om prinsipp og lovformuleringar innafor desse områda er i samsvar med kvarandre, og om praksis er i samsvar med prinsippa.

Ei rekke dokument legg føringar for den vidaregåande opplæringa samiske elevar og lærlingar skal få. Av desse er nokre juridisk og politisk overordna og styrande for andre, slik Grunnlova er overordna samelova og opplæringslova, og desse er overordna læreplanar og andre forskrifter.

I tillegg til det nasjonale lovverket har Noreg tatt på seg internasjonale forpliktingar, gjennom FN med underorganisasjonar, gjennom Europarådet, EØS og nordisk samarbeid. Kva som er overordna og underordna er ikkje alltid lett å seie, fordi dei politiske målsettingane ikkje alltid er heilt i samsvar med dei formelle juridiske forpliktingane. Dette har vi bl.a. sett i konfliktar om kva for verknad ILO-konvensjonen om urfolk og EØS-avtalen har i forhold til norsk lov. Eg vil likevel støtte meg til den tolkinga at internasjonale konvensjonar på globalt eller regionalt plan som Noreg har ratifisert, forpliktar slik at om lovverket ikkje er i samsvar med konvensjonane, må Noreg endre lovverket. Eg viser her bl.a. til opplæringslovutvalet, som seier:

"Norge som stat er imidlertid bundet av konvensjonsbestemmelser som den har tiltrådt uten hensyn til deres gjennomslagskraft direkte i intern rett. Dette perspektivet er i seg selv avgjørende for staten som lovgiver og vil bli lagt til grunn for utvalgets arbeid med de relevante delene av opplæringslovgivningen". .45

Ut i frå dette vil eg forsøksvis sette opp følgjande hierarki som retningsgivande for samisk vidaregåande opplæring:

1. Internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til
2. Grunnlova
3. Andre norske lover, særleg Samelova og Opplæringslova
4. Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Generell del
5. Læreplanar i einskilde fag

Opplæringslovutvalet slår i innstillinga si (NOU 1995:18) fast at:

"De forpliktelsene som norske myndigheter har etter grunnloven § 110 og folkeretten må tjene som utgangspunkt for all lovgivning av betydning for samenes rettsstilling. Lovgivningen om opplæring står særlig sentralt i denne forbindelse".46

Utvalet viser vidare til at den norske staten sin politikk overfor samane er endra, og at dette får konsekvensar for utdanningspolitikken:

"Tidligere lovgivning og tolkningen av den må i stor grad ses i lys av den politikk norske myndigheter har ført overfor den samiske folkegruppen. Helt fram til etterkrigstiden var dette en politikk som søkte å assimilere samene inn i det norske samfunnet. Denne linjen har norske myndigheter nå gått bort fra. .... Samlet setter denne utviklingen nye krav til norsk lovgivning og rettstenkning, som neppe på alle punkter harmonerer fullt ut med intensjonen bak grunnloven § 110 a og konvensjonsbestemmelsene om vern for nasjonale minoriteter. Det er et selvstendig mål å søke å få norsk lovgivning i best mulig samsvar med de rettslige og politiske kravene som i dag legges til grunn." 47

Frå sentrale skolestyresmakter har spørsmålet om samiske læreplanar vore behandla som noko ein sto fritt til å velge eller avvise. Dette blei uttalt i klartekst av statssekretær Randi Øverland i KUF: "Jeg mener at de nye læreplanene er et godt utgangspunkt både for samiske og ikke-samiske elever til å lære om samiske forhold. Det er derfor ikke aktuelt å lage spesielle læreplaner med samiske emner ut over læreplanene i samisk som 1. og 2. språk." 48

Allereie da Reform 94 var på planleggingsstadiet, ga Styret for de samiske videregående skolene uttrykk for at ein ønska ein gjennomgang av kva for føringar internasjonale konvensjonar legg for retten til ei eiga samisk utdanning. Dette blei dengang avvist av KUF. 49 Derimot sørga opplæringslovsutvalet for ein gjennomgang av nokre relevante konvensjonar. Dei stilte imidlertid ikkje spørsmålet om konsekvensar for læreplanane og linjetilbodet, ettersom Reform 94 allereie var satt ut i livet, og endringar i denne lå utafor utvalet sitt mandat.Ved innføringa av Reform 97 blei det derimot gjort ein slik gjennomgang, og denne blei tatt inn i forordet til det samiske læreplanverket for grunnskolen. Når eg her igjen går gjennom dei internasjonale konvensjonane, bygger eg delvis på dette forordet og delvis på opplæringslovutvalet (NOU 1995:18). Eg har lagt til nokre artiklar som ikkje var nemnde der, særlig om yrkesopplæring. Eg har og trukke eigne konklusjonar, særlig relatert til vidaregåande opplæring.

Den dag i dag har ikkje sentrale styresmakter gjort noko vurdering av om dagens samiske vidaregåande opplæring er i samsvar med konvensjonane.

3.2. Internasjonale konvensjonar

Eg går her gjennom dei viktigaste konvensjonane som skal sikre rett til utdanning og kulturell utvikling, for å sjå om desse legg føringar for samane sin rett til utdanning med samisk innhald. Først siterer eg relevante artiklar, for så under kvar artikkel å kommentere korleis denne kan verke inn i forhold til samisk opplæring.

Det er og andre konvensjonar enn dei eg nemner her som tar opp desse spørsmåla. Eg kan nemne FN-konvensjonane mot rasediskriminering, om sivile og politiske rettar (art. 27) og om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (art. 1), samt Europarådet sitt charter om regions- og minoritetsspråk (art. 7). Desse peikar i same retning og vil ikkje i særlig grad verken styrke eller svekke konklusjonane ut frå dei konvensjonane eg går gjennom.

3.2.1. Menneskerettserklæringa

Menneskerettserklæringa blei vedtatt av FN allereie i 1948.

Artikkel 26
2. Undervisninga skal ha til mål å styrkje den menneskelege personlegdomen og auke vørdnaden for menneskerettane og den grunnleggjande fridomen, fremje skjønsemd, toleranse og venskap mellom alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø fredsarbeidet til Dei Sameinte Nasjonane.
3. Foreldra har førsteretten til å velje kva slag opplæring barna deira skal få.

I norsk samanheng må dette i første rekke bety at undervisninga skal fremme forståing, toleranse og vennskap mellom samar, nordmenn og andre folkegrupper i Noreg. Det kan ein bare gjøre om dei møtast på eit likeverdig grunnlag, og det likeverdige forholdet kjem fram i læreplanar, lærebøker og undervisning.

3.2.2. FNs barnekonvensjon

Barnekonvensjonen blei vedtatt i 1989 og ratifisert av Noreg i 1991.

Artikkel 29
1. Partene er enige om at barnets utdanning skal ta sikte på:
c) å utvikle respekt for dets foreldre, dets egen kulturelle identitet, språk og verdier, for de nasjonale verdier i det land barnet bor, landet hvor han eller hun måtte komme fra og for kulturer som er forskjellige fra hans eller hennes egen;
d) å forberede barnet til et ansvarlig liv i et fritt samfunn i en ånd av forståelse, fred, toleranse, likestilling mellom kjønnene og vennskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personer som tilhører urbefolkningen.

Artikkel 30
I land hvor det finnes etniske, religiøse eller språklige minoriteter eller urbefolkning, skal et barn som tilhører en slik minoritet eller urbefolkningen, ikke nektes retten til sammen med andre medlemmer av sin gruppe å nyte godt av sin kultur, å bekjenne seg til og utøve sin religion eller til å bruke sitt eget språk.
Her er eit klart krav om at all utdanning skal verke til å gi respekt både for eigen og andre sin kultur, sitt språk og sine verdiar. Urfolk er framheva særskilt. Det er altså ei klar plikt for skolen å motverke negative haldningar overfor samar og andre urfolk gjennom å gi grunnlag for respekt for urfolka sine verdiar og kulturar.

3.2.3. ILO-konvensjonen om urfolk

ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar blei vedtatt i 1989 og ratifisert av Noreg året etter. Det er vist til konvensjonen i mange sentrale dokument for samisk opplæring, bl.a. forarbeida til opplæringslova og stortingsmeldingane om samepolitikk. I forordet til Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, blir det vist til konvensjonen sine artiklar 26-28 som grunnlag for at det blei laga eigne samiske læreplanar.

Artikkel 26
Det skal treffes tiltak for å sikre medlemmer av vedkommende folk minst like god mulighet til å skaffe seg utdanning på alle nivåer som det den øvrige del av nasjonalsamfunnet har.
Lov og regelverk er viktige føresetnadar for å gi "like god mulighet", men for at artikkelen skal oppfyllast må utdanninga økonomisk, geografisk, kulturelt og språkleg vere like tilgjengeleg for urfolket som for majoritetsbefolkninga.

Artikkel 27
1. Utdanningsprogrammer og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystemer og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål for øvrig.
Opplæringa for samar skal ha eit samisk innhald, og utdanningstilbodet skal utviklast i samarbeid med samane. Dette må da gjelde all opplæring for samar, ikkje bare tilbod om særskilte fag og linjer som omfattar eit lite timetal eller nokre få elevar. Når tilbodet skal utformast i samarbeid med samane, må det og bety at ein kjem fram til eit utdanningstilbod som samane aksepterer. Det er ikkje nok at samiske organ er formell høringsinstans.

2. Ansvarlig myndighet skal sikre at medlemmer av disse folk får opplæring, og at de deltar i utforming og drift av utdanningsprogrammer med sikte på gradvis overføring av ansvar for driften av slike programmer i forhold til disse folk, der dette er aktuelt.
Ei slik gradvis overføring av ansvar er i gang med bl.a. overføring av Samisk utdanningsråd sine oppgåver til Sametinget. Spørsmålet er i kor stor grad overføringa betyr rett til å avgjøre innhald og form i undervisninga. Ein kan spørre om artikkelen er oppfylt om KUF har styringa med dei samiske vidaregåande skolane.

3. Dessuten skal myndighetene anerkjenne disse folks rett til å opprette sine egne utdanningsinstitusjoner og utdanningsordninger, forutsatt at disse holder minimumsstandarder som ansvarlig myndighet fastsetter i samråd med disse folk. Rimelige ressurser skal settes av til dette formål.
I den første odelstingsproposisjonen om Opplæringslova tolkar KUF dette som ein rett for samane til å opprette privatskolar, og ei plikt for staten til å subsidiere slike skolar.50 Eg meiner denne tolkinga er svært tvilsam og vil spørre om ikkje denne retten og må omfatte retten til å opprette og styre eigne offentlige utdanningsinstitusjonar. Vurderinga i Ot.prp. 36 blei elles ikkje vidareført i Bondevik-regjeringa si innstilling om Opplæringslova, Ot.prp. 46 - 1997/98.

Nenetsane er eit urfolk i Russland som har lidd mye på grunn av oljeutvinning og atomsprengingar i området deira. Russland har ikkje ratifisert ILO-konvensjonen om urfolk.
(Foto: Ivar Bjørklund)

Artikkel 28
1. Når det er praktisk mulig, skal barn i vedkommende folk lære å lese og skrive enten på sitt eget opprinnelige språk eller på det språk som er mest brukt av den gruppen de hører til. ...
2. Det skal treffes fullgode tiltak for å sikre at disse folk har mulighet til å uttrykke seg flytende på nasjonalspråket eller i et av nasjonalspråkene i landet.
3. Det skal treffes tiltak for å bevare og fremme utvikling og bruk av de opprinnelige språk for vedkommende folk.
For samar er det utvilsomt praktisk mogleg å oppfylle kravet om å lære å lese og skrive på samisk. Denne retten gjeld for heile folket, også for dei som har mista språket. Det skal bli sett i verk tiltak for å utvikle og fremme bruken av samisk. Dette vil måtte bety tiltak som kan snu fornorskingsprosessen.


Artikkel 30
1. Myndighetene skal treffe tiltak som passer med vedkommende folks tradisjon og kultur for å gjøre dem kjent med sine rettigheter og plikter, særlig i forhold til arbeidsliv, økonomiske muligheter, utdanning, velferd og helsespørsmål og til de rettigheter som følger av denne konvensjon.
Her synest nokre kommunar og fylkeskommunar å ha forsømt seg når det gjeld informasjon bl.a. om retten til samisk som fag.

Artikkel 31
Det skal settes i verk informasjonstiltak i alle sektorer av samfunnet, og særlig blant de grupper som er i mest direkte kontakt med vedkommende folk, for å fjerne fordommer som måtte eksistere mot disse folk. For å oppnå dette, skal det settes inn ressurser for å sikre at lærebøker i historie og læremidler forøvrig gir et rettferdig, korrekt og informativt bilde av disse folks samfunn og kultur.
Dette er ei svært viktig oppgåve for skoleverket. Diskusjonen om samerett i Finnmark viser at det er eit stort behov for slik informasjon. Dette aktualiserer og spørsmålet om samiske emne i nasjonale læreplanar, samt spørsmålet om skolering av lærarar i samiske spørsmål.

Del IV, Yrkesopplæring, handverk og bygdenæringar, er aktuell for yrkesopplæring.

Artikkel 22
1. Det skal treffes tiltak for å fremme frivillig deltaking fra medlemmer av vedkommende folk i yrkesopplæringsprogrammer som gjelder for alle.
2. Dersom slike generelt innrettede yrkesopplæringsprogrammer ikke er i samsvar med vedkommende folks særlige behov, skal myndighetene sikre med deltaking av disse folk at det blir utarbeidet regelverk og programmer for spesiell opplæring.

ILO-konvensjonen seier at yrkesopplærings-program skal baserast på urfolka sine behov. Her frå mekanisk verkstad ved det samiske opplæringssenteret i Inari.
(Foto: SL)

3. Alle spesielle opplæringsprogrammer skal baseres på vedkommende folks økonomiske forhold, deres sosiale og kulturelle vilkår og praktiske behov. Alle undersøkelser i denne sammenheng skal utføres i samarbeid med disse folk, som skal rådspørres om organisering og gjennomføring av slike programmer. Når det er mulig, skal disse folk etterhvert overta ansvaret for organisering og gjennomføring av slike spesielle opplæringsprogrammer, dersom de beslutter det.

Her er behov for ein konkret gjennomgang av læreplanar og samisk kunnskap i forskjellige yrkesfag for å sjå i kor høg grad allmenne program etter pkt. 1 er tilstrekkeleg for vidaregåande skole og vaksenopplæring, og i kor stor grad det er behov for eigne opplæringsprogram / læreplanar. Særleg er det aktuelt å evaluere reforma si behandling av duodji og naturbruk / reindrift samt ønske om opplæring i kombinasjonsnæringar i lys av denne og den neste artikkelen.

Artikkel 23
1. Håndverk, bygde- og lokalt basert virksomhet, naturalhusholdning og tradisjonell virksomhet for vedkommende folk, som jakt, fiske, fangst og sanking, skal anerkjennes som viktige faktorer for å opprettholde deres kultur, økonomiske bæreevne og utvikling. Når det er aktuelt, skal myndighetene sikre at slik virksomhet blir styrket og fremmet, med deltaking av disse folk.
2. Når vedkommende folk ber om det, skal rimelig faglig og økonomisk bistand skaffes tilveie hvis det er mulig. Det skal tas hensyn til disse folks tradisjonelle teknologi og kulturelle særtrekk, foruten til bærekraftig og rettferdig utvikling.

Det samiske opplæringssenteret i Enare gir opplæring i samisk kultur, men hovudspråket i undervisninga er finsk.
(Foto: SL)

ILO-konvensjon nr. 169 er den viktigaste konvensjonen for urfolk. Det gjeld og på det utdanningspolitiske området. Her er slått fast at opplæringa for urfolk skal bygge på deira eigne kunnskapar og verdiar, og at dei sjølve skal ha rett til styring med denne utdanninga. Eg ser ein klar samanheng mellom at KUF avviste å vurdere denne konvensjonen i samband med Reform 94, mens ein i samband med Reform 97 gjennomførte ei slik vurdering, og det faktum at grunnskolen i dag har langt meir plass for samisk innhald enn vidaregåande opplæring.

3.2.4. Rio-konvensjonen om biologisk mangfold

Verdskonferansen for miljø og utvikling i 1992 vedtok Agenda 21, kapittel 26, om anerkjenning og styrking av urfolk og samfunna deira.51

Artikkel 8

Kvar kontraktspart skal så langt som mogleg og hensiktsmessig:

(j) I forhold til sin nasjonale lovskiping, respektere, bevare og halde oppe kunnskapar, innovasjonar og sedvanar hos urfolk og lokalsamfunn som held oppe tradisjonell livsstil som er relevant for bevaring og bærekraftig bruk av biologisk mangfold og fremme ei breiare tillemping av disse, med godkjenning og deltaking av dei som innehar slike kunnskapar, innovasjonar og sedvanar og fremme rettferdig fordeling av dei fortjenester som oppstår ved utnytting av slike slike kunnskapar, innovasjonar og sedvanar.

Rio-konvensjonen peikar på at urfolks kunnskapar er viktige, ikkje bare for dei sjølve, men og for bevaring av biologisk mangfald og bærekraftig bruk av naturen. Dette kan i samisk samanheng vere høgst aktuelt i samband med samiske tradisjonar i reindrift, utmarksnæringar og kystfiske, sett i forhold til dei skader naturen og livsgrunnlaget har fått som følge av moderne stordrift. Skal slike kunnskapar i dag kunne førast vidare, må dei få plass i skole og læreplanar.

3.2.5. Konklusjon om konvensjonar

Denne gjennomgangen viser at den norske staten er forplikta av dei internasjonale konvensjonane til å legge opp utdanningstilbodet slik at:

Opplæringa på nasjonalt nivå gir informasjon om det samiske folket og kulturen deira, prega av forståing og respekt.
Opplæringa for samiske elevar skal ta utgangspunkt i samane sitt eige språk og kultur.
Yrkesopplæring for samar skal ta utgangspunkt i deira særlige behov.

Konvensjonane seier naturlig nok ikkje korleis dette skal gjennomførast i praksis, ettersom dei forskjellige landa har svært forskjellig utdanningssystem. Bl.a. vil læreplanane si rolle vere forskjellig. Ut i frå læreplanane si rolle i norsk skole, tolkar eg dette som ein plikt både til samiske emne 52 i dei nasjonale læreplanane og ein rett for samane til å få eigne samiske læreplanar der dei sjølve ønsker det.

3.3. Norske lover

3.3.1. Grunnlova

I 1988 vedtok Stortinget Sameparagrafen i Grunnlova, §110a: "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv".

Mens ein tidligare mest hadde behandla samar, eller som ein gjerne sa; "samisktalande nordmenn", som einskildpersonar, blei det no slått fast at samane og er ei folkegruppe med eit eige samfunnsliv og med kollektive rettar som folk. Etter som skolen har ein sentral plass i både språk- og kulturformidling og i opplæring til deltaking i samfunnslivet, vil denne paragrafen og måtte ligge til grunn for skoleverket for samar.

3.3.2. Samelova

Samelova seier at kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk skal vere tospråklige, men dette har møtt stor motstand, særlig i Gáivuotna / Kåfjord kommune, der vegskilta fleire gongar har blitt øydelagte.
(Foto: SL)

"Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold" blei vedtatt 1987. Paragrafane som gjeld språkspørsmål, blei føydd til i 1990. §1-5 seier: "Samisk og norsk er likeverdige språk. De skal være likestilte språk etter bestemmelsene i kapittel 3." Kapittel 3 regulerer retten til bruk av samisk i forvaltningsområdet for samisk språk samt staten sine plikter til å gi visse tenester på samisk, skriftleg og / eller munnleg. Viktig for skoleverket er i første rekke §3-8: "Enhver har rett til opplæring i samisk. Kongen kan gi nærmere regler om gjennomføringen av denne bestemmelsen. For opplæring i og på samisk i grunnskolen og den videregående skolen gjelder reglene i og i medhold av opplæringslova."

3.3.3. Opplæringslova

Ved oppnemninga av opplæringslovutvalet ønska Sametinget å bli representert, men KUF var ikkje villig til å ta dei med. Opplæringslovutvalet gikk bl.a. inn for at Sametinget skal oppnemne Styret for de samiske videregående skolene og fastsette samiske læreplanar. I den grad utvalet gikk inn for styrking av samiske rettar i opplæringa, grunnga dei forslaga sine med tilvising til internasjonale konvensjonar, særleg ILO-konvensjonen. Utvalet drøftar derimot ikkje om konvensjonane skulle tilseie at ein gikk lenger i retning av samisk innhald og styring over samisk opplæring.

Sametinget uttalte at ein var "bekymret for at en formulering i formålsparagrafen for grunnskolen og videregående opplæring om at grunnskolen og videregående opplæring skal bidra til et felles kunnskap-, kultur- og verdigrunnlag kan bidra til å legge svært store begrensninger på det samiske innholdet i læreplanene og på Sametingets myndighet til å gi forskrifter for samisk opplæring." 53

Utvalet ville at Sametinget skulle ha kompetansen til å fastsette samiske læreplanar og gi forskrift om prinsippa for samisk opplæring. KUF ville avgrense dette til samiskfaget og "dei særskilte samiske faga i vidaregåande opplæring". I tillegg skulle Sametinget få fastsette dei samiske emna i dei nasjonale læreplanane. Dei samiske læreplanane i fag som også andre elevar har, skulle derimot KUF ha styringa med.

Eg vil her gi nokre kommentarar til nokre paragrafar i lova slik ho endeleg blei vedtatt:

§1. Formålet med opplæringa
Når det i formålsparagrafen heiter at "Opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse", samt at "Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen", må dette bl.a. bety at ein skal fremme likestilling mellom samar og andre etniske grupper i Noreg, og at opplæringa skal tilpassast føresetnadane til samiske elevar. På andre sida er det i lova understreka at"Opplæringa skal ... støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag". Under høringsrunda protesterte fleire samiske høringsinstansar utan hell mot denne formuleringa. Sett ut frå prinsippa i konvensjonane og Grunnlova vil vi spørre om ein her kan komme i ein konflikt mellom motstridande mål. Opplæringslova manglar ei formulering av formålet med samisk opplæring.

§ 6-4. Innhaldet i opplæringa
Forskrifter om læreplanar etter § 2-3 og § 3-4 skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda. Innanfor rammer fastsette av departementet gir Sametinget forskrifter om innhaldet i slik opplæring. Sametinget gir forskrifter om læreplanar for opplæring i samisk språk i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskriftene må liggje innanfor omfangs- og ressursrammer fastsette av departementet. Departementet gir forskrifter om andre særskilde læreplanar for opplæringa i samiske distrikt og for elevar utanfor samisk distrikt som får samisk opplæring. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til desse forskriftene. ... I kraft 1 aug 1999..., men likevel slik at gjeldande læreplanverk for grunnskolen (L97 og L97S) og gjeldande læreplanar for videregåande opplæring blir vidareførte fram til Sametinget har vedteke nytt.

Spørsmålet om maktfordeling mellom KUF og Sametinget var eit av dei mest omstridte spørsmåla i arbeidet med Opplæringslova. Det viktigaste spørsmålet er kva for organ som skal avgjøre innhaldet i samiske læreplanar, og kva for fag som skal ha særskilte samiske læreplanar.

3.4. Stortingsmeldingar om samepolitikk


Ved sida av lover og forskrifter er stortingsmeldingar om samepolitikk sentrale dokument for samisk opplæring i tida etter opprettinga av Sametinget i 1989. Før Reform 94 blei sett i verk, kom St. meld. 52 (1992-93) Om norsk samepolitikk. Her heiter det:

"Det er videre et mål at samene selv skal ha stor innflytelse på innholdet i den samiske skolen, slik at skolen kan bli et viktig redskap i bevaringen og utviklingen av samisk språk, kultur og samfunnsliv. Dette innebærer at samiske organer skal kunne medvirke i utformingen av fagplaner og utdanningsprogrammer angående opplæring av samer.

Skoletilbudet for samiske barn bygger på det grunnleggende prinsipp at skolen skal være en integrert del av samfunnet. Samenes etniske identitet, knyttet til sosiale og kulturelle forhold, danner en viktig forutsetning for læring. Ved å ta utgangspunkt i den samiske kulturen vil skolen, på den ene side styrke elevenes identitetsfølelse og selvtillit, og på den annen side være med på å bevare og videreutvikle den samiske kulturarven." 54

St. meld. 41 (1996-97) foreslår at Sametinget får overført ansvar for oppgåvene til Samisk utdanningsråd, samt ei avgrensa myndigheit til fastsetting av læreplanar. Dette er i samsvar med det som seinare blei vedtatt i Opplæringslova. St.meld. 41 går gjennom Noreg sine internasjonale plikter, og understrekar at ILO-konvensjonens art. 27 er "spesielt relevant for norsk-samiske forhold". St.meld. 41 går lenger enn den førre meldinga i å delegere makt til Sametinget, men inneheld tvetydige signal på kor langt ein er villig å gi slipp på sentral styring frå KUF. Om fastsetting av læreplanar, uttaler St.meld. 41 (s.42) bl.a. at: "Læreplanene er nasjonale styringsdokumenter, også de planene som er spesielt rettet mot den samiske befolkning. Alle planene er derfor fastsatt av departementet."

Her vil eg spørre ved om dette stemmer overens med krava i ILO-konvensjonen, og med Opplæringslova si overføring av visse læreplanar til Sametinget.

3.5. Generell læreplan

Den generelle læreplanen er eit av dei få styringsdokumenta for norsk skole som har kome ut på samisk.

"Læreplan for grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring - Generell del" er grunnlaget for dei einskilde læreplanane. I motsetning til grunnskolen har ikkje vidaregåande opplæring noka anna felles overbygging over dei einskilde faga, og det er derfor frå generell del vi må hente dei felles retningslinjene for vidaregåande opplæring.

Det første utkastet til generell læreplan understreka sterkt det felles nasjonale kultur- og kunnskapsgrunnlaget, og "avviser den reformpedagogiske progressivismens prinsipp om å orientere elevenes læring ut fra deres livssituasjon og grunnleggende problemer / interesser".55 Utkastet til generell læreplan fikk ei svært blanda mottaking. Kritikken gikk bl.a. på at det lokale perspektivet var tona ned i forhold til M87. Ein av kritikarane skreiv:

"I planens generaliserte samfunnsbilde trer lokalsamfunnet, lokalkulturen og lokalorienteringa bare fram i et bitte lite hjørne - . Dette må være bortimot fornærmende for den hær av grunnskolelærere, som har brukt lokalsamfunnet som læringsarena og kulturelt forankringspunkt - og som på kveldene og i helgene har arbeidet for at skole og lokalsamfunn skal inngå i et kulturelt og språklig utvekslingsforhold." 56

Samiske spørsmål hadde ein svært beskjeden plass i utkastet. Under kapitlet "Kulturarv og identitet" sto det ei einaste setning: "Samisk språk og kultur er en del av denne felles arv som det er det særlig ansvar for vårt land å hegne om". 57 Ikkje med eit ord var det nemnt kva for rolle samisk språk og kultur skal ha i skolen. Kritikken av dette førte delvis fram, og KUF oppsummerte i samband med det neste forslaget sitt for Stortinget i 1993: "Samisk er løftet mer fram og språklige minoriteter er synliggjort bedre." 58

I den endelige generelle læreplanen blei det lagt noko større vekt på tilpassa opplæring og lokalsamfunnet si betydning i opplæringa, men utan at det endra hovudtendensen. Stortinget vedtok dette andre utkastet, men understreka samtidig at "De positive erfaringene med lokale læreplaner ut fra M87 må i denne sammenheng understrekes". 59 Likevel blir det nasjonale lærestoffet understreka sterkt: "Det er en sentral opplysningstanke at slike referanserammer for forståelse og fortolkning må være felles for folket - må være en del av den allmenne dannelse ...." 60 Vidare blir det lagt vekt på utviklinga av identitet gjennom nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer og kjennskap til nasjonale og lokale tradisjonar. I den samanheng seiast det: "Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om. Denne arven må få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar, slik at han styrkjer samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur." 61

Når det blir sagt at samisk kultur er ein del av den felles arven, gir dette den samiske kulturen høgare status enn han har hatt gjennom fornorskingstida. Med denne utsegna bryt styresmaktene den gamle oppfatninga at det nasjonale i Norge er bare det som er norsk.

Ei velvillig tolking av dette er at samisk og norsk kultur er anerkjente som likeverdige parallellar innafor "den felles arven". Samtidig er formuleringane her noko uklare og dette kan og bli oppfatta som om samisk kultur er ein variant av norsk kultur. Det er sjølvsagt bare der det er samar at den samiske kulturen kan utvikle seg vidare, men det kjem ikkje klart fram at skolar som ikkje har samiske elevar, og skal formidle kunnskap om samisk språk og kultur.18 Skal vi kunne styrke "vår felles kunnskap om samisk kultur", må denne kunnskapen inn i alle skolar. Dette kan synest sjølvsagt, men om vi går inn i læreplanane for einskildfag, i lærebøkene og skolen sin praksis til no, ser vi at dette ikkje alltid er tilfelle.

I hovudsak ser eg formuleringane i generell læreplan som ei anerkjenning av samisk språk og kultur, sjølv om det kunne vere ønskelig med ei presisering av at kunnskap om samisk kultur skal nå fram til alle elevar i Noreg.

3.6. Målsettinga for dei samiske vidaregåande skolane

Da Samisk videregående skole i Guovdageaidnu og Statens reindriftsskole blei slått saman frå 1.8.1988, skjedde det med bakgrunnen i eit stortingsvedtak, der dette blei sagt om målsettinga for det som da blei heitande Samisk videregående skole og reindriftskole: "Målsetjinga med den nye skolen er å få til utdanningstilbod som er betre innsikta mot samisk kultur, tradisjon og næring, slik at tiltaket kan tene til å styrkje kompetansen for den samiske ungdommen."63

Styret for de samiske videregående skolene vedtok i 1991 ei felles målsetting for desse skolane. Dette skjedde etter grundig debatt i begge lærarkollegia, der bl.a. spørsmålet om undervisningsspråk sto sentralt. Målsettinga var:

"De samiske videregående skolene skal være ressurssentra for samisk videregående opplæring og imøtekomme de behov og de krav elevene har som medlemmer i et samisk samfunn, rikssamfunnet og verdenssamfunnet. Skolen skal styrke den samiske identiteten til elevene og gi dem grunnlag for å føre videre den samiske kulturarven. De samiske videregående skolene har et spesielt ansvar for å gi undervisning i og på samisk, i samisk kultur, historie og yrkesliv, og gi elevene kompetanse til å velge yrke og virkested hvor som helst i det samiske samfunnet, rikssamfunnet og verdenssamfunnet."

Nokre år seinare blei det gjort eit tillegg, da ressurssenter for vaksenopplæring kom med som ei viktig målsetting. Denne målsettinga blei tatt til etteretning av KUF, men eg har ikkje funne noko formelt vedtak om at departementet har godkjent styret sitt vedtak. Frå skolane si side blei denne målsettinga omtala som "formålsparagrafen" og det var sagt at det for desse skolane skulle vere eit tillegg til §2 i dåverande Lov om vidaregåande opplæring.

Med grunnlag i denne målsettinga vedtok styret i 1996 ein strategisk plan for perioden 1996-2000. Denne utdjupar målsettinga og konkretiserer ein del tiltak som må gjørast for å oppfylle denne. Den strategiske planen har ikkje blitt formelt behandla i KUF. Strategisk plan, for perioden 2001-2003 er no (juni 2001) til behandling i styret.

3.7. Konklusjon om juridisk og politisk grunnlag

Konklusjonen min på denne gjennomgangen av internasjonale konvensjonar og norsk lovverk er at desse til saman legg sterke føringar både for at alle elevar i landet skal få opplæring om samisk kultur og samiske samfunnsforhold og for at samane har rett til ei eiga opplæring, der samisk språk, kultur og kunnskap er sentrale element, samtidig som opplæringa skal gi dei grunnlag for å delta i storsamfunnet.

Samane sine rettar som urfolk omfattar både individuelle og kollektive rettar til utdanning. Individuelle rettar er retten til undervisning i og på samisk, rett til fritt val av utdanning osv. Med kollektive rettar meiner eg i første rekke samiske organ sin rett til å fastsette innhaldet i ei samisk opplæring.

Som begge evalueringsrapportane for Reform 94 har grundig dokumentert, har dagens samiske vidaregåande opplæring i liten grad eit samisk innhald. Dette gjeld særlig for yrkesfaga, delvis med unnatak for reindrift og duodji. Evalueringa synte at det er eit gjennomgåande ønske frå lærarar i så godt som alle fag om å styrke det samiske innhaldet. Ein konkluderte og at læreplanane bør endras gjennom at samiske emne i større grad blir tatt inn i dei nasjonale læreplanane og/eller at det blir utarbeida eigne samiske læreplanar og/eller metodiske rettleiingar.

Det er derfor ei motsetning mellom teori og praksis her, som tilseier at det bør bli gjort ei revurdering av læreplangrunnlaget og det øvrige regelverket for samisk opplæring. I kva for grad dette vil omfatte yrkesopplæringa innafor "norske" fag, vil vere avhengig av graden av samiske tradisjonar, samisk kunnskap og særtrekk ved næringslivet i samiske område i tilknytning til desse faga. Det vil eg analysere i kapitla 7-10. Men først er det behov for å seie noko om samanhengar mellom kultur, identitet og yrke.


45.NOU 1995:18, Ny lovgiving om opplæring, s. 255.

46.NOU 1995:18, s. 248.

47. NOU 1995:18, kap. 33.1.1 Generelt om samenes rettslige og politiske status

48. Brev frå KUF til Styret for de samiske videregående skolene, 9.7.94

49.Opplyst av daverande styresekretær Rune Stormo, 1999.

50.Ot.prp. 36 - 1996/97, kap 24.3.2 Urfolk

51.jf. St.meld. nr. 13 (1992-93).

52.Omgrepet samiske emne blir forklart under kap. 6.2.2.

53.Sametingets møtebok 4/95 - vedtaksdel, s.16

54.St.meld. nr. 52 (1992-93) s. 94.

55.Telhaug: Utdanningsreformene 1997, s. 141

56.Moslett: Målstyrt skrivepedagogikk, her sitert etter Telhaug 1997, s. 136.

57. Læreplan for grunnskole, videregående opplæring, voksenopplæring. Generell del. Høringsutkast.

58.St.meld.40 (1992-93), her sitert etter Telhaug 1997, s. 137

59.Innst S nr 234 (1992-93), sitert etter Telhaug 1997, s. 137

60.Læreplan for grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring 1993, s. 26

61.Generell læreplan, s. 9

62.KUF har i 1999, i læreplan for samisk kulturkunnskap som nasjonalt valfag, mint om at «Etter kriteriene for innskriving i valgmanntallet til Sametinget vil alle skoler i Norge kunne få samiske elever».

63.Her gjengitt etter Skoleledelsens oppsummering av FOU-arbeidet 1.1.92.


Til fortsettinga, kap. 4
Startsida mi
sveilund@online.no